Storbrylloppe

av Olav Duun

Svart-år


I.

5Det lysna av dagen. Fjella fekk han først, det var som gleda tok dem, sea kvikna det til og lysna over både lande og vågen; svarte oddar og skjer kom fram og synte seg med stein og tangbed; glasrutene tok til og skjein oppi grenda. Det var ein fin haustmorgon.

Landvinden friskna til og strekte segla, og notbåtane kjente etter det, og gjekk, dei vart heimhuga som hesten og drog spellbåten med seg. Lettbåtane heldt seg under sørlande, i svartstilla, dei rodde visst med lodd enda. – Det kunde dei no gjerne, sa dei på Håbergbåten, men dei for sin part seglde beinast inn til brygga i Vågen, for her var vaska for sild i vågane i haust, det kunde ei blind kjerring sjå. No hadde dei ligge ute og lystra etter henne eit par månar og vel så det, kvar ei folkvêrs-natt, og aldri ein spord å sjå; no kunde det vera nok. Det var tredje åre no at her var svart. Her i sommar stengte dei ein topp med småsild – så ursmå, ban, at ho klædde nota. Korles var det, dreiv ikkje han Kristen Folden på Håberg på og kjørte småsild 6enno, til frau? – Ja ha, vi gjødde da opp Håbergjorda, sa ein av notsettarane, han låg og hustra og småfraus på nothaugen. – Det vart no sommarfortenesta vår, sanna dei med. – Nå-å, vi har no røytt opp nøtene våre attåt, trøsta ein annan ein. – Han stakk fingerkoppane i maske for maske på stornota og sprengte sund, og fleire gjorde det same: Jau, ho var da søt nok, ein kunde ikkje seie anna.

No rann sola, og småbåra blenkte som sølvfisk all vågen innetter.

Men det var eit under lel, kom ein på, at det vart denne her nota som vart utsett for småsilda, at det ikkje like snart vart nybruke? – Ja, at ikkje Håbergen tok nybruke sitt og røytte opp! For her eig han da berre fjerdeparten i lag med oss. – Men det var no ikkje hans Kristen si skyld, at de ikkje hadde vett nok til å kjøre småsild sjøl, sa båtseglaren, ein firkanta liten ungdom. – Den som berre hadde tida til det, sa det trøytt og seigt. – Nei, du veit: gardbrukarane har aldri tid, til å stelle garen.

Dei tagde, og gjeispa. Dei hadde hørt denne leksa før, av fiskarane, og av husmannskrokane med i det siste. Ein to-tre stakk ut åra og hjelpte på farten, for skarsnåen var kald no i solrunna.

Det dåma sursøtt av brunne høy innant lande, det lukta mogen åker stund og anna, og lyng og myr, god lukt alt saman for den som har ligge uti vågagape og hustra og er saltsliten i kjeften av den evindelige sjøen.

7Jau, han hadde rett, sa Jørgen Skare, eldste husmannen under Håberg; jorda, ho vart no den vissaste å ta etter, i lengda. Ein såg ho her dei trefire god-åra. Folk sopa inn pengar mest dei vann: dei har gått som dogg for sol. Når du sluttar med sjøen, er du som skarven når han flyg åt berge; du er like tom. – Dei stemte i med, alle og ein, at det hadde han ein stor rett i ja, sjøen var berre fark, og eit hundarbeid attåt, dei kom til å slutte med han nokon kvar.

Men elles da, så var det ikkje anna enn larv og lus her i lande, sa ein av ungdommane, og rettno hivde han og fór. – Det var ho det rettaste ja, for den som var laus og ledig. Det var Amerika dei meinte på. Der kunde ein leva – det var ruskut kor rik han hadde vorte, han Jens Håberg, han fór dit kor ein tjuge-treti år sea; og no skulde han vera ventandes heim?

Ikkje for det, han var da rik nok, han Kristen, gå og legg deg, ban! Her hadde han rava inn valdslotten frammed heile lande i fleire somrar, enten det så var med retten hell ikkje, og tent grovelig med bruke attåt; og garen i stand på karavis; og så denne armods søringen, som måtte sele han nybruke for spottpris – slik er det, når Vårherre hjelper folk. – Kjerringa har no hjelpt han Kristen da, meinte Jørgen. – Ho Åsel? Ho er da både snild og ærlig nok? – Ja, seier eg anna da? Nei, eg aktar meg for munnen min. Ho er så visst gudfryktig nok. Og det må vel stø han Kristen, meinte eg. – Rart at det skulde 8bli slik gudsfrykt og stell på Håberg; det var ikkje for mykje av det slage i hans Anders si tid, – ja, han sit ho der enda han, det er så; men i den tida da han liksom var til, meinte eg. – Det var no for mykje det igjen; det går ikkje på den måten heller; som rimelig kan vera. Men dei sa det var ho Åsel som fekk Gjartru og mannen hennar frå Vågen; så at valdslotten fall til Håberg; og ho som plaga han til å føre sak imot Skarsvåg-karane og fekk deling med dem òg. Slik vil dei ha det til; eg veit ikkje eg. – Nei sjå, du veit no aldri noko, du Jørgen. Du veit vel ikkje det heller du, at no vil han sele dette bruke? – Kven til da? – Til han Arnesen, Munderingsguten, mannen hennar Gjartru. Så seier dei ja.

Jaså, han skulde klå han òg no. Dei smått murra og smått lo. – Ja ja. Det var no han Kristen som hjelpte dem til Segelsund, ein kunde ikkje anna seie. Har visst skrive på tungt nok for dem. – Det vreid han seg vel ifrå, han Kristen, trudde dei. Og ho Åsel, ho kunde inga råd for det; gudskjelov.

