Dan fyrste songen, eg høyra fekk,
var mor sin song atmed vogga;
dei mjuke vék til mit hjarta gjekk,
dei kunde gråten min stogga;
dei sullad meg so undarleg,
so stilt og mjukt til å sova,
dei synte meg ein fager veg
upp frå vår vesla stova.
Dan vegen ser eg no endå tidt,
når eg fær augat mitt kvila,
dar stend ein engel og smilar blidt,
som berre ei kan smila,
og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt, som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song, som alting heilar.
Eg helsar deg paa Hyllings-Ting
med Hovding-Namn idag.
Og Noregs Ungdom stend ikring
og helsar med ilag.
Heil deg, du strake Nordmanns-Grein!
Heil deg med Noregs Fana rein!
Heil deg, du Sonen av vaar Mor!
Ja: Heil og sæl, vaar Store-Bror!
Du var min Ven i Barndoms-Tid,
det hugsar eg fraa før.
Min Framtids-Draum i Ungdoms-Rid,
av deg so fekk han Fjør.
Det skal du vita, gjæve Kult,
at naar me gapte der i Svult
mot Stort og Fagert, var det du,
som gav oss inn i Nebben: Tru.
Den friska Tru paa Ljos og Dag,
som leikar i di And,
di Tru paa Liv av alle Slag,
di Tru paa Fedraland,
den gror i dine Fotafár,
du fagna Saamann, som du var.
Og Noreg sjølv fekk Tru paa seg
av Henrik Wergeland og deg.
Du var ein Bjørn, ja, det er sant,
og det du endaa er,
– og Bjørna-Labben vart iblant
so mangein Stut for svær.
Men naar du vreidast slog, sjølv daa
du slog 'kje berre fyr aa slaa;
du slog fyr Rettens Siger-Ták,
– og aller helst fyr Noregs Sak.
Ein Sylv-Krans hev ditt Hovud no,
og det ein straale-full;
men Noregs Folk hev tenkt han so
ein Borgar-Krans av Gull.
Det besta Hjarta-Gull, det hev,
so takksamt det i Kransen gjev.
– Det brenner nok hjaa fleir enn meg:
Vaar eigen Skald, Gud signe deg!
Det var ikvell, medan Tankarne sveiv
– so vida ikring dei Fuglarne fêr –,
at ute i Skogen eg gjekk og dreiv.
Det var no so fagert og fint eit Vêr.
Himlen han kvelvde seg klaar og rein,
og Vaaren log ifraa kvardan Grein:
«Du Per, du Per,
– aa hei! aa hop! – og er du no der!
Og kjenner du inkje ikvell, ikvell,
at Livet, det er no det likaste lell?»
Og alle dei Blomar og grøne Straa,
eg saag, kvarhelst eg so gjekk og fôr,
dei rudde seg Rom so hugheilt, dei smaa,
imillom det Lauvet, som datt ifjor;
dei keik, og dei nikkad. – Eg tykte, eg,
det var, som vilde dei segja til meg:
«Du Per, du Per,
– titt, titt! titt, titt! – og er du no der!
Og kjenner du inkje ikvell, ikvell,
at Livet, det er no det likaste lell?»
Og Vinden, han viftad so endr og Gong,
alt medan Soli i Vester seig.
Og Gauken, han gol, og Sysvorti song,
og Lerka ho trallad, imedan ho steig.
Og som eg daa gjekk der og ruslad so smaatt,
eg tykkte, eg skynad deim alle so godt:
«Du Per, du Per,
– ku ku! kvivit! tilleti! – er du der!
Og kjenner du inkje ikvell, ikvell,
at Livet, det er no det likaste lell?»
– So andad eg ut av min Barm so saar
den Dauda-Dumba i djupe Drag.
Eg drakk av den Lufti so frisk og klaar,
og klinkad med Livet, som liver idag.
Eg nikkad til Lauv og til Gras og til Blom,
eg trallad aat Fuglo, so Lunden gav Ljom:
«Han Per, han Per
– aa hei! Hurra! tralala! – han er her!
Og det kann han kjenna ikvell, ikvell,
at Livet, det er no det likaste lell!»
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
– Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikkad i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa auga paa ein av dei mange.
– Han visnar, Blomen, mot Hausten.
Eg vanka paa Foten so vida ikring
yver Stokk, yver Stein;
eg fekk Støyt, eg fekk Mein,
– og stundom so fekk eg no slett ingen Ting.
– «Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!»
sa ho gamla Gro Brøyta.
Eg bygde meg Skuta, eg styrde ho sjøl.
Men so siglde eg paa,
miste Ror, miste Raa
og fekk vera glad, at eg flaut paa ei Fjøl.
– «Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!»
sa ho gamla Gro Brøyta.
Eg smidde meg Vengjer, flaug til og ifraa.
Men som kvassast eg flaug,
jau, so sa dei, eg laug,
og sume, dei kalla meg Diktar, attpaa.
– «Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!»
sa ho gamla Gro Brøyta.
Smaaguten kviler ved Mor sin Barm,
der er han so urædd og held seg so varm.
Og sidan han leikar paa Golv og Tun.
– So byrjar Tora aa slaa yver Brun,
og Rædsla kryp han nedyver Rygg.
Daa spring han til Mor og vil kjenna seg trygg:
«Mor, Mor, gøym meg, Mor!»
Og Menneskja vankar so vida ikring,
og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.
Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøytt,
og allting er freista og allting er nøytt,
so ligg ho og maurar og veit ikkje meir
enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir:
«Mor, Mor, gøym meg, Jord!»
Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann,
og mykje eg vanta, og lite eg vann.
Eg vanka og flutte paa villande Fot,
og jamnast so bar meg no Vegen imot.
Og no er eg trøytt, og eg stundar til Natt,
og berre ein einaste Sukk eg hev att:
«Mor, Mor, gøym meg, Jord!»