Bondestudentar

av Arne Garborg

VII.

Fyrilesingane tok til; Skulegutane gjekk og var Studentar.

For Daniel var det til stor Hjelp; det spreidde Tankane. Og minst kunde han her uppe millom all denne ideale Ungdom tenkje paa Berta Maria.

So aandfulle som han hadde tenkt var Fyrilesningane ikkje. Mang ein Gong hadde han kalla deim aandlause, um han hadde tort sagt eller tenkt slikt um so høge Ting. Men det torde han ikkje. Det var sjølvsagt berre han, som ikkje til gagns forstod deim.

Det var det gode her, at ein turvte ikkje lære Leksur. Og vart ikkje yvihøyrd. Ein hadde ikkje anna aa gjera enn aa høyre paa, og skrive «Notater» um ein so syntest; og vilde ein vera burte fraa Fyrilesningane, var det ingin som heldt Rekneskap yvi det. Professorane kjende ikkje Læregutane sine dessmeir; kvar stelte seg som han sjølv vilde. Dette lika Daniel. Men han undrast paa korleis ein skulde lære sine Ting, naar ein ikkje fekk Leksur.

Um Ettermiddagen gjekk han og dreiv med kven han fekk Lag med. Han hadde tenkt aa lesa igjenom paa nytt det han hadde baade lært og ikkje lært i sine Skuledagar; men det fekk vera til sidan. Um Kvelden var han stundom i Teatre. Han lika seg der; mest alt gjekk ut um Kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatre var som eit Eventyrland midt i Livsens Prosa; der livde det fagre sitt Liv i Fred, avgøymt fraa alt som kunde skiple og skjemme. Der livde Daniel i Sanning idealt, totte han, endaa han laut sitja paa «Tolvskillingen». –

– Jens i Larsebakken sende Pengar. Men den Moldtrælen sende 50 Dalar i Staden for 100, so det galdt aa spara; og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det galdt aa faa dei 50 Dalane til aa rekkje so langt som Raad var. Med Tid og Stundir laga det seg vel so han fekk meir.

Den som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger. Og no hadde Daniel ei serskilt god Von; for Jens i Larsebakken hadde fortalt, at Bror hans, han Lias, hadde teki Skjerp paa fleire «lovende» Malmgruvur. –

– I Studentersamfunde var han nokre Kveldar og vilde sjaa paa det store Studenterliv. Men det var so høgtidsamt der. Han kom reint burt i denne lange, store Salen, millom all den Mengdi av kaut Ungdom; og han sat og høyrde paa Avis-Upplesingi og Ordskifte so still som i ei Kyrkje. Men Ordskifte gjekk um eit Haustball, som sùme endeleg vilde hava; og det var merkelegt kor kvike dei var til aa rengje um Ordi for kvarandre og redigere kvarandre «in absurdum«.redigere in absurdum: gjera til Narr. Daniel høyrde med Vyrdnad paa desse store Talarane og tenkte med seg, at slikt kunde ikkje han lære. Men langsamt var her; han sat berre og stunda etter at dei vilde slutte. Endeleg kom Toddyen. Men det var ikkje som i Russelage. Ein maatte sitja so stiv som ein Stake og høyre paa lange Talur; fyrst naar det leid ut paa Natti ei Stund, vart her noko meir Liv. Men naar det leid so langt, so slutta dei.

Dette var vel i Røyndi det ideale Studenterliv? Men ein Kveld sette Aslak Fjordan i med ein hivande Laatt og svor paa, at verre Tull hadde aldri han vori uppi. Og daa Haugum so halvt hadde samtykt i dette, var Daniel heilt med. Dei vart samstelte um at der ikkje var den rette Aand i Studenterlive no; og daa dei skildest, bad Aslak deim koma heim til seg næste Laurdagskvelden; der skulde dei hava det mykje gildare enn i Samfunde, meinte han.

Laurdagskvelden kom; og Aslak heldt Ord. Det vart eit heilt lite Lag; og der var Liv i Lage. Eit Par av Gjestom, millom deim ein Student Hærland av «Frams»-klikken, sa Aslak – var nye for Daniel; men snart var alle kjende. Samrøda var straks i Gang. Professorane vart ymist dømde; so kom Vitskapsspursmaal upp; serleg galdt det Filosofien. Haugum var i Beit med «Overgangen fra «Intet» til «Tilværelse» og bad Hærland greide dette; Hærland lo og spurde, um Haugum meinte at slikt var til aa «forstaa». «Kan De finne ein norsk Student som hev lært aa forstaa den Hegelske Logiken,» lagde han til, «so skal eg ikkje vera ærleg Mann.» Daa lo Aslak med sin store Laatt og sagde, at det vilde han Pinedød tru; Diktaren Gregus Johnsen nikka.

