Storbrylloppe

av Olav Duun

Tidna går


I.

72Da dei var ferdig til avferd med Segelsundbruke, slo det feil med lossementfartye. Arnesen fór i veg og leigde ein fembøring med flakedekk, den måtte hyre, meinte han. Karane murra, at med slikt taterlosji la dei ikkje på Nordlands-tur, ho denne årsens tida. Han banna med seg sjøl, men trøsta seg med at der alltid var eit fartyskrov å få leige eller kjøpe.

Gjartru beit seg i leppa og tenkte på det. Slikt la ho seg ikkje borti, sa ho, men det var ein ting som kom for henne, og det var at folk fekk lystre, no som før, og var det dei eller han som rusta ut bruke? – Vi er her for å gjera vel imot dem, eg veit det, men da må vi vel halde i hempa på dem?

Det forstod seg, sa Arnesen. Men eit farty kunde no vera arti å ha, ikkje sant?

Gjartru ser oppetter han, han står der bein og modig framfor henne, eine handa innpå barmen, knippar i fingrane med den andre; ho ser opp i andlete på han, slik ho plar gjera, til auga bli 73hengande der i moblå lukke; – der var ikkje alder til i dei auga.

«Du skuld ha havt dæ eit farty, Johan Martin. Det e skipper du e, og ikkjnoko minder nei. Og bli det ska du ò, med tid og stund. Du kann no ikkj reis ut lel denher gongjen.»

Arnesen såg ned. – Du veit, det finns ikkje mann i heile notlage til å segle fartye nordover.

«Ja men e du gælin du – no når brølloppe står for døra!»

Ja, han visste ikkje han. Kom an på om han ikkje måtte i veg lel. – Ikkje snakk tøv no, guten min, sa ho blidt, og tok til med arbeide sitt att. Ho hørte dette var noko han hadde brunne med lenge.

Arnesen gjekk ut; men han gav seg litt meir tid i døra enn elles.

Utpå dagen kom han drivande inn og fortalte, at no visste han det: Han skulde nordover og kjøpe sild! For Kasten i Valvære hadde fare i veg med båe jaktene sine, der gjekk den tidna at han hadde fått telegram, og Kasten Landre var ein som ikkje fór i ugjort vêr, han og fortenaste, det var som fuglen og silda det, han vêra henne, det måtte vel han vita, – og Bjørlandsjakta var til sals! Notkarane fekk fara i veg med det lossemente dei hadde, det hadde han sagt dem her i sta, og dei måtte lystre. No skulde han Kasten i Valvære få konkurrent, spøkte det for. «Ja, slik en no det, Gjartru!»

74Gjartru smiler, men ho er litt utålmodig. – Det skal han få ja. Men først brylloppe, som sagt.

«Brylloppe? Det får hålade vente, nu svor både’n Johan Martin og jeg. For det er skipper jeg er, nu vet du vet!»

«Ikkj å snakk tull no!»

«Tull?»

«Ja, æ sa rett rikti det ja. Fer den gleda ska ikkj dem på Håberg ha, at brølloppe må utsettast.»

Arnesen var blåraud i andlete før Gjartru sansa seg, stod tett oppunder auga på henne og var ikkje å kjenne att: ho vart så forundra at munnen opna seg.

«Ka det e no da?» sa ho endelig.

«Hvad det ær? Kjerring!»

«Nei men hysjt da, Johan Martin!»

«Nei så fan smetti mæ, no e det slutt med hysjtinga, så mye du veit det, be mæ ikkj hysjt oftare, – vâr dæ, sei æ! Æ e herre mitt hus. Ja!»

Gjartru var mållaus. Ikkje kunde ho tru øyra sine, og ikkje auga heller. No tok det han att.

«Jeg sier det ja!» han slo vilt ut med handa, «jeg går ikke her og er hund og idiot for dere – hva fan har jeg med Håberg og søstra di å gjera!»

Mina hadde komme i døra og stod på dørstokken med munnen halvopen og armane halvt 75opp i vêre. – Pappa! fekk ho endelig til å seie. Andlete hennar skjein kvitt imot faren, dette her bar visst til dunders, men trudde dei – –! han spente til stolen framfor seg så han fauk i veggen, og så visste han ikkje meir. Han raga av ut, med eit tjukt murr av bannskap etter seg.

Gjartru hadde komme seg att, og var alt på veg etter han. Heile andlete loga rasande raudt, og munnen hakka. Mina hengte seg fast i henne, ho fekk ikkje ut og gjera oppstyr i garen, ho skulde vel snakke med han, ho! Gjartru gav seg, og seig ned på ein stol. Det kom over henne med gråt og skjelving, så Mina hadde nok med å halde i henne. Ho prøvde å trøste mora så godt ho var godtil. – Han er ikkje å bry seg om, mamma, han er ikkje det slag å bry seg om – pyh! han? Eg vil ikkje seie meg heller, berre sinnel

Gjartru måtte til sengs. Da ho kom opp, eit par timers tid etter, tok ho til og hørte det Mina hadde sagt.

«Du veit ikkj ka du sei, stakkar. Trur du han e ein bansongji, du?»

Nei, det trudde ikkje Mina, langt av den vegen, det var berre som all snarast det hadde komme for henne. Nei, men han vart vel snart blid att, og noko bortreise med han vart det ikkje. «Når du snakker med’n,» la ho til.

Gjartru rista på hovude. – Å nei, da kjente ho ikkje far sin rett. Ho skulde heller tie still.

76«Fer han – det e det æ hi vissta all min dag, at han e ikkje å spella med nei.»

Ho levna til noko om senn, og på slutten var det liksom ho hadde lyse lukka framfor seg. Ho famla litt trehendt med arbeide sitt, stund og anna, det var noko linty ho la i ei korg og skulde på rulla med; no retta ho på ryggen og bles det hånlig ifrå seg, det var ikkje Mina ho sa det med:

«Trur dokk verkeli æ fór i veig i blinda og tok’n da! Nei, skuld æ no gift mæ, så mått det vara med ein vaksin ein.»

Arnesen kom inn att. Han var litt tynnare no, men han steig hardt i golve, og augebrunene knytte seg kvast i hop. – Han måtte ha mat straks! kommanderte han. Gjartru la ifrå seg arbeide og skyndte seg åt kjøkene, såg berre så vidt på han fra dørstokken, og ikkje lenge etter var maten ferdig. Spøre han kor han tenkte seg måtte Mina gjera. Til Bjørland. Og så fór han avstad, sjøvegen, med to mann i skyss.

Gjartru gjekk som ho drømte. – Skulde mest ha vore på Håberg, sa ho, ho kom ut i stua der Mina sat og sauma. – På Håberg no att? – Nei, eg veit ikkje. Men det er mangt eg skulde ha snakka med ho Åsel om. Ho Åsel ja, det er rart å tenke på henne.

Mina skjønna ikkje stort av det, og Gjartru sa ikkje meir før næste gong ho kom inn. – Ho Åsel, stakkar, som ikkje fekk anna enn han Kristen. Ho må no vel snart sjå det no, at ho har mista 77overtake. Elles så er det no ikkje dem han Arnesen siktar etter; vi minns dem ikkje lenger. Men han Kasten i Valvære, han kjem til å få ein konkurrent. For det vart ikkje som ho Åsel meinte nei, her ei tid, at ho skulde taumkjøre både oss og bygda. Ho meiner det så vel, stakar; finns ikkje vondt der; – eg skulde verkelig ha snakka med henne.

Mina ser opp og er forundra: – Seier du no det? At det ikkje finns vondt i henne?

Ja, og anna hadde aldri Gjartru sagt. – Det er berre det, ser du, at Håberg skal vera bygda. Ho ser ikkje det, ho, at tida og bygda og allting held på og snur seg ifrå henne, og snur seg etter oss. Vi er bygda snart, og det fell henne litt tungt; som ventande kan vera.

Ho gjekk ut att, og da ho er i dagligstua, hører ho kjerrehjul som gnaurar utpå garen. Det fór så mange her, men denne gongen ser Gjartru ut, og der held Åsel Håberg på og stig utor kjerra!

Gartru kom mest springande ut. Åsel var rolig som ho pla vera, og litt stiv imot søstra. Der var eitkvart i auga hennar som sa, at ho var ikkje ute og kjørte etter kaffe.

«Æ mått snakk med dæ Gjartru,» sa ho da ho hadde sett seg. – Men kanskje det er for seint alt, la ho til; – eg forstår meg så lite på slikt.

Kva var det no da? For visst det var det at Peder og Andrea var forlova, så vilde ho ønske 78dem til lukke, vilde ho! «Du gjord eit varp der, Åsel!»

Åsel smilte og såg fram for seg: Nei det! Ho løyste litt på hovudtørklæe, for det var så ulaglig stort og tjukt, det var tjukkaste silketørklæe i bygda. No ser ho opp på Gjartru, ho er så lysblå og vaki i auga, ho er som dagen. – Kor du har han Arnesen? – Han? Han fer no vidt, han. Han er visst avstad og kjøper seg eit farty eller kva det er.

«Æg villa varsku dokk om nøten han kjøft. Dem e rottin, æg veit det no.»

«Æ mein du e gælin æ? Dem’n Arnesen – dem’n Kresten se1d oss?»

