Bondestudentar

av Arne Garborg

XIII.

Med Glede saag han Kristiania att, der det laag og dirra i Juli-Soli, graatt og svevntungt, tyrstande etter Regn. Her var daa i Grunnen den einaste Staden der ein Student kunde halde ut aa lìva; og han tenkte med seg sjølv, at han vilde heller slite sine Dagar som ein Ekstraskrivar her enn grava seg ned paa Bondebygdi og vera Lærar i Livsvisdom.

Han leigde seg eit 4 Dalars Rom i Homannsbyen; vilde bu som Folk. So gjekk han til Skræddaren. Betala sine gamle Klæde og borga seg nye, dei finaste han enno hadde aatt. Hjaa Hattemakaren kom han i Skade for aa kaupe seg ein Flosshatt; hadde ikkje nettupp tenkt paa dette; men ein Gong laut det no til. Sistpaa kaupte han eit Par svarte Hanskar. Og daa han so ein Dag stod for Spegilen og mynstra seg, kunde han ikkje anna finne enn at han saag godt ut. Skjegge hadde vaksi og Haare myrkna; og Aksline fekk han rette upp; det var elles mange som var akslegruve. Han krulla paa Munnskjegge og tenkte med seg, at naar han no berre kom paa Danseskule og fekk lært alt som høyrde den formelle Daning til, so skulde han bli ein rett præsentabel Herre.

Men daa han kom paa Gata i den nye Stasen sin, totte han alt Folk gjekk og glodde paa han. Dei fann det vel rart, at han, som berre var Bondegut, vilde gaa aa sprikje og vera Storkar … ha-ha; at slike Tankar enno kunde koma for ‘n! Han keika seg upp og sette frons urbana so godt han kunde; for det var den, det spurdest um. Men det var ikkje alltid det hjelpte. Folk var so flirvise og krønske; fælt so store paa det; men dei kunde vente. Dei kunde vente, dei gode Folk. Naar han ein Gong kom i Kappe og Krage, og dei daa kannhende sat i Kyrkja og høyrde sin Dom av hans Munn, so gløymde dei nok aa flire; – huff, den som kunde bli Bisp! –

– Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr og vart vel fagna. Grosseraren sjølv var ikkje heime; men Fru Louise var greid. Reint som ei Syster var ho imot han, og vilde alltid han skulde fortelja um seg sjølv. Daniel hadde ikkje noko imot aa gjera henne til Viljes i dette Stykke; alt som han vilde ho skulde vita fortalde han. Og han fortalde ikkje anna enn som sant var. Han kunde forsvara kvart Ord, han sagde – for nokon Ljugar vilde han ikkje vera; – men han maatte undrast sjølv yvi kor godt han fekk det til. Sjølve Haud’en til Artium klara han fint; og daa Fru Storr sagde at Haud var ein god Karakter, og at Bror hennar heller ikkje hadde meir enn Haud til Artium, vart Daniel so fornøgd at Augo hans lyste gjenom Brilleglasi. Fru Storr saag seg glad paa desse Augo; dei var so djupe og trufaste, totte ho. So fortalde ho han, kor glade dei hadde vori i han der heime paa Stensrud; daa ho serskilt nemde Hanna, gjorde ho det paa ein slik Maate at Daniel vart raud. Fraa den Stundi tottest ho kjenne hans Hjartans Løyndom; men Daniel tottest likso tydeleg vita, kvar han hadde henne i den Saki. –

So gjekk han i Russelage. Der skulde det nye Studenterlive hans byrja; og han spaadde seg ein herleg Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han kom snart etter, at Russen i Aar ikkje var som Russen i hans Tid. Det var Leven og Staak i Kveld som daa; men der var ikkje slik Glede i det. Og det som skulde vera morosamt, vart ofte etter hans Meining faami. Han undrast paa dette eit Bìl; fann sistpaa ein Grunn: det maatte koma av, at det i Aar var so mange Bondestudentar.

Han kjende dei Karane berre han saag deim. Og han lika deim mindre og mindre. Dette tunge og breide i Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr hadde trutt var Kraft, – det var ikkje Kraft; det var «Raaheita». Bystudentane hadde ikkje noko sovori, men kunde vera like kraftige for det. Og det verste var, at Bondegutane no saag ut til aa gjera seg til av Raaskapen sin. Dei gjordest paa aa vera Bøndar; det var tilmed dei som gjekk bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde paa Bystudentane og paa alt som fint var, med ein Storsnut so ulidande … Daniel fekk sjølv merke dette, og vart baade harm og heit.

Men verre enn verst var det, at Bystudentane fann seg i dette Bondevelde, ja gjorde Krus for Bøndane attpaa. Det gjekk so vidt, at der var Bystudentar som lagde seg etter aa sjaa ut som Bøndar sjølve. Daniel saag seg leid paa dette. Skulde det halde paa soleis, so vilde det snart ikkje vera noko framifraa aa vera Student. Alle desse Bondegutane drog Studenterlive ned; Folk vilde snart ikkje vyrde Studentane meir enn andre Seminaristar.

Punsen gjorde seg drjug; og daa han endeleg kom, var han ikkje drikkande. Det var Sukkervatn. Russetala hadde noko av det same. Der var mykje søtt og lite sterkt; mange Blomar, men lite til aa læ aat. Det meste var fagre Ord um Studenten som var «Folkets Søn», og Studenten som var «Bærer av Ideen»; Russen helsa alt dette med vill Eldhug; Daniel hadde so nær sjølv vorte rivin med; men so hugsa han i rette Stundi, at slikt vilde upplyste Folk kalle Frasur.

Og det vart verre og verre di lenger det leid. Det var ein som tala for vaare «folkelege Stormenn», som var «Utslag av den norske Folkeaand»; dei løyste det, som laag «bundet i Folket», og var Folkeførarar, Folkeskaldar, Folkekjempur, Folkefrelsarar. Ein annan tala i svimrande Ord um «Nordens Aand», som var alt og var god til alt; so kom det ein og tala for Folkehøgskulen, som var «Datter av Nordens Aand»; denne Skulen skulde vekkje Folke og løyse Folke og spela Folkeprinsessa ut av Havmannens Vald; men Havmannen var Materialismen. Sistpaa kom det ein ung Bygut upp og tala paa «Maalet»; daa vart Daniel baade skamfull og arg. Han lika ikkje aa høyre denne Bondelaaten i godt Lag; og naar ein fyrst med Slit og Slæp hadde arbeidt seg upp or Bondelive, so vilde ikkje han vera med og støype seg ned i det att. Han reiste seg og gjekk ut i eit Siderom. «Eit Lìve! fyre da’ norska Maalet!» skreik Maalstrævaren; «Hurra! Hurra! Hurra!» svara Salen; Daniel meinte dei var galne.