Ja ja, sa ein av Karmennene. Lat den eine klå den andre. Han Arnesen har vel ikkje noko med å bli storkar, han meir enn vi. Faren var ein garmannstrave og ikkje det slag meir. – Nei, du veit. Og her må ho vel han Kristen få fingrane i klemma da, og komma seg i omstendigheit; visst han seler nøtene for god vare, – og det gjer han vel.

9Så kom dei på det, at det var rart han Kristen ikkje vilde vera notmann i år. Det var greinlig som han lukta svartåre føreåt. «Du hi ikkj tia te det,» sa ho Åsel.

Så, no var dei innmed brygga. Og der var Håberg-gubben sjøl oppi fjæra med vognene sine, stod og lesste på småsild så det lukta langan lei. Han hadde «drege åt» i gårkveld, for notlerva heldt ikkje lenger, og hadde ein heil vål på stranda. Han kjørte heim og la kompost, han kalla, det skulde vera ei ful oppfinning.

Han kom nedtil, da småbåtane hadde komme, kremta seg opp og vilde snakke med karane.

Sonen, han Peder, var notbas etter faren. – Det var ein lang, grann ungdom i tjugeåra, like høg som faren mest, men ikkje så knokut og hard, og andlete var fint og vakkert, men det var så tungt som det skulde vera nedlesst med alderdom og motgang. Han ser ikkje på faren, og seier ikkje eit ord, legg berre hendene på ryggen og stanar. Han ser utover på notbåtane. Båtane til nybruke ligg tomme bortpå vågen, store fine listerbåtar, med gavl og rull i atterenden, etter nyaste skikken; gammalbåtane små og svarte innmed lande, dei ser ut som dei har tent si tid og vil slutte. Så ser han tvert ned, glømmer både seg sjøl og andre.

Det var det, sa Kristen, og han snakka lågt, at her var komme slik sprengtidn ifrå Nordland, silda gjorde landgang så det var grove spell; 10og prisen var stor. Kor mange var dei som slo seg med, om nybruke skulde i veg?

Dei spurte i staden for å svara, og anna hadde han knapt venta. Han gav seg tida og fortalte. Han hadde vore i Valvære i går og hørt seg for; hadde råkt han Kasten sjøl; så det var da sant. Telegram! nikka han ut over dem, og det var nagle som drog. Kven som skulde vera notmann? Han klødde seg i nakken og såg som snarast bort på Peder; men han stod stod berre der han stod. – Det bli vel ei råd. Vi får no vel han Kal Juvika, han Kal Jensa; eg var der og tinga jakta til lossement; så slær vi kanskje i hop deira bruk og vårt; så bli det eit som er å gå i veg med.

Han Kal hyra vel, men enn han sjøl da? Eller han Peder?

Ein fekk no sjå. Det vart alltid eit stell på det. Og dei fekk tenke på dette her; han måtte ha full grein til i kveld; det fekk gå fort for seg. Og så måtte dei skjefte opp denne stornota på berge her, for ho var ikkje meir hell så laglig tør innunder, visst.

Dei gav seg til med det. Og når ikkje Peder var i nærheita, sa dei ord om anna, at dette her høvde godt, visst no skulde selast, for no kom søtaste enden av nota nedunder.

Og nordlandsturen og det – det var no så si sak. Gammalkarane vilde helst vera fri; og husmennene hadde både pliktarbeid og anna. Ungdommen var heller ikkje så huga, just, sjøen 11baud dem imot; det kallast ikkje nothund for ingen ting. Og i haust vart det storbryllopp på Segelsund, fekk ein komma i hug, dei var fleire som venta seg ei bløyte da. Fagergåsa, dotra hennar Gjartru, skulde giftast med sonen til dyrlægen; det vart full helg.

«Der ligg søtkaka vår,» sa Jørgen Skare og breidde pressenningen over nota; så såg han opp på Peder, og spurte om han vart med nordover.

Peder snudde seg halvt ifrå han og gjeispa. – Veit ikkje eg. Trur aldri det nei.

– – – – Faren spurte om det same, da dei var i heimvegen, og han fekk same svare. – Du gjer som du vil, veit du, sa Kristen.

Peder drog opp ein utidug liten hånflir, og geispa att.

«Du kan reis sjøl,» sa han.

Kristen tagde, og jaga på hestane. For same kor vant han var med det der frå han Peder, så gjekk det som ei rasp over han.


II.

Åsel spurte ikkje Peder om han skulde ta bruke, ho spurte Kristen.

Det vart visst ikkje til det nei, trudde han. – Får inga grein på han, eg; berre eit bøkklutForfatternote: bøkklut ɔ: bågt, tvert. svar, som eg plar få.

Nei nei, sa Åsel. Han var no visst ikkje så sterk heller, etter denne lungestyngen i fjor; 12og større huga på sjøen hadde han aldri vore. Og her var nok å gjera heime. – Du slit deg ut, sa ho og såg oppetter Kristen. Du heng snart ikkje i skinne lenger. Drengen bli det ingen ting med, og ikkje er husmennene likare. Du har gått som ein slave alt sea du kom hit til Håberg. Skal du ut alt? Du får da vel kvile etter maten lel, som anna folk?

Ho såg etter han, smilte lite grand da ho hørte murringa hans i døra. Ho sat med hendene stilt i kors, da han snudde og kom inn att etter pipa. Andlete hennar var lyst og ope, men ikkje til å lesa i; det stod ei rolig makt ut ifrå det, som fekk ein til å ta åt seg auga, og det gjorde Kristen. Han hadde aldri fått til kva det var ho såg på ein. Han stod og småmurra med han stoppa i pipa, det var vise hans. Åsel snudde han helst ryggen til, når ho sat slik som no.

Men det var det ja, sa han da han var i døra att: Skulde han Arnesen komma hit med han var nedmed sjøen, så fekk ho berre sende han nedover.

Kom han hit? I dag?

