Magnus Håkonsson Lagabøtes bylov og farmannslov

Innleiing

Skandinavia var i forhistorisk tid eit bygdesamfunn. I tidleg vikingtid begynte små sesongdrivne handelsplassar å bli danna. Desse blei etter kvart større og meir etablerte, og med tida utvikla dei seg i tråd med politiske og økonomiske endringar.Skre, «The Development of Urbanism in Scandinavia», 85. Om historia til urbaniseringa i Skandinavia og spesielt Noreg, sjå f.eks. Helle og Nedkvitne, «Sentrumsdannelse og byutvikling i norsk middelalder»; Andrén, «State and Towns in the Middle Ages. The Scandinavian Experience»; Andersson, «Urbanisation»; Helle, «Frå opphavet til omkring 1500»; kapittel i Andersson m.fl., red., De første 200 årene – nytt blikk på 27 skandinaviske middelalderbyer; kapittel i Jan Brendalsmo, m.fl., red., Den urbane underskog; Ersland, «Bergen 1300–1600. A Trading Hub between the North and the Baltic Sea»; Tveit, «Urban Law in Norwegian Market Towns»; Tveit, «Resource Regulations and the Failure of Northern Market Towns in 14th Century Norway». Ved utgangen av høgmellomalderen var det samla folketalet i byane i Noreg (dvs. dei områda som omfattar dagens Noreg) sannsynlegvis rundt 20 000, noko som utgjer ca. 5 prosent av det totale folketalet på ca. 400 000.Helle, «Frå opphavet til omkring 1500», 110. Bergen, Trondheim, Oslo, Tønsberg, Hamar og Stavanger blir alle rekna som byar ut frå folketal og -tettleik og funksjonane deira som administrative, religiøse, kulturelle, rettslege, militære og/eller økonomiske sentrum.Orning, Frem til 1400, 211–214; Tveit, «Urban Law», 109. Nokre fleire – Sarpsborg (Borg), Skien, Uddevalla, Marstrand, Kaupanger, Veøy, Borgund, Steinkjer og Vågan – blir også ofte tekne med fordi dei er viktige for næring og handel i eit regionalt perspektiv.Tveit, «Urban Law», 109, sjå diskusjon på s. 108. Tre av desse byane låg i Båhuslen (sv. Bohuslän), som nå høyrer Sverige til, men som var ein del av det norske kongeriket fram til 1600-talet. Det er vanskeleg å rekne ut innbyggjartal, men Bergen var aller størst med opp mot 10 000; Oslo og Trondheim hadde høgst 3 000 innbyggjarar, 1 500 budde i Tønsberg, medan andre byar hadde færre innbyggjarar.Helle, «Frå opphavet til omkring 1500», 110. Den relative storleiken til Bergen i høve til dei andre byane reflekterer mellom anna at kongefamilien oppheldt seg oftare der enn på andre stader fram til rundt 1300.Orning, Frem til 1400, 214; Ersland, «Bergen 1300–1600», 431. Den geografiske posisjonen som lekk mellom fiskestasjonane i nord og marknadene i sør, gjorde Bergen også til eit viktig knutepunkt i det hanseatiske handelsnettverket som blei dominerande i næringslivet i Bergen i seinmellomalderen, og i ein periode var Bergen den største byen i Skandinavia.

Livet i byane var annleis enn på bygda, og det var tidleg behov for ei særskild lov for byane. Sekulære og geistlege embetsmenn, handelsmenn, handverkarar, fiskarar og arbeidsfolk heldt til i byane, og det var også kyrkjer og kloster der, der det ofte blei undervist, og sjukehus og fattighjelp. Som både historiske kjelder og arkeologiske utgravingar har vist, budde folk ofte tett i byane, og det var stor risiko for brann. Difor var det naudsynt med reglar om gatebreidd, tilgjengelege vasskjelder og tilsyn og rutinar rundt eld og omnar. Med lova blei det også gjort forsøk på å regulere sosial oppførsel, for eksempel bråk, alkoholmisbruk og tjuveri, spesielt rundt jul og andre høgtider. Byar var utsette for åtak, så det var behov for vakthald; men på den meir prosaiske sida var det også utfordringar rundt infrastruktur, for eksempel søppeldeponering, snøfjerning, vedlikehald av gateløp og vassleidningar.Om søppeldeponering, sjå f.eks. Christophersen, «Medieval Urban Environment: Between Mental and Material Practices»; Økland og Høiaas, Bare boss? Håndtering av avfall gjennom 1000 år; om brannvern, sjå Tveit, «Urban Legal Procedure», del G; mer generelt om infrastruktur, sjå Molaug, «The Infrastructure of Oslo from the 11th to the 17th Century», og Øye, «The Infrastructure of Bergen in the Middle Ages and Early Modern Period to c. 1700». Bylova kjem inn på desse temaa, men utgravingar har vist at reglane ikkje alltid blei følgde nøyaktig; for eksempel var gatebreidda ofte mindre enn det lovene seier. På den andre sida blei lova vanlegvis følgd når folk kjøpte og selde eigedomar eller gjorde andre slags avtalar.Tveit, «Urban Law», 117. Det skjer mykje på det arkeologiske feltet når det gjeld norske byar, og parallelt med denne utviklinga vil denne nye utgåva av Bylova forhåpentlegvis stimulere til forsking på byar i mellomalderen.Om arkeologiske kjelder i bl.a. Oslo, Bergen og Nidaros, i tillegg til det som allereie er sitert, sjå f.eks. Christophersen og Nordeide, Kaupangen ved Nidelva; Johansen m.fl., red., En aktivist for Middelalderbyen Oslo; Garnier og Vedeler, «Revealing Medieval Culinary Practices in Norway». For ny forskning på Bylova og byar, sjå Tveit, «Urban Law in Norwegian Market Towns» og Tveit, «Resource Regulations».


Bylov

Magnus Lagabøtes bylov erstattar eldre lover som handlar om byar og sjøfart. Av dei er den såkalla Bjarkøyretten for Nidaros den einaste som er bevart.Bjarkøyretten til Nidaros er utgjeven i Norges gamle Love indtil 1387, 1:302–336; om lova, sjå f.eks. Blom, Hellig Olavs by, Trondheims historie 997–1997. Det fanst også ein rett for Bergen by som nå er tapt, men andre bylover før 1276 veit vi lite om. Det eldste fragmentet (AM 315 g fol.) er frå ca. 1250 og inneheld delar av kristendomsbolken og av Farmannslova, men heile lova finst berre i yngre islandske avskrifter. Dette er den eldste kjende norske lova som gjaldt for handelsplassar og byar i mellomalderen, og den inneheldt også ein gammal sjørett (sjå vidare nedanfor).