«Han Peder forteld mæg det. Og enno e det ikkj fer seint. Han Kresten visst ikkj dem va dåli.»

Gjartru hadde fått den fine lysraude letten ho hadde med ho var veikja. Åsel visste at da var ho heit.

«Han Arnesen veit vel ka som ska gjerast med den tingen.»

Det vart det alltid eit stell på, sukka Åsel. Pengane hadde ho med, dei som var betalt. – Og no har eg sagt det, og gudskjelov for det. Gjartru prøvde å ta imot auga til Åsel; men dei var for sterke i dag som ein annan dag.

«Og kund det gå fer sæg i stilla det her, Gjartru, så veit du det va oss kjært. Fer’n Peder og a Andrea si skyld. Men som du vil med det.»

79«Du kann da vetta det!» Gjartru hadde sagt det før ho fekk sukk for seg; og no heldt ho fram den vegen: «Kleinar folk e vi da ikkj på Segelsund. Når folk kjem og be oss.»

Siste orda beit, trudde ho, om det ikkje synte på Åsel.

«Han Peder sa mæg det beint ut.» Åsel la den eine handa oppå den andre skiftesvis; ho hadde slikt visst eit lag med det.

Gjartru heitnar oppetter vangane att. – Han Peder ja. Han veit no vel ikkje stort meir om det hell ein annan ein. Arnesen såg vel kva han kjøpte. Og betalte deretter.

«Få’n te å gjera om handelen du, Gjartru; gjer det!»

«Vi får no sjå.»

«Ja ja. Ja ja. Så hi no æ gjort mitt!» Ein kunde sjå kor børa seig av Åsel.

Åsel drakk kaffe, og dei snakka att og fram, litt tungvint i førstninga, og litt langt ifrå einannan, men kvikkare etter kvart, og dei heldt einannan lenge i handa da dei skiltes.

«Hypp, Svarta! det e grei veig no,» sa Åsel, da ho sat i kjerra.

Gjartru sat oppe og venta på Arnesen til langt over midnattsleite. Ho spurte som ein vitensjuk unge, om det hadde vorte handel av og korles det elles hadde gått. Han var ikkje for snar til å svara; men det var da i lås no. Så fortalte ho om Åsel og erende hennar. Han stelte rolig med pipa. – Men eg sa det eg, til 80henne, at du såg vel på det du kjøpte, – ja ikkje sant? Han tagde enno litt; så skaut han akslene i vere:

«Tror du virkeli dem narrer mig da?»

Nei, Gjartru måtte smile. – Skulde eg det ha trudd, Johan Martin, da måtte eg ha gått og lagt meg og aldri stått opp meir! Så lo ho langt framfor seg: – Eg ser Åsel i kjerra, sit og skumpast hit og dit, heile den lange vegen – stakars krok! må eg seie. Men ho meiner det godt, stakar.

Arnesen tenkte på sitt, med pipa i munnen og papire framfor seg. Men Gjartru var for lukkeleg til å gi han fred. – Er det ikkje bankdag i morgo? sa ho. – Jau. – Da bli eg med. Eg skulde berre ha snakka med frua, skjønnar du. Det skal gå fint.


II.

Kristen Folden var direktør i banken. Det var ikkje hans dag å møte, denne gongen, men han var tilsagt, for ein av dei andre var sjuk. Arnesen og Gjartru vart litt med seg, da dei såg han der, men Gjartru retta seg berre litt i nakken. Gamle bankkasseraren hadde vore underofficer liksom Arnesen, og hadde sitte her som far og styrar for banken sea han kom i stand. Han var banken sjøl, og det vart sagt at det var berre Kristen som kunde vike han litegrand. Slug var han som ein gammal syndar, 81sa han sjøl, og kjente alle som kom der, ut og inn. – Det er berre kvinnfolka som narrar meg, brukte han å seie.

Og i dag var det Gjartru som narra han. Ho bad han til bryllopps. Gjestebod stod han seg aldri for. Og Arnesen måtte ha pengar, når han skulde kjøpe sild, ikkje sant? Jau, Kristen var einig. – Og pant har han i haugevis å gi oss, han såg på Arnesen. – Ja pant? Dei skulde få både i jakta og Segelsund. Kristen såg på kasseraren, at dette kunde dei vel ikkje avgjera to-eina? Men det var alt avgjort, og Gjartru ønska dem velkommen til brylloppe og kjørte heim med Arnesen og pengane, – det var ei diger bok med pengar. – For når vi vil det, vi Håberg-folke, så må det til, sa ho. Arnesen snufsa berre litt oppi nasen og murra, slik han gjorde det all tida før i går.

Ho Gjartru var ikkje dum! lo Kristen. Og eg kunde ikkje slå meg rang, imot skyldfolke mitt, ho visste det òg. For resten: han Arnesen har eg age for. Slike som henger live sitt i ein tråd, somtid – det torde aldri eg. Og går det skjeis med han, så er det vel så laga. – Banken skal vel passe seg, sa den andre. – Ja, og kva anna skal ein stakar gjera, enn å bruke dei råder ein veit? Eg såg aldri eg slapp. – Nei du nei. Du har no vore så pass til klo att; eg spår ho Åsel har havt mang ei tung stund. – Men pante er ikkje så reint verst, bøyde Kristen unna. Så ser han opp på kasseraren og ler: 82Ho Åsel, sa du. Ja, du har rett. Ho er bra å ha i huse; ho som har anken i seg; eg vart aldri nokon klyppar i den vegen. Det er det, at eg var no ingen Håberg-mann. Eg måtte passe på alle monane. Og det vi har gjort i dag, det kan eg godt fortele henne.

Han gjorde det. Åsel stod og blunka og kjente etter. – Det var inga anna råd, sa ho. – Nei det var det. Og korles det går, så skjer no ikkje det reimar av Håberg da, sa han. Men nøtene er ikkje verre, enn at steller han seg lurt, får han alltid kastarlag med einkvan. No såg han ho vart ille ved. – Det skulde no vera rett da, Kristen. Eg tenker lenger fram enn slik. Og det er hardt ofte. Men det veit eg no da, at du har aldri tenkt deg høgare til vers enn dit du er kommen. Kristen hadde gått, men ho stod og sa det høgt like vel: Du har vore tru over lite. Du har vore tru over garen her. Ser det slik ut for Vårherre som det ser ut for meg, så er det vakkert det. Det seier eg beint.

Det såg ansles ut, mangt, enn det hadde gjort før. Blanke solskinsdagane var det ute, blåna over alle fjella og lauvgull kring alle liane, og eit eventyr var det at Peder skulde få Andrea. Ho vilde ta og gå til henne; ho hadde ikkje fått snakka med henne enno. Men det drog ut før det bar i veg. Det fall seg aldri slik. Sistpå sa ho det med seg sjøl, at det var mote som vanta. Da tok ho seg for og gjekk likevel. Dyrlægen sjøl gav ho seg mindre om. Det var 83ein bra mann, tvert igenom, enda dei sa han drakk, men ho åtte ikkje den tingen ho kunde snakke med han om, anna enn om kyrne da, og det vilde ho ikkje, med slik ein storing. For kva skulde ein snakka med slik ein om? Det vart ingen ting det, same kor lenge ein let munnen gå. Og best det var, kunde han bli stangvis og komma med både likt og ulikt, spurte om dei ulagligaste ting. Nei.

Andrea, det var ein annan ting. Men kva var det i grunnen ho vilde snakke med henne om? Ja ja, det fekk ho vel kjenne. Ho vilde no sjå henne.

Og så var ho på vegen; det var ein still kveld med måneskin og skuggar.

Det skulde vera som eit varsel, om ho råkte henne åleine i stua. Da var det som det skulde, alt i hop. Og det måtte det vera.

Der hørte ho det spella på pianoe. Da skal du sjå han Ola er der, fór det gjenom henne, og det var ikkje stort om å gjera at ho snudde om og gjekk heim. Ho stana på dørstokken og såg etter han, da ho kom inn, ho kunde ikkje anna få til enn at han var der. Men han var der ikkje.

Andrea reiste seg, litt uviss å sjå til, og kom smilande imot henne, med handa fram; heile andlete smilte. Åsel vart hengande ved den smilen. Så trygg i seg kunde ungdommen vera. Ho såg på henne til gjenta vart både forundra og brydd, og no tok ho båe hendene hennar.

84«Æt det skuld gå slik da, Andrea!»

«Det gjorde nu det, sa.»

No først vart ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil) vâr stua omkring seg. Slik var det her ja; og kvar tingen så lukkelig på romme sitt; slikt kunde den henge på veggene sine, som var til det. Det var tungt å dra anda her, og det tok si tid før ho kom seg til å sette seg. – Jaså, du er åleine, sa ho eit par gonger.

