Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

av Aasmund Olavsson Vinje

2. årgang (1859–60)






06.11.1859 (Nr. 3)

Bladsjaa.

Morgonbladet og Aftenbladet hava vorit endaa grovare i Kjæften mot ein annan denne Vika en den fyrri. Det er no ingen Maati paa slikt, og eg kann aldri minnast ein so hard Avisstrid. Det er komit so vidt, at dei fleste Lesarar ikki fara nokot etter det, som dei tala, men berre læ aat det, for det er altid Gaman at lesa slikt, so synduge ero vi. Naar tvo Sluskar slaast i Gata, so krullar der seg altid Folk ikring, og naar dei detta ned i Rennesteinen og standa uppatter saurutte paa Klædom og blodutte paa Nosi, so glisa mange og læ. Likeins er det, naar tvo Bikkjur bitast.

Gode gamle Morgonbladets StabellStabell] Adolf Bredo Stabell, redaktør og politikar og Aftenbladets O. Richter,O. Richter] Ole Richter, jurist og politikar drogo paa Slutten navngjetne ut mot kverandre, og det maa segjast, at Richter var grovare i Munnen en Stabell, som skreiv med ein ældre Manns Vyrdnad. Det er ei so lang Sak, at det ikki er godt i ei Snarvending at døma imillom deim, og det kann ogso vera det sama, for Lesaren kjerer seg vist ikki om at vita, kven af deim, som hever Rett; for det er ikki lenger Saki, dei tala om, og naar dei skjella kverandre ut for alt ulikt, so hava dei kannskje Rett baade tvo. Men uklokt handlar Aftenbladet, som teker paa Stabell, for det nyttar ikki eit Grann det. Den Guten hever haldit ut so mangein Støyt, han, at han nok helder ut dei, som koma her etter Dags, og dei fleste Lesarar ero ogso leide af alt det gamle Gnaalet om honom.

Aftenbladet hever no navngjevit seg, med di at Navnet paa Styrismennarne stander sist paa Bladet; altso hever daa Aftenbladet gjengit inn paa den Tanken, som det stridde mot i Vaar, at Utgjevarens Navn skulde standa paa Bladet og ikki det tokutte Navn «Redaction.» Det vilde vera vel, om Morgonbladet og Christiania-Posten gjorde det sama, so slapp daa den stakkars Prentaren at bøta for Bladet, naar slikt kom paa, som ikki hever hendt so sjeldan med Morgonbladet. Aftenbladet maa i dette Stykki vera varare om seg etter denne Dag, naar der ingen Blindemann er til at standa for Støyten.

Det er «Reformforeningi,» den Krøkja,Note i Dølen: Hunkjyn af Hankjynet Krok. som Tidenderne no ero komne so i Trætte om, og som dagstødt rivst ned af Morgonbladet og byggjest upp af Aftenbladet. I Morgonbladet stod eit Brev til UelandUeland] Ole Gabriel Ueland, politikar og SverdrupSverdrup] Johan Sverdrup, jurist og politikar fraa Harro Harring,Harro Harring] Harro Harring, dansk forfattar som var nokot af det beste Ein kann lesa. Det var ettergjort so godt i Harrings Aand og Stil, at det var til at storlæ aat. Det var ikki skrivit af Harring sjølv, som no skal vera paa Jersey med dei mange andre landlyste raude Fridomsmenn, men det var ettergjort, som tidt hender med so løglege og meinlause Ting. Aftenbladet helder paa med at gjera «Reformklubben» til ein sann Gudsfugl, og det Iær ikki eigong aat seg sjølv, men talar med eit djupt Aalvor, liksom ingenting var. Det puffar og pustar og sigler afstad som Svarten (Locomotivet) og ferer af Hjulfaret burt i Stein og Stakar, Haugar og Hamrar. Ja, no er her Liv i Leiken.

Og her er ogso Dugleike, for H. Ø. BlomH. Ø. Blom] Hans Ørn Blom, forfattar og publisist hever i Morgonbladet skrivit ei Døming (Kritik) af eit Theaterstykki af Franskmannen Scribe.Scribe] Augustin Eugène Scribe, fransk dramatikar Denne Døming tykkjest meg vera ei af dei beste, eg hever lesit all min Dag. Det er den mogne Mannen, det, som veit, kvat han skriver om, og so poetisk attaat, at det er hugvarmt. Det er slike Folk, som skal ut og halda Styr paa Smaagutarne. Blom fører her med retto Strid mot ein aalmenneleg villfarande Tanke, at vaar Tids største Theaterdiktare Scribe ikki skulde vera so god, som heile Europas klappande Publikum segjer. Den store J. L. HeibergJ. L. Heiberg] Johan Ludvig Heiberg, dansk dramatikar i Danmark sagde dette vist i ein sanselaus Augneblink, og so herma mindri Kunnstkjennarar det etter, som det plaga ganga. Endaa det var nok den tyske Diktaren Heine,Heine] Heinrich Heine, tysk diktar som sagde det fyrst. Etterat han havde liknat ihop Scribe og den franske Musikkdiktaren (Componisten) AubertAubert] Daniel François Auber, fransk komponist og rosat deim baade tvo, so segjer han paa Slutten med sit makalause sprakande og stingande Vit:

Es fehlt aber dem Dichter Poesi
und dem Componisten Musik.Musik] retta frå Musikk

Men det var sannt! eg foor for braadt yvir den Sak, at Aftenbladets «Redaction» hever navngjevit seg. Det er D. MeydellD. Meydell] Ditmar Meidell, redaktør (den gamle Krydser) og B. BjørnsonB. Bjørnson] Bjørnstjerne Bjørnson, diktar som no standa navngjevne til Styrarar af Aftenbladet. Det er gode Hovud og Evni baadi tvo, kver i sit Yrkje, og bruka dei sine gode Gaavur vel, so kunna dei gjera stort Gagn. Men med alle deira gode Gaavur trur eg ikki, at dei ero mogne og kunnskapsfulle nok til at styra eit so stort politisk Blad aaleine. Det skulde ellers gleda meg, om eg mistok meg med denne mi Tru. Med det sama maa eg ogso segja, at eg tykkjest Bjørnson at vere for god til at slita med eit Dagblad, naar han daa ikki vil fremja ein stor Tanki f. Ex. vaart norske Maal. Politik trur eg aldri, han skulde fara med, for til at vera politisk Skrivande maa der anten ein Jurist elder ein annan eldri vellærd Mann, som kjenner kver Sin og Segi (Sene og Muskel) i Samhallets Likam.

