Dagen etter var Daniel sjuk.
Hovude verkte med Tyngd og Klembing. Halsen var saar og vond. Ein sterk Krimsmak kleimde seg gjenom Munnen. I Sida sat ein litin kvass Styng; Feber æste gjenom Blode. Han visste med seg sjølv at han vakte; laag endaa og talma seg med den Tanken at han hadde broti Studenterlovnaden sin daa han sette Duskeluva i Pant for Mat; men underlege Synir dreiv gjenom Heilen hans; og stundom misste Tankane Fotfeste og gleid burt. Han laag og vingla millom Vaking og Vilske, i Dragsui liksom millom Medvit og Draum.
Utetter Dagen vart han verre; Feberen fekk Magti. Madam Henriksen, Husfrua, var inne og saag um han; spurde um eit og anna, men fekk berre Tøv til Svar; so sette ho inn til han slikt som ho tenkte han kunde turve; vaska Panna hans med Edik; lét Gjenta leggje i Omnen og gjekk.
Rome var lite og Lufti tung; Daniel fekk ei fæl Natt; laag og kava fraa Draum til Draum, den eine tyngre enn den andre. Ut paa Morgonstundi fekk han endeleg sova eit Bil; og daa Madam Henriksen kom inn um Fyrimiddagen var han vakin. Ho spurde um ho skulde hente Doktar. Daniel hugsa si Pengenaud og svara nei; men han vart rædd. Var han kannhende so sjuk at det kunde vera faarlegt?
Hovudverken var strid; og Styngen i Sida stengde for Pusten. Skulde han døy? Den Tanken tok han so sterkt at det var so han dovna av Rædsle. Han saag seg sjølv kvit og stiv i den svarte Kista; kjende Lukti av Likferdslin og Gravmold; kraup ihop i Sengi og freista aa beda; og so tenkte han paa det Live han hadde ført. Han saag alle sine vonde, sjølvvise Tankar dukke upp for Minne som stygge Dyr; Kaffikjellaren med all den Ølrangelen og Banningi og all den Villskapen viste seg for han som ei Forhall til Helvite; Draumane um «Studenterlive» skjemdest han yvi; alt det han hadde gjort og tenkt vart Synd og Skam og ynkeleg Daarskap. Skulde han døy no, so døydde han den ævelege Dauden; han saag det so vel. Dirrande av Fæle treiv han Tak i Sengestokken og bad, bad med spreidde, forskræmde Tankar, at han maatte faa lìva; lìva, so han kunde umvende seg. Og so kom Feberen att med sitt Tøv og sine uklaare Synir.
Slik laag han i fleire Dagar og ørska, rædd, naar han vakte, forpint, naar han drøymde; Madam Henriksen, som vart mjuk av aa sjaa paa denne Armingen, stelte for han det vesle ho kunde og skræmde Live av han med sitt Doktarsnakk, men trøysta han, daa ho forstod at han var rædd.
So vakna han ein Fyrimiddag og var lettare. Hovude var veikt og ørt, men verkte ikkje so vondt; Styngen i Sida kjende han berre naar han drog Anden djupt; Feberbranden i Blode hadde slokna. Og Madam Henriksen var snild som ei Mor; stelte Drikke og Mat til han og berre bad han segja ifraa, var det noko han vilde hava. Men inn gjenom Vindauga laag ein tindrande Solstraale.
Daa totte Guten at alt var godt og ljost, og at eit nytt Liv vakna i han. Han tenkte paa Dauden men utan Fæle; han tenkte paa Vaarherre; men som paa ein Far. Hugmjuk og veik laag han der og kvilte; og kjærlege Tankar strøymde inn paa han. Han hadde vandra gjenom Daudedalen og kjempa i Bøn um Liv og Sjæl; men no hadde han vunni; no var han frelst. Med barnleg Tillit vende han seg til Vaarherre. Han visste at Faderen i Himilen vilde hjelpe han no. Hans vonde Hjarta var bøygt og mykt; no kunde Vaarherre faa fylgje sin kjærlege Vilje. Og han bad um Naade for alle sine Syndir for Jesu Kristi Skuld; og han saag Gud Fader sitja uppi Himilen i si kvite Solskinskaape og smile ned til sitt sjuke Barn. Han vart so kløkt at han fekk Taarur i Augo; og det gjorde vondt i Hovude. No vilde han gjeva seg heilt i Guds Hand og late hans Vilje aaleine raade. Um det var Guds Vilje at han skulde døy, so vilde han fylgje Kalle utan Mothug; men skulde han lìva, so vilde han lìva som eit Guds Barn; for daa aaleine kunde han hava det godt i Grunnen. Og dersom Vaarherre i sin Visdom hadde fastsett at han skulde lìva, so hadde han nok og sine Englar, sine Tenarar, som kunde hjelpe han i dette, stakkars timelege … Daniel tenkte paa Pater omnipotens; og det maatte vera Vaarherre sjølv som hadde sendt han den Tanken.
