Bondestudentar

av Arne Garborg

VI.

Daniel hadde høyrt at Yvihøyringsprøva skulde vera lett; men daa det bar til, fekk han anna finne.

Han var laakt fyribudd; hadde havt for mange Skular og Skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar paa sin Maate. No stod han der med Hovude fullt av ymist og altslag i Ruve og Røys; sùmt var ferdugt og sùmt halvferdugt; der var ikkje Samanheng i nokon Ting.

So var der ikkje anna aa gjera enn aa «pugg-lesa». Det galdt Live no. Dei som hadde hjelpt han fram venta at han skulde klara seg. Og gjorde han ikkje det, so vilde alle Vegar stengjast. Det ein ikkje kunde paa annan Maate, fekk ein daa kunna paa Pugg; sidan, naar ein vart Student, fekk ein taka det heile uppatt fraa Grunnen av.

Dag og Natt sat Daniel upp i det myrke Lofte sitt og las. Sveitta og las; las so han svimra. Heile Verdi kom burt for han. Han gløymde baade Sol og Jord, baade Heim og Himil; og naar han ein Gong um Dagen var ute og skulde faa seg «Middag», dreiv han gjenom Byen som gjenom ein stor, tom Draum.

Og so ille varmt som det var! August-Soli gjekk gjenom Himilen som ein brennande Eld, og Lufti laag tung og heit som ein Eim yvi Byen. Ute og inne var like fælt.

Vaat um Halsen, kleissen paa Hendane, med tunge Dropar paa den bleike Panna sat han og stræva. Flugur fór og song og surra nerveskjerande inn mot Kinn og Øyro, sette seg paa den vaate varnæme Hudi so det bivra i Holde, flaug og kom att, snurra ikring han nærare og nærare, støytte inn mot Nosi, Øyro, Skallen hans med sin ævelege Surr og sine priklande smaae Kløar; han sveita av Møde, fikta ikring seg endelaust og faafengt, drap deim naar dei heldt Bryllaup i Haare hans, men var like nære; og so las han. Men naar han utasa og utmødd lagde seg og skulde sova, so var det same Naudi; han laag og vreid seg i kvævne Halvdraumar og kava med det Flugu-Helvite som aldri fekk Ende.

Det var ikkje stort svalare um Natti enn um Dagen. Naar August-Soli fraa Morgon til Kveld hadde steikt Taksteinane yvi Hovude hans, var dei som gloande Jarn; og det laage Loftsrome heldt seg døynende badstugu-heitt til langt ut paa Morgonsida. Og aldri surra Flugudansen galnare enn um Natti.

Men ute i fri Luft kunde han ikkje lesa. Det var so mangt som lokka Augo og Tankar der; han sat og glodde paa Tre og Blomar og drøymde um Berta Maria og Inga Holm og altslags Tøv, og gløymde heile Eksamen. Lufti var fyllt med dirrande Blenkjing, med Laat og Ljom og alle Slags Liv; Eksamenstankane døyddde i den som Smaatroll i Sol; han var nøydd til aa stengje seg inne.

So sat han der innestengd; stræva og las; røykte, drakk Vatn og misste Mathugen. Dag for Dag kjende han seg armare; Dag for Dag maatte han stive seg upp paa nytt. Og di meir han las, di meir hadde han att aa lesa, totte han.

Ein Dag raaka han Sven Dufva paa Gata og jamra si Naud for honom. Sven Dufva sagde at den beste Raadi var aa drikke Kinavin. «Den brukar eg,» sagde Sven Dufva; «og den baade kveikjer og styrkjer.» So kaupte Daniel Kinavin. Og naar han vart altfor trøytt og arm, drakk han av den og totte han vart betre.

Det vart ein lang Strid. Var ein ferdig med eitt Fag og hadde lese seg mest trotin paa det, so kom næste Fage, som var likso vrangt; og i Selen att laut ein. Det røynte for Aalvor paa Helsa no; um Natti, naar Daniel laag og ikkje fekk sova, av di Hovude verkte og Flugune surra og alle dei grammatikalske Reglane dansa i Hausen og banka og hamra som «Timbremennar» etter ein Rus, daa kunde det hende at Guten flaug upp i skjelvande Rædsle og trudde han skulde bli galin.

