Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

Alfabetisk oversyn over vokalsjangrar



a b d e f g h j k l m n o p r s t u v å



A


Akrostikon

Namnedikt. Ei vise der første bokstaven i kvart vers til saman dannar ord, ofte namnet til visediktaren.

Døme: Den mest populære Gjest Baardsen-visa, «Grusomme skjebne», inneheld namnet på kjærasten hans: Giertine Carlsdatter.


Allitterasjon

Bokstavrim eller framlydsrim. Dei trykktunge orda i første lina startar på same konsonant.

Alliterasjon var vanleg i norrøn dikting, men det har også vore brukt som verkemiddel i nyare dikting, til dømes av Ivar Aasen.

Døme frå «Trymskvida»:

Vreid var Vingtor
då han vakna

Døme frå «Gamle Noreg» av Ivar Aasen:

Leid er vel den lange vetter,
endå grøn vår granskog stend,
og når lauv i liom spretter,
fagre leter fær vår grend.


Allsong

Fellessong, også brukt om ein velkjent song som kan høve til framføring i ei gruppe.


Anleggsvise

Vise om eit anlegg. I rallarmiljøet var det vanleg at kvart jernbaneanlegg fekk si vise. «Vossebanevisa» frå 1881 (Akk, hør I selskapsbrødre, vi stemmer opp en sang) er truleg den eldste norske anleggsvisa. Andre kjente anleggsviser er «Rombakvisa», «Flekkefjorsbanevisa» og mange fleire.

Sjå også Rallarvise.


Arbeidarsong

Song brukt i arbeidarrørsla. I arbeidarrørslas songbøker finst det oftast også tradisjonelle folkeviser, men arbeidarsong blir berre brukt om litterære songar dikta til rørsla, som til dømes: «Sleggene synger og hamrene slår», «Vi er fabrikkenes kvinner og menn» etc.


Arbeidsrop

Rop brukt som rytmisk signal til arbeid: «Å, hå!» eller «Hiv, å hå!». Slike rop vart gjerne brukte for å samkjøre ei arbeidsgruppe. Når arbeidsgruppa var stabil og ofte måtte arbeide i takt, kunne slike arbeidsrop utvikle seg til arbeidssong.

Sjå til dømes Baksing, Pålingsramse/Pålevise og Kabelstrekkingssong.


Arbeidstaktsong

Song som rytmisk følgjer takten i arbeidet, men ikkje (som arbeidsropet) gir nødvendige signal til arbeidsstokken.

Sjå til dømes Mineboringssong og Sjanti.


Arbeidssong

Song knytt til arbeidsprosessar i motsetning til Arbeidarsong som er knytt til arbeidarar som sosial gruppe.

Arbeidssongen kan knytte seg til arbeidet gjennom funksjon (sjå Sjanti, Mineboringssong) eller gjennom innhaldet (veveviser, spinneviser).

Engelsk: worksong. Tysk: Arbeitslied.


Aukevise/Aukerim

Ei vise der det blir lagt til ei ny line for kvar strofe. Strofene blir derfor gradvis lengre. Blir også kalla kumulativ vise.

Døme: «Gubben og gamla låg og drog» eller «Eg tente meg så lenge hos ein telebondemann».

Engelsk: cumulative song. Tysk: Kettenlied.


Avisvise

Sjå Sensasjonsvise.




B


Baksing

Når store steinar skulle flyttast med handkraft, vart det gjort med spett av eit arbeidslag. Arbeidet blir lettare om ein rugger steinen taktfast. Dette krev «samse tak». I rallarmiljøet vart signala til arbeidstaka gitt som song. Men dette arbeidet er ikkje heilt jamt rytmisk, som til dømes påling,, og baksingssongen er difor ustrukturert og improvisert til situasjonen.

Sjå også Arbeidsrop.


Ballade

Ei gruppe gamle folkeviser med ei rekkje felles kjenneteikn. I engelsk og tysk blir ballade brukt om alle forteljande folkeviser, men i Norden er gruppa meir avgrensa. I praksis blir nemninga oftast avgrensa til dei visetypane som er oppført i den nordiske balladekatalogen (TSB-katalogen).

Dei viktigaste kjenneteikna er følgjande:

1. Strofeform: Nokre ganske få balladar kan ha avvikande strofeformer, men likevel er strofeforma det viktigaste kjenneteiknet når ein skal avgjera om ei visetekst kan vere ei ballade. Balladane har tolina eller firelina strofe. Den tolina har alltid etteromkved og ofte også mellomomkved. Den firelina har som oftast etteromkved, men aldri mellomomkved.

Døme på balladestrofer:

Firelina strofe med etteromkved:

Det var Torstein Davidson,
han ville til bryllaups bjode;
og det var Falkvor Lommansson,
han let sine hestar ringskoe.
      Riddaren vågar han livet sitt for ei jomfru.

Firelina strofe kan også ein sjeldan gong mangle omkved.

Tolina strofe med etteromkved:

Å Valivan høyrde frå eit anna land
at der va’ det ei skjønn jomfru så belevand.
      Valivan siglar årleg.

Tolina strofe med delt omkved:

Villemann og hass møy så prud,
      hei fagraste lindelauvi alle,
dei leika gulltavel i hennar bur.
      Ved de rone det lyste å vinne.

2. Episk: Balladane fortel ei historie og denne historia er grunnlaget for typeinndelinga.

3. Stil: Balladane har ein eigen knapp forteljestil med mykje formlar typiske for sjangeren. Formlane kan vere korte (raude gull, kåpa blå) eller heile formelstrofer (Det var NN, han kom seg ridande i gård. Det var NN, ute for honom står).