Bjørnson skulde ein fire fem Aar liggja utenfor Livets Dagstræv i eit aalvorsamt Studium. Fyrst daa kunde han trøda fram som den mogne Mann, anten han vilde dikta elder vera Politikus, endaa han er enno so ung og verkfør, at han kann gjera mykit utanfyri Aftenbladet, for at «redigere» eit slikt Blad er lett gjort, daa Lysingar og Afprentingar etter danske og innanlandske Tidender er det meste. Eit litit godt Stykke midt i Vika og Sundagen kann Ein fljota paa. Den laupande Forhøyring etter Nytt, og Sax og Raudkrit kann ein annan hava med.

For ein nokot dugande og verkfør Mann, vilde det endaa vera lett at «redigere» eit slikt stort Ubeist som Morgonbladet. Med ein skjot (hurtig) Skrivarkarl var det ikki ein Times Verk om Dagen. Det drjugaste og leidaste er at lesa alle dei Skarve-Stykki, som verda innsende til eit slikt Blad.

Brydsamt og tidsøydande for ein Bladskrivare er ogso all den Lesnad af Tidender og andre Smaaskriftir, som just ikki altid skal gjeva Mannen grundig Kunnskap og Stødleike i Tenkning. Det er soleides, naar alt kjem til alt, ute med Skulen, naar Mannen for Aalvor gjever seg til at vera Tidendeskrivare. Han gjenger heller tilbake en fram, dersom han ikki dyrkar ei Vitenskaps-Grein attaat. Mannen er daa som vaxin komen ut i Livet, og det hever aldri ein Framvokstring godt af.

– Alle tri Tidender klaga paa Regjeringi, fordi Cand. mag. Siew. PetersenSiew. Petersen] Siegwart Blumenthal Petersen, skolemann og lærebokforfattar vard «jagat» ut af Riksarchivet (Riksens Brevhus), af di han havde omsett fraa fransk og sett inn i Morgonbladet Brevsendingar (Rapporter) om Rikets Tilstand, fraa Statsraad ColletCollett] Jonas Collett, statsråd til Carl JohanCarl Johan] Karl XIV Johan, svensk og norsk konge ikring Aari 1820. Etter den svenske Log maa ikki slike Brev prentast fyr femti Aar etter, at dei ero skrivne, og Regjeringi vaar her var vist nøydd til at gjera det, som ho no gjorde med Petersen, som ikki gjorde annat en ei god Gjerning, endaa det var som Utsending til Sverike fraa Riksarchivet, at han fekk sjaa desse Brev, og Afskrifterne vorde nok ogso sende til honom som Archivmann. Han tente inkje med dette, men han skulde endaa ikki hava prentat af desse Brev, og han var nok ogso af sine Fyrisette varat imot at prenta fleiri en det fyrste. Daa Mannen ikki kann segjast at hava gjort nokot, som er vondt i seg sjølv, so maa han vel faa Uppreisning paa ein annan Kant. Denne Sak berer ogso Vitni om, at vi alle halda ihop, naar vi tru at sjaa hard Fremferd mot nokon Mann, anten det kjem ovanifraa elder nedanifraa.




18.12.1859 (Nr. 9)

Bladsjaa.

Dei gamle Romerar kallade Pengar nervus rerum gerendarum, det vil segja den Sin og Segi (Muskel, Nerve), som dreiv alle Ting.

Det er rart med det: Penge kjem af det latinske Navn pecunia, eg dette henger ihop med pecus, som er Fe (Kvæg), og paa Gamalnorsk er ogso Fe det same som Pengar. At vinna Fe og Frægd (Penge og Berømmelse). Folk aatte i den gamle Tid inkje annat en Fe (ein Saud, ei Gjeit elder ei Kyr, ein Hest osv.) at gjeva for Mat og annat, som dei fingo af Andre. Det var det, som daa var til Ombyte, Endergjeld (Gjengjæld), og naar vi derfor nævna Ordet «Penge,» so maa vi minnast denne gamle barnslege Tid. No, ja, dette var berre ei Innleiding til det, som eg vilde tala om, og det er ein Strid om Pengar og Pengevæsen, som er førd millom Christianiaposten og Morgonbladet.