Live skulde byrja fraa nytt av no. Han hadde aldri kjent seg so sæl og so trygg; det var Guds Fred som var yvi han no; han var visseleg umvend.
Trøytt og hiren som etter ein Rus sovna han att og sov lengi. Vakna paa nytt, med blide Tankar og Gud i Hugen og kjende seg so rein og so god. Han hadde Mathug og fekk inn noko Saftsupa, som han styrkte seg paa; og han gjorde upp med seg sjølv, at det fanst ikkje Glede i Verdi som kunde liknast med den Sæla han livde i no, etter at Syndine hans var burttekne. I tvo Dagar varde denne Sæla. Han laag i ein mild, fredeleg Tilfriskningsdøs og elska og bad, las i Salmeboki og Testamente, og hadde slik Glede i Guds Ord. Det gruste i han, naar han tenkte paa sitt gamle Syndeliv millom Ølflaskur og Tvilarar; og han lova Vaarherre, med ein litin Sukk som han døyvde, at han no vilde gjeva upp alle sine verdslege Tankar, ja sjølve det ideale Studenterliv.
Dagen etter kom han seg upp. Han torde ikkje gaa ut; men Madam Henriksen skaffa Mat og Ved; og so sat han inne og hadde det godt; aat og drakk, freista aa røykje, men Pipa hadde Usmak, og las i Testamente. Han hadde ikkje fullt so rik Glede i Guds Ord i Dag som fyrr, og Tankane hans kvilte ikkje fullt so rolegt i Naaden; men han visste fraa dei vakte, at Naaden ikkje alltid var like sterk; dessutan var det ikkje Guds Vilje at me skulde tenkje berre paa det himilske.
Denne siste Tanken letta; han lagde Testamente ifraa seg og gav seg til aa tenkje paa sine jordiske Sakir. Han vilde til Pater; no daa han var umvend kunde han med rolegt Hjarta beda denne Mannen um Rettleiding og Hjelp; og det baade i det timelege og i det aandelege. Elles vilde han ikkje beda um Pengehjelp. I sine syndige Dagar hadde han livt altfor mykje paa anna Folks pengar; no vilde han fylgje Guds Ord; og det sagde, at den som vilde eta skulde arbeide. Han vilde spyrja Pater um Arbeid. Han lengta etter aa faa tala med denne Mannen; han totte han elska han alt paa Fyrihand.
Han aat godt i desse Dagane, so godt at han skjemdest yvi det for Madam Henriksen. Men ho syntest berre vera glad for han gjorde Ære paa Maten hennar, og dessutan … ja, det sagde seg sjølv: han fekk nok betala. So aat Daniel, og aat til Gagns. Og han las alle dei Bordbønine han kunde hugse, baade fyri og etter Maten; og det var forunderlegt som desse Bønine vart høyrde. Han hadde aldri havt so godt av Mat som han hadde no. –
Daa han vart so sterk at han kunde vaage seg ut, klædde han seg i sine Kisteklæde og gjekk til Pater.
Han vart vist inn i ein ljos, fager Sal som vende ut til ein stor Hage. Ein litin bleik Solstraale stod inn gjenom Hagedør-Glase, braut seg glitrande gjenom Glasdobbane i Ljoskruna og fyllte Rome med Vaar-Tankar og Glans. Framande Vokstrar stod og lava burt ved Vindaugo med store grøne Blad; og rundt paa Veggjom hekk Bilæte av Jesus med Tornekruna, Jesus paa Krossen og den norsk-svenske Kongen; dessutan eit Par Maalartavlur med norske Landskap. Midt paa Golve under Ljoskruna stod det store runde Stoguborde med Portrætbøkar og ein Bìkar full av Helsingskort. Rundt Borde Stolar av ymse Slag, maklege og mjuke; mindre og større Gipsfigurar og Bystur stod uppstellte rundt Rome paa Hyllur eller Skaap. Ved Veggen burtimot Vindauga eit Piano, og ved Veggen innst inne ein Sofa; paa den sat Daniel no og venta. For der var ein Student inne hjaa Pater, hadde Gjenta sagt.