4. Nordiske: Balladen er ein nordisk sjanger og likskapen mellom balladar frå ulike nordiske land er stor.

5. Innhald: Innhaldet i balladane knyter seg til mellomalderen. Etter innhaldet vert balladane delt inn i fem undergrupper: naturmytiske balladar, legendeballadar, historiske balladar, riddarballadar, troll- og kjempeballadar og skjemteballadar. Balladane vart ofte omtala som danseviser frå mellomalderen. Dette er hypotesar. Vi veit lite om den eldste historia til denne sjangeren. Balladane er danseviser på Færøyane og etter Hulda Garborgs tid, også i Noreg.

I engelskspråklege område blir viser som svarer til våre balladar, omtalt som Child Ballads etter professor Francis James Child som gav ut ei vitskapeleg utgåve i 1882. Tyske balladar står fjernare frå våre både i innhald, strofeform og stil.

TSB–katalogen: katalog over nordiske balladar med beskrivelse av dei enkelte typane. (Bengt R. Jonsson, Svale Solheim og Eva Danielson (red.): The Types of the Scandinavian Medieval ballad : a descriptiv catalogue, Oslo 1978.)

Sjå også Historisk ballade, Legendeballade, Naturmytisk ballade, Riddarballade, Skjemteballade, Troll- og kjempeballade.


Barnerim

Nemning på ulike smårim og stubbar retta mot barn. Jfr. Leikesong, Songleik, Barnevise.


Barnevise

Underhaldande vise for barn.


Bibelsk vise

Vise med innhald henta frå bibelen, vanlegvis frå det gamle testamentet. Med boka Aandelig Tidsfordriv eller Bibelske Visebog gjorde Petter Dass denne visetypa populær i Noreg.

Skapinga av Eva har vore eit populært motiv i bryllupsviser, elles har dramatiske forteljingar som syndefloda vore populære.

Petter Dass’ «Jeftas vise» er mellom dei tekstene som har flest melodiar i norsk tradisjon. Den melodien som blir brukt til salmen, «No koma Guds englar med helsing i sky» er ein folketone henta frå «Jeftas vise»:

Det hænded sig Jeptha, den Gileads Mand,
En Helt, ikke vant til at sove,
Han engang uddrog af sit Fæderneland,
En Kamp imod Ammon at vove.
Den Tid han gik ud,
Da gjorde han GUd
Et løfte som ei var at love.


Bokstavrim

Sjå Allitterasjon.


Bordvers

Vers til å syngje ved bordet, før eller etter maten. Innhaldet er oftast religiøst, men funksjonen har også vore å markere måltidet og dei reglane (bordskikk) som gjeld da.


Bryllaupssong

Sjå Leilighetssong/Høvesong.


Bygdesong/Bysong

Meir eller mindre offisiell «nasjonalsong» for ei bygd eller ein by. Songen inneheld ei rosande skildring av bygda eller byen. Dei fleste skriv seg frå 1900-talet og vart brukt i seremoniell samanheng. Bruken av slike songar har gått tilbake dei siste tiåra. Døme: «Bergenssongen» (Jeg tok min nystemte …).


Bygdevise

Munnleg tradert vise med kjent opphavsmann. Vanlegvis er opphavsmannen ein såkalla bygdediktar, men når landskjente litterære forfattarar har skrive på dialekt kan også visene deira bli kalla bygdevise. Jfr. Edvard Storms viser på Vågåmål.

Omgrepet kom til da forskarane hadde definert folkevise som «anonym vise i munnleg tradisjon». Dermed vart det behov for ei nemning på dei visene der opphavsmannen framleis vart hugsa. Sjå også Litterær vise.


Bånsull

Samleomgrep brukt om songar som vaksne syng for små born. Sjå også Barnerim.




D


Dansevise

Song til å danse etter. Balladane har vore danseviser på Færøyane og i Noreg etter Hulda Garborgs tid.

Tysk: Tanzlied.


Drikkevise

Song om drikking og alkohol. I songbøker frå 1800-talet blir gjerne drikkevisene inndelt i ei rekkje grupper: vinviser, punsjviser, bispviser, ølviser, drammeviser etc.

Tysk: Trinklied.

Sjå også Skålevers/Skålevise.


Dyrevise

Vise om dyr. Vanlegvis blir dyra framstilt som menneske.

Døme: «Ramnebryllup i Kråkelund», «Bamsens fødselsdag».




E


Einstrofing

Ein song med berre ei strofe, til dømes Stev. Slåttestev er også ofte einstrofingar.


Emigrantvise

Vise om emigrasjon, særleg om utvandringa til USA.

Tysk: Auswanderlied.

Sjå også Svein Schrøder Amundsen og Reimund Kvideland: Emigrantviser, Oslo 1975 (Norsk folkeminnelags skrifter 115).


Episk vise

Forteljande vise. Jfr. Lyrisk vise.


Erotisk song

Vise med erotisk motiv eller med seksuelle tabuord i teksten. Erotisk song blir ofte oppfatta som ei eiga visegruppe, men erotiske motiv kan finnast i viser av svært ulike slag. Andre omgrep for det same er: grove viser, obskjøne viser.


Etterklangsviser

Dette omgrepet vart tidlegare brukt om viser som likna på balladar, men som på grunn av stil, språk eller innhald ikkje kunne knytast til mellomalderen.




F


Fengselsvise

Vise dikta av ein fange eller lagt i munnen på ein som er fengsla. Visetypa var vanleg i skillingstrykk. Innhaldet er ofte klagande med ein moralsk slutt.

Døme Gjest Baardsens «Gud trøste mig som maa i slavekjeder«.

Sjå også Skafottvise.


Folkevise

Omgrepet folkevise (Volkslied) vart lansert av Johann Gottfried von Herder i 1770, og vart utgangspunkt for eit nytt syn på dikting i det heile. Det vart også opphav til ord som folkekunst, folkemusikk, folkekultur etc. Folkevise har gjennom tida vore brukt på fleire ulike måtar.