Så vart det traktment, kaffe og fine ting attåt, og etter kvart letna liksom stua kring Åsel. – Eg måtte berre sjå deg, det var det, sa ho. Eg har gått med ein liten ank i meg i det siste. Vi har vore så heldige. Det har gått så – – så merkelig godt? Ingen veit kor det ber av da. Ho såg seg rundt i stua att, og så på Andrea. Ho snakka halvveges med seg sjøl: Slik skal det vera her ja; og slik skal du vera. Eg vart så glad da eg hørte det. Det bars meg for, at dette hadde ein høgare ein sendt oss; ein som vil oss vel, som han far sa. For han Peder, eg veit så lite om han. Alt anna i kring meg – – veit eg litegrand om ja. Eg ser det er ikkje stort om dei andre borna mine. Og ikkje har vi vore som vi skulde heller, verda var ikkje slik. Men han Peder, som sagt: Eg veit ingen ting. Men sei meg eitt, Andrea!

Andrea må sjå henne beint inn i auga; dei er så opne og ventar så stort og fast.

«Va det noko milla dæg og ‘n Ola?

«Ja, det var det, men.» Andrea skifta hamlet to gonger og no var ho raud att. «Jeg visste 85Di vilde spørre mig om det der, visste det hele tiden. Men det var næsten ingen ting, og jeg vil ikke ha’n! – – og hvorfor er han Peder så tungsint bestandig?»

Åsel smilte, det var liksom ho lya etter ein rar tone. Så rista ho på hovude, med seg sjøl:

«Visst’ æg berre det, ban. Visst’ æg berre det, Andrea!»

«Vil Di ha mig da? Til matmor på Håberg?»

«He, det e da det æg vil. Men æg må ha allting klårt fer mæg. Ja ja, gudskjelov!»

Som snarast kom det for Andrea, at det var eit utslitt lite menneske ho hadde for seg. Straks Åsel flytta auga på henne att, vart ho sjøl lita og uviss, så armodslig tynn. Åsel tok til å snakke no, om mange ting. Aldri hadde Andrea hørt eit menneske som leita slik etter orda, og fann dem slik; det kunde ikkje vera for ofte ho snakka med nokon.

Håberg er ingen storveges ting no lenger. Det er slutt med den tida. Det er slutt med så mangt no. Ein kan bli så nedtyngd; ein heil gar kan bli nedtyngd. Og da er ein glad ein finn ei hand å ta i. Her flyttar vel ei ny tid til gars på Håberg òg, – jau, eg kjenner det på meg; og ho får i gudsnamn komma. Men ikkje som eg vilde sjå det. Du Andrea, du flyg ikkje vidare enn vengen ber. Og velkommen skal du vera. Og kva det var eg skulde ha sagt eg: Du får gå inni det som det er; og vike han Peder den vegen det trøngs. Du bli med 86oss og ikkje imot oss, eg kjenner det på meg, så trygt.

«Ja!» sa Andrea, ho hadde vorte så tør og heit i halsen, det kom som eit lite rop.

«Så får det gå som det vil og kann da.» Ho sat litt og såg framfor seg, snakka visst med seg sjøl. – Men noko storbryllopp bli det ikkje, Andrea, kom det best det var. For eg er ikkje huga på det. Vi skal ikkje vøre det, he? – Nei da, det gir vi oss ikkje om. – Takk for det, Andrea. For det er berre svartår og ei tung tid no, – eg er ikkje huga på det. Men det er vel gjerne som han far sa, at den som er for gammal til å danse, han er for gammal. Han skal du no elles ikkje vera rædd, Andrea; han seier ikkje stort. Men ho Gjartru er på ein galen veg. Berre ikkje Vårherre bli forharma over dårskapen hennar. Men ho får fara sin veg, og vi vår. Håberg skal ikkje vise bygda borti farligheita.

Åsel løfta male no, og Andrea syntes det tok og bar henne med seg:

«Juvikslekta gjord alder det, får vi hus-på. Gjord alder det nei. Ka anna gæli der vart gjort.»

«Gæli? Hvorfor sir Di det?»

Åsel lea litt på hovude, og andlete læste att seg som snarast.

«Nei nei da,» sukka ho stilt, og så reiste ho seg. «Du ska sjå, Andrea. Du ska sjå. Enno ska Håberg bli Håberg, og enno e det høgt oppund 87skya. Æ går heim som eit oppnya menniskj.»


III.

Same dagen fekk Gjartru telegram frå Arnesen, det var enda vekesdagen etter dei fór. Ho hadde aldri fått telegram før. Det var berre nokre ord på ei papir-remse, men ho visste korles det gjekk for seg, og la ut om det for Mina, at orda hadde fara etter ein tråd, og dei i byen her hadde skrive dem på papire; ho hadde det frå den tida ho var i Valvære. – Dette her skulde ho Åsel ha visst om! smilte ho. – Ja, men kva står der da? sa Mina og prøvde å ta det frå henne. Dei las det samstundes båe to.

«Stormfuld Reise, men ligger nu fortøiet med Kjættinger. Masser av Sild. Jeg skrider til Kjøb straks. Din J. M. A.»

Det tok litt tid før sjølve meininga i det levna opp for Gjartru, før ho såg henne som ho var. Det var berre makta i orda som beit henne. No endelig såg ho det ja: at det kunde ha gått ansles, dei kunde ha forlist på vegen eller komme for seint, og kor hadde det da vorte av velstande? Men no stod det her, – ser du det der, Mina: Masser av sild – jeg skrider til kjøb, hm? Segeren stod der på papire, så stutt og sterkt framfor auga på henne.

Mina tagde og såg fram for seg; brunene vart berre som eit tynnt strek over det unge andlete, 88og eine munnvika drog seg litt opp; eine auge vart mindre og mindre. Ho såg ut som ho tenkte for dem alle i hop. Så snudde ho seg, like sæl, såg seg som snarast i spegeln, fór med handa over dei brune hårkrullane, og så gjekk ho bort til vindauge og stod der med hendene i sida og nynna ein liten tone. – Peng bli det alltid ei råd for, sa ho da det hadde vore litt. Og så ja, så skal vi til å bruke dem. Best det var, snudde ho seg til mora:

«Vi blir her i bygden allikevel, mamma. Hele tiden; for alvor. For no skal han Arthur få den gården han bare vil, – jeg ska kjøp ‘n, jeg! Ikke si non ting til ‘n. Og så bær det te med oss.»

«Den dag og den sorg, ban.» Gjartru var for glad, no da ho endelig hadde komme i veg, ho ansa knapt dotra. Ho måtte ut, ho vilde ut å kjøre, for det var det likaste ho visste seg både i sorg og i glede, og helst skulde ho ha vore på Håberg, nei heile bygda rundt! I staden fekk ho ta vegen til Ola, det var så lenge sea ho såg han, tykte ho. – Kvifor skal eg ikkje kjøre? Dei har vel ikkje vondt av at dei ser oss, folk? Vi sit ikkje uti Håbergvågen og gjømmer oss bort no lenger, vi er da til.

Det vart vel rettast dei skreiv etter dei varene dei vanta på bua no da? spurte Mina, da mora var påklædd og faraferdig. For det heldt på og gjekk reint i stå der, sa Hermansen, dei i kjøpstaden vil visst ikkje ut med meir varer til oss, sa han. – Ja, be ‘n skrive, du, be ‘n gi dem skikkelig inn. Nei for resten, det høver seg visst ikkje at du legg deg borti det der. – Pytt san! Men du skal vel ha skysskar? – Ja, herregud, set slikt! det må eg, be han Jørgen du – be ei av gjentene be ‘n, at han gjer seg ferdig og kjem. Eg skal vel ikkje kjøre bondekjerring bortgjenom bygda. Nei, Åsel – –

Mina smilte lenge etter henne. – Stakars mamma. Ja ja ja, san. Lite grand rare er vi vel alle i hop, for den som ser oss. Men at ho tør la meg vera åleine med Hermansen no. Det skal ho ha takk for. At ho kjenner meg såpass. Ho gjekk på Kontore og snakka med han om varene. Ho såg tørt og hardt på han, så han våga ikkje opp med auga ein gong; det vart så flatt, det grove, vakre anlete hans, – han kom aldri til å ta borti henne meir. Men da ho gjekk framom husjomfrua, var ho oppunder haka på henne med to fingrar: – Du gjer ikkje å gå slik og henge, Mette, du kan ta den slampen da vil, du, og gjømme deg bort. Det er inga ulukke å vera bondeveikje.

– – – Ola sat inne og las da kom. Han ansa ikkje på henne før ho var i døra, og no kom ho brusande beint på han. – Du kjem som du skulde komma med sju somrar, sa han og leita fram stol til henne. – Det gjer eg no òg, det. Sju segl og ein vind – og du sit her som ein annan einstøing. Han beit det av for henne: Har det komme spreng-tidnar nordant, 90kanskje? eller er det pianoe? – Sjå på det her! ho la telegramme på borde for han, halda seg attover i stolen. Ho vakta på andlete hans med han las. Men der var ikkje stort å sjå. «Fortøiet med Kjættinger,» mumla han. «Skrider til Kjøb.» – Ja, no skal du vel til å flire, du, som du plar gjera, kan du aldri vinne deg så pass i vêre at du let det vera?

Ola snudde seg til henne. Han var ålvorlig nok no.

«Sei mæ ein ting, Gjartru: Kjem det alder fer dæ at mann dinn e ein stor tosk te kar? Ja nei, vent no: At han kann kjør heile lasse lukt te Folls,Forfatternote: te Folls (til Folla): til sjøs. mein æ?»