Daniel var uroleg. I Dag, daa han var komin ut i frisk Luft, hadde Trui vorti so veik i han. Han hadde kjent slik Glede i dette jordiske, og slik Lengt etter «Studenterlive», at han mest maatte tvinge seg til aa halde fast paa Naaden. Kor hadde det seg? – Ja for han var daa omvend? – Men so glad yvi aa faa tala med Pater som han burde ha vori, det torde han ikkje segja han var.
Det tok i Kantordøri; Daniel reis upp og budde seg til aa helse. Døri gjekk upp; «Studenten» kom, med Ryggen fyri bukkande inn-etter, og Daniel høyrde ei breid Røyst som hjartans venlegt sagde: «Herren være med dej, kjære Ven!» – Med ein Gong vart Daniel bleik, og so strakst etter raud; den framande Studenten var Ole Bentsen.
Ole Bentsen vart korkje bleik eller raud. Men glad saag det ut til han vart; han stana og sagde med syngjande Mæle: «naa, skal eg raaka deg her? det var svært hyggjelegt. So hev Vaarherre funni deg daa, – endeleg. Eg visste at han arbeidde med deg; eg saag, at han maatte brùka strenge Raadir imot deg; for du var faafengleg i Hjarta ditt og vilde ikkje høyre hans Røyst. No hev han funni deg; eg ser det paa deg; velkomin skal du vera!» Og Ole Bentsen snudde seg til Pater: «det er Student Daniel Braut; ein gamal god Kjenning. Fyrr var han eit Verdensbarn, som eg og so mange andre; men no trur eg visst, at Herren gjenom si strenge Tukt hev bøygt han.» «Velkomin skal du vera!» sagde Pater barneglad med eit veldigt Handtak; «velkomin, kjære Ven! Kom, lat meg faa tala med deg … ja, eg fær vel lov til aa segja «du»?» – Daniel stod der raud og reint fortryllt; «Takk, Takk,» stota han. «Ja Farvel daa, kjære Bentsen!» sagde Pater; Bentsen gjekk. Men Pater drog Daniel med seg inn: «kom! kom inn, kjære unge Ven!» sagde han, og lét att Døri.
Inne i Kantore var der endaa meir Sol; ho laag innyver Golvduken og Borde i tvo blide Straumar som lyste upp, so sjølve Krucifikse uppaa Veggen syntest smile. «Naa, kjære Ven,» sagde Pater, «hvordan har du det?» Han var so varm og trufast i alt sitt Lag at Guten reint var kløkt; soleis hadde nok aldri han vorti fagna. Han lyfte sine blide, bedande Augo – dei var reine og klaare som i gamle Dagar –: «eg hev havt det vondt,» sagde han. Men Pater sat midt i Straaleglansen, breid, fager, ljos; Aasyni hans var klaar, frisk, smilande som paa eit Barn; og eit smaakrulla gullfagert Haar laag som ei Glorie um Panna. Han vart glad i denne Guten, som sat der so hjelpelaus og tillidsfull; og han reis upp og lagde Handi paa Aksli hans og sagde; «ja, hev du havt det vondt, so ver trygg paa, at det er Guds Faderhand som hev vori yvi deg, og at han nok vil hjelpe naar hans Stund kjem!» Han sette seg att; dei blide Ljosblaae Augo hans var vaate av Taarur.
Daniel maatte fortelja um sitt Liv fraa fyrst til sist. Han vilde ha sprungi yvi at han hadde havt Hirsch til Lærar, men var ikkje fin nok; Pater spurde etter, og Daniel laut ut med det; daa lo Pater: «du hev vori ut-i Grundtvigianismen og?» Aa ja, paa ein Maate, svara Daniel; men Grundtvigianar hadde han aldri vori. Daa han fortalde um Studenterlive sitt vilde Pater vita um han hadde vori med i Framsflokken; til det svara Daniel like eins: han hadde vori med paa ein Maate – ein Kjenning hadde dregi han inn –; men han hadde aldri vori Framsmann. Tilslutt fortalde han um sine vonde Dagar, um Svolten og Naudi; og so um Sjukdomen som hadde lært han aa vende sine Tankar til … den rette Hjelparen; og no hadde han berre eit Ynskje, sagde han: eit Grand Arbeid, so han kunde faa fraa seg Andre-Eksamen og so taka til med det, som alltid hadde vori hans Tanke: Teologien.