Fraa Logiken kom dei til Etiken, og fraa den til Politiken. Hærland og Aslak var Republikanarar, dei andre konstitusjonelle; og det vart varm Strid; dei einaste som ikkje var med i Ordskifte var Ortvedt, som totte dette gjekk for høgt, Gregus Johnsen, som fann det prosaiskt, og Daniel, som hadde nok med aa høyre paa. Dessutan visste han ikkje rett kven han skulde halde seg til; han heldt i Grunnen med Haugum, men hadde likevel best Hug til aa stydja Hærland, som var ein kvass, ordsterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskifte og vilde hava Samhug og Hjartelag; so sette han i med skakande Maal: «Ja vi elsker dette Landet.» Det hjelpte. Haugum gløymde Kongedøme og Republiken og song i med glad Jubel: «som det stiger frem»; Daniel og Gregus Johnsen fylgde etter; Hærland kunde ikkje heller halde seg, men kom med paa «de tusind Hjem».

Og dei song og song seg varme. Det eine Verse tok det andre; og for kvart Vers vart dei gladare og meir uppglødde. Daa dei sistpaa med sterke Røystir hadde svori:

«Ogsaa vi, naar det blir krævet,
for dets Fred slaar Leir!»

klinka Haugum paa Glase og bar fram i stilslege Ord ei Skaal for Fedralande. Han hadde ikkje mykje aa segja, og det vart ingin Tale; men det var so godt meint. Der var stilt i Lage med’ den Skaali vart drukki.

No fann Gregus Johnsen at hans Tid var komi; han spurde blidslegt, um Herrane hadde lesi det siste Dikte av Bjørnson. «Ja,» svare Ortvedt snøgt; men Daniel var truskyldig og sagde Nei; og so gav Gregus seg til aa segja fram Dikte. Han deklamera stridt; og det vart ikkje mykje Klapping. Men Haugum reis upp og heldt ei Tale for Bjørnson som vekte slikt Samtykke, at Gregus prøvde seg med ei Tale til um det Emne. Av den Tala tok Hærland seg Tilføre til aa taka paa «Skandinavismen»; Haugum lagde imot; men det viste seg snart at dei i Grunnen var samde. Og no var dei komne so langt med Toddyen, at dei tok til aa blidkast; og Lage skilde seg sund. Ortvedt fortalde um eit Fyllelag som hadde enda med, at Verten skaut etter Gjestine med Revolver; Haugum og Hærland dryfte Riksstell; Gregus haka seg fast i Daniel og greidde ut um si Vanheppe til Eksamen. Han hadde vori uppe tvo Gongir; men det Daniel maatte vita var, at han ikkje var skapt til Eksamenshest. Han var skapt til noko anna, noko som han for sin Part trudde var høgare. Han visste ikkje um Herr Braut kunde vera med han paa, at Poesien var det høgste i Live … «jau, jau,» ropa Daniel; «Poesien, – jau; det er just mi Meining og; der er ingen Ting, som –!»

Gregus var glad yvi aa høyre det. Der var so mange Filistrar no um Dagen, og det endaa millom Studentane, Filistrar vilde han segja, som ikkje hadde Syn for dette, at Poesien var den øvste Livsmagt. Men det forstod Gregus; og ingin skulde faa han ifraa det. Aa spenne han for Eksamenskjerra, det var som aa … ja, han vilde ikkje brùka det Bilæte han tenkte paa. Folk snakka um Aandsutvikling, um Tanketukt … ja, Gregus hadde lesi Filosofi og eit og anna slikt; men … Dei kjende ikkje Aandi desse Folk; dei hadde aldri kjent Aandi bruse gjenom seg paa breide Vengir; Gregus vilde segja at dei hadde ikkje det, naar dei trudde at dei kunde binde Aandi til Reglar og segja, at so og so skulde ein tenkje, og so og so. Liksom Aandi ikkje gjekk sine eigne Vegar!

– «Ja syng, den! ropa Aslak Fjordan; «syng den!» – Haugum sette i med roleg, mild Røyst; alle lydde:

«Jeg har baaret Lærkens Vinge,
jeg har sunget høit dens Sang;
jeg har følt jeg skal mig svinge
op til Paradis en Gang,
op til Paradis en Gang.»

Songen kom til rett tid; Haugum maatte syngje han uppatt. Hugmilde og hugvarme sat dei og lydde og drøymde uppatt sine Barndomsdraumar um Englane og Gud Fader. Det kunde til Kvardags hende at dei kom i Tvil um eit og anna i Kyrkjelæra; men i Stundir som desse kom alt det gode og varme Hjartelage upp i deim, og dei trudde som Born. Sjølve Hærland vart rìvin med. Blid-øygd og bringevarm sat han og lét seg glide inn i fredsæle Kyrkjedraumar; sistpaa banna han paa, at dette var det høgste og djupaste i oss, kor mykje me so stræva med aa tvìla og fornegte.

