Var Kapellan Hirsch glad for han hadde raaka paa ei bundi Kraft, so var han ikkje mindre glad for at han skulde faa prøve sin nye Metode.
For den visste han var god. Det var den naturlege. Den, som alle Meistrar i Uppfostringskunsti hadde brùka. Han vilde ikkje plugge Guten full av Bokstavar; han vilde lære han Livsvisdom. Dyrke hans Hjarteliv som hans Tankeliv; lære ‘n aa kjenne aa elske Aand. Ei frisk Naturkraft soleis fostra, den maatte vekse seg fram til noko ut-ifraa.
Daniel kom til Presten i glade og urolege Tankar. Han venta seg Leksur so lange som Kyrkjevegen, og ei Utspyrjing so streng som paa Domedag. Men so fekk han høyre at dei ikkje skulde bry seg med Leksur. Og istadenfor aa spyrja sette Kapellanen seg til aa fortelja. Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra vel etter» dessmeir, so han kunde «hugse det til næste Gong». Daniel undrast med seg. Kunde slikt bera fram til Lærdom og Eksamen?
Naa; Kapellanen skýna vel det best, han. Kapellanen visste nok kva han gjorde. Det var kannhende paa den Maaten dei tok det, desse fine; dei brydde seg vel ikkje um aa træle med Leksur og slikt dei.
Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at den Maaten dei her bruka ikkje var den vanlege Latinskulemaaten, vart Daniel uroleg. Han stirde med store Augo paa denne Mannen som vaaga aa brùka sin eigen Skikk og trudde seg klokare enn baade Bispar og Provstar. I Grunnen vilde Daniel helst havt det som ein vanleg Latinskulegut. Og han hadde kjent seg tryggare, um han hadde visst dei gjekk fram paa den fyriskrivne Maaten. Men ein kunde ikkje segja slikt til Kapellanen. Han slo seg til Ro og saag paa Læraren sin med Augo som sa: du veit det best; gjer med meg som du synest.
Det var Sogo Kapellanen i dei fyste Timane dreiv paa med. Daniel hadde kvar Gong den tyske Maallæra med seg, og lagde ho paa Borde framfyre seg som ei tagall Bøn; for so lengi han ikkje kunde Tysk, var han ikkje klokare enn andre Bøndar. Men Kapellanen let det tyske liggje.
Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar. Og serleg lagde han ut um Trui aat desse Fedrane. Fram steig dei for Daniel i lysande Rad, desse høge «Aser», som han aldri fyrr hadde visst var til; Gud etter Gud kom dei straalande, fyrst tri i Tale, sidan tolv, og «Aasynjerne» med, store og fagre, med lysande Haar, med Gulltaarir, med Aasyn ljose som Dag-Randi, med Augo so klaare som dei bleike Stjernur. Og Odin sat høg i Hlidskjalv med sine Ramnar; han saag ut-yvi Verdi og visste alt. Men Thor rulla rundt ikring alle Himlar og slog Jøtnane i Stein med Hamaren sin. Balder var den milde Ljosguden som skifte rett millom alle, men laut døy for Lokes List og fara til Hel; Frøy var Gud for gode Aar og ein veldig Herre, men gav burt sitt gode Sverd av Elsk til ei Gygr. Daniel hadde aldri høyrt slikt; han sat og lydde, so han gløymde baade det tyske og alt anna; han stirde paa Læraren sin med Augo so blide og trufaste som Augo paa eit Barn eller ein Hund.
