Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

Forord 2013

Dette heftet var opphaveleg tenkt som eit hjelpemiddel for dei som skal klassifisere vokal folkemusikk, men under arbeidet voks det ut til å omfatte langt fleire omgrep enn dei ein treng til klassifisering.

I målføra finst det ei rekkje ord og nemningar på vokalsjangrar. Ikkje alle er like klårt avgrensa. Eg har tatt med ein del slike, men prøver stort sett å vise til standardnemningar. Der eg har klart å finne engelske og tyske ord som nokolunde dekkjer dei norske nemningane, har eg sett dei til.


Norsk visearkiv, 2013
Velle Espeland

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

I vanleg daglegtale er det ikkje så nøye om orda vi bruker er litt uklåre. Vi forstår kvarandre likevel utifrå samanhengen og meininga med samtala. Når vi skal sortere eit material, blir det derimot viktig at omgrepa er klåre og at vi er einige om kvar grensene mellom dei går. Slik er det også med viser og songar.

Denne utgåva er eit hjelpemiddel for dei som skal klassifisere vokal folkemusikk, men den omfattar og fleire omgrep enn dei ein treng til klassifisering.

Velle Espeland er kanskje den her i landet som kjenner dei ulike formene for vokalsong best. Espeland arbeidde som dagleg leiar i Norsk visearkiv frå stiftinga i 1983 fram til 2014 då arkivet vart ein del av Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.