Um ei Stund var dei komne inn paa eit nytt Emne: Kvinna. Eit langt Kapitel vart det. Dei gjekk heile Skalaen igjenom, fraa «Ideale» – Skaal for Kjærasten! «Mulmet sank, det svale» – og nedetter, til dei naadde Botnen. Daa sette Ortvedt i med eit lite skralt, brestande Maal og song um «Samson, som elskede Daliladalila, daliladalila»; og no gjekk det laust; Daniel, som tenkte med Hjarteverk paa si arme Berta Maria, kunde ikkje rett like seg. Gjenom ein naturleg Tankegang kom dei fraa dette inn paa uhuglege Ting, Sjukdom og medicinsk Styggedom, so Daniel tilslutt sat reint og fælte. Daa sagde Aslak «Skaal!» og slo i seg Resten av Glase. «Var det det andre eller tridje?» lo han og laga paa nytt, og mana paa dei andre, at dei fekk sjaa aa koma etter. Men daa Ortvedt endaa heldt paa med sine Hospitalsogur, stod Aslak upp og sette i med eit Mæle som kunde vekkje daude: «Sjung um Studentens lyckliga Dag.»

Visa kom til rettan Tid. Haugum reis upp og song med; snart gjekk dei og dreiv paa Golve og song alle ihop; men til Endes paa Verse kom dei ikkje; Samrøda tok deim att, ein etter ein. Dei hadde fengi so mykje aa tala um no; tvo og tvo eller tri og tri stod dei burtetter Golve og prata; og rett som det var maatte dei burtaat Borde og «skaale». Det vart livlegare og livlegare, og Rødune gjekk sterkare og sterkare, liksom ein Sjø naar det aukar paa og blæs. Sùme antra um kvar det var best aa faa Middagsmat; andre disputera um dei tri Personane i Guddomen. Og no kom det fram mangt av det dei elles gjekk og tagde med. Pengesorgir og Syndir, Narreverk og Daarskapar vart framlagde so truhjartigt og heilt som dei stod for sin siste Domar. Daniel kunde ikkje lenger bera sine Elskhugssorgir aaleine; Gregus Johnsen lét Ortvedt vita at han arbeidde paa eit stort Syrgjespel som skulde heite Keisar Kaligula: «det var Fanden!» lo Ortvedt; «aut Cæsar, aut nihil», sagde Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var komin upp av sitt blide Lag, gjekk og lagde ut for Haugum so Busti fauk, at Læra um Kristi Guddom var ubibelsk. Og dei drakk Dus med heileg Ihuge, og heldt av kvarandre og trudde paa kvarandre, og lo i store glade Laattar aat ingin Verdsens Ting. Ender og daa sette dei i med Sjung um Studentens; daa gløymdest alt anna, og alle song med: låt oss fröjdas!» – men strakst koka Drøse uppatt, og Verse vart aldri utsongi. Lufti stod tett som ein Eim av Tobaksrøyk og Toddy-Eim; Haugum fekk sett eit Vindauga paa Glytt; men det hjelpte ikkje mykje. So klinka det paa eit Glas; ein eller ein annan steig fram raudøygd og bleik og heldt ein Skaaltale for det eller det, for den eller den; og daa Hærland hadde trætta seg trøytt med Haugum um Kristi Guddom, heldt han ein stor Tale for «dei velduge Ideane, som no som ein Flaum braut inn-yvi oss fraa Europa». Det vart mest Morgon fyrr dei slutta.

Men av slike Kveldar hadde dei fleire. Og dei song og braaka og skifte Ord um alle Ting; slost um Politik og store Spursmaal, so dei mest vart Uvenir stundom; ofte fekk dei Aslak Fjordan og Halvor Mosebø til aa stevjast, eller Hærland til aa fortelja Eventyr paa Sognemaal.

Naar dei so pratande og smaasullande dreiv Arm i Arm burt gjenom Gata langt paa Natt, hadde dei mest jamt ein Konstabel siglande i Hælane paa seg; «han forstod det var Russ, og lura etter Bøtar,» meinte Hærland. No skulde det fraa gamalt høyre med til Studenterlive aa liggje i Ufred med Politie; men den Ufreden lét dei vera; naar dei høyrde Konstabeltakten etter seg, vart dei støde og aalvorsame som eit Formannskap. Den gamle Bonderespekten for alt som lukta «Øverheit» sat deim alle i Blode; ja Daniel vart fastande, naar han saag Lovens Mann. Det kunde hende, at Aslak, naar han hadde dugeleg i Hatten, fekk Hug til aa «godprate litt med den Konstabelslusken», som han daa vilde «spretta upp Ryggsaumane» eller «slaa Hovude ned gjenom Halsen paa;» men daa hysja dei paa han alle ihop. Daniel var so rædd at han var paa Live; det var ikkje godt aa vita kva Veg det bar, dersom ein kom i Kløarne paa Politie, meinte han.