Det var eit Par forunderlege Augo, tenkte Kapellanen. Dei hadde noko ved seg som han lengi ikkje fann Ord for; men endeleg forstod han det: dei viste slik ei Gaave til aa tru. Men var det ikkje netupp den Gaava Tidi trong um? Staalsliti og sjuk laag ho og geispa etter Tru som Fisken paa Land etter Luft; gjenom alle sine Dikt skreik ho etter Vilje og Tru; den, som skulde kunna frelse no, maatte vera Mannen med Barnetrui. Og den hadde Bonden. Vaarherre hadde stelt det so godt for dette Lande, at naar Trui dovna av i dei øvre Lag, so kunde dei nedre Lag stige fram og frelse; det var dette som fyrst og fremst gjorde Bonden til vaar Fremtidsvon. Alle store Gaavur nytta lite utan den sterke, hugheile Trui; men med den skulde Bonden, rik paa Kraft som han elles var, byggje det nye Norig.
Kapellanen heldt lengi paa med den «nordiske Gudetru». I den livde vaar gamle Folkeaand sterkast og klaarast; gjenom den var det at Normanna-Anden skulde vekkjast paa nytt. Og han saag at ho grodde i det unge Sinn. Det var forunderlegt, det var styrkjande aa sjaa, kor lett denne unge Sonen kjende seg att i Tankeheimen aat sine Fedrar.
Men Daniel var upp i Under yvi all den Visdomen som Fedrane hadde hadde[sic] nedlagt i Gudelæra si. Han gjekk heim fraa desse Timane i djupe gamalnordiske Draumar og tenkte med seg, at dei gamle Nordmennane laut ha vori anna til Karar enn desse Kruslingane no for Tidi.
Men daa han ein Dag fortalde Mor si kva han lærde hjaa Presten, vart ho forskræmd og spurde um Presten vilde gjera han til Heidning. Han maatte telja for henne baade lengi og vel, fyrr ho vart roleg; og han tala aldri um dei «høge Aser» heime meir. Men di mindre han torde fortelje, di meir drøymde han.
Ole Johannes spurde ender og daa etter um han lærde mykje Tysk. Daa var Daniel i Beit. Men han fann paa aa segja at det var so mykje ein maatte lære fyrr ein kunde taka paa med det tyske; og det lét Ole Johannes seg lite med. Paa same Maaten greidde Daniel seg, naar Bygdefolk spurde um dette. Vilde nokon vita kva det var ein laut lære fyrr ein kunde byrja med Tysk, svara Daniel at det var «Grammatik og slikt noko»; det visste han at ingin skýna.
Det dei dreiv mest med jamsides Sogo var « Modersmaal». Her vilde Kapellanen heller ikkje taka det paa Latinskulemaaten. Dei skulde ikkje «pugge Grammatik». Det naudsynlege av den kunde Daniel faa inn etterkvart; Indhalde, Tankane, Aandi var det som det galdt aa faa Tak i.
Den Skatt av store, vekkjande Tankar som me aatte i vaar «nordiske Skjaldskap» var so rik, at naar me rett eigna den til oss, so kunde me hjelpe oss utan Laan fraa Tyskland eller Rom. Og daa Kapellanen tok til aa gjenomgaa «Skjaldar» med Guten, vart der Aand nok. Mest dreiv dei paa med Sogu-Dikting. Slike som Holberg og Wessel vart lett yvifarne, endaa Kapellanen roste deim sterkt; dess djupare grov dei seg ned i Øhlenschlæger og Grundtvig. Daniel som fyrr ikkje hadde lesi anna enn Bønir, Preikur og Olger Danskes Krønike, vart forundra; kunde beintfram Folk skrive so djupe Ting? Men han fekk vita at Skaldane var ikkje beintfram Folk. Dei var inspirera. Og det totte Daniel var rimelegt.
Sidan las dei nyare norske Diktarar; den aandfullaste av desse var Bjørnson. Men daa dei kom til Folke-Eventyri og Folkesegnine, lika Daniel seg best. Her fekk Kapellanen inn so mykje Aand, at heile Verdi tok til aa livne; Fjelli stod og tenkte; Skogen fortalde Eventyr; Havet sukka i lange Dyningar og song um uendelege Ting; langt uppi Lidom gjekk Huldri og lét paa Lur; Tussefolke heldt Dans i Haugar og Hamrar; under Fossen sat Grimen og spela so alting grét; ute paa det bleike, maaneljose Have laag Havfruva den fagre og lokka og song, so Sjøgutane fekk Hjarte-Ilt av Elskhug. Det maatte vera underlegt aa vera Skald, so ein kunde faa høyre slikt!