Gjartru skifta hamleten, og var visst nær på å springe beint opp; men i staden gjorde ho berre litt med eine aksla og med munnvikene. – Skal no du til å vera Åsel òg! Har eg havt det så godt da, all tida, at du berre skal spå meg illt?

«Tullsnakk!» Ola var i grov i måle så det svei. Så vart han ståande og sjå på henne. Så ungt eit menneske syntes han ikkje han hadde set. 20 år med motgang og slit hadde gått som ein sommardag over henne, ho tålte 20 til av same slage. – Nei, sa han med seg sjøl, men han sa det høgt, – så rangstelt kan umulig Vårherre vera. Du skal sjå det tar fart no, Gartru, og går oppover.

Ho slakna i andlete, vart mest ukjennelig, og auga hogg kringt og opprådd:

91«Det veit æ det gjer. Det har ikkj vori så fyst, mang gong, men det gjord ikkj noko. Det va vel inkvan annan som ha fått min part tå løkka, tenkt æ, – osså kom det ho lel da; det som æ ha te gode. Det kan ingen ein ta mote ifrå mæ, Ola!»

«Nei, gudskjelov, du va ikkj Gjartru da. Du va berreste ei kjerring da; som æ og mang ander. Verda er grå tå vanspark og smått folk. Her e svartår støtt. Så dæ, Gjartru – –»

Han stod og snakka til bøkene sine i hylla; men Gjartru syntes sjå det på ryggen hans, at han meinte kvart orde. Det var så uvant for henne. – Det er no ikkje oss sjøl vi strid for, sa ho. Det får du komma i hug. Det er for ho Mina – det er for bygda. Ho Mina ja, er det ikkje rart kor det har gått. Minns du kva eg fortalte deg ein gong? At eg fann han Hermansen og ho attom høihesja ein natta? Eg vart som ein nåe, for eg – – eg kjente att det frå meg sjøl. Men så kom han Arthur, og no ser ho ikkje til sides meir; eg har lært henne å sjå opp – det er derfor eg ligg så i det, Ola, det må bera i veg!

«Du snakka frampå om å lån non skjellinga tå mæ, her ein gong? han snudde sig halvt til henne.

Gjartru vart storøygd, og stotta: – det kom ho ikkje i hug ho hadde nemnt? Så vart ho raud, og tilstod at det var just halve erende hennar ja, ho var så harmelig i beit for nokre kontanter! – 92Om det høvde for deg, mumla ho. For på bua er det berre borg og borg, så lang veka er, og det får vera som det er, det er vel derfor vi sit med makta, at folk ikkje skal heim uhjelpen; som ho Mina seier.

Ola ruska fram tjuge kroner og flidde henne. Ho vilde ha penn og blekk, ho vilde kvittere for dem! Javel, den gleda skulde ho få, attpå; han kom med det ålvorsamt som når han sette lys på altere.

«Du fliri ikkj åt mæ da, Ola? Og ikkj forteli du å Åsel det her heller?»

Orda snara seg kring hjarte på han, slik kjentes det. Slik bad ei gammal mor for seg, somtid. Ein kunde ha gråte, men derfor var han utpå yttste kanten til å le, berga seg berre ved at han stinna panne-huda med all si makt; han hadde vore ute for det same i kirka, vonoms oftare.

«Flir åt dæ? Va æ så fri fer synd, da bar det te himmels med mæ og det kvasst ò!»

Han vart huga på å stryke henne over håre, – det heldt alt på, og vart gråstrimut, såg han.

Ho spurte, om dei ikkje skulde gjera seg ein tur til dyrlæge-garen, no med det same ho var ute og fór og hadde slike tidnar med seg? Ola sa ikkje nei.

– – – Åsel stod just på gonga. – Lat meg ha meg heim, så ho; eg hadde da heimvett før. Men no vart det til det at ho måtte hefte på litt.

93Ola såg det vel, kor dei to søsterne stivna til, enda han visste dei vart glad for dei råktest. – De er så stinne i andlete? smålo han og såg frå den ene til den andre. To aln av same tye, og kan enda ikkje tråklast i hop. Han sat og sa mange ting i kveld. Han var den same skarven han hadde vore, fanns ikkje ålvors ord i han. – Ikkje å høre på han, sa Åsel til Andrea.

Ola sat bortmed pianoe, laga til små visestubbar, nokre stølføtte treskotramp oppetter tonane og nedover, og strauk det ut att med eit langt kattskrik. Andrea var bortmed han fleire gonger. Skulde han ikkje ha seg ei langpipe? Men kaffe skulde han ha, og her var puta han pla sitte på, for denne stolen var så låg. Og her, her var dette stykke ho hadde snakka om, – synge vilde ho ikkje be han om ein gong. Han grøste unna måle hennar, mest som når ho hadde rørt han med håre sitt. Men best det var, hørte han ho sa:

«Kan vi ikke slå det sammen til ett bryllupp da?»

Det vart stilt i stua. Han visste ikkje kor lenge det vara. Sveittedropane tyta fram i panna på han – kvifor sa ingen eit ord meir? Men slik på lag måtte det vel kjennast, når ho tok orde bryllopp i munnen, hadde du anna tenkt da, Ola? Sit du og kaldfrys? Der hørte han Gjartru lel, ho song ut som klokka i stua, at det skulde dei ja, og halde det her, likevel, eit storbryllopp! Ikkje sant, Åsel? For det blir 94noko som spørs det, ska eg seie deg, – ser ikkje du òg det? Slik hadde han far gjort det, det er eg viss på; midt i svartåre.

Åsel hadde sitte og halde eit auga med Andrea og Ola. Nei, der kunde ikkje ha vore stort i millom dem, når ho var omkring han støtt slik, og han aldri merka det. Men det prikka litt i henne: Dei var av eit anna slag, båe to, ho kjente ikkje til dem der. – Slå seg i lag? Ho såg opp. Kunde vel aldri gå an lel? Når odelsguten på Håberg gifta seg, heldt han brylloppe sitt heime. «Det trur no æg han far ha villa, da.»

Ja vel, sa Gjartru, – men same dagen lel, det skulde bli trøyheit! Ho såg alt nye syner for seg.

«Han far,» hermte Ola.«Husguden både på Håberg og Segelsund. Han e som potetesen, han kan brukast te all-slag. Ingen tå oss veit ka han ha funni på.»

Åsel gjorde seg ferdig og vilde gå no, og Gjartru baud til å skysse henne om Håberg, det var ikkje større kroken. Da dei har sagt farvel og sett seg oppi, snur Åsel seg og seier:

«Når æg tenkji mæg om, Andrea, så ska du få det som du vil.» Ho tviheld auga hennar: «Når æg tenkji mæg om. Vi rår oss ho sjøl da.»

Så fór dei. Andrea stod som ho fraus, for det var ein kaldvoren kveld, det rima og fraus på i måneskine all marka bortetter, og skjein 95gjorde det i isnåler og stjerner på kvar ei mosetuve og kvart eit hjulfar. Skuggane av fjella gjømte halve bygda, dei var som tjukke svarte flak. Enno lenge ramla det frå hjula etter dei som fôr.

«For det vilde han far ja,» sa Ola og såg opp. Ho Åsel er feig no, når ho gir etter på det der. Ho er forfæld, stakkar. – Forfæld? – Litt forfæld ja. At Håberg taper i brylloppsvegen imot Segelsund. Tvilar vel for at det gamle held på og bli urlite gammalt likevel. Og tape imot Gjartru er ho ikkje mota på. Den støyten vil ho spara deg for. Ho er litt rædd all igenom. Det fall på hennar part. For einkvan måtte vel bli det i vår slekt òg. Ho er reint utsugd av samvete; ho tør ikkje kaste brøde sitt på vatne no heretter, – ho er mogi for himmerike snart. Men: ho rettar vel på seg no, skal du sjå. Vart her litt krig, så slipa ho opp eitkvart egg-jarne, – det trengs for resten. No har vi snart åre 1880, og her ligg bygda og søv seg i hel. Ja ja, det var no ikkje eg som skulde vekke henne. Det bli ein annan ein det, – hører du ikkje kva eg seier? For eg snakkar godt no. Ein annan ein, seier eg. Og snart!

Hvorfor kom du hit ikveld?»

«Kom hit? Det hi æ undrast på i all kveld. Mått visst kjenn kor det smaka

«Du ser ut så – så hatsk omkring munnen? Og så er du så blek, er du ikke frisk?»

96Ola stod og lya etter dem som kjørte. No kom ho tett borttil han:

«Har jeg gjort galt imot dig, Ola? Du skal svare mig på det!»

«Va det likt! Galt?»

Tankar og kjensler tumla omkvarandre i han, og måneskine vart underlig kvitt og langt unna.

«Det feila visst ikkj mykji på at æ tek live og spring med det no, tek løkka mi og fer som ein annan juviking. Men sjå: det gjer æ no ikkj, det e den forskjéln. Hælsena e avhogd på mæ – det va skjit, va det. Ja. Osså denher usmakjen i munn!» mumla han med seg sjøl.

Andrea stod bleik og rolig og såg på han.

«Du har no gitt mæ musikken du. Du har gjort mæ rik,» sa han.