Opphaveleg vart «folkevise» brukt om (1.) song som gav uttrykk for folkesjelas (nasjonens) særpreg. Denne måten å bruke ordet på omfatta også nydikta songar og viser av kjente forfattarar. Den første norske folkeviseboka: Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter frå 1840 bruker omgrepet på denne måten.

Men rundt 1840 var ordet i ferd med å få nytt innhald. Heretter vart ordet brukt om (2.) anonyme songar som hadde levd i munnleg tradisjon. Dermed vart det mogleg å dra ei grense mellom dei anonyme folkeviser og litterære viser som hadde kjent opphav. I praksis vart omgrepet folkevise brukt berre om balladar til langt ut på 1900-talet. Moltke Moe og Knut Liestøl brukte ordet på denne måten.

Rundt 1970 var det ein del forskarar som meinte at kravet om anonymitet skapte ei kunstig grense. Om forfattaren/komponisten er kjent eller ei, spelar liten rolle for den som syng visa. Den store skilnaden går mellom populære viser som har levd på folkemunne, og viser som berre har overlevd på papir. Desse forskarane brukte folkeviseomgrepet om (3.) alle songar som har levd i munnleg tradisjon anten diktaren var kjent eller ei. Eit kjenneteikn på munnleg traderte viser er at dei finst i variantar.

I songbøker og fonogram er det vanleg å bruke folkevise copyrightteknisk om (4.) gamle songar utan kjent opphavsmann.

I den siste tida har det også vorte vanleg å bruke folkesong om songaktivitet. I det tilfelle blir det brukt om (5.) synging som – i motsetning til profesjonell song – ikkje rettar seg mot eit publikum.

Engelsk: Folk song. Tysk: Volkslied, Volksballade.


Folkeleg vise

Så lenge folkeviseomgrepet berre vart brukt om balladar, vart folkeleg vise brukt litt nedsetjande om andre viser i munnleg tradisjon.

Tilsvarande omgrep på andre språk: Popularesque/folksy, volkstümlich, folklorique etc.

Sjå også Folkevise.


Foreldresong

Det kan vere praktisk å dele barnesongen i barnetradisjon og foreldretradisjon. Foreldresongen omfattar aktiviserande songar for dei minste barna, til dømes: «Bake kake søte» og «Ride ride ranke». Dette er songar der den vaksne styrer barnets hender eller lar barnet ri på kneet. Dette er ikkje songar som barn sjølv syng. Voggesongen er også ein typisk vaksentradisjon.


Frivaktsvise

Underhaldande Sjømannsvise sunge på frivakta. I motsetning til Sjanti har frivaktsvisene ikkje funksjon som Arbeidssong.


Frødestev

Kunnskapsstev, oftast Gamlestev som inneheld ordtaksprega livsvisdom. Jfr. Stev.




G


Gamlestev

Firelina einstrofing der andre og fjerde line rimar (0A0A). Første og tredje line har vanlegvis fire taktslag, mens andre og fjerde har tre.

Hanen stend på stabburshella.
Bonden gjev honom korn.
Rakken skvakkar i bergo nord,
og hjuringen bles i horn.

Sjå Stev.


Gatesong

Dels brukt om skillingsviser seld på gata, dels om songar brukt av gatesongarar.


Gjetarsong

Samleomgrep brukt om songar med tilknyting til gjeting: Lokk/Lokkerop, Hauk, skremmerop mot udyr osv. Kan også brukast om viser om gjeting og seterliv.

Tysk: Almlied.


Gukko

Sjå Hauk.


Gygretull

Det same som Huldrelokk.




H


Halesjanti

Arbeidsropsong for arbeid der det trongst ei rekkje rykketak etter kvarandre, til dømes ved heising av segl.

Døme: «Ane Madam» er ein halesjanti med to rykketak i kvar refrengline.


Halesjanti, illustrasjon i Opsang fra seilskibstiden av Diderik Brochmann, Kristiania Sjømandsforening, Kristiania 1916

Halesjanti, illustrasjon i Opsang fra seilskibstiden av Diderik Brochmann, Kristiania Sjømandsforening, Kristiania 1916



Hauk

Rop brukt til å gje seg til kjenne på lang avstand. Dette ropet, som vanlegvis er tekstlaust, vart særleg brukt på fjellet, gjerne mellom gjetarar. Ropet kunne vere utforma individuelt slik at ein ikkje berre søkte kontakt, men også fortalde kven ein var. Også kalla huv, kauk, gukko, laling. I vår tid er det mange som roper ein fallande ters for å gje seg til kjenne på lang avstand. Jodling hadde ein liknande funksjon i Alpane.


Heimstadsong

Sjå Bygdesong.


Historisk vise

Viser som fortel om historiske hendingar. Til dømes «Zinklarvisa». Historisk vise kan også omfatte dei historiske balladane.


Historisk ballade

Undergruppe under balladane. Dei historiske balladane fortel om hendingar som vi kjenner frå historiske kjelder. Døme: Balladen om Falkvor Lommansson fortel om eit bruderov som skjedde i Sverige 1288. Dei norske historiske balladane fortel om hendingar rundt år 1300.

I TSB-katalogen er dei historiske balladane typologisert under C.

Sjå Ballade.


Hivesjanti

Arbeidstaktsong brukt ved arbeid med jamn rytme, til dømes gangspel, pumping eller varping. «Rio Grande», «Sally Brown» og «Danse polka» er kjente hivesjantier.


