Bondestudentar

av Arne Garborg

XI.

Store Jolaften kom Student Stensrud fraa Byen med sine Framandfolk; Grosserar Storr og Louise fylgde.

Det var mykje og fagert Folk. Sjølve Grosseraren, som Daniel hadde tenkt maatte vera ein fæl Guanokrat, var ein litin snøgg, stillfarande Mann, mager og nervøs med smaae, sjøgrøne Augo; Fru Louise var i godt Hold liksom Syster si, men fagrare. So var det Studentane: den digre, koselege Bang Block; Ekstraskrivaren Becker, raudhærd og lang; Kopist Petersen, høg, blid med blank Skolt og Brillur; Cand. filos. Viborg, ung og aalvorsam, fager som ei Møy, og Medisinaren Knutzon med sin store Adelsnase, sin fylluge mjuke Munn og sine muskne, graae Augo. Det var fine Fiffen alt; det lyste av kvite Kragar og Smil og blenkte av Lorgnettar og snøgge Augo. Daniel gjekk og krulla paa sitt unge Kinnskjegg og tenkte med seg sjølv, at i dette Lage saag Proprietæren og Son hans ut som Bøndar.

Han var ikkje lenger rædd. Um Karar som desse visste noko, so hadde dei Folkeskikk og tagde. Og fraa Pater hadde Student Stensrud ei Helsing som gjorde Daniel samvitstrygg og glad. Hadde Pater ikke høyrt noko no, so fekk han ikkje høyre noko heller.

Dei kunde ikkje gaa til Bords fyrr Lensmannen kom. Men det vilde vera Synd aa segja at her var langsamt. Samrøda hadde kveikt i med ein Gong, og brann som Eld i feit Furuved. Kva dei tala um var ikkje so beint aa segja; det var ikkje um store Spursmaal. Men det merkelege var, at Samrøda var aandfull like godt. Den eine Smaavitsen kom sprutande etter den andre som Gneistar av Staal; Ordleikar og Hermestev flaug som Rakettar; det var ein lysande Leik med inginting, eit Eldverk av Ord og lette Tankar.

Daniel tok til aa grùna, der han gjekk og sveiv. Det han her høyrde og saag, var det som han alltid hadde drøymt um og lengta etter: Herremanns-lage, den fine Svingen. «Fram» og dei der inne gjorde Narr av det som fint var og kalla det Sprik og Spjaak og tomt Fjas, og Aslak Fjordan kunde storlæ, naar han saag ein «Fjongfole» av rette Slage; men det kunde ikkje Daniel lenger forstaa. Den fine Svingen var Adelsmerke. Latin kunde kvar Mann lære, og Aands- og Hjartedaning kunde ein alltid faa; men det som det galdt um, det som tilslutt skilde millom Folk og Fant, det var dette her, som Aslak Fjordan lo aat, men som «Borgeren» kalla den formelle Daning.

Gutar som desse var dei sanne Studentar. Dei hadde sin Eksamen paa regelrett Vis; dei hadde den Upplæring som ein Student skulde hava; dei var comme il faut i det eine som i det andre. Og slike Studentar kunde lìva ideelt. Dei drakk seg ikkje fulle naar dei vilde vera glade, og vart ikkje ville naar dei var lystige; og kor fritt dei skjemta, dei braut aldri paa den fine Folkeskikken. Dei hadde Aand og Vìt og fin Form; alt det dei gjorde var fagert og svingfullt; men Bondestudentane var Bønder kvar ein gjorde av deim. Han tenkte med Uhug paa det Studenterlive han sjølv hadde livt. Dette tunge Staake med Strid og Politik og Øl og daaleg Toddy, det kunde vera for det det var, men ideelt var det ikkje, og Studenterliv var det ikkje heller.

Grosserar Storr sat i Sofaen og smaaprata med Frøken Hanna; Herrane Knutzon og Viborg hadde gjevi seg i Drøs med Fru Storr. Ikkje i Drøs, men i Konversasjon; og det var forunderlegt so fint som dei kunde te seg. Daniel gaadde etter alt, so han kunde lære; og han gjorde upp med seg sjølv, at naar han kom til Byen att, vilde han gaa paa Danseskule.

Dei andre heldt Lag med Proprietæren. Bang Block sat og var morosam, Becker var løgleg og kvass; Petersen kunde og vera løgleg; men han lo aat sine Skjemtord sjølv; og ender og daa kunde han sjaa taapin ut med sin blanke Skolt og Brilleaugo og den breide Fliren. Men naar Proprietæren kom halande med sine Setningar, var det som naar ein Plog-Gamp vilde danse millom Cirkushestar. Keivelegt og svìplaust kom det, so dei andre laut liksom hjelpe ‘n med aa faa noko ut av det; og daa kunde det glimte i Augnekrokane deira som lette Skimt av Laatt eller Spott; og endaa i Ordi tottest DanielDaniel] rettet fra: Danial (trykkfeil) stundom kjenne at det sat Oddar løynde eller laag Baktankar. Det var Gutar, som kunde snu seg!

Lensmannen kom, og dei skulde til bords. Som dei gjekk aa masa med dette kom Daniel til aa høyre nokre Ord, som fall millom Knutzon og Viborg um Fru Storr. «Hva synes du om henne?» sagde Herr Viborg. «For meget Fedevarer,» svara Herr Knutzon. Daniel kvakk, men tenkte han maatte ha mishøyrt seg. Etterpaa saag han Viborg kviskre noko til Knutzon med ein Smil … han forstod ikkje den Smilen. Men sidan kunde han ikkje so godt like Herr Viborgs gjentefagre Andlit.