Og han som hadde vori so glad paa Russedagen, og trutt at det verste var yvi daa! Han hadde ikkje visst kva som fyristod. Og han hadde ikkje visst, at Russelage var for den sanne Russen, men ikkje for slike som braut seg inn i det akademiske Rike Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk, og som hadde sovi seg fram gjenom ein paaliteleg Latinskule, han slapp igjenom det munnlege nokorlunde lett; for baade maatte ein gaa ut ifraa at slike Gutar hadde lært det dei skulde, og dessutan var det i Grunnen det skriftlege det spurdest um i dette Lande. Men Fabrik-Russen hadde Universitete ein naturleg Mistanke til. Det var Folk med ukjende Namn, Folk, som tidt saag svært lite akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn i dei heilage Hallir som Tjuvar og Røvarar gjenom ein galin Port; slike Karar maatte ein sjaa paa Tennane. Kamelar var det, som skulde gjenom Naaleauga; og mange «strauk», vann seg ikkje igjenom, anten dei no var Kamelar, eller um Naaleauga stundom vart altfor trongt. Meir enn ein Gong hende det, at det etter Eksamen kom Bòd til «Gamlen» fraa Universitete, at han hadde tapt sin «Demissjonsrett»; altfor mange av Gutane fraa Skulen hans var «strokne». Men daa kunde det òg hende, at Gamlen paa ein svært tydeleg Maate viste Bòdberaren, at sin «Demissjonsrett» hadde han ikkje tapt, kor det no kunde vera med Dimissjonsretten.demissio: Nedsending (her Ned- eller Utkasting). dimissio: Burtsending, Frigjering (i Skule-Maale: Slutt-Prøve).

Fabrik-Russen, og Daniel med dei andre, vart bleikare um Nebben for kvar Dag som gjekk. Og den eine etter den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein i den Bakken og ein i hin, liksom trotne Soldatar paa ein Feltmars. Men Fabrik-Gutane hadde ikkje Lov til aa vera sjuke heller; det var ingin som trudde paa Sjukdomane deira. Professorane drog paa Akslom; Russen lo; «han er sjuk i Matematik», sagde dei; «han hev vondt i Græsken». Og i «Den gode Borger» stod der meinsløge Stykke um kor rart det var, at det nettupp skulde vera Fabrik-Russen som var so sjukleg i Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke. Daniel tenkte sterkt paa aa melde seg sjuk, han med. Men so raaka han Sven Dufva ein Dag. Han var svært bleik, Svein, og dei store rædde Gaselle-Augo stod i Hausen hans kvite og stive som Klinkenaglar. «Men Herre Gud, De er ikkje frisk?» sagde Daniel forstøkt. Sven Dufva riste paa Hovude. «De maa til Doktoren og faa Attest!» heldt Daniel fram. Daa stirde Sven Dufva paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg yvi Andlite hans. «Nei!» sagde han med sitt Bassun-Maal; «det gjer eg aldri!» Og daa Daniel vilde vita Grunnen til dette sagde Sven: «det skal ikkje De heller gjera. Dei trur oss ikkje!» Den raude Skuggen kom sterkare att og vart liggjande.

Daniel forstod Guten og vart skamfull; Sven Dufva hadde Rett. Haugum sagde sidan det same; kunde dessutan fortelja, at den som lagde seg sjuk vart sidan strengare yvihøyrd; det var daa best aa halde ut, so sant ein kunde. Daniel drog ein tung Sukk og sagde at han fekk freiste aa halde ut daa.