I prologen til Magnus Lagabøtes bylov er denne lova kalla Bjǫrgynjar bók i fem handskrifter, bjarkeyjar réttr i to handskrifter og bjarkeyjar réttr ok bǿjarmanna lǫg i fire handskrifter. I handskriftene kan vi elles finne bǿjarmanna lǫg, bǿjarbók, bǿjarlǫg, bǿjarréttr og bjarkeyjarréttr. Etymologien til bjarkøynamnet er ganske uklar, men mange forskarar meiner at det truleg viser til Birka, den gamle kjøpstaden i Mälaren i Sverige. Namnet er ei latinsk omsetjing av namnet Bjarkøy. Det finst også andre skandinaviske Biærköarætter frå mellomalderen, så det verkar som at det å kalle opp ei bylov etter Birka var ein skikk som spreidde seg tidleg rundt om i Skandinavia.Niitemaa, «Bjärköarätt». Konungs skuggsjá (Kongespegelen), ein gammalnorsk pedagogisk-moralsk tekst skriven i Bergen i ca. 1250, brukar også bjarkøyrett som eit omgrep på lover for handel og sjøfart. Teksten er sett opp som ein samtale mellom far og son, og faren seier til sonen: «Gerðu þer allar logbœcr kunnar en mæðan þu vilt kaupmaðr væra þa ger þer kunnigan biarcreyar rett» (Gjer deg kjend med alle lovbøker, men viss du vil vere kjøpmann, så gjer deg kunnig i Bjarkøyretten).Konungs skuggsiá, 5. Dei råda faren gjev sonen i dei følgjande avsnitta i teksten, høver godt med innhaldet i Bjarkøyretten slik han er overlevert, ettersom ein stor del av teksten tek for seg handelsverksemd og førebuing til sjøtransport av varer.Bjarkøyretten. Nidaros eldste bylov, XVI. Også i handskriftene av Magnus Lagabøtes bylov er lova i prologen og andre stader kalla bjarkeyjar réttr.I AM 309 fol. (Oslos bylov) og i AM 31 8° (Bylova i generell utforming). Vi finn bjarkeyjar réttr ok bǿjarmanna lǫg i Holm perg. 28 4° (Tønsbergs bylov), Holm perg. 34 4° (Bergens bylov), NB Ms.4° 507 (Bylova redigert til bruk i Stavanger) og NKS 1642 4° (Tønsbergs bylov). Desse seks handskriftene har også elles eksempel på bjarkeyjar réttr. I overskrifta på bolken om byordninga har AM 61 a 4° (Bergens bylov) biarkeyrett ok biar. Det var altså vanleg å vise til Bjarkøyretten når ein meinte bylov generelt (med eller utan farmannslov), sjølv om bylova til Magnus Lagabøte var nye lover som erstatta eldre rett.

Dei gammalnorske termane for det vi kallar by, var kaupangr og kaupstaðr, som begge viser til handel, og elles staðr (sted) og bǿr (by). Det sistnemnde ordet var det som oftast blei brukt om folket i byane og lova for dei. Det gammalnorske ordet for landdistrikt var herað, og ein gong nemner Landslova heraðsréttr (distriktsrett). I kap. 16 i arvetalet i Landslova står det:

alt þat er í kaupangri gerast, skal at kaupangrsmanna rétti sǿkja. En alt þat er í heraði er gǫrt, ok hvarfar í millum vár heraðsmanna ok bǿjarmanna, þat skal alt at heraðsrétti sǿkja.

(alt det som er gjort i kjøpstaden, skal ein søkje etter kjøpstadmennenes rett. Og alt det som er gjort i heradet, og som vi heradsmenn og bymenn blir usamde om, det skal ein søkje etter heradsretten.)

I overskrifta på landvernsbolken i Bylova opplyser tre handskrifter at det som er teke med, er det som skil mellom bergensmenn (kaupangsmenn i eitt handskrift) og heradsmenn. I tilsvarande kapittel i arvetalet i Bylova finn vi same formuleringa som over, med to unnatak. På den eine sida finn ein bǿ várum i staden for kaupangri, og bǿjar rétti står i staden for kaupangrsmanna rétti.

Som nemnd er Bjarkøyretten for Nidaros dei einaste norske Bylova som er bevart frå før Magnus Lagabøtes tid, men mykje peikar mot at den rettslege skilnaden mellom byfolk og andre også var til stades i andre byar. Det viser tilvisingar i bevarte lover. Kapittelet frå arvetalet sitert ovanfor, der ein skil mellom heraðsmenn og bǿjarmenn, er nesten ordrett teke frå kapittel 120 i den eldre Gulatingslova, og i den eldre Frostatingslova står det følgjande i kapittel 32 i den 10. bolken:

Men om ei sak som er gjord i kaupangen, skal saksøkjast i heradet, då skal det saksøkjast etter frostatingsretten og dømmast etter bjarkøyretten. Og om ei sak som er gjord i heradet, skal saksøkjast i kaupangen, då skal det saksøkjast etter bjarkøyretten og dømmast etter frostatingsretten, om saka kjem til doms.Frostatingslova, 162.

Vi ser altså at begge dei to gamle landskapslovene viser til ein rett for byen, kalla bjarkøyretten i Frostatingslova og kjøpstadmennenes lov eller rett i Gulatingslova, og det viser at Bergen hadde ei bylov før Magnus Lagabøte si frå 1276. Innbyggjarar i byar hadde altså ifølgje lovene delvis ulike rettigheiter enn folk frå bygda, og byane var særskilde lovdistrikt.Lova teikna opp grenser for byane (sjå kap. 26 i kjøpebolken), men Tveit meiner at det likevel ikkje blei gjort skarp skilnad mellom by og bygd i praksis (sjå «Urban Law», 118).

Som sagt brukar dei norske lovene knytte til Magnus Lagabøte spesifikke omgrep for heile landet, landdistrikta og byane. Landslova var formelt sett innretta for kvart av lagdøma og blir kalla Gulaþingslǫg eller Gulaþingsbók osv.Sjå f.eks. note 1 og 11 i Prologen, Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, henta frå nb.no/forsking/lagabote/ressurser. Vi finn termen landslǫg berre to gonger, i kap. 4 og 6 i arvetalet, at landslǫgum réttum. Meininga er nok då «lova i landet». Også i lovtekstar eldre enn Landslova kan vi finne termen landslǫg, men då med tydinga «gjeldande lov og rett i landet» eller «den verdslege lovgjevinga». I Bylova er termen landslǫg brukt to gonger, i kap. 8 i arvebolken og i kap. 24 i kjøpebolken, truleg med tydinga «lova i landet». Ni av handskriftene viser til landsbókin når dei forkortar teksten. Her er det tvillaust tale om Landslova.

Prologen og epilogen i Bylova er i hovudsak dei same som i Landslova. Difor inneheld prologen i Bylova opplysningar om bolken om innløysing av landeigedom og landsleigebolken. Naturleg nok manglar Bylova likevel desse to bolkane, som i Landslova er knytte til landdistrikta. Ein ny bolk (i høve til Landslova) i Bylova er byordninga, og Bylova har ei anna tingordning. Elles er det særleg i landvernsbolken og kjøpebolken Bylova vik av frå Landslova. Den viktigaste skilnaden er følgjande:

  • I kap. 7 i landvernsbolken er det gjeve reglar for leidangsplikta i byen og i heradet.
  • I kap. 5 i tingferdsbolken er eða í kaupangi (eller i byen) tilføydd til lagtinget i ni handskrifter.
  • I begynninga av kap. 19 i mannhelga har fire handskrifter eit tillegg om byen.
  • På slutten av kap. 19 i mannhelga tilføyer ni handskrifter ein sekvens som gjeld forhold i byen.