Den Mannen, som skreiv i Christianiaposten var vist ein Bankmann fraa Throndheim, og han greidde det so godt ut, at han vist synte den rette Vegen for Banken. Men Morgonbladsmannen, som meir er ein Handelsmann, han vil at Banken ogso skal vera ein Handelsmann med Pengar og selja og kaupa paa litin Dag (kort Henstand), og soleides vera ein Pengebytare (Banquier).Banquier] retta frå Banquirs Eg trur no, at Christianiaposten hever Rett, endaa det er ikki godt at døma om den Ting, for det er det vandaste, som finnst, at hava god Greide paa Pengevæsenet, og derfor er her mest ingen annan en Schweigaard,Schweigaard] Anton Martin Schweigaard, jurist og politikar som hever Vit paa det. A. B. StabellA. B. Stabell] Adolf Bredo Stabell, redaktør og politikar er god han ogso, men han teker det paa ein annan Maate: han kjenner liksom til det Ytre, medan Schweigaard betre kjenner til det Indre og Vitenskapelege ved Tingen. BergsakerBergsaker] Aanen Olsen Bergsager, stortingsmann og lærar segjer, at Ingen kann skyna paa Pengevæsenet, naar han ikki er ein so stor Reiknemeistare, at han kann «Integral- og Differential»-Reikning, og daa no Bergsaker kann denne Reikning, so er ogso han ein Bankmann, og likeins O. J. Broch.O. J. Broch] Ole Jacob Broch, matematikar og politikar Banken kann gjera rikt elder arma ut Landet, ettersom han er til, og derfor er det af Vigt at lesa alt det, som verdt skrivit om den Ting. Eg skal sidan skriva meir om dette og Banklaan og slikt nokot.




08.01.1860 (Nr. 12)

Bladsjaa.

Morgonbladet hever denne Vika havt nokre gode og grundige Stykki om det siste Aars Tilburder i mange Heimsens Riki. Likeins hever gilde lærde Menn i Morgonbladet greidt godt ut i desse svenske Greidurne; det meste er nokot tungt og langt skrivit, men for den, som sliter seg igjenom det alt, er nokso god Greide at faa, og det er vel, at dei Svenske faa lesa slike Stykki, som med Log i Haand visa deim Retten. Morgonbladet maa faa den Æra at vera Hovudbladet i denne vigtige Sak; dei gjera nok det, som dei kunna dei andre Blad ogso og daa mest Christianiaposten, men det er ikki med den Klemb og Lærdom, som desse Innsendarar i Morgonbladet, som nok høyra til Landets bedste Menn. Det vilde vera godt, om dei Svenske fingo vita det, so dei ikki skulde segja at det er umogne forflogne Bladskrivarar, som gjeva seg af med at tala Folkets Sak.

Christianiaposten hever ogso tekit til med at skriva om det siste Aars Tilburder i Utlandet, og det seer ogso ut til at verda godt; likeins hever der stadit eit langt Stykki om Pengevæsenet, som det kunde vera Tid til at tala om no, dersom det kunde gjera fleire Pengar, for her er stor Trong om Laan paa fast Eigendom no. Det verdt snart illt for mange Landmenn, daa Hypothekbanken heller ikki hever meir at gjera med.

Den gamle «Riksen» (Rigstidenden) er no vaknat upp af ein lang Svevn og kjem ut fraa Nyaar som Aftenblad berre ikki Sundagskvelden. Men det seer ikki enno ut til at verda nokot stort af med dette Bladet, endaa det kann koma seg. Det er enno uklaart og flokutte skrivit det vesle, som er komit, og det er ikki greidt, anten det vil vera eit sokallat Regjeringsblad elder ikki. Det talar nok om, at det skulde vera vel at hava eit slikt Blad, men enno tykkjest det ikki at vera nokon Fart med det. I lang Tid er der rødt om, at eit Regjeringsblad ogso her vilde vera godt at eiga; men sannt at segja, so skynar eg ikki, kvat vi skulde med eit slikt Blad, daa vaar Regjering inkje annat hever at stræva for en vi allesaman, og dersom Regjeringi gjerer nokot galit, so vilde her det beste Blad ikki kunna hjælpa hena nokot, og naar ho gjerer det, som Rett er, so halda vi alle (kloke) med hena. Men derimot kann eit Regjeringsblad i den Meining vera godt, solengi det vonde varer, at «Rigstidenden» hever Sérrett til alle embætteslege Lysingar. Det er baadi Synd og Skamm, at eit Blad med denne Retten ikki skal vera betre en dei andre; med dette Grundlag kunde nokot utmerkt koma i Stand. Det siste No. er betre.

Ein Mann i Aftenbladet hever greidt ettervisat, at vi hava laant af Andre og tekit mindre af vaart eiget sovel i Skulekunnskap som Maal og Kunnst. Der finnst nok Mange, som vilja kalla ei slik Tale «raa Norsk;» men Tala er like sann for det, og den Tid kjem vel, daa Alle ero samtykkte i, at dette er sannt og læ aat den gamle Tid og denne, som ikki kunde sjaa slikt.

Men alting skal no hava si Tid, og vi hava ikki gjort annat en dei fleste utlendske Folk hava gjort, som lengi maatte ganga i Skule, fyrr dei fingo Vit til at sinna seg sjølv. Det gjenger med heile Folk som med den einstake Mannen: han er Apekatt fyrr han lærer at verda Mann.




29.01.1860 (Nr. 15)

Bladsjaa.