Han sette seg ved eit Bord og smaka paa Punsen. Han kjende seg so leid og aaleine. Bøndane lika han ikkje; og millom Byfolke var han nok heller ikkje rett heime. Rangsnutt var alt. No hadde han fengi som ei Von um aa naa fram til fin Folkeskikk; men so gav Byfolke seg til aa vera Bøndar; det var plent liksom det han hadde stræva etter alle sine Dagar, ikkje skulde vera noko tess lenger no. Han forstod ikkje sovori. Og alt tok til aa gaa i Ring. Sistpaa vart hans harmfulle Tanke heftande ved Kapellan Hirsch. Hadde den … den … Drøymaren lært han upp paa vanleg Latinskulevis, so hadde han fyrr vorti Bymann. Men so var det, naar Fatikmanns Son skulde fram i Verdi; det gjekk paa Slump, og so gjekk det deretter. «Hurra! Hurra! Hurra!» kom det dundrande fraa Salen som Toreskrell, «Hurra! Hurra! Hurra!» verre og verre … og so ein Dur, eit Dunder av Klapping; og ut av Brake arbeidde det seg fram ein Song, sterkare og sterkare, sterkare og sterkare; og Songen vart til ein Storm som fyllte Huse:

«Ja vi elsker dette Landet
som det stiger frem
furet, veirbidt over Vandet
med de tusind Hjem!»

Daniel sat og undrast paa, um dei der inne elska Fedralande slik som dei skreik til. Men elles var det minst fyri aa elske Fedralande for deim som hadde det godt.

Noko lenger utpaa Kvelden kom han i Lag med Strand og nokre andre; ein av desse hadde ei Konjakflaske med seg, og so fekk Daniel kvesse Punsen sin. Det gjorde godt. Men Strand gjorde Narr av Daniels «nye Menneske» og hadde lært seg til med ein Maate aa tala paa, halvt skjemtande og halvt spottande, som Daniel ikkje kunde like. Ein var aldri stød paa um han meinte det paa vondt eller godt det han sa; det var ein Bondestorsnut mykje verre enn frons urbana. Av dei andre lagde Daniel mest Merke til ein feit, bleik, roleg Fyr med ljost Haar, taksteinsraudt Skjegg og store Brillur; det var han, som hadde Konjakflaska med seg. Namne hans var Olai Juberg; det skulde daa vera han, som Haugum hadde sagt var so øydelagd? Det maatte vera noko stort Tøv. So var der ein halvgamall ein, som var framførd som «Cand. filos. Eleasar Karelius Manassesen Stormyrhals, almindelig kaldet Karl Magnus», ein svart-muskin, mager Nordlending; fraa dei gruve Aksline skaut Hals og Hovud seg fram som paa ein Fugl. Den fjorde i Lage var ein ung Russ, Aslak Mogen fraa Telemark: det var kannhende den fagraste Guten Daniel enno hadde set; men Bonde kunde ein sjaa han var. Daniel undrast lengi paa denne Guten; fann endeleg ut, at det maatte vera ein Ætting av desse gamle Odelsbøndane, som no snart vilde vera Mythe.

Karl Magnus førde Orde. Han var sterkt uppglødd yvi den unge Bergensaren som haddi tala Maal; soleis skulde det gaa; paa den Maaten skulde Maalsaki vinne. Russen var gild i Aar. Det var Folk med Aalvor; og so var der so mange Bøndar. Gilde, støde Gutar, seige som Bjørkekubbar; merkeleg gode, sterke Aasyn var det paa dei fleste; og so blygdest dei ikkje lenger for aa vera Bøndar. Han gjekk alltid um Hausten og saag paa Russen, fortalde han; saag etter korleis Aakeren stod; um det var Grøde som var verd aa berge inn; han hadde slik Glede i den Tanken, at kvar ny Haust gav nye Vonir for Lande.

Men sùmt var det som var flirande med. Som no alle desse gamle, desse som gjekk og masa og aldri vart ferduge. Heile Aare laag dei i Hie, sùme uppaa Lande, andre paa ein Hybel; ingin visste um deim; men til Artium kom dei krekande fram, underlege og forkomne, folkerædde, holsvoltne, slìtne og bøtte, fælare og fælare for kvart Aar, meir og meir lurvelege, yvigrodde med Skjegg, med Ragg; ha-ha-ha, dei hadde Ragg! Gamle Vidunderbø, han var daa endeleg berga; Karl Magnus hadde sakna honom i Aar. Men no var det Lars Risvold; han vart visst likso seig han. Karl Magnus hadde lòti laane han Pengar til Eksamensavgift i Aar … 10 Dalar Netto, reint burtkasta. «Ja han lìver paa Laan no,» sagde Strand. «Men han held seg fin likevel!» svara Karl Magnus; «han rakar seg og gjeng med kvitt Slips … Det er det taapnaste du kann sjaa; alle Folk trur han er Teolog! Han ser ut som eit Asen i Messeserk eller som ein Sau i Snibel» … Di meir Karl Magnus drakk, di høgmæltare vart han; og han fikta med Armar og Akslir i ustanseleg Uro.

Ja det var mange av desse Landsgutane det gjekk sjeis med, sa Strand. Mange naadde ikkje Artium; andre rokk so langt, men ikkje lenger; sùme stansa med Andre Eksamen; og ikkje faae døydde; vonde Dagar og Slit drap mang ein Mann; og dei som naadde fram var ofte utslitne. «Og dei fleste vert Teologar,» sagde Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja; Karl Magnus kjende deim, desse nye Bondeteologane; dei var audkjende; mykje fæl Fant; tunge som Kjølsvin, med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til Tukthusprestar eller Indremissjonærar … Men at Bondegutar flest gjekk den Vegen var rimelegt. Dei var upplærde til det, fyrst paa Aalmugskulen og sidan paa Seminarskulen; naar dei kom her inn visste dei ikkje kva Studering var; det einaste dei kunde var aa lære Leksur og tru paa Skulemeistaren; og so tok dei Teologien. Det kunde vera godt og vel, men … Pokkeren take han Gamle-Eirik Pontoppidan. «Og Ramslæringa,» sagde Strand. «Aa,» svara Karl Magnus, den er ikkje den verste! Naar det gjeld Pontoppidan trur eg Ramslæring er det likaste; for dei som lærer seg til aa tru at dei forstend Pontoppidan, dei vert Tullingar reint. Dei fær Fjøli for Augo og Ringen i Nasen so dei aldri lærer aa tenkje sjølvstendigt. Nei; men den kateketiske Metoden, Far! den er Ulykka! Det er beintfram Upplæring i aa vera Ettersnakkar og usjølvstendig; du skulde aldri sjaa slik Styggedom!» – «Aa, naar det kjem til Stykke,» sagde Strand, «so er det Dogmatiken som maa ut or Skulen, skal det bli Folk av oss.» – «Skaal, Strand!» sa Juberg. «Ja, ja; Heimen og Kyrkja greider no Trui best dei,» meinte Karl Magnus.