Dette blei sidan utarbeidd meir i kong Magnus Lagabøtes bylov, som blei vedteken i 1276. Ny og pågåande forsking viser at delar av Lands- og Bylova frå 1270-åra var tekne frå dei eldre regionale lovene, medan mykje av det nye materialet var teke frå utanlandsk lovtradisjon bygd på romersk og kanonisk rett, tilpassa lokale behov.Tveit, «Urban Law», 110–111; Tveit, «Urban Legal Procedure in Fourteenth-Century Norway». Det hadde vore eit viktig prosjekt å samanlikne Landslova, Bylova, Farmannslova og Bjarkøyretten nærare, og i større grad å utforske korleis lova var brukt i praksis.Miriam Tveit har nyleg forska på Bylovas faktiske bruk i to publikasjonar, sjå «Urban Law», 111–117, og «Urban Legal Procedure», del C. Vi håpar at denne utgåva vil stimulere til slik forsking.

Den tekstuelle bevaringa av Bylova er prega av utelatingar, med eksplisitte eller implisitte tilvisingar til Landslova. Det er berre to av handskriftene som har fullstendig tekst av Bylova – AM 323 fol. frå 1325–1350 og GKS 3262 4° frå 1576 – og dei inneheld ikkje Landslova. Dei andre handskriftene forkortar fellesbolkane meir eller mindre og viser til Landslova, og med eitt unnatak er dei overleverte i handskrifter som inneheld Landslova. Unnataket er AM 78 4°, som inneheld Bylova og ikkje Landslova, men det er grunn til å tru at det opphavleg har vore del av det same handskriftet som AM 56 4°, som inneheld Landslova og ikkje Bylova.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 571. Difor kan ein konkludere med at dei delane av Landslova og Bylova som var felles, blei oppfatta som den same lova.

Ein finn dessutan utelatingar i tekst som rammar inn og kontekstualiserer lova. Prologen er i heilskap berre overlevert i AM 323 fol. (Ba) og GKS 3262 4° (Na). Der er brevet stila til biskop Askatin i Bergen i Ba og til erkebiskop Jon i Na. Dessutan har Holm perg. 30 4° (Bk) den fyrste delen av prologen, inntil opprekninga av bolkane frå og med kristendomsbolken. I Bk er brevet stila til alle i Gulatingslag. Epilogen er overlevert i berre to handskrifter, AM 323 fol. (Ba) og AM 61 a 4° (Bh). Bylova blir avslutta med rettarbøter, men dei manglar i dei fleste handskriftene.

Det er vanleg å rekne med at Bylova blei vedteken i 1276. AM 323 fol. (Ba) seier at lova blei vedteken i Bergen på Vincentius’ messedag, som er 29. januar, i året 1276, kong Magnus sitt 13. styringsår. Bh seier at lova blei vedteken på Gulating, jonsokdag i året 1273, kong Magnus sitt 11. styringsår. Men denne epilogen i Bh er nok frå Landslova. Vi veit ikkje når ny bylov blei vedteken i dei andre byane, men eksempel på bergenske lokalitetar i handskriftene tyder på at desse bylovene byggjer på Bylova for Bergen. Den historiske konteksten, dvs. Bergens sentrale posisjon som hovudopphaldsstad for kongefamilien og Noregs største by, stør også denne konklusjonen.


Farmannslov

Fragmentet AM 315 g fol. frå ca. 1250 inneheld delar av den Farmannslova som blir rekna som del av den gamle Bjarkøyretten frå Nidaros. Overskrifta er «her hæfiazc upp farrmanna log» (her begynner Farmannslova). I norrønt blei farmaðr brukt om ein person som dreiv med sjøfart og handel, og Farmannslova har nok opphavleg vore ein sjørett, med reglar for handelsverksemd på skip.Sjå Grohse, «Bjarkeyjarréttr and fárrmanna logh. Norse or European laws of the sea?». Sidan handel også var viktig for ein by, er koplinga til ei bylov nærliggjande.

Magnus Lagabøtes farmannslov handlar primært om reglane for ferdsel til sjøs og handelsvarene på skipa. Ho blir avslutta med eit kapittel om bøter i byen. Dette kapitlet høyrer eigentleg heime i Bylova. Det er difor klart at Bylova og Farmannslova har tett samband, men det ser likevel ut til at Farmannslova alt frå den eldste tida har vore oppfatta som ei lov, og ikkje som ein bolk i ei bylov. 12 av handskriftene innheld overskrifta farmanna lǫg, og i to (AM 309 fol., Oa, og NKS 1640 4°, Bf) står det bjarkeyiar réttr. I eitt handskrift (GKS 3261 4°, Xd) står det farmanna bǫlkr. Dette handskriftet manglar Bylova, så Farmannslova kan ikkje vere oppfatta som ein bolk i denne lova. I to handskrifter (Holm perg. 11 fol a, Xf, og Holm perg. 28 4°, Tb), har hender frå 1500-talet skrive overskrifta vater retten. Ingen av bolkane i Bylova blir kalla lǫg, så overskriftene i handskriftene viser at Farmannslova blei oppfatta som ei eiga lov.

Farmannslova i norrøn språkform er overlevert i 20 heile og 3 fragmenterte handskrifter. Av dei 20 heile handskriftene manglar Bylova i to. Farmannslova manglar i 5 av 23 heilslege bylovhandskrifter. I GKS 3262 4° (Na) står det i prologen at Farmannslova kjem etter tjuvebolken, for dei som er ute og fer ute med godset sitt, treng å vakte seg for tjuvar, ransmenn og annan fare, med stor varsemd og klokskap. Farmannslova er elles ikkje nemnd i Bylova.

Farmannslova er også teken med i den islandske lovboka Jónsbók frå 1281. Island hadde ingen byar, og lovboka inneheld heller inga bylov.


Handskrifter som inneheld Bylova og/eller Farmannslova

I det følgjande har vi lista opp alle handskrifter og fragment som inneheld Magnus Lagabøtes bylov og/eller farmannslov. Vi har teke med både dei som har tekstkritisk verdi og dei som ikkje har det, dvs. avskrifter av kjende førelegg. Trykte utgåver har vi ikkje teke med. Som fragment reknar vi enkeltblad av handskrifter og delar av blad, og handskriftene som fragmenta er del av, blir kalla «fragmenterte handskrifter». Handskriftene er ordna alfabetisk etter katalogsignatur. I parentes etter katalogsignaturen har vi sett dei bokstavsignaturane som er nytta i utgåva i Norges gamle love (heretter NgL) ved Rudolf Keyser og P. A. Munch, som har vore standardutgåva frå dei blei utgjevne i 1848. I utgåva vår har vi behalde desse signaturane. For handskrifter som NgL ikkje har nytta, har vi brukt talsignaturar som står i parentes etter katalogsignaturen. Opplysningar om alderen på dei norrøne handskriftene og fragmenta er henta frå Ordbog over det norrøne prosasprog (heretter ONP) eller frå dei aktuelle katalogane dersom ONP manglar handskriftet eller fragmentet. Opplysningar om handskriftene er i hovudsak henta frå Gustav Storms omfattande katalog over lovhandskrifter som blei utgjeven i bind 4 av NgL i 1885, i tillegg til anna forsking og eigne observasjonar.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 389–797. Dersom det er motstrid mellom Storms handskriftbeskrivingar frå 1879 og 1885, følgjer vi den som er utgjeven i 1885.Storm, Om Haandskrifter og Oversættelser af Magnus Lagabøters Love. Vi opplyser så langt det er råd om skrivarar og eigarar. Skrivemåten for personnamn følgjer vanlegvis Storms handskriftbeskriving frå 1885 i NgL.