Men elles kunde dei vaage seg ut paa ville Vegar. Lausslopne fraa alle Tuktemeistrar, fraa dei strenge Bondeskikkar og den gløgge Folkedom, totte dei at dei burde bruka sin Fridom. Kristiania Nattliv stod for deim som eit villt, lokkande Eventyr; ein burde kjenne dette utrulege Varulv-Liv utanfor all Regel og utanfor all Moral, utanfor det menneskjelege Samfund. So kunde det hende, naar dei var kvìke og kvate og Natti var myrk, at Ortvedt nemnde «Øl ovenpaa»; og so gjekk dei dit, der dei «kunde faa Øl etter Klokka 12». Men det hadde dei lite Moro av; Eventyre var ikkje nokot Eventyr. Jammerleg Kristiania-Prosa var det, Raaskap og Rotinskap og Lukt som i ein Rennestein. Det var utrulegt at slikt kunde vera til, og at Folk kunde bli saa ulkeleg[sic] fæle. –

– Daniel vart snart leid av aa gaa paa Fyrilesningar. Aa sitja der uppe paa det svarte Universitete fire fem Timar kvar Dag og høyre paa endelause Utgreidingar um Vinklar og Kategoriar, det var ikkje stort likare enn aa vera i Skule. Ikkje lærde han noko heller. Han undrast paa um det ikkje var slike Fyrilesningar Professor Darre hadde meint, daa han tala um aandlaus Ser-vitskap. Og Filosofien, – ja den var ikkje til aa forstaa, som Hærland hadde sagt.

Han gav seg til aa forsøme. Naar det leid til Eksamen kunde ein plugge i seg det som turvtest av Bøkane; det gjorde same Nytta. Og det vart mange som gjorde det so. Andre-Eksamen var dessutan lett. Og hadde so lite aa segja; ein kunde nytta si Tid betre; ein kunde sitja heime i Ro og Mak og studere Menneskjelive gjenom aandfulle Bøkar.

So gjorde Daniel det. Ikkje kvar Dag; Kjenningane kunde undrast paa det; men ofte. Og det vart oftare og oftare.

Dei «aandfulle Bøkane» fekk han laane av Gregus Johnsen for ei Flaske øl so daa og daa; etterkvart slo han seg paa Romanar. –

– Men smaatt um Senn tok Pengane hans til aa minke. Eit av tvo laut han gjera no etterkvart: sjaa seg um etter noko aa tena Skillingar med, eller taka til aa spara aalvorsamt.

Han valde Sparetanken. Ein fekk vera fri Student so lengi ein kunde; og Hjelp kom det vel ein Gong, den som berre heldt ut.

Lias maatte vel faa selja sitt Skjerp no snart; so vart me berga alle. Og um det skulde knipe, so sagde det seg sjølv, at det maatte vera snart gjort aa faa Arbeid i ein so stor og rik By som Kristiania.

Det einaste han kunde spara paa no var Maten. Men det var som det skulde vera. Filisteren livde so han kunde eta; ein Student aat so han kunde lìva; ein sann Student og Idealist skulde lìva paa smal Kost. Og Dølen hadde livt sine beste Dagar naar han ikkje fekk Middagsmat.

Dette vilde Daniel freiste. Tvo Dagar um Vìka lét han Middagen vera og livde paa «Heimemat». Og det totte han gjekk godt i Grunnen.

Men Pengane minka og minka.

Ein fekk knipe inn ein Middag til. Det var ikkje onnor Raad; dessutan var der det gode med aa halde Middag heime, at det var so maklegt. –

Han vart meir og meir lat. Um Morgonen laag han og las og røykte til langt paa Dag; og naar han kom upp, so bar det i veg med same Arbeide.

Det var so hyggjelegt aa lesa um Kjærleik. Mest alltid fann han ei Gjente som kunde vera Berta Maria, og ei som kunde vera Inga Holm; og daa var det som Draumane hans fekk Liv. Men Live sjølv vart ein Draum som han gløymde.

Han tok til aa forstaa hin Guten som ynskte aa vera Konge, og som daa vilde liggje paa Laaven all Dagen og eta Rjomegraut. Den som hadde ein Roman attaat Grauten, og so ei Pipe etterpaa, so kunde ikkje det vera verst!

Ettersom Tidi leid, fekk han slik ein forunderleg Mathug. So maklegt som han livde, han var svoltin stødt. Dette kom ille med for Sparingi hans.

Det vart verre og verre. Mat-Tankane vart so sterke at han fekk ikkje Fred for deim. Han kunde lesa dei gildaste Forteljingar um Kjærleiks Sorgir og Kjærleiks Sæle, og so maatte han upp og rive i seg eit Stykke Mat. Eller han kunde lesa um Riddarliv og Kjempeverk i heite Draumar um salt Kjøt og Flesk og Erter paa «Dampen». Og det glødde for Bringa av Svolt; han kjende Lukti av Flesk og gule Erter so han mest gløymde Romanen.

Stundom stal han seg paa «Dampen» dei Dagane daa han etter Rekningi skulde halde seg heime. Den sterke strame Matlukti fraa Eimkjøken kom yvi han som ei Forlokking; han luska avstad som Drikkaren til Sjappi, endaa Samvite gnog og gnaala og minte tydeleg um at han ikkje hadde Raad.

