Bondestudentar

av Arne Garborg

I.

Thi ser I til, som aarle opstaa – Og sidde om Aftenen silde – Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro – Saa ville I gjøre eder rige: – med Kummer I æde det harmelig Brød, – Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’, – Naar de monne sødelig so-ove, – song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.

Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huse; for Ole Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje vakt; og alt um han stundom hadde freista paa aa umvende seg, so hadde han ikkje fengi dette til, totte han; so det laut vera til han vart gamall og fekk betre Stundir. Men han tenkte likevel at det var best aa halde seg til Guds Ord so mykje ein kunde; han heldt Bøn kvar Morgon, og i desse Bønnestundine maatte heile Huse vera med.

Fyrst song dei ein Salme; so las Ole Johannes Bøni i Salmeboki, og dessutan stundom eit Stykke i Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa; sistpaa bad han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det var ikkje alltid at Salma av Kingo høvde til Stykke i Skattkista; men det gjorde det same; det var Guds Ord alt; og Guds Ord hadde ein alltid godt av aa høyre.

I Dag raaka det elles so til, at Salma og Teksti høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje skulde syte for Mat og Klæde; Vaarherre vilde sjølv syte for alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Take og Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde eller spann; og var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte tilslutt um Enkja i Sarepta og um Enghønune i Øydemarki, og tala strenge Ord um den Vantrui som gjorde, at i Staden for aa slaa vaar Lit til Vaarherre so gjekk me og stræva og sytte for desse arme jordiske Ting, liksom det var me som kunde faa Grase til aa gro eller Korne til aa vekse.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, lika baade Salma og Lesestykke; og ynskte berre at dei no vilde lìva etter det. Men daa Bøni var lesi, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias – eldste Sonen – og han Reinert – Tenestguten – og Daniel ut i det surkalde Vêre paa Vaaraann-arbeide – hu! daa var det ikkje fritt for at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Det heldt på med Blaastr og Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeide. Daniel tenkte paa si varme Seng, og paa Stogo der heime som Mor visst no hadde sopa og fengi varm, so der var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det som stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel giorde baade undrast og harma seg. Han sette seg fyre at han vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk det var Moro aa gaa slik aa træle? Eller var det ikkje sant det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange Spursmaal um dette, totte han. Men naar han skulde til, blygdest han; og det hadde so nær gjengi som det vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja eller spyrja um noko: det hadde so nær ikkje vorti av. Men som Daniel stod der og skugra og fraus og var reint ille i Lag, stana Ole Johannes med Plogen like ved han; og ingin annan var paa Høyrslemaal. Daa skaut Guten Hjarta i Live, snudde Ryggen til Far sin, snugga seg og fraus og sagde: her er ufyse aa vera ute i Dag.» – «Aa ja,» meinte Ole Johannes; «men vil me ha Mat til eit anna Aar, so lyt me nok vera ute.» – «Ja men … kvi stend det daa slikt i Boki … som det me las i Dag?» stota Daniel; han stanga med Moldgreipi i Treskoen sin; det var fælt rart aa koma med slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundra, ja mest rædd. Kor kunde Guten koma paa sovori? Endeleg sagde han, og slog paa Gampane til aa faa deim i Gang att: «soh! hypp! Der stend det i Boki, Far min, at … soh! vil du goh! … at den som ikkje vil arbeide, skal heller ikke æde; veit du ikkje det? Hypp! soh!» – Gampane vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen att, strìta og sterta og kom endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skeivla avstad etter Plogen og tenkte med seg: «jamenn er der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera Bonde.»

Men Daniel stod etter motfallin og litin og undrast paa, at alltid skulde daa dei vaksne hava Rett. – –

– Vaarvinna var endeleg slutt; no skulde det vera Skule ei 3–4 Vikur millom den og Slaatten. Ole Johannes lika ikkje denne Skulebolken midt paa Fyrisùmaren; for daa hadde dei Bruk for Smaagutane heime. Og det var ikkje fritt han slog paa, at det var best Daniel var heime av Skulen i Aar. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa arbeide; der fekk han leike seg i Sundagsklæde saman med Felagar; og inne i Skulen greidde han seg, so at han lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han til Mor si og sutra og bad for seg; og ho Mari laut daa som vanleg vaaga Trøya for Guten sin. Og ho fekk fram det ho vilde; ho visste kva Kant ho skulde taka Gamlen fraa. «Du ser det er Hovud paa Guten,» sagde ho; «og Hug til Boki hev han au; kven veit, kva det kann verta av han, dersom han fær Lærdom?» – «Aa, han fær vel halde seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett han i,» svara Ole Johannes tvert. «Ja ja; men me hev no set so mangt av det Slage,» svara Maren. «Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart Prest! – Ja, me skal no ikkje tenkja so høgt, veit du; men det er daa ingin som veit noko.» – «Du snakkar som du hev Vit til,» meinte Ole Johannes. «Men naar Guten plent vil paa Skulen, so fær han vel gaa daa, veit eg!» – Glad var Mari, og endaa gladare Daniel.

Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det reinslegt og koselegt inne naar Skulen var paa Garden; og Skulemeistaren var snild; han slog ikkje andre enn deim som gjorde Fantestykkje; og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judit heller. Det maatte vera gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja sundagsklædd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann av alle. God Mat fekk han au; og Skulen var daa ikkje stort anna enn ein Leik mot aa gaa og vabbe i Moldi. Daniel tenkte tidt med seg: den som kunde verte Skulemeistar!

Paa Skulen fekk han ein Dag ei Utgreiding um Arbeide som han lagde Merke til. Dei hadde i Forklaaringi um Syndefalle; og der viste det seg daa, at Arbeide var komi av Syndi. Hadde ikkje Syndi vori, so hadde me vori frie Arbeide. Vel hadde Adam og Eva arbeidt paa ein maate i Paradis au; det stod at dei var sette i Edens Hage til aa dyrke og vakte den. Men fyri Syndefalle var Arbeide berre som ein Leik eller ei Moro; for daa var Natturi so godviljug mot Menneskje at Arbeide gjekk av seg sjølv, og gav dei rikaste Fruktir for mest inginting. Derimot etter Syndefalle hadde Natturi vorti so vrang og forvend, at ho berre gjorde Motstand mot Menneskje; Arbeide no var ein tung Trældom i Sveiting og Stræv; og endaa gav Jordi so lite av seg, at det berre var so vidt me kunde lìva. Dette totte Daniel han forstod. Arbeide var ei Straff! Det var som naar dei sette vonde Folk paa Tukthuse. Aa den Skarven den Adam, som berre for eit einaste Eple hadde ført all denne Trældomen yvi oss; og det han som hadde Hagen full av Eple og Kirsebèr, som han kunde eta av so mykje han berre vilde!

Men, heldt Læraren fram, maatte ein ikkje segja at Gud var streng, naar han straffa oss paa denne Maaten? Var det ikkje stygt av Gud aa leggje so hard ei Tyngsle paa oss? Daniel visste at ein maatte ikkje segja Gud gjorde noko som var stygt; han svara hugheilt Nei, endaa han i Grunnen undrast paa, korleis Læraren vilde klara dette. Men det viste seg, at Læraren her som elles visste korleis han skulde klara det. Nei, sagde Læraren; det var ikkje stygt av Gud. Tvertimot! For etter Syndefalle trong me um aa arbeide i Slit og Stræv; elles vilde Syndi faa altfor stor Magt med oss. Det var eit gamalt Ord som sagde, at Lediggang var Satans Hovudgjerd; og var ikkje det sant? – Jau. – Jau; det var sant. Hadde me ikkje denne Trældomen paa oss, so vilde Djevelen fylle oss so upp med vonde Tankar og freiste oss so hardt til alt som vondt var, at det vilde ikkje bli livande for oss paa Jordi. Læraren fekk sistpaa ut, at endaa Arbeide i Grunnen var ei Straff, so var det likevel ei Velsigning. Daniel kjende seg reint litin under all denne Visdomen; det nytta nok ikkje for Smaafolk aa vilja gjera seg Tankar um nokon ting.

Han vart mest rædd seg sjølv, som hadde so lite Arbeidshug. For daa maatte den Vonde lett kunna faa han i si Magt. Men fyrr han vardest fekk han Trøyst mot denne Suti. Det var ikkje berre Arbeide med Hendane som var Arbeid, sagde Læraren; langt ifraa. «Kva meiner de um Presten? Arbeider ikkje han?» Daniel svara jau, som han skýna han skulde. Og Svare var rett. Presten, Futen, Skrivaren, Amtmannen, dei arbeidde i Røyndi likso mykje som me, og stundom meir; «og kva trur de er stridast: Hand-Arbeid eller Hovda-Arbeid?» Fleire tok i Miss her. Men Daniel skýna kva Svar Læraren vilde hava og svara høgt og trygt: det er tyngst aa arbeide med Hovude. Og Læraren gav Daniel Rett; gjorde endaa Narr av dei andre som kunde svara so tankelaust. Dei skulde freiste aa arbeide med Hovude, liksom Presten, dei, so skulde dei faa kjenne! Den som skulde sitja baade Natt og Dag og lesa i djupe Bøkar og studdere framande Maal, ja lesa sjølve Bibelen i Grunnteksti, so kunde ein nok faa Sveiten ut, meinte han; dette Arbeide leitte og so mykje meir paa Helsa.