«Enn du daa, Aslak, vil du bli Teolog?» spurde Strand. «Aa langt ifraa,» svara Aslak, han smilte som eit Barn, «eg vil ikkje vera noko Slags Embættsmann eg.» «Det gjer De rett i,» sagde Karl Magnus. «Naar Folk kjem i Embætte er det som dei var daude. Dei vert bundne av alt dette «foreskrevne», og so somnar dei av; kapslar seg inn som Trikinar, og ét og drikk og avancerar etter Anciennitet» … «Ja, og so hev dei ikkje nokon Vyrdnad millom Folk,» meinte Aslak; «dei er so nautne at dei berre vert til Laatt. Og det dei røder um er Løn og Pensjonar; og som dei ser ut! Naar du ser slik ein gamall graa og sur og skakk og slìtin Fut eller Prest, so er det plent som du saag eit Par gamle skeive, ut-trødde Sko!» Aslak lo lystigt; dei andre med. Men Daniel var vond og kunde ikkje lenger like Aslak; – aa segja nokon Ting imot kunde sjølvsagt ikkje nytte i dette Lage.

Betre lika han seg, daa dei tok til aa fortelja Sogur fraa «Fabriken». Strand og Juberg fortalde i Kapp; Daniel lo so Taarine draup, og fortalde eit og anna som han sjølv kunde hugse; dei Par Aari paa Heltbergs Skule var dei gildaste han hadde livt! Karl Magnus forklaara, at Gammeln hadde gjort meir i vaart folkelege Utviklingsarbeid enn nokon kunde rekne ut; han heldt serleg fram, at so mange av Bondegutane fraa hans Skule vart Juristar og Filologar. Og det vart tidt vaare beste Folk. Til Døme vart millom andre Hærland nemnd; og Strand sagde, at det einaste denne vanta paa aa vera «fullvaksin» var, at han ikkje var Sosialist. Daniel merka seg dette. Karl Magnus lagde imot; men det kom seg vel berre av, at ikkje han heller var «fullvaksin» i den folkelege Politiken. –

Strand og Karl Magnus og Daniel gjekk sistpaa heim til Olai Juberg og drakk Øl. Samrøda kom no inn paa drjugare Ting; Strand og Juberg tala um sine Syndir som nok ikkje var faae; og det var Gutar som ikkje var bljuge for aa segja som det var til. Fælt so ufint som slikt var naar det ikkje hadde rette Svingen, tenkte Daniel. Han gav seg i Drøs med Karl Magnus; denne var no eit Grand fløvin og tok til aa fortelja um ei stor Uppfinning han arbeidde med; det var ei Fljugemaskine som han trudde vilde bli praktisk. Han grov og leitte i alle Lommur etter ei Teikning han hadde gjort til denne Maskina, men fann i Staden for den eit Brev, som førde Tanken hans inn paa ei ny Leid.

Breve var fraa ein Skulemeistar som hadde misst Posten sin, av di han var vel glad i godt Lag. Det hadde fleire Gongir vori Ugreidur med han; til Slutt hadde han gjort … gjort … «Skandale?» spurde Daniel; «aa ja; og so vart han sat paa berr Bakke. No vilde han her inn til Hovedstaden og søkje si Næring; og det var ein glup Kar; men Karl Magnus visste at det ikkje kunde nytte. «Ein Fyr som er avsett for Fyll!» – Daniel hadde vondt av Skulemeistaren. Men naar Folk ikkje tok seg i Agt …

«Ja, ja; det er det, som er Ulykka,» sagde Daniel, han tok og til aa faa vel mykje Øl; det er det som er Ulykka … Folk vil lìva godt og … hava det godt … i Staden for aa arbeide og spare. Tenar dei noko, so gjeng det til Stas og Fjas; dei ét det upp og drikk det upp … og sidan gjeng dei og drøymer og drøymer og liter paa Slumpelykka; gjeng det gali, so kann dei alltid faa Arbeid sidan … Slikt gjeng aldri godt. Det er Villmannskap! Bonden er ikkje lenger den … Odelsbonden, som han var i gamle Dagar; Garden hans stend i Pant i Hypothekbanken … og so gjeng Bonden og trælar for den; og det vert upp i Fant alt ihop. Det hev vori sagt mange fagre Ord i Kveld um Upplysning og Aandsliv; men … ja. Folke maa lære aa arbeide; det er Tingen!»

Strand sat og glodde paa Daniel med heite Augo; so sette han i og svor paa, at den som sagde at Folke ikkje arbeidde, han laug. Og den som sagde at Folke livde for godt, han var eit Talghovud … Det kunde vel hende at desse Proprietærane uppaa Kaksebygdi livde som Naut og drakk Skogane sine upp i Sjampanje; men dersom Braut trudde, at Bøndane i det heile var slike Skadedyr, so var ikkje han Mannen til aa føre det store Ord i den Sak. Daniel stirde paa Strand; hadde aldri set Maken til Augo: dei lyste brandgult som paa ein Orm; «eg hev vel Rett til aa hava Meiningar, eg og,» stota han. «Dei Meiningane De hev lært uppaa Kaksebygdi, dei kann De hava for Dykk sjølv,» svara Strand eggjande; «og elles hev De vel aldri havt meir ‘Meiningar’ enn De hadde godt av, Herr Braut!» Daniel var uroleg; han svara: «eg hev aldri vori Partimann … Eg bryr meg Pokker um Politiken … Det eine Partie kann vera likso godt og likso gali som det andre … Skillingspolitiken, den hev eg no aldri trutt paa … Lande vert ikkje rikt av aa knipe inn 20 Dalar paa ein stakkars Pensjon … Kannhende er det ikkje Gull alt som glimar i denne Folkehøgskulen heller; hadde Kandidat Meier fengi det Prestekalle han søkte …» – «Hev Meier søkt Prestekall?» harska Strand i. «Han hev kje so mykje som teki practicum!» skreik Karl Magnus. Daniel kjende seg vaapnlaus og vart rædd. «De vil kanskje prøve aa kaste Mistanke paa ein Mann som Meier, De?» spurde Strand; «det er Fanden gale meg det sjoflaste eg hev høyrt. Koma med beint ut Lygn for aa sverte ein Mann, som hev sett heile sitt Liv inn paa aa hjelpe Bonden! Meier er ein Mann som skulde hava Takk og Vyrdnad av heile Lande; og minst av alle tenkjer eg Herr Daniel Braut hev Rett til aa tala um uægte Gull!» Strand eggja seg meir og meir upp, og vart sistpaa so grov og leid, at Daniel ikkje saag seg onnor Raad enn aa koma seg av Garde. Med tungt Hovud rusla han heim; han hata Strand og heile Hurven; det var reine Raaheita alt ihop. –

– Um Morgonen vakna han fyllesjuk og leid. Det siste av Gaarkvelden hugsa han uklaart; laag og stræva i pinefull Uro med aa draga seg det til Minnes; og di meir han hugsa det, di sveittare vart han. Aldri i Verdi torde han koma til Jens Rud no; han fekk skrive til han, og helst med same.

Han skreiv. – Og fekk skriftlegt Svar. Stutt og rolegt. Jens sende han ein Setel som gav han Rett til aa hevja 10 Dalar Maanaden hjaa Sakføraren hans; 10 Dalar, smaatt Stell, tenkte Daniel. So lova Jens at han skulde sjaa og finne Arbeid til han; naa, det vert vel ikkje so braadt, tenkte Daniel. Sistpaa Helsing fraa Kapellan Hirsch, som var i Tyskland, men venta seg heimatt til Vaaren; naa ikkje fyrr, tenkte Daniel.