Ved Borde gjekk Samrøda med jamt aukande Liv. Bang Block, Fru Storr og Lensmannen tok til med eit Ordskifte um Namne «Ribbensbærstek»; Becker, som hadde vori utanlands, fortalde um den Kunsten aa «skjera fyri», ein Kunst som me ikkje kunde her hjaa oss; so kom dei i Ordkast um den rette Tidi til aa halde Middag. Grosserar Storr vilde me skulde taka upp den engelske og franske Skikken med Middag Klokka 6; dei andre, og iser Fru Stensrud, forsvara den norske Middagstidi. Men Storr heldt paa sitt. Fekk ein Middag Klokka 2–3, so var Resten av Dagen øydelagd; Middag skulde ein hava naar ein var ferdig med sitt Dagverk. I Arbeidstidi, Klokka 12–1, skulde ein taka seg ein Lunch; ikkje det Grand meir. Men heldt ein Middag Klokka 2–3 um Dagen, so skulde ein ikkje hava Lunch! Dette at dei tok til med Lunch her hjaa oss med vaar Middagstid, det var … det var Barbari. Me tok upp Skikkar fraa Utlande, men tok dei upp raatt, umelta, utan Tanke eller Samanheng; Lunch i eit Land, som heldt Middag Klokka 2, naar Lunchen hadde sin Grunn og Rett i at Middagstidi var Klokka 6, skulde nokon høyre slikt? Det var som naar Villmannen stasa seg til med Flosshatt, men gjekk … skinklædd elles, og so trudde at han hadde gjort eit Framstìg i Kultur. Det gjekk ikkje lett for Storr aa faa segja det han vilde; han trivla etter Ord og stræva med Tanken; men sagt si Meining fekk han. Domane hans fall stride; heile Matstelle vaart var Slarvestell og nasjonal Uppøyding; daa lyfte Proprietæren Glase sitt og bad Gjestina velkomne til Bords.

Andre Ting kom upp. Bang Block fortalde paa sin morosame Maate um Jolegrisen, som vaare gjæve Fedrar steikte heil og aat med Tolekniven og drakk Porsøl til; og naar dei var mette, kasta dei Beini i Hovude paa kvarandre. Og kom dei rett i Godlag, so bar det ihop med Øksir og Sverd; det var «mye til Julemoro». Petersen fortalde Jolesegnir som han sjølv lo aat; Proprietæren priste Upplysningi; Student Stensrud fortalde um Folketruir: uppi Fjellbygdine trudde dei paa underjordiske Soldatar som hjelpte Nordmennane naar det var Krig; det var dei som gjorde at Svenskane alltid skaut for høgt; dei gjekk usynlege fram imot dei svenske Soldatane og lyfte Byrsepipune deira upp naar dei skulde skjote; Daniel totte Segni var fager. Men Storr sagde at han aldri hadde høyrt noko so norskt: liggje paa Latsida og lite paa Trollhjelp. Lensmannen vilde likne denne Segni ihop med den gamle um Holger Danske; og det var vel ikkje fritt for at Danskarne for nokre Aar sidan enno so smaatt hadde trutt paa den Segni. «Hi-hi; ja kor var Holger Danske i 1864?» lo Petersen. «Han var vel klok og heldt seg heime liksom me,» svara Becker. Kremting kring Borde; so eit stutt Ordskifte, som slutta med at me var der me skulde vera i 1864. Daniel undrast; var det fint aa meine so no?

Dei livde godt der dei sat; Godlage vaks. «Apropo!» sagde Proprietæren, «kor hev gamle Jokum det i desse Dagar?» Aa, Jokum hadde det bra. «Je traff ham for no’en Dage siden,» sagde Becker; «Far aa je var ute en Tur med Jaabæk …» «Med Jaabæk!» skreik Petersen, «med Jaabæk!» ropa Fru Storr, «med Jaabæk!» ropa heile Borde; «ja,» svara Becker rolegt, «med Fars Hest.» Stor Laatt; Fru Storr skreik «Uh»; Knutzon dømde at gamle Byraasjef Becker var en quick patron; Viborg trudde at Jaabæk burde faa vita at han no stod paa Stall hjaa ein Byraasjef; «ja, det burde han, Jaabæk plage meg!» lo Herr Petersen, som og kunde vera løgleg. Fru Storr hadde vondt av Hesten, Stakkar; han fekk visst mang ein ufortent Piskesmekk for Skuld det Namne, var ho rædd. Men det trudde ikkje Becker. Hesten fekk nok høyre eit og anna politiskt Foredrag; eitkvart Fantorde med so ender og daa; men … Jau; ein Gong hadde han fengi ei god Rundjuling for Namne sitt likevel. Løytnant Schmell hadde vori med paa ein Tur; so fekk han høyre at Hesten hadde dette Namne; dermed treiv han Svìpo og Taumane og reiste seg i Sleden: «naa, saa ska du da Fa’n tordne mej –!» skreik han; og so fekk Hesten Juling so han berre stod paa Bakføtane og dansa; dei maatte stogge Løytnanten med Magt. Men kunde ikkje anna enn læ, naturlegvis. Nei ha-ha-ha, naturlegvis! Men Block, som var en Hesteven, sagde at det var Synd aa gjeva ein Hest eit slikt Namn; for ein Hest var daa eit Dyr, som ein heldt av; og fekk han ein Hest nokon Gong, so vilde han kalle han upp etter ein av sine Venir; Ordstriden døydest av i Laatt; gamle Jokum vart gløymd.

Dette lagde Daniel Merke til; og han spurde Hanna, som han hadde til Borddame, kva den Jokum var for ein Kar. Aa, det var ein gamall Kaptein, sagde Hanna; Jokum-Namnet hadde han fengi av di han var so rar. – Var han rar? – Ja, han fann paa so mange Ting, og gjorde so mykje gali; og so fekk «Bondevennen» og dei Folk so mykje aa snakke um. Sistpaa gjorde han nok Skandale paa ei Vis – men det visste ikkje Hanna Greide paa –; og so fekk han Sverdordenen. «Sverdordenen? naar han hadde gjort Skandale?» – Ja, for at han skulde gaa sin Veg. – «Aa, so. Gjekk han sin Veg daa?» – Nei, daa han hadde fengi Orden, so maatte det vera for di han var ein god Officer, meinte’n; og daa vilde han ikkje gaa. – «Naa?» – Ja, tilslutt maatte dei gjeva han Olavsordenen. – Ha-ha; men vilde han gaa daa? – Ja; det hadde han lòti lova. «Det maa vera ein snaal Kar,» lo Daniel. Men han undrast paa denne Sogo; kunde slikt vera sant?

