Som i andre handskrifter er landslova i Ms.4° 1 delt inn i bolkar, og bolkane er delte inn i kapittel.
Dei fleste bolkane har raude overskrifter. Men odelsløysingsbolken og landsleigebolken manglar overskrifter. Bolkane til og med arvebolken har raude kapitteloverskrifter. Frå og med odelsløysingsbolken manglar det kapitteloverskrifter, med unntak av kap. 5, 6, 7 og 52 i landsleigebolken og kap. 2 i tjuvebolken.
Bolkane og kapitla startar med utsmykka store bokstavar, kalla initialar. Dei er fargelagde, oftast i raudt eller grønt, men blått finst også. Bolkinitialane er alltid litt større enn kapittelinitialane, og har ei høgd som svarar til fire eller fem linjer. Kapittelinitialane har ei høgd som svarar til to eller tre linjer. Frå og med kapittel 7 i tjuvebolken er det ingen kapittelinitialar, men det er sett av plass til dei. Dette viser at initialane er laga etter at teksten er skriven, kanskje av ein eigen kunstnar. Vi ser også fleire stader at det er sett ein liten bokstav i venstre marg utanfor initialen, som viser kva for ein initial som skal setjast inn, sjå f.eks. kap. 10 i tingfarebolken og kap. 12 i kristendomsbolken.
Gustav Storm (
1885:724) meiner at bolkinitialane «have islandsk Karakter». Men ein av dei har den norske
Ð (sjå nedanfor)
, Ðat 18r20. Som kapittelinitial finn vi både
Ð, f. eks.
Ðessar 22r1, og
Þ, f.eks.
Þat 22v20. I desse tilfella kan vi ikkje sjå nokon liten rettleiingsbokstav. Dette tyder på at det er ein nordmann som har laga intialane. Elles har diskusjonen om norsk eller islandsk kunstnar i Codex Hardenbergianus vist oss kor vanskeleg det er å avgjere slike spørsmål (jfr. Liepe 2009:141-142).
Det er nokre lakunar i handskriftet: 1. Kap. 2-4 i tingfarebolken. 2. Kap. 11-13 i landevernsbolken. 3. Kap. 8-10 i mannhelgebolken. 4. Kap. 52-54 i landsleigebolken. I det følgjande omtaler eg innhaldet i landslova utan å ta omsyn til desse lakunane.
Landslova begynner med ein prolog, som er formulert som eit brev frå
kong Magnus Håkonsson til alt folket i
Gulating. I andre handskrifter kan det stå
Frostating,
Borgarting eller
Eidsivating, og helsinga kan også gå til erkebiskopen og biskopar. Kongen seier at han etter oppmoding reviderer lova etter råd frå dei beste menn. Han gjer også greie for dei ulike bolkane i lova.
Fyrst kjem tingfarebolken, som omfattar reglar for sendemenn til tinget og sjølve tingordninga, herunder opplesing av lovboka.
Så kjem kristendomsbolken, som ikkje inneheld nokon kristenrett, for det hadde
erkebiskop Jon Raude forhindra. Det einaste som står att, er truvedkjenninga. Deretter kjem eit viktig kapittel om maktfordelinga mellom konge og biskop. Så følgjer tronfølgjelova frå 1273 og formular for ymse typar eid.
Deretter kjem landevernsbolken, som gjev reglar for korleis landet skal forsvarast.
Mannhelgebolken handlar om den personlege rettstryggleiken.
Så kjem arvebolken, som startar med ein sekvens om bortgifting av kvinner, som er ein eigen bolk i den eldre
Gulatingslova og i nokre handskrifter av landslova. I prologen seier kongen at arvebolken begynner med kvinners giftarmål, for det er svært viktig for dei som reiser arvekrav, at dei er avla i eit lovleg ekteskap.
Deretter kjem odelsløysingsbolken, som handlar om odelsretten.
Den største bolken i landslova er landsleigebolken. Som kongen seier, kan den leige bort jorda si, som har fått den på lovleg vis. Dette er ein omfattande bolk, som gjev reglar for alt som er knytt til leige av jord.
Så kjem den såkalla kjøpebolken, gammalnorsk Kaupabǫlkr. Kaup kunne tyde både kjøp og avtale meir generelt.
Deretter følgjer tjuvebolken, som handlar om steling og straffa for det.
Deretter kjem epilogen, som seier litt om kong Magnus sitt lovarbeid, og når landslova blei vedteken.