Etterkvart fekk Daniel inn heile den draumrike Visdom som Læraren hans livde paa.
Det stod ikkje godt til i Lande i desse Tidir. Folke sov; Folke laag i Dvale; Trollham var kasta paa det; det var komi ned i noko vondt og fælt som Kapellanen kalla Materialisme; visste ikkje lenger um Aand. Og so lengi so var, kunde ingin «Pintse-Vind» blaase Liv i dei daude Bein ut-yvi Lande.
Synkvervt og ørt gjekk Folke og grov i Moldi og tenkte paa den stakkars Maten. Ikkje ein Draum hadde det um kva sant Menneskjeliv var. Inkje høgare Hugmaal; inkje Sans eller Syn for det som var stort og høgt og ædelt paa Jordi; berre denne Trælesut for det som gav i Gryta og fyllte i Pungen, denne trongsynte Tanken paa det «nyttige»; Kapellanen frynte helst, naar han nemnde det Orde. Aandlaust Matstræv laag som ei Vaabøn yvi Lande; det gjorde Folk til Trælar, til Dyr; Folke laag som trollbundi, som trollsmurt under denne Loke-Magt. Det galdt aa ringje Folke ut or Berge; Nordmanna-Anden fraa Fedra-Tidi maatte upp; Stordaad, Sogu, Song maatte vakne til nytt Liv. Og gjenom alt maatte den sterke apostoliske Kristentru gløde som den avlande Livskraft, so at Salmen og Folkevisa, Sogo og Trui, det gudelege og det folkelege, kunde klinge saman heilt og fullt; daa vilde Aandi paa nytt slaa ut sine Vengir; daa vilde Norig vera atterfødt.
Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje det same som han sjølv hadde tenkt, um han ikkje hadde sét det so klaart eller funni slike Ord for det? Han kjende seg reint glad. Aldri hadde han sét paa Læraren sin med blidare Augo; og aldri hadde Læraren vori vissare paa, at det i Læreguten hans glødde ein heilag Eld, som ein Gong vilde slaa ut i Song eller Daad til Glede for Lande.
– Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje Kapellanen drygje lenger med det tyske. Men det vilde han ikkje heller taka paa den aandlause Latinskulemaaten. Latintinskulen var i det heile eit syrgjelegt Hol, lét han um. Det var ikkje ein Skule for Ungdom; det var ein skule for Kaldklokskap og Aandsfiendskap. Difor saag me daa og, dessverre, at so mange av vaare Embættsmennar var paa Matstrævarsida i den store Aandsstriden. Dette forstod ikkje Daniel. Kunde rike og lærde Folk vera Matstrævarar? Ja; naar Kapellanen sagde det –. Og han fekk nok vera glad at han vart førd ein betre Veg fram. Elles hadde han ikkje nettupp vori rædd for aa lære Leksur.
Dei brydde seg inkje um den tyske Grammatiken. Tok til med Leseboki; Maal-Lovine fekk dei lære gjenom Maale. Kapellanen las upp og umsette; Daniel gjorde det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel Ordi, so hugsa han Innhalde; han lærde og snart aa gisse seg til Meiningi i mange Ord; dei som kom oftast att lærde han. Det gjekk godt dette, totte Daniel.
Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd baade med Guten og med Metoden; paa denne Maaten skulde der koma Aand inn i sjølve Tyskemaale. Og han skreiv i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye Metoden.
Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl var Daniel av di han endeleg kunde fortelja at han las tysk. Han lagde serleg Merke til slike Ord og Vendingar som han kunde faa Bruk for; deim lærde han, so han kunde ha noko aa slaa fraa seg med heime, og noko aa briske seg med i Klokkarskulen.