Handskrifter i norrøn språkform, med tekstkritisk verdi

AM 304 fol., hand a (Bd), ca. 1320. Denne handa skriv Gulatings-redaksjonen av Landslova, og deretter Farmannslova, Bergens bylov og avslutningsrettarbøtene og epilogen til Landslova. Landslova, som er forkorta, må sjåast i samanheng med Bylova, som har ein lengre versjon enn det som er vanleg. Same skrivaren har skrive AM 322 fol. hand c, AM 60 4° hand b og NRA 35 A.

AM 305 fol., hand c (Ob), ca. 1450. Denne handa har skrive Farmannslova og deretter Oslos bylov; begge skal vere i slekt med AM 309 fol.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 481. Fire blad av kjøpebolken er på 1600-talet flytta til Holm perg. 11 fol.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 478. Rettarbøtene viser at handskriftet var i Skien på 1300-talet, brukt av lagmannen Hans Jakobssøn Loe i 1569.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 481–482. Hand a, Torgeir Håkonsson, som også har skrive AM 302 fol., AM 56 4° og AM 78 4°, har skrive Borgartings-redaksjonen av Landslova. Mellom Landslova og Farmannslova kjem fleire rettarbøter.

AM 307 fol. (Xc), ca. 1350. Dette handskriftet er skrive med éi hand og inneheld Gulatings-redaksjonen av Landslova (men med epilog til Borgarting), og deretter Tønsbergs bylov. Dei siste blada i handskriftet manglar i dag, så det kan også ha innehalde Farmannslova.

AM 309 fol., hand h (Oa), ca. 1325. Denne handa skriv Farmannslova og deretter Oslos bylov. I bolken om byordninga kan vi finne bergenske lokalitetar. To andre hender har skrive Eidsivatings-redaksjonen av Landslova (E). Mellom Landslova og Farmannslova kjem fleire rettarbøter.

AM 322 fol., hand c (Bc), ca. 1320. Denne handa skriv m.a. Gulatings-redaksjonen av Landslova, deretter Bergens bylov, Farmannslova og avslutningsrettarbøtene og epilogen til Landslova. Same skrivaren har skrive AM 304 fol. hand a, AM 60 4° hand b og NRA 35 A.

AM 323 fol. (Ba), ca. 1300. Dette handskriftet er det einaste frå mellomalderen som inneheld ein uforkorta versjon av Bylova, her for Bergen. Det ligg til grunn for utgåva i NgL 2. Etter Bylova følgjer Farmannslova, avslutningsrettarbøtene og epilogen. Handskriftet inneheld ikkje Landslova. Marius Hægstad har studert språket i det og konkluderer med at det er nordvestlandsk.Hægstad, Nordvestlandsk, 1:120–135. Mikjel Sørlie reknar det som «en rent bergensk lovkodeks».Sørlie, Færøysk tradisjon i norrønt mål, 19. Hægstad og ONP daterer handskriftet til tida mellom 1325 og 1350.Hægstad, Nordvestlandsk, 1:120. Men det har den insulære forma for v, og denne er sjeldan brukt etter 1300.Seip, Norge og Island, B:120. På 1500-talet var handskriftet framleis i Bergen.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 514.

AM 60 4°, hand b (Bb), ca. 1320. Denne handa skriv m.a. Gulatings-redaksjonen av Landslova, deretter Bergens bylov, Farmannslova og avslutningsrettarbøtene og epilogen til Landslova. Bylova begynner rett etter Landslova, utan ny side eller overskrift. Dette handskriftet ligg til grunn for utgåva av Farmannslova i NgL 2. Same skrivar har skrive AM 304 fol. hand a, AM 322 fol. hand c og NRA 35 A.

AM 61 a 4° (Bh), ca. 1350–1370. Dette handskriftet er skrive med éi hand og inneheld Gulatings-redaksjonen av Landslova, og deretter Bergens bylov. Etter Bylova står Farmannslova, Bylovas tjuvebolk, kong Magnus sine rettarbøter til bergensmennene og epilogen til Landslova.

AM 65 4°, hand b (Xb), ca. 1320–1350. Denne handa skriv Tønsbergs bylov og deretter Farmannslova. Ei anna hand har skrive Gulatings-redaksjonen av Landslova. Mellom Landslova og Bylova kjem det fleire rettarbøter.

AM 78 4° (Be), ca. 1300. Skrivar er Torgeir Håkonsson, som også har skrive AM 302 fol., AM 305 fol. hand a og AM 56 4°. Etter Bergens bylov og Farmannslova kjem kong Håkons rettarbøter til Landslova. Dette handskriftet inneheld elles ikkje Landslova. Storm meiner at AM 56 4°, som inneheld Gulatings-redaksjonen av Landslova, og AM 78 4° opphavleg har utgjort ei bok, som truleg blei delt i to ved midten av 1500-talet.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 571.

AM 31 8° (Xa), ca. 1325–1350. Handskriftet inneheld m.a. Borgartings-redaksjonen av Landslova (men Håkons rettarbøter og epilogen er til Gulating) og Bylova i generell utforming. Mellom Landslova og Bylova kjem det fleire rettarbøter. Det siste bladet i handskriftet manglar i dag, og vi veit ikkje om det har mangla meir, så det kan også ha innehalde Farmannslova.

De la Gardie 8 (Xe), ca. 1300–1350. Hand a og c, ca. 1300–1350, og hand d, ca. 1500–1550 skriv Farmannslova, d sin del er avskrift av AM 309 fol. Farmannslova følgjer rett etter Frostatings-redaksjonen av Landslova. Dette handskriftet har ikkje med Bylova.

GKS 3260 4°, hand a (Bg), ca. 1350. Denne handa skriv Gulatings-redaksjonen av Landslova, Farmannslova og Bergens bylov. Farmannslova står mellom kjøpebolken og tjuvebolken i Landslova. Det står to rettarbøter mellom Landslova og Bylova.

GKS 3261 4°, hand a (Xd), ca. 1325–1350. Handskriftet begynner med Borgartings-redaksjonen av Landslova, deretter følgjer Farmannslova. Dette handskriftet har ikkje med Bylova.

GKS 3262 4° (Na), 1576. Dette handskriftet begynner med Nidaros’ bylov, følgd av Farmannslova. Bylova er i uforkorta versjon. Handskriftet inneheld ikkje Landslova. Skrivar er Morten Nilssøn, byskrivar i Bergen ca. 1588–1590, lagmann i Stavanger 1591–1601. Han har også skrive AM 97 4° (Bylova i omsetjing), Holm perg. 31 4° (Landslova), NB Ms.fol. 5 (Landslova i omsetjing) og NB Ms.4° 507 (Bylova i norrøn tekst og omsetjing).