Etter avslutninga av lova har same handa skrive Dextera scriptoris benedicta sit omnibus horis, «Måtte skrivaren si høgre hand vere velsigna til alle tider».
Fleire stader har ei anna hand i margen skrive tillegg til lovteksten, sjå f. eks. blad 28v.

Ms.4° 1, 28v
Biskop Arnes kristenrett er ein kristenrett for Island, utarbeidd av Arne Torlaksson, fødd 1237, biskop i Skálholt på Island 1269-1298. Vi veit mykje om Arnes liv og gjerning, for det er overlevert ei eiga soge om han. Ho fortel om hendingar på Island, men også om politiske forhold på Island og i Noreg, om striden mellom den verdslege og kyrkjelege makta, og om korleis lovbøkene
Járnsíða og
Jónsbók blei mottekne på Island. Sidan soga om
Magnus Lagabøte for det meste er tapt, er soga om biskop Arne ei viktig kjelde til kunnskapen om denne perioden. Biskop Arne hadde eit godt forhold til Magnus Lagabøte, men formyndarstyret etter 1280 var kyrkjefiendtleg, og soga fortel om striden mellom erkebiskopen, Jon Raude, og formyndarstyret.
Biskop Arnes kristenrett frå 1275 er overlevert i mange handskrifter, og er trykt i Norges gamle Love indtil 1387, band 5, side 16-56. Teksten er ikkje omsett til moderne norsk. I eit par handskrifter er dei fyrste sju kapitla henta frå kristendomsbolken i den verdslege lova for Island, kalla Járnsíða. Kapittelnummera i utgåva følgjer denne versjonen, slik at dei handskriftene som manglar desse sju kapitla, begynner med det som er kapittel åtte. Men utgjevarane markerer denne andre kapittelordninga i parentes. Slik står det 1 i parentes etter 8, osb. Teksten i Ms.4° 1 har ein lakune i starten, og begynner i det som er kapittel 8 (1). Lakunen er på berre eitt blad, så handskriftet kan ikkje ha innehalde dei fyrste sju kapitla. Og ei seinare hand har skrive arabartalet 2, ikkje 9, ved neste kapittel. I det følgjande viser eg til dei kapittelnummera handskriftet har.
Teksten har tre lakunar til. Den eine er frå slutten av kapittel 15 til slutten av kapittel 16. Den andre går frå slutten av kapittel 24 til midten av kapittel 30. Den tredje er frå slutten av kapittel 32 til slutten av denne kristenretten.
På grunn av lakunen i starten manglar denne versjonen av kristenretten opplysningar om barneutbering.
Det var erkebiskop Jon som hadde gjeve biskop Arne i oppdrag å utarbeide ein ny kristenrett for Island, truleg då Arne var i Noreg 1272-1273. I arbeidet bygde han på eldre kristenrettar, både islandske og norske. Han har truleg særleg bygt på kong Magnus sin nye kristenrett, vedteken på Gulatinget 1267. Men han har også nytta erkebiskop Jons kristenrett frå 1273. Det var viktig for biskop Arne å styrkje kravet om geistleg sølibat og kyrkjas eigedomsrett til alle kyrkjer.
Biskop Arnes kristenrett blei vedteken på Alltinget 1275, men han skulle berre gjelde for
Skálholt, ikkje for
Hólar. Nokre kapittel blei utsette, i påvente av semje mellom konge og erkebiskop. Men det blei ikkje noka avklaring før kong Magnus døydde 1280. På 1300-talet blei biskop Arnes kristenrett brukt i Skálholt, og frå 1354 også i Hólar. (
Robberstad 1976:207.)
Den følgjer i hovudsak Jons kristenrett i reglane for konfirmasjon, bygging og vedlikehald av kyrkjer, innsetjing av prestar, testamente, gravlegging på kyrkjegard.
I kapittel 9 om testamente har denne kristenretten eit tillegg som gjeld for Island. Der er det sagt at det i 1253 blei bestemt at i dei tilfella det var usemje mellom Guds lov og landets lov, skulle ein følgje Guds lov.
Tienda blir fordelt på same måten som i dei norske kristenrettane, men Arnes kristenrett har eit meir omfattande regelverk enn dei norske.