Rundt Borde gjekk Prate som Rokkedur. Gleda og Godlage vaks; det skulde ikkje stort til fyrr Laatten rulla. Daniel kom i Drøselag han med; rødde med Frøken Stensrup um baade mangt og mykje. Kva han rødde um visste han knapt sjølv; berre eitt sat han og tenkte paa: at naar han rett saag seg til, so var Frøken Stensrud fager. –

– Dei gjekk fraa Borde og takka for Mat; der var Laatt og Liv og mykje Gaman. Alt gjekk fritt; men endaa var alt fint. Og Daniel kjende med veksande Mod, at han greidde seg i Lage. Han høyrde med. Frons urbana skulde han trass i alt vinne.

Attum seg høyrde han ein segja: «d’er bra Kar, Proprietæren.» «God Vert!» vart det svara. Daniel saag seg ikring; det var Knutzon som stod og rødde med Viborg. «Han kunde alltid ha no’e mer her,» smilte Knutzon og peika upp-mot Panna si; «men enfin; naar man har Grunker …» – Fridom med alle strenge Formir; so maa det vera! tenkte Daniel. I det same kom Proprietæren svingande vinraud og glad: «lidt Déssert, mine Damer og Herrer?» Naah; Proprietæren naadde ikkje upp. Men Borni hans …

Ved Ettermaten var Samrøda meir ihuga, meir aalvorsam; dei tala um «Befordringsvæsen». Og her fekk Daniel høyre det han ikkje hadde tenkt: at fine Folk òg kunde rive ned paa dei magthavande. Det vart fortalt Ting um desse som Daniel mest fann utrulege; og det var forunderlegt, at ikkje «Bondevennen» hadde dregi fram slikt. Men Lensmannen og Proprietæren forsvara Magti, og der vart ein heil Ordstrid; Grosseraren sat og tagde og halvsmilte. Becker sagde, at naar ein saag paa dette «Befordringsvæsen», so kunde ein Skam mang ein Gong faa Hug til aa slaa seg til Opposisjonen; for ein Opposisjonsmann, ein Sakførar eller slikt, vann seg jamt snarare fram enn ein Departementsmann. «Ja, he-he-he!» lo Herr Petersen, «naar ikke de oppositionelle var slike Bakbæst som de er!» No laut Proprietæren og læ so smaatt; men Knutzon snudde seg braadt til Daniel og sagde: «ja Di er vel ikke opposisjonel, Huslærer?» – «Ne-nei,» stota Daniel og raudna.

Etter Middagen gav Fru Storr Musik. Det var stor Musik; Daniel forstod ikkje det Grand, men klappa naar dei hine klappa. Alle saag dei gode og fornøgde ut der dei sat og røykte og kvilte og melta Maten, mette og late som Gudar. Men Lensmannen og Endre Storr sat i Sofaen og smaaprata, venteleg um Musik.

– Ja; soleis kunde ein hava det, naar ein var rik. God Mat og Drykk; Fred og Ro og godt Lag; Venir og Vyrdnad og alt som vel var. Og det um ein so ikkje hadde meir Vit enn ein turvte. Tru det var sant at Proprietæren ikkje var noko fløgd? Han saag ut til ymist. Men kva gjorde det, naar han var rik?

Den som trong Hjelp av Folk, han maatte vera vìtug, og han maatte vera god. Og snild. Som eit ròti Egg maatte han gaa Folk under Augo; han maatte vita aa bøygje sin Rygg um det so var for ein Grindstolpe. Men den rike var fri Mann. Han var like gild og gjæv um han so var ein Tosk; ja um han var ein Svinepels, kunde han klara seg; ingin hadde noko aa segja til honom. Han turvte ikkje vera umvend heller. Student Stensrud var ikkje umvend, og var like gode Venir med Pater for det …

Toddyen var sett inn paa eit lite Bord i Siderome. Spele slutta; Herrane fekk vera so gode aa gaa inn og laga seg ein Taar.

– «Ja-ha; ja visst; den fjerde i Rækken, ja,» høyrdest Endre Stor kvessa i, «jo-o det skal … det skal … bli længe det! Nu tar Utlanne til aa sælle sine gamle Træskuter og bygger Jernskibe, og vi gaar her hjemme og sætter vore Penger i de Træskibe, som Utlanne skiller sej av mæ; ja; og naar saa … naar saa Jern og Damp har seiret paa hele Linjen, ja, saa sitter vi her mæ vore gamle Træskuter, vi, den fjerde i Rækken av de søfarende Nasjoner!» Daniel sat og gapte.

«Vers’god; la oss faa oss et Glas,» sagde Proprietæren sonande, og dei gjekk inn. Men paa sjølve Vegen trætta dei. Lensmannen stræva med aa forsvara den nasjonale Æra og Treskipi; og som dei stod der inne og laga Toddyen sin spurde han, um Herr Storr daa for Aalvor kunde tru, at me kunde koma etter med aa byggje Jarnskip. «Koma etter?» sagde Endre Storr; «skulde me koma etter med nokon Ting? Det einaste me hev lært av Utlande, det er aa … aa gjera Konkurs!»

Det vart Laatt av dette; og dei lo trygt; dei visste at Storr hadde sine eigne Meiningar. Men Storr var komin i Stridslag no; og daa dei hadde sett seg att, hogg han i paa nytt.