Og han heldt ut. Men paa Slutten kunde han ikkje lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimra det for han. Ikkje torde han taka Kinavin heller lenger; Haugum hadde sagt at det var faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei Von um aa faa Laud; han hadde gjort det godt i fleire Fag, og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1. Men no fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggje Laud’en hans i alle Tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk. Og no var han trygg paa Laud.Laud: Ros verd. Han gjekk og hugga seg med aa tenkje paa, kor glade dei skulde bli, dei som hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde vera aa kunna skrive til Inga Holm: «Student med beste Karakter». Men so gjekk det gali i Historie og Geografi, – dei einaste Fagi han kunde. Til Yvihøyrar fekk han ein gamall Vrangpeis, som spurde um alle Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa slik ein underleg og urimeleg Maate; og til Domsmann fekk han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen, Robert Djevelen. Dette siste var det iser, som gjorde Guten fortumla. Robert Djevelen var han rædd; og daa so Yvihøyraren gav seg til aa vera vrang, kom Daniel reint utav det. Han svara burti Hytt og Vêr og stod stundom heilt fast; og Enden vart, at han fekk 3, 3 istadenfor 1, 1; dermed var Laud’en sprungin.

Han kunde ikkje forstaa slikt! Det var ei Rangvise so yvi all Maate! Vera so nære Laud, og so ikkje faa det; og falle paa dei Fagi han kunde best! Kunde Vaarherre tillata slikt? – Han stod lengi utanfor Døri; venta halvt um halvt at Professoren skulde koma ut og segja at det var eit Mistak; slikt kunde ikkje bera til; vel hadde han gjort det mindre godt i Dag; men Censor – Censor visste, at han kunde Historie; og Vorherre vilde hjelpe til; der var daa vel Rettvise i Verdi! Skulde ein Mann lide Skade paa kanskje heile si Framtid, berre ein gamall Surpose av ein Professor var i Ulag? Det kunde ikkje bera til; det kunde ikkje!

Men Daniel fekk sjaa at det kunde. Yvihøyrar og Domsmann kom ut – og gjekk sin Veg. Dei saag ikkje paa han ein Gong. Dei syntest hava det beste Samvit. Og Robert Djevelen gjekk og smiska for Professoren, smiska og smilte seg blid, flikreblid …

Daa koka det upp i Daniel eit etande Sinne, og han sagde «Fanden» for fyrste Gong i si Tid.

Heimyvi rusla han; harma seg sjuk. Han skulde havt Laud! Hadde det i Grunnen! men fekk det ikkje. Hadde han berre ikkje vori so nære ved! Og hadde ikkje Historie og Geografi vori hans beste Fag! At slikt kunde hende! No skulde han gaa i heile sitt Liv og hava Haudhaud: godt. non: ikkje verst. til Artium, og det berre av di … i Grunnen av di han hadde havt Robert Djevelen til Domsmann.

Han slengde Bøkane i femte Veggen og sparka etter deim. So sette han seg trøytt og leid ned paa ein Stol og seig burt i myrke Tankar.

Rett som han sat, trappa han i Golve. Han kunde ikkje koma ifraa dette harmfulle Minne. So nære Laud. Og so ikkje faa det. Hm. Her sat han. Var ferdug. Ferdug med Eksamen. Var Student. Denne Dagen hadde han lengta etter so lengi og so saart. No var Dagen komin. Men han tenkte ikkje paa aa vera glad. Harm, arg, leid var han.

Han gjekk ut; ein fekk sjaa aa finne Folk. Finne einkvarr aa tala med. Men han fann ingin. Dei hadde vel kvan nok med seg og sitt.

Ei tung Modløyse tok Guten. Han var so aaleine. Kammeratar hadde han, men ingin Vén. Ikkje Berta Maria dessmeir brydde seg um han; hadde ho det gjort, so hadde ho ikkje vori so mykje ute um Sundagskveldane. Han var Fatikmanns Son og hadde Fatikmanns Lykke. Og naar det leid av ei Stund, so kanskje han svalt ihel. Eller maatte paa Arbeid.

Han hadde skrìvi til Jens i Larsebakken etter eit Tillegslaan paa 100 Dalar «for at kunne tage Anden-Eksamen i en Fart»; og han hadde tydeleg vist, at det vilde vera til Bate for Jens sjølv, dette. Men vilde den Moldtrælen forstaa det?