Arnes kristenrett har eit kapittel om sølibat som elles berre finst i dei nyare norske kristenrettane. Munkar, prestar, diakonar eller underdiakonar kan ikkje gifte seg. Forbodet mot å gifte seg gjeld også sinnsforvirra og kastrerte menn. Heidenske menn kan ikkje få seg kristne kvinner.
Det er fyldige avsnitt om å inngå ekteskap. Det er forbod mot å liggje med, eller gifte seg med, kvinner i nærmaste familie. Det er ulovleg å liggje med nokon som ein er i religiøs slektskap med gjennom dåpsritualet.
Det er eit fyldig kapittel om kva dyr ein kan ete kjøt frå. Det er ulovleg å ete kjøt av hest, hund, katt, kvitrev og dyr med klør, bortsett frå bjørn.
Dette handskriftet har 31 rettarbøter. Alle står etter landslova i den innbindinga handskriftet har no, og tilhøyrer dei delane som er bundne saman seinare. I tid spenner dei frå
kong Håkon Håkonsson (1217-1263) til
kong Fredrik 2 (1559-1588), den eldste er frå 1224, den yngste frå 1562. Ingen av dei er skrivne av same skrivaren som står bak landslova. Den fyrste av rettarbøtene er skriven av hand b frå ca. 1400. Hand e, frå 1400-talet, har skrive tre rettarbøter på blad 100v-103v. Alle dei andre er skrivne av hand c frå ca. 1560, som har gjeve att den norrøne språkforma i dei eldste rettarbøtene. I dette arbeidet vil eg kommentere innhaldet berre i dei viktigaste rettarbøtene, alle eldre enn 1400. I handskriftet er dei ikkje ordna kronologisk.
Dei to rettarbøtene som står mellom landslova og biskop Arnes kristenrett, er begge frå
Håkon 5 Magnusson, konge 1299-1319. Den eldste, som står sist av dei to (blad 88v) og er skriven av hand c, er utferda i Tønsberg i det åttande regjeringsåret hans, dvs. mellom 10. august 1306 og 9. august 1307, trykt i
NgL 3 nr. 24. Ho har den same innleiinga som er vanleg i brev frå mellomalderen. Den som står bak brevet, «sender Guds og si helsing til alle dei som ser eller høyrer dette brevet». Her blir det fastsett at lagmannen til skyss skal ha fire hestar til lands og fire skysskarar til sjøs når han reiser rundt i offisielt ærend. Denne rettarbota er ikkje overlevert i andre handskrifter enn Ms.4° 1.
Den yngste av dei to, som står fyrst (blad 87-88v), er skriven av hand b, er utferda i Nidaros 2. mai 1313, og er overlevert i 24 handskrifter, mellom dei
Ms.4° 317, trykt i
NgL 3 nr. 36a. Dette er ei av dei store, allmenne rettarbøtene som kjem som tillegg til landslova, og som gjeld heile landet. Denne rettarbota blei vedteken på tingmøte i kongsgarden i Nidaros, og er forma som eit brev frå kongen til folket i riket. Landslova har ei liknande innleiing, og vi finn henne att i dei store, allmenne rettarbøtene. Rettarbota er i nokre handskrifter stila generelt til alle leke og lærde menn i Noreg, i andre til folket i Bergen, Nidaros, Oslo,
Gulatingslag,
Eidsivatingslag, Skien lagsokn,
Elvarsysle eller
Ranrike. I Ms.4° 1 og tre andre handskrifter er rettarbota stila til
erkebiskop Eiliv i Nidaros og folket i
Frostatingslag. Her finn vi 10 reglar som utfyller eller endrar reglane i landslova. Rettarbota påbyd
sysselmennene og lagmennene å setje desse nye reglane inn i lovboka, dvs. i landslova. Somme handskrifter opplyser at
Bjarne Audunsson i nærvære av kongen sette segl ved brevet. Bjarne var ein av stormennene i Noreg, han var kongen sin
fehirde (skattmeister), og tok vare på kongen sitt segl 1311-1314. Han var geistleg utdanna, og hadde truleg studert rettsvitskap ved universitetet i Bologna i 1292. Ms.4° 1 seier ikkje noko om kven som innsegla brevet. I gammalnorske brev er det normalt ikkje opplyst om kven som skreiv brevet. Det einaste unntaket er brev frå kongen, der skrivaren vanlegvis blir namngjeven. Fleire handskrifter av denne rettarbota opplyser om kven som skreiv, men namnet skifter i handskriftene. Dei som er nemnde, er Tord klerk, Håkon notar, Torgeir Tovesson notar og Trond klerk. Ms.4° 1 er det einaste handskriftet som seier at skrivaren var Trond klerk. Kjeldene gjev ikkje fleire opplysningar om denne mannen.
