Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

Innleiing

I vanleg daglegtale er det ikkje så nøye om orda vi bruker er litt uklåre. Vi forstår kvarandre likevel utifrå samanhengen og meininga med samtala. Når vi skal sortere eit material, blir det derimot viktig at omgrepa er klåre og at vi er einige om kvar grensene mellom dei går. Slik er det også med viser og songar.

Om ein songar kallar det han syng rallarvise, kan det vere greitt nok, men skal visa klassifiserast oppdagar vi at ordet kan ha mange tydingar. Ordet «rallarvise» kan i alle fall bli brukt på desse fire måtane:

  • 1. Ei vise om rallarar og arbeidet deira. I denne tydinga kan både tradisjonelle folkeviser og litterære viser komme inn under nemninga.
  • 2. Ei vise som var populær i rallarmiljø. Dei visene rallarane song kunne handle om jernbanebygging, men rallarane song også gjerne om kvinnfolk og drikking og dei kunne til og med synge populære slagerar. Visa «Kalle Petterson og Josefina» er ei kjærleiksvise som blir kalla rallarvise fordi den var populær i rallarmiljø, og dessutan er på rallarsvensk.
  • 3. Ei vise brukt ved rallararbeid. I eit berglent land som Noreg, vart mineboring og sprenging ein viktig del av rallararbeidet, dessutan var det denne jobben rallarane knytte identiteten sin til. Ved mineboring brukte dei gjerne ein jamt rytmisk song for å regulere arbeidet. Til dette nytta dei helst viser om rallarlivet og anlegget, men alle viser med høveleg rytme kunne brukast. Ein gammal rallar fortalde meg at den songen han hadde bora mest etter var «Fola fola Blakken».
  • 4. Ei vise dikta av ein rallar.

I den første bruksmåten er det innhaldet i teksten som definerer sjangeren, i den andre er det brukarmiljøet, i den tredje funksjonen og i den siste er det visas opphav. Vi har lett for å tenkje oss at desse elementa heng naturleg saman, at ei rallarvise er dikta av ein rallar, brukt til mineboring i rallarmiljø og at teksta handlar om jarnvegsbygging. Og når det gjeld akkurat rallarvisene finn vi faktisk ein del viser som oppfyller alle krava, men desse visene er berre ein liten del av alle dei visene som vi gjerne bruker nemninga rallarvise på. Og problema blir større når vi går over til andre visesjangrar. Ein julesong handlar oftast om Jesus’ fødsel eller julefeiring, men både «Reven rasker over isen» og «Så går vi rundt om en enebærbusk» blir også rekna til julesongane sjølv om dei ikkje handlar om jul og ikkje er dikta i jula. Julesong er altså ikkje eit innhaldsomgrep.

Sjangernemningar kan altså lagast utifrå mange ulike grunnlag. Vi skal nå sjå nøyare på nokre av dei grunnlaga sjangernemningane kan ha:


Innhald

Ord som kjærleiksvise og riddarvise seier berre noko om innhaldet i visa. Andre slike innhaldsomgrep er skjemtevise, lyrisk vise, dyrevise, trollvise, og så vidare. Lovsong er også eit omgrep som baserer seg på innhaldet, sjølv om lovsongar helst blir brukt i rituell samanheng.


Funksjon

Ei voggevise er noko ein syng for å få eit lite barn til å sove. Songen bør vere roleg og uengasjerande, gjerne med jamn rytme, men denne bruken set ikkje spesielle krav til innhaldet. I den fasen da barnet glir inn i søvnen fungerer faktisk tekstlaus nynning best. Omgrepet voggevise seier altså noko om den funksjonen songen har. Andre funksjonssjangrar er kulokk, dansevise, mineboringssong og andre arbeidstaktsongar som sjanti eller kabelstrekkingssong.

Ein mineboringssong blir brukt til å halde takta ved mineboring. Ein slik song kan handle om rallararbeid, men andre songar med høveleg rytme kan like så godt brukast.


Brukargruppe

Sjømannsvise kan brukast som innhaldsomgrep. I så fall betyr det ei vise om livet om bord og i framande hamner. Men det er like vanleg å nytte ordet om dei visene som har vore brukt og populære i sjømannsmiljø. Da omfattar sjømannsvise også sjantiane, som var arbeidssongen på skutene. Sjantiane kunne handle om mange ting. Dei handla gjerne om livet på seglskuta og i framande hamner men like ofte handla dei berre om jenter og fysisk kjærleik.


Form

Gamlestev og nystev er omgrep som først og fremst seier noko om forma. Steva er firelina einstrofingar, men nystev og gamlestev skil seg frå kvarandre gjennom rytmen og rimstillinga.

Ein annan rein formsjanger er limerick, og frå den litterære diktinga kan vi nemne sonett.

Forma kan også vere eitt av kjenneteikna på ein meir avgrensa sjanger. Strofeforma er det kjenneteiknet som raskast kan identifisere ein ballade, men balladesjangeren har også andre kjenneteikn som skal oppfyllast.


Arrangement / framføring

Moderne former som rock og rap kan lettast identifiserast gjennom framføringane. Folkrockgruppene brukte gjerne gamle folkeviser som dei arrangerte og framførte i ein annan tradisjon.


Opphav

Omgrepet litterær vise blir brukt i motsetning til folkevise. Kjenneteiknet på ei litterær vise er i så fall at ho har kjent diktar, mens folkevisa i dette tilfelle, blir brukt om ei vise med ukjent opphav. Revyvise betyr at visa opphaveleg har vorte laga til framføring i ein revy.


Distribusjon

Skillingstrykket var vårt første kommersielle massemedium, og skillingsvise er ei vise som har vorte spreidd i skillingstrykk. Dramatiske viser om kjærleik og død selde bra, og difor er slike viser svært vanlege i skillingstrykka, men produsentane trykte alle slag viser som kunne seljast og difor kan ikkje skillingsvise brukast som innhaldsomgrep.

Folkeviseomgrepet kan også brukast som distribusjonsomgrep, i så fall omfattar det viser som har vorte spreidd i munnleg tradisjon uavhengig av om vi kjenner namnet på diktaren eller ei.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ballade og bånsull – sjangernemningar i norsk vokaltradisjon

I vanleg daglegtale er det ikkje så nøye om orda vi bruker er litt uklåre. Vi forstår kvarandre likevel utifrå samanhengen og meininga med samtala. Når vi skal sortere eit material, blir det derimot viktig at omgrepa er klåre og at vi er einige om kvar grensene mellom dei går. Slik er det også med viser og songar.

Denne utgåva er eit hjelpemiddel for dei som skal klassifisere vokal folkemusikk, men den omfattar og fleire omgrep enn dei ein treng til klassifisering.

Velle Espeland er kanskje den her i landet som kjenner dei ulike formene for vokalsong best. Espeland arbeidde som dagleg leiar i Norsk visearkiv frå stiftinga i 1983 fram til 2014 då arkivet vart ein del av Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.