Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

Forord 2021

«En vise er en vise, og en pølse er en pølse» sa Alf Prøysen til Alf Cranner då sistnevnte påsto at «viser er jo så mangt». Det er ikkje berre Prøysen og Cranner som har drøfta viser og andre vokalsjangrar. Ulike formar for omgrep på vokal songtradisjon har vore diskutert i fagmiljø, blant artistar og i vår daglege omgang med song og songtradisjonar. Med vokal songtradisjon tenkjer me på songar som er borne fram av stemma, men der tema, instrumentalføring og bruksområde heile tida har endra seg og hatt ulik funksjon. Denne tradisjonen spenner over alt frå eldre folkeviser til nyare popmelodiar. Spørsmåla er mange, kva er eigentleg ei rallarvise, er det ei vise om rallarar eller er det ei vise som rallarar song? Er ei skillingsvise ei vise om mørke skjebnar, eller er det ei vise trykt på eit papir og seld for ein skilling? Kan ei vise som oppstod på 1800-talet kallast ein mellomalderballade? Er det forskjell på ei drikkevise og eit skålevers eller på ei sjømannsvise og ein sjanti?

Velle Espeland er kanskje den her i landet som kjenner dei ulike formene for vokalsong best. Espeland arbeidde som dagleg leiar i Norsk visearkiv frå stiftinga i 1983 fram til 2014 då arkivet vart ein del av Nasjonalbiblioteket. Han studerte folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo, og i 1974 leverte han avhandlinga Folkesong i Bjerkreim for magistergraden, og interessa for vokalsong og folkeminner var stor gjennom heile yrkeslivet. Interesseområda hans spente over eit stort området frå folkeviser, balladar og skillingsviser til arbeidssongar og songar for born. I tillegg til arbeidet ved Norsk visearkiv underviste han i perioden 1974–2003 ved Institutt for kulturstudier ved Universitetet i Oslo. Espeland var også omsettar av teikneseriar og skreiv tekst til julehefter som Smørbukk og Tuss og Troll, og han skreiv og redigerte bøker og artiklar om folkloristikk og kulturhistoriske emne. På nittitalet var han initiativtakar og pådrivar for arbeidet med å gi ut ei samla vitskapleg kjeldeutgåve med norske mellomalderballadar, og i 2016 avslutta han eit langt yrkesliv i folkevisas si teneste då han som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket var med på å ferdigstille dette omfattande balladeprosjektet. 12 bøker med tekster og melodiar til mellomalderballadar var då publisert i samarbeid med blant andre Norsk Folkeminnelag.

På byrjinga av århundret vart Espeland spurd av Nettverk for norske folkemusikkarkiv om han kunne hjelpe til med ei oversikt som gjorde det lettare å klassifisere vokal folkemusikk. I forbindelse med dette arbeidet såg han at det var behov for eit meir omfattande oppslagsverk, og arbeidde vidare med å teikne ned og forklare ulike omgrep ein møter på i arbeidet med songen.

Resultatet vart samla i dette heftet. Heftet er ikkje publisert i noverande form tidlegare, men har vore eit godt nytta arbeidsdokument tilsette ved Norsk visearkiv og etter kvart Nasjonalbiblioteket. Ved å publisere dette heftet no i fagressursserien NB tema, håpar me at mange fleire får nytte av dette arbeidet.


Nasjonalbiblioteket, oktober 2021
Liv Kreken og Astrid Nora Ressem

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

I vanleg daglegtale er det ikkje så nøye om orda vi bruker er litt uklåre. Vi forstår kvarandre likevel utifrå samanhengen og meininga med samtala. Når vi skal sortere eit material, blir det derimot viktig at omgrepa er klåre og at vi er einige om kvar grensene mellom dei går. Slik er det også med viser og songar.

Denne utgåva er eit hjelpemiddel for dei som skal klassifisere vokal folkemusikk, men den omfattar og fleire omgrep enn dei ein treng til klassifisering.

Velle Espeland er kanskje den her i landet som kjenner dei ulike formene for vokalsong best. Espeland arbeidde som dagleg leiar i Norsk visearkiv frå stiftinga i 1983 fram til 2014 då arkivet vart ein del av Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.