Holm perg. 11 fol. a (Xf) (C 14), ca. 1325–1350.Handskriftene i Kungliga biblioteket i Stockholm har gamle signaturar i NgL (C 14–21). Dei viser til den eldre katalogen til Kungliga biblioteket ved Adolf Iwar Arwidson, utgjeven i 1848. Vilhelm Gödel gav ut ei ny katalog i 1897–1900 med nye signaturar; ei liste over dei gamle og nye signaturane finst på side 423–24. Denne skrivaren begynner med Borgartings-redaksjonen av Landslova, og deretter følgjer Farmannslova. Dei fire blada av Oslos bylov som er tekne ut av AM 305 fol., står på slutten av handskriftet, følgde av avskrift av dei andre delane av Bylova etter AM 305 fol. og Holm perg. 29 4°, med ei hand frå 1677.

Holm perg. 28 4°, hand b (Tb) (C 15), ca. 1320–1350. Denne handa skriv Borgartings-redaksjonen av Landslova, deretter Farmannslova og Tønsbergs bylov.

Holm perg. 29 4°, hand c (ca. 1300–1350), e (ca. 1320–1350), f (ca. 1300–1350) og g (slutten av 1300-talet) (Bl) (C 16). Hand c skriv fyrst Gulatings-redaksjonen av Landslova og så 6 linjer av Bergens bylov, deretter følgjer fleire rettarbøter og så resten av Bylova. Dette handskriftet har ikkje med Farmannslova.

Holm perg. 30 4°, hand a (Bk) (C 17), ca. 1350. Denne handa skriv Bergens bylov, med Gulatings-prologen til Landslova. Same handa skriv deretter kong Håkons kristenrett. Så følgjer Eidsivatings-redaksjonen av Landslova med ei samtidig hand. Dette handskriftet har ikkje med Farmannslova.

Holm perg. 32 4°, hand a (Bi) (C 19), ca. 1300–1350. Denne handa skriv Gulatings-redaksjonen av Landslova og deretter Bergens bylov og Farmannslova. Hand c, frå andre halvdelen av 1500-talet, har skrive den sedvanlege omsetjinga av Bergens bylov og Farmannslova.

Holm perg. 34 4°, hand f (Bm) (C 21), ca. 1275–1300. Denne handa skriv Frostatings-redaksjonen av Landslova, deretter Bergens bylov og Farmannslova. Skrivaren namngjev seg som Eirik Trondsson.

LundUB Mh 15 (Bn), ca. 1305–1325. Dette handskriftet begynner med Hirdskråa, deretter følgjer Bergens bylov og Farmannslova. Så kjem det mange rettarbøter og kong Håkons kristenrett før Gulatings-redaksjonen av Landslova.

NB Ms.4° 507, slutten av 1500-talet. Dette handskriftet inneheld norrøn tekst og omsetjing av Bylova, redigert til bruk i Stavanger. Det inneheld ikkje Landslova eller Farmannslova. Skrivar er Morten Nilssøn (sjå oppføring for GKS 3262 4° ovanfor). Storm seier at teksten er «beslægtet med» AM 322 fol., og NgL 2 tek han ikkje med i utgåva av Bylova.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 735. Men som Magnus Rindal har peika på, er teksten ikkje avskrift av noko kjent handskrift.Rindal, Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket, 72. Tilgjengeleg på bokselskap.no.

NKS 1640 4°, hand a (Bf), ca. 1280–1300. Dette handskriftet begynner med Eidsivatings-redaksjonen av Landslova. Så kjem det to rettarbøter med andre hender. Deretter følgjer Farmannslova og Bergens bylov, med same handa som Landslova. Ein marginalnotis viser at Bylova var brukt i Tønsberg på 1300-talet.Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 425.

NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis), hand d (Ta), ca. 1320–1330. Denne skrivaren skriv fyrst Borgartings-redaksjonen av Landslova, så kjem det ei rettarbot, og deretter Tønsbergs bylov og Farmannslova.


Fragmenterte handskrifter i norrøn språkform, med tekstkritisk verdi

AM 315 h fol. (Bo), ca. 1300–1350. To av blada inneheld delar av Bylova (kjøpebolken, sannsynleg for Bergen) og av Farmannslova. Elles inneheld fragmentet delar av Gulatings-redaksjonen av Landslova.

NRA 2 (2), ca. 1302–1310. Eitt blad inneheld delar av Farmannslova. Elles er innhaldet delar av Gulatings-redaksjonen av Landslova og av Hirdskråa. Skrivar er truleg Hauk Erlendsson, som var lagmann i Gulating 1303–1322. Funne i rekneskap frå Sunnmøre 1630–1637.

NRA 4 (4), ca. 1275–1325. Eitt blad inneheld delar av Bergens bylov (byordninga). Elles er innhaldet sannsynlegvis delar av Gulatings-redaksjonen av Landslova. Funne i rekneskap frå Eiker 1634–1636 og Tønsberg 1639.

NRA 6 (6), ca. 1300. Dette er seks blad som inneheld delar av Bergens bylov (mannhelgebolken, byordninga, kjøpebolken og tjuvebolken). Funne i rekneskap frå Helgeland 1630–1632.

NRA 15 (15), ca. 1320–1350. Dette er fire blad som inneheld delar av Bergens bylov (byordninga, kjøpebolken, tjuvebolken og sluttkapitlet) og av Farmannslova. Funne i rekneskap frå Hardanger 1628 og Halsnøy 1630.

NRA 35 A (35), ca. 1320. To blad inneheld delar av Bergens bylov (kristendomsbolken, landvernsbolken og byordninga). Elles er innhaldet delar av Gulatings-redaksjonen av Landslova. Funne i rekneskap frå Gudbrandsdalen 1638–1640 og Hadeland og Valdres 1642. Same skrivar har skrive AM 304 fol. hand a, AM 322 fol. hand c og AM 60 4° hand b.

NRA 50 E (50), ca. 1300–1375. Dette er eitt blad som inneheld delar av Bergens bylov (byordninga). Funne i rekneskap frå Vesterålen 1633.


Handskrifter i norrøn språkform, utan tekstkritisk verdi

AM 326 fol., 1650–1700. Avskrift ved Ásgeir Jónsson av Tønsbergs bylov etter AM 65 4°.

AM 73 4°, ca. 1700. Avskrift ved Magnús Einarsson av Tønsbergs bylov i AM 65 4°.

AM 76 a 4°, ca. 1700. Avskrift ved presten Jón Gíslason av Bergens bylov i AM 323 fol.

AM 76 b 4°, slutten av 1600-talet. Avskrift ved Guðmundur Guðmundsson av Tønsbergs bylov etter Holm perg. 28 4°.

Holm papp. 78 fol., 1687. Avskrift ved Jón Vigfússon av Farmannslova og Tønsbergs bylov etter Holm perg. 28 4°. Handskriftet inneheld dessutan avskrift av Borgartings-redaksjonen av Landslova og Borgartings eldre kristenrett etter same handskriftet.

Holm papp. 79 fol., 1689.Svarar til Isl. chart 79 fol. i Storms handskriftbeskriving, sjå «Haandskriftbeskrivelse», 691. Avskrift ved Jón Vigfússon av Farmannslova etter Holm perg. 11 fol. Handskriftet inneheld dessutan avskrift av Borgartings-redaksjonen av Landslova etter same handskriftet.