Pater lika Guten. Her var paa nytt ein av desse friske, uskadde Bonde- og Barnenaturar med den rike Gaava til aa tru og elske; her var paa nytt ein Mann av Folke drìven ut av Aandi til Herrens Krig. Han spurde kvifor Daniel hadde valt Teologien. Vilde han bli Vitskapsmann? – Aa nei, so høgt hadde Daniel ikkje tenkt; han vilde vera Prest. – Kvifor det? – Jau, han hadde alltid funni at det maatte vera … ei stor Livsgjerning … aa forkynne Orde. – Hadde han kjent noko serleg Trong til aa arbeide for Guds Rike? Hadde han nokon Gong rett kjent Sanningi av dei Herrens Ord, at Hausten var stor og Arbeidarane faae? – Det kunde sjaa ut som her var Arbeidarar nok, heldt Pater fram; men, sanne Arbeidarar, Arbeidarar som arbeidde med Kall og Kjærleik, av deim var her faae, syrgjeleg faae, og Hausten, ja den var stor nok; for her laag eit heilt Folk, eit herlegt, kraftigt Folk, med Herrens Gaavur i forunderlegt Maal, som skulde sankast inn i Lødo hans. Daniel saag paa Pater med Høgvyrdnad; Pater tala seg varm.
Han drøymde stort um Norigs Folk og kunde aldri koma burt fraa den Trui, at Vaarherre hadde valt det ut til ei herleg Gjerning i Rike hans. Dei store Kulturfolki som her var so mykje Tale um, deim trudde han ikkje stort paa; dei var alle meir eller mindre skadde og mergetne av Sedløyse, Sjølvvise og Vantru; men det norske Folke stod ungt og friskt, med si trygge Barnetru og med heile si Kraft; og naar Gud her lagde si Signing til, som han visselig vilde, og som han alt paa so mange og merkelege Maatar hadde vist at han vilde, so skulde me faa sjaa kva han kunde gjera ut av oss, so smaae som me var. Sterkt vilde det Folke vera som kunde segja som Josva: eg og mitt Hus, me vil tena Herren! – sterkare enn alle Filistrane, sterkare enn alle Heidningar med deira Stridshestar og Vognir vilde det vera. Det galdt aa arbeide medan det var Dag; det galdt aa saa og pløgje og vatne, so Herren kunde faa gjeva Vokstr; daa skulde, som Diktaren sagde, «Landet over vore Grave blomstre som en Herrens Have». Varmt tala Pater; Augo hans gjekk Gong paa Gong fulle av Taarur, og det bivra um den sterke Munnen. Daniel vart uppglødd; han laut stundom tenkje paa Kapellan Hirsch.
Men daa Pater tok til aa tala um det «personlige Gudsforhold» og um Live i Kristus, kunde Daniel ikke fylgje so godt med lenger. Han vart bljug som ein Smaagut, og kjende at han i Grunnen var framand her. Og di meir Pater lagde ut um «den salige Naadestand» og Striden mot Kjøte og Freden i Voni um det ævuge Liv, dess meir forstod Daniel at han ikkje var umvend. –
– «Ikkje sant,» slutta Pater, «dette er herlegt og sælt, langt større og rikare enn all den Stordom og Glede og Glans, som det verdslege Live kann gjeva? Du hev kjent det? Du hev upplivt det?» – Daniel totte ikkje at han etter det han fyrr hadde sagt kunde svara anna enn ja. «Det gled meg!» sagde Pater; «det gled meg! Takka din Gud for dette, og takka han ikkje minst for at han hev frelst deg i dine Ungdoms Dagar, og frelst deg fraa aa koma i Lag med dei vantrue!» Dei stakars Folk; Pater hadde so vondt av deim; dei var verst mot seg sjølve. Utan Fred, utan Von, utan Trøyst og Hjelp i Liv eller Daude …
Hm, underleg nok; han hadde nyleg vori gjesta av ein av desse Armingane, ein av dei fraa Frams Klikk; rett ein fortapt Son, som hadde freista so lengi han kunde aa mette seg med det Maske som der var aa finne; aa, han jamra seg so saart yvi den Sjæle-Sott og Hjarte-Ufred han hadde røynt, so lengi han vandra paa dei Vegar! Men no hadde han funni heim att til Faderhuse; og no var han so sæl. «Og tenk: han var so arm at han knapt hadde Klæde paa Kroppen; og kann De gjeta kva han bad um? Ikkje um Pengar, ikkje um Mat, ikkje um Klæde, nei; men um ein Bibel!» – Daniel sat med Augo i Golve og skjemdest som ein Hund; «det er merkelegt,» sagde han. «Ja, det er forunderlegt,» heldt Pater fram i si djupe Glede. «Men so er det: naar Gud fær Tak paa ei Sjæl, so vert alt anna verdlaust; berre Freden med Gud, berre Orde fra honom vil Sjæli hava; og fær ho det, so hev ho ikkje Lyst til noko paa Jordi.» – «Ja, det hev eg kjent,» mulla Daniel ustødt. Pater reis upp og stappa i Pipa. «Aa ja Gud skje Lov og Takk!» sukka han; «han veit aa finne oss, han; og han veit Raad med oss. Haa! haa! Me gjeng og innbiller oss at me er so kloke og vise; men han lærer oss aa sjaa, at all vaar Visdom er Daarskap, han!»