Gangspel, illustrasjon i Opsang fra seilskibstiden av Diderik Brochmann, Kristiania Sjømandsforening, Kristiania 1916

Gangspel, illustrasjon i Opsang fra seilskibstiden av Diderik Brochmann, Kristiania Sjømandsforening, Kristiania 1916



Huldrelokk/Kvasilokk

Huldrelokken liknar på vanlege ku- eller geitelokkar, men har ikkje vore brukt for å kalle på dyr. Dette er underhaldningssong, gjerne sett inn i ei segn som fortel at ei sæterjente ein gong fekk høyre at huldra lokka på dyra sine. Namna i huldrelokken er som regel ikkje vanlege ku- eller geitenamn, men fantasinamn ein tenkte seg at huldrefolket kunne bruke. Vanleg lokkerop treng ikkje vere melodisk velforma. Men huldrelokken, som rettar seg mot menneskelege tilhøyrarar, kan gjerne vere både fleirstrofisk og velforma.


Huv

Sjå Hauk.


Hymne

Lovsong til Gud. Sjå Lovsong.


Høvesdikting

Sjå Leilighetssong/Høvesong.




J


Julesong

Song brukt i jula. Innhaldet knyter seg gjerne til jul og julefeiring, men nokre leikar som har vore brukt rundt juletreet («Reven rasker over isen», «Så går vi rundt om en enebærbusk») kan handle om heilt andre ting.




K


Kabelstrekkingssong

Arbeidsrop som signaliserer arbeidstaka ved manuell strekking av kabel.


Kampsong

I vår tid blir omgrepet helst brukt om agitatorisk song i politisk eller ideologisk sammanheng. Eigentlege kampsongar til krigsbruk har vi neppe i norsk tradisjon.


Kjempevise

Eldre omgrep som vart nytta om dei visene vi nå kallar balladar. Omgrepet skriv seg frå Anders Sørensen Vedel og Peder Syvs «Kjempeviseboka», It Hundrede vduaalde Danske Viser om Allehaande Merckelig Krigs Bedrifft oc anden seldsom Euentyr …, 1591 og 1695.

Sjå Ballade.


Kjærleiksvise/Kjærlighetsvise

Vise om kjærleik. Dette er ei stor visegruppe som kan delast inn på fleire måtar (episke, lyriske, sjølvbiografiske etc.). Tragiske kjærleiksviser er mykje vanlegare enn dei om lykkeleg kjærleik.

I skillingstrykka var viser om kjærasten som sveik, svært populære.


Kjøkemeisterviser

Kjøkemeisteren var seremonimeister i bryllupsfesten og hadde ofte eit sett med korte songar til dei forskjellige stadia i bryllupet.

Sjå også Edvard Os: Kjømeisteren, Oslo 1960.


Klagesong

Ein song som inneheld klage over eit eller anna. I norsk visetradisjon har vi mange døme på klage over kjærasten som sveik, barnefaren som stakk av, men også over hardt arbeid og dårleg kost. Sjå også Matgrinarvise.

Tysk: Klagelied. Elegi er eit gresk ord for klagesong.


Konglomeratisk vise

Ei vise der strofene ikkje har fast rekkefølgje, men kan syngjast hulter til bulter.


Kontrafakt

Latinsk ord for noko som er snudd om. Oftast brukt om salmar laga til verdslege melodiar.


Krisevise/Jøssingvise

Viser frå krigsåra. Dei skildrar krisetilstand og motstand mot okkupasjonsmakta.


Kumulativ vise

Sjå Aukevise/Aukerim.


Kuplett

Liten song som skriv seg frå scenetradisjonen, syngespill, revy, kabaret etc.


Kvinnevise

Vise som gjev uttrykk for eit kvinnesyn, song brukt i kvinnerørsla. I 1970-åra vart ei tradisjonell vise som «I fjor gjett eg gjeitin» brukt som kvinnevise.




L


Laling

Sjå Hauk.


Lagssong/Foreiningssong

Songar laga til bruk i organiserte lag og foreiningar. Funksjonen er oftast å styrke gruppekjensla. Døme: arbeidarsong, fråhaldssong, speidarsong etc.


Legendeballade

Omgrepet blir brukt om ei undergruppe av balladar. Vise om helgenar og mirakel. Også kalla heilagvise. I TSB-katalogen er legendeballadane typologisert under B.

Sjå Ballade.


Leikesong

Song til å leike etter. Omgrepet blir brukt både om aktiviserande foreldresong («Ride ride ranke» og «Bake kake søte») og songleikar som har vorte tradert mellom barn («Tyven tyven skal du hete»).

Sjå også Songleik.


Leilighetssong/Høvessong

Eingongssong laga til ei bestemt anledning. Slike songar blir ofte dikta til bryllaup, jubileum eller firmafestar og sunge i staden for ein bordtale. Sidan dei skal framførast som allsong, må dei gå på velkjente melodiar.

I leilighetssongar laga til firmafestar kan vi ofte sjå at diktaren har frispråk. Ho eller han kan uttrykke kritikk som det elles ville vere vanskeleg å få fram.


Litterær vise

Dersom ein definerer folkevise som ei vise med anonymt opphav, kan litterær vise bli brukt om tekster av kjente diktarar. Omgrepet kan også bli avgrensa til tekster forfatta av kjente diktarar, som har gjeve ut bøker. Visetekster av lokale diktarar har i så fall vorte kalla Bygdedikting eller Bygdevise. Med ein romslegare definisjon av folkeviseomgrepet (Sjå Folkevise) har omgrep som litterær vise og bygdedikting vorte mindre aktuelle. Sjå også Bygdevise.

Tysk: Kunstlied.


Loffarvise

Tidlegare var det vanleg at handverkarar av ulike slag gav seg ut på vandring for å søke arbeid. Loffarviser handlar om det frie livet på landevegen.

Tysk: Wanderlied.


Lovsong

Song som prisar ein person eller ei sak, oftast brukt om Salme som prisar Gud.