Naar han so naadde den sæle Gluggen, der Maten kom langande ut igjenom som fraa eit Rikdoms Djup … og naar han fekk det rjukande varme Fate millom Hendane, so at no var det ikkje Draum lenger, men handfast litande Sanning, – aa, han kasta seg yvi Maten som eit Dyr, slog Kryl paa Ryggen som Hunden yvi ein stolen Kjøtknok og aat, aat; sukka av Sæle; langa i seg grundigt og metodiskt, so kvar einskild Bite kom til sin Rett, gjorde reint Bord, og ynskte seg ein Svanehals, so denne Gleda kunde vara lite lenger. Men naar han vel kom heim, var han svoltin att.

Det var ikkje so poetiskt aa svelte som Daniel hadde tenkt. Og det var med stigande Rædsle han saag, at Pengane hans kvar Dag minka. For kvar Dalar som gjekk var det som det losna eit Stykke av Grunnen under han; og naar den siste Skillingen ein Dag maatte springe … det vilde vera som aa glide ut i eit myrkt, myrkt Djuv.

Han hadde Kjenningar; men dei turvte sine Skillingar sjølve. Haugum skulde heim til Nyaar og taka ein Skulepost; Ortvedt skulde upp paa Lande og vera Huslærar; Aslak Fjordan hadde nok alt slìte sterkt paa Bankboki si, og Hærland og Sven Dufva – livde paa Laan som dei fleste andre. Dessutan heldt Kjenningane seg meir ifraa han no. Daniel tok til aa sjaa soleis ut, at dei alltid var rædde han kunde vilja laane Pengar.

Han tenkte ikkje paa aa vera fin; dei Draumane hadde han lagt til Sides for det fyrste. Kisteklædi sine maatte han spara so lengi han kunde; og med Kvardagsklædi var det heller skralt. Trøya hadde skift Lìtir, so ho var midt millom flaskegrøn og oskegul, og ho hekk i Posar um han som ein Sekk; Vesten knappa han att heilt upp aat Halsen til aa løyne Skjorta, som sjeldan var i Vask, av di Vask kosta Mynt; og um Halsen hadde han ein Papirsnipp som ikkje vart bytt ofte. Haare fekk vekse som det vilde sjølv; og raude lange Skjeggflisir grodde paa Hòka etter sin eigen Tilhug. Men ned-etter Føtane laag Broki i store Kne, og upptafsa og fæl ut-yvi dei skeive, sprukne Styvlane. Han trøysta seg med, at no naar Vinteren kom kunde han løyne det verste av Armodsdomen med Vinterfrakken.

Toddykveldane kunde han ikkje vera med paa lenger, av di han ikkje hadde Raad til aa vera Vert sjølv nokon Gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint ille full. Og naar han vart full tøvde han, so han vart reint brysam. Han vart meir og meir aaleine, og lagde seg meir og meir i Hide; det ideale Studenterliv fekk han drygje med no, til dess han fekk Skillingar.

Kvar Dag gjekk han og venta paa Brev fraa Lias um Malmgruvune. Men det drog ut. Og Daniel kunde snart paa Dagen rekna ut naar han vilde vera skillinglaus.

Husleiga for den siste Maanaden hadde han alt vori kravd for. Den Gongen hadde han sloppi fraa det paa ei Vis; men nytt Krav kunde han vente naar som helst. Aa, at ikkje Lias kunde skrive! –

– Jau; ein Dag skreiv Lias. Han skreiv, at han vilde selja Garden og draga til Amerika. Han hadde no ei Tid fari galin og havt Skjerpefeber og øydt upp Tid og Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje klara seg lenger. Jens i Larsebakken eller Banken fekk taka Garden, og ho Mor fekk vera hjaa Judit, som no skulde gifte seg med ein Snikkar ned paa Nese; han sjølv vilde fara med næste Baat.

Daniel sat og las dette, og det var som eit Berg av Draumar ramla ned yvi han med Brak og Gov; no laag han der. Kvar skulde han no av?

Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpe. Han som aatte heile Verdi; han, som var allmegtig … Kunde han ikkje hjelpt Lias til aa finne noko Malm? Kunde han ikkje med eit Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjelle der Lias hadde teki Skjerp? Kunde han ikkje … kunde han ikkje skapa dette Breve um til Gull … eller gjera den Lampa til Gull; eller Blekkhuse …

«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde», stod der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund glade Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingin Ting, anna enn Ugagn, og livde likevel, livde godt, livde høgt, av di dei hadde ein rik Far, eller ein stor Arv; kvi skulde ikkje ein annan vera likso nære til slikt som dei, tru?

Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette og skýna at han ingin Veg kom, drog han ein tung Sukk og sagde til seg sjølv, at no fekk han freiste det siste.

I ein By som denne var der Arbeid nok. Det galdt aa finne noko som ein kunde like.

Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so aandlaust; der var ingin Idealitet i det. Dessutan kunde han det ikkje.