Og han som hadde tenkt aa bêle til Inga Holm, naar han vart Student! Aa jau. Ein Student med Haud. Og utan Pengar. Det skulde bli Friar, det! Daa kunde Hønsi paa Klokkargarden gjerne kakle og gjera Narr av han. Og daa var det vandt um gamle Klokkar Holm baud han med seg til Middags.

Dei gamle hadde sagt, at Fatikdom var Synd. Det var ei diger Lygn. Fatikdom var Ulykke. Den verste og tyngste Ulykka paa Jordi. –

«Goddag, Braut!» sagde Aslak Fjordan; «oh-oh! du gjeng ikkje fort, du!» Daniel skvatt upp: «Goddag, goddag!» – og dei kom i Samtale. Aslak skulde upp til Student Hærland og faa «slaa i seg det grøvste av Syntaksissen», sagde han; det var slik ein Traavar i Latin, den Hærland’en. Og i Morgo skulde Aslak upp i Latin, men kunde oh-oh-oh! – kunde, forsyne seg, ikkje det Grand. Huff; fæl Bask, dette. I Græsk hadde han vori sjuk, som dei andre Non’istane; og i Aritmetik hadde han 6, so han maatte «kontinuere»; det gjekk vel helst til Dunders med heile Svarvestolen.

Uheppin hadde han vori fra fyrst til sist, og vori ute for alt Slag Fanteskap av Professorane. «Ja enn eg daa? sagde Daniel. «Hoh-oh-oh! men i eit Fag var eg heppin,» heldt Aslak fram, «og det var i Historie!» – «Just der var eg … « – Hoh-oh-oh! ein skulde aldri høyre slikt! Aslak hadde slegi upp – reint blindt – tri Stadir i Heimssogo, og lært deim; og meir Historie kunde ikkje han; daa han so kom upp, fekk han – plent desse Stykki; han hadde fengi 1 i Historie, hadde ikkje den Tullebukken den Professoren komi toskande med den franske Revolusjonen. No fekk han 2; men den Tvoa kom kanskje endaa til aa berge Eksamen for han.

Aslak lo og fortalde so han kom i Godlag; Daniel kunde sistpaa ikkje sture lenger han heller. Han fortalde um si eigi Sogu-Prøve; og det letta svært aa faa lagt sin Vanlagnad fram. I det heile var det godt aa raake Folk for den, som hadde vore so lengje boktekin. Den Tyngdi han hadde kjendt som ei Klemming yvi baade Heile og Bringe, den losna og letta som Skodd yvi Skogen.

Daa Aslak fyrst var komin paa Lòs, hadde han ei Mengd med Eksamenssogur; og Daniel høyrde paa deim og vart modig; det var deim som hadde klara seg laakare enn han. Sidan rusla han aaleine ut-etter Vegen og var ikkje verst i Lag. Det var likevel ein god Ting aa vera ferdug. Og hadde det ikkje gjengi godt, so kunde det ha gjengi verre, fekk han trøyste seg med.

Her ute var fritt og fagert. Augustlufti laag fin og blaa yvi Eng og Skog, tindrande rein; det var so klaart, at ein kunde skilja Trætoppane lang uppe mot Himilsyni. Akersbygdi laag bleiknande og ven med sine Aakrar og Kjelvur millom Lundar og linne Bakkedrag; lengst nede glima Fjorden innunder Oskarshall, kvit i den sterke Solglimen. Men Fjellgarden i Vest drog seg i mjuke, fine Bylgjedrag gjenom den solklaare Lufti som yndefull, kraftig Plastik.

Daniel saag at dette var vent; han hadde vori so lengi fraa det. Og Lufti her ute var som Vin, ho gav sin Mann Mod; – skulde han endaa vaage seg til aa sende Friarbrev? Eller skulde han drygje til han hadde Andre-Eksamen?

Ein sann Student burde vera trulova. Og det var vondt aa vera so aaleine i Verdi. Ingin var sæl, utan han aatte eit trufast Hjarta som med kjærlege Tankar kunde fylgje han i hans Strid. Berta Maria, stakkar, ho var snild og god; men ho var berre Tenestgjente. Det var Ideale ein maatte naa. Han kom sistpaa til Lags med seg sjølv um, at dersom Jens i Larsebakken sende Pengar, so vilde han frie; men elles fekk det vera til etter Andre-Eksamen.

