Utvalgte dikt

av Aasmund Olavsson Vinje

Vaaren

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma;
Heggen med Tre som der Blomar var paa eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med Blomar;
enno eg høyrde at Vaarfuglen song mot Sol og mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg høyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk, der Plogen dei kjøyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm paa Lufti og Engi;
Jordi at sjaa som med lengtande Barm at sukka i Sængi.
Vaarsky at leika der til og ifraa, og Skybankar krulla,
so ut av Banken tok Tora til slaa og kralladen sagte, afbrudte Duren og rulla.
SaagiddrenAf giddra, leika up og ned. Vaareimen, Dunsten, som leikar paa Vaarbakken liksom eit Sædekast. endaa meg unntes at sjaa paa Vaarbakken dansa,
FivreldFjæril, Sommerfugl. at floksa og fjuka ifraa der Blomar seg kransa.
Alt dette Vaarliv eg atter fekk sjaa, som sidan eg miste.
Men eg er tungsam og spyrja meg maa: tru det er det siste?
Lat det so vera: Eg myket av Vænt i Livet fekk njota.
Meire eg fekk enn eg havde fortent, og Alting maa trjota.
Eingong eg sjølv i den vaarlege Eim,Damp. som mettar mit Auga,
eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga.
Alt det som Vaaren imøte meg bar, og Blomen eg plukkad’,
Federnes Aander eg trudde det var, som dansad’ og sukkad’.
Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar i Vaaren ei Gaata;
derfor det Ljod i den Fløyta eg skar, meg tyktes at graata.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Utvalgte dikt

I norsk litteraturhistorie er A.O. Vinje best kjent som lyriker. I 1864 ga han ut Diktsamling, men mange av diktene hadde tidligere vært trykket i aviser og tidsskrifter, bl.a. i hans eget blad Dølen. I samlingen finnes viser, læredikt, historiske dikt, leilighetsdikt og sentrallyriske dikt.

I dette utvalget er fem av de mest kjente diktene fra diktsamlingen tatt med.

Se faksmiler av førsteutgaven (1864) av Diktsamling (NB digital)

Les Vinje-dikt på Nynorsk kultursentrum/Aasentunets nettsider.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og jounalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.