Daniel vart forundra. Men glad og; no visste han, at han kunde bli baade Skulemeistar og Prest for den Skuld; Djevelen fekk ikkje meir Magt med han for det. Tvertimot, kunde han vel vìta!

Han skýna dette um Arbeide no. Det var Slite med Hendane som var paalagt til Straff; men Stormannsarbeide, det var høgt og fint, og gav dertil Ære og gode Dagar. Og daa han sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyre att det Salmeverse um, at «Gud giver sine baade Klæder og Føde, naar de monne sødelig so-ove», so skýna han med ein Gong, at det var Prestane og dei høge som Gud heldt for «sine» og gav Mat og Klæde medan dei laag og sov; aa, den som kunde koma i deira Lag. Ja um ein berre kunde bli Skulemeistar! –

– Ætti paa Sørbraut var ikkje gamal; dei mintest ikkje lenger att-ende enn til Farfar hans Ole Johannes. Men det skulde ha vori ein Raring. Han hadde vori ute i Kongens Teneste; og daa han kom heim att var han so klok vortin, at han meinte han skulde kunna faa til eit Gangverk som gjekk av seg sjølv. Dette fekk han ikkje til; men han skulde ha laga ihop mange snodige Greidur. Son hans hette Dagfinn; det var honom Daniel var uppkalla etter; han hadde vori Skattegravar. Alle dei Haugar som paa Garden fanst hadde han rota upp; men han hadde ikkje funni anna enn noko gamalt Jønnskrap. Og Garden hadde han ikkje brýtt seg um. So kom Ole Johannes. Han hadde vori Skulemeistar i Ungdomen og galdt for ein klok Mann. Men stilt fór han og smaatt; og ein Arbeidar var han so trugin som ein Træl; og dei sagde han hadde arbeidt seg so vidt upp no, at han mest var skuldfri paa Garden. Han hadde tri Sønir. Den eldste, han Elias – «Lias», som han heitte til Kvardags –, var ein tung Slamp, men ein Arbeidstræl liksom Faren; den andre, han Jeremias, hadde fari til Sjøs og vedkjem ikkje denne Sogo; etter Jeremias kom ei Dotter, Naomi, som «hadde vori so sæl at ho hadde fengi døytt»; so kom Judit; og so Daniel. Han svìpa visst attpaa gamle Dagfinn; for der var Hovud paa han, sa Folk; han «var den klokaste i heile Huse». Det var ikkje nok med at han kunde lesa og skrive og rekne med; «han var so brennande god til aa svara or Grunnen»; «det var som han kunde vera Son aat Presten mest». Men Arbeidshug hadde han ikkje; «han kunde visst ha best Hug til aa vera Skattegravar liksom den han heitte etter».

Men større Draumar vaks hjaa Daniel.

Det gildaste og gjævaste som fanst, det var dette store straalande – Taarn, liksom, av Magt og Glans, som bygde seg upp i Lande fraa Lensmann og Skulemeistar gjenom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann høgre og høgre, meir og meir glimande, like upp til Kongen, som stod øvst paa Toppen og var klædd i berre Gull. Dei som høyrde med i dette Taarnverke var store og megtige og fine og kloke; men dei som ikkje fekk vera med der, dei var liksom Israels Born i Ægypti, daa dei gjekk og reidde Leir for Kong Farao. Berre aa faa sjaa desse Kongens Tenarer i deira fulle Glans totte Daniel var ei Høgtid. Som dei steig fram for den glaapande Mugen i sine herrelege Klædningar, strake og høge, med glinsande blanke Styvlar, med snøkvite Kragar um Hals og hendar, med blanke Brillur yvi morske Andlit og med Gullkjedur og Gullringar baade her og der, syntest dei for Daniel som noko himilskt og forunderlegt, som han aldri kunde sjaa seg mett paa. Og so audmjuke som Folk stod, naar desse Storkarane viste seg, og so bøygd og litin som jamvel den gildaste Bonden vart, berre han skulde tala med ein av deira Kantorgutar! Det var Karar som hadde Magt. Og so fint som dei tala! Eit Høgtidsmaal var det; det reine Gudsord mot vaart tunge seine Bondemaal. Og so lærde og kloke som dei var. Naar dei tala til ein, galdt det berre aa vera gløgg til aa forstaa, og snøgg til aa samtykkje. Dei lika det, desse store, naar Folk forstod deim strakst, og sagde ja med sama; for so slapp dei aa segja det uppatt. Og um ein kannhende hadde ei onnor Mening, so maatte ein aldri vera so styvin at ein kom fram med den so dei høyrde det; nei; med Kongens Tenarer galdt det aa fara fint; for dei bar ikkje Sverde forgjæves, som der stod i Katekisma. Det var noko med det fyrste ein laut lære, det, at ein aldri maatte motsegja ein Storkar. Og enn slik som det var aa koma inn til desse folk! Daniel hadde vori med Far sin paa Prestegarden eit Par Gongir, so han visste det. Der var so reint og fint at ein maatte tru dei vaska Golve kvar Dag. Og Stolar og Bord var gjorde av Tre som blenkte; og der var Blomar i Vindaugo fagre som i Paradis og Forheng so lette og kvite som Kveldskyir paa Himilen; og paa Veggen var der Bilæte som var so reint paa ein annan Maate enn den Jomfru Maria og den Keiser Nikolaus dei hadde heime, at der var ikkje Liknament. Og blanke Messinghamrar i Dørom; og Glasskaap med raude og blaae og forgyllte Bøkar; og eit stort underlegt Spél som dei klunka paa so vent at ein kunde graate; og eit kvitt Marmorhovud uppe paa ei Hylle; og so mange, mange fine Ting som han ikkje visste Namn paa; og yvi det heile ein Daam, noko reint og mildt og himilskt; ein fin Ange som han ikkje kunde forklaare seg, og ein linn, mjuk, smeikjande Varme som ikkje tyngde, og som ein ikkje vart svevnug av… aa, aa; det var ikkje til aa utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel til ein Himil paa Jordi, som han knapt torde drøyme um aa naa, men som han drøymde um jamt endaa. Di eldre han vart, di meir tenkte han med seg, at fanst det Raad, so laut han ut or Trældomen og Tre-skorne og Vadmaalsbroki og den laage, myrke Bondestogo. Aa, den som berre var vaksin!

I Bygdi gjekk der ei stor Fraasegn um Son hans Jo Kleppe, han fraa Berg Sokn, som hadde vori i Kristiania og «lesi seg fram til prest». Han hadde stræva i mange Aar fyrr det vart noko av; for det var nok ein fælt strid Skule. Gong paa Gong laut han upp til Prøve; og det gjekk stundom gali og stundom godt. Det hadde nok spela reint paa Vite for Guten sùme Tidir; men paa hadde han drivi og fram hadde han vunni; «og no,» enda Sogo, «er han Prest der nordpaa ein Stad, og hev kanskje sine 600 Dalar um Aare!» Det var Oskeladden som hadde vunni Kongerike; for Daniel lyddest det som Lurtonar som lokka til Eventyr.

Skulde slikt kunna hende med honom? Presteskulen var skræmeleg dyr. Sjølve Rikingen Jo Kleppe hadde vorti Fant, av di han hadde kosta so mykje ut paa Sonen. Og han Far, Stakkar, han var nok ingin Riking han.

Men meir og meir drøymde Daniel um Presteskulen. Kven kunde vita; det var ein som styrde alt. Og det kunde koma baade Raad og Hjelp, naar berre han vilde.

Dei hjelpte han aa drøyme, Bygdefolke med. «Det kunde verta noko stort av den Guten,» fekk han stundom høyre at den eller den hadde sagt, «berre det var nokon som vilde halde han paa Skular.» Noko stort! Det maatte vera Prest, det. –

– Dei hadde fenge ein ny Kapellan der i Gjelde for eit Aars Tid sidan: han heitte Hirsch og var austantil. Det skulde vera slik ein snild Mann, denne Hirsch. Daa Daniel gjekk og las, fekk han gaa for honom.

Der var noko serskilt med denne Mannen. I Kristiania var han komin i Lag med Folk som hadde ført han med seg inn i ein reint ny Tenkjemaate; av deim hadde han lært noko som Embættsmennar aldri hadde visst um fyrr: «Tru paa Folke» og serleg Tru paa Bonden.