Kva kunde han? Føre Bøkar? Nei. Vera Lærar i Musik? Nei. I Matematik? Nei. I Latin eller Græsk? Nei. I Tysk eller Fransk? Knapt nok. Inginting kunde han, som her var brukande.

Og kven skulde han gaa til? Han kjende ingin. Ingin som hadde Pengar eller Magt. Han fekk sjaa etter i Bladi, um der skulde vera noko.

Nei. Inginting for honom. For Handelsfolk og Tenestgjentur var der nok av Arbeid aa faa; men for ein Student som inginting kunde, var der inginting.

Daniel Braut vart rædd.

I si Naud gjekk han til Haugum. Han maatte tenkje paa aa faa noko aa gjera, sagde han, og spurde um ikkje Haugum visste nokon som kunde hava Bruk for han. Nei; Haugum visste ingin.

Det var svært vandt aa faa Arbeid naar ein ikkje var kjend, forklara Haugum. Her var slik Tevling um kvar Ting, hundrad Bikkjur um kvart minste Bein, so det skulde Lykke til aa koma inn i noko. «Men gakk upp til Bladstyraren av Bondevennen,» sagde Haugum; «skulde nokon vita noko maatte det vera han.» – «Ja men … kann ein gaa til ein slik Mann … og spyrja um slikt?» «Ja, det kan ein daa vel! Bondevennen er ein snild gamall Mann; berre gakk du.»

Daniel tok sine Kisteklæde paa seg og gjekk. Men modig var han ikkje.

Han vart vist inn i eit stort langt Rom, der mange Gutar sat kvar med sitt Bord og stelte med Avisur. Sùme lagde ihop; andre lagde i Umslag; andre skreiv Utskriftir. Daniel vart tekin av ein djup Age; han tenkte paa eit Ord han hadde lesi ein Stad, at Pressa var den fjorde Statsmagt. Han strauk Luva av seg og helsa burtgjenom Rome; ingin svara. Dei gaadde ‘n ikkje; Daniel totte han vart so litin; det kunde visst ikkje nytte aa freiste her; best aa gaa att. Men so kom det ein litin Gut. «Ska Di snakke mæ no’n?» spurde han rolegt og trygt; Daniel vart bljug for den vesle Karen. «Ja … det var … Redaktøren.» «Vers’go! inn der!» sagde Guten, peika og gjekk. Daniel inn gjenom ein Gang; stilt, varlegt; den fjorde Statsmagt, den fjorde Statsmagt! Rome kvitna av Papir; Lufti var full av Papir-Rassl som av ei kvass Kviskring.

Stilt og høgtidsleg banka Daniel paa Døri. Ingin svara. Ein Gong til; noko fastare; – «kämm-inn!» sagde eit tvert Mæle liksom langt inne or ein Kjellar. Daniel lét varleg upp og steig inn, audmjukt som skulde han fram for Kongen.

Der var ingin inne. Rome var ikkje stort, heller ikkje ljost. Men stygt var det, og ustelt. Midt paa Golve stod eit Bord fullt av Papir og gamle Avisur; for Bordenden stod ei stor Kipe eller Korg full av same Slage; Bøkar og Pakkur laag og slong burtetter Golve; ei stor Bokhylle lengst inne stod halv-tom og glein og gapte yvi nokre Aargangar av Bondevennen og Storthingstidende; eit Par Pinnestolar stod og dreiv her og kvar, der dei sist var sette. Men i eit lite Kot innanfyri saag Daniel ein graa Rygg, som sat og lutte framyvi ein Pult; skulde det vera Bondevennen?

Den graae Ryggen vreid seg rundt; Daniel fekk sjaa eit bleikt, surøygt Andlit med tunt, raudt Skjegg kring tunge, posne Kjakar; Munnen var breid og keid, men sagde ingenting. Daniel vart ille til Mods. «Er det … Redaktøren?» spurde han; skulde vel sagt «Herr Redaktøren», men fekk det ikkje til. «Han kommer straks,» var Svare; «sitt ned!» Dermed snudde Andlite seg burt att; og Daniel saag paa nytt ein graa Rygg som sat og lutte framyvi ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen og fekk sett seg. Han var glad for at den graae Ryggen ikkje var Redaktøren, men kjende seg uroleg naar han tenkte paa at denne store Mannen snart skulde koma … stigande inn breid og majestætisk, grundande paa landsvigtuge Reformir; kva skulde ein segja til slik ein Mann?