«Ja, ja; det er lett aa læ,» sagde han; «det er … ja. Kor i Guds Namn skal det gaa med eit Land, der ingin vil arbeide?» – «Overdrivelse,» sagde Lensmannen. «Vil me ikkje arbeide?» smilte Proprietæren. «Nei, me vil ikkje,» svara Grosseraren. «Me vil … me vil … ha det godt! ha det maklegt … vera store Herrar paa Kredit! Det vil me! Er det ein Mann som hev tent seg ihop nokre Tusund, so legg han seg til og … og ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev han ein Son, som ét dei upp; ein, tvo, tri! det, som skulde vera Grunnlage for ein Kapital, for ei stor, solid Drift ned igjenom … Ja, for slik er det i Utlande! Trur De dei store engelske og amerikanske Rikdomane hev regnt ned fraa Himilen? – Dei store utlandske Rikdomane hev komi til paa den Maaten, at ein Arbeidsmann eller ein Hotelgut tente seg ihop 50 Pund; Son hans heldt fram med Arbeide og tente 200 Pund; og so arbeidde Son etter Far og Ætt etter Ætt … arbeidde, ser De! … ja; og til Slutt var der ein Kapital … Rikdom, Magt, Dugleik! fyrst og fremst Dugleik! – Men her? det som skulde vera Grunnlage for ein Kapital, – vips! ut for alle Vindar! Eig ein Mann tusund Dalar, so skal Son hans ikkje arbeide, han skal studere … og so sumlar han burt dei tusund Dalane, og siden lìver han paa Gjeld og vert Kopist! – Maa eg so spyrja; kor skal det koma Kapital fraa, og kor skal det koma Dugleik ifraa … for Kapital og Dugleik maa der til, um me skal kunna konkurrere … og kor skal dei koma ifraa, naar Kapitalen vert drepin i Fødsla, og alle, som skulde kunna lære nokon Ting, gjeng og kastar seg burt og vert Kopistar!»

Tre-fire ropande Røyster skreik upp og vilde svara, men slo kvarandre ihel. Det einaste Storr fekk Tak paa var nokre Ord fraa Lensmannen um vaar trufaste, arbeidande Bonde. «Bonden?» ropa Storr; «var det Bonden Di sa? – Bonden er som me; men Bonden er den verste av oss alle. Det er Villmannen, det, som … vil liggje paa Laaven og eta, eta og so sova, og bry seg Pokkeren um i Morgo; lat oss berre ikkje snakke um Bonden, De!»

Lensmannen sagde det var sùmt, Grosseraren kunde hava Rett i. Dei lægre Klassur no for Tidi var ikkje so nøgde med si Stelling som dei burde vera; og det var ein leid Ting at Bonden meir og meir gav seg til aa drive ikring paa Bondevenmøte og dilikt i Staden for aa arbeide. Men i det heile vilde Lensmannen segja, at Bonden ut-yvi Lande arbeidde som ein Træl, arbeidde so trufast og aalvorsamt, at det vilde vera Urett aa krevja meir av han. Petersen, som var Son av ein Amtmann paa Vestlande.[sic] sagde det same, og der vart ei samtykkjande Mulling rundt heile Lage.

«Min gode Verson hev den Vanen aa brùka sterke Ord,» sagde Proprietæren med ein forsonleg Smil; «men naar ein ser burt ifraa det … Eg er ikkje uhùga til aa tru, at Folk ut-yvi Lande hev altfor lite Sans for aa brùka Tidi. Tid er Pengar, segjer Engelskmannen; det er ein Setning Bonden kunde ha godt av aa lære. Men det som trengst, det er daa Upplysning; Upplysning, mine Herrar!» – Bravo, bravo. – «Ja kor skal Bonden faa den ifraa?» spurde Storr. «Gjenom Bøkar? Ja; men finst det ein Statsagronom eller nokon annan slik Fyr, som kann skrive ei praktisk Bok?» (Naa?) «Kom ikkje til meg med det. Eg hev sjølv freista aa skrive um slike Ting, og eg hev set … set andre hev skrìvi; men … ja. I det heile … Dei skrik paa Upplysning alle Folk; men eg finn meir og meir, at det med Upplysningi … det er Frase!» (Nei, men Herr Grosserar!) «Ja; Frase. Ein Bonde vert ikkje upplyst. Upplysning er ikkje slikt-noko som ein kann rive i seg paa eit Aars Tid eller tvo gjenom Bøkar eller Snakk; heile sitt Liv maa ein … ein maa lìva i upplyst Luft! Det er berre dei rike som kann vera upplyste. Upplysning og Aandsliv er … er ein Luksus, ein Ovbunad; fyrst maa ein hava Maten; og fær ein Stunder fraa den, so fyrst kann ein lìva eit Aandsliv. Me ser det og. Desse Idealistane, naar dei vil taka Bonden som han der gjeng og gjera han til ein Aandsmann, kva vert der av det? Talemaatar, og Tøv; Folkehøgskuleskodd! Nei! Men Bonden skal vera praktisk; det kann han; praktisk i sitt Fag … og dersom det er det, du kallar Upplysning, Proprietær, so er det godt og vel.» Ja visst var det praktisk Upplysning, Proprietæren meinte; og um ei Stund viste det seg, at dei i Grunnen var samstelte likevel. Men Daniel visste ikkje kva han skulde tenkje.

Den varme Toddyen styrkte Samfundsaandi; dei tok til aa tenkje paa Landsens Framgang alle ihop. Daa Petersen fortalde, at paa Bondebygdom sat Folk ved Aaren dei lange Vinterkveldane og dreiv Tidi burt med Eventyr og Vas, i Staden for at dei kunde tena Pengar med aa gjera Tresko og Sopelimar, so fann alle detta rivande gali; Lensmannen meinte at dette var noko som sjølve Statsmagtine burde taka seg av.

«Ja, det vilde vera norskt, det,» kvesste Storr i med sitt strævsame Maal. «Statsmagtine! – I upplyste Land heiter det: help your self; her er det Statskassa og … Fatikkassa … og Vaarherre og … men ingin kan taka i sjølv, for ein Pokker! Statskassa –? ja, det vil vel segja at det skulde skipast ei Embættsverk for den Saki … med Treskoinspektørar og ein Treskosjef i Kyrkjedepartemente … ja; og so ei diger Bok med Innberetningar kvart Aar, og Betenkningar og Planar og ditt og datt … Herre Gud!» ropa han til Proprietæren, «berre finn Folk som vil kaupe Tresko, so skal du nok sjaa Bonden lærer aa gjera deim!»