Etter biskop Arnes kristenrett kjem ei rad rettarbøter. Tre av dei er skrivne av hand e, andre er skrivne av hand c, begge hendene er frå ca. 1560. Dei gjev att den gammalnorske språkforma i dei eldste rettarbøtene. I det følgjande blir dei viktigaste rettarbøtene omtalte, i kronologisk rekkjefølgje. Dei er alle eldre enn 1400.
Då Håkon Håkonsson blei krona i Bergen i 1247, blei det halde eit kyrkjemøte, der pavens utsending
kardinal Vilhelm av Sabina deltok. Den 17. august utferda han ei rettarbot om unntak frå forbodet mot å arbeide på helgedagar. På grunn av dei vanskelege klimatiske forholda i Noreg skal folk ha lov til å fiske sild på helgedagar. Dersom det er naudsynt, skal dei også kunne berge høy, korn og grønnsaker. Denne rettarbota var naturleg nok forfatta på latin, men det finst ei omsetjing til norrønt i 12 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Men NgL nemner ikkje Ms.4° 1 mellom handskriftene med norrøn omsetjing. Den norrøne versjonen av rettarbota står på blad 109r-v, er trykt i
NgL 1:454-456 og omsett til moderne norsk i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 21.
Kong Eirik Magnusson (1280-1299) utferda ei stor, allmenn rettarbot ca. 1280, trykt i
NgL 3 nr. 1, trykt og omsett i utdrag i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 32. Rettarbota står på blad 104r-106v. Etter RN 2 nr. 246 er ho laga i Bergen kort tid etter 2. juli 1280. Ho er overlevert i 23 handskrifter, 21 av dei frå mellomalderen, mellom dei
Ms.4° 317. I 20 av dei finst òg landslova, slik også i Ms.4° 1. Innleiinga i denne rettarbota minner om den vi finn i landslova, og ho har eit landsgyldig verdsleg preg som ville forsvare ein plass der. Også rettarbota er fastsett etter råd frå dei beste menn. RN II nr. 246 meiner at ho blei kunngjord for dei ulike
lagtinga, slik som landslova blei det. Ho er i handskriftene stila til alle menn i Noregs kongerike, eller alle menn i eit av dei fire sentrale lagtinga. Men i Ms.4° 1 er ho stila til alle menn i Steigartingslag på
Hålogaland. Dette er ei omfattande rettarbot, med 32 artiklar frå ulike rettsområde. Ho tek som utgangspunkt at den lova som Magnus Lagabøte laga, ikkje alle stader gav så klar orskurd som folk treng. Og rettarbota held fram med «oc en finnazt fleiri greinir malanna en uon se at sua litil bok megi or skyra», «Det fins også flere omstendigheter i sakene enn det kan være von at en så liten bok kan gi opplysning om» (
Bagge, Smedsdal og Helle 1973:160). Det er verdt å merke seg at landslova her blir kalla ei lita bok.
Før han blei konge over Noreg, var
Håkon Magnusson hertug over Austlandet (1273-1299). I 1297 utferdar han ei rettarbot, Oslo 10. april og 22. juli, trykt i
NgL 3 nr. 7, trykt og omsett i utdrag i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 43. Rettarbota står på blad 112v-114v, avslutninga manglar. Her viser kongen til dei brotsverka og den ulydnaden som folket på Ringerike og på Hadeland hadde gjort seg skuldig i overfor hertugen. For dette fortente dei å misse liv og gods. Men sidan dei bed om tilgjeving og lovar å betale bøter, gjev hertugen tilgjeving til alle, bortsett frå leiarane og opphavsmennene til ulydnaden. Dei får òg nokre lovforbetringar, sjølv om dei ikkje er så verdige til det som folket på Romerike, som alltid har synt hertugen lydnad og godvilje. Rettarbota er overlevert i tre avskrifter, og to parafrasar eller omsetjingar, alle frå 1500-talet. To av dei gjeld Hadeland, og tre gjeld Ringerike. Det er Ms.4° 1 som har den fyldigaste innleiinga, der det er vist til at sira Nikolas, prest på Norderhov på Ringerike, og to bønder hadde vore hos hertugen og bede om tilgjeving. Her er rettarbota stila til folket i
Vika. Dette må vere ein avskrivarfeil, for Ringerike har aldri tilhøyrt Vika.