Men av Tonen i Breve tok han den Tanken, at Jens ikkje lenger vilde hava noko Kjenskap med han. Daa kom det noko ubljugt og kaldt upp i han; og han sagde for seg sjølv: «godt og vel! Likso godt at dei veit det; so er eg kvitt deim.»

Men han lika seg ikkje rett. Han hadde liksom ein Usmak av seg sjølv; og han tenkte med Fælske paa, kor fint Jens Rud kunde smile. –

– Paa dei teologiske Fyrilesningane kom han til aa trivast godt. Han merka nok at han hadde gløymt ymist av sin Artiumskunskap; og mangt av det som ein her burde kunna hadde han aldri visst; han fekk taka seg Aalvor fyri og lesa, so snart han fekk Stundir til det. Men sjølve Teologien vart han glad i; og det var noko Tøv, det Karl Magnus hadde sagt um denne Lærdomen. For her var meir enn nok til aa prøve Tanken sin paa, og meir enn nok til aa granske. Mest dagstødt kom Professorane inn paa djupe, vande Spursmaal, som stundom var so svære at han aldri hadde tenkt det kunde finnast slike i Trui. Men di sværare dei var, di gildare var det; for han visste alltid so trygt, at Professoren vilde vita aa greide deim til Slutt paa den rette, fyriskrivne Maaten.

Ein av dei fyrste Dagane raaka han Haugum, som han helsa paa med stor Glede; med honom skulde han vel finnast att. Men Haugum viste seg aa vera den same som han hadde vori, kannhende heller eit Grand stridare. Han gjekk so vidt, at han kritisera sjølve Professorane; og alt som ikkje var etter hans Hovud, det var «aandlaust» og meiningslaust og ravgali paa alle Maatar. Daniel kunde ikkje like slikt. Det var Fanatisme; og han skýna at der ikkje var Raad med Haugum. Sidan tala dei sjeldan um høgare Spursmaal; Daniel kunde ikkje vera som han vilde naar han rødde med sin gamle Vén.

Um Kjærasten til Haugum fekk han vita at ho ikkje var so rik som ho kunde ha vori; Far hennar hadde sett mest alle Pengane sine i Skipspartar, og hadde havt svære Tap i seinare Tid. «Er det den fyrste du hev elska dette?» spurde Daniel. «Aa langtifraa,» svara Haugum og lo; «eg hev elska so mange!» – «Ja men for Aalvor?» – – «For Aalvor hev eg berre elska ei fyrr, og ho narra meg.» – Um ei Stund heldt han fram; «det er sant: kor lìver Hanna Stensrud? Ho er ikkje forlova enno?» – «Ikkje det eg veit.» – «Hm, rart nok! Ho var so gode Venir med ein Løytnant her inne … sùme segjer med tvo. Men dei fann henne vel ikkje rik nok.» Daniel vart uroleg; «er ho ikkje rik?» spurde han. «Aa jau; for oss so –. Kannhende du tenkjer paa henne?» – «Aa langtifraa!»

Elles hadde dei fleste vorti meir eller mindre umskapte; noko som ein ny Hâm hadde lagt seg yvi deim; det var vel den akademiske Borgarskapen. Sùme hadde laga seg so um, at dei lite var attkjennande; det galdt vel um Teologane mest. Der gjekk t. D. Johannes Ortvedt reint som ein ny Mann; han var svartklædd og høgtidsam, og smilte men lo ikkje lenger. Jens Rud las Jus; men det vart fortalt at han vilde heim og bli Gardbrukar. Markus Olivarius studera «Jus, Filologi, Teologi, Medicin og andre Vitskapar», og «visste alt som andre ikkje visste». Aslak Fjordan var farin til Amerika; «det var ikkje Raad at ein akademisk Borgar kunde gjera noko til Gagns her i Lande», skulde han hava sagt. Sven Dufva laag paa Lande og kvilde Hovude sitt; Gregus Johnsen laag paa Lande og «samla Inntrykk»; Rødberg fór ikring paa Vestlande og var Lægprædikant. Det vart i det heile sjeldan noko av det med Bondestudentane, etter som Daniel kunde skýna; dei som kom nokon Veg var dei som slog seg paa Teologi.

– Paa ei Ettermiddagsfyrilesning raaka Daniel sin gamle Skulekammerat Kristian Bliland; det var berre med Naudi dei kjende kvarandre att. Dei hadde mykje aa drøse um no; og Daniel fylgde Kristian heim paa Rome hans. Det viste seg at Kristian var den same i Lag og i Aatferd; men Meiningar hadde han skift um ymse Ting; og daa vart Daniel so glad, at han vaaga seg fram med mykje av det han elles ikkje torde tala um.

Dei samdest rett godt. Kristian vilde fylgje dei «folkelege», naar han berre kunde vera stød paa at dei ikkje gjorde alt for fast Samlag med Grundtvigsmennane; «ja er det ikkje det eg òg er rædd?» sagde Daniel; «dei er Grundtvigsmennar mest alle ihop; og mange er reine Rasjonalistar!» – «Ja, Rasjonalistane er no ikkje so faarlege,» svara Krìstian rolegt; «det er dei grundtvigske med sine Folkehøgskular og alt det –; skulde dei faa Inngang i Folke … med sin Pelagianisme og heile sin flaae og grunde Kristendom … so Gud hjelpe oss.» – «Det er sant,» sagde Daniel; «og no er dei alt komne so langt at dei tek til aa snakke beintfram um aa taka Kristendomen ut or Skulen!» «Det kann eg ikkje tru,» svara Kristian aalvorsamt. «Tru? Eg hev høyrt det med mine eigne Øyro; – ja av Teologar hev eg høyrt det!» Kristian rugga paa Hovude. «Og det som er verre enn alt,» heldt Daniel fram, «eg hev høyrt sagt ende ut, at Rettfylgdi av desse folkelege Tankane er Sosialismen! Sosialisme og Kommunisme … er det ikkje fælt?» Kristian saag reint fortenkt ut. «Eg for min Part,» heldt Daniel fram og gjorde seg roleg, «hev i seinare Tid funni det best aa slaa meg ifraa Politiken og dei Ting; for det er ikkje godt aa vita kor langt ein kann fylgje med no, tykkjer eg.» – «Nei,» sagde Kristian; «det gjeld nok aa sjaa seg fyri.» Daniel var so glad at han undrast paa det sjølv.

Han aat til Kvelds hjaa Kristian, men fekk korkje Øl til Maten eller Toddy etterpaa. Kristian lagde iser ut um Grundtviglæra og kor faarleg den var; sidan fortalde han um, at dei paa Latinskulen hadde havt slik ein merkeleg Mann til Religionslærar i dei siste Par Aari. Daa Daniel vilde gaa, sagde Kristian: «skulde det ikkje vera godt um me bad med kvarandre i Kveld?» – Au, stend det slik til, tenkte Daniel; «jau, jau, gjerne,» stota han.