Nei, han visste ikkje. Men ikkje umulig nei. Han hadde eit lite erend.

Kristen hadde tenkt seg ut no, for ålvor, men Åsel snudde han i døra, liksom ho hadde eit band i han; det kom både høgt og hardt:

«Han snakka frampå om å kjøp gammelbrukje, her om syndan med kjerkja.»

Gammalbruke? Men var det så likt det var 13kjøpande da? Ho stirde på Kristen mest som ho bad for seg: «Æg syntes dem forteld det e opp-rotti, æg?»

Så vart vel prisen deretter da. Han såg opp, og ein kunde mest tru han smilte: – Du har ho stått for og hjelpt dem til Segelsund. Eg får hjelpe dem til notbruk; så dei kjem seg i gang. Han Arnesen, han vil ikkje ligge i dauvatne.

Nei, det hadde han rett i. Stort skulde det vera, og større enn stort. – Og gjorde vi gale i det at vi hjelpte dem dit, så veit da Vårherre at eg bed han om tilgiving! Ho sat litt og togg seg på leppa. – «For æg veit ikkj æg, Kresten, ka som va rett hell ikkj. Den der gongjen.»

«Ja slett ikkj æ.»

Men hadde dei noko å kjøpe for da, trudde han? – Det fekk dei no høre. Pengane på borde, visste ho, for dei andre eigarmennene si skyld. Arnesen hadde visst tent litt sør i Bjønnør med den litle notfilla si. – Vi får hjelpe dem det vi er godtil; så har vi da gjort det. Åsel reiste seg, og no hadde uroa brennt seg igjenom alle draga i andlete, no først kunde ein sjå kor smalt og fint det var.

«Æg hi vøri så il’ ut fer det der i lang tid. Dem klyv så formasteli høgt.»

Kristen murra, at høgste stråe vil no gjerne småmauren oppå, og det fekk ein ikkje legge på seg; så sette han på seg huva og vilde komma seg ut, endelig ein gong, for Åsel, stakar, ho 14vart verre og verre så hårsår og ille ute for all ting, det høla henne reint ut innvendig, og kva var det godt for?

Da kjem Marjane, den yngste av smågjentene, springande inn med anda i halsen og forteler, at no er her frammandfolk i garen, ho moster og han mostermann frå Segelsund, dei er her, utfor stubrua!

Kristen ser fort på Åsel og ho på han. Så lettnar ho litt over åsyna, liksom ho har set at Kristen han går ikkje lenger enn han skal og .

Hm! seier han, og går ut og skal ta imot, Åsel etter, og kastar av seg gammalforklæe med ho går; ho ser seg att i døra, om stua er til å be folk inn i. Jau, dei kan komma, i gudsnamn.

Arnesen står just og hjelper Gjartru utor kjerra. Det bli stor helsing og stas; det er halvåre og vel så det sea dei var her.

Gjartru såg yngre ut enn søstra, enda ho var ikkje så lite før av seg, og vakker var ho mest som med ho var gjenta. – Ho er no ikkje i hattstand lel, tenkte Åsel: men elles både kåpe og stell som den likaste storkarsmadammen. Gjartru kom beint på søstra, lo og fortalte og snakka henne ned: Ho måtte sjå hit, når Arnesen kjørte likevel, det var jamenn rart å treffe Åsel, – og enn slikt finvêr dal

Åsel byd dem velkommen, og får dem med seg inn. Ho og Gjartru går føre, dei to andre kjem etter, og drengen sørgar for hesten.

Arnesen var ikkje mindre ung og vakker 15enn Gjartru, ein kunde ta han for 30 år berre, og enda var han vel så 40.så 40.] rettet fra: så. 40 (trykkfeil) Han hadde vore kongenskar, kunde ein sjå, han hadde vore sjersant til og med, og hadde tvinna bartar, og ein liten skjeggtupp på nedreleppa. Han var liten imot Kristen, men han gav ikkje etter for det. – Han bukkar trygt og fint, i det same han stig inn føre Kristen, han er tå dem som kan.

Jau, han hadde komme for å høre om det der som Kristen visste.

Kristen slo ikkje større etter det enda. Dei fekk no komma til gars først, og sjå dei fekk sitte; og så var det skikken å by langferdingar skjenk. – Du er vel ikkje ute og hentar varme? sa Åsel.

Gjartru var uti kammerse og helsa på faren, og Arnesen kom etter.

Anders var blind som han hadde vore, og heldt seg i hie han kalla, ja, og frisk det var han, takk som spurte. Om han vart lei av å sitte her? Å jau, medkvart så; men det går no å sitte òg, sa kjerringa, ho reid på tremærra. Elles var det ikkje stort han sa, og heller ikkje hadde dei stort usnakka med han; det var liksom så for lenge sea sist. Han var noko fåen og bleik, og hadde falle utor utrulig, men så var han no over 70 òg.

Da frammandfolke hadde vore ved borde, sa Åsel til Gjartru, at no trudde ho dei to gjekk åt andre stua. – For det karane har seg imillom, det forstår vi oss visst mindre på, sa ho.

16Ho hadde bytta på seg ein nyare kjole, ein fin, brun, heimevevd ein, og hadde sletta til håre litt. Peder var innom og helsa på «frammondan», gjekk berre gjenom stua og synte han ikkje var redd dem. Han var ålvorsam som gamlingen i kammerse, men såg for resten ut som han gjekk og beit i ein liten kaldflir. – No har alt ho mor komme seg, sa han med seg sjøl; no er ho i jamhøgd med Gjartru, og rettno er ho over henne. Og han far, stakar, med nasen fram, så dei kan snyte han alt dei vil. Men ei dyr snyting, forstår seg, for dem som gjer det. Skjel meg ikkje.