Etter dette vart det eit Ordskifte um Embættsstande. Lensmannen var forarga yvi den Treskosjefen og gav litt vondt; dei unge Juristane hjelpte til; slikt skulde ein upplyst Mann ikkje segja. Og det heldt Daniel med dem i. Grosseraren svara ikkje stort paa dette; men daa dei var ferduge forklara han, at naar det uproduktive Embættsarbeide galdt for det høgste i eit Land, so maatte Lande armast ut. Han vilde at dei beste Hovud skulde leggje seg paa det praktiske, og so kunde dei næstbeste eller mìdelsgode Hovud greidde all denne Protokolførsla og alle desse Innberetningar. Lensmannen vart meir og meir raud i Kamben; Becker og Petersen kalla Grosseraren for ein Jaabækianar; Fru Storr sat og kremta. Det same gjorde Proprietæren. Han visste sistpaa ikkje onnor Raad enn aa halde ei Tale. Han tala for Embættsstande, vaart hæderlege Embættsstand, som me maatte takke Gud for; og den Tala slutta han med ei Skaal for Lensmannen, «som her var Embedsstandens Repræsentant».

Lensmannen svara med ei Skaal for Odelsbonden, den gjæve Odelsbonden, som sat paa si Tuve trygg og gav all Verdi ein god Dag, men bøygde seg for sin Konge og si Øvrighet; den Bonden vilde Lensmannen drikke for; den Bonden var Kjernen i Lande, og den Bonden skulde nok greide Hespelen, um det kom til eit Knipetak. Millom Odelsbonden og Embættsstande hadde det alltid vori god Venskap; og han tvìla ikkje paa, at den Venskapen skulde staa, alt um det var – hm – Røystir som –. Skaali vart vend til den gjæve og upplyste Odelsbonden, vaar høgvyrde og gjestmilde Vert, Herr Proprietær Stensrud. Daniel lika det Lensmannen sagde; og han fekk ei Kjenning av, at desse «Embættsvenner» kannhende sist-paa var likso gode Folkevénir som Opposisjonskultane.

Daa Fru Storr saag at Mannen hennar vilde svara Lensmannen, skunda ho seg og spurde, um ikkje nokon av dei unge Herrane vilde vera so snilde aa syngje lite for os. «Ja det vilde vera hyggjelegt,» ropa Proprietæren fornøgd. Fru Storr sat strakst ved Pianoe; Knutzon og Viborg samraadde seg um kva dei skulde syngja; so kom det nokre store Akkordar fraa Spéle, og dei unge Herrane sette i med full Kraft:

Här är guda godt at vara,
ack hur lifvet dock är skönt …»

Dei song fagert; med Kunst; med Skaking i Maale og Drag paa Tonane; det var som ein skulde vera paa Teatre, totte Daniel; slik skulde fin Song vera. Dei dreiv paa med «Gluntar»; sistpaa kom dei med eit Nummer av Bellmann. Daniel undrast paa um dei ikkje vilde koma med noko norskt.

Det vart klappa for kvart Nummer; og daa dei slutta, takka Proprietæren med ei lita Tale for «Studentersongen». Herr Viborg tala for «Uppsalasongen», som han vilde segja var reint ut ein Tryllesong; og daa Herrane forstod at det galdt aa halde Endre Storr ute, gav dei seg til aa tala alle ihop. Herr Petersen tala for Broderlande, Herr Knutzon for Kvinna med Adresse til Fru Stensrud, Bang Block for vaare Brødrar i Sud, og Becker – for Bondestudentane. Daniel bleikna. Men Herr Becker sagde, at det var godt, og – æ – gledelegt, at Bøndane tok til aa vinne seg meir – æ meir sann og grundig Upplysning; det vilde hjelpe deim fram til – ææ – til aa kunne svara sitt Rom millom dei andre Samfundsklassane – og – ææ – f. Eks. paa Stortinge – paa ein meir verdig – mææ – paa ein meir og meir verdig Maate. Det hadde vist seg, at det var – ææ – at Bøndane ikkje sakna – mææ – Gaavur, og naar desse fekk si rette Utvikling og – mææ – Tukt, so trudde han, at den – æ, den – æ Disharmoni, som stundom no kunde – ææ – gjera seg gjeldande millom Samfundsklassane, den vilde – mææ – uppløyse seg av seg sjølv. Skaali vilde han vende til den Representanten for Bondestudentane som me hadde den Æra aa hava her ibland oss, Herr Student – naa, Herr Kandidat – mææ, hm – ææ – naa, Herr Kandidat Danielsen – «aa, naa, je bér! – Herr Kandidat Danielsen-Braut. Hans Skaal!» Bravo! Daniel skifte Lìtir. Han drakk, men kjende knapt Grunnen han stod paa. No skulde han upp og tala! Det var Meiningi; det sagde seg sjølv; og han saag det paa deim. Men kva skulde han tala um?

Han hugsa at Skaali for Fedralande ikkje var drukki. Den fekk han taka daa. Naar ein berre i ei Hast kunde finne paa noko aa segja! Ein fekk tenkje seg um ei Stund. Men so kom det vel einkvar og tok Emne ifraa han. Ja vel; der kom Lensmannen. Han vilde visst tala for Fedralande no.

Men Lensmannen vilde tala for Studentane. Ikkje for nokor serskild Klasse av Studentar; etter hans Meining fanst det ikkje slike Klassur; naar dei hadde fengi sin Eksamen, so var dei Sønir av Athene, og so var all Klasseskilnad avlyst. (Bravo! tenkte Daniel). Lensmannen tala for Studentane i det heile, og vilde serskilt minnast at dei var Embættsmansemne. Det var rett og naudsynlegt, at Arbeide i Statens Teneste stod som noko høgt og framifraa. Me høyrde nok sùme Tidir, at Statstenesta var eit Arbeid som – hm – som ikkje var noko vidare verdt; me hadde endaa fraa ein viss Kant set det aa døype Born samanstelt med aa kjøre Mýk – hm; men Lensmannen vilde halde det for den største Ulykke for Staten, um Skilnaden millom Statstenesta og anna Arbeid skulde døy ut i Folks Tanke. Statstenesta maatte staa som noko – ja, som noko idealt, for aa brùka det Orde, – som ei ædel Livsgjerning, som ein vigde seg til i sine unge Aar, og som ein med Energi heldt fast som Livsgjerning i den lange Ventetid. Staten kunde ikkje nøgje seg med Leigetenarar og Nærings-Spekulantar; ein maatte krevja at Statstenaren gjekk i Brodden endaa naar det – naar det galdt Live! Difor vilde han minnast dei mange unge Mennar som no gjekk og fyribudde seg til denne si Livsgjerning; og han vilde ynskje og vone, at dei fyribudde seg soleis, at Land og Konge altid maatte hava eit godt, eit trufast Embættsstand. Skaal! Bravo!