Ho stod og vart glad litt om senn. Meir skulde det ikkje til for henne. Alle saman kunde bli glad. Men retta han ut tunga no, da såg ho vel det var løgn?

«Takk for det, Ola!»

«Ja, legg ‘n der.» Så ler han litt: «Du vild’ visst gjern ha havt som ei lita «opplevels» du? Det var derfor du spurd no, veit du det?»

Han snudde seg og gjekk. Han kjente siste orda sine, kor dei gjorde veg gjenom henne. Vondskapen var no basen da. Og musikken ho gav meg, den kjem ho no til å tru på likevel; ho var ikkje kvinnfolk utan det. Og slik vart det vi skiltes, sa vi.


IV.

97Dagen etter fekk Ola bud frå Åsel, at han måtte komma til Håberg. Det var det same med eit bud frå Åsel som når ho såg på ein, at da fekk ein gi seg, og komma.

Han hadde ligge på senga med klæane på heile natta og vore vaken. Så hadde han sovna frå det utpå morgonparten. – Meiner eg ikkje han ligg rund på senga! sa gammalmoster, ho kom inn og skulde vekke han. – Ja, eg vart så trøytt av å ligge vaken. Men eg har komme etter ein ting i natt. – Kva for slag da? – At sjøldauen er ein tung daue, når ein ikkje bli jaga ut i han. – Du er same slauren du både i åtferda og i snakke, du skulde skjemmast! – Det er det eg ligg her og gjer. Eg meinte det var såpass av juvikingen att i meg, at eg kunde ta mitt og gå når eg lysta. Men ikkje det eingong er eg til. Kanskje så bar det i fliren med meg, i sjølve høgtidsstunda, – at eg såg meg sjøl som ein annan fåne, med tauge i handa? – Fåne ja, – men no ti du still med deg! – Ja, men heile verda er ei bøtte full med all slag kravl og armodsdom, – har du ikkje set søsterne mine? Og meg og alle dei andre? Ja, ikkje ho da, det meiner eg ikkje, men – – eg får munnen full av vatn! Klokkardauen bli meg for seig. Men du gjer ikkje å vera rædd for meg; det måtte berast i veg både fort og blindt, skulde det bli noko av det; og så pass kan ingenting gå innpå 98meg – eg som mest ikkje er til! Og så etterpå da? Eg har så godt som prøvd det. For da var han der, det kjenner eg på meg, om eg aldri kan tru på han. Sei så eg ikkje er bonde.

Det small i døra, og Ola var åleine. Han smilte og såg bort på senga. – Og så alt det eg låg og skreiv til henne i natt! sa han. «Ikkje trivs det hår på meg, og ikkje skjegg, eg er som eit eggskal både utvendig og innvendig, og så enda ha deg gåande her og sjå meg! Eg har set mor mi her eit par nætter med eg sat blankt vaken i senga; og meg sjøl har eg set gong for gong – trur du noko menneske i heile kristenheita har gjort det? Som berre det no, at eg ligg her og skriv til deg.»

Han bråsnudde seg og gjekk ut.

Blått og blankt vêr; rim, og lange solstrå1ar.

Gamla heldt auga med han der han gjekk. – Han der ser meg pikagjor ut som han har fått ein pinnsyl i hjarte han, riksa ho, – og kor vart det av han, tru? Ho var etter han bortom fjøsveggen, ho trødde varsamt som høna i nysnøen: Der stod han ja. Såg ut som han stod og svor på eitkvart storveges; måtte vel bli enten egg hell ungar ho snart. «Å næggu, du hengji dæg ikkj, som snakka om taugje.»

Han fekk sjå henne, ho gjekk og lest plukke kvist. Slik fór kråka når ho visste om ein hønereir, kom det for han. – Skal eg ikkje ha frukost 99i dag? spurte han. Ho snøste berre, ho vart både harm og glad.

Utover dagen sat han og spella og song eitkvart, og vart meir og meir ferdig til å pakke i hop kjale sitt og reise sin veg. Han vilde ta vegen sørover att. Det var ikkje likare der heller, han visste det ifrå før. Men der var ansles. Der var meir liv; det måtte det vera.

Så fekk han bude ifrå Åsel, og tok på seg og gjekk.

Åsel var ikkje mange merkerne, det såg han straks. Likevel skulde han ha mat først, ho gjekk og bar fram, og stod attmed og nøydde i han. Verda skulde ha sin gang, om det stod aldri så gale til.

Endelig sat dei i øystrestua. Det var skumt i den stua: dagen hadde gått sin veg. Ein såg sola berre bortpå fjellryggene i sør, men der var det nok av henne.

Åsel sat og la eine handa oppå den andre fort vekk, såg på Ola og i golve skiftesvis. Det som gjorde Ola mest, var det, at slik kunde angsten og pina ta eit menneske som var noko, slik sundsliten i andletsdraga kunde aldri ein som han bli.

Det stod gale til borti Juvika, sa ho. Ho Kjerstina skulde vera så klein; skulde ligge for døden. Åsel venta ei stund, og Ola berre tagde, – Ho Kjersti Rønningan var her i går-eftas da eg kom heim. Det var ikkje for det vonde ho kom, det såg eg straks. Ho tilstod alt ho visste. 100Ho kom derifrå; hadde ikkje bud med, ho vilde berre eg skulde vita det.

Andlete til Åsel bleikna utor i rædsla, no da det måtte seiast:

«Det e’ ‘n Peder!»

Ola nikka urlite, at det var vel så ja.

«Dem hi vøri forlova. Og ho e det slik med a – – det kom fer tili!»

Ola sat som han hadde sitte. Men no manna Åsel seg opp og såg på han. – Ja, noko må vi gjera, sa han. Det har ikkje komme utover byda da, trur du? – Nei, ho Kjersti trudde ikkje det. Og ho lova å tie med det. Åsel sat og vart underlig stivsynt no, auga rann så langt i veg, men munnen var bortglømt og livlaus som eit ar i andlete. No henta ho auga inn att. – Du må reise bortover du, Ola. Og høre korles det er. Så får han Peder gå den vegen det pekar; visst det er så gale. – Eg? Er du – – nei! Umulig, det er tusen ting i vegen for det; han stirde fortumla på henne. Han vart sveitt før han kom seg til ro att. – Nei, er du Åsel, så reiser du sjøl. Kva meir du gjer, det veit du vel sjøl, når tida er der. –Ja ja. Berre du vilde vera med meg, Ola? – Eg kan no skysse deg.

Åsel tek seg over panna og auga: Det er så rart. Det kjem så for meg, at dei vil ikkje sjå opp på meg; eg får inga bukt med dem; det er ansles enn det har vore. Men, som sagt: bortover det må eg vel.

101«Æg må snakk med ‘n far,» seier ho med seg sjøl, da dei går ut att. «Æg må ha eit ord!»

Ola sat inne hoss faren med ho gjorde seg ferdig. Så kjem ho òg dit. – Sterkare er ho ikkje, tenker Ola. Ho forteler faren korles det står til borti Juvika, beint fram og utan å blykte.

Anders sitt med andlete imot henne. Så blind synes Ola han aldri har set han. Det var mest likt til han snudde auga ut inn og stirde andre vegen. – Verda ho larkar og går, sa han da det hadde vore litt. Ho går sjøl, gamla. Ho kan undvera oss, og ho kan skikke bud på oss, det er som ein sjøl tek det. Ingen ein er det han trur han er. Det er uroa som driv verke, både i klokka og i verda.

«Ja men, ka ska æg gjera, far?»

«Sett dæg ned og vent, ban. Som du gjord før.»

«Ja, sei du det, far?»

Anders rista på hovude: Neida, neida, ho skulde ikkje høre på han. Hør aldri på den som bli attliggande. – Men han har fare åt som ein skarv, hører du! – Å ja da, det har han vel. Men eit skarvstykke, Åsel, det er aldri det verste. Det kjem berre for meg ein ting. At til Juvika skulde han ikke ha fare etter gifte sitt.

Åsel fekk som eit mørkraudt hy over heile andlete, og munnen han slakna og han drog seg til att. Så tek ho tungt etter anda: – Det var det eg visste ja. At eg måtte få som eit varsel!

102Anders lo: «Vil dem mæg vel no, så får det syn sæg!» skulde du seie. Det sa eg ein gong. – Han er galen og ikkje rett, han! sukkar ho og går ut. – Det skal du få meg til å tru, lo han. Skuggen er galen støtt han, når han vil vera menneske. Men uroa, som sagt, ho driv no verke; og eit skarvstykke veltar ikkje lasse for ho Åsel ikkje. Men her er for stilt i kring meg, eg bli forfæld snart: Finns her ikkje folk i bygda lenger? Sitt dei i kammerse sitt alle i hop? Det er einast denne gutladden til dyrlægen, han som skaut Fagergåsa. Er det såpass til musk i han, at han snur opp ned på nokon ting, trur du? Hm?

Ola visste ikkje stort om det nei. Han hadde ikkje fått noko vett på politikken og det der.

Anders tagde. Og Ola kraup i hop under det.