Der hender mangt utenkt: at Morgonbladet, som det no i tri lange Stykki hever gjort, teker hardt paa Ueland,Ueland] Ole Gabriel Ueland, politikar det var ikki so utenkjelegt, endaa det trulegt var den same Mannen i det, som fjorten Aar sidan skreiv beint imot dette og med same Yvirskrift «Ole Gabriel Ueland» og daa gjorde den dygtige Vestmann til eit politisk Mønster paa Dygd og Fridom. No ja, upp kann snuast ned, og det Eine kann til Tid og Stad vera likso Rett som det Andre. Det er ikki om dette eg vil vera Domare denne Gongi. Det fær vel sin Mann dette. Men eg som maa sjaa paa Bladi, lyt taka slike store Ting i Augnesyn. Det er altso ikki nokot af alt dette, som er «utenkt,» men at Christiania-Posten talar Uelands Sak og skrubbar paa Morgonbladet, det var utenkt, og hever snutt upp og ned paa den gode Post og den Aand, som 1848 fødde dette si Tids Barn med L. Kr. DaaL. Kr. Daa] Ludvig Kristensen Daa, journalist og politikar som den eine Jordemoder. No ero altso Daa og StabellStabell] Adolf Bredo Stabell, redaktør og politikar komne til den same Tanken om Ueland og Bondepartiet. «Idag meg, i Morgon deg.» Men Posten er ikki enno komin solangt; han gjenger baketter liksom Krabben. Endaa meir utenkt var det, at «Rikstidenden,» som skulde vera fødd til eit Regjeringsblad for alle dei embætteslege Lysingar, som ho fær sjølveine, utenkt var det at sjaa ei Refsing til Morgonbladet fraa denne Kanten, og soleides eit Samhald med Posten, berre ikki i det, at Posten nævnde Stabell som den Skrivande om Ueland, endaa det er kunnigt, at der inkje Dulsmaal er lagt paa, at det er han, liksom kver Mann maatte kjenna det paa seg. Slikt er ein Saarleike mot eit gamalt prøvat Navn. Ja, den, som no veit upp elder ned i Politiken, han er klokare en sjølve Dølen, og denne Ugreida verd endaa ugreidare af det, at Aftenbladet, dette Uelands «Ryggstod,» tigjer kurende stilt. Det ligger vel no dette Bladet som ein saarat Stridsmann og drikker sterkt Kjøtsod (Bouillon)Bouillon] retta frå Boullion for at faa Blod i seg atter.




05.02.1860 (Nr. 16)

Bladsjaa.

Eg fann nok ikki den rette Meining siste Gong, daa eg sagde, at Rikstidenden helt med UelandUeland] Ole Gabriel Ueland, politikar og var imot Morgonbladet. Mot Christianiaposten var ho, og det hever ho ogso i denne Sak voret det denne Vika, for Posten er no ein sann Riddarsmann for Ueland, men «Riksen» seer ut til at verda det han burde verda, og det er eit maatehaldande Regjeringsblad. Men Aftenbladet ligger og liksom kviler seg ut; det seer vel nokot antrande elder oppositionelt ut imillom, men det teker inkje Tak; det Bladet hever heller aldri livt for nokon Tanke, so det var likso godt, at det døydde so snart som mogelegt, og helselaust er det vel ogso. Christianiaposten heverhever] retta frå hevee havt gode Stykki om at Gamalnorsk burde vera «Artiums-Fag,» og gamle klaare greide HansteenHansteen] Christopher Hansteen, astronom hever der greidt ut, at Morgonbladet ikki havde Rett, daa det raadde Storthinget fraa at deilda det «philosophiske Facultet» i tvau. Eit merkjelegt Stykke stod i Christianiaposten, og det var eit Brev fraa den vidfræge engelske Lord BroughamBrougham] Henry Brougham, engelsk politikar til den navngjetne MacaulaysMacaulays] Thomas Babington Macaulay, engelsk historikar og politikar Fader, der han gjever Faderen Raad um Sonens Upplæring.




19.02.1860 (Nr. 18)

Bladsjaa.

Naar Hesten verd sprengd elder fær eit Knipp i Foten, kjem han paa Handel; han kann endaa sjaa godt ut, naar det ikki leitar paa, og Seljaren kyter honom upp, so han seer ut som ny. Aftenbladet og Christiania-Posten ero ogso komne paa Handel. Prentaren FabritiusFabritius] Wilhelm Christian Fabritius, bokprentar skal hava gjevit 5000 Daler (ikki 12 elder 10000 som sagt) for Aftenbladet. Men kvat Prentaren JensenJensen] Hans Jacob Jensen, bokprentar hever gjevit for Christiania-Posten, er ikki sagt; det er trulegt nokot mindre, det.




26.02.1860 (Nr. 19)

Bladsjaa.

Vi hava mange folkelege Segnir elder Anecdoter om, at den Eine smaahakkade gamle Skinnbrøker og steikte deim i Smør til ein god Rett, ein Annan gjorde det same med gamle lodne Kalveskinnshudsko, som i Vaarbløyta vaaro røytte af i Flekkir, ein Tridje gjorde dette med gamle Vottir osv.; men Tanken i alt dette var at gjera Narr af deim, som brukade forlengi slike gamle Greidur, og derfor maatte eta deim upp paa Slutten. Dette folkelege Løgi elder Humor, som gjenger igjenom alle desse Segnir, maa Ein tenkja paa med all denne Strid, som no verd førd i vaare Blad om UelandUeland] Ole Gabriel Ueland, politikar og Stabell.Stabell] Adolf Bredo Stabell, redaktør og politikar Det er gamle politiske Skinnbrøker baade tvo, som vaaro varme og gode i si Tid og derfor skulle haldast i Heider og Ære, og endaa verda hengde upp til eit Afminne i Gjøymslehuset for gamle og sjeldfengde Greidur elder i Musæet; men naar Tidenderne som no taka deim fram og sjaa etter i alle Saumarne, so er det for at hakka og laga eit Maaltid Mat af deim for det arme Folk, som eigong gjekk og stod i deim, nett liksom vi høyra i alle desse Segnir om Hakkematen af alle desse gamle lodne Hudsko og Vottir og Skinnbrøker. Det er ein folkeleg Klædebunad altsaman, og Ueland og Stabell vaaro ogso ei Tid folkelege, det var i Politikens Skinnbroktid, havde eg nær sagt, daa den største politiske Dygd var at vera ubarkad, at gjera alle til Husmenn, at skriva Maningsbrev elder Addresser til Regjeringi om Broki – for at halda meg i denne ufagre Likning – skulde samast med barkat og beidt elder ubarkat og ubeidt Reim, daa Verkmanna-Uppstyren elder «Arbeiderurolighederne» var og slike nationale Ting. Det var ei Tid, som maatte vera til dette ogso, liksom der for alle Folk maa hava vorit ei Skinnbroketid. Den fine Lesaren maa tru, at det biter meg paa Tunga i Smaken kver Gong eg skal bruka eit so ufint Ord som Brøker og endaa verre Skinnbrøker. Eg ovunder det rike engelske Maal, som segjer i den fine Stilen istadenfor dette inexpressibles «dei Unævnelege,» og det ikki fullt so rike men endaa finare franske Maal, som segjer, «dei Tillatelege» elder «permissioner.» Men daa det er den nationale Politiken eg talar om, maa eg bruka eit nationalt Tungemaal. Kver Lesare vil kjenna paa seg, at det ikki vilde taka seg godt ut, om eg sagde: «den unævnlege Ueland og den tillatelege Stabell.» Naar dei forne elder klassiske Folk, sosom Romernes Cicero,Cicero] Marcus Tullius Cicero, romersk politikar og forfattar skulde greida ut ein Setning, so sagde han f. Ex. det og det gjorde elder sagde gamle LæliusLælius] Gaius Laelius, romersk politikar og dialogperson (i Ciceros dialog De amicitia) om den og den Sak. Naar Times skal leika med Toreslaatten sin, t. Ex. for Keisaren af Austrike, so segjer dette Verdensblad: det og det gjorde Jupiter med den, som han vilde støyta ned i Afgrunnen elder Tartarus, og naar Dølen vil tala med Vyrdnad om Menn, sosom her om Ueland og Stabell, so segjer han: den og den Segn sagde Folket, f. Ex. her om gamle Skinnbrøker. Partiet er likt elder egalt. Det er Opningsspilet elder Ouverturen.

