Aa, so skulde eg daa vera so lukkeleg, at eg skulde koma atter paa desse Tufterna og sjaa atter gamle Fødestaden endaa ein Gong! Her kann eg segja, at eg kjenner meg atter paa alla Sidor: Fjorden og Strandi, Liderna og Fossarne og Fjellgarden rundt i kring, – altsaman er gamalt Kjendskap; eg tykjer, eg kjenner kvar ein Stein og kvar ei Tuva uppigjennom alla Bergsidorna. Eg tykjer endaa, at eg kjenner Himmelen, som er upp yver; eg heve seet han paa andre Stader ogso, men dat var liksom han hadde ein annan Lit,Forfattarnote: Udseende, Farve. (Kan udtales som leet). som inkje var dan rette; her heve han dan rette Liten. Og Folket, som eg møter paa Vegen, er som dat var Systkjen alt i hop; eg heve aldri skynat Folk so væl paa nokon annan Stad; naar dei heldo paa aa gartast og lægja paa dat likaste, so tykte eg, at dat var inkje te lægja aat; og naar eg skulde segja nokot, som eg meinte var morosamt og fyndigt, so stod dei berre og glanade, og dat saag so ut, at dei tykte, dat var berre Gapesnakk alt i hop; so er dat, naar Folk inkje skyna kvarandre. Her er dat paa ein annan Maate; her slepp eg aa ottast fyre, at Folket skal inkje skyna kvat eg segjer; dat er inkje so, at eg treng um aa trivla etter Ordi, naar eg heve nokot te fortelja, skal eg tru. – Aa, eg er so inderlege glad!
(Synger.)
(Mel. Manden og konen satte sig ned.)
1. Her er dat Land, som hugar meg best,
og hiit hev’ eg lengtat lengje;
her var dat stødt, som Hugen var fest
og gjekk i sitt gamle Gjengje.
Vida hev’ eg flutt og faret i kring,
aldri saag eg slike hyggjelege Ting.
Ja, myket hev’ eg seet,
og meir hev eg frettForfattarnote: spurgt, hørt.
men her hev’ eg seet dat beste.
2. Her er væl Jordi hugleg te sjaa
og yndeleg paa alla Tider,
helst naar ho heve Sumarsploggi paa
og blømerForfattarnote: blomstrer. til dei øvste Lider.
Aldri vild’ eg bytt i nokon-handa Skatt
denne vaar sæle sumarljose Natt,
daa Jordi ligg i SkrudForfattarnote: festlig Dragt.
og søv som ei Brud,
og Dagen vakjer trutt um Landet.
3. Her heve alt ein venare Lit,
han gjerer meg so godt i Hjarta;
her er dat rett, som alt hadde Vit
og kunde baade læ’ og garta.
Folket og eg er like som eitt,
alt kvat dei segja, skynar eg so greidt;
og aldri er dar Ord
paa all dan vide Jord,
som ganga meg so til Hjarta.
4. Her kann eg kjenna Bygder og BolForfattarnote: Bosteder.
og Berg i so ymsa Rader;
Fjøra og Fjell og Himmel og Sol
er kjendar’ en andre Stader.
Saart hev’ eg saknat Heimen ei Tid,
difyr’ er han no so kjær og so blid.
Lat koma kvat som kann:
eg møter som ein Mann,
og aldri ferForfattarnote: farer (udtalt fær). eg ut or Landet.
Nei, utor Landet; fer eg inkje, men utor Garden? – ja dat er eit annat Spursmaal. Stakars Aamund, du gled deg paa tunt Øl. Dar er ingen heime, som ventar paa deg, og ingen som vil sjaa deg helder. Dar er komet nytt Folk i Faderhuset, og vil du sjaa inn i dat, so lyt du tigga fiint um Lov, og dat kann gjerne henda, at du slepp inkje inn helder. Du eig inkje so myket Hus som eit Gjeitefjos, inkje so myket Jord som ein Næpereit; altsaman er gjenget fraa deg og komet i framande Hender, og dat kann lett laga seg so, at du fær inkje atter ein einaste Grand av alt ihop, og so lyt du fara ut-atter like snaud, som du kom, og kanskje ein god Mun snaudare.
(Falder i Tanker.)No skal dat vera Moro aa ganga burt paa Leikvollen og sjaa, um dar er myket Folk; for dar maa no væl vera Leikstemna i Dag ogso liksom hine Sundagarne.
(Synger).
(Egen Melodie).
1. Du Sundagskveld, du Sundagskveld,
du er daa alltid min beste Kveld;
du ljose, blide Sundagskveld,
du er daa min kjæraste Kveld.
Naar Ungdommen sankast or Bygdi her ned
til Gaman og SongForfattarnote: udtalt: Saang. etter gamall Sed,
til Dans og Sprang paa dan grøne Vang,
daa fell inkje Stundi lang.
2. Dei Bygdarfolk, dei Bygdarfolk
dei hava so strævall ein Sumars-Bolk;Forfattarnote: De have en travl Tid om Sommeren.
dei Bygdar-Borni lengta so hardt,
at Helgi ho koma skal snart.
Dei faa inkje Tider te koma i Lag,
naar inkje dat hender ein Heilagdag;
dei faa inkje Tid ei einaste Rid,
so lengje som VyrkaForfattarnote: Søgnedagene. lid.
Nei, – er ho alt burte, og eg fekk inkje tala med henne? Er dat ein Draum dette, elder kvat for ei Syn-kvervingForfattarnote: Blendverk. kann dat vera? Ein Song, som eg inkje heve høyrt, og ein Tone, som eg helder inkje heve høyrt; dat var liksom dat skulde vera eit framandt Lag og eit kjendt Lag i hop i same Songen, ein SvipForfattarnote: Mindelse, flygtig Lighed. av Utlandet og ein Svip av Fødelandet samanmengde. Og Gjenta var dan same, som eg have seet fyrr i Dag; eg skulde kjent henne atter millom hundrad andre; for eg likade henne so godt fraa dat fyrste, eg saag henne, at eg tykte, eg kunde aldri verda leid te sjaa paa henne. Aa, nei dat var ei Synd, at eg skulde skræma henne, men eg kunde slett inkje til dat. Og like eins, at eg inkje skulde faa tala med henne og orsaka meg og beda, at ho inkje vilde vera harm paa meg; – no kanskje fær eg inkje sjaa henne meir atter. Aa, dat maa vera eit inderlege godt Hjarta; dat kunde eg merka so væl paa Laget hennar, daa ho song um Bygdarborni, kor dei lengta etter Helgi.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Da Ivar Aasen ga ut syngespillet Ervingen i 1855 var det det første skuespillet som ble utgitt på landsmål. Alle rollefigurene bortsett fra en snakker landsmål. Stykket inneholder flere kjente Aasen-sanger, for eksempel «Dei vil alltid klaga og kyta» og «Her er det Land, som hugar meg best».
Handlingen i stykket er knyttet til odelsretten til gården Flaavig. Gården tilhørte opprinnelig familien til Aamund, men ble solgt til Hermann Sauenbach. «Arