30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Lagje og Jon

Les om balladen.

Melodioppskrift: Av Olav Sande fra Eivinvik, Sogn og Fjordane.
Orig.ms. NB Mus ms 622 B. 4:52, nr. 77. Sandes manuskriptsamling.
TSB F 11


Tekstoppskrift: Liestøl og Moe: Norske Folkevisor III, Kristiania 1924.

Lagje tente i kongjens gård,
som de var no von,
i tretten måna’r og dertil eit år.
«Ten trutt!» sa han Jon.
– «Og um de skò koste meg raue gull,
eg fygjer,» sa han Jon. –

Lagje han bryggja og blanda vin,
som de var no von,
og ba so alle grannane si’
fyuta han Jon.

Lagje han let til gjestebo’s bjo,
som de var no von,
Jon han let’e si’e hestar ringsko.
«Eg vil med», sa han Jon.

Jon han sla sin gangare go,
som de var no von,
og reiste so dit der bryllaupet sto.
«No kjem eg!» sa han Jon.

So leidde dei bruri på kyrkjegård,
som de var no von,
med sylvsauma klæe og utslegje hår,
«Du er lekker,» sa han Jon.

So leidde dei bruri fyr altare fram,
som de var no von,
på venleikjen undrast bå kvinne og mann,
«Tiss dé um ‘a?» sa han Jon.

Dei sette den bruri på brurebenk,
som de var no von,
og Jon han ber’e fyre skjenk.
«Eg skjenker», sa han Jon.

Dei dansa i dagar, dei dansa i två,
som de var no von,
men inkje vil bruri åt sengji gå.
«Sit uppe!» sa han Jon.

Den trea kvellen, rim fell’e på,
som de var no von,
då ville bruri åt sengji gå.
«Eg gjeng med!» sa han Jon.

So leidde dei bruri i brurehus,
som de var no von,
med tretten sylvstakar og tende vaksljos.
«Go kvellom», sa han Jon.

So sette dei bruri på sengjestokk,
som de var no von,
og klædde so av ‘a bå sko og sokk.
«Eg dreg av!» sa han Jon.

So lae dei bruri i sengji ne,
som de var no von,
og Jon han springje der veggjen te.
«Eg ligg her,» sa han Jon.

Og der kom bo til Lagje inn,
som de var no von:
«Der liggje ein annan hjå bruri di.»
«De er eg», sa han Jon.

Og då de bo til Lagje kom inn,
som de var no von,
so munde han raune og blikne i kinn.
«Fær du vondt?» sa han Jon.

Lagje han sette tolkniv i bord,
som de var no von:
«Å Herre Gud, gjev meg eit godt tolmod!»
«Ja, meg med!» sa han Jon.

Og Lagje fram ivi borde sprang,
som de var no von,
so øle og mjøen i golve rann.
«Far i mak!» sa han Jon.

Jon tok Lagje og kasta mot vegg,
som de var no von,
so flugur og my dei forgylte hass skjegg.
«Ligg du der!» sa han Jon.

Lagje han pikka på dynni blå,
som de var no von:
«Statt upp, mi brur, skrei lokur ifrå!»
«Ho søv’e», sa han Jon.

«Må eg inkje mi unge brur få,
som de var no von,
so dreg eg til kongjen og klagar deg på.»
«Eg vil med!» sa han Jon.

Lagje han siglde på saltan sjo,
som de var no von,
Jon spring’e ette på turre jord.
«Her er eg», sa han Jon.

So trefte dei kongjen ute på stand
som de var no von:
«Eg heve eit ord eg vil tala med han!»
«Eg hev au!» sa han Jon.

«Eg heve meg ei unge brur fest,
som de var no von,
ein annan ungersvenn hev sovi ‘a nest.»
«De er eg», sa han Jon.

«Å ette di båe hev henne so kjær,
som de var no von,
so fær dé no takast med tvi-eggja sverd.»
«Ha takk no!» sa han Jon.

Den fysste gong dei til saman rei,
som de var no von,
herr Lagje utor sadelen skrei.
«Statt upp att!» sa han Jon.

Den are gong dei til hopes for,
som de var no von,
gav Lagje han Jon eit drabeligt sår.
«Du læst au!» sa han Jon.

Den trea gong dei til hopes for,
som de var no von,
då slo Jon til Lagje so bloe rann.
«Turk av deg!» sa han Jon.

Den fjorde gong dei til hopes rei,
som de var no von,
slo Jon han Lagje dau ne på stein.
«Du ligg no!» sa han Jon.

Fru Inger sto uppå høgelofts-sval
og skratta og lo:
«No hev eg kje sét større gama i dag!
han vann herre Jon!»
«Um de skò koste meg raue gull,
eg fygjer», sa han Jon.

Boken er utgitt av Norsk visearkiv

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om 30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Vi vet ikke sikkert når de første balladene ble sunget i Norge, men man antar at det må ha blitt laget ballader så tidlig som på slutten av 1200-tallet mens Erik Magnusson var konge. Alle balladene er likevel ikke diktet i middelalderen. Så lenge balladene har vært populære, har det blitt skapt nye samtidig som de eldste har blitt endret.

Les mer om og hør balladene på cd-antologien Norske Ballader - 30 ballader om drap og elskov, skjemt og lengsel blant riddere, jomfruer, kjemper og dyr utgitt av Norsk visearkiv.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.