Brev til Poul Andræ 1892–1912

av Ebbe Hertzberg

Om utgåva

Dei 13 breva skrivne av Hertzberg til Andræ som er bevart blir her presentert med forklarande notar. Breva er diplomatarisk transkribert, det vil seia at avskrifta i så stor grad som det er mogleg, er tru mot originalen. Enkle overstrykingar og tilføyingar er vist i den løpande teksten: tekst tekst.

Skrifta til Ebbe Hertzberg er uvanleg klar og tydeleg, men det har likevel nokre stader vore problem med tydinga. I tilfelle der tydinga er usikker, er det aktuelle ordet plassert i skarpe klammer: ‹utydelege ord›. I tilfelle der ordet ikkje har vore mogleg å tyda i det heile tatt, er det markert med tre prikkar innanfor klammene: ‹…›.

Nokre av breva hadde feil datering, eller mangla det heilt. I desse tilfella er den sannsynlege dateringa markert i note og i overskrifta på det enkelte brevet. Breva er i tråd med dette presentert i den rekkefølgja eg meiner er den rette.

I notane er norske/danske ord i nokre tilfelle forklart. Uttrykk og sitat på framandspråk, som engelsk, fransk, tysk og latin, er som oftast også omsett. Her har eg hatt hjelp av Jan Olav Gatland (fransk) og Espen Karlsen (latin og italiensk). Dei fleste personar, stader og hendingar er også forklart i notane, det same gjeld sitat og litterære allusjonar.

Understrekingar gjort av Hertzberg sjølv er transkribert som kursiv.

Breva er ikkje paginert av Hertzberg, i denne utgåva er sidetal lagt til i skarpe klammer: [2].

Det er i ettertid gjort nokre påskrifter i breva med blyant; dei fleste av desse er skrivne av mottakaren, Poul Andræ. Påskriftene er også transkribert, men står i note, ikkje i brødteksten.

*

Ein stor takk til Karl Peder Pedersen, Jan Olav Gatland, Tone Hellesund og redaksjonen i NB kilder med Bente Granrud og Ellen Nessheim Wiger i spissen. Arbeidet har vore utført innanfor rammene av mi stilling på Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Takk også til overordna og kollegaer her for at eg har fått bruka tida mi på dette, og for eit godt fagleg fellesskap.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Brev til Poul Andræ 1892–1912

Breva frå den norske rettshistorikaren, statsøkonomen og politikaren Ebbe Hertzberg (1847–1912) til hans danske ven, juristen Poul Andræ (1843–1928), er eit heilt unikt materiale i norsk samanheng, og gir også i europeisk perspektiv eit svært sjeldan innblikk i korleis to personar ved hundreårsskiftet 1900 oppfatta sitt eige likekjønna begjær i lys av nye omgrep som «homoseksuell», «kontrærseksuell» og «urning».

Tretten av breva frå Hertzberg til Andræ er bevart, og oppbevart på Nasjonalbiblioteket (Brevs. 222a). Breva er her transkribert og utstyrt med forklarande fotnotar av Runar Jordåen ved Skeivt arkiv, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Breva sin kjeldeverdi er svært høg; dei stammar frå ein periode då me veit veldig lite om den skeive historia. Dei er ei kjelde til mange ting: til Hertzbergs oppfatning av eigen seksualitet og til den verda av likekjønna relasjonar han oppsøkte både i Noreg og utanlands.

Les mer..

Om Ebbe Hertzberg

Ebbe Hertzberg (1847–1912) var rettshistoriker, statsøkonom, diplomat og politiker.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.