Det banka; Daniel skvatt der han sat. «Kämm-inn!» sagde den graae Ryggen; og ein litin mager, halvgamall Fyr smatt inn, snaud og snøgg, med eit lite forunderlegt Katte-Andlit. Han hadde Ryggen halvt krùm til Helsing, men retta seg daa han ikkje saag Redaktøren; smatt so med lettvinne magre Stig burtaat Indredøri; Daniel kjende paa seg, at Mannen var Skræddar. «Goddag!» – Den graae Ryggen vreid seg. «Redaktøren ikkje inne?» – «Nei.» – «Kjem han snart?» – «Aa, i Morgo.» – «I Morgo?» – «Fyrimiddag ein Gong.» – «Men i Dag var eg her inne i Ekspedisjonen; og daa sagde dei at han kom her i Ettermiddag?» – «I Morgo Fyrimiddag som sagt. Høyr innum Klokka 11 til 1.» – «Ja ja. Men det var elles dette Stykke, forstend De …» – «Kva for eit Stykke?» – «Aa, dette um Luksus … um kor gale det er med all denne Luksus’en» … – «Naa –?» – «Han lova det skulde koma; men det drygjer so lengi no; eg vilde gjerna vita um det ikkje kjem snart!» – «Ja, De fær snakke med Redaktøren.» – «Og so vilde eg gjerne vita, um eg ikkje kunde faa noko for Stykke … Det er ikkje greidt aa klara seg i desse Tider …» – «Høyr innum i Morgo Klokka 11 til 1.» Andlite snudde seg burt; den graae Ryggen viste paa sin Maate Skræddaren Døri. «Godt, godt,» sagde Skræddaren, han stod og bytte Føtar og liksom dansa; «i Morgo 11–1 … Ja, Godmaar’n da!» Han vimsa ut att med lange Stìg, og det viste seg at han hadde Maane.

Daniel lika seg ikkje der han sat; det var uhyggjelegt her, og visst lite aa vente. Han vaaga seg burti Døri og spurde vyrdsamt, um det var so at Redaktøren ikkje kom fyrr i Morgo? – «Kommer straks,» knurra den graae Ryggen. Var det ellers noko han kunde greide? – Mja – nei, det var … Vilde han kanskje hava Arbeid i Blade? Var han burtvist fra Universitete kannhende? – Nei, Daniel var daa ikkje det. – «Naa, godt. Alle som stryk til Artium eller vert burtviste fraa Skulen kjem gjerne her og vil vera Bladmennar; me kunde forsyne heile Europia med slike Bladmennar; – so der bør De ikkje konkurrere. Godt, der er’n.»

Daniel vende seg bleik og budde seg til aa helse. Inn gjenom Døri snudde seg ein diger Kropp i ein diger Vinterkjole; paa Hovude hadde han Skinnluve og for Augo eit Par store Hornbrillur. Daniel bøygde seg Gong etter Gong. Den Gamle svara ikkje; gjekk burt i ei Kraa og tok av sig Kalosjune og Overfrakken. So kom han stigande med gamle, varlege Stig burtimot der Daniel stod; helsa ikkje; sagde inginting; stirde stivt gjenom Brilleglasi.

Daniel sagde i snaavande Hast kva det var han vilde; Gamlingen riste paa Hovude og svara Nei. Nei, han visste inginting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg fyrr … «sitt ned, Gutten min!» – Gamlingen sette seg sjølv –; soleis var der ein, som heitte … som heitte so mykje som … Jakob, nei, Peder, nei, det var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, – Peder Monsen … «Kjenner De Peder Monsen?» – Nei. Daniel gjorde ikkje det. – «Naah. Ja; det var elles ein Gut som forstod aa snu seg; han fekk Død og Pine laane 20 Daler av meg, som han skulde betala, naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruve han hadde funni …» Og Daniel fekk ei lang Sogu um denne Peder Monsen og hans Gaavur til aa snu seg; den gamle lo og kom i godt Lag. Men Daniel kjende seg meir og meir modlaus. Der banka det paa Døri. «Kom!» ropa Gamlingen. «Ja, som sagt, nu vet je ingen Ting, Gutten min; men De faar avertere! – Godkveld, Godkveld!» sagde han til den nykomne, «naa, det var bra, De kom. Sitt ned! Ja, Godkveld, Gutten min!» – Daniel gjekk; han kjende seg so underleg kald, og so tung i Føtane.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje; berre sat og var modlaus. Etterkvart tok han til aa drøyme. Kanskje var der ei Meining i dette med. Kanskje Vaarherre ikkje vilde at han skulde binde seg til noko Arbeid; han hadde kanskje Hjelpi liggjande ferdug, og den vilde han sende naar Naudi var størst. Ein Dag naar han kom heim svoltin og trøytt, og reint modlaus, laag der eit Brev paa Borde til han med 100 Dalar i og berre dei Ordi: «fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!» Og naar dei Dalane var ende, so kom det eit nytt Brev av same Slage … Han sat og reknaut korleis han paa beste Maaten skulde brúka desse Pengane; men han kom etter, at 100 Dalar var reint for lite; og so drøymde han Draumen um att so, at no laag det 200 Dalar i Breve. So banka det paa Døri; Daniel skvatt upp … Men det var berre Gregus Johnsen.

Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshalli og saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst. Jau, der var ein, – hjaa ein Doktar burtpaa Strilelande. Daniel gjekk att med ein Gong. Vaarherre kunde daa aldri vilja at han skulde grava seg ned paa Strilelande.