Gjartru hadde fått i Arnesen, den tid ho var i Valvære og var «husjomfru». Han var der på bua og på brygga etter som det høvde. Åsel hadde vore imot at Gjartru fór dit, det såg ut som skire jålskapen for henne, og ho var imot at ho tok Arnesen, for det var ein sprett og ein ingenting, ein heimlausing, og når to ungar kjem og forteler dei er så glad i einannan, da må ein flire. Gartru vart harm, og Åsel slikt slag, og det åt om seg med åra, for dei syntes så smått dei tok til og kjente einannan. Arnesen og Gjartru prøvde seg mange stader, og kjøpte sistpå Vågen her under Håberg; men det gjekk skjeis for dem der òg. Så hadde Håbergfolke hjelpt dem til Segelsund og hadde tatt Vågen att, og åre etter tok Kristen inn 1000 dalar i valdslott dernede. – Likevel meinte søsterne, at når dei berre fekk snakke skikkelig med kvartanna, så skulde det jamnast ut. Men for kvar gongen hadde det 17gjerne komme ein ny kile imillom dem. Gamledagane vilde ikkje komma att.

Gjartru måtte snakke for dem båe i dag. Det var dette brylloppe som låg over henne, der var tusen ting å tenke på, for eit skikkelig bryllopp skulde Mina ha, dei hadde ikkje fleire enn henne å gifte bort, og det var ikkje meininga ho skulde skjemmast for dyrlægen sine, – ja, for det var fint folk i dem, ikkje sant?

Åsel la litt på hovude, der ho sat, og såg bort i andre veggen: Dei er meir enn det. Dei er bra folk.

Gjartru lo: Ja, det er sant, du er imot alt som er fint du. Du vil vi skal ligge der vi ligg. Som han far gjerne sa.

Han Arthur, sa Åsel, det var endelig ein som hadde lært det rette. Å drive ein gar.

Ja, men Åsel gjorde ikkje å tru han skulde bli nokon gråbonde for det om han hadde gått landbruksskolen. – No kjøper han seg ein storgar og legg i veg med ein slik skole sjøl, kva seier du om det? Og det her i bygda, hm? Enno er ikkje Håberg-folke borte.

Ja visst, ja visst. Men Åsel sat som ho lya etter eitkvart anna, innanfrå andre stua. Så seier ho, best det er: Men skal de verkelig rå til notbruk no da?

Ja, ho smikkar han til. Trudde du det var berre Håbergfolke som skulde tene seg rik på den tingen? Du kjenner ikkje Arnesen, du, det 18har du aldri gjort, men eg er glad vi kom oss laus ifrå Vågen her og kom dit han høvde. At vi fann framtida vår.

«Hm! hm!» sat Åsel og mumla. «Som æg tenkt det ja. Som æg tenkt det!»

Men her skulde ho høre nytt, sa Gjartru. Visste ho kva dei fortalte? Om han Peder her?

Åsel såg tørt og visst på henne.

At han heldt på og forlova seg! Jau, det var tydelig sant, og kunde ho gisse på?

Åsel hadde hørt som ei meining om at han – – ja, borti Juvika, ho Kjerstina –

Nei da, nei da! høgre opp mor! Med ho Andrea til dyrlægen. – Vi kjem til å bli i slekt på ny rekning, skal du sjå. Ja da. Han har no vore der i to nætter, det folk veit om, og ein slepp ikkje inn der, san, utan det er ålvor i ferda. Kva?

Når var han der?

Ja, han var der no siste laurdagskvelden, vilde ho vita det.

«Det e løgn! For den kvelden veit æg han va heim.»

Gjartru såg forundra på henne: Men kunde han vente å få nokon likare enn ho Andrea da?

Likare? Åsel halda seg attover i stolen og såg på søstra, med ein liten smil oppetter eine kinne. – Det er no så med oss da, Gjartru, og det gjer du vel i å komma i hug, at det er ikkje all verda tilmåta åt oss. Du kjenner det du òg, når du vil. At det heng over oss.

19Gjartru vart raud, og reiste seg. – Nei nei, ho Andrea høvde kanskje ikkje til garkone heller.

Åsel sat litt og tenkte, med auga i golve. Så ser ho opp. – Ho Andrea er ikkje den som set nasen for høgt til vêrs. Og det trur eg no da, at til Juvika burde han ikkje fara etter gifta si. Men ikkje så at eg legg meg borti det.

Dei fekk heller sjå inn åt kallane sine, sa Gjartru, og Åsel kom og vart med. Men i gangen tek ho handa til Gjartru, ho er ikkje godfor anna:

«Læt ikkj verden ta dæg, Gjartru – læt oss ikkj klyv fer høgt!»

Gjartru smilte berre, som ungdommen til alderdommen.

– – – Arnesen stod just og vilde ut etter Gjartru, og Kristen nikka og var enig, at det var kanskje rettast ja å høre kva ho meinte. Men da rettar Arnesen på seg: han gav seg sytten om kvinnfolka! Her var pengane, ta imot og tel etter, – kontant er kontant, seier vi forretningsfolk. Og låne kan stå ja, og så tar vi og skriv kjøbekontrakt.

Han gjer seg ein sving over golve, og Gjartru bli hengande etter han med auga; han er så høgt ovanom dei andre. – Det er trøysamt når folk handlar, sa ho til Åsel – Veit ikkje eg, sa Åsel. Handel og det – er eg ingen hund på. Det smakar hestebytting og kortspel tå det.

Men skulde dei ikkje sjå på stasen før dei handla? Kristen løfta auga oppetter Arnesen.

20Ja visst, Arnesen hadde ikkje anna tenkt, og så bar det nedover til sjøen med dem.

Kvinnfolka kom seg ikkje i snakk meir. Gjartru snakka om brylloppe, og Åsel hørte ikkje etter. – Den som visste kva som var rettast! sukka ho eit par gonger.