Han skulde til aa sige ned i sine Pengesorgir att, men hugsa so at ein sann Student burde ikkje tenkje paa Pengar. Det var poetiskt aa vera fatig; ein sann Student skulde lìva for Ideen og lata Kræmarar og Bøndar syte for Mynt og Mat.

I det heile: han fekk hugse at han var Student! – og ikkje gaa her og innbille seg at han var Skulegut og Bonde enno! Drøyme um sine Framtids-Vonir skulde han; um det Arbeide han vilde gjera ein Gong; det som gjorde Studenterlive idealt, det var dei store Draumane.

Kapellan Hirsch var det, han sistpaa kunde takke for alt; og han maatte ikkje koma til aa trega paa det han hadde gjort, denne gjæve Mannen. Og Haugum, og Rud, og dei andre gilde Gutane, dei skulde faa sjaa, at Matstr– Materialist var Daniel Braut ikkje.

Naar rett var skulde han bli Folkehøgskulelærar som Meier og Massmann. Naa; det dugde han vel ikkje til. Men so fekk han bli ein Prest av same Slage som Hirsch, – so godt som han kunde.

Med ein Gong hugsa han, at han hadde gløymt aa tinge seg Duskelue. Daa snudde han og gjekk til Byen att so snøgt han kunde. Det var best aa vera trygg. Enno kjende han seg ikkje rett Student. Og ikkje saag han ut som Student heller. Men naar han fekk Duskeluva, og so Borgarbreve, so skulde vel det greide seg. –

– Immatrikuleringsdagen kom.

Daniel Braut drog paa seg sine svarte Klæde og sette høgtidsamt Duskeluva paa Hovude sitt. No var han Student. Med bankande Hjarta gjekk han framfor Spegilen. No hadde han naatt sitt store Maal; no vilde han sjaa seg sjølv. Han venta aa faa sjaa eit Hamskifte.

Duskeluva sat ikkje rett; han drog ho meir ned mot det eine Øyra. Men endaa sat ho ikkje rett. Han drog ho ned mot det andre Øyra. Men det hjelpte kje heller. So sette han ho midt paa Skolten; – like nære. Han freista paa all Vis; sette ho lenger bak, eller lenger fram, lite meir paa Skakke, lite mindre paa Skakke; det nytta ikkje. Det var som Duskeluva ikkje vilde høve aat hans Hovud.

Daniel kolna der han stod. Han freista paa nytt; lagde Dusken bak; lagde Dusken fram; lagde Dusken midt paa Aksli; nei. Det vart ikkje den rette Svingen. Og Frakken, – Frakken sat, som alle Frakkane hans hadde sìti. Han saag ikkje ut som Student. Han var ikkje Student. Han var ein forklædd Bonde.

Bleik og motfallin stod han og glodde paa seg sjølv i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so framand. Det breide godslege Andlite hadde vorti langt og magert. Munnen saag styvin ut; og Augo, som ein Gong hadde vori so blanke, hadde krympa seg ihop og vorti raudsprengde og dauv-vorne. Men Aksline var gruve; han saag liksom nedtyngd ut; laut rette seg upp naar han vilde naa si Høgd; annarleis hadde han set ut i sine Studenterdraumar. Naa; det laga seg vel. Men kald um Hjarta rusla han til Universitete etter det akademiske Borgarbreve, som han no skýna ikkje heller kunde gjera Underverk.

Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge Bystudentane, som kom strjukande fine og lette som Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt som ho skulde vera støypt til deim, daa kjende han seg framand i dette Lage. Han hadde berre ei Trøyst, og den var skral: dei andre Bondestudentane tok seg for det meste ikkje stort betre ut enn han med Duskeluva.

Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla. Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte han kom som ubedin Mann til Gjestebods; det kom for han, at dei fine Herrane saag med Uhug paa Bondeguten som vilde trengje seg inn i deira Lag. Med det same han hadde sett seg byrja Festsongen; det ljoma so vent i den høge Halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel styrktest. Han sagde til seg sjølv: du hev Rett til aa vera med; du er Student!