Der galdt han for mykje til Kar; og han treivst der. Millom anna og av di han lika so godt Inga Holm, Klokkardotteri. Denne Inga var ein rund, søt litin Ting, med eit godt, blidt Andlit og fagre Faktir; Augo laag liksom halvt attlatne og smaadrøymde, symjande i mild, svevnug Glans. Det var forunderlegt so ljos og hyggjeleg Skulestogo vart naar ho kom inn. Der var noko serskilt ved henne som Daniel aldri saag hjaa andre; alt det ho gjorde, um ho so berre rørde ein Finger, – det var so tekkjelegt, so uskyldigt, so vent aa sjaa paa. Men Augo var som Solglyttar. Kom ho til aa sjaa burt paa Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og uroleg Kjensle gjekk gjenom Bringa. Daniel drøymde ofte om dei Augo; og naar Kapellanen fortalde um Ydun eller Frøya, so hugsa Daniel alltid paa Inga. Han tenkte so smaatt, og vart blodraud ved Tanken, at kanskje elska han Inga Holm? –
Um ei Stund laut dei til med Latinen. Det var ikkje etter Metoden; men det fall seg so at Kapellanen laut drive paa.
Daniel var stolt. Han visste det var Latinen som skilde millom Lærde og Ulærde; Latinen var den tronge Vegen som førde fraa Kvardags-stimen til Aandshimilen; ingin vart Stormann som ikkje kunde Latin; og no skulde han faa lære Latin.
Vyrdsamt tok han neste Dag Cæsars Bellum Gallicum under Armen og strauk til Kapellangarden.
Men daa han kom dit fekk han høyre, at det gamle Romarfolke hadde vori eit Røvarfolk; den romerske Bokavlen var ei aandlaus Herming etter den græske; det var unaturlegt og meiningslaust for oss Nordbuar aa lesa Latin. Dette kunde Daniel ikkje skyna. Naar Kapellanen sagde det so laut det vera sant; men han fekk vente med aa forstaa det til dess han vart eldre.
Det varde likevel ikkje lengi fyrr han kom etter at Kapellanen hadde havt Rett. Latinen var i alle Maatar so reint motsett alt det som me bruka, so heilt paa tvert av vaar Tenkjemaate, at ein aldri skulde sjaa slikt. For det fyrste var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita terra eller ein By urbs, det var ikkje likt til nokon Ting. Her nytta det ikkje aa gisse seg fram; kvart einaste Ord laut ein beint fram lære. Men endaa galnare var det med Setningane. Dei var so ihopvovne, og Ordi var slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var mest Uraad aa faa Skìl paa deim att. Prædikate kunde staa fyrst i Setningen, og so kunde Subjekte koma midt ned paa Blade ein Stad; og stundom var det ikkje nogot Subjekt! Han hadde aldri set slikt. Og so Grammatiken. For her maatte han lesa Grammatik. Det nytta kje med Metoden; faa Aand inn i Aandløysa var vonlaust, som kapellanen sa. Det galdt aa lesa med Vit; Daniel maatte ikkje pugglesa. Men «sjaa paa» Grammatiken maatte han, og det baade stødt og stendigt. Og fæl saag den latinske Grammatiken ut. Fire Deklinasjonar! Seks Kasus! Og tvo-tri Undantak fraa kvar Regel; og Undantak fraa kvart Undantak att; og so burtetter i Endeløysa! Daniel saag seg mest yvigjevin.
Ikkje var der noko vidare Aand i det dei skulde lesa heller. Daniel hadde venta sig djupe Tankar og høge Synir og vedunderlege Sogur av eit reint nytt Slag, og so fekk han ei vanleg turr Kvardagsskildring av nokre Smaakrigar og Slag millom Romværingar og Villmennar upp i Gallia. Var det nokon Ting? Daniel hadde lesi mykje gildare Krigsskildringar i «Almuevennen».