Og so maatte han høyre paa Kveldsbøni hans Kristian, som vart baade lang og drjug. Ja; den, som var so langt komin! Daniel for sin Part fekk vel drygje til han vart Prest. So lengi ein laag her og studera, hadde ein so mykje anna aa tenkje paa … det var ikkje so greidt. Elles var det no som ein tok det til med denne Bondeskikken aa «halde Bøni»; i fine Hus brùka dei det aldri, og dei kunde vel vera like gode Kristne for det? – Daniel gjekk, so snart Bøni var fraaseg-gjord; og han aat ikkje oftare til Kvelds hjaa Kristian Bliland.

Men stundom aat han til Kvelds hjaa Endre Storr. Fru Louise var alltid hyggjeleg; og so lærde han formel Daning i det Huse. Grosseraren kom Daniel til aa like betre og betre etterkvart. Det var ein vitug Mann; og han var ikkje so materialistisk heller som fyrr; det var som han fekk meir og meir Vyrdnad for den akademiske Daning etterkvart som han saag, at det var fraa den me maatte vente den største Hjelp mot Frasepolitiken. Student Stensrud og hans Venir vanka jamt hjaa Storr; Daniel vart so halvt um halvt kjend med sùme av deim; og han fann ut etterkvart, og vart glad ved det: at paa Botnen var dei ikkje so overlag fine endaa.

Noko anna tok han au til aa skýna som gjorde ‘n godt: Folk flest var visst ikkje stort sjølvstendigare enn han hadde vori. Det var nok ein heller aalmenn Ting det, at Folk laante sine Meiningar av andre; og so vart dei sjølvstendige med Aari, etterkvart som desse laante Meiningane grodde seg fast i deim. Daniel hadde ei Kjenning av, at han snart skulde vera likso sjølvstendig som nokon av dei andre; Halvor Mosebø kunde for den Skuld vera kor han vilde med Fyrilesningane yvi Etiken.

Meir og meir lærde han aa forstaa, at det ikkje kunde nytte aa «tru paa Bonden». Han hugsa den Kallen, som han gjekk burt etter Bygdine skìtin og svart og gróv i Moldi og tenkte berre paa det som gav i Gryta, full av Hat og Mistru til Autoritet og Daning og Upplysning … Skular vilde han ikkje hava; Jensens Lesebok var Djevelskap; vilde ein lære han Folkeskikk, so berre vart han vond eller gjorde Gjøn; og Statssakir hadde han so lite Tanke um, at han lét seg køyre i Ring av Jaabæk; og denne Bonden skulde vera Landsstyrar! I Grunnen var det vel ingin som meinte slikt. Dei som sagde det hadde sine eigne Fyrimaal … Hjelpe Bonden fram? Bonden vilde ikkje fram. Han kunde ikkje koma fram heller; han hadde ikkje Raad til det. Han laut slite all sin Dag for Maten til Munns; han fekk ikkje Stundir til aa lære. Det nytta ikkje aa snakke um slikt. Det var berre dei som hadde Raad, som kunde vera upplyste. –

– Med Pengar hadde Daniel vandt um aa klara seg; og verre vart det. Og endaa laut han stundom hjelpe andre. Lars Risvold kom upp ein Kveld og sette seg til aa prata … Daniel skýna so godt kva han vilde, og ynskte Fyren til Bloksberg. Men dersom no den Stakkaren gjekk og svalt? so skulde ein hava det paa Samvite, um ein svara nei … Det var sant det gamle Orde, at Armod var Synd. Slike Gagnløysur som gjekk og livde av aa plundre sin Næste, dei fortente aa svelte, naar alt kom ihop. Fleire slike Stakarar kom; millom deim Peder Monsen, som vilde laane ein Dalar til i Morgo; han fekk med det same Tilføre til aa fortelja, at han ikkje hadde sagt noko til Jens Rud um den Pipekonserten – hm. Ein Kveld kom Bent Bu; han helsa paa Daniel som «Skulekammerat» og var «gamall Kjenning». Daniel hugsa ikkje Fyren, ikkje Namne dessmeir, men torde ikkje anna enn halde gode Minur; han reiv i Øl og drakk Skaal for «gamle Dagar» og var i si verste Beit. Men Bent Bu fortalde med Laatt og Gaman um korleis han hadde freista Live. Svolti hadde han tidt og traadt; meir enn ein Gong hadde han livt i Dagevis paa berre kaldt Vatn; men like kaut hadde han vori kor som var; og so hadde han havt det godt med, sùme Tidir. Millom anna hadde han skrivi i Avisur, laga ihop Skrynjur og selt dei til «Posten» for ei Mark Stykke, og anna slikt; men det beste Spikke han hadde gjort, det var daa han heldt Strid med seg sjølv i «Bondevennen» og «Posten» um Folkehøgskulen. Skreiv fyrst eit Stykke i «Posten» under Merke «Audiatur et altera pars» – ha-ha –; skreiv so eit Stykke i «Bondevennen» imot seg sjølv so Busti fauk, og fekk Pengar baade i «Posten» og i «Bondevennen». Ja, ja! kva Fanden gjorde det? Kunde det ikkje vera det same for dei Fillebladi kven som skreiv, berre det var godt skrivi? – Jau; Daniel kunde ikkje motsegja det; han lika i Grunnen denne djerve Karen som var so lite Partimann. Men Enden paa Visa var: laana meg ein Dalar.

Det vart snart so smaatt for Daniel, at han laut til aa laane att sjølv. «Studenterlive» vart det daa lite av med.

Han var aat aa koma i Lag med Olai Juberg og hans Jamlikar, Karar som hadde Greide paa baade Studenterliv og Kristiania-Romantik; og slikt burde ein lære aa kjenne, meinte Daniel. Men Pengar laut til; og kvar skulde ein taka deim. Kapellan Hirsch hadde sett han reint paa Sveltefôring her inne.

Naar han um Maanadsdagen fekk sine tie Dalar, var det berre so vidt han fekk stogge dei verste Kravsmennane; so var han snaud. Han gjekk som inni ein stor Ring av gamall og ny Gjeld, og Ringen drog seg meir og meir ihop, og tettare og tettare inntil … han saag godt at dette ikkje lengi vilde greide seg. Og so kunde han kvar Dag vente at Jens Rud kom og baud han Arbeid, fælt, aandlaust Skulearbeid …

– Skulde han gjera seg uvyrdin og bêle til Hanna? Ho var ikkje stygg. Ho hadde endaa havt Løytnantar til Friarar … Og so hadde ho Daning; var Dame. Ho kunde spela Piano. Og hadde Sans for Poesi; ikkje so lite Sans for Poesi. Og kunde laga Mat attpaa. Gjorde han det, so kunde han faa Pengehjelp av Proprietæren; han kom med ein Gong ut av all si Skuld og Naud, og kunde endeleg ein Gong faa lìva eit Par glade Studenteraar…

Naar han vart eldre og fekk Embætte vilde han umvende seg og taka Live aalvorsamt; og daa vilde Hanna vera serskilt høveleg. Inga? Ja, men naar han ikkje fekk Pengar, so vart han gangande her i alle sine Dagar, vart gamall Student eller Skulemeistar, og kunde ikkje gifte seg med henne kor som var. Kor visste dessutan han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut? Det heile var noko Tøv; Barnedraumar, Gutegrillur; naar det kom til Aalvor i denne Verdi, so kunde det nok ikkje nytte aa hefte seg burt med sovori.

