Vossa-Stubba

av Per Sivle

«Vossingjen» aa Mor hans

– – – «Da æ vel inkje noken tå deko, so minnest henne Gamla-Marta på Bakka? – ja, du, Ingjebjør kanhenda? – endå du va no Litæ-Jenta, du, då ho døydde.

Ho va ei gamal Møy-Kjering, dennæ Marto’æ, aa budde i ei litæ Hytta nepå Kvåls-Bakka, tett attmæ Allmannsvegjæ, – Tuftæ syne endåne dan Dag idag æ.

Da va no i dei Tie, før Åviso på Vangjæ kom upp, detta. Men her i Kvåls-Reppa hadde me endåne Åvisa go nok, skje eg tru, solengje ho Marta va i Grendne.

Sian so fekk me no dennen «Vossingjen», måta; men eg fy meg kan seia, eg trur baade fullt aa fast, da va henne Gamla-Marta på Bakka, dei tokje te Mynstur, desse Vangs-Karane, då dei klemde te mæ desso Blaæ sino.

Skulde noko skylja, so laut da då væ, att «Vossingjen» æ Vike-Bla, men ho Gamla-Marta, ho va Dag-Bla.

40Mestu te kvar einaste Dagjen, Vika ut aa Vika inn aa År ut aa År inn, foor ho Reppen yve på Treskono aa i sie Skinntrøyene sine, rjonte aa fortalde alt da Ryggle aa Vase, so te kunde væ aa væl so da, – nett so «Vossingjen» sian ha gjort; – endå jamen va ho Meistarn hans, ho Marta, likavelne. Men so va ho no drivæ i Traltæ, og, ho; da tore henda, han kjemu seg mæ Åro, «Vossingjen» og.

Ho gjore no kje detta fy inkjevetta, skje eg meina! Dar æ aldre Trot på Kjeringa, so inkje vita seg noku gildare en sitja lya på Slarv aa Sleiv um are, – soleis ha da alti vo, aa soleisne vettu da vel herettedags og; aa ja, inkje fy di, attu mangje tå Menno æ stort likare, dei heldu.

Visst æ da, att ho Gamla-Marta livnærde seg, ho, tå desso Ryggle-Rennæ sine, aa godt endå te; – da æ vandt vita, um «Vossingjen» kan seia da sama fy seg.

– No, so va da dan Vetturn, då eg gjekk i mit nittjande År. – Lonæ va bardForfatternote: bard: av berja aa Vea-Kostn upphoggjen, aa lite aa inkje va her te gjera fy tre vaksne Kara, so me gjengje her på Garæ.

«Lån meg tju-u Dalar, Far», sa eg, «so går eg nepå Vangjen aa pakka gamla Kram-Skræppo 41di, so eg kunde få prøva tena meg nokre Skjelinga mæ Handul, eg og».

«Kvar skulde eg ta dei ifrå?» svart’an, – endå eg visste, han hadde Pengane liggjande. «Men tiu ska du få, aa so får du be dei borga deg Restn».

Ja, tok so eg Tiudalar-Setedl, eg, tutla ne te hone Hans Kromsta, aa kom lakkande heimyve mæ Skræppene fudl, då da lei på Dagen.

Nej, i da sama eg kom upp på Kvåls-Bakkjen, dar kjemu ho Gamla-Marta sendande ut. – Ho va no endå van settja mæ Spytæ sino innante vetle grøne Glas-Rutne sine aa vakta på Folk, so foor ette Vegje aa snekja ette noku te renna kring mæ.

Eg helste no, eg: «Gudagjen!»

«Gudagjen og! – Æ du, vetle Kolbein, ute går? – Kjemu du tå Vangjæ, kanhenda?»

Jau, eg gjore so, da.

«Eg ser, du har Kram-Skræppe paa Ryggjæ; ska du ut på Handul, kanskje?»

Ja, da va då Meiningjæ.

«Aa ja, – da æ snildt, da, Goa-Badn! att Ungdomen har Framtøkje i seg; du har no kje langt likjast på, heldu, du, te sovore, skje eg tru! 42eg hugsa væl, når han Far din tok te gå mæ Skræppene, og, eg; de var fermu Kar, han Ola Hausa, i dei Dage, du! – aa hoggande upplaga i Handul! – endå han visst inkje eigu, so mykje so ei Knappenål med Urette, inkje! – – – – Kva nyt haure du på Vangjæ idag, då?»

Dar mæ ei einaste Gong stakk ein Tankje meg.

«Aa», svart’ eg, aa drog på Måle, «dar æ gjedna nokk tå da, so nyt æ, her i Verne; men da æ no kje jamt so godt, da nya, gubære!»

«Nei, gubære, gubære! – da æ so sannt, so da æ sagt, da, Goe-Son – – – Ka æ da no, då?»

«Ja – – eg bry meg kje um, bera da ut yve Bygdæ, eg; da spyrst no endå, kuser, slikt noku, um da inkje ska hermast ette meg».

«Nei, du kan ha Rett i da, vetle Kolbein! – Eg kjende henne Mor di, og, eg; da va noku te snilda Kona, du! ho foor inkje mykje mæ Ryggl aa Vas mydlo Folkjæ, ho, inkje! Du æ no so liku henne, og, du – same Skaddl aa same Augene! – eg meine, eg minnest dei! – eg ha kje set finare Brur i Vangs-Kyrkjene en ho Kari, Mor di, då ho sto fy Alteræ – Gu kvile Sjælæ henne! – – – Du kunde no forteija meg da, 43likavelne; du kan lita på, att inkje eg feru beru da utyve».