Lensmannen drakk, og det graae Andlitet hans var raudt som Fullmaanen; han var Stridsmann for ein stor Tanke i Kveld, og det var ikkje so ofte det gjekk paa. Daniel var reint glad i Lensmannen for denne Tala; det han her hadde sagt var Ord ut av hans eigi Hjarta; det var visst og sant.

Men no kom Endre Storr; der var ikkje Raad for det lenger.

– Ja! naar det skulde gaa med Talur her, so fekk det … fekk det so vera. Dei hadde tala um Bonden; ja; han kunde og tala um Bonden; gjerne det. Men ikkje um Odelsbonden; for Odelsbonden vart meir og meir … han vilde segja Mythe … «Hm?» sagde det rundt Borde. Men Storr vilde tala um den Bonden som livde rundt um i Dalane no, – «han som hev Garden standande i Pant i Hypotheken; han som ikkje lenger eig den Tuva han sìt paa, men gjeng og trælar for Banken. Ja, det er sagt her, at han arbeider … at han arbeider som Træl» – «hm!» sagde Lensmannen –; «og det er sant, han arbeider som Træl. Men so var det nettupp han ikkje skulde arbeide; han skulde arbeide med Lyst, det er Tingen; med Lyst! Ja. Men det kann han ikkje, so lengi han er Villmann og hatar Arbeide … og so lengi det aa vera Embættsmann, det aa arbeide uproduktivt, er det høgste i Lande.» «Hm!» sagde Daniel. «Men slik er det no. Og Bonden ser og høyrer ikkje anna for seg … og so lærer han aa søkje burt fraa sitt Arbeid, i Staden for at han skulde leggje heile sin Hug i Arbeide og dermed … gjera Framstig. Framstig! No kjem han ingin Veg, anna enn til Banken. Eig han litegrand, so kastar han det burt til Fjas … og hev han ein Son, som duger litegrand … ja, so skal ikkje Sonen vera Bonde, Gudbevares! nei; han skal paa Seminarie – paa Skular i det heile; og hev han vori der, so er han for fin til aa taka si Hand i nokon Ting, d’er greidt; … skal gaa paa Stasen; skal vera med i Fiffen … lìva paa det som andre slit ihop; – for det er fint her; men aa lìva av det, ein sjølv avlar fram, det er simpelt … Ja. So gjeng all Dugleik burt fraa Bondestande, og so gjeng Skrape etter og trælar for Bankane … det vert eit Proletariat, liksom i England … og det er den Odelsbonden, me skal lite paa naar det knip!» – Daniel kjende seg uroleg, der han sat; men Storr var Materialist; ingin kunde bry seg um honom; og han saag paa dei andre og forstod, at ikkje dei heller heldt med han. Men Storr dreiv paa. Me gjekk her og snakka um Upplysning … ja, godt og vel … men … det var ein Ting, som all Skule og all Upplysning her i Lande skulde gaa ut paa, og det var … aa prente inn i Folketanken – liksom med Eldskrift – den gamle gode Setningen: poverty is a crime, Armod er Synd! Det skulde vera det fyrste Bòd i vaar Folkekatekisme –: du skal ikkje vera fatig. Dette Lande maatte bli ein Arbeidsstat som Belgia eller Sveits; og so gjekk dei her og gjorde det um til ein Kancelli- og Litteraturstat etter tysk Mynster. Me kunde sjaa det i all Ting, – i Bokheimen med all denne Dikting og Drøyming og alle desse Idear … tysk ideal Skodde, ein ufrisk, livlaus Hybel-Litteratur … i Staden for aa segja Folk ærlegt Sanningi og lære deim aa forstaa kva det kostar aa lìva … slikt gjorde sitt til aa tøme Lande for Energi og Folk. – Og so Statsbudgette. Me kunde sjaa paa Statsbudgette, at me var eit Folk som var styrt av Embættsmennar – og av Bønder som vilde vera fine. Mest all Ting gjekk til Kantorvæsen og uproduktivt Stell, og lite og inkje til Framhjelp av Arbeid og Næring. Og vilde ein Arming lesa til Prest, so stod hundrad Mæcenatar og tankelause Geni-Uppdagarar ferduge til aa hjelpe han fram (tru det? tenkte Daniel); men var det ein, som gjorde ei nyttig Uppfinning, so … ja so trudde Folk han var galin. Og um han grunna ein Verkstad, so gjekk Staten og Kauparar til Utlandet like godt. Ja; – og so jamra me yvi, at me var eit fatigt Land! – Javisst. – Sjølve Finland hadde ei stor Utførsle; kva utførde me? Emigrantar! Sveits hadde ein Industri som sende sine Varur Verdi rundt; kva fabrikera me? Akkevit og Bayerøl! – «Ja Skaal da!» ropa Student Stensrud. Endre Storr kvakk upp og saag seg ikring; «ja det er sant,» sagde han; «det var Skaali for … for … ja, Skaali for Bonden. Ja; det hev nok ikkje vori det beste Samenheng i denne Tala mi; men – men – eg vil drikke ei Skaal for den Bonden som –; for, at Bonden – og me alle ihop – maa faa so mykje Kultur, at me vert glade i aa arbeide … og at han, og me alle, maa lære aa forstaa, at den, som avlar ei Tunne Havre er større enn den, som lagar ei mìdels Bok … at den, som fær tvo Straa til aa vekse der, som det fyrr berre vaks eitt, – han er ein Velgjerdsmann mot Ætti! Skaal for den Bonden, som arbeider, og arbeider med Lyst og Framtak!» Skaali vart drukki; men ingin sagde Bravo. Og Daniel tenkte: denne Mannen vil Haugum segja ikkje er Materialist!