Oftare og oftare tenkte han paa dette; men med Friarbreve vart det inkje av. Kvar Gong han skulde til, misste han Hùgen. I Staden tok han til aa spara.

Ein sur myrk Vinterdag flutte han uppaa Hægdehaugen og leigde seg inn i eit Kot til halv tridje Dalar; sidan bar det i Veg med «Middag paa Dampen». Det var hardt aa gaa paa det no. Naar han kom inn i den store myrke Matsalen, var der ei Matlukt so ram og stram, at han vart mett med same; og so var her so «folkelegt» og fælt. Klokka vel 2 kom Armodsdomen fraa Skulane og Universitete strøymande; ikkje minst alle desse Smaafolkssønine som studera … han hadde aldri fyrr visst at dei var so stygge. Og han kjende Lukt av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin, av Kaffemaskinar, Hushaldsbraud, Pultost; og han saag Minningar av all den Vesaldom som fylgjer med, naar tunge Arbeidskraftir sèt seg til og les, i Staden for aa slite og arbeide i den friske Lufti. Sjølve Maten smaka «folkelegt» her; han maatte ha vori fælt demokratisk i den Tidi daa han lika denne Kosten. Ender og daa saag han Kjenningar som han ikkje vilde raake, slike som Hærland eller Fram; dei saag endaa skralare ut enn fyrr, totte han. Serleg Fram; han var lang og losliten og mager, med eit langt Lurvehaar ned-yvi Øyro og Akslir, so han saag ut som ein Kommunard; det var ikkje likt til at dei «store Ideane» kunde korkje føde eller klæde sine Folk. Daa hadde dei det betre, desse gamle Departementskarane og Pensjonistane som daa hadde sitt Brød; endaa dei saag ikkje glade ut dei heller, der dei sat og maula yvi Lapskausen og sine svikne Vonir, trøytte og leide, graae av Papirdumbe og Kontorluft, med smale, magre, turre Andlit, med Maanar og Fleinskallar og graatt Skjegg … Busteper’ar, Hønsehaukar med fallande Fjør, – underlege Motstykke til Studentane. Men her og kvar sat Mennar av Folke, skitne, tettbygde, stolpesterke Arbeidsmennar, og aat og drakk so rolegt og hjartelegt som det ikkje skulde finnast den Ting paa Jordi som heitte den Dag i Morgo.

Daniel sat og saag paa dei gamle, til dess han forstod deim. Dei hadde drøymt stort og fagert, dei au ein Gong; og so skulde dei no sitja her og maule Labskaus millom Arbeidsmennar og Fiskekjeringar. Det var fælt aa tenkje paa. Og endaa vilde Jaabæk knipe; knipe og knipe paa kvar stakkars Skillingen som ein arm Statstenar skulde freiste Live med i den gledelause Alderdomen. «Folke»? Folke saag dei her rundt ikring seg, sterkt, raatt, friskt; Folke livde likso godt som dei, betre enn dei, og hadde ikkje kosta ein Skilling paa aa lære Vitskap. Ein dugande Arbeidskar tente kannhende ein Dalar Dagen; og han hadde ikkje Obligasjonar sugande paa seg som Blodiglar, eller ein Flok Gutar som var nøydde til aa studere … Folke hadde det godt; dei upplyste hadde det vondt; og endaa sat han Bonden der uppi Tinge og vilde knipe og knipe … for no var det Raaskapen som skulde regjere; Raaskapen skulde styre Rike og Land! Daniel kunde godt forstaa at dei kalla Jaabæk upp paa sine Hestar og Hundar.

Embættsstande maatte bergast uppe; han saag det klaart. Den raae Hopen vilde at alt skulde vera Hop; og so laag dei og nivellera og nivellera og vilde røre allting saman i ei Surpe. Det var komi so vidt, at Bondegutar gjekk her og gjorde Narr av Embættsmennane … og dei hadde Rett paa ei Vis: Embættsmennane var ikkje lenger det dei hadde vori. Men slikt dugde ikkje lenger. Noko maatte der vera i eit Samfund som lyfte seg upp yvi Mugen; noko maatte der vera som var stort og ædelt og hadde Glans og Autoritet; ein Statstenar og hans Yrkje maatte staa som noko høgt og heilagt; Embættsstande var det einaste som kunde lìva eit Aandsliv her hjaa oss; den akademiske Daning var Ideens Presteskap; og det var uforsvarlegt at Ideens Prestar svalt. Men Folke skulde arbeide, arbeide og tena Pengar. Daa vilde alt bli hyggjelegt og godt som i gamle Dagar; Skillingspolitiken vilde døy, og den gamle Odelsbonden vilde paa nytt koma til Magt i Norigs Dalar.

Han saag det so klaart! og saag det i slik ein stor, blaanande Samanheng; det var den største Tanken han hadde havt. Og no tenkte han sjølvstendigt. –

– Ein Dag etter Nyaar kom Jens Rud og baud Daniel Arbeid. Hærland hadde vorti sjuk og maatte faa ein i Staden sin ei Tid; 14 Dagar eller so; ein fekk vone at det ikkje vart lenger. Daniel vilde og vone det. Han tok imot Tilbòde med ein Takk som ikkje var svært varm.

Og Arbeide gjekk som han tok det til. Gutane var vrange og leide og Skulearbeide aandlaust; Timane vilde aldri taka Ende; han kunde stelle seg so eller so. Karl Magnus, som var Lærar ved same Skulen, var ‘n stundom til Hjelp; men kvar Dag, naar han trøytt rusla heim fraa Skulen, svor han med seg sjølv paa, at no vilde han skrive til Hanna Stensrud. –

Han laut halde ut paa Skulen ein heil Maanad. Og so snart han var fri og hadde fengi Løni, so kom Rekningane. Rekningar i Rad og i Flokk, og Kameratar han hadde laant av, og Peder Monsen og Bent Bu som vilde laane …

Daa Daniel paa ei Vis hadde klara alt dette ifraa seg, kom Postguten med eit Brev. Daniel reiv det upp i uvisse Vonir –: det var fraa Jens i Larsebakken. Denne hadde spurt, at Herr Braut no skulde ha fengi ein god Skulepost; Bakke vilde daa ynskje Herr Braut til Lykke med denne. Elles vilde han segja at han hadde havt ymse Pengetap i seinare Tid … vilde vera svært takksam … berre eit lite Avdrag kvar Maanad … «Moldtræl!» murra Daniel og slengde Brevet.