Lokk/Lokkerop

Funksjonssjanger. Eit rop brukt for å kalle på dyr. Vi skil gjerne mellom kulokk, geitelokk osv., etter kva dyr lokkinga retter seg mot.

Musikkforskarar har skildra lokken som ein avansert vokalsjanger, men dette omfattar berre ein del av lokkeropa. Det er to vilkår for at lokken skal fungere: at dyra er prega på stemma til budeia og at ropet ber langt. Dette betyr at ropet ikkje nødvendigvis må vere melodisk avansert. Det finst også tradisjonelle rop for å lokke på sau (sibba sibba…), katt (psspss…) og høner (tippa tippa tippa…), men desse er lite melodisk utforma og vi bruker vanlegvis ikkje omgrepet lokk om desse sjølv om funksjonen er den samme.


Lyrisk vise

Vise som skildrar ein lyrisk stemning. Jfr. Episk vise.




M


Marsjsong

Song til å marsjere etter. Slik song var tidlegare brukt til dømes i militæret og speiderbevegelsen. Innhaldet er ofte slik at det kan kallast «vandreviser».


Matgrinarvise

Vise som klager på maten. Sjå Klagesong.

Døme: «Om syndagsmårrån er det nå kaffikoppen svart»


Matgrinarvise


Mellomalderballade

Det same som Ballade. Uttrykket blir brukt når ein vil understreke at denne visegruppa har høg alder.


Mineboringssong

Arbeidstaktsong brukt ved mineboring. Sjå også Anleggsvise, Arbeidssong.

Ofte var mineborinssongen berre ei enkel strofe som vart repetert så lenge arbeidet varte:


Mineboringssong


Minnesong/Minnekvad

Hyllingssong til minne om ein person.


Mordvise

Sjå Sensasjonsvise.




N


Naturmytisk ballade

Balladar om det overnaturlege. I motsetning til dei eventyrlege troll- og kjempeballadane er menneska i dei naturmytiske balladane makteslause i møte med det overnaturlege. I TSB-katalogen er naturmytiske balladar typologisert under A.

Sjå Ballade.


Nidvise

Spottevise dikta for å håne nokon. Mens sjikanerande omtale aldri har vore rekna som god tone, har det vore rekna som meir akseptabelt dersom spotten var i viseform. Døme: «Bukkevisa» skal opphavleg ha vore ei nidvise som vart framført i eit selskap der bukketjuven var til stades:


Nidvise


Nystev

Firelina enkeltstrofe der første og andre, tredje og fjerde line rimar parvis: AAbb (Sjå Rim). Lengda på linene kan variere, men det vanlegaste er fire taktslag i kvar line. Nystevmelodiane repeterer ofte melodien frå dei to første linene til dei to siste. Sjå Stev.

«Ola Ola min eigen unge» er den vanlegaste nystevmelodien i songbøkene:


Nystev


Nyheitsvise

Sjå Sensasjonsvise.




O


Omkved

I folkeviser blir refrenget oftast kalla omkved. Sjå Refreng.




P


Parodi/Parodisk vise

Latterleggjerande etterlikning. Ofte skjer parodieringa ved at ei høgstemt form får eit kvardagsleg eller uviktig innhald.

Døme: I Prøysens «Hilma og Roger» bryt skillingsvisas oppstylta ordbruk mot det trivielle innhaldet.


Protestvise

Vise som protesterer mot noko. Politiske protestviser var svært populære på 1970-talet. Gamle viser (sjå Matgrinarvise, Klagesong) vart gjerne presentert som protestviser den gongen.


Pålingsramse/Pålevise

Arbeidsropvise brukt ved påling. Ved veg- eller jernbanebygging over myrlendt terreng var det aktuelt å fundamentere med pålar. Ved muring av brukàr kunne det også drivast pålar ned i elvebotnen som fundament. Slik påling gjekk for seg på isen om vinteren. Pålinga vart gjort ved at eit arbeidslag heiste opp eit tungt lodd og slapp det ned på pålen. Dette var rytmisk rykkearbeid og signala til rykketaka vart som regel gitt i ei enkel telleramse. Sjå Rallarvise, Arbeidsrop.




R


Rallarvise

Vise med tilknyting til rallarmiljøet, anten viser som handlar om jernbanebygging og gruvearbeid eller viser brukt i dette miljøet. Omgrepet omfattar også arbeidssongen. Sjå også Mineboringssong og Anleggsvise.

Sjå også Hanna Lund: Rallarviser, Oslo 1949 (3. utg. med noter og opplysninger)


Ramse

Rekkje med ord eller namn, ofte med humoristisk eller absurd innhald, gjerne rytmisk. Dei kan ha melodi, men det vanlegaste er at dei berre blir sagt fram.

Engelsk: Jingle, rigmarole.


Refreng

Del av teksten som blir repetert etter kvar strofe. I balladar blir refrenget ofte kalla omkved. I ein del tolina balladar står også eit omkved inne i strofa. Det blir kalla innstev eller mellomsleng mens etteromkvedet kan bli kalla etterstev eller ettersleng. Sjå Ballade.


Regle

Sjå Ramse.


Revyvise

Vise som er del av ein revy, humoristisk eller satirisk framsyning. Revyviser er oftast laga til ein spesiell sesong, men enkelte revyviser har fått eit langt liv i munnleg tradisjon eller i visebøker. Viser frå Chat Noir i Oslo og Hjorten i Trondheim har vorte godt kjent. Viseboka Smørekoppen inneheld mange viser frå studentrevyane ved NTNU i Trondheim.


Riddarballade

Ei undergruppe av balladane. Omgrepet omfattar realistiske viser om livet i riddar- og storbondemiljø. I TSB-katalogen er riddarballadane typologisert under D. Sjå Ballade.


