Magnus Håkonsson Lagabøtes bylov og farmannslov

Forord

I 1848 gav R. Keyser og P. A. Munch ut Den nyere By-Lov eller Bjarkø-Ret, udgiven af Kong Magnus Haakonssøn, i bind 2 av Norges gamle Love indtil 1387. For si tid var dette eit solid arbeid. Det bygde på studiet av 25 handskrifter og var utstyrt med eit rikt variantapparat. Men dette variantapparatet er ikkje fullstendig, og utgjevarane hadde ikkje høve til å bruke dei fragmenta som nyss var funne på Riksarkivet. Det er såleis behov for ei ny utgåve av Magnus Lagabøtes bylov.

Keyser og Munch sine kollasjoneringar av handskriftene er bevarte i NB Ms.4° 689. Men dei er organiserte på ein slik måte at vi valde å kollasjonere alle handskriftene og fragmenta sjølve, mellom anna eitt handskrift og seks fragmenterte handskrifter som Keyser og Munch ikkje har brukt.

Arbeidet er fordelt slik at Marit Aamodt Nielsen har hatt ansvaret for prologen, tingfarebolken, kristendomsbolken, landvernsbolken og mannhelgebolken; Jóhanna Katrín Friðriksdóttir har hatt ansvaret for arvebolken, byordninga, kjøpebolken og tjuvebolken; Magnus Rindal har hatt ansvaret for rettarbøter, epilogen og Farmannslova.

Arbeidet med ei ny utgåve av Bylova og Farmannslova har vore utført i regi av prosjektet De norske middelalderlovene ved Nasjonalbiblioteket.

Oslo, september 2022
Jóhanna Katrín Friðriksdóttir
Marit Aamodt Nielsen
Magnus Rindal

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Magnus Håkonsson Lagabøtes bylov og farmannslov

Noreg var i forhistorisk tid eit bygdesamfunn, men i mellomalderen blei små sesongdrivne handelsplassar etter kvart større og meir etablerte, og i ein periode var Bergen den største byen i Skandinavia. Livet i byane var annleis enn på bygda, og det var tidleg behov for ei særskild lov for byane. Bylova til Magnus Håkonsson Lagabøte (1238–1280, konge av Norge 1263–1280) blei vedteken i 1276 og erstatta eldre lover som handla om byar og sjøfart, dei fleste av desse er no tapte. Magnus Lagabøtes bylov er ei viktig historisk kjelde, og gjev eit rikt innsyn i byordning og handel i dei norske mellomalderbyane.

Bylova kom sist ut på norrønt i 1848 ved Rudolf Keyser og P. A. Munch. Denne nye utgåva kollasjonerer mellom anna eitt handskrift og seks fragmenterte handskrifter som Keyser og Munch ikkje har brukt, samt eit fullstendig variantapparat.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.