– – – Åsel sa mest ikkje orde med dei rodde over fjorden, og heller ikkje da ho gjekk ifrå han nedmed sjøen. Ho gjekk fort og stø på foten oppetter. Stø og blind som lagnaen, tenkte Ola, – eg kan vera trygg; ho slepper ikkje take i Andrea nei. Han såg etter henne, som ein ser etter eit nytt og frammandt menneske, og han levna til og kjente seg glad. Slik ei kald og glad undring kan ein få om morgonen somtid, ein godvêrsmorgon om hausten.

Åsel vart meir still i seg, des nærmare huse ho kom. Javisst, her var det god gammaldags 103velstand, og slik ei høg stu-bru dei hadde fått seg. Og måla uthus, eg skal seie oss eg. – Og no får eg sjå da, og kjenne. Er dei strie, så er eg det; og er det for seint, får eg gi meg. Men som han far sa – –

Ho leita inn i kårstua og fann Marta sjøl. Marta stod bortmed kokeomnen og skulde ha over ei lita gryte eller kva det var; ho var eit høgvakse og breilett kvinnfolk. Ho stod litt og kunde liksom ikkje komma på kven Åsel var, og så stod ho enda litt, før ho tok handa som Åsel retta fram.

«Kor det står te her da?» spurte Åsel.

«Du val no sjå at om du får setti!» ho flytta fram ein stol.

Åsel vart staande. Den andre vart urolig da, snakka litt om vêre, flytta på eitt og anna og skulde rydde unna; men Åsel stod der og såg på henne, og så måtte ho rette på ryggen og sjå opp att, måtte sjå på Åsel så godt ho kunde.

«Det e dåli med a Kjerstina da?»

Marta sette hendene på hofta og prøvde å rette seg meir bein.

«Ja, det e det, Åsel. Det vart dåli med ho ja.»

No gjekk Åsel og sette seg. Ho var så logn; det såg ut som det verste var over.

Korles hadde dei tenkt det no da?

Å. Dei hadde ikkje tenkt så stort enda. Ein fekk vera glad ho kom ifrå det med live, 104såla. Marta retta seg tvert bein, så Åsel fekk vondt over ryggen.

«Ja stakkars bonn!» sa Åsel. Men korles hadde dei tenkt det, som sagt?

Dei såg einannan inn i auga eit tak, og Marta klipte kringt og rådlaust med sine, – det vart som ei skamm om ein gjorde seg hard no.

«Å, vi ha no helst villa, veit du – –»

Åsel nikka med seg sjøl: Eg hadde så, eg òg, men. Men dei hadde vel ikkje latt det komma utover bygda? – Var det likt! – Kunde eg få snakke med veikja sjøl? Marta raudna til nedunder auga litegrand; så sukka ho og reiste seg. Ho skulde høre etter. Ho kom att med auga i golve, blunka til og såg opp på Åsel eit par gonger, mest som ho bad for seg: «Du får vel komma da.»

Kjerstina var ikkje attkjennande. Ho var hvitfådd i andlete og blå i leppene som ein nåe, blode hadde gått av henne så der var mest ikkje liv att. Åsel sette seg stilt attmed senga. Ho tok handa til gjenta, og no slo ho opp auga og møttes med Åsel. Det tok Åsel slik før ho vardest det, at ho sat med ein tåre nedetter kvart kinne. Marta, som stod attmed døra og vakta på henne, tok alt etter tankane og vilde takke Vårherre, at no var visst det verste over, no hadde Åsel git seg. Men så hørte ho måle til Åsel: – Visste han Peder det var slik med deg, Kjerstina? Gjenta rista på hovude, og Åsel såg på Marta. Det vart så trongt i kammerse, ein kunde kvamne. 105– Nei, det var det eg frykta for! sukka Åsel. Og no er det for seint! No er det for seint! ho vogga med hovude i takt med orda, ho såg ikkje veg fram. Kjerstina la hovude åt andre sida. Ho var for veik til alt anna. – Eg veit du vil ikkje han Peder noko vondt, Kjerstina. Eg veit det. Og ikkje du heller, Marta. De er bedre båe to enn han hadde fortent. Eg bed ikkje unna for han, likevel. Men han har narra ei anna ei borti farligheita; det er det som er så vondt. Han får vel staffa si.

Åsel reiste seg. Ho var ulik seg i andlete og åsyna, ein kunde frykte for ho stod ikkje. Men det lyste av henne. Romme vart fullt med stort, smilande ålvor.

«Vårherre får lønn dokk, han. Anna kann ikkj æg sei!» Ho tok handa til Kjerstina; og gjenta måtte sjå fram att, og inn i auga til Åsel. «Du e likar hell – – hell æg kund ha vøri i din sta. Vi kann alder fulltakk dæg fer det her.»

Marta vart med Åsel utom døra. Ho glømte enda kjelen.

«Du veit, vi ska ikkj nemn ord om det. Når det står te slik,» sa ho.

«Når ho hi tilgit ‘n, så e det ein hellig ting ja. Du hi rett ti det, Marta.»

Ho sa det same til Ola, da dei var i båten att. – Dei ser det, dei likså vel som du og eg, kva som er det rettaste. Og ho får du til Rønningan 106og snakke med dem. Eg er ikkje meir godtil, for det første.

Ola såg det var sant som ho sa. Ho var utslitt. Ho var så langt ifrå han; det var så høgt opp til henne.

Dei drog en svartblank snøplog etter seg i kveldstilla over fjorden. Svarte, stille berge tok imot dem på andre sida. Ingen ting kan tie som berge kveldstider, når det står i sjøen og tek imot roaren. Fjellpyntar og bergaksler hadde sovna aust i himmelen.

Da båten var oppdregen, seier Åsel, og no er ho vaki i måle og nær attmed han: – Jaså ja, de vart du Ola som måtte syne meg den rette vegen. – Eg? – Ja. Utan deg hadde eg ikkje vorte vâr det. Hadde ikkje hørt eitt ord av han far utan det nei. Og da var det liksom ein gav meg makta òg. Eg er eit nytt menneske, å kjenne til. Som i gamle dagar.

Og så var det ho som hadde gjort han til eit nytt menneske, syntes han.


V.

Det vart seinkvelden før Ola kom til Rønningan.

Farbror Petter var heime no, han hadde forderva eine foten sin i fjor og vart ikkje god meir, fór berre og krak med eit par stavar. Kjersti dreiv romme, med litt hesthjelp fra Håberg. Sonen hennar hadde fare til Amerika, men så 107hadde ho tatt til seg ein veikj-unge frå plassane; ho heitte Anetta, og hadde gått for presten i fjor. – Petter var ikkje farlig karen lenger, det var mest berre gapen og trøyheita att i han. Gong og annan stava han seg til Håberg og snakka med Anders. Det fanns ikkje vondt imillom dem meir, det var knapt at han stakk etter broren; dei brukte elles å late att kammersdøra når dei sat to-eina og snakka. – Når Ola kom, vart han gjerne glad. «Vi e no skyldfolk, vi to,» pla han seie, og han lo til, for han la mykje i dei orda.

Han sa det i kveld òg. Ola var vidunders lett og glad, og dautrøytt attåt, han slepte seg tvert ned borti benken og vart sittande og snakke i hytt og vêr, – herregud, no var han da gutungen att!

Kjersti var borte og baka for folk, og Petter fór og halta stua rundt og skulde finne eitkvart til traktment. – For du ser meg ut som du har fortent det, sa han. Du ser ut som du har gjort slekta vår ei stor tenest – du kom ikkje heimant no? Jaså, det har vorte bergingsmann tå deg. Petter leita, og endelig fann han ei flaske med brennvin; den hadde han gjømt unna, den tida synda sat i han, sa han. – No får vi skynde oss og få henne tom til Kjersti kjem heim, for henne har det vorte folk tå! Petter såg undersamt på Ola: Ho, som hadde meg til far, he? Ja, så pass ser vi og veit vi! Du og eg, Ola, med oss er det eit anna mål. Men Vårherre hadde vel 108ei meining med oss òg. Det trur no eg, for da bli ikkje verda så krunglut å sjå til for meg.

Slik hadde ikkje brennvine bite på Ola før. Han drakk seg full i ein to tre. Aldri hadde det heller smaka slik å bli det før. Gjentungen, ho Anetta, gjekk og la seg. Ho stana på dørstokken som snarast, og såg på Ola, med ei lita grop millom brunene. Ho såg hjartans forundra ut, opna munnen og skulde til å seie eitkvart, men så vart det berre eit lite godnatt. Ola såg det gjenom halvsømnen, og ikkje lang stunda etter seig han i hop i benken og sov.

Kjersti tok eit teppen og breidde over han, da ho kom heim. Ho pakkar teppene vel omkring han, og stryk han over håre: – Du er ein gudsengel. Som han bror din var. Og same tullvallen som han var. Så!

Kjersti gjekk og la seg, men ikkje Petter. Slik ei helg hadde han ikkje råda til å sova bort. Og jamenn var ikkje Ola så snild han vakna, da det leid utpå litt; han såg opp og grein imot lyse og Petter. – Kor har det vorte tå meg? sa han. – Trudde vel mest du hadde komme i paradise du! lo Petter. Gi deg tida og vent, ban. Nei, flaska ho er tom. Heile verda er tom. Det veit vi da, du og eg ja.