Pater kveikte Pipa og slog inn i ein annan Tone. «De tenkte paa at De vilde hava Arbeid; var det ikkje so, kjære Ven?» sagde han. Jau, dersom der var Raad til det, svara Daniel, so vilde han meir enn gjerne. Pater sette seg att.
«Hm, det er forunderlegt,» sagde han med ein logn Smil, «eg hev nettupp ein Post som kunde høve for Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri raadlaus. Det er ein Huslærarpost upp paa Lande, i ei fager Bygd; – eg trur ikkje Posten er burtfest. Vil De eg skal høyre etter?» Daniel sagde so mange Takk. «Ja, eg skal gjera det,» svara Pater. «Eg tykkjer det er som Vaarherre sjølv hadde sendt deg … Du er just den, eg her kunde hava Bruk for. Høyr, du kjenner Student Bentsen?» – «Ja; godt.» – «Det er ein merkeleg ung Mann … so sterk i Trui, so ærleg i sin Dom yvi seg sjølv … Ikkje sant?» – Jau, det var vist so. – «Kva er det for andre Studentar, du kjenner?» – Daniel tenkte seg um; nemnde Hans Haugum. Maatte so fortelja um Hans Haugum; og det gjorde han paa den Maaten at han fortalde alt som han tenkte Pater vilde like. «Ja, det er merkelegt,» sagde Pater; «det er som Vaarherre hev lagt dette tilrettes for deg. Student Stensrud var her nyleg og bad meg drive paa … og no kjem du. Kva var det, du heitte?» – «Daniel Braut.» – «Daniel Braut, ja. Ja maatte du bli ein Daniel! Høyr no her upp om nokre Dagar; eg trur visst, Vaarherre hjelper deg.» Han slo Daniel paa Aksli og lo: «du er ein ægte Bondegut, Far! so still og trufast … ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i. Eg er so glad i slike Gutar; eg er sjølv ein Bonde i Grunnen; og Bonden, ser du, Bonden, det er Mergen … «Hvad Bondens Bund kan bære, skjønt sjelden der blev saad, det er vor Folkeære og har vor Fremtid spaad!» segjer Diktaren. – Ja, lat oss takke Gud for det. – Var det noko anna eg kunde hjelpe deg med? – Daniel raudna og drog paa det; «Ja –; det kunde ikkje …» «Tala fritt!» sagde Pater. «Lat meg vera som ein Far for deg; ver ikkje rædd. Det er ikkje noko sælare enn aa vera – liksom – Hand for Guds hjelpande Vilje. De treng Pengar?» – Aa, det var … nok ikkje fritt. Pater smilte. «Nett i Dag var her ein Mann og gav meg tie Dalar, som han bad meg gjeva til ein trengjande Student … ja, er det ikkje forunderlegt, korleis Han styrer alt?»
Daniel var berga.
«Ja Herren vere med deg, daa, kjære Braut!» sagde Pater til Velfar og tok han i Handi. «Han er nær deim, som held seg nær til honom. Kom upp att um nokre Dagar, so skal me sjaa, um han ikkje hev havt ei Meining med, at han sende deg herupp. Vaarherre vere med deg. Farvel, kjære Ven!»
Daniel gjekk. Ein ny Gjest sat i Stogo og venta, «Goddag, Goddag, kjære Ven!» sagde Pater hjartelegt; «Farvel, kjære Braut!» ropa han likso hjartelegt; og Døri lét seg att etter Daniel. –
– Eit Par Dagar etter fekk han Brev fraa Jens Rud um, at i Morgo Ettermiddag Kl.5 skulde det vera Møte i Kafé Nasjonal til Avtale um «Teatersaki».
«Visvas!» sagde Daniel og lagde Breve burt. Han vilde ikkje vera med paa slikt no. Han kjende paa seg, at Pater ikkje vilde like det; dessutan hadde han anna aa tenkje paa no enn Teatergreidur.