Rim

Litterært verkemiddel som inneber at same lyd eller lydgruppa tek seg oppatt etter visse reglar. Det vanlegaste er enderim, der dei siste orda i linene kling likt frå siste vokal og ut. For å få eit fullrim må vokalane vere identiske både i lengde og kvalitet (Bukbukk er dårleg rim).

Det blir ofte skilt mellom einstavelsesrim eller mannleg rim: mann – tann, og tostavelsesrim eller kvinneleg rim: kvinne – vinne. Rimstillinga i ein strofe kan markerast med bokstavar. Stor bokstav markerer kvinneleg rim, liten bokstav mannleg. Rimstillinga i eit normalt nystev kan slik markerast med AAbb fordi dei to første linene rimer med tostavelsesrim og dei to siste med einstavelsesrim. Rimstillinga i limerick er vanlegvis AAbbA. Rim kan også brukast om ei rima tekst, jfr. Barnerim. Sjå også Allitterasjon, Vokalsamklang.


Romanvise

Fleirepisodisk Episk vise. Oftast brukt om lange Riddarballadar. Døme: Balladen «Aksel og Valborg» med 200 strofer.


Rundsong/Kanon

Fleirstemt song der alle stemmene syng samme melodi, men har ulike startpunkt. Døme: «Fader Jakop», «Jeg gikk en tur på stien».




S


Salgsrop

Rop for å reklamere for ei salgsvare. Gutar som selde aviser på gata ropte avisnamnet på ein syngjande måte.


Salme

Åndeleg vise godkjent til bruk i gudstenesta. Godkjenninga har skjedd gjennom publisering i salmebøker.

Sjå også Paul Emil Rynnings register over salmer som har stått i norske salmebøker frå 1509 til Landstads reviderte: Norsk salmeleksikon, Oslo 1967.


Sensasjonsvise

Viser om aktuelle hendingar: mord, ulykker etc. var populære i skillingstrykk. Desse visene har også vorte kalla avisvise eller nyheitsvise.


Seremoniell song/Seremonivise

Song eller vise som er del av ein seremoni eller ein fast skikk. Døme: Kjøkemeisterviser, Skålevers.


Seterlåt

Song knytt til livet på setra. Sjå Gjetarsong.

Tysk: Almlied.


Signalsong

Song som anten signaliserer arbeidstaka i rytmisk arbeid (Jfr. Arbeidsrop) eller gjev signal over lang avstand (Jfr. Songrop).


Sjanti

Arbeidssong på seglskutene. Sjantien vart brukt til mange ulike arbeid og det finst dømer på både Arbeidstaktsong og Arbeidsrop. Sjantiane kan bli delt inn i grupper etter struktur: rykksjanti (short hawl), Halesjanti, Hivesjanti eller etter arbeidsprosess: gangspelsjanti, varpesjanti, pumpesjanti.

Sjå også Velle Espeland: Blow boys, blow : sjanties frå Diderik Brochmanns samlingar, Oslo 1981 (Norsk folkeminnelags skrifter nr. 123)


Sjømannsvise

Song med tilknyting til sjømenn og skipsfart. Det kan vere viser om livet på sjøen og i landlov eller viser brukt av sjømenn. Sjå Frivaktsviser.


Skafottvise

Vise som gjev seg ut for å vere dikta av ein som er dømt til døden. Dei er gjerne forma som ei tale til publikum før avrettinga.

Døme: «Morderen Svartbækkens Dødssang». Svartebækken var ein av dei siste mordarane som vart halshogd i Noreg.


Skillingstrykk, «Tilkjøbs hos G.B. Strøm, Prindsens Gade Nr. 25», 1876

Skillingstrykk, «Tilkjøbs hos G.B. Strøm, Prindsens Gade Nr. 25», 1876



Skillingstrykk/Skillingsprent

Trykksak som består av eit enkelt ark bretta på midten slik at det vart eit lite hefte med fire sider. Enkelte skillingstrykk kunne ha fleire sider. Skillingstrykka var salgsvare – vårt eldste massemedium – og framsida hadde oftast ein tittel som skulle lokka kjøparen.

Skillingstrykk dukka opp med dei første boktrykkarane. På 1600-talet var trykka ofte vakre prakttrykk som vende seg mot ei pengesterk overklasse, men ettersom lesekunsten vart utbreidd, vart skillingstrykka eit billeg tilbod for dei breie lag. Samstundes begynte dei kulturelt interesserte å sjå ned på desse «vulgære» småtrykka. Det var nå dei fekk nemningar som skillingstrykk, gateviser eller kjøkkenpikeviser. Tidlegare hadde dei vorte kalla flygeblad eller visetrykk.

Fram til 1915 kunne skillingstrykka etablere slagarar – dei store landeplagarane, men etter 1920 vart dei etter kvart utkonkurrert av grammofonplater, aviser og vekeblad.


Skillingsvise

Visetekst som er trykt i eit Skillingstrykk. Alle viser som var salgbare kunne trykkast i skillingstrykk og såleis bli skillingsviser. Men det var naturlegvis enkelte visetypar som var meir etterspurt og difor kom til å dominere trykka. Som i dagens populærlitteratur var kjærleik i alle former det som selde best, og tragisk kjærleik ennå meir etterspurt enn den lykkelege. Humoristiske viser var også populære, og i dei eldste trykka var religiøse og moralske viser svært vanlege. Gamle folkeviser kunne også vere salgbare. Skillingstrykka hadde vore brukt til nyheitsformidling lenge før dei første avisene såg dagsens lys og sensasjonsvisene eller avisvisene, som dei også blir kalla, er kanskje den visegruppa som er klårast knytt til skillingsvisemediet. Mord, ulykker og skandalar vart det gjerne viser av, og skillingstrykka kunne faktisk konkurrere med avisene, fordi dei var billigare, meir fleksible, ofte også raskare.