Karane kom att, og Arnesen skreiv kontrakten og las han opp. Kristen tok oppatt kvar settningen og kjente på han. Jau, det var fint, det der. Og så var ein fri krangel etterpå.

Det vart seinkvelden før dei fór.


III.

Åsel snudde seg til Kristen, ei stund etter att dei hadde fare. Men det var så liten mon i om han måtte sjå opp på henne; auga hans seig berre inn i hovude, vart borte i blå skodd.

«Du trur ikkj’ han kjøft fer dyrt no da?»

Kristen rista på hovude. Så vakna han til og tenkte på det: Trur det skulde bli så tålig rett kjøp ja. Kunde ikkje ha selt billigare, stort, om det hadde vore mitt eige bruk.

Åsel lettna: Nei, det var det, at det var ikkje vårt berre. For eg er så rædd dei er veike, nøtene, eg har hørt i det. Og det er farlig, slikt. For oss, Kristen. Eg kunde ikkje seie det med ho Gjartru; for det var å skade dei andre eigarane, og dei sit smått i det.

Kristen rota i vestlomma og fann fram ei gammal skrå, og så drog han pa, smilen: Det bli 21no mest det same kva slag nøter han får i. Han røyter opp dem, kor som er. Men ein dyktig kar, eg vil ikkje anna seie.

«Det mein du ikkj, Kristen!» Raudleten flaga over dei tynne kinna hennar og seig bort att. – Nei, det er berre ho Gjartru som bles han ut. Ho har blåse til ein heil stormann av han; berre det ikkje går på raus med dem snart. Og med oss òg – eg er så rædd. Åsel har snudd seg halvt ifrå han og står og mumlar med seg sjøl. – Det er vi som skulde ha tankane både for dem og oss. Folk veit ikkje det sit ein og vaktar over dem; dei veit ikkje kor smal vegen er. Vi er ikkje under loven, står det einstads. Jau, vi er under loven. Og Gjartru ho eig ikkje tanke for det.

«Det hi no gått bra hiten-te, Åsel.»

«Ja, med Guds hjolp så.»

«Det forstår sæ …»

– – – Det same sa folk i bygda. Vårherre hadde vore dem ein god mann. Dei sa det gjerne slik, at Åsel ho sikta, og Kristen han skaut, og lukka sat med dem som bekk. Det var ikkje til å skjønna seg på. Med han Anders grasserte, var det eit anna mål; han var no Anders han; men dei to her, kvifor skulde dei få slikt tjuvtak på verda støtt, dei meir hell anna folk? Motgang hadde dei havt, det var så. Eine veikjungen deira var dauvstumm, ei sorg og eit kors, og halvvore som eit fingerpek; og for eit par år sea døde eldste dotra i tæring, for det at mora 22nekta henne å ta den ho vilde, vart det sagt. Men folk fekk ikkje anna til, enn at dei på Håberg slapp billig. Det monna fram støtt. – Om det så var Peder, som hadde vore ein trollunge og ein galning, så tok han at og folkast til ho etter kvart. Han var så nask etter gjentene; dei hadde venta å få spøre både eitt og anna; men no såg det ut som han seglde seg sjøl i hamn, og Åsel kunde takke Vårherre att. Han var god med henne.

– – – Åsel måtte sjå lenge etter Peder den kvelden, før ho fekk han på tomannshand, og enda var det verste att: å komma i snakk med han. Det var år og dag sea ho hadde snakka med han, ja, ho kunde knapt minnast når sist var. Javisst svara han, men det var liksom ikkje på det ein spurte om; og ofte kom orda så gaputte og villkåte at det kunde skræme ein, og enda såg han ut så tungsint at ein helst måtte gi han fred.

Han sat utpå bakken og røykte, da ho kom; han sat ofte der i mørkre om kveldane. Ho prøvde både eitt og mangt ho kunde ta til med, men det stod som i stein, og det litle ho fekk sagt, snakka ho seg berre lenger ifrå han med, – så bar det ikkje bedre til enn at ho snåva i veg og spurte beint ut: Var det sant han fór hoss dyrlægen og fria? Folk fortalte det? At han hadde vore der ja?

Han tar verkelig pipa utor munnen og ser på mora.

Åsel kunde sjå det i mørkre kor vakker han var over brunene og auga. Ikkje for under dei 23låg etter han, gjentene, og kalla han vakkerguten. Det fór som ein frost gjenom henne, korles det kunde ha gått om ikkje Vårherre hadde vore.

«Ja, æ fria og fria bygda rundt, og ja får æ, kor æ attåt kjem, fi fanken! Men for resten e æ no undskyldt dender gongjen.»

Ho ser på han, ho legg all si makt i det, og det går med han som med alle dei andre, at han må sjå henne i auga som snarast, og så ned att.

«Du va no heim, natta te laudags? Og natta te syndags ò?»

«Ja da, ja da. Men ikkj natta te måndags. Men æ va ikkj der, san.»

«Du e no din eigen herre, veit du. – – Men enn’n Ola da, morbrorin din? Visst han –»

Peder røykte. Han hadde svara det han skulde for i kveld.

Ola Håberg var klokkar i bygda her. Han var slik meister til å synge. Han hadde vore forlova med Laura, eldste dotra til dyrlægen, og ho var død for 3 år sea. Ingen kunde sjå at Ola sørga større over henne, det var ingen som venta det heller, av han, og no fortalte dei han var i god gang med Andrea, søstra; no er det henne han syng for, sa dei, og ho som heng med og spellar. Dei vart like slug på han støtt, og gav ikkje stort for han, han var spellmann så det halve kunde ha vore nok. Men kven annan enn han skulde Andrea ta, her i bygda?