Heile denne Avisrøra kjem, eg havde nær sagt, af Dølens Skjægg, endaa det nok nærast er af dei skjeggelause Gutar, som Ueland rødde om i Ræv-ormen elder Ræv-formen, som hans største politiske Medhaldsmenn kalla Reformen (Foreningen). Dølen, som fann, at Ueland her og tidt ellers var ein Trældomens og ingen Fridomens Mann, skreiv Artikelen «Ueland og Napoleon,» paa same Tid, som Morgonbladet kannskje vel kvast, men sannt og godt, refsade dette politiske DonquixotteriNote i Dølen: Han, den spanske Riddaren Don Quixotte, som Holberg synger om:
«som paa en Skindmær med en gammel rustet Klinge
vil rense Verden og all Jordens Kjæmper tvinge.»
af Reformforening, som Tysken fyndigt vilde hava sagt.

Til Svar paa alt dette, kom Ueland i Aftenbladet med eit Stykke, som han kallade «Gamalt og Nytt,» der han gav Morgonbladet og Dølen og den heile Presse paa Pelsen og gjorde seg sjølv til ein Hovudmann i Landsens Framgang i Fridom. Dølen svarade paa sin Vis og gløymde likesolitit der som i «Ueland og Napoleon» at gjeva Keisaren det, som Keisarens var, imindsto strævade han etter at gjera dette. Og dette same tykktest det ogso, at Morgonbladet gjorde. Men daa kom ogso Stabell setjande med tri lange Stykki til Ueland, der Ueland ogso fekk sin Rett, men so var der no mange grove Ord paa gamal Stil imillom. Og maatte vi enn læ aat alle desse Stykke, so vaaro dei skrivne so, at dei maatte bita paa den store Mengden med all den Banking i Bordet. Saki er, at desse Stykki vilde hava vorit baade gode og sanne nok, dersom ikki Stabell havde skrivit deim, for alt det Vonde, som vardt sagt om Ueland, det havde Stabell i endaa større Mun gjort seg skyldig i, og derfor vardt der heller ikki sagt somykit vondt om Ueland, som der i Innleidingi var lovat, og som ein Annan vilde hava kunnat sagt. Soleides vardt ikki det sagt, at Ueland hever gjort det meste til, at Lagthinget ikki er det dømande elder kritiserende Yvirhus, som Riksskipnaden maa meina, afdi Ueland fyrst og fremst vilde faa ei Jamvigt i politiske Synsmaatar inn i Lagthinget ogso, og for dette sette Folk derinn, om dei vaaro likso unge som uvitande, liksom ogso Lagthinget vardt gjort til eit Skraperum, der Folk vorde slengde inn, som ikki vaaro vel likade. Soleides kom baadi DaaDaa] Ludvig Kristensen Daa, journalist og politikar og R. OlsenR. Olsen] Rolf Olsen, forfattar og politikar dit. Til alt dette var Stabell Uelands gode Hjælparmann, og kannskje han var endaa verre sjølv, endaa Ueland gjekk som vengsaar millom sine politiske Venir, fyrr han fekk Lagthinget «liberalt besatt,» so der kunde vera Yvirmagt i «liberale» Spursmaal og i Riksrettsdom.