So vart det stort Stræv og litin Framgang med Latinen. Men Kapellanen brydde seg ikkje so mykje um dette. At den naturfriske Bondeguten greidde seg klent i Latin var i Grunnen berre eit Merke paa, kor sterkt det romerske Lage bar heile vaar nordiske Aand imot. Og han trøysta Daniel med, at han lærde alltid nok Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje verdt aa kaste burt for mykje av sin Ungdom paa noko som ikkje styrkte, men snarare kvakla burt vaar nordiske Aand.
Det laut i det heile gaa som det kunde med baade eit og anna i denne fyrste Tidi. Det Daniel lærde mest av var Sogu. Kapellanen fortalde godt; og Daniel fylgde med. Det var lett, dette, og greidt aa hugse; og gløymde han noko, var det berre aa sjaa etter i Boki.
Og so lærde han aa drøyme. Han drøymde um Huldri og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir eitt. Han drøymde og um alt det store og gode han vilde gjera, naar han vart Student eller Prest; av Skaldane og av Kapellanen fekk han vita, at Ungdomsdraumane høyrde med til det største i Live. Ingin vart ein rett Mann som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom! Og naar Kapellanen fortalde Daniel um Studenterlive, sagde han gjerne, at det som gav dette Live sin Glans og si Høgd, det var dei ungdomsdjerve Draumane. Til Studenterlive høyrde Glede, Song, frisk Skjemt, god Kammeratskap; men kvar Student som der var Mannsemne i, bar i Løyndom paa fagre Draumar som gav Gleda Aalvor og Leiken Meining.
– So drøymde Daniel, og trudde han var eit Mannsemne av di han drøymde; det gjekk heller som det kunde med Lesehugen. Men livde han høgt i Draumane og i dei ljose Lyftingsstundine hjaa Kapellanen, so totte han det vart meir og meir stridt aa halde ut heime.
Det var so trongt og so smaatt der. So uhyggjelegt og so aandlaust. Alt gjekk ut um den stakkars Maten. Og ufjelgt var der; ikkje greie paa nokon Ting. Dei heldt ikkje skikkeleg reint dessmeir; og Glase kom mest aldri upp, so Lufti var mang ein Gong som ho kunde. Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg um aa halde reine; vaska dei seg kvar Sundag var det godt. Ein Tanke utanum det raae Matstræv fanst ikkje, naar ein tok ifraa det gudelege. Menneskjeliv hadde dei ingin Draum um. Og her gjekk han so aaleine. Han hadde ingin aa tala med. Den einaste skulde vera Judit; men kva forstod vel ho. Og Lias, det var ein aandlaus Slamp, som gav meir for ei Skjeppe Jordeple enn for all hans Aand og Skaldskap. Her var i Grunnen ikkje livande for Daniel.
Vilde han segja noko um dette Vanstelle, so gjorde dei Narr av han helst. Stundom vart Far hans vond, naar Guten kom med «fine Fimur». Han vilde kannhende vera Storkar alt? – det skulde ikkje stor Grisen til, fyrr han slog Krull paa Rova! Kvar Dag i Skule med kvit Krage paa Halsen, og so uppkjemd og uppstrokin som han ikkje skulde vera den han var; og tok han si Hand i aldri so lite Arbeid, so skulde han straks ut i Kjøken og vaske seg! Jau, jau. Det skulde sjaa ut paa Bondebygdi, dersom me vilde gje’ oss til aa gaa slik og vassle.