Dagen etter raaka han Jens Rud paa Gata. «Naa,» sagde Jens, «De kjem vel?» – Ja … Daniel visste ikkje; det var ikkje so godt for han … «Billet skaffar eg,» sagde Jens Rud laagt. – Ja … men … han skulde ein annan Stad av i Kveld. «Aa, Snakk; aalvorlege Ting til i Morgo!» lo Jens. «I Kveld ventar Fedralande at kvar Mann gjer si Plikt!» – Ja ja, Daniel fekk tenkje paa det. «I Kveld Kl. 5! Kafé Nasjonal!» sagde Jens og strauk.
I Grunnen var dette her noko Filledom, tenkte Daniel. Men det kunde vera Moro aa vera med paa slikt for ein Gong Skuld og. Og han var ikkje umvend; so for den Skuld … Dessutan hadde han paa ein Maate lova … Men det var denne Pater. Ein so god Mann vilde han naudleg gjera imot.
I Tvil og Tvihug gjekk han heim, og i Tvil og Tvihug dreiv han Tidi, til Klokka var 5, og kunde ikkje koma til nokor Avgjerd. So gjekk han ut. Ein kunde alltid drive burt-etter Gata og sjaa, tenkte han; og so kunde ein taka ei Avgjerd etterkvart. Det var Meiningi hans aa ikkje vera med. Men det kunde ikkje skilja um ein tenkte noko meir yvi det. So gjekk han burt-etter Gata og tenkte; tenkte uppatt dei same Tankane som han hadde tenkt fyrr. Sistpaa stod han utanfor Kafé Nasjonal og var like nære. Tok seg eit Slag nedyvi Gata og upp att; vilde tenkje betre yvi; Tankane vart dei same, men Hugen vaks.
Flokk etter Flokk saag han koma og gaa inn; dei kom luskande som samansvorne. Det skulde vera Moro aa vera med! Byen laag saa roleg og trygg som inkje var; dei gode Borgarar drøymde um ingin Ting; men der inne i den vesle Kjellaren, inne i eit løynlegt, avstengt, Rom, sat det unge Norig og gjorde Revolusjon … det skulde vera Moro aa vera med! Tankane tagna ein for ein; Hugen vaks; at ikkje Jens Rud kunde koma og taka han med seg!
Klokka var eit Korter yvi 5. Vilde ein vera med, fekk ein skunde seg. Han hadde i Grunnen lova det … og i Grunnen var det ei god Sak … lat gaa. Han kasta seg fram mot Troppi, døyvde alle Tankar og steig paa. Inne i Kaffistogo raaka han Jens. «Naa, endeleg. Inn der!» sa Jens; Daniel gjekk. «Jacta est alea,»Jacta est alea; Terningen er kasta. tenkte han.
Men daa han ein Time etter kom ut att, hadde han lova med Hand og Munn, at han vilde vera med i Kveld og pipe i Teatre av all si Magt, so snart han fraa Parkette høyrde Rope: «ned med Direktøren!» og at han ikkje vilde lata seg skræme av nokon Ting, men berre halde fast paa Pipa si og blaase. Og no visste han, at Saki var god. Fram hadde med sin eldfulde Logik vist, at Nasjonalteatre var drivi paa ein uforsvarleg Maate, so ingin Nordmann kunde finne seg i aa sjaa det i Hendane paa den Klikken som no styrde; og Daniel hadde merkt seg fleire av Frams Grunnar, so han kunde hava noko aa verja seg med, um Pater skulde faa Njosn um Saki.
Pipe fekk han av Jens Rud. Dei fleste var ute og kaupte seg Pipur etter Møte. Men andre hjelpte seg som dei kunde med Portlyklar, Barnetrompetar og anna slikt som kunde laate. Etter Staake skulde dei møtast i Kaffikjellaren att og hava ein litin Seksa.
Daniel skulde sitja i ein Bolk i tridje Rad og hava med seg Sven Dufva og ein Monsen, «Don Pedro», som Aslak Fjordan kalla han. Stormengdi av Piparane skulde sitja i andre Rad; elles var dei spreidde yvi heile Teatre. Det vilde bli ein «fyrste Rangs Konsert», so sant alle gjorde sin Skyldnad, sagde Jens Rud.
– Med bleike Vangar og bankande Hjarta sat Daniel paa Plassen sin i tridje Rad og venta paa det som koma skulde. Attum seg hadde han ein stor Slamp av ein Fyr, ein Slagtar eller noko slikt, som han lika berre so maateleg; men verre var det, at burt-i ein annan Bolk sat det ein Konstabel; vilde han blande seg i Leiken tru? Daniel spurde Sidemannen sin, Monsen, um dette. Monsen drog paa Geipen. «Han har ikke noget med at hindre den fri Meningsytring,» grein han i Fjordamaals-sekstar.