Holm papp. 80 fol., 1550–1600. Avskrift av Bergens bylov og Farmannslova etter Holm perg. 34 4°. Handskriftet inneheld dessutan avskrift av Hirdskråa etter same handskriftet.

Holm papp. 82 fol., 1687.Svarar til Isl. chart 82 fol. i Storms handskriftbeskriving, sjå «Haandskriftbeskrivelse», 691. Avskrift ved Jón Vigfússon av delar av Bergens bylov etter Holm perg. 30 4°.

Holm papp. 119 fol., slutten av 1600-talet. Avskrift ved den islandske skrivaren Jonas Rugman (Jón Rúgmann Jónsson) av delar av Farmannslova etter De la Gardie 8. Handskriftet inneheld dessutan avskrift av Frostatings-redaksjonen av Landslova etter same handskriftet.

NB Ms.4° 689, 1834–1836. Avskrifter av Bergens bylov etter AM 323 fol. og AM 60 4°, Farmannslova etter AM 322 fol., Oslos bylov etter AM 309 fol., Tønsbergs bylov etter NKS 1642 4°, Nidaros’ bylov etter GKS 3262 4° og Bylova etter AM 31 8°. Bortsett frå den siste avskrifta er det også ført variantar frå andre handskrifter.

NB Ms.8° 66, ca. 1750. Avskrift ved Eggert Ólafsson av Oslos bylov etter AM 305 fol., Tønsbergs bylov etter AM 307 fol., Bergens bylov og Farmannslova etter AM 322 fol.

NKS 1070 fol., 1700-talet. Avskrift ved Markus Magnussøn av delar av Bylova i generell utforming etter AM 31 8°. Handskriftet inneheld dessutan avskrift av Borgartings-redaksjonen av Landslova og Borgartings eldre kristenrett etter same handskriftet.

NKS 1071 fol., 1750–1800. Avskrift ved «Issfold» av Bergens bylov og Farmannslova etter AM 322 fol. Handskriftet inneheld dessutan m.a. Gulatings-redaksjonen av Landslova og Hirdskråa etter same handskriftet.

NKS 1072 fol., 1750–1800. Avskrift av Oslos bylov etter AM 309 fol. Handskriftet inneheld dessutan m.a. Eidsivatings-redaksjonen av Landslova.

NKS 1085 fol., 1750–1800. Avskrift ved M. Magnusen av Bergens bylov og Farmannslova etter AM 323 fol.

NKS 1086 fol., 1750–1800. Avskrift ved «Issfold» av Tønsbergs bylov etter AM 326 fol. (som er avskrift av AM 65 4°).

Thott 1276 fol., 1769. Avskrift ved Jacob Langebek av Farmannslova etter NKS 1642 4°.

Uldall 34 fol., hand a, 1598–1599. Avskrift av Tønsbergs bylov etter NKS 1642 4°.

Uldall 37 fol., 1700-talet. Avskrift av Bergens bylov og Farmannslova etter LundUB Mh 15. Handskriftet inneheld dessutan Gulatings-redaksjonen av Landslova, Hirdskråa og kong Håkons kristenrett.


Handskrifter med omsetjing til dansk

AM 316 fol., slutten av 1500-talet. Bergens bylov. Handskriftet inneheld også omsetjing av Landslova.

AM 318 fol. (før 1886 var det registrert som Chr. Univ. 3 fol.), 1554. Bylova og Farmannslova, omsetjing etter AM 31 8°, men der originalen har Bergen, har 318 «vor by». Handskriftet inneheld også omsetjing av Landslova.

AM 61 b 4°, 1550–1600. Delar av Farmannslova.

AM 85 4°, hand frå ca. 1580. Bergens bylov og Farmannslova. Handskriftet inneheld også omsetjing av Landslova.

AM 96 4°, ca. 1600. Bergens bylov.

AM 97 4°, 1550–1600. Nidaros’ bylov og Farmannslova. Skrivar er Morten Nilssøn (sjå oppføring for GKS 3262 4° ovanfor). NgL tek med dette handskriftet i utgåva av Bylova, med signaturen Nb. Sidan det ikkje inneheld norrøn tekst, tek vi det ikkje med i utgåva vår.

AM 99 4°, ca. 1650. Bergens bylov.

AM 100 4°, 1600–1650. Bergens bylov.

Deichman bibliotek (før kalla Deichmanske bibliotek), 13 fol., 1596. Bylova og Farmannslova. Handskriftet inneheld også m.a. omsetjing av Landslova.

Holm perg. 32 4°, hand c (C 19), 1550–1600. Bergens bylov og Farmannslova. Denne delen av handskriftet er etter mellomalderen lagd til den eldre delen, som inneheld norrøn versjon av Gulatings-redaksjonen av Landslova, Bergens bylov og Farmannslova.

Holm papp. 118 fol., hand a, 1562. Bergens bylov.Registrert som Holm Danica 42 fol. i Storms handskriftbeskriving, sjå «Haandskriftbeskrivelse», 692.

Kall 592 4°, 1614. Tønsbergs bylov, etter NKS 1642 4° eller Uldall 34 fol. (som er ei avskrift av NKS 1642 4°).

NB Ms.fol. 4, slutten av 1500-talet. Bergens bylov. Handskriftet inneheld også omsetjing av Landslova.

NB Ms.4° 694, slutten av 1500-talet, Tønsbergs bylov i omsetjing etter NKS 1642 4°.

NKS 1074 fol., slutten av 1500-talet. Farmannslova og delar av Bergens bylov (den siste etter AM 323 fol.) Handskriftet inneheld også omsetjing av Landslova.

NKS 1634 4°, 1749. Dette er Hans Paus si omsetjing til dansk av Landslova, Bergens bylov og andre lovtekstar, etter AM 322 fol. (sjå meir om Paus nedanfor).

Thott 1277 fol., 1700-talet. Tønsbergs bylov, omsett etter AM 73 4°, som er ei avskrift av AM 65 4°.

Thott 2089 4°, ca. 1600. Bylova.


Nokre fakta og konklusjonar om handskriftene av Bylova og/eller Farmannslova

Bylova i norrøn språkform er overlevert i 23 handskrifter og 6 fragmenterte handskrifter. Fem av handskriftene (Bk, Bm, Xa, Xc, 507) manglar Farmannslova. Farmannslova i norrøn språkform er overlevert i 20 handskrifter og 3 fragmenterte handskrifter. Av dei 20 handskriftene manglar Bylova i to (Xd og Xe).

Dei fleste heilslege handskriftene av Bylova og/eller Farmannslova er frå fyrste halvdelen av 1300-talet, i alt 20. To (Bf og Bm) er frå slutten av 1200-talet. Ob er frå midten av 1400-talet. Na og 507 er frå andre halvdelen av 1500-talet. Alle dei fragmenterte handskriftene er frå fyrste halvdelen av 1300-talet (eitt av dei kan kanskje vere litt eldre). Den norske handskriftkulturen var i si blømingstid på 1300-talet fram til svartedauden som kom til Noreg i 1349, og difor er det ikkje overraskande at dei fleste handskriftene av Bylova er daterte til den tida.