«Du trengu kje fortelja meg – –!» svart’ eg, «eg meine, eg veit no da, kuser! – Jau, da va to Brøru or Eksingadalæ, so vottu halshoggne på Vangjæ idag».

«Du seie kje da, veit eg! – Nei, kva Versens illt hadde då dei gjort?»

«Aa, da æ mestu inkje eigong Rå fortelja da, – Syndæ vettu tjukkare aa tjukkare her i desse arme Verne. – Men ha nokun fortent Straffæ si, so hadde no dei gjort da*.

«Nei – sote, goe, rauste! – kva va da? kva va da?»

«Jau – du skje aldre på Makjen ha haurt! – dei ha drive i heile Vettur aa turka Snjo på heite Obnæ aa selt te Fatifolkjæ i Staen fy Salt».

«Aa Jyssys han milde bevare meg!» skreik ho, aa nesta Hendna yve Brjoste.

«Ja» – sa eg – «aa so ha stakkars Husmanns-Kjeringane burti Eksingadalæ salta vetla Smøre sit mæ desso – aa skjemt ut alt sama, kan du vita!»

Ba so eg Vælliva, eg, aa lakka min Veg.

Då eg kom Kvåle forbi, sto han Knut Uppigaræ uti Tunæ, kløyvde Kubba.

44«Du får då fylgja innum Døræ», sa han.

Jau, eg so gjore. Tok so han fram or Kroskåpæ ei Brennevinsflaska aa eit Drammaglas, – votte me so sittjande dar prata te fram i Skymmingjene.

Bestu so dette va, dar haure me Treskone klakka ute i Gangjæ, aa ho Gamla-Marta kom stiddlande inn gjønom Døræ.

«Gukveldn!» helste ho, mæ sit Mæle, so va ho komæ i ei Lik-Stova.

«Gukveldn og!» svarte Knut’n. I meg knatt da kje, aa inkje såg ho meg, heldu, skumt so da va dar i Husæ.

«Fina Vere!»

«Aa ja – Vere æ fint, da vanta kje da; – Vårherra æ snildu, han, mein’ eg, um Folk æ aldre so harkavorne», sa ho, aa anvarpa.Forfatternote: anvarpa; sukka

«Ka godt nyt i Kveld, då, Marta?»

«Aa», svarte ho, aa drog so grøtelæ på Måle, «dar æ jabnaste nokk tå da, so nyt æ; – men – gubære! – da æ no kje jamt so godt, da nya, – gubære sovisst!»

«No då?»

«Ja, eg bry meg kje um, bera da ut yve Bygdæ, eg; de spyrst no, kuser, slikt noku, um 45da inkje ska hermast ette meg. – – – – – Aa ja, eg kan no gjedna fortelja deg da, likavelne; fy eg veit no, du fem kje beru da kringum Garane, kuser, du Knut. – – – – – Eg snakte mæ hono Kolbein Hausa her burti Vegjæ; han hadde vo sta, kjøpt seg Kram aa skulde ut på Handul, – aa ja, han har no kje langt likjast te sovore, skje eg meina! han vettu vel same Snytarn, han, so dan Skeivnosingjen, Far hans, va i sine unge Daga! – – – – – Da va to Brøru or Eksingadalæ, so vottu halshoggne på Vangjæ idag, sa han.

«Jau, beiske deg!» tok Knut’n frami. «Nei, kva va da, dei hadde forbrote, dei, da?»

«Aa da æ mestu inkje Rå fortelja da, eigong, – Syndæ vettu tjukkare aa tjukkare her i desse arme Verne; men ha nokun fortent Straffæ si, so ha no dei gjort da, – du skje aldri på Makjen ha haurt! – ha dei kje dreve i heile Vettur, meine du, aa turka Snjo på heite Obnæ aa selt te Fatifolkjæ i Staen fy Salt! – aa so ha stakkars Husmanns-Kjeringane burti Evsingadalæ salta vetle Smørbitane sine mæ desso, aa skjemt ut alt sama, kan du vita!»

Nei, då seet’an Knut i aa skratta, so da va, so Huse huska, – slo so Eld aa kveikte Ljos.

46Dar fekk ho Auga på meg! – Ho vatt standande litevetta, berre bisna meg, so va da ein Dauingje, ho såg. Aa eg aa han Knut, me surde kje, skje eg tru! – So forsto ho vel heila Greio, då, snudde seg aa foor på Døræ, treiv Treskone sine i Nevane aa tirra på Sokkaleisto or Tunæ, gandande sinna, so me haure, kur ho pokka aa bante langt neyve Vegjen.

Men – forsyne meg! – varte aa rokk da kje heila Viko ette, før Kjeringane her i Reppa fengje Åviso si – ja, da gjore da! – aa på Hausa sette ho kje sian sin Fot meir.

– «Vossingjen», han går no Gangjen sin den same aa kjemu attu lika bliu, han, um du gjevu hono aldre so stor ei Lyra te renna rundt mæ i Bygdne; han æ kje so tykkjen aa snurtn, han, so ho va, Moræ hans, ho Gamla-Marta på Bakka».

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Vossa-Stubba

Vossa-Stubba ble utgitt i 1887. Samlingen inneholder fem muntre fortellinger, skrevet på dialekt og dels bygget på muntlige tradisjonsfortellinger fra Vossestrand.

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.