Det var Bonden som sat inne med dei bundne Kraftir i Lande. Hjaa Bonden drøymde dei uløyste Tankar, som skulde reise det nye Norig. No var Hirsch komin paa Bondebygdi. Og alt um han i Grunnen totte Bonden saag annarleis ut enn han hadde tenkt, so drøymde han likevel stødt um den Aandskrafti han meinte han her skulde finne.

Kapellan Hirsch lagde snart Merke til Daniel. Han lika denne sterkbygde Guten med det rolege godslege Andlite; serleg lika han Augo. Dei kunde sjaa so blidt og trufast paa ein, desse Augo; det drøymde Aand i deim, meinte Hirsch. Og til hans store Glede viste det seg, at Guten hadde Gaavur. Det var ikkje nok med at han lærde Leksune; han skyna det han las, og visste so merkeleg godt aa finne dei rette Svari. Med stigande Vonir fylgde Kapellanen Guten ut gjenom Bøkane. Og sistpaa visste han, at dette var ei bundi Kraft. Han spurde etter um Daniel hjaa Læraren hans, og fekk høyre baade av honom og av anna vìtugt Folk, at det var ein Gut med gode Gaavur. Kapellan Hirsch vart so glad som han skulde ha funni Gull. Og han sette seg fyri at han vilde freiste aa løyse denne bundne Krafti. Eit stort Verk vilde det vera. Ein einaste Mann som gjekk frisk og sterk fram av Folkegrunnen, vilde kunne gjera meir enn nokon av oss andre i det nationale Atterfødingsarbeid; det skulde me her med Guds Hjelp faa sjaa.

– Daa Daniel var konfirmera, fekk Kapellanen ein Sundag fat i Far hans med Kyrkja. Og han talde for Ole Johannes det beste han kunde: denne Guten burde ein sjaa aa faa hjelpt fram. Ole Johannes vart so fornøgd yvi dette, at det var so han raudna i sine gamle Kjakar. Men det vilde no vel bli for dyrt? Kapellanen svara, at han vilde lesa med Guten sjølv so langt han kunde, og det skulde ikkje koste nokonting. Daa blenkte det sterkt upp i Augo hans Ole Johannes Sørbraut. Dessutan, heldt Kapellanen fram, skulde han tala med Klokkaren, so Daniel kunde faa gaa fritt paa Klokkarskulen; det var mangt han best kunde lære der. Ja dette var fælt snildt av Presten, sa Ole Johannes. Reint overlag snildt var det; men … var ikkje Presten rædd det kunde vera faarlegt for Guten aa faa so mykje verdsleg Kunskap? – Nei; Kapellanen meinte at mykje Kunskap gjorde ein Mann godt; det var litin og falsk Kunskap, som «uppblés». Ja, ja; Presten forstod no det best han. Men trudde Presten, at det kunde vera Raad, at Guten kunde … koma so langt fram? – Ja; Kapellanen trudde han kunde koma langt fram. Han vart sistpaa trøytt av alle desse aandlause Motlegg og Tvilsmaal hjaa denne Bonden; han sagde han totte ikkje Ole Johannes burde setja seg imot dette, naar han so tydeleg saag det var Guds Vilje; han skulde tenkje Vaarherre kannhende hadde større Tankar med Guten enn han kunde forstaa. Daa Ole Johannes høyrde dette, gav han seg. Tilbòde var no og so godt, at i Grunnen kunde ein ikkje bjode det av. So gjekk Ole Johannes heim baade byrg og uroleg yvi det som i Dag var avgjort. Men Kapellanen var glad som ein Landvinnar. Det skulde bli eit herlegt Arbeid aa faa saa og plante i slik ei naturfrisk Barnesjæl.

Daniel var som ør av Glede. Han gjekk og lo ein heil Dag. At slikt kunde hende! At han, som berre var ein stakkars Bondegut, kunde hava slik ei Lykke! Aa Gud velsigne den Presten Hirsch; han vilde aldri gløyme Presten Hirsch dette; nei aldri. –

Ein Dag ut i Viko rusla gamle Ole Johannes paa Bygdi og laante seg nokre Dalar, som skulde vera til Bøkar. Det var som heile Huse kom i Høgtidslag. Men ute paa Bygdi tala dei no med Forundring, og helst med Fliring, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv at han vilde bli Prest.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.

Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.