Vi har sikker kunnskap om namnet på berre to skrivarar frå mellomalderen, og det er Eirik Trondsson og Torgeir Håkonsson. Eirik Trondsson har skrive Bergens bylov og Farmannslova i Holm perg. 34 4° (Bm). Torgeir Håkonsson har skrive Farmannslova og Oslos bylov i AM 305 fol., og Bergens bylov og Farmannslova i AM 78 4° (Be). Dessutan har truleg Hauk Erlendsson, lagmann i Gulating 1303–1322, skrive delar av Bergens bylov i NRA 2. Det at dei fleste skrivarane er anonyme, er også særmerkt for mellomalderhandskriftene.

I dag finst det handskrifter av Bylova for Nidaros, Bergen, Tønsberg og Oslo, ingen andre byar. Men handskriftet NB Ms.4° 507 frå slutten av 1500-talet inneheld norrøn tekst og omsetjing av Bylova redigert til bruk i Stavanger. Det er usikkert om dette betyr at dei andre stadene omtalt i begynninga av innleiinga som byar, aldri fekk eiga bylov formelt, eller om det er tilfeldig at ingen handskrifter frå dei blei bevart. Vi har flest norrønspråklege handskrifter av Bergens bylov, i alt 13, og dessutan seks fragmenterte handskrifter. Av Tønsbergs bylov har vi fire, og av Oslos bylov har vi to. Nidaros’ bylov finst berre i eitt handskrift frå 1576. Eitt handskrift er redigert til bruk i Stavanger. Dette gjenspeglar omtrent byanes relative storleik, bortsett frå at uvanleg mange handskrifter frå Tønsberg er bevart i forhold til Oslo og Nidaros.

I dei heilslege handskriftene som har både landslov og bylov, er Bergens bylov kopla til Gulating ni gonger, Eidsivating to gonger og Frostating éin gong. Oslos bylov er kopla éin gong til Borgarting og éin gong til Eidsivating. Tønsbergs bylov er kopla til Borgarting to gonger og til Gulating to gonger. Den generelt utforma bylova er kopla til Borgarting tre gonger og til Frostating éin gong.


Plasseringa av landslov, bylov og farmannslov i handskriftene

I alt 43 norrønspråklege handskrifter av Landslova har tekstkritisk verdi. Av desse inneheld 21 handskrifter også Bylova og/eller Farmannslova, medan 22 manglar desse lovene.

Av dei 25 handskriftene som har Bylova og/eller Farmannslova, manglar Landslova i fire. Som nemnt før har AM 56 4°, som inneheld Landslova, og AM 78 4°, som inneheld Bylova, sannsynlegvis opphavleg utgjort ei bok.

I dei 21 handskriftene som både har Landslova og Bylova og/eller Farmannslova, er det berre to som plasserer Landslova sist. Det gjeld Holm perg. 30 4° (Bk) og LundUB Mh 15 (Bn). I Bk står kong Håkons kristenrett mellom Bylova og Landslova, og Landslova er skriven med ei anna hand enn dei to andre tekstane. I Bn står det ei rad rettarbøter og kong Håkons kristenrett mellom Farmannslova (som følgjer etter Bylova) og Landslova. Alle desse tekstane er skrivne med same handa. I ph.d-avhandlinga si om handskriftene av Magnus Lagabøtes landslov påpeikar Anna Catharina Horn at «håndskrifter ble ofte bundet om flere ganger», og deira noverande form og rekkjefølgje burde derfor ikkje nødvendigvis sjåast som opprinneleg; det gjeld m.a. Bn.Horn, Lov og tekst i middelalderen, 140, 154.

I dei 19 handskriftene der Landslova kjem før Bylova og/eller Farmannslova, har 6 ymse rettarbøter mellom Landslova og Bylova/Farmannslova, og ein gong står det også ein gammal kristenrett der. I åtte handskrifter kjem Farmannslova før Bylova. I GKS 3260 4° (Bg) står Farmannslova mellom kjøpebolken og tjuvebolken i Landslova, noko som ikkje er urimeleg, sidan både Farmannslova og kjøpebolken gjev reglar for handel. Ei og same hand har skrive Landslova og deretter Bylova, og mellom desse to tekstane har ei anna hand skrive to rettarbøter.

I Holm perg. 29 4° (Bl) har hand a skrive Landslova og dei seks fyrste linjene av Bylova. Så kjem det fire rettarbøter, og deretter resten av Bylova, skriven av tre andre hender.

I AM 304 fol. (Bd), AM 322 fol. (Bc), AM 60 4° (Bb) og NRA 35 A er Landslovas avslutningsrettarbøter og epilog plasserte etter Bylova/Farmannslova, som kjem rett etter Landslova. Det ser då ut til at desse handskriftene har sett på Landslova og Bylova som ein einskap. Desse fire handskriftene er skrivne av ein og same skrivar.


Forholdet mellom handskriftene

I arbeidet med handskriftene av Landslova viste det seg å vere uråd å setje opp eit stemma.Innleiing til Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, 65–68. Det same gjeld for handskriftene av Bylova og/eller Farmannslova. Men det er nokre handskrifter som ofte slår følgje.

  • Xd (GKS 3261 4°) og Xf (Holm perg. 11 fol.) går ofte saman. Dei inneheld begge Farmannslova og Borgartings-redaksjonen av Landslova.
  • Oa (AM 309 fol.) og Ob (AM 305 fol.) går ofte saman. Den fyrste inneheld Farmannslova og Oslos bylov, og dessutan Eidsivatings-redaksjonen av Landslova, skriven av to andre hender. Ob inneheld Farmannslova og Oslos bylov, og dessutan Borgartings-redaksjonen av Landslova, skriven med ei anna hand.
  • Ta (NKS 1642 4°) og Tb (Holm perg. 28 4°) går ofte saman. Dei inneheld begge Farmannslova, Tønsbergs bylov og Borgartings-redaksjonen av Landslova.
  • Xb (AM 65 4°) og Xc (AM 307 fol.) går ofte saman. Dei inneheld begge Tønsbergs bylov og Gulatings-redaksjonen av Landslova. Men vi kan merke oss at epilogen i AM 307 fol. er stila til Borgarting.

Bylova og/eller Farmannslova i dansk omsetjing

I Rindal og Spørck si innleiing til utgåva av Landslova frå 2018 er det gjort greie for behovet på 1500-talet for omsetjing til dansk av Landslova.Innleiing til Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, 84. Liknande behov galdt for Bylova og Farmannslova. Landslova fekk ei autorisert dansk omsetjing i 1604, ved Kristian 4. Noko tilsvarande skjedde ikkje med Bylova.

Vi har overlevert i alt 18 handskrifter av den danske omsetjinga av Bylova og/eller Farmannslova. Tolv av dei er frå ca. 1600 eller tidlegare.


Trykte utgåver av norrøn tekst eller omsetjing av Bylova


Hans Paus si omsetjing til dansk av Bergens bylov, 1751

Hans Paus (1710–1770) var fødd i Vadsø. Han blei student i København 1732 og tok juridisk embetseksamen der i 1753. Frå 1753 til han døydde i 1770 var han sorenskrivar i Finnmark. Det var i København-tida han gjorde det store arbeidet med omsetjing av dei gamle lovene. Han har også med historiske, filologiske, geografiske og juridiske kommentarar.

