Gerhard Munthe: historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie

Forord

Johan Henden, forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket

Gerhard Frantz Wilhelm Munthe (1919–1997) var ein sentral biblioteksperson både i norsk og internasjonal samanheng. At han fann si livsgjerning innan bibliotekfeltet var kanskje ikkje tilfeldig. Far hans, Wilhelm Munthe (1883–1965) arbeidde i Universitetsbiblioteket i Oslo (UBO) frå 1903 til 1953, og frå 1922 var han overbibliotekar for denne institusjonen, som både var bibliotek for landets einaste universitet (fram til 1946) og norsk nasjonalbibliotek fram til 1989. Wilhelm Munthe var i si tid ein førande biblioteksmann med både nasjonalt og internasjonalt engasjement, og på mange måtar førte Gerhard Munthe farens arbeid vidare. Men medan Wilhelm Munthe gjennom heile sin karriere var knytta til universitetsbiblioteket i hovudstaden, hadde Gerhard Munthe ulike posisjonar i fleire institusjonar innan den norske fagbiblioteksektoren. Han byrja som aspirant ved UBO 1942–1947.

I 1947 vart Gerhard Munthe cand. philol. med historie hovudfag. Tittel på hovudoppgåva var Norge og nordmenn i trykkefrihetstidens litteratur 1770–1773. Same år vart han tilsett ved Bergens Museums Bibliotek. Han var 17 år i Bergen, og her bidrog han i høg grad med å forvandla museumsbiblioteket til landets andre universitetsbibliotek, offisielt oppretta i 1948. I 1956 vart han førstebibliotekar. Eit biblioteksmessig høgdepunkt i bergensperioden var det nye biblioteksbygget på Haakon Sheteligs plass som opna i 1961. Munthe var også aktiv i Bergens Historiske Forening både som formann og styremedlem. Han heldt også forelesingar og var sensor i historie på universitetet.

I 1964 vart Gerhard Munthe utnemnd til overbibliotekar ved Noregs eldste offentlege bibliotek, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Bibliotek i Trondheim, etablert 1760. Her vart Munthe fram til 1969, og sjølv om opphaldet i Trondheim var relativt kort, sette han likevel spor etter seg. Desse åra var ein sterk vekstperiode for biblioteket med auka løyvingar og personale, og i 1968 kom stortingsvedtaket om skiping av eit universitet i Trondheim. Samkøyring av det gamle biblioteket og lærarhøgskulens bibliotek inngjekk i etableringa av felles bibliotektenester for det nye universitetet. I tillegg til arbeidet i Trondheim var også Gerhard Munthe i denne perioden involvert i planarbeidet for det komande universitetsbiblioteket i Tromsø.

I 1969 vart Gerhard Munthe utnemnd til overbibliotekar ved UBO. Dette var landets største bibliotek med den delte oppgåve å både vera bibliotek for landets største og eldste universitet og norsk nasjonalbibliotek. Etterkvart hadde denne situasjonen vorte svært utfordrande og uhandterleg. Biblioteksbygget frå 1913 på Solli plass, som i starten var eit moderne og avansert bibliotek, var innhenta av utviklinga, og det var både for lite og umoderne. Dessutan låg det geografisk langt unna universitetet som var utbygd på Blindern. Sjølv om dei ulike fagmiljøa hadde sine fakultets- og instituttbibliotek på campus, kompenserte ikkje det for eit tidsmessig og nært tilgjengeleg hovudbibliotek. Nasjonalbiblioteksoppgåvene hadde også vorte så omfattande at det var på behov å etablera eit sjølvstendig nasjonalbibliotek utanfor universitetsbiblioteket. Tanken om eit sjølvstendig nasjonalbibliotek hadde også vore fremja tidlegare utan å få politisk gjennomslag, men no var behovet akutt. Det var behov for ei ny, framtidsretta og formatuavhengig pliktavleveringslov og ei ny organisering av dei nasjonale bibliotektenestene for å fanga opp den rivande medieutviklinga.