So lempeleg som enn Stabell foor med Ueland, naar Ein teker undan all Skjelling og Smelling, men som høyrer med til denne gamle politiske Stilen, so forfælte vorde Uelands Venir, som saag i dette nokot reint trulaust af den gamle politiske Broder. Det tyder godt den politiske Tanken hjaa desse Folk, at dei tala om Truløyse mot den Mannen, som havde gjort mest til at Stabell vardt «Statsrevisor» og «Bankadministrator.» Det er rett som slike Postar var nokot, Storthingsmennarne gaavo burt af sin eigen Eigendom og derfor skulde venta Medhald i sine politiske Syndir af deim, som fingo desse Postarne. Det seer ikki ut til, at desse Postarne ero Landets og Rikets, og at til deim skal veljast dei dugelegaste Folk, anten dei so ero Venir elder Fiender. Storthing med slike Tankar vilde vera magtlause mot ei Regjering, som sette Folk inn i Landsens Embætti etter same Grundsetningar. Lesaren maa ikki tru, at eg med dette vil vera Stabells Sakførare likso litit som Uelands Saksøkjare. Eg hakkar ikki smaa og steiker i Feit gamle Skinnbrøker til eit Maaltid for Folket. Eg talar ikki om Stabell meir, enn eg er nøydd til for at greida ut dette Bladsjaa, liksom eg heller ikki her elder fyrr talar meir om Ueland, enn Dagen krever. Havde Ueland aldri rødt om skjeggelause Gutar og vanvyrdat «Pressen» og klagat yvir Mishandling fraa dens Side, so havde eg vist ikki skrivit nokot om honom, for her ligger større Ting i Dagen at skriva om no enn om Stabells og Uelands gamle politiske Gjerningar, imindsto for eit so litit Blad. Skulde ein derimot ut paa politisk Gryteskraping, so var der vel nokre Skovur at skrapa i seg. Saki er, so trur eg, at kvaarki Stabell elder Ueland med deira gode Hovud nokotsinn hever havt ein stor Tanke, for vilde dei hava lært Folket upp i Bruken af sann politisk Fridom, so maatte dei hava haldit seg til nokot større og djupare enn slike Smaating, som deira heile politiske Historie er full af, og ikki stridt somykit mot sann Framgang, som dei tidt hava gjort.Note i Dølen: Ueland var med at underskriva Forslaget om at innføra Gamalnorsk; men daa Utvalet ikki vilde taka Forslaget godt, so mælte Ueland aldri eit Ord for det i Thinget. «Vi maa vera ‘kloke’ og ikki ‘prostituere’ os med at tala for Ting, som ikki ganga fram.» Dette er hans Politik og visar Mannen, som vel kan vera klok men aldri stor. Den store Mann talar ut med Fynd det, som han trur paa, om han so skal vitna mot eit heilt Aarhundrad. Schweigaard sjaa vi f. Ex. tala og røysta sjølveine i Thinget, og «prostituere» seg, som Ueland aldri gjerer, afdi han er «klok» d.v.s. ikki gjerer annat enn det, som seer ut til at kunna faa «Majoritet.» Det er slike Folk som tala om at «reformere»!!

Det er mange Folk, ja dei fleste af os, som segja med Reven, daa han vard slegin: «Det er ein Yvirgang, det gjerer godt.» Dette same sagde Uelands Venir etter desse stabellske Stykki: «No er Ueland frelst, han vann ein full Siger; no skal han tegja still.» Det skal ikki mykit til at vinna Siger, naar dette er Sigervinning.

(Framhald).




04.03.1860 (Nr. 20)

Bladsjaa.

(Framhald fraa fyrre No.)

UelandUeland] Ole Gabriel Ueland, politikar og hans Venir meinte altso, at han havde vunnit ein stor Siger yvir StabellStabell] Adolf Bredo Stabell, redaktør og politikar og Morgonbladet, af di Stabell ikki havde funnit meir politisk Vondt at segja om honom. Men no komo Christianiaposten og sidan Aftenbladet og skulde som Uelands Riddarsmenn gjera det endaa betre for honom. Det visar, at alt er snutt upp og ned i vaare Avisurs Hovudmaal og Partistilling dette, at Christiania-Posten teker Uelands Forsvar. Men eg trur ikki at Posten spinner Silke af det. Hovudstadens og Byarnes og Landsens andre upplyste Lesarar unna vist vel Ueland det, som han fekk af Stabell og vel so det, for her finnst no ikki mange upplyste Menn, som tru, at Ueland er den rette politiske Fridomsmannen. Dei meina som so: «lat han og Stabell slaast; det er den rette Enden paa eit slikt Broderskap.» Og af Uelands Parti skal heller ikki Posten faa stor Hjælp, for der er faae elder ingen af det, som hever Raad til at halda eit so dyrt Blad som Posten. Og Morgonbladet maa desse Folk slaa seg ihop om at halda som fyrr. At lita paa dette Partiet er – som det stender skrivit – at stydja seg til ein veik Røyrstav fraa Ægypten. Men derfor skal eit Blad likefullt halda med det, naar det hever Rett, og Chr.-Posten, som i denne politiske Tanken ligger eit Tjug Aar tilbake i Tidi, han maa tru, at Ueland hever Rett, endaa han ogso med det same maatte segja, at Stabell havde Rett i si politiske Gjerning, fyrr han vard usams med Ueland, for Ueland var den store vise Politikus, og Morgonbladet var hans Prophet. Men det laag meir i Lufti daa enn no at vera slik ein Prophet, og Stabell hever gode Nasar til at vedra der Vinden kjem ifraa. I denne Vedring ligger Morgonbladets store Magt, og solengi det hever denne sin gode Lukt, so nyttar det aldri det mindste at føra Krig imot det. Derfor gav Aftenbladet seg slikt eit Ulivssaar, daa det vardt eit Partiblad for Ueland og hans «Reformforening.» Det var no ikki klokt skrivit det, som stod der, men den største Dugleiken vilde aldri kunna hava gjevit slikt nokon Gildskap: til dess ero vaare Lesarar altfor kloke. Eg trur derfor ikki at Aftenbladet vil gjera Lykke med sine lange StykkiStykki] retta frå Styiki mot Stabell no, endaa desse ero godt skrivne og visar Mannen, som kjenner godt til den eldre Tid og Stabells Politik. Folket er leid af at høyra nokot om Stabell og Ueland. Det er gamle Skinnbrøker, som den finaste Hakking og den feitaste Steiking ikki kann gjera ætelege, naar Folket som her veit, kvat det er for ein Rett. I alle desse Segnir vitste ikki Folk, kvat det var, dei aato, fyrr det alt var forseint.