I 1751 gav Paus ut fyrste bindet av sine omsetjingar av gamle norske lover.Samling af Gamle Norske Love, bind 1. Grunnlaget for dette bindet var AM 322 fol.Innleiing til Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, 57. Innhaldet er Den eldre Gulatingslova, Gulatings-redaksjonen av Landslova, Frostatings eldre kristenrett og Bergens bylov.


Hans Paus si omsetjing til dansk av Nidaros’ bylov, 1752

Det andre bindet av Hans Paus sine omsetjingar kom ut i 1752.Samling af Gamle Norske Love, bind 2. I innleiinga seier han at han ikkje har funne Nidaros’ bylov «udi det gamle Sprog». Difor gjev han denne lova etter ei gammal omsetjing i «det Kongelige Universitets Bibliotheqve». Det må her vere tale om AM 97 4°, skrive av Morten Nilssøn på slutten av 1500-talet.Sjå òg Storm, «Haandskriftbeskrivelse», 592. Dette bindet inneheld elles Den eldre Frostatingslova, Bjarkøyretten, Gulatings eldre kristenrett, Erkebiskop Jons kristenrett og rettarbøter.


Gregers Fougner Lundhs utgåve av Bergens bylov, 1829

I 1822 blei Gregers Fougner Lundh frå Fron i Gudbrandsdalen (1786–1836) professor i økonomi ved universitetet i Christiania.Andresen, «Gregers Lundh», henta frå https://nbl.snl.no/Gregers_Lundh. Han hadde sterke historiske interesser og var ansvarleg for diplomsamlinga ved universitetet. I 1830 vende han seg til Stortinget med eit framlegg om at det skulle løyvast pengar til utgjeving av dei gamle norske lovene. I 1834 gav Stortinget slik løyving, og det same gjorde Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Saman med to andre professorar skulle han føre tilsyn med arbeidet. Men han skulle ikkje få sjå noko resultat av arbeidet, for han døydde i 1836.

I 1829 gav Lundh ut Bergens gamle Bylov i København.Bergens gamle Bylov. Efter Membran-Codices. Innleiinga, merknader og register er på dansk, og teksten er omsett til dansk. Utgåva byggjer på AM 322 fol., som utelèt dei avsnitta som er tilnærma likelydande med Landslova, og Lundh gjer merksam på det. Han har også eit variantapparat med lesemåtar frå fem andre handskrifter, AM 304 fol., AM 323 fol., AM 60 4°, AM 76 A 4° og NKS 1640 4°.


Bylova i Norges gamle Love 2, 1848

Utgåva frå 1848 i bind 2 av Norges gamle love, ved Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch, har vore standardutgåva av Bylova frå ho kom ut.Sjå meir om Keyser og Munch sitt arbeid i innleiinga til Kong Magnus Håkonsson Lagabøtes landslov, 60–62. På same måten som for Landslova har utgjevarane gjort kollasjoneringar av handskriftene, bevarte i NB Ms.4° 689. Men mange av variantane er ikkje trykte i NgL, og filologen Trygve Knudsen seier dette om variantapparatet i utgåva: «ikke fullstendig og ikke overalt nøyaktig».Knudsen, «Magnus Lagabøters bylov», 230. Utgjevarane hadde heller ikkje høve til å bruke dei fragmenta som nyss var funne på Riksarkivet. Alt i alt er det såleis behov for ei ny utgåve av Magnus Lagabøtes bylov.


Knut Robberstads omsetjing av bylov og farmannslov til riksmål, 1923

Knut Robberstad (1899–1981) frå Herdla var professor i rettsvitskap og omsetjar.Mestad, «Knut Robberstad», henta frå https://nbl.snl.no/Knut_Robberstad. Han var oppteken av norsk rettshistorie, særleg tingsrett, og omsette både Magnus Lagabøtes bylov og Gulatingslova.Magnus Lagabøters bylov, oms. Robberstad. I forordet seier Robberstad at han ikkje følgjer nokon av dei forkorta tekstane, men byggjer på samanlikning mellom bylovsteksten i NgL og Landslova. Han utelèt i omsetjinga si dei kapitla som er samanfallande med Landslova, og viser til dei aktuelle kapitla i NgL. Det vil då seie at han berre har med eitt kapittel i kvar av kristendomsbolken, mannhelgebolken og arvetalet. Robberstad har også med omsetjing av Farmannslova.


Knut Robberstads omsetjing av delar av bylov og farmannslov til nynorsk, 1963

I bind 6 av Den norrøne litteraturen (1963) er det ein bolk med omsetjing av norske lover frå mellomalderen, utført av Knut Robberstad.«Lover», 227–272. Der omset han kapittel 17 frå bolken om byordninga og kapittel 8 frå Farmannslova. Grunnlaget er utgåva i NgL.


Den nye utgåva av Bylova og Farmannslova

Som før nemnt er det veikskapar i utgåva frå 1848 av Bylova, som inkluderer Farmannslova. I februar 2018 blei det gjort avtale med Nasjonalbiblioteket om å lage ei ny tekstkritisk utgåve. Som det er argumentert for over, meiner vi at Farmannslova må vurderast som ei sjølvstendig lov og ikkje som ein bolk i Bylova. Difor er dei to lovene likestilte i den nye utgåva.

Før vi sette i gang med arbeidet, vurderte vi om vi skulle byggje på dei kollasjoneringane som er gjorde i NB Ms.4° 689. Men det viste seg at dette materialet var så vanskeleg å bruke at vi valde å kollasjonere alle handskriftene sjølve. Dette kollasjoneringsarbeidet inkluderer eitt heilsleg handskrift (NB Ms.4° 507) og seks fragmenterte handskrifter som ikkje er brukte i utgåva frå 1848. I arbeidet har vi hatt tilgang til alle handskriftene og fragmenta, anten i papirkopi eller i digital form.

Vi har valt AM 323 fol. som tekstgrunnlag for utgåva av Bylova. Dette var eit lett val, for det er det einaste mellomalderhandskriftet som har Bylova i uforkorta versjon. Som tekstgrunnlag for Farmannslova har vi valt NKS 1642 4°, som tekstleg sett er det beste av alle overleverte handskrifter av mellomalderlovene. Det er det einaste handskriftet der éin og same skrivar står bak alle sentrale lover for eit lagdøme, i dette tilfellet Borgarting.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Magnus Håkonsson Lagabøtes bylov og farmannslov

Noreg var i forhistorisk tid eit bygdesamfunn, men i mellomalderen blei små sesongdrivne handelsplassar etter kvart større og meir etablerte, og i ein periode var Bergen den største byen i Skandinavia. Livet i byane var annleis enn på bygda, og det var tidleg behov for ei særskild lov for byane. Bylova til Magnus Håkonsson Lagabøte (1238–1280, konge av Norge 1263–1280) blei vedteken i 1276 og erstatta eldre lover som handla om byar og sjøfart, dei fleste av desse er no tapte. Magnus Lagabøtes bylov er ei viktig historisk kjelde, og gjev eit rikt innsyn i byordning og handel i dei norske mellomalderbyane.

Bylova kom sist ut på norrønt i 1848 ved Rudolf Keyser og P. A. Munch. Denne nye utgåva kollasjonerer mellom anna eitt handskrift og seks fragmenterte handskrifter som Keyser og Munch ikkje har brukt, samt eit fullstendig variantapparat.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.