24Åsel hadde tenkt det same, og ønska det òg. Det var først i kveld det såg ansles ut. Herre gud rett, skulde ikkje ho Andrea bli anna enn klokkarmadam.

Det var djup og still kveld, ein av dei første haustkveldane; ingen måne og ikkje stjerner, kornstauren stod i mørkre bortetter åkrane og puska med aks og strå, lauvskogen drypstill omkring. Kveldskingla skjena som dauvstumm fugl over tak og tre, utyske-vengene fram over hovude liksom ho vilde kjenne seg for, hit, dit, utan ein lyd. Hestane gjekk nedpå håa og gnog; det låg slik lodden og varm ein tone kring dem i mørkre; det kjentes halvvore som ein atterlyd frå tusen andre kveldar, det var sjølve gammeltida som låg her og dorma.

Så nær Peder hadde ikkje Åsel vore før, syntes ho. Å nei, san, det hadde vore langt i millom folke her på Håberg, alle åra; og så jamn ein strid, her hadde vore ørk og aldri helg, live hadde tatt råa tå ein. Same kva som kom i tanken, så ranns det bort att.

Ho sat og såg attgjenom tida, og ho tenkte høgt før ho vardest. – No når det tagna med verste duren kring oss, lel. Heretter kan det komma for ein så mangt. Både av det som er gjort, og det som skal bli. Eg veit mangein gong ikkje om det, før det er gjort. Både det som er vist og det som er gale. Han far din, han går så stødig i veg. Kjem aldri for han at ein kan trø i mist, at ein kan gå seg borti gæliheita. 25Eg var den som skulde vita bedre. Eg som veit det. Men som sagt, ein ser det når det er for seint. Og så har ein no sitt og sine å tenke på – eg måtte sette litt gjøt i han Kristen somtid; så ikkje dei andre skulde eta oss levandes opp. Som både med Vågen og valdslotten; og med kirkeflyttinga og det. Dei snakkar om pengane, folk, at vi fekk sele tomt til kirka. Kirka måtte hit, ho. Ho kom sjøl å kalle. – Gjorde eg gale med kvart, så var det for det gode meint. Men, som han far sa: vi er under loven. Den som visste kva han meinte med det, enda!

Kva for noko? Peder spurte brått, med pipa utor munnen.

Åsel såg opprådd på han. – Nei, eg veit ikkje eg. Det var berre noko han sa ein Gong.

«Det va du sjøl som sa det, mor.»

«Ja, sei du det?» Ho sat still ei stund. – Eg fekk vel som ein støkk i meg, den gongen ulukka kom over han far. Før, da kunde eg sette meg for og vente. Det som skulde hende, det kom. Gjekk aldri verre nei. Sea har det vore ansles å kjenne på. – – Men det er somme folk, Peder, som det følger berre godt med. Ein veit det, straks dei snakkar, straks ein ser dem. Som ho Andrea. Nei, eg meiner ikkje det at ho var den rette her, etter meg. Det vilde vera synd òg, mest. Men ho har det gode med seg. Det vil henne vel. Ho, ho hører til på andre sida. Ho er ikkje under same tunge handa som vi. Men som sagt, det er for høgt opp til henne ja.

26«Men dem e søt som honningkak’, nøten han far seld i dag.» Peder kaldflirte med seg sjøl, banka utor pipa og reiste seg. Måle hans skar i kveldstilla som ljå i gras, lenge etter orda var sagt.

«Du sei no ikkj det, Peder? He?»

«Nei, gu om æ det ska gjera, nei. Men plukk-rottin e dem. Og løkk på reisa. Tvi fan, ho e søt heile vala!»Forfatternote: vala ɔ: verda

«Nei, men Peder! – – Ja ja ja, herre gud.»

Han gjekk sin veg bortgjenom mørkre, og Åsel stultra av inn. Kor var dei andre borna, tru? Først var det Marta ho måtte sjå etter, ho som var dauvstumm, for ho var sjølrådig så det var ei nød, og den ein minst vilde vera av med like vel. Gudskjelov, ho var inni kammerse hoss’n morfar, i lag med Marjane, litleveikja. Dei kraup inn der gjernast, når det var mørkt. Elen hadde gått på lofte og lagt seg. Henne var det aldri farlig med. Når det berre hadde vore litt meir om henne, såla – kvifor åtte ho ikkje det som kunde kallast mot på live?

Det kvilte i natt og fred, heile huse no snart. Det gav slik trygd, når ho hørte huse i kring seg, kveldstider. Der budde liksom ein god ånd i det, eller kva ho skulde kalle det; det kunde ikkje gå verre enn Vårherre vilde det. – Og nøtene, dem var no han Arnesen sjøl nedover og såg på.

27Og der kvitte det på kirka. Åsel såg dit mest kvar kveld før ho la seg. Litt kaldhustre var ho, i mørkre slik; det tok urimelig med tid før ein fekk henne til kjending og venn.

Peder såg òg kirka, der han gjekk. Han tok seg ein tur millóm kornstauren på Langåkeren før han gjekk og sette inn hestane. Kvelden var ei god tid å gå i. Og det der var inga kirke, i grunnen, han kunde gå her svartaste nattens tid og sjå henne beint inn i andlete. Og hadde han treft ho Andrea her, slik han gjorde den kvelden før, så skulde ho ikkje ha sloppe så billig ifrå det. Der borte var det dei sat ja; og hadde han tatt i kring henne for ålvor, så sjøl veit –

«Fer veikjan borti gåran, dem e æ snart lei tå,» sa han. «Inga trøyheit ti dem. Finns ikkj ting så trøysam som det som e ulovlig; og for resten finns det ingen ting som e trøysamt, – det va i gammeldaga, det.»


IV.