Gerhard Munthe arbeidde vidare med desse sakene då han i 1975 vart utnemnd til riksbibliotekar og sjef for Riksbibliotektenesta, statens fagorgan for bibliotekvesen og dokumentasjon. Som riksbibliotekar var Munthe ei drivkraft for framtidsretta nasjonale merkesaker som innføring av ei ny og tidstilpassa pliktavleveringslov, etablering av eit sjølvstendig norsk nasjonalbibliotek og utbygging av biblioteksystemet BIBSYS for fagbibliotek.

Ved sida av embetsgjerninga hadde Gerhard Munthe også mange tillitsverv, blant anna: formann i Norsk bibliotekforening 1965–69, han leia NORDINFO (det nordiske samarbeidsorganet for vitskapleg informasjon) 1977–82, president i LIBER (Ligue des bibliothèques européennes de recherche) 1977–83 og frå 1975 medredaktør i Nordisk tidskrift för bok- och bibliotekväsen. Frå 1979 til 1994 var han formann i Det norske språk- og litteraturselskap.

Munthe hadde også eit omfattande og variert biblioteksfagleg og historisk forfattarskap. Han var også involvert i fleire offentlege utgreiingar på bibliotekfeltet. Forfattarskapet er dokumentert med bibliografien «Gerhard Munthes trykte arbeider» av Anne Cathrine Munthe i Kultur og natur. Vandringer blant bøker og bokfolk, Festskrift til Gerhard Munthe 28. april 1989, Riksbibliotektjenesten, Oslo. For sin samfunnsnyttige innsats vart Munthe i 1989 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Som pensjonist arbeidde Munthe med eit breidt historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie. Dette arbeidet vart ikkje heilt avslutta før han gjekk bort, men eit eksemplar av det føreliggande manuset er i Nasjonalbibliotekets handskriftsamling (Ms. fol. 4434), og ved nærare ettersyn er dette absolutt ein tekst som fortener eit større publikum. Derfor publiserer Nasjonalbiblioteket «Norsk bibliotekhistorie. Fra de eldste tider og fram til 1920» i den digitale fagressursserien NB tema. At dette skjer i same år som det er 100 år sidan Gerhard Munthe vart fødd, er eit hyggeleg samantreff.


Ms.fol. 4434, s. 18[b], 19 og 100

Ms.fol. 4434, s. 18[b], 19 og 100

Teksten er i hovudsak gjengitt diplomatarisk, men handskrivne justeringar i manuset er skrivne inn i teksten og enkelte språklege variantar er samordna. Utgivinga gir ein fullverdig representasjon av manuset.

Munthes manus har sluttnoter etter kvart kapittel, i NB tema er desse skrivne fullt ut og gjort om til «pop-up» noter i nettvisinga og klikkberre noter i nedlastingsfilene. Noter utan innhald er fjerna. For kapittel 13 manglar alle noter.

Med denne utgivinga gir Nasjonalbiblioteket eit viktig bidrag til norsk bibliotekhistorie. Teksten er både opplysande og interessant i seg sjølv og den kan også vera utgangspunkt for vidare forsking innan eit historisk felt som har mange kvite flekkar.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Gerhard Munthe: historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie

Gerhard Frantz Wilhelm Munthe (1919–1997) var ein sentral biblioteksperson både i norsk og internasjonal samanheng. Han hadde eit omfattande og variert biblioteksfagleg og historisk forfattarskap og var også involvert i fleire offentlege utgreiingar på bibliotekfeltet. Som pensjonist arbeidde Munthe med eit breidt historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie. Dette arbeidet vart ikkje heilt avslutta før han gjekk bort, men eit eksemplar av manuset er i Nasjonalbibliotekets samling (Ms. fol. 4434) og dette er tekstgrunnlag for denne utgivinga.

NB tema er Nasjonalbibliotekets serie for tematiske fagressurser.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.