Han hadde ikkje Ro lenger til aa sitja inne og lesa. Ikkje kunde han gaa paa Fyrelesningane heller; hadde anna aa tenkje paa. Han gjekk mest og dreiv paa Gata og døyvde sine rædde Tankar i Draumar; og han hadde ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kunde slumpe uppi eitkvart. Lukka hans sat kannhende og venta paa han her eller der, berre han kunde koma yvi ho. Maten! For ein so jammerleg Ting som Maten kunde daa ikkje ei Sjæl gaa under. Alle Heltar i alle Dikt fekk alltid Maten; det var raatt aa spyrja um slikt. Maten maatte koma. Vaarherre var vel likso god Diktar som dei andre …

Meiningslaust, tankelaust, uforsvarlegt vilde det vera aa hjelpe han upp or Bondelive og so sleppe han att paa denne Maaten. Det var ikkje fritt for at Daniel i sine inste Tankar so smaatt truga Vaarherre med, at han vilde slutte aa tru paa han, um han ikkje hjelpte no. Det var Tankar som han sjølv fann formastelege; men han forsvara dette med, at dersom han skulde bli uppraadd no, so vilde han vera nøydd til aa tru at der ikkje var Meining i Live. Og so lett som det maatte vera for Vaarherre! Han, som hadde kvar Manns Hjarta og Tanke i si Hand … Daniel gjekk og tenkte ut tusund Maatar som Vaarherre kunde gjera det paa. Eit gamalt Minne um eit Salmevers sveiv stundom fram for Hugen hans, noko um at Vaarherre gav Borni sine det dei trong medan dei laag og sov; og kva stod der ikkje i Bibelen? Gamle Kingo song um baade Josef og Elias og mange andre; Versi susa for Øyro paa Guten, til dess han sistpaa liksom høyrde deim:

«Elia, sig, hvo fødte dig,
der Regnen forholdtes underlig
i den svare dyre Tid?
I Sidons Land en Enke rund
til den Gud sendte dig samme Stund.

Og at du ei skulde lide Nød,
der du drog did, som Gud dig bød,
og hans Befaling gjorde,
dig førte Ravne Kjød og Brød
aarle og silde til din Fød’.

Josef blev til Ægypten solgt
og der i Fængsel sat med Vold
for sin Gudfrygtighed;
Men Gud hjalp ham til Herrenavn,
hans Venner til stor Ære og Gavn.

Gud havde Daniel ei forgjet,
der han blandt Løverne var nedsæt,
sin Engel sendte han did;
han hannem Mad da føre lod
ved Habakuk, sin Tjener god.»

Det galdt aa hava Tru; det sagde seg sjølv. Men han trudde. Var det ikkje anna det stod paa, – han skulde tru so fast som Fjell! Men som han tenkte dette, kjende han innanfor Tanken Samvite, som vakna og stakk Nosi fram og sagde: det lyg du.

Skulde det vera det, som var i Vegen? Vilde Vaarherre gjenom Naud og Trengsle bøygje hans Hug og drive han til Bot? Han vart uroleg ved den Tanken. Dagen etter gjekk han upp paa Universitete og vilde sjaa betre etter um den Huslærarposten; det var kannhende ikkje verdt aa krevja for mykje av Vaarherre heller. Men daa han kom der upp, var Lysingi um Huslærarposten burte.

Daniel rusla heim med bøygd Nakke og tunge Stig. Men etterkvart som han gjekk tok Draumane til aa vakne att. Naar Naudi var størst, var Hjelpi næst. Kannhende … naar han kom inn, so laag der eit Brev til han paa Borde, eit Brev med ein Veksel, fraa ein ukjend Ven, 100 Dalar, 200 Dalar, 500, 1000 … Han trudde det ikkje sjølv. Men daa han steig inn paa Rome sitt, glytte han urolegt burt-aat Borde, um der skulde vera noko endaa … Ved Gud! der laag eit Brev. Skulde det vera tenkjeligt? Skulde Vaarherre i sin uendelege Naade … Han reiv upp Breve med skjelvande Hendar. Der stod:

«Hr. Student D. Sørbraut.
Kjære Søskendebarn!
Jeg har faaet saadan Lyst til at komme til Kristiania. Jeg kan ikke trives her hjemme; thi Forholdene her er saa bedrøvelig smaa, saa at jeg kan i Sandhed sige med den store Digter B. Bjørnson: her er saa knugende, tærende trangt, og mit Mod er saa ungt og rangt. Derfor vil jeg nu bede Dig, som er Student og bekjendt der inde, at du vil gjøre mig den store Tjeneste at skaffe mig en Plads i Kristiania. Jeg kan ikke Spraag; men jeg skriver en god Haandskrift og kan de fire Species og Reguladetri med Brøk, samt Renteregning og Decimalbrøk; og mine Fordringer er ikke store, naar jeg bare kan leve der inde …»

Daniel heiv Breve ifraa seg so langt han kunde. Han var for hugtung og mødd; han kunde ikkje læ.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.

Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.