Da Arnesen og Gjartru kjørte heim om kvelden, møtte dei Ola Håberg, klokkaren. Han snudde, og vart med og «sat på» eit stykke. Vegen var flat og god innover myra. Ola budde på Vollan, ein gar som ligg midtvegs millom Håberg og Segelsund, men eit stykke frå kjørevegen.

28Ho skjønna no kor han hadde tenkt seg, sa Gjartru. – Sei meg heller kva du ikkje skjønnar, sa han. For eg skulde bort til dyrlægen, ja, du har rett i det. Men eg skulde ikkje anna enn sjå gjenom noko notepapir, der fór du skikkelig vill. – Men eg skal seie deg ein ting, eg, Ola. At du skal passe på, så dei ikkje ét av agne for deg. Beint ut snakka: Han Peder er i vage no, og han er ikkje å spella med, veit du vel. Har du ikkj forstått nokon ting du? – Nei, Ola hadde ingen ting merka. – Ja, han hadde no vore der ei natt, og kanskje to, og dei hadde sitte ei heil natt attom kirkeplankane og forlova seg. Så no fekk han akte seg at han ikkje vart for sein. – Eg er for sein eg. Han Ola Forsein, veit du vel. – Du skulde no ikkje gjera dem på Håberg den gleda lel, å bli for sein den her gongen. – Nei, eg skal vera så båg som eg er mann for. Ditt skal vera mitt, her i verda. Elles er det ingen smak i det.

Ola vart med dem heilt heim. Han var mørkrædd og torde ikkje heim att, sa han.

Det var mest midnatt da dei kom til Segelsund, men der var lys i vindauga både oppe og nede. Dei undrast kva det kunde vera som stod på no.

Ein drykkjen mann reiste seg bortmed stabursveggen og kom snåvande; han smått song og smått banntes, men vilde ingenmann vondt. Bortmed brunnen var det visst òg noko levande, hesten vikte til sides og snøste, så Arnesen måtte opp 29med sveipa. – Fan til leven støtt! murra han. – Huff, Johan Martin, du skal ikkje bannast slik i mørkret bad Gjartru. Arnesen smelte med sveipa, at drengen skulde komma og ta hesten, og dei kom to mann sterk, med løkt enda.

Da dei var på stubrua, kom Mina farande imot dem med lampa i handa og to av tausene i hælane på seg:

At dei verkelig kom heim ein gong da! Dei kunde ikkje tru kor ho hadde venta på dem! og kor hadde dei halde til heile tida? Ho var bleik og opp-øst, gådde knapt at Ola var der. Og no vart det ei forteling på henne, korles det hadde vore i kveld: Den eine etter den andre kom her og drakk seg full, stygt folk alt i hop, husmenner og nothund og kva det no var, – han Sefanias Bruraskare hadde komme heilt inn til henne og vore opstanasi, så ho måtte ta i han for å få han ut att! – Inn her! Gjartru vart harm så ho stegla. – Men du skulde aldri ta i dem, Mina, du skulde berre sjå på dem, til dei kraup. – Trur du ikkje eg gjorde det da, mamma? Men når det ikkje nytta så! Og så bar det i hop med dem uti garen her, så blode rann, og så måtte eg ut, eg måtte skape meg ryss åt dem, og enda var det armelig nok dei lystra – du skal ta dem for deg i morgo, pappa! – Du kan vera stø på dem får sitt, sa Gjartru. Arnesen murra berre.

Men det verste var no nedi borstua lel! fór Mina i veg, og no grøste ho all igjenom, og auga 30vart store og stive i henne. – Ja for dei hadde regjert slik der, med kortspell og bannskap, at han Gammel-Erik sjøl kom og skræmte dem på dør, og no sit han dernede og spellar kort, dei han sjå han kven som vil – eg vil herifrå, mamma!

«E du gælin du, e’n fram no igjen?»

«Ja, vi så ‘n all i hop i en blå låga, med rau topphuv og med honn og stell – –»

«Du skuld mest ha tikji bibeln åt ‘n, og vettskræmt’n,» sa Ola.

«Tøv!» sa Gjartru. «Vi opplyst folk trur ikkj på slikt lenger».

«Og ‘n Johan-Arn Finnvikja tok øksa, han, og la av in, og da forsvandt ‘n, men så var ‘n der straks igjen, vi hørt’n romstert der, og korta dem daska i borde – han bli verre og verre for kver tid, her i gården! Og no har tjenestfolka rømt derifrå og på lofta her, dem tør ikke ligg der mer, det tør ingen dit mer!»

«Spør mæ du,» sa Ola.

«Du får ikke lov!» ropte både mor og dotter. – Og elles så var det berre tøv alt i hop, sa Gartru. Folk misunner oss, det er det. Og spøker gjer det i alle bedrefolks hus, det hører til. Åsel kan tru på slikt, og alle av det slage; ho skal bli glad, når ho får høre det.

Mina sat bleik og still på stolen sin, med karane var i skape og fekk seg ein liten kjørar-dram. – Vi herifrå, sa ho endelig. Vi skulde flytte til byen, mamma, minst! – ban, sa Gjartru. Det var no så det. Men lite grand 31skal vi vel ha gjort i bygda òg, vi kan vel ikkje laupe beint ifrå henne. Det skal dei no få sjå først, både på Håberg og andre-stads, at vi har vore her.

Det sa han Arthur og! Mina vart glad som barne: Ei ny bygd, seier han, og det synes eg er vakkert. Vi skal arbeide henne fram, seier han, så bli her ei anna tid for folk, når dei har jorda å halde seg til, så bli her ikkje svartår meir og anna elendigheit, – han har det så stort og vakkert for seg, ein kunde springe på varmen for han!

Ja, sa Gjartru, det var vel ikkje meininga ein skulde bli sittande og surne i kvar si stue, som ho Åsel gjer. Kva seier du, Ola? Eitkvart må ein da vel ha å streve for, så ein ikkje sig ned i myra? Det er vel opp vi skal? og ikkje ned?