Kong Håkon 5 Magnusson (1299-1319) utferda 16. oktober 1299 ei rettarbot om sal av varer, trykt i
NgL 3 nr. 12, trykt og omsett i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 45. Rettarbota står på blad 103v-104r. Ho er overlevert i seks handskrifter, tre av dei heimfester henne til Oslo, dei andre, inkludert Ms.4° 1, seier ho er laga i Trondheim (som her truleg er Nidaros). Rettarbota er i fire handskrifter stila til alle menn i Bergen, to handskrifter, mellom dei Ms.4° 1, har ei generell formulering. Ho forbyd folk å reise rundt i bygdene med kramhandel, og halde torg for kvar manns dør. Bøndene kan handle seg imellom, men kjøpmennene skal selje varene sine i kjøpstaden.
Kanslaren Åke sette segl ved brevet, og Jon notar skreiv det. Åke hadde studert i utlandet, og var truleg prost ved
Mariakyrkja i Oslo fram til 1312-1314. Han var kongen sin
kanslar, og kombinasjonen med stillinga som prost ved Mariakyrkja blei etterpå fastsett ved kongen i 1314. Frå det året kan ein rekne Oslo som Noregs fyrste hovudstad, dvs. det faste setet for kongen sitt regjeringskontor.
Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 29. mai 1303 ei rettarbot, trykt i
NgL 3 nr. 16, trykt og omsett i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 48. Rettarbota står på blad 116v, der slutten manglar. NgL reknar opp fem handskrifter, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. Her blir det sagt at kongen har fått vite at handgjengne menn og biskopsmenn ikkje vil svare
leidang, og at sysselmenn, riddarar og andre handgjengne menn ikkje vil møte når dei blir stemnde til lagmannen eller lagtinget av menn av lågare stand. Kongen set forbod mot og straff for dette. På blad 100v står det eit stykke som inneheld slutten av denne rettarbota (utan avslutningsformularen), med overskrifta
Wm iij aars leidangrs fall.
I 1303 utferda Håkon 5 Magnusson også ei rettarbot om truslar mot kongens ombodsmenn, trykt i
NgL 3 nr. 18. Ho er truleg utferda i to omgangar, i Tønsberg 29. mai og i Bergen 6. oktober. Rettarbota står på blad 106v-107v. NgL reknar opp 19 handskrifter, mellom dei
Ms.4° 317. Ms.4° 1, som har Tønsberg, er ikkje mellom desse. Rettarbota er stila til alle menn i tolv handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Sju har Bergen og/eller Gulatingslag, eitt har Borgartingslag. Det blir vist til klager over at slektningar av forbrytarar kjem med truslar mot dei ombodsmennene som har straffa dei. Kongen fastset straff for dette, og for dei som kjem med truslar mot dei som fører sak mot dei. Alle handgjengne menn får påbod om å hjelpe sysselmennene med dette. Kanslaren Åke sette segl ved brevet. I handskriftene er det nemnt fleire skrivarar, etter Ms.4° 1 er skrivaren Audun Pålsson.
Håkon 5 Magnusson utferda i Bergen 11. oktober 1303 ei rettarbot som gjeld handgjengne menn, trykt i
NgL 3, nr. 19b. Rettarbota står på blad 111r-v. NgL reknar opp 15 handskrifter, og rettarbota er i dei stila til alle menn i Bergen og Gulatingslag. Ms.4° 1 er ikkje nemnt i NgL, og der er rettarbota stila til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Det er kome klager på at nokre handgjengne menn nektar å betale gjelda si, eller bøte for lovbrot. Dei har også late vere å møte for lagmannen og avleggje eid, fordi dei har svore til kongen og ikkje vil sverje oftare. Kongen set som straff for dette at dei må forlate
hirda og ta sete saman med allmugen.
Håkon 5 Magnusson utferda i perioden 10. august 1299 - 9. august 1306 ei rettarbot om
felag (felleseige) mellom ektefolk, trykt i
NgL 3 nr. 57. Rettarbota står på blad 107v. Mange har bede om at reglane om dette i landslova blir forklarte og forbetra. Desse reglane finst i kapittel 3 i arvebolken i landslova. Kongen har med dei beste menns råd gjeve fire nye reglar, og har late dei føre inn i lovboka, dvs. landslova. NgL reknar opp 26 handskrifter, mellom dei
Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. I Ms.4° 1 er rettarbota stila til folket i Steigartingslag på Hålogaland. I dei andre handskriftene er det nemnt ting berre ein gong, og det er Borgarting.
Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 26. desember 1309 ei rettarbot som set forbod mot det vi dag ville kalle korrupsjon, trykt i
NgL 3 nr. 27. Rettarbota står på blad 107v-108v. Mange har klaga over at dei ikkje får retten sin hos sysselmennene eller
lensmennene deira i samsvar med orskurd eller dom frå lagmannen utan at det blir gjeve gåver til dei. Kongen forbyd sysselmennene å føre søksmål før dei har gjeve klagarane rett. NgL reknar opp 17 handskrifter, mellom dei
Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. Kanslaren Åke sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson klerk skreiv det.
Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot i Bergen 23. juni 1310, trykt i
NgL 3 nr. 28. Rettarbota står på blad 129v. NgL reknar opp 9 handskrifter av denne rettarbota. I desse handskrifter er ho oftast stila til alle menn i Gulatingslag, men eitt handskrift har Frostatingslag. NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Kongen påbyd bøter og straff dersom sysselmenn og lensmennene deira, biskopane sine ombodsmenn, og nemndemenn til lagtinget, ikkje kjem til tinget. Han forbyd også handgjengne menn som har prosteombod, å stemne undersåttane til biskopen om verdslege pengebøter. Det same forbodet gjeld for allmugesmenn og geistlege med prosteombod. Torgeir Tovesson klerk skreiv brevet.
Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot på Avaldsnes 10. juni 1313, trykt i
NgL 3 nr. 37. Rettarbota står på blad 129v. NgL reknar opp 7 handskrifter av denne rettarbota, og i to handskrifter er ho stila til sysselmenn, lensmenn og biskopsmenn, eit handskrift legg til «i lagdøma i Noreg». NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle sysselmenn, lensmenn og biskopsmenn i Steigartingslag på Hålogaland. Kongen innskjerpar plikta til å søkje lagtinget kvart år, og den straffa lova set for å forsøme dette. Bjarne Audunsson sette segl ved brevet, og Tord klerk skreiv det, eit anna handskrift seier Torgeir Tovesson klerk.
Håkon 5 Magnusson utferda 12. august 1313 ei rettarbot stila til alle menn på Hålogaland, trykt i
NgL 3 nr. 38. Rettarbota står på blad 100v-102r. Ho finst i fire handskrifter. Her kjem kongen med desse påboda: 1. Ingen saker skal søkjast under skreifisket om våren, frå
kyndelsmesse til
marimessa i fasta, dvs. frå 2. februar til 25. mars. 2. Prestar som har hemmeleg skriftemål, skal ikkje ha prostedøme. 3.
Tiend skal betalast etter gammal sedvane, og inga ny skal påleggjast. 4. På grunn av fattigdomen sin skal samane (i teksten står det
finnar) betale berre ein tredjedel av dei fastsette bøtene til konge og erkebiskop dei fyrste 20 åra etter at dei er blitt kristne. 5. Når han saksøkjer etter kristenretten, skal kongens og erkebiskopens årmann ikkje føre falske søksmål mot samane (i teksten står det
finnar) eller presse avgifter av dei. Bjarne Audunsson sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson skreiv det.
Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot i Bergen 25. november 1315 om brot på føresegner i brev eller rettarbot frå kongen, trykt i
NgL 3 nr. 44 og i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 61, som også har omsetjing. Rettarbota står på blad 110r-v. NgL reknar opp 11 handskrifter av denne rettarbota, mellom dei
Ms.4° 317. I dei fleste tilfella er ho stila til lagmannen, i eitt tilfelle til alle menn i Bergen. NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland.
Kanslaren Ivar Olavsson sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson skreiv det.
Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 28. mars 1318 ei rettarbot, trykt i
NgL 3 nr. 50 og i
Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 64, som også har omsetjing. Rettarbota står på blad 110v-111r. Ho gjeld
ættleiing eller adopsjon, det å ta ein uekte son opp i ætta si. Lagmennene har vore i tvil om korleis dei skulle tolke kapittel 5 i arvebolken i landslova, som gjeld ættleiing. Med råd frå dei visaste menn og ut frå den forståinga kong Magnus hadde då han utforma dette kapitlet, fastset kongen at ein ættleidd son skal ta same arven som ektefødd son. NgL reknar opp 21 handskrifter som inneheld denne rettarbota, mellom dei
Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1.