Daniel vart arg, naar han høyrde sovori; svara stundom. Ein Gong, i Skùmingi kom han inn og fann Stogo full av ein Os som ikkje var god. Det hadde rignt um Dagen, og Omnen hekk full av vaate Klæde, som eima av beste Magt; hu, sagde Daniel og pusta og blés; so gjekk han burt aat Glase og vilde hava det upp, endaa det ruska og smaarignde ute. Han gav seg til aa banke og braake med Vindauga; for det var ikkje av deim som gjekk lett. Og han visste ikkje anna enn han var aaleine inne. Men burti den store Umhengs-Sengi laag Gamlingen og saag og høyrde paa alt; og det tok til aa koke i han. «He, kaslag æ dæ du gjere?» kvesste han i. Daniel kvakk, men tok seg att; sagde at han berre vilde ha upp Glase; her var so kjøvi inne. Ole Johannes tagde lite; det koka i han, han vilde gjerne finne eit Ord, som kunde bite eit Grand. «Jaso. Det skal vel … vera fint det, kann eg vita?» sa han. Daniel vart arg og svara at anten det var fint eller ikkje, so vilde han ha frisk Luft! Gamlingen dirra av Sinne der han laag. «Høh, berre høyr! Kanskje du trur eg vil ha Ruskvêre og den kalde Vinden inn i Sengi til meg, naar eg skal sova?» – «Skal du sova, hev du endaa mindre godt av aa liggja i denne Osen,» svara Daniel; han tok til aa banke paa Glase att, men ikkje so sterkt. Likevel gjekk det upp; dermed lét han det staa paa Glytt og tok tilbeins ut; men Gamlingen laag og koka burti Sengi. Og so tok Vinden Glase og slog det heilt upp. Skjelvande krabba Gamlen seg upp og burt til Vindauga; han slog det att med ein rasande Smell, som Daniel maatte høyre so sant han var i Huse.
Etter den dagen gjekk Ole Johannes lengi og berre mur-tagde. Men for Mari slog han paa, at Daniel visst ikkje hadde godt av all denne Lærdomen han fekk. Mari forstod Meiningi og gjekk strakst til Daniel. Ho bad han hugse paa, kva denne Skulegonga kosta Far hans. Det var ikkje aa undrast paa um den gamle Mannen vart eit Grand saar paa det; Pengane skulde han ut med; og saag han so, at han fekk lite Takk au –. Aa, desse Pengane, rengde Daniel. Var det elles noko Pengar aa røde um enno? Las ikkje Kapellanen fritt kanskje? Han brydde seg nok ikkje so mykje um Pengane, han. Til dette svara Mari, at ein kunde daa vel ikkje for Skam Skuld lata Kapellanen stræve for reint inkjevetta. Ein laut alltid sende han ein Kjøtfjording eller ein Smørambar so daa og daa; og so laut ein ofre lite raust paa dei store Høgtidine; paa same Maaten var det med Klokkaren; so naar alt vart ihoplagt, og dertil det Daniel sjølv maatte hava, so vart det Pengar av likevel. Ole Johannes hadde so-menn i det siste Aare laant ikkje so lite. Daniel kjende seg som djupt nede i ei Myr. Berre Matrekningar og Mat-Tankar; Smaaskap, Armodsdom heilt igjenom. Han gjekk ut. Han maatte hava Luft. Kor skulde ein gjera av seg.
Men sidan torde han ikkje anna enn vera snild Gut. Han lempa seg etter Husens Skikk og gjekk Far sin under Augo so fint han kunde. Ole Johannes smaamylte med seg. Det hev du godt av, Far min! tenkte han; det er ikkje verdt du vert Storkar for snart! Men Daniel lika ille paa Leiken. Han vart mest hatig paa denne aandlause Moldtrælen til Bonde som ikkje kunde forstaa det Slag av det som var høgt og stort og ædelt paa jordi; og alt i eitt gjekk han og sulla paa Bjørnsons klassiske Lengtingsvers i «Arne»:
«Ud vil jeg, ud, o, saa langt, langt, langt
over de høie Fjelde.
Her er saa knugende, tærende trangt,
og mit Mod er saa ungt og rankt»!
Men naar Bror hans, han Lias, høyrde slikt, so sagde den aandlause Slampen, at «Herr Daniel» kunde vera glad um han aldri fekk det verre enn heime.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.
Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.
Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.