Det fekk vera som det kunde med Duskeluva; godt var det aa ha berga seg fraa Aandløysa og Raaskapen der ute og hit inn i desse reine, rolege Hallir millom Ideens Presteskap. «Helligt, helligt, helligt er Studentens Kald!» tona det fraa Songarlage i klaare, store Harmoniar, og Daniel song i sitt Hjarta med. Han lyfte aahugsamt sine Augo upp mot Takfrisa; der saag han Gudane, dei gamle klassiske Gudane, staa og tenkje og grunde, støypte i Gips.

Det var professor Darre som heldt Tala. Han lagde ut um, at Vitskapen hadde sitt Maal i seg sjølv. Sistpaa kom det eit Par av Tankane fraa Russetalen; so slutta Professoren med ei Lovprisning av det ideale Studenterliv.

Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sant og so godt. Men daa Professoren kom til det ideale Studenterliv, tenkte han med seg sjølv: gjev Jens i Larsebakken vilde sende Pengar.

So skulde dei nyfødde Aands-Adelsmennane fram og faa sine Borgarbrev og gjeva Lovnaden. Det vart ei lang Mynstring. Dei fleste var Bystudentar, Folk med store plattyske Namn, og med dette serskilde fine Lag, som Daniel hadde undra seg yvi i alle sine Dagar. Men ender og daa kom det trampande ein homo novus,homo novus: ukjend (ættlaus) Mann. ein Aslaksen eller ein Bragestad; og Daniel saag med veksande Uro, kor lett det mest alltid var aa kjenne deim fraa dei andre. Dei hadde ikkje Svingen. Brevi sine tok dei imot med stive keivhendte Tak og innbillte seg at dei bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; andre tverbøygde seg som dei skulde gaa av paa Mìden. Daniel vart mindre og mindre der han sat. Og no skulde han fram. «Herr Daniel Olsen Braut.» – Han dukka upp; steig fram so godt han kunde; samla ikkje klaart; Salen laag som i Skodd og Susing, og endaa var det so uhyggjeleg stillt. Kvite Kragar og Andlit Lyste utydeleg fram or Skodda liksom store tome Augo; i ein Benkekant snaava han; det gav eit Brak; so steig han tvo Stig fram paa Tærne; fekk Tak i Breve; innbillte seg at han bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; – og so attende til Plassen sin, sveitt, men glad fordi det var yvistridt; det varde ei Stund fyrr han torde sjaa up att.

Han tok til aa tenkje, der han sat. Hugsa Dølen og hans Hunar og Vandalir; der var visst meir i det enn Dølen hadde visst. Naar ein av dei plattyske kom, var det som det skulde vera eit anna Folkeslag. Det var ikkje sagt at dei var fagre; det var ikkje sagt at dei førde seg godt dessmeir; dei kunde vera stygge som Arvesyndi og keivelege som Trehestar, – og likevel! Likevel saag ein, at dei var «Herrar». Dei hadde i all si Ferd noko trygt og sjølvbyrgt; dei hadde det som Horats kalla frons urbana; og naar alt kom ihop, so var visst det det sanne Daningsmerke. Var dei fødde med det? Var det noko som ein maatte vera fødd med? Var det ikkje sant at alle av Natturi var like, og at det ædle og høge føddest likso ofte i Hytte som i Borg? Skulde Vaarherre ha stelt det so, at dei som var fødde i Rikdom fekk alt godt, men dei som var fødde i Armod laut bera Merke av det alle sine Dagar?

Daniel vilde ikkje tru det. Vaarherre var rettvis; alle var like fraa hans Hand. Den skilnaden som var, den kom av at Folk vaks upp under ulike Vilkaar; og den kunde jamne seg med Tidi.

Og so hadde Bondegutane Krafti, som Dølen hadde sagt. Som dei her kom stigande aalvorsame og tunge, sume smaa og tettbygde, andre staute og store, saag dei ikkje ulikt ut til «Sønir av Fjelle».