Magnus Eriksson (1319-1374) utferda ei rettarbot i Oslo 18. februar 1348, trykt i
NgL 3 nr. 85. Rettarbota står på blad 129r. NgL opplyser at seks handskrifter inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Snikmordarar og dei som sver falskt, er
ubotamenn, dvs. at dei ikkje kan sone brotsverket med bøter, og dei skal brennemerkjast. Knivstikking blir strengt straffa.
Magnus Eriksson utferda ei rettarbot i Tønsberg 1. mai 1373, trykt i
NgL 3 nr. 104 og i
NgL 4:725, note 1. Rettarbota står på blad 103v. NgL opplyser at to handskrifter inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Rettarbota gjeld alle menn i Bergen, både innanlandske og utanlandske. Kongen forbyd dei å kjøpe skrei eller fersk fisk før han eller ombodsmennene hans har kjøpt inn det dei treng.
Magnus Eriksson og
Håkon 6 Magnusson (1355-1380) utferda ei rettarbot i Bergen 10. mars 1374 (etter RN, NgL seier 8. mars 1364), trykt i
NgL 3 nr. 95. Rettarbota står på blad 102v-103r. NgL reknar opp fire handskrifter som inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Rettarbota er stila til alle menn i Bergen, og viser til at det er kome klager på at landet blir lagt øyde fordi bøndene ikkje kan skaffe tenestefolk til å dyrke jorda. Grunnen til det er at alle unge menn vil slå seg på handel. Kongane forbyd difor nokon å bli kjøpmann utan at han har ei viss mengd handelsvarer, som skal vere skaffa med eigenkapital, og ikkje med lån. Det blir også forbode å drive handel i fjordar, vær eller på andre stader enn der det frå gammalt av har vore kjøpstemne eller
takmark (einemerke).
Håkon 6 Magnusson utferda ei rettarbot 10. juni 1375 på Nedenes. Ho er ikkje trykt i NgL, men m.a. i DN XXI nr. 152. Rettarbota står på blad 100r-v. RN VII nr. 485 reknar opp fem handskrifter som inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Ho er stila til begge lagmennene og allmugen på Island, og gjeld dom i ei arvesak på Island. Denne rettsavgjerda skal førast inn i lovboka, dvs. i
Jónsbók, og skal i ettertida gjelde som lov i tilsvarande saker.
Det er påfallande kor lite rettarbøtene i Ms.4° 1 er brukte av utgjevarane av NgL. Av dei 22 rettarbøtene eldre enn 1400 som er omtalte framanfor, manglar NgL (eller RN) i 16 tilfelle opplysning om at rettarbota finst også i Ms.4° 1.
Det ser ut til at Ms.4° 1 er det einaste handskriftet som stilar desse rettarbøtene til Steigartingslag på Hålogaland, i alt seks gonger. Fem av desse tilfella står i rettarbøter der NgL ikkje bruker Ms.4° 1. Det sjette tilfellet er den store allmenne rettarbota frå Eirik Magnusson av 1280. Dei fem andre er alle frå Håkon 5 Magnussons regjeringstid, 1299-1319. Etter
Knut Helle (
1995:186) er tinget på Steig eitt av dei fem nye regionale lagtinga i Håkon 5 Magnussons tid. Men tinget er nemnt allereie i rettarbota frå 1280. Det er likevel usikkert kva som har stått i dei opphavlege formuleringane, for alle seks rettarbøtene i Ms.4° 1 er skrivne med ei hand frå ca. 1560.
Etter landslova har ei yngre hand nedst på blad 86v skrive ein liten notis som ser ut til å vere ei kvittering for mottekne varer.
Etter Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1303 står det eit lite stykke på blad 111v-112r med overskrifta
wm ffælagh, dvs. «om felag (felleseige)». Dette er eit stykke som svarar til kapittel 53 i den eldre Gulatingslova. Tilsvarande stykke, i fyldigare form, er trykt i
NgL 4:15-16.
Etter hertug Håkon Magnussons rettarbot frå 1297 kjem
Truid Ulfstand og
Claus Bille sin resess, Bergen 1539, på blad 115r-116r. Den fyrste delen er borte.