Det er ogso ein Skort ved denne Aftenbladsmannen, at han ikki altid segjer, som det er til. Soleides segjer han, at Galleriet elder Storthingets Aahøyrarar ropade Hurra, daa Stabell 1845 ikki vard valt til Bankadministrator. Saki er, at Folket ropade Hurra fordi SchweigaardSchweigaard] Anton Martin Schweigaard, jurist og politikar vard valt og ikki fordi Stabell ikki vard valt. Det upplyste Folket vilde faa Schweigaard fram, og daa den Meining sigrade, var Folk glade. I denne Gleden laag vistnok ogso Gleden yvir, at Stabell og Uelands Kunnstir fallt; men det rette er daa vel at tyda Gleden for det som hende istadenfor det, som ikki hende.

Denne Mannen i Aftenbladet er den rette Mannen til at huda og hengja Stabell og Ueland ogso, for han gjerer no Narr af deim baade tvo. Naar Ein seer slike Stykki, som Stabell skreiv yvir Ueland 1846, so er det sannt det, som eg sagde til Ueland: «Du hever dit gode Hovud at takka for, at du ikki er galnare enn du er.» Det var inkje Under, at Partiet tenkte, at det var ei Magt, naar det i Landsens mest lesne Blad saag, at det havde slik ein Anførare. Det var heller inkje Under, at Morgonbladet og Stabell i den Tid vaaro so vanvyrde af det upplyste Folk, at Hovudstaden klappade til Comedien, som drog Stabell fram og rødde om Lygtepælen. Det var slett ikki fortidleg for Stabell at snu om med sit Morgonblad, naar det skulde vera Organ elder Talereidskap for Landsens politiske Meining. Ueland og hans Parti havde tent ut: det havde ikki meir at gjeva Stabell, og det havde utført sin Mission elder Sendebod som politisk Parti: Dei eldre Embættesmenn fraa den danske Tid vaaro døydde ut, og den største Ujavnskap i vaar Yvirgang fraa ein einstyrd til ein folkestyrd Riksskipnad var javnad ut. Landet trong ikki lenger til slike Paradoxer elder Tverdømi som dei, at Heimfødingen er den største politiske Viismann og Fridomens Berare. Det var ikki lenger naudturvelegt at gjera Kunnskapen og Vitenskapen mistenkt for Trældomstankar. No kom den Tid, daa Upplysning kunde kjennast for at vera det, som ho er, og det er Fridomens Sol. Og vaar gjæve norske Bonde kunde no vera det, som han er, og det er den støde Mann med det friske Mannavit, som ogso maa vera med i vaart politiske Styr og Stell og det endaa talrik, men ikki den mest raadande. Han kunde no verda det, som han er og ikki skruvast upp til det, som han ikki er og aldri kann verda, og som han sjølv i LengdiLengdi] retta frå Lengde vilde vera ille tent med. Og med dette var det ute med Stabells og Uelands Magt paa den Leid. Men Stabell er liksom Katten, at han altid verd standande paa Fotom, om han støyter Staalhuva elder Hovudkraake elder «Kolbotte.» Han vard Hovudstadens Hjælp i Pengenaud, liksom han fyrr var Bondepartiets Hjælp i den politiske Naud. Alt til Tid og Stad, meinar Stabell. Og Størsteparten af Landets Lesarar vilja halda med honom no som fyrr, daa han var paa sit Beste, for Folket helder altid med den, som kann gjera Andre til sin Reidskap, og med dette hava Magti og styra. Og Folket lær berre aat desse gamle Reidskapar, naar dei koma baketter og klaga liksom Ueland og hans Parti. Spott og Skade fylgjast aat.




22.04.1860 (Nr. 27)

Bladsjaa.

Daa dei mange Svenske med sine Talereidskap, sosom «Nya dagligt Allehanda» her i Vetr og Vaar vaaro so uppøste mot os og galne, daa riste dei fleste af os paa Hovudet og sagde: «Nei so rasande galne kunna me aldri verda;» og eg sagde endaa: «me hava ikki havt vaar Fridom for ingen Ting.» Jau, det skulde eg tru! Nei, no ero me midt uppe i same Galskapen som Svensken var. Vaart Aftenblad og Christiania-Posten ero likso galne i kver einaste Stad som Allehanda og Götheborgs-Tidenden nokotsinn var, endaa naar ein Villstyring kjem rett langt upp i Villskapen sin, so er det ikki godt at afgjera, anten han er verre elder betre enn ein annan. «Dei ero galne baade tvo,» plaga Folk segja, og leggja klokt til: «Det er ikki alle Galningar paa eit Vis; dei ero ikki Alle saare paa same Sida.»

Men i den Ting ero daa baade samtykkte, at kvert Lands Fridom og Sjølvstøda og «Nationalitet» paa det mest blodige er saarat, og at desse Folk ikki tola slikt, utans at dei ero so dovne og like fæle, at det er ute med deim. Dette er ei sann Arnemanns-Tale, som kann faa Kvendi og Born til at skriva under i flokkevis. Daa me høyrde slikt fraa Sverike, sagde me, men mest med os sjølve: «Nei Gud fri os! hava me gjort somykit Vondt mot Sverike! det vitste me ikki det mindste um! Er det ikki fælt for alt det Ein kann gjera uvitande! den synduge Naturen er listig han.» Det vardt sagt os solengi, at me vaaro slike Ugjerningsmenn mot Sverike, til me mest maatte tru det sjølve. Det gjekk med os som med ymse Kjeringar i gamle Dagar, daa Folk havde det so annsamt med at sanka Trollkjeringar til at brenna paa Baal. Dei stakkars Kvinnfolk vorde solengi skuldade for all den Trollskap og Djevelskap, som til var, at dei sist paa sjølve trudde, at det maatte vera sannt, berre dei ikki kunde minnast det.