Orkestre tok til aa spéla; Daniel høyrde ikkje paa det. Med Hjarteverk gaadde han, at det var komi endaa ein Konstabel inn paa tridje Rad. Han kunde ikkje anna enn gjera Monsen kjend med dette. Monsen vreid paa sin fiskekalde Munn og sagde i grettne, snøgge Septimar: «Hva Fa’n gjør dæ da?»
Daniel vart skamfull. Den Monsen maatte vera ein modig Mann.
Det var som Lufti i Teatre var ladd med Nervøsitet. Ei uroleg Kviskring gjekk frametter Benkine som Vindpust i visne Blad; og kor Daniel vende seg saag han bleike, ventande Aasyn. Stykke hasta yver Tìle som i Feber; Spelarane forsnakka seg alt i eitt og gjorde Mistak paa Mistak. Ender og daa gjekk det som elektriske Slag gjenom Radine; det skraava i Silke og stive Kragar, og Chignonane snudde seg att og fram som Vindfløyar –: kom det no? – Men dei unge Løytnantane sat og gjorde seg morske og saag seg ikring med kannibalske Augo som sagde, at vart det noko av, so skulde nok dei halde Styr paa Herke!
Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt. Folk tok til aa tru at dei var haldne for Narr. Og mang ein Løytnant som fyrr hadde vori morsk som ein Mars, lava no med Øyro: skulde han ikkje faa Tilføre til aa vise seg Riddarsmann for sine unge Damur? Andre saag seg spottande ikring; det vert ikkje noko; det visste me!
Men dei gamle Herrane var glade. Inkje Staak; me fekk vera i Fred; Uppstyrmakarane hadde vori for veike. Kristiania var trufast. Mistenkjelegt var det alltid, at der i andre Rad var mest berre Studentar; men … dei gode maatte vera i Fleirtal.
Det leid til Slutten paa femte Akt. Uroi tok til aa vakne att; kannhende var det no det galdt. Med ein Gong vart det varslande stillt yvi heile Teatre. Daniel fekk Hjartebanking; stirde ned: – ein ung Mann i Parkette hadde reist seg; det var Føraren.
Den siste Replikken var sagd; Duken tok til aa glide. Daa lyfte Føraren Handi, og med gnellt Maal ropa han: «Ned med Direktøren!»
Det gjekk ein Sukk gjenom Salen, ei Stynjing … og so braut det laust. Ein Storm av Pipur, eggjande, ylande; feire og fleire, fraa Parterre, fraa andre Rad, fraa tridje; kvasse Fløytetonar fraa Portlyklane kom med, og Barnetrompetar i sangrande Graat; men so med ein Gong eit Brak, ein Foss av Handklapp, Tramping, Hyssing, Skraal; Teatre stod i Gov; det var som Hav i Sjøgang. Men Pipune, kvasse og tirlande, skar seg Veg gjenom Brot og Brak, kvesste paa, og kvesste paa, kvein, kvisla, kom ylande fraa alle Kantar som ei Aasgaardsreid, som Storm gjenom ein Skips-rigg. Alt var i Uro; alle Mann uppe; Lufti full av klappande Hendar; her og der Hopar av Mennar i vill Trætting, raude i Kamben, fiktande med Armane, Mennar skrikande av opne Gap Ord, som ingin kunde høyre, Ord som døydde i Staake og vart til Vind, til tom, rasande Pantomime –: «ut med Pakket! ut med Pakket!» – og so Løytnantar som stod og sagde «Fanden tordne mej» og vilde slaa til og ikkje torde. Men uppe i Radine hekk det i Krans Andlit ved Andlit utyvi Kantane; dei glodde og lo, glodde og undrast, glodde og banna, glodde og peip.