Petter snakka, opp etter alle veggene, men Ola kunde ikkje bli stø på kor pass full han var. Ei stund sat han og banka i bordkanten med pekefingen og gjorde som han blistra attåt. Så ser han på snei opp på Ola: – Du trur ikkje 109på Vårherre heller, du, veit eg? Nei, og det gjorde ikkje eg heller i din alder; eg var fri mann ja. Men spør meg no! Ein ser berre med den litle tingen: at eg brennte opp kirka, og no skyldar dei på meg at eg har stole sau oppi fjelle her. He? Eg som har ho Kjersti gåande her og vakte på meg? Javel, så gjer dei henne til tjuv òg, da først går det opp i opp. Da først svi det. Slik regjerer Vårherre, og da må han vera til. Å, eg veit om mangt, gut, som kunde ha vore trøyheit, eg er full av liv og spell enno. Men så hemnar han seg på henne og på veikjungen, – så veit han det bit på meg. Meg vører han ikkje, han veit eg bli han for glatt; slik som det var med han Jakop vi las om på skolen. Petter tørhostar litt: Du skvatt så, da eg nemnte kirka, Ola? Visste du ikkje det var eg da? Visste ikkje du det. Nei nei. Det vart no mitt verk, san. Storverke mitt. Kor bli det tå ditt, meiner du?

Petter løfta flaska imot lyse fleire gonger. Men ho var tom. Ola hadde vakna litt om senn. Auga hans flakka att og fram over Petter. Petter blunka og stakk med eine auga: Eg kunde gjera som eg vilde, ja, du skjønnar vel det? Når eg ikkje trudde på Vårherre, måtte eg vel nytte friheita og finne på eitkvart; eg kjem så godt i hug korles det var. Heile tida syntes eg at eg var småguten og fri kar, liksom når ho mor var borte ifrå garen, å, det var leven gut, å vera frimann! Eg merka det etterpå, at han var der. 110Men det var bra, var det, at dei andre trudde på han, der eg fór. Elles hadde dei vel slått i hel meg.

Petter sat og såg på Ola, som halvsov med opne auga og vakna til alt i eitt. – Har du lagt merke til ein ting, Ola? At Vakkermannen nådde i han far din òg. Måtte ta og stoppe han midt i renne, kar, enda så vel forlikte dei to var. Da trudde ikkje Anders på han lenger, ha ha ha! Men da måtte eg til; da skjønna eg vi hadde han over oss. For den eine har ikkje rett til å rå og rike over den andre, forbanna om han det har! Men gjerne for meg, for resten! For da har småmannen retten til å vera den han er, han òg: til å vera vond! Men eg held ikkje med Vårherre heller, for det om eg trur på han, – han har ikkje nokon rett til å gjera som han vil, han har ikkje rett til å gjera den eine liten og den andre stor; eg seier nei! Eg seier nei, til eg får kjeften full av mold! Men gjerne for meg. Så har han gitt meg retten til å skape meg rang imot han. Når det berre ikkje hemna seg så beiskelig på dei andre, på ho Kjersti og veikjungen – han gjer visst slave av meg lel.

Petter stavra seg kram til kammersdøra og kika inn:

«Søv a, ho Anetta? Ho kom fer mæ så krimfull og puskåt her i kveld, e a ikkj fresk tru?»

«Ti still no far, og ikkj vekk a!» bad Kjersti.

Petter kom og sette seg att, men rista først på flaska.

111«Ja no veit du kem som brennt opp kjerka,, Ola!» Petter lo og bad han tenke litt på det når han kom for seg sjøl. Å, men sjå, eg tok til ifrå gale enden, sukka han. Berre gap og skøy og fakter. Sei meg, Ola: Her må ho vei komma ein eingong som det er litegrand egg for? Ein som tek til for svarte ålvore? Kva vil Vårherre med denne folkfjøllden sin verda rundt? Han skulde akte seg. Det skulde ha vore pengar verdt, gut, om dei slo seg range for han alle i hop, og sette elden på! Ikkje berre som eit lite pek, nei ikkje på Petter-vise, men i eitrande develskap. Tok kvar-sitt hus og kvar-sin helligdom – bli dei aldri såpass ville nokon gong, tru? Men sjå, det er ikkje med dem som med meg; dei er fødd slavar. Og bra er no det. For han Anders og for Håberg. Og for ho Kjersti og veikjungen med, når ein skal komma i hug det. Vårherre er ein slug ein mann. Han let dei hjelpa seg å styre, med visdom. Så han Petter han er ikkje farlig nei; enda han er fjølgmennt i verda.

«Osså e her no ikkje så få tå mitt slag heller,» sa Ola.

Petter sat litt og tenkte på sitt. Så løfta han eine augebruna: Du, seier du? Berre skrapkaka du som eg, ban. Eller rettare sagt: Du er som du skulde ha vore sonen min. Eg tenker ofte på deg. Men eg er rædd deg, å kalle. Eg har set munnen din, somtid. Det er ein småmanns-munn. Du kunde suge blod. Du smiler 112kvitt som ein sjøklein ein etter folk, etter søsterne dine til og med; og med kvart så ler du innvortes som Svarten sjøl. Du er eit kvinnfolk til kar! Og eg trur eg veit korles det smakar å gå og kjenne på det – sei meg: har du aldri tenkt på å gjera åt med deg?

Ola flatna til i andlete, så Petter såg kor det kraup oppetter vangane på han, og no var eine andletshelvta stiv og kald. Han kunde ikkje få auga ifrå Petter, han hadde vorte vâr han: munnen hans gliste tannlaus og med blåbleike lepper til han, eit hoggsår som hadde gått opp att; og auga dei blunka så blidt og tett innpå ein at det svei: – Ta rennsnara kring halsen ja, og rømme ifrå heile stelle, hm? Ifrå alt i hop som ein ikkje vart. Petter vart litt høgare i måle:

«Du val no dryg tart brølloppe e over. Det stunda te helg i Håbergslekta, ban. Du hi ikkj vøri borti Juvikja nyst?»

«E det a Åsel du undres på? Ho retta sæ visst bein no, og tek sæ veig sjøl.»

«Å ja da; eit par høn-føtt framgjenom live.»

Ola kom ikkje til å sova den natta, men han låg og hadde det tålig. Litt gift var ikkje det verste ein kom ut for. Han låg og såg for seg Åsel, slik ho gjekk til gars i Juvika, og slik ho sat og tagde heimover. – No skal vi sjå da! låg han og sa. Om eg hadde hovude inni rennsnara, så jamisel tok eg det ut att ei stund og bia.

113Han vart på Rønningan langt utover næste dagen. Først fekk han Kjersti til å lova det som til skulde. Sea bar det i arbeide med han. Der var så velsigna mangt å hjelpe til med. Han og Anetta var oppi skogen etter ved, lesste på handvogna og drog heim. Anetta var lang og tynn enno, men eit kvikt lite ting; Ola hadde ikkje komme til å anse på henne før. Best dei stod og bonna og sleit med ein strange, sette ho i og lo, til han eller til seg sjøl eller kva det kunde vera, og da Ola såg på henne, såg ho på han att, beint på han, men med vâre skygge auga; ho lo enda, og rista det tjukke mørke håre utor panna, men så tagde ho like brått som ho hadde sett i. Det hadde vorte så stilt i skogen, – ho stod visst på sprange ifrå han. Ho òg hadde vorte vâr kor toeina dei stod her. Ola tok i reipe og gjurde åt. Men reipe var gammalt og rauk tvert av, og der sat han i lynge. Anetta lo ikkje. Ho hadde vorte raudlett, og stod og såg på han. – Slik har eg gjort all min dag, sa han. Eg har sett meg millom steinen og tuva. Ein sitt stødig da, men ikkje høgt. Han skjemdest, da han hadde sagt det, han ønska ho vilde ta til og le. Men ho gjorde ikkje det. Dei var så for åleine i skogen.

Det gylte og skjein over dem, frå fjellpynt til annan; og raudt lauv og brunt lyng alle haugane frammed, og så einer og stein, einer og stein; det kvilte seg i godvêre og heldt helg. Ola spurte om det ikkje var sundagen i dag? Anetta 114lo ikkje no heller; ho stod og beit borken av ein kvist, og rista berre på hovude. Så kastar ho kjeppen og ser opp. Ho er så tirande smaløygd no og smiler så nær han, ho står ikkje det minste på sprang ifrå han.

Ola smilte, han med, og sukka:

«Å ja ja san. Det e travali å lava.»Forfatternote: lava ɔ: leva


VI.

Ola var på vegen dit både dagen etter og enda ein dag. Men så let han det vera. I staden måtte han til Håberg. Han vilde sjå Åsel, sjå korles ho no var, og kva ho tok seg til.

Da han er midt for dyrlægen, tek han av og går inn gjenom hagen der, som ein hest tek ein gammal veg. Men dyrlægen og Arthur dreiv på og trilla ut frau til hagen, og det skulde ha vore gjort for lenge sea, buskane stod og venta. Ola vart ståande og glåme på dem med ein tom liten flir, som ein desforutan, – det var så lenge sea han gjorde noko.

Da gjekk han heller inn. Andrea var i kjøkene, og no kom ho inn med eit stort kvitforklæ på. Ho òg var i arbeide, dei låg i det som dei hadde betaling for det, kor han snudde seg.