Jau, det var sant og visst. Den som berre vart med. At ein ikkje vart for sein.

Mina såg mest hatsk på han: – «Huff, du! Ingen vet kor du holder til – kund ingen bli glad i!»

«No bruka du uverja på mæ,» sa han stilt. «Og det kan æ alltid tegji dæ; så va du da ikkj Fagergåsa den stunda.»

Men kva var for resten ein gar? dreiv Gjartru på. Er det ikkje heile bygda vi skal tenke på? Kva er i grunnen Håberg, sei meg det?

Nå, for somme var det vel ikkje så lite, reint, – Ola såg på skrå oppetter veggen. – Men no vil eg legge meg. Eg vil sjå ned i borstua, åt han som er der.

32Det vart til det at dei måtte la han få viljen sin. Dei vart med nedover alle tre, og reidde opp til han i kammerse, i råssdreng-senga.

«Du klarer det ikke!» sa Mina da dei skulde gå. «Da er du ingen – bonde!»

«Det va just det æ villa sjå. Klara æ det, Mina, da – da bli vi skyldfolk frå ander kanten du og æ – lik vel.»

«E det sant?»

Ho lyste i auga no, og brunene og munnen og kvart drage i andlete synte seg så vakkert det var. Dei hadde ikkje git henne namne for ingenting. Mein du det da?»

«Ja, Mina, for ein gongs skyld snakka æ alvor. Det e leng sia sist.»

– – – Men det var først da dei hadde gått og huse let seg att etter dem, at han verkelig visste det var ålvor. Blanke iskalde dagen med ålvor framfor han, og elles berre skodda og draumen. Det var slike påfunn dei lo til, folk av hans slag, og han kunde gjerne le med; men ifrå det kom han ikkje. Det var ein frammand som tok i han og blåheldt han: No, Ola, er du her. No endelig har du fått som eit lite handfeste i sjølve live, du får halde i. He? For Gud er ikkje til, det veit du, og den andre mannen han er ikkje til, det veit du. Du har visst det lenge. – men eg kan no vel vera rædd dem for det, veit eg? For å sjå dem i ausyna? – Men klarar du det her, da er du ingen bonde. Sa Fagergåsa. Og det veit du før. Men ein mann. 33Ein mann ja, og da går du ikkje av vegen for nokon ting meir – og ikkje for henne heller nei. Da bli du for stutt, Peder Håberg! Eit lite loddkast slik, det var det som måtte til; det er jamgodt med sveipa over halvdaue gampen det.

Men slik måtte han ha ligge ein gong før, ein gong for lenge lenge sea, tanken reint susa attlenges gjenom tida på leiting: det måtte ha hendt ein gong, umulig anna! Og no låg han her. Ein rundbygd og raudlett ein; ein bytting av gamle Juvik-slekta. Og Andrea låg heime og sov for lenge sea og visste ingenting om dette her; og så kom det kanskje ein friar til henne. For henne var det han låg her. Kvifor skulde ein ikkje gjera seg til nar for henne?

Men var han verkelig sveitt alt? Ja; handa vart blaut når han strauk henne over panna. Men vart det ikkje verre, så skulde det gå. Mørkrædd, større, hadde han aldri vore.

Det vart verre. Det vart for tungt. Det var synd og skamm, men han las fadervåre over seg; han kunde ha gjort verre ting. Men dermed hadde han tapt. Her var ingen ting å ligge etter, og no kom rædsla att, ho krevde fadervåre enda ein gong, – ho hadde sju andlet.

Så var han på vegen ut. Han var så kald, han trudde ikkje han levde. Urande lite grand til no, så gjekk det sundt eitkvart i han, så rauk det sundt heile stelle, – han var eit egg som fór imot veggen. Ja, han var på vegen ut no, 34ut gjenom kammerse og ut gjenom borstua, der var ingen ende på den vegen. Kjellar for kjellar med berre døden og usynlige ting. – Eg ser dykk mest!

Slik var vegen for dei stakarane som hadde gjort åt med seg. No veit du det, Ola. No veit du det.

Andrea ja; da hadde det vore godt om ein hadde henne å halde i handa. Men på den vegen vart ein åleine. Det visste dei vel, gammalkarane, og derfor let dei det vera. Og han som hadde trudd det var berre å gå ifrå leiken med ein liten flir. – Men du, Laura, du – –

Nattlufta ute tok ikring han som ei mor. – Men ho kjenner meg ikkje, gjeispa han, og så skingla han i veg søretter og heim, med store gule stjerner over seg, og fjellpyntane rundt omkring.

Han prøvde å blistre litt, da han var sørpå myrane.

«Nei, det va berre det, at det e så godt, å vetta at ein e for veik. Ein vaksin ein – – men han prøvd det aldri! Folk trøng ikkj å vetta slikt om sæ sjøl.»

Og her var myra, rundt omkring han og alt mørkre bortgjenom. Han stana, liksom han stod og kjente på henne. Austavinden kom no, over fjorden og over haugane, småsprang over tuvetoppane og byskja, meir og meir vaken – sju-ih! sa han, og så var han ikkje der meir.

«Og det va ikkj det at du taft, Ola. Det 35va det at du prøvd. Han Peder, han gjer ikkj det.»

Det var for resten ikkje berre eitt, det var mange ting. Andrea, ho visste det vel. Elles hadde ho ikkje slept han Peder inn. Og så var han Ola fri mann som han hadde vore, ein fliropp og ein fåne til kar, men fri mann.

Austavinden sa det same.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storbrylloppe

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Storbrylloppe er tredje bind i serien. Det går nedover med Juvik-ætta og gamle verdier står for fall. Søstrene Gjartru og Åsel har forskjellig tilnærming til det nye i tiden.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.