Daniel hadde fengi Pipa si upp or Vestelomma, og no skulde han til; men han var uroleg. Til aa vinne Mod glytte han paa Kammeratane sine; – Peder Monsen sat med Armane i Kross og saag ut som han aldri hadde tenkt paa aa pipe; men Sven Dufva peip so Kjakane hans stod som ein Smidjubelg. Kven skulde ein fylgje? Guten vart heilt fortryllt. Men nede i Parkette saag han Jens Rud, som stod og peip og glodde uppetter Radine … han fekk Pipa til Munnen so fort han kunde og blés; men kunde ikkje høyre noko; blés sterkare, men kunde endaa ikkje høyre … Daa kjende han ein Neve i den eine Aksli. Han skvatt so han beit seg i Tunga; torde knapt sjaa seg um. «Aa ska dettane derre vera for no’?» skreik Slagtarmaale inn i Øyra paa han, og ein vond Ølgufs kom strøymande; Daniel svara noko, men høyrde det ikkje sjølv. «Vaff’no?» ylte Slagtaren, og skreik so han vart blaa; Daniel lika seg ikkje; best aa sjaa seg fyri. Og so lagde Slagtaren Munnen til Øyra hans og skreik som det galdt Live –: «haaller itte Di Demses forbannede Snut, saa Fa’n ita mej roper itte jæ paa Kongstabeln!» – Daniel vilde vride seg ut av Neveklemba hans; men han sat som i eit Skruvested. «Stikk Pipa Demses i Sekken, Far!» skreik Slagtaren; det lukta Øl baade av Fyren og av Ordi hans. Kva skulde ein gjera? Det var ikkje godt aa vite, kva ein full Slagtar kunde finne paa; og Konstabelen vilde han ikkje hava noko med … Daniel stakk Pipa i Sekken.
Don Pedro de Monsen sat roleg som fyrr og glodde ned i Parkette; ein Kaldflir laag ikring Munnen hans. Men Sven Dufva, som nok og hadde ei Klo i Aksli si no, han sat ihopkropin som ein Tull med Ryggen uppskotin og Aalbogane til Vern paa baae Sidur, og peip so trufast og aalvorsamt som det galdt Live. Daniel tenkte med seg, at baade Sven Dufva og Peder Monsen hadde stelt seg betre enn han, kvar paa sin Maate; leid seg var han.
Eit tungt, kvævt Dunder høyrdest, langt burte eller djupt nede; Daniel visste ikkje, kva det var, og dei som peip høyrde det ikkje; det var Gongongen som gjekk. So rykte Politie fram: det hadde vorti mannsterkt no ned-i Salen. Den eine Piparen etter den andre vart tekin i Nakken og sett paa Dør; heile andre Rad vart rudd; so tok dei til aa sløkkje Gasen. I tridje Rad var det berre ein som kom i Politikløar: denne eine var Sven Dufva.
Men Sven gav seg ikkje for Politie heller. Han klora seg fast til Bolkekanten med den eine Handi og heldt Pipa med den andre og blés paa; Konstabelen maatte brùka heile si Magt til aa faa han laus. Og so laut Sven Dufva fylgje Konstabelen paa Raadstogo. –
– Dei samla seg etter Avtale i Kafé Nasjonal, – den Flokken som stod under Ruds Styring. Men dei var færre no. Dei fremste i Flokken var i Ulag; der hadde vori so mange Svikarar, sagde dei. Hadde alle gjort sin Skyldnad, so skulde det vorti ein annan Dans. Denne for.[sic] dømelege norske Ræddhug! Dette usætande, dette upaalitelege ved oss! Alltid skulde det gaa so midt i Lag; aldri kunde ein halde ihop og vinne stort. Me skulde berre sjaa, kva «Den gode Borger» sagde i Morgo –: «en Del unge Mennesker og Skoleelever … en Del Barnetrompeter … Politiet ordnet det hele i en Fart.»
Daniel hadde vori i stor Tvil, um han skulde møte upp paa Kaffikjellaren. Han hadde ikkje noko godt Samvit. Og dessutan … det, han hadde lova Vaarherre … Men endeleg gjekk han. Han vilde forsvara seg, um nokon skulde koma med Snakk, tenkte han; og so var han ikkje umvend …
«Naa!» ropa Jens Rud fornøgd, daa han saag Daniel; «der hev me daa endeleg ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i! Lagde De Merke til honom, Karar? Han sat uppe i tridje Rad og peip som ein Devel; dei freista aa stogge han; men han berre stemde Ryggen imot, Rygg og Aalbogar, og blés paa, blés paa! Hadde alle gjort sine Ting so godt som han, so hadde det vorti anna av. Hurra for Daniel Braut!» – «Hurra! Hurra! Hurra!»
Daniel stod der raud som ein Hummar; visste ikkje kva han skulde segja. Daa den eine etter den andre kom og vilde drikke med han, vreid han seg undan; hadde ikkje fortent so stor Ros; hadde nok gjort sitt beste, men … «Aa vis-vas!» sagde dei. « Aa, lad ingin falsk Beskedenhet raade i en Stund som denne!» Og so kom ikkje Daniel til aa forklaare Samanhenge. Han drakk; drakk med deim alle: Samvite var uheilt: men full vart han.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.
Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.
Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.