– Det gjekk ikkje for seg, dette her. Han saag, at han ikkje klara seg. Han kom snart so djupt i Gjeld, at han fekk gaa og træle i alle sine Livedagar berre med aa betala. Skulde det bli Løni for alt hans lange Stræv, at han skulde lìva si Tid som ein ufri Mann, aldri bli Sjølveigar, alltid slite for andre? Kannhende naadde han ikkje so langt som til Embættseksamen dessmeir …

Og so at han skulde taka Hjelp av Kapellan Hirsch, – denne Aandsmannen, som til Takk for Hjelpi vilde hava han med for ein Svelteskilling paa eit Arbeid som Daniel ikkje lika! Det var ein ulidande Ting aa vera hjelpt fram i Verdi av andre. Det var som ein hadde selt Sjæli si. Alt det ein var og vart, det hadde ein andre aa takke fyre; og dei Karane, dei kravde sin Takk! Ein hadde ikkje fri Rett yvi seg sjølv; maatte hugse paa at Per og Paal vilde hava Glede av Pengane sine; og Kapellan Hirsch vilde hava meir, han. Daniel tenkte seg harm paa dette. Han vilde ikkje gaa soleis lenger; han vilde forlova seg og vera sin eigin Mann. Proprietær Stensrud sagde visst ikkje nei, naar han høyrde at Friaren var ein Mann med sjølvstendige Meiningar, og ein Mann som kunde vera teologisk Kandidat um tri Aar …

Han stræva lengi, fyrr han fekk Friarbreve i Stand. Det skulde som alle slike Brev vera kjærlegt; men so skulde han ikkje segja meir heller enn han kunde svara til, naar han raaka Kjærasten sjølv. Daa han var ferdug og hadde skrivi Utskrifti, vart han med ein Gong modlaus. Det var liksom so fælt, dette-her. At det skulde gaa soleis med Daniel Braut hadde han ikkje drøymt um. Og Inga Holm var nok ikkje so gløymd som han hadde tenkt. Stakkars Inga! Enn um ho no hadde gjengi i alle desse Aari og venta paa han? Han hugsa Middagslage i Klokkargarden; han saag henne i den koselege Klokkarstogo, søt og ung og fordrøymd; og der var Sol inne og ute, og Lauve i Hagen blakra i Sùmarvinden og kviskra um forlokkande Ting … Med Magt laut han drive burt Draumane. Hadde ikkje sjølve Kapellan Hirsch gift seg til Pengar? Hende ikkje slikt kvar Dag? Det var dei som gifte seg med 40 Aars Gjentur for Pengar; og Hanna var daa berre sju-otte og tjuge … Og so var han nøydd til, for Fanden! Han stakk Breve i Lumma og flaug paa Dør; best aa faa det av Stad, fyrr Tankane snudde.

Daa han kom paa Gata, strauk det framum han ei Ungmøy som var so dragande ven; strakst etter ei til; og endaa ei … friske, jomfruelege, blømande av Ungdom; varme, glade, daarande, forlokkande; han sukka av Saknad; Verdi var full av fagre Møyar, Møyar som Liljur, Møyar som doggfriske nysprungne Rosur; men han … Naa; um nokre Aar var dei likso gamle som Hanna Stensrud; han var ein Fatigmanns Son og fekk ikkje krevja det beste; naar han fekk Pengar skulde han nok greide det … Men daa han kom til Postkassa, vart det med ein Gong klaart for han, at det kunde drygje med Breve til i Morgo.

Paa Heimvegen dreiv han innum Karl Magnus; hadde ikkje Hùg til aa vera aaleine. Der sat Dølen og prata; men det høyrdest ut til at han var i Ulag, han med. Han jamra yvi, kor lite Hjelp han fekk, og kor armt dette Lande var aa lìva i for Folk som honom. Han heldt seg sjølv for so god ein Mann, baade med Kunskap og med Graavur elles, at i eit større Land kunde han havt det romt; men her vart han Ekstraskrivar. Og sistpaa tok dei ifraa han den Bìten med, so han berre hadde sin arme «Døl» aa halde seg til; og den vilde mange lesa men faae betala. Skadebot for det han ved sin ærlege Tale hadde misst kunde han heller ikkje faa, og det endaa han meinte han hadde gjort likso mykje til Framhjelp for ein norsk Bokavl han som sùme andre.

Nei; ein skulde gjera Guano i dette Lande; det var det einaste Folk brydde seg um. Dette Lande var eit Fjos og ikkje ein Folkeheim; og naar Kui fekk sitt Vombfyll, ho, so var ho fornøgd. Det kunde ikkje nytte aa bjode fram Varur som Folk ikkje vilde hava; og kva Fanden brydde Nordmennane seg um Norskdom eller Guanokratana um Dikt? Regjeringi var eit Hønsehovud som ikkje forstod seg paa anna enn det aandeleg daude; og Storthingsbøndane dugde ikkje til anna enn til aa vera Rovediltarar for Presten. Haa! haa! jau det var Statsmennar! Dei gav 1000 Dalar til kvar gamall Prest som ikkje lenger kunde gøy, og skalv i Kneom so snart dei saag Fjøri i Futehaten; men kom det ein Mann som vilde skaffa Tankar inn i alt dette Fleske, so fekk han gaa til Fatig-Kassa; kvi Fanden gjorde han ikkje Flesk; han som dei andre? Ein kunde stundom tru at desse Samrøringane hadde Rett i, at Lande var for lite til aa vera eit Rike, eller at det ikkje var noko Land, men berre ei Samling av 400 Prestegjeld, som aldri kunde lære aa tenkje anna enn Fatigmanns Tankar; og Vaarherre maatte vita, um dette nasjonale Stræve vaart i Grunnen var anna enn tome Draumar, bygde paa Gravhaugar og gamle Eventyr.

Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamall vid, slìtin Slengfrakke og høyrde paa dette; stundom stana han framfor Spegilen og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg og underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for aa verte gamall Student. Stundom freista Karl Magnus aa koma til Ords, men det nytta sjeldan; Dølen vilde tala sjølv. Kva skulde han vel tru, spurde han, naar han saag kor lite dei norske Odelsbøndane brydde seg um baade Maale og Lande sitt? Dei gav sjuttan i heile Stasen og drog til Amerika; det var den Hjelpi, me fekk av deim. Og so sat han der, han stakkars Kroken, i sitt kalde Kammers og skreiv og skreiv, og blés paa Fingrane so dei ikkje skulde valne, og lo og slo seg glad til aa sleppe aa graate; og dei las og lo og hadde Gaman og totte den Dølen var ein trøysam Kar; men dei vilde ikkje hjelpe han so mykje som med lite Skriving dessmeir, so han kunde faa Tid til aa arbeide paa slikt som betre kunde vise kva han dugde til. Og var det ein Gut som det var Von i, so skulde du mest jamt sjaa at han døydde fyrr han vart mogin. Smaaruske og Skrape, det greidde seg; for det kunde lìve seg under kvar Tuve; men var det eit Ungtre som skaut seg upp, so vart det bròti av Vêr og Vind og vonde Dagar; og det verste var at ein laut segja dei var sæle som fara fekk. Som no denne Hærland’en. Det var just slik ein emneleg Gut; ein som Dølen hadde venta seg Hjelp av i sitt Stræv … no laag han der! Dølen grét. «Hærland? døyr han?» skvatt Daniel upp. «Ja,» svara Karl Magnus. «Han hev galopperande Tæring!» jamra Dølen.

Daniel reiste seg og sagde Godnatt. Døydde Hærland, so laut han taka Skulen … Han strauk ende ned til Posthuse att og lagde Friarbreve i Kassa. – –

– Svaret kom forunderleg braadt. Ho elska, hadde elska, vilde elske; og ho hadde den visse Von, at Far vilde samtykkje; no kom han snart til Byen, so Daniel kunde tala med han … Daniel sagde fleire Gongir til seg sjølv: no hev eg vunni.