Deretter følgjer eit lite stykke på blad 116r med overskrifta
Vm Gridsettningh, trykt i
NgL 4:726, note 1. Dette er ein formular for garanti av personleg tryggleik (grid).
Innimellom rettarbøtene på slutten av handskriftet står det på blad 129r-v eit stykke med overskrifta «Om folks selvær», som gjeld forbod mot å fare til andres selvær i ein viss periode. Stykket er skrive på 1500-talet. I hovudsak inneheld dette stykket det same som kap. 11 i bolk XIV i den eldre
Frostatingslova og i kap. 146 (kap. 140 i
Hagland og Sandnes 1997) i
Bjarkøyretten. Den norrøne teksten er utgjeven i
NgL 1:252 og 330, omsetjing finst i
Hagland og Sandnes 1994:207-208 og i
Hagland og Sandnes 1997:92-93. I Frostatingslova og i Bjarkøyretten er den «heilage» perioden for selværa tre veker før
jonsok og seks veker før jul. I Ms.4° 1 er den fyrste perioden den same, men den andre er frå
mikjelsmesse (29. september) til jul. Hagland og Sandnes (1994:226) seier dette om dei to periodane: «Kastingstida for fjordselen var på forsommaren, for haverkna på seinhausten, og nett i desse periodane ser vi at selværa er «heilage», dvs. fredlyste for andre enn eigarane.» Teksten i Ms.4° 1 inneheld eit tillegg om korleis ein kan fri seg for skulding om brot på denne rettsregelen. Liknande stykke om selvær er skrive med yngre hender etter siste kapitlet i landsleigebolken, som gjeld jakt på sel, i tre handskrifter av Gulatings-redaksjonen av landslova. Dei har same avvika som Ms.4° 1 i forhold til Frostatingslova og Bjarkøyretten. Eit liknande stykke finn vi også mellom rettarbøtene i GKS 1154 fol., som også inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova (
NgL 4:392, note 1). Dette stykket, som er skrive på 1500-talet, følgjer Frostatingslova og Bjarkøyretten når det gjeld perioden, men har også eit tillegg om korleis ein kan fri seg frå skuldinga. Liknande rettsregel finst ikkje i den eldre Gulatingslova eller i landslova (unnateke tilskriftene med yngre hender).
Før avslutninga om kval og sel finn vi på blad 130r artiklar frå ein
herredag i Oslo 1548, og eit lite stykke om
markelag (verdien av ei mark),
kyrlag (verdien av ei ku) o.a.

Ms.4° 1, 130v
Heilt på slutten i handskriftet står det på blad 130v eit lite avsnitt, på ca. ½ side, som reknar opp dei ulike slaga av kval og sel i Grønlandshavet. På slutten står det
Ex speculo regali, dvs. frå
Kongsspegelen. Og dette verket har ei fyldig omtale av ulike kvalarter, men der er det snakk om Islandshava, sjå
Holm-Olsen 1983:15-17 for norrøn tekst, og
Hellevik 1965:42-46 for omsetjing. Om selane seier Kongsspegelen at dei lever i Grønlandshavet, sjå
Holm-Olsen 1983:28-29 for norrøn tekst, og
Hellevik 1965:65-67 for omsetjing. Kongsspegelen fortel om 21 arter av kval, kor lange dei er, om dei kan etast, og om dei er farlege for folk i båt. Ms.4° 1 reknar opp 16 arter, og alle finst i Kongsspegelen, men beskriv dei ikkje, bortsett frå lengda på dei fleste, og den svarar til den vi finn i Kongsspegelen. Kongsspegelen reknar opp sju arter sel, gjev lengda på dei og fortel litt om dei. Ms.4° 1 reknar opp dei same sju artene, fortel ingenting om dei, og gjev lengda berre på rostungen, dvs. kvalrossen, som kan bli 14-15 alner. Forfattaren av Kongsspegelen seier at grønlendingane reknar rostungen saman med kvalane, men han sjølv meiner at han må reknast mellom selane.
Nedst på blad 88v står det følgjande notis på latin:
Dic homo mente
pia mihi
qui
nquie
s ave maria Vt succur
rerís per
me qua
ndo maneris. Den fyrste perioden lyder slik i omsetjing:
«Sei, menneske, med fromt sinn fem Ave Maria for meg.» Meininga med den andre perioden er uklar.
n1