No bitalar Aftenbladet og Posten Svensken med same Mønt, og sovidt me no alt kunna sjaa, verda dei Svenske likso forfælde som me yvir at vera slike Illgjerningsmenn. Dei maa tru at vera sanne Trollfolk dei ogso. Desse Svenske, som vaaro verst imot, trudde vist liksom me her, at dei vaaro i sin gode Rett,Note i Dølen: Me maa tenkja dette og ikki tru, at dei Svenske vilde brjota Eiden sin og taka til Nevaretten. Sjaa me eigong dette, verdt det annat Aalvor i Leiken. og derfor maa dei no liksom me fyrr i Vetr lik gamle Jeppe paa Berget klypa seg i Armen og kjenna, um dei drøyma.

Eg minnest ein Mann heime i mi Bygd; han hét endaa Ledvor Rudet.Ledvor Rudet] Ledvor Olsen Rui, umyndiggjort, frå Vinje Han sat lengi bundin, for han var bindande galin; men so stiltest det somykit af med honom, at han imillem fekk raada seg sjølv nokot litit sosom at ganga ut med Stabben og hogga Ved. Der var ein annan Mann; han hét endaa Gunnar Thorsteinson.Gunnar Thorsteinson] elles ukjend vinbygg Han var ogso galin men ikki heilt upp bindande. Han reiv det sette Bodord ut af Katekisma og ellers foor ikring og rødde som ein Villstyring. Sterk og stor var han. Til Rudet kom han ein Dag, og so skulde daa han og Ledvor ut at hogga Ved. Men so komo dei til at trætta um den rette Legging af Vedaladet (Stabelen), og Gunnar treiv i Sinni Øksi og vilde liksom leggja til han Ledvor. Daa flaug Ledvor inn og sette seg paa Krakken som eit annat vitugt Menniske og sagde: «Hu, hu! nei, han er daa reint galin han.»

Soleides sjaa me her den eine Galne gjera den andre klok. Allehanda talar rett som eit annat klokt Blad, naar ho umskriver for sine svenske Lesarar Posten og Aftenbladet.

Og naar no alle Chr.-Postens «Fabler» og Aftenbladets «Tag Stød» med alt det andre, som desse Blad hava skrivit, naar alt dette kjem fram, so verdt vist baadi Allehanda og dei andre Blad liksom andre vituge Folk.

Allehanda med sine Folk burde taka uppatter Galskapen berre for at faa Vit i Posten og Aftenbladet. Det er so, maa vita, at Ein fyrst maa hava vorit galin, fyrr slikt biter paa.

Er det no ikki ein Lagnad dette, at alle desse Blad just nettup med Villskapen sin paa den beste Maaten skulde føra til Utsoning Riksimillom! Vis og klok Tale vard ikki høyrd paa, det var at tala til den Dauve. Naar full Man talar i Ørska, so er det Ingen som skynar honom betre, enn den, som er like full og galin sjølv. Dei reiv med seg alle Javnlikar, og det var mange. Det gjekk so langt, at alle kloke Folk i Sverike maatte skilja seg or dette Selskap. So gjenger det ogso her. Men daa Aalvoret kom paa Toppen sin, stakk Skalkehermingi elder Parodien fram det flirande Anlitet sit. Eit Faafengs-Krav og ein Faafengs-Rett, som baade gjordest gjeldande med slik Styrke, maatte enda paa den Maaten.

Noreg og Sverike burde liksom Kongarne i gamle Dagar løna sine Hoffnarr, som nok ogso bøygde af mangein Krig. Det saag stygt ut, og havde Ingen gjengit so langt, at det friske Mannavit ikki lenger kunde vera med, so vilde Enden kunnat hava vorit usedd. Enden kann vera langt burte enno etter ei slik Hjælp.

Dersom det endaa etter alt dette skulde koma til Aalvor, so senda me baade tvo fyrst ut i Krigen desse vaare Arnemenn: Posten, Aftenbladet og vaare andre Villstyringar. Dei Svenske, Allehanda, Götheborgs-Tidenden og BrakelBrakel] Mauritz Brakel, kaptein og riksdagsrepresentant og NorströmNorström] Johan Jakob Nordström, riksarkivar og riksdagsrepresentant osv., for

«Fyrst,» sagde dei Gamle, «den Mann maa slaa,
som er grøvst i Munn,
for den, som kann gjøy, han byr bita ifraa,
daa han er Hund.»

Det skal verda Strid, det. Og so sjaa me andre Borgarar, som vilja hava Fred og Fridom og Broderskap og Utsoning og Framvokster, me sitja paa kvaare Sida af Kjølen og sjaa paa desse vaare Fyrigangsmenn, som vist kunna bruka Neven likso godt som dei fyrr brukade Kjæften. Og dersom dei vilde draga seg undan sjølve, so skuva me deim fram og segja: «Nei Takk! det var du, som fann paa det.»

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

Spalten «Bladsjaa» dukket opp for første gang i det tredje nummeret av Vinjes avis Dølen (07.11.1858), og for siste gang i nummer seks av den siste årgangen (06.02.1869). Disse tekstene var kommentarartikler som tok for seg aviser og avisdebatter. Som både redaktør og journalist for ukeavisen Dølen (1858-1870) fulgte Vinje med på både den nasjonale og den internasjonale pressen i samtiden.

I denne tekstkritiske utgaven blir alle bladsjå-artiklene for første gang utgitt samlet, redigert av Kristian Lødemel Sandberg, og utstyrt med innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og navnekommentarer.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap, med støtte fra Norsk kulturråd.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.