Han hadde drukki so smaatt medan Storr holdt paa, so han kunde faa Mod til Skaali for Fedralande; no var Glase tomt, og han rusla inn i Siderome og fyllte det att. For no vilde han tala! Og han skulde segja Storr nokre aalvorsame Ord, som baade Lensmannen og dei andre skulde like.

Som han stod derinne og blanda, kom Knutzon og Viborg inn og sette seg; Glasi sine hadde dei med seg. «Uh, denne Endre Storr,» sukka Knutzon. «Ja det er en Skrue,» svara Viborg. «Naah! d’er rett, Huslærer!» heldt han fram, «driv paa! her faar man drikke; for ant er her sgu ikke aa ta se’ til!» «Nei, du kommer ikke paa nogen anden Slags Galei her,» meinte Knutzon. «He-he; nei; man har jo no’e som hetter Moral her oppaa Lanne,» lo Viborg. «Ja, men appropo: har man ikke no’e som hetter Natteløperi aasaa, hva?» – «Aa Snakk, er du gal? Det er bare oppi Avdalene, det.» – «Ja, hva sier Di, Huslærer? Di maa kjenne te det, Di?» – «Nei, den Skikken er uddød paa disse Kantar,» svara Daniel truskyldigt. Dei lo so turrt; han hadde vel ikkje den rette Svingen paa Maale. «Ja Fa’n tro disse Bønder,» sagde Viborg; «men d’er jo rimeli at Di ikke vil gji Beskje til oss; hva? Di er nok ful, Di? Hva?» – «Aa Visvas,» meinte Knutzon; «Huslæreren haaller sej naturlivis te Huse, han.» Dei lo og drakk; so kom Viborg med nokre Ord um «Husets kvindelige Besætning», som gjorde Daniel reint maalbundin. At slike Folk kunde segja slikt! Og so den Maaten det vart sagt paa! Uvyrdslegt og fint paa ein Gong; sjølvtrygt, likesælt; som det skulde so vera. Frons urbana, frons urbana

«Go’ Aften, mine Herrer!» sagde Lensmannen; han skulde heim. Kvinnfolki kom like eins og sagde Godnatt; Herrane Knutzon, Viborg og Becker flokka seg burttil Fru Storr og var galante; Daniel saag seg leid paa deim. Men … det var den formelle Daning … Endeleg kom dei ut som skulde ut; Proprietæren, Grosseraren og Student Stensrud fylgde deim til Sleden. Dei andre drog seg inn att; fleire samla seg ikring Toddyborde.

«Den Storr er Fanden ta mej en Jonglør!» sagde Bang Block laag-mælt. «Alt det han fær og fiktar med, det er s’gu berre for aa gjera seg interessant; han vil vera original … han burde Fanden ta meg vera Opposisjonsmann!» Det meinte no ikkje Petersen; han smilte so breidt og blidt; Storr var ein bra Kar, lite naiv, men umaateleg morosam; det traut ikkje paa Gaman i det Lage der han var. Aa ja morrosam; men han var ein Jonglør. Han var av same Slage som desse andre «Folkevennerne»; det var s’gu seg sjølv han tenkte paa. Hadde han vori Talar, so burde han gjort som denne Kandidat Meier og andre av det Slage, som fór paa Lande og heldt «Folkehøgskule» – Block frynte naar han nemde slike Ord – og kom att Storthingsmennar … «Meier? Trur du han vil bli Storthingsmann?» sagde Becker. Aa, Block kjende Krute. Meier gjekk her ein Gong og søkte eit Prestekall, og daa han ikkje fekk det, so … ja daa var det at Herr Meier drog tilfjells til aa vekkje Folke! – Naa, det var s’gu ei god Upplysning, meinte Becker. «Er det sant det?» – Det skal vera sant.» – «Det var ei forvitneleg Upplysning! Den Meier galdt for slik ein Høgidealist» … Aa skidt; det var s’gu same Sørpa alt. Kandidat Meier var so god ein Sakførar Stensgaard som nokon kunde sjaa, ein av same Slage som desse brandraude Fyrane ned i «Frams» Klikk … Daniel kvakk. «Aa, lat oss no ikkje faa Politik att,» bad Viborg. «Det er daa Fanden, at so snart ein kjem paa Lande so skal ein politisere!» – I det same kom Proprietæren og dei andre inn att; Samrøda skifte Emne.

Daniel høyrde ikkje stort paa det som vart sagt. Han sat og vreid seg og tenkte paa Tala for Fedrelande. Men kvar Gong han skulde vaage seg fram vart han modlaus; det var ikkje greidt aa tala i so fin og kritisk ei Forsamling. Rett som det var, sagde Proprietæren og Grosseraren Godnatt. Proprietæren var gamall, Grosseraren trøytt; «men Ungdomen skal sitja!» lo Proprietæren gjestmildt. «Ja, me vil s’gu sitja!» meinte Student Stensrud; dei gamle gjekk. – Kunde det no nytte aa tala for Fedralande? –

Block laga seg nytt Glas; der vart eit Ordskifte um den rette Maaten og laga Toddy paa. Becker, som hadde vori i Utlande, fortalde Framgangsmaaten med aa laga Absinth; kom so til aa tala um Paris og Live der; Daniel fekk høyre um Ting som han ikkje trudde kunde finnast i Verdi. Fraa Paris flutte Samrøda til Kristiania; og Daniel kom etter, at han nok mest var likso framand i Kristiania som i Paris. Det som han hadde set, det var berre det simple, det grove, det som var for Bøndar … So kom Herr Jokum for ein Dag att; Petersen og Becker fortalde Sogur um han som var av eit sovori Slag, at Daniel fann det meir enn rimelegt at Hanna ikkje hadde visst um deim. Men det som Bang Block sidan fortalde um «den flotte Fru Harry» var ikkje stort likare. Det var forunderlegt at der kunde vera so mykje slikt millom fine Folk.