Proprietæren meinte han at Fru Storr vilde greide best. Ho var snild, og ho visste kóss ein skulde taka Gamlen; Daniel gjekk til henne.

Fru Louise tok imot han smilande og mild. Og skalkut: «De er nok en Hjerteknuser, De?» Han svara for seg som han best kunde og spurde kva ho meinte Proprietæren vilde segja. Ho drog paa det eit Grand: «ja Papa, ser De, han har sine Griller» … «Og je eier jo ingen Ting» … «Naa,» smilte ho, «Di vil snart ha Embedseksamen, og Embede er saa godt som Arv; men, ser Di» … Ja var det noko anna, sa Daniel – han saag paa Fru Louise med Augo som gjenom Brilleglasi saag karakterfaste ut –, «so vil eg beda Dykk segja Proprietæren, at det eg lærde av honom, det hev eg tenkt yvi; og no er eg … no er eg sjølvstendig!» Daniel Braut sveitta. Ho heldt fram, liksom ho ikkje hadde høyrt dette siste: «ser De, Far er so glad i Hanna; han vil ikkje vera av med henne, er eg rædd; men, Herre Gud! den djerve hev Lykka med seg … « –

– Det var ein fager Dag i Slutten av Mai. Alt hadde greidt seg paa beste Maate. Og Proprietæren hadde ikkje vilja høyre eit Ord um, at Ver-son hans skulde gaa og træle med Skulemeistar-Arbeid; han skulde taka sin Eksamen; det vart nok Raad med det. Og gamle Stensrud hadde vori berre hyggjeleg.

No var Daniel Braut paa Vegen til Danseskulen. Trulova Mann maatte kunna danse; og no hadde han Raad til at koste Lærdomen paa seg òg. Han drog seg maklegt nedetter Gata i den unge Solglansen; og han kom til Lags med seg sjølv um, at han i Grunnen var vel farin.

Han var komin so langt, at han var trygg for seg. Hadde naatt Hamn etter lang Sigling og ymis Kryssing. Var ferdug med all den Ungdoms Ørske og Uklaare han fyrr hadde baska med. No var han komin til Ro. Var vaksin Mann. Visste kva han vilde.

Vaarherre hadde stelt det vel. Naar han saag attyvi Live sitt, skýna han Meiningi med det meste. Det einaste kunde vera den Haud’en til Artium. Men den tilgav han Vaarherre; Umvendingssogo si sprang han yvi.

Rud og Haugum og den Flokken, dei fekk segja kva dei vilde; han hadde so gode Folk paa si Side no, at han ikkje var rædd. Han vilde heller hava med seg heile det store upplyste Samfund enn ein Flokk fortumla Idealistar; og han var friare no, naar han heilt fekk fylgje si naturlege Trong til aa bøygje seg loyalt for all sann Autoritet, enn han var daa han var med og reiv ned paa Autoriteten. Det var sant som Professoren sagde: sann Fridom naadde ein ikkje ved aa raade seg, men ved aa bøygje seg.

Han var berga. Um nokre Aar vilde han vera komin inn i den Pyramiden av Glans og Magt som han alltid hadde drøymt um, og som var det høgste; daa kunde han med Sanning segja at han hadde naatt sitt Ideal. Han visste knapt nokon Ting som kunde vera gildare enn aa sitja paa ein gamall Prestegaard og vera Herre yvi Bøndar. Og daa skulde han lære Folke aa arbeide, arbeide … Han hadde vondt av den Ungdomen som gjekk her og kasta seg burt i Stræv for ville og lause «Idear», som aldri i Verdi kunde skaffe sine Folk anna enn slitne Frakkar og brotne Vonir. Men dei Skraalhalsane som gjekk og forførde Ungdomen og reiv ned paa alt, og ikkje var fornøgde med nokon Ting, dei kjende han at han var harm paa. Kva var det dei vilde for noko? Var ikkje Samfunde so godt stellt som ein kunde vente?

Han rette seg upp og saag seg ikring. Hm; der var dei att, desse Snobbane, desse Sviskeprinsane, som gjekk og glodde paa Folk og flirde … Pokkeren maatte vita kva dei hadde aa flire av. Med ein Gong gjekk det som ein Styng gjenom ham; der kom ei som var so lik Inga Holm. – Aa Gud, Inga Holm. At han ikkje hadde skrivi til henne fyrst. Han forstod det ikkje. Ho som var so ung og so søt; ho som hadde vori Draumen i hans Ungdom, Draumen, Huldri … Nei; han maatte ikkje tenkje paa slikt. Han hadde ikkje Løyve til det. Men han vilde kaupe Asbjørnsens Huldre-Eventyr …

– So mange fagre Møyar. Sùme unge og spede som sprettande Blom, andre rike og fulle som Svanur … Men no hadde han Pengar; no vilde han lìva eit Par glade Studentaraar; Vaarherre tilgav nok det; og andre turvte ikkje vita um det. Hanna, ho var vaksi og klok; ho vilde ikkje krevja meir avav] rettet fra: av av (trykkfeil) han enn rimelegt; han skulde skrive til henne so ofte han kunde; ho fekk vera glad ho vart gift. Han skulde nok koma til aa halde av henne. Den som berre var yvi det fyrste Møte …

Det var ein underleg Ting aa vera trulova. Han var liksom ein annan Mann no. Det var dei som hadde Krav paa han, som aatte han … Men no kunde han au skrive heim og fortelja, at han var forlova med ei Frøken, ei rik, fin Frøken; det vilde vera noko aa faa vita for dei Bøndane der heime, og for Jens i Larsebakken, og Grosserar Helle … Han saag upp og lo.

Eit Stykke ned i Gata kom det tvo Karar gangande; han kvakk og vart uroleg; for den eine var Jens Rud. Men den andre? Den høge og graahærde med breid, svart Hatt? Daniel stirde som han var fraa seg. Det var daa vel aldri –. Det kunde daa aldri i Live vera … Kapellan Hirsch? –

Student Braut visste ikkje si arme Raad. Han snudde seg rundt, skaut Kryl paa Ryggen og tok til Beins med lange Stig; svinga so inn i ei Sidegate.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Med den naturalistiske dannelsesromanen Bondestudentar fra 1883 viser Arne Garborg hvordan fattigdom ødelegger mennesker. Romanen er et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og er en av de viktigste sosial- og kulturhistoriske skildringene i norsk diktning.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er ikke drevet av kjærlighet til Gud. Istedet er det drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Daniel Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språket sitt, klærne sine, oppførselen sin og sitt eget navn. Hovedpersonen opplever det ene nederlaget etter det andre før han håper han blir «berga» gjennom forlovelsen med en kvinne han tror har penger.

Romanen vakte stor oppmerksomhet i samtiden, og den danske litteraturkritikeren Georg Brandes (kjent for sitt krav om at litteraturen skulle sette «problemer under debat») pekte spesielt på hvordan den bidro til å forstå hvordan fattigdommen kan påvirke individets adferd.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1883 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.