Han fekk sette seg, ho viste bort til ein sess. – Ja takk, det var just det han hadde komme hit for. Han vilde kvile på; skulde til Håberg. Har du vore der nyst? han såg opp i andlete på henne. – Nei, ho hadde ikkje det. – Og 115ikkje har Åsel vore her heller? – Nei? – Nei nei. Eg sitt berre slik og røler og drøler, når eg er i godlage mitt.

Andrea hadde komme tett borttil han, handa hennar låg på stolryggen hans; ho såg fortenkt ut. – Skal vi aldri prøve å spella i lag no meir? Du synge og eg spella? Ho vart så fint raudlett da ho sa det, og Ola kjente han svara med eit vondt grin. – Jau da, jau da, vent no urlite. Men sei meg: har du fått noko Nordlands-brev? – Brev? Jau, for resten, eg har da det, vil du vita det. – Kva seier han da? – Dei har stengt sild i haugevis, seier han, og selt henne med prisen var god, og dei på Segelsund har rive sund nøtene og mist si. Dei har gjort det godt, seier han. – Javel, det er så det. Det er så det, san. – Skulde eg ikkje få brev da? – Stå no ikkje og snakk tull åt meg. Men seier han ingen ting? Forteler han ikkje noko?

Andrea vakna og klårna til i auga, og Ola smiler: Slik kan du bli ståande og undrast ja, du som er med i live, med hjarte opp i halsen for eit halvdrege ord. – Kva skulde han fortele da? – Fortele? Pyh! hør etter meg! Ei forlova gjente skal ertast og argast, ein skal preinast med henne, som dei seier, – og ser du ikkje eg har blodsugar-munn? Og ho Åsel har ikkje vore her, seier du? Nei, du veit, ho kan vel ikkje fara her og rakle støtt heller. Det var eg som skulde dit eit erend, og lat meg ha meg i veg med det er dag og tid.

116Andrea kom etter ut i gangdøra, og Ola sa farvel. I staden for å svara seier ho, – ho er brenntør i måle:

«Det er noe, Ola, det er noe du vet?»

Han rista på hovude:

«Æ villa berre sjå kor pass det beit på dæ.»

Det fór som vind i lauv over andlete hennar, at ho både tvila og trudde. Så gav ho seg til freds med det, liksom barne. – Vent litt da! bad ho, – ho vilde bli med til Håberg ho òg.

Ikkje lenge etter gjekk dei bortetter vegen.

Det var vestavind, og grått i vêre. Små regn-elingar kom snerande kring dem, kappsprang med vinden over moane og småbjørka, så innbitande haustkaldt og likesælt den eine stunda, og så hjartans grovt og godt straks etter. Imillom synte det seg blå himmel ute i nordvesten, og same strie åsyna der òg, ein måtte kremte seg opp og skyte akslene i vêre, slik friskt folk gjer det.

Slik var Åsel òg i dag. Ola sat elles ikkje lenge inne, han gjekk åt Kammerse til faren. Han kunde gå dit så trygt heretter, han vart ikkje spurt om verre ting enn han kunde stå for det.

Straks Andrea vart toeina med Åsel i stua, gjekk ho beint borttil henne og tok båe hendene hennar:

«Du skal svare mig på det, værmor, om der var noe mellem Peder og henne i Juvika?»

117ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil) fargast av eit lite grand i kinna, men auga stod støe imot Andrea sine.

«E det nokon som sei det da?»

«Nei, men. Det kommer bare for mig – – det var bare noe som jeg – – – og jeg orket ikke ta ham da!»

«Du kann vara trygg, ban. Ingen ting nei. Æ va der sjøl her ein dan.»

«Var du?»

«Berreste eit erend. Men du kann vara oradd.Forfatternote: oradd ɔ: urædd Så får dem lyg med dem vil.»

«Gudskjelov!» sa Andrea.

Anders sette seg og reiste seg fleire vendingar i dag. Somtid såg det ut som han lya. No snur han seg dit Ola sitt: – Kva du meiner dei har for seg inni stua no? – Dei smått snakkar og smått lyg, ventelig. – Hm! Anders rettar på ryggen: Det bers meg så for ja. At Åsel òg skulde bli nøydd til å ta den vegen! Ja ja, ho kjennner det best sjøl, – han svelt ikkje som dyrt kjøper. Men det skulde ha vore fanken så konsti du, å prøvd å leva utan å lyge, he? Fanken så konsti: å sjå kor det gjekk! Ta til ifrå andre enden liksom. – Å, det står til liv med henne no, sa Ola, og så reiste han seg og gjekk, han vilde sjå kor det vart av kvinnfolka.

Åsel hadde tatt med seg Andrea og gjekk og viste henne huse rundt.

Åsel hadde aldri visst ho hadde så mykje å syne fram, og aldri tykt det var slik mon i å 118gjera det. Kvar kista og kvart åklæe frå gammalt vart til dyr stas, det ruvde så det måtte vinne over kven det var; dette var frå dei åra, og det her frå den gongen. Og ho, som hadde gruva så for å syne det fram til Andrea. Slik kan ein gå og rekne gale; når ein skal rekne seg fram. Andrea sa ikkje stort, og Åsel spurte heller ikkje. Mangt var der, som Andrea hadde lite vett på, ho tilstod det med seg sjøl, og mange ting var så vakre og rare at dei skulde ha vore hennar no straks. Men framfor Åsel var det så umulig å seie nokon ting.

«Og no gjer vi storbryllopp!» sa Åsel,Åsel] rettet fra: Asel (trykkfeil) ho sette hendene i sida. – Like vel ja, la ho til. For eg har tenkt på det litt velare. Eg fekk som eit varsel her. Og så er det det, at Gjartru ho har ikkje meir vett enn at ho riv ned for heile slekta, ho veit ikkje vegen sin; ho må styrast.

Ola kom så han hørte det, og no tok han i med. – Du skal gjera litt ålvor tå det, den her gongen, sa han. Lat ikkje bysvingen vinne over oss. Håberg er for gammal til det.

Åsel såg på han, mest forfæld: Seier du det? – Gu gjer eg så ja. Eg vil sjå folk som trur på eitt eller anna. Eg vil sjå nokon som det er litegrand liv i! Håberg har sovna, synes eg, og korles går det i bygda da? Og du Åsel, du veit den rette vegen, du ser for oss alle saman, – jau, du gjer det, no i den her tida. Eg kunde mest takke deg! Han gjorde seg lågare i måle, det song så djupt og ifrå hjarte, ingen kunde 119kjenne att han: Eg har ikkje havt så stor trua på han Peder, eg skal stå til det. Eg trudde det var gjort med oss. Men eg ser det no, at der er drekt i han. At der er ei meining i allting. Inga sak å leva, når ein kjenner her vil skje eitkvart, – du får syne dem Håberg denne gongen, Åsel.

Han snakka lenge, med dei gjekk frå rom til rom. Åsel fekk ein ank for bringa, reint som ho måtte tvile just når han trudde sterkast. Men det måtte vera sant det han sa, og meir til, for korles skulde det elles bli? – No, når eg har tatt meg vegen min framgjenom det, sa ho, best ho gjekk. No, når eg endelig er viss ein gong! Så rettar ho seg opp og ser på Andrea: Dyrt, dyrt! smiler ho fram for seg. – Ja? seier Andrea og ser frå den eine tingen til den andre; dette her måtte vera dyrt.

«Det gjekk så rart te,» sa Åsel, da dei stod og skulde gå ned troppa. «Æg vart ikkje var ‘n Peder førn straks føri han fór. Det va slik gjøt ti ‘om – det va så merkeli. Æg kjent att meg – kjent att ‘n far, vil æg sei. Å ja ja san; det kjem sæg, berre vi sett oss ned og venta, som ‘n far sa. Vi hi no det vi ska styr ette på Håberg.»

Marjane, veslegjenta, hadde komme og gått med dem. Ho var grann av seg, og kvithærd; ho sa mest ikkje orde. Andrea tok handa hennar, men ho rykte henne kvasst åt seg, og ho såg no bitande kvitt opp:

120«Han Peder vil ikkj ha dæ, han jaga dæ på skogjen når ‘n kjem heim!»

Andrea lo høgt og lukkelig, og dei andre lo med; men dei kom ikkje i praten meir.

Åsel gjekk åt kammerse til faren, da frammandfolke hadde gått. – Eg er snart som småveikjane, eg kryp åt kammerse når det bli mørkt, sa ho. Men det var no der ho hørte til, kor som var.

Andrea tok Ola så hardt i handa da dei skiltes.

«Du skal ha takk for i dag, Ola! Det var så vakkert det du sa om Håberg.»

«Ja ikkj sant? Kund æ ikkj få ligg i lagmed dæ i natt da?»

Ho vart så skræmt, ho vart både stiv og mållaus; og så fór ho opp gjenom hagen og inn. Han hørte ho læste døra, og da lo han.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storbrylloppe

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Storbrylloppe er tredje bind i serien. Det går nedover med Juvik-ætta og gamle verdier står for fall. Søstrene Gjartru og Åsel har forskjellig tilnærming til det nye i tiden.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.