Sidan skillingstrykka kunne innehalde viser av alle slag, er ikkje skillingsvise noko høveleg klassifikasjonsomgrep. På engelsk blir skillingstrykket kalla Broadside eller broadsheet og visa broadside ballad, på tysk snakkar ein om Flugblätter og Bänkelsang.


Skjemteballade

Undergruppe under balladane. Omfattar humoristiske viser, gjerne grovkorna og groteske. Dyreviser som «Kråkevisa» og «Tordivilen og flua» er også skjemteballadar. I TSB-katalogen er skjemteballadane typologisert under F.

Sjå Ballade.


Skjemtevise

Vise med humoristisk innhald. Omgrepet omfattar også Skjemteballadar.

Tysk: Scherzlied.


Skålevers/Skålevise

Ein liten Seremoniell song/Seremonivise sunge unisont før kvar skål. Dette er ein svensk (eller svenskfinsk) festtradisjon som hadde ei viss utbreiing i Noreg på midten av 1900-talet. I denne tradisjonen har drammane namn: Helan, Halvan, Tersen, Kvarten, Kvinten … og ein del av skåleversa er knytt til spesielle drammar.

Sjå også Christina Mattsson: Från Helan till lilla Manasse: den svenska snapsvisans historia, Stockholm 2002.


Slengjestev

Spottestev, gjerne humoristiske eller vågale. Jfr. Stev


Slåttestev

Tekst til ein slått – ein instrumentalmelodi. Før vart slåttestev oftast brukt om eldre dansemelodiar, halling, springar, gangar, men nå blir ordet også brukt om tekster til vals og reinlender. Teksten knyter seg oftast til første veket (motivet) i slåtten. Dersom heile slåtten skal framførast munnleg blir det gjerne utfylt med tralling.

Sidan teksten er underordna melodien, har ikkje slåttesteva noko fast strofeform. Utover at slåttesteva gjerne er humoristiske (ofte absurde), let det seg heller ikkje gjere å karakterisere innhaldet i tekstene. Teksten er gjerne knytt til namnet på slåtten.

Tekster til vals og reinlender har også vore spreidd som slagarar på grammofonplate, men desse tekstene skil seg ut frå dei folkelege, munnleg traderte slåttesteva ved at dei er meir litterære i forma, dei har fleire strofer og stor vekt på refrenget.

Slåttesteva har vore brukt til dans når ein ikkje hadde instrument eller spelemann, til dømes ved danseopplæring, men også som hugsehjelp. Mange har lettare for å hugse ein melodi når det er knytt tekst til. Mange slåttestev har også vorte barnetradisjon.

Døme: «Kjerringa med staven», «Pål sine høner», «Så sulla ho mor på rokken sin».


Slåttestev-viser

Slåttesteva er vanlegvis einstrofingar, men ein del slåttestev har vorte så populære at dei har fått tildikta fleire strofer. Dette har skjedd med både «Pål sine høner» og «Kjerringa med staven». Sidan dei har utvikla seg frå ei enkelt strofe fortel slåttestev-visene sjeldan ei samanhengane historie. Dei er snarare konglomeratiske, og strofene har ikkje fast rekkefølgje.

«Per Spelmann» har meir episk form enn dei fleste slåttestev-visene, og det er rimeleg å tenkje seg at dette slåttestevet har utvikla seg frå ein Ballade («Ola Bonsen», TSB F 45).


Smedevise

Sjå Nidvise.


Snapsvise

Sjå Skålevers/Skålevise.


Song

Tonar skapt av det menneskelege stemmeorgan. Song er såleis eit vidt omgrep som også omfattar vise.

Song blir i daglegtale gjerne brukt som motsetning til Vise, men det er ikkje lett å dra noko klårt skilje mellom desse to fenomena. Song blir gjerne brukt om tekster som uttrykkjer eit vi og såleis underforstår ei syngjande gruppe (døme: skolesong, Allsong) mens visene på si side er tenkt framført av ein enkelt songar. Men det er mange unntak også frå dette.


Songleik

Leik med faste rørsler til song. I vår tid er dette barnetradisjon, men tidlegare var songleikar også populære mellom ungdommar og vaksne. Som ungdomstradisjon heldt songleiken seg lengre i grupper der pardans var uakseptabelt av religiøse grunnar. Døme: «Tyven tyven skal du hete», «Bro bro brille».

Songleik kan også brukast om aktiviserande song, som vaksne syng for spebarn. Døme: «Bake kake søte», «Ride ride ranke».

På engelsk kallar ein dette Singing games, på tysk har ein Bewegungslieder som nokolunde dekkjer det samme.


Songrop

Song som tek sikte på å bli høyrt over lang avstand. Jfr. Hauk, Laling, Lokk, Vektarrop.


Stev

Ordet stev blir oftast brukt om den tradisjonelle, lyriske, firelina einstrofingen, men kan også brukast om refrenget i balladar eller om andre tradisjonelle enkeltstrofingar (jfr. Slåttestev). Kvadruplett er eit fint ord for ei firelina strofe.

I Noreg har den lyriske einstrofingen to hovudformer: Gamlestev og Nystev. Skilnaden mellom desse viser seg i strofeforma: gamlestevet har enderim i andre og fjerde line, mens i nystevet rimar første og andre, tredje og fjerde line parvis. Linelengda kan variere, men fire taktslag i kvar line er det vanlegaste i nystev. Gamlestevet har oftast tre taktslag i andre og fjerde line. På samme måten som i balladane finn vi ofte vokalsamklang (gut – tun) i staden for fullrim (gut – sut).

Tyske og austeriske Schnaderhüpfel ligg nær opp til norske stev.