Men Viborg og Knutzon hadde fengi Smak paa aa erte den snilde Huslæraren; som han der sat og krulla paa det vesle Kinnskjegge sitt og glodde framfor seg med sine blide Augo, storbygd og tung og gruv i Aksline, saag han so truskyldig ut, at dei kunde ikkje halde seg. Var det sant, at Herr Kandidaten i Kristiania hadde ført slikt eit villt Liv? – Daniel kvakk; dei andre lo; – ja, heldt Viborg fram; det gjekk eit slikt Ord i Kristiania. Herr Huslæraren var nok meir kjend end han trudde, og det ikkje for det gode plent; «ikke sant, mine Herrer?» – «Jo,» sagde Knutzon; «jo,» sagde Becker. Daniel forstod no, at dei vilde gjera Narr av han; og han vart arg. «Kva er det for Snakk?» sagde han. «Snakk? Vil Herr Kandidaten kalle det for Snakk som er stadfest av tvo gode Vitne?» – «Herr Huslæraren gjorde best i aa svara paa Spursmaali,» meinte Herr Becker. Og dei fine Herrane sat og glodde paa Guten med uppdregne Brunir og Lorgnettar for Augo; Daniel saag seg uppraadd, og kjende seg Undermann; kunde ikkje klara seg mot denne flirande frons urbana.

Han vart berga av Stensrud, som gav seg til aa fortelja um Student Rødberg; kjende mine Herrar ein Student Rødberg? Det var han som var Huslærar her paa Garden ifjor. Det var Gut som kunde lìva villt! Og so hadde han det med det at han ikkje kunde segja sant; han laug baade naar han hadde Naud paa det og ikkje; men so var det Ulykka at han kunde ikkje ljuge i Samanheng; den eine Lygni motsagde den andre, og so gjekk det gali. Han hadde elles klara det lengi: hadde slegi seg paa, det gudelege og fengi ein skikkeleg Prestemann til aa tru paa seg – Daniel vart uroleg, der han sat –; og kvar Gong det gjekk gali gjorde Rødberg Bot; og so beit den snilde Prestemannen paa att. Endeleg hadde han fengi Artium. Men daa han var ferdig med den, slo han seg so laus med Rangel og Galskap, at dei hadde ikkje visst onnor Raad enn aa sende den veike Broder Rødberg paa Lande. Men Broder Rødberg visste Raad med aa vera veik paa Lande òg, han; og daa han hadde lògi so lengi at Lygnine hans tok til aa slaa kvarandre ihel, so kom det upp alt, og Rødberg laut paa Porten. – Kor Rødberg no var? – I Kristiania; og det var dei som vilde vita at han gjekk Konstabel inne paa Grønland no. – Konstabel? Kunde ein akademisk Borgar falle so djupt? – Aa, meinte Stensrud; det var visst ikkje greidt for den som svalt. – Daniel var sveitt; han glytte paa Stensrud med Uro i Augo og undrast paa um han endaa kunde vita noko.

«Ja, der er mange slike,» sage Bang Block; han sat og laga det femte Glase. Kjende Herrane ein Student Monsen? Det var og slik ein Lurifas. Han hadde fikta seg fram med Lygnir og Laan i fleire Aar; ei Tid hadde han livt paa ei Malmgruve som Bror hans ikkje hadde funni; han var utum seg paa alle Kantar. Berre slik ein litin Ting som den –: her i Vinter, daa dei heldt denne Kommersen i Teatre, «Børneforestillingen», som «Borgeren» kalla det … «Apropos, var ikkje De ogsaa med der, Huslærar?» spurde Viborg ertande; han stakk ofte paa Glase. Daniel riste paa Hovude; han vilde ikke ljuge … Naa ja; denne Monsen, han slog Lag med Piparane og fekk paa den Maaten Fribillet, men i god Tid fortalde han det heile til ein Konstabel og gjorde so sidan Mynt av, at han ikkje hadde pìpi. «Ja de Bønder, de Bønder!» lo Herr Petersen.

Daniel lika seg ikkje millom den formelle Daning. So snart han saag seg Kans til det, stiltra han seg ut og gjekk og lagde seg.

Men det varde lengi fyrr han fekk sova. Han laag og harma seg yvi at han hadde klara seg so klent; og no, etterpaa, fann han ut ei Mengd med gode Ting som han burde ha sagt dei fine Herrane. Innimillom vreid han seg i Spursmaal og Tvil; kunde dei vita noko? – Underlege Ord hadde falli; men dei kunde daa vel ikkje tru, at han var ein slik ein Fyr som denne Rødberg, eller ein som Peder Monsen?

Det som var visst var, at dei hadde gjort Narr av han, og at han ikkje hadde kunna klara seg. Det var frons urbana som maatte til, By-Skallen, By-Mode; hadde ein berre det rette Mod, det rette Lag, so kunde ein segja og gjera kva ein vilde.

Og so toskut som det var, at han ikkje hadde tala for Fedralande. Hadde han gjort det, so hadde dei set at han var noko til Kar, han au. Men i Morgo, i Morgo skulde han fara klokare. Han skulde syne dei vise Herrane at han ikkje var nokon Kastekjepp; han skulde tala for Fedrelande. Denne Tanken gjorde at han vart rolegare. Og Talen for Fedralande tok han til aa halde med seg sjølv; og det gjekk godt: «Mine Herrar! Under all vaar Strid … er der daa eit Namn, som … naar det vert nemnt … fær os til aa gløyme … alt det som kann skilja oss aat … og til aa … gjeva kvarandre Broderhand …» – Underlegt nok, tenkte han, at ingin av dei andre heller tala for Fedrelande. Er det ikkje fint kannhende? Jau visst maa vel det vera fint. Det er berre Internasjonale som trur, at Fedralande ikkje er noko …» – gjeva kvarandre Broderhand … liksom Fedrane paa Eidsvoll … Ja, mine Herrar! dei store Minni … Sogo … I Rosenlund under Sagas Hall … dei store Fedrane, Vikingane som vann heile Rike … alt dette … dei høge Æsir … og Aasynjur … og dei høge Helte-Skapnader som vandrar gjenom Soga … dei høge Haakonar … dei høge Olavar … Og endaa hev me Mennar som … vil vaage Liv og Blod …» –

– Herr Jokum sat ved Borde og nikka; paa Bringa hadde han Olavsordenen. Men Grosserar Storr stod og glodde paa Daniel med heite Augo og sagde, at Fedralande var … Fedralande var … han vilde segja ei Frase.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.

Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.