«Helligt, helligt!» ljoma det endaa ein Gong. Daniel hadde vunni yvi sine tunge Tankar; akademisk Borgar var han no, det hadde han Brev paa. Og no vilde han vera glad, so lengi han aatte Mynt.

Han fylgde Haugum til Kafé National; dei vilde «mærke Dagen». Ein heil Flokk hadde samla seg i Kaffistogo; der var det Gilde med Talur og Øl; det ideale Studenterliv byrja no, tenkte Daniel. Og det vart Festtale-Idealitet i Foss og i Flaum. Dei gamle tala for dei unge og dei unge for dei gamle; ein Bystudent tala for Bondestudentane og ein Bondestudent for Bystudentane, det vil segja for dei Bystudentane som hadde Frisyn og Vidsyn nok til aa slaa Lag med Bonden; dertil svara Bystudenten med ein Tale for Bondefolke; Bonden var Fortidi og Bonden var Framtidi; Bonden sat inne med Fedra-Arven, og Bonden sat inne med Framgangstankane; Bonden aatte Lande og Bonden vilde bera det fram. Skaal! Leve! Hurra, Hurra! Daniel drakk Øl og totte det stod godt til. Han hadde ikkje visst at Bonden var slik Kar; men naar ein Bystudent sagde det, og naar Folk som Hans Haugum og Jens Rud samtykte i det, so maatte det vera sant; og daa var det staut aa vera Bonde. Han gjorde seg ein Sving burtum Spegilen og saag, at Duskeluva ikkje sat so ille endaa.

God og mett rusla han heim. I Morgo vilde han skrive Friarbrev. Jens Bakke sende nok Pengar; og sende han ikkje, so vart det vel endaa ei Raad; Verdi var god og glad, og Folk var so snilde. –

– Daa han kom upp paa Hybelen sin, var der reinskura og stelt som til Helg. Stakkars Berta Maria, det hadde visst ho gjort til Ære for Dagen. Berta Maria var snild. Han vilde gjera seg kjend med henne, stakkar; ho hadde vori so bleik i seinare Tid. Bar ho kannhende i Løyndom paa ein Elsk som ho visste var vonlaus?

Tung og trøytt lagde han seg paa Sengi. Han seig av i øltunge Draumar; fyrr han visste Ord av, sov han; og den Natti sov han som ein Hest. Daa han vakna, hadde han vondt i Hovude. Men det høyrde med til det ideale Studenterliv; han fekk finne seg i det. –

– Tunge, ukjende Stig kom stabbande; Døri gjekk upp; eit framandt Kvinnfolk kom inn med Kaffien. Det var eit digert, raudt Gjentebeist, skakkmynt og med Rottetennar; rund var ho i Ryggen og skeiv i Mjødmine; Daniel stirde; kva tydde dette, tru? «Vessgo!» sagde Gjenta. «Aa saa skulde jæ høre om Dere ska ha kjøpt noe i Byn i Da; jæ er den nye Pika.» «Jaso,» sagde Daniel, han var grovmælt etter Øle; «kvar hev det vorti av den gamle?» «Hu? he-he; hu fikk Forfall, som dom sier. Hu er reist.» Daniel kjende seg uhugleg. «Forfall?» sagde han. «Ja-a. Ja dæ er ikke noe som jæ bryr mej om aa snakke om, kan Dere vite; men slik gaar’e, naar e’ Pike ikke passer sej! Hu kunde ha holdt sej fra dom Soldaterslaska, vel, og holdt sej orntli, hu som andre Piker! Men d’er ‘ke noe for mej aa snakke om da, skjønner Dere.»

Student Braut kom ikkje til aa skrive Friarbrev den Dagen. Han kom ikkje til aa skrive Friarbrev Dagen etter heller. Han kom i det heile ikkje til aa skrive Friarbrev. Derimot sagde han upp Rome sitt og flutte til eit Kot i Fredensborgvegen. Han kunde ikkje halde ut aa bu paa den gamle Hybelen sin lenger; og minst kunde han halde ut aa sjaa paa denne nye Gjenta.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.

Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.