Sjå også Olav Bø: Norsk folkedikting, bind 5: Stev, Oslo 1964.


Stevrekkje

Ei rekkje Stev som høyrer samman, oftast dannar det ei konglomeratisk vise.


Stjernegutsong

Song knytt til såkalla stjernespel. Dette var ein juleskikk særleg knytt til romjula. Skikken er levande i nokre få norske byar, men vanlegare i Sverige.

Tysk: Sternsingerlied

Sjå også Hans Wiers-Jenssen og Haakon Hougen: Stjernespill og stjernesang i Norge, Oslo 1993 (Norsk folkeminnelags skrifter 138)


Strofe

Del av ei vise eller eit dikt, ei gruppe verseliner som høyrer samman. I daglegtale kallar vi dette eit vers. I song blir vanlegvis melodien repetert for kvar strofe. Ein song som ikkje er delt i strofer kallar vi ustrofisk.

Jfr. Vers, Einstrofing, Ustrofisk song.


Studentersong

Songar brukt i studentermiljø eller som handlar om studentar og universitetsmiljø. Døme: «Sjung om studentens lyckliga da’r».

«Gaudeamus igitur» er ein gammal studentersong frå den tida då latin var det akademiske språket.




T


Tatervise/Tatersong

Song som anten er sunge i tatermiljø eller handlar om taterar.

Døme: «Burobengen».


Tiggarvise

Vise om tigging. Visa kan også innehalde ei oppmoding om å gje pengar til den som syng eller sel visa.


Troll- og kjempeballadar

Omgrepet blir brukt om ei undergruppe av balladane. Omfattar balladar med eventyrleg innhald. I TSB-katalogen er troll- og kjempeballadane typologisert under E.

Sjå Ballade.




U


Ustrofisk song

Song som ikkje er delt i strofer. Slåttesteva er oftast ustrofiske, men kan også ha fleire strofer. Dei finske Kalevalasongane er ustrofiske epos der dei enkelte verselinene følgjer på kvarandre.




V


Vandrevise

Vise om vandring. Jfr. Marsjsong og Loffarvise.


Vektarrop

Vektarane var vaktmenn som såg etter at det var ro og orden i gatene. Ved kvart timeslag om natta ropte dei ut kva klokka var og song gjerne eit spesielt vers.


Vevevise

Arbeidssong til veving. Sidan dette er individuelt arbeid, var det neppe praktisk å arbeide i songtakta. Sjå Arbeidstaktsong.


Vers

I daglegtale blir ordet vers brukt om Strofe, men i akademisk språkbruk er vers den enkelte lina som songen eller diktet er sammansett av. Vers kan også brukast om ein kort, oftast ustrofisk, song.


Vise

Eit kvardagsord som det er vanskeleg å definere. Bengt R. Jonsson karakteriserer visa på denne måten: Strofisk song med strofisk melodi, enkel både i innhald og framføring. Dette gjev eit bilde, men kan ikkje brukast for å sortere viser frå anna songmaterial og set ikkje grenser mot andre songformer som til dømes salmar. Dessutan kan til dømes revyviser ofte vere tungebrekkande kompliserte og med intrikate strofeformer.

I tillegg til Jonssons karakteristikk kan vi merke oss at visetekster ofte uttrykkjer eit eg i motsetnad til skolesongar og lagssongar der det er ei gruppe, eit vi som syng.

Visesong, som aktivitet, skil seg frå andre songformer (til dømes pop/rock og romancesong) gjennom stor vekt på tekstformidlinga. Visesong er å syngje nær talestemma og utan ornamentering av melodien slik at teksten kjem klårt fram.

Korkje engelsk, tysk eller fransk har noko spesielt ord som tilsvarer vise.


Voggesong

Song for å få eit lite barn til å sove. Det kan vere praktisk å skilje mellom svævingssong, som skal drive barnet heilt inn i søvnen, og god-natt-song, som berre er eit element i eit leggeritual. Svævingssongen blir brukt til spedbarn. Innhaldet spelar liten rolle, men songen må vare ved heilt til barnet søv. Dette betyr at songen må vere sammanhengande og nesten endelaus.

God-natt-songen blir brukt for litt større barn. I slik song er innhaldet retta mot barnet og songen treng ikkje vare ved heilt til barnet søv. Voggesong er naturlegvis ikkje barnetradisjon.

Engelsk: Lullaby. Tysk: Wiegenlied, Wiegengesang.


Vokalsamklang

To vokalar som kling likt. I munnleg tradert dikting kan ofte vokalsamklang erstatte fullrim. Døme: gut kan rime på tun (vokalsamklang), mens eit fullrim krev at også sluttkonsonanten skal vere lik, gut rimar på sut.




Å


Åndelege viser

Viser og songar med religiøst innhald. Salmar kan også kallast åndelege viser, men det som kjenneteiknar salmane, er at dei er autorisert til gudstenestebruk. Difor blir åndelege viser helst brukt om dei songane som ikkje er autoriserte.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

I vanleg daglegtale er det ikkje så nøye om orda vi bruker er litt uklåre. Vi forstår kvarandre likevel utifrå samanhengen og meininga med samtala. Når vi skal sortere eit material, blir det derimot viktig at omgrepa er klåre og at vi er einige om kvar grensene mellom dei går. Slik er det også med viser og songar.

Denne utgåva er eit hjelpemiddel for dei som skal klassifisere vokal folkemusikk, men den omfattar og fleire omgrep enn dei ein treng til klassifisering.

Velle Espeland er kanskje den her i landet som kjenner dei ulike formene for vokalsong best. Espeland arbeidde som dagleg leiar i Norsk visearkiv frå stiftinga i 1983 fram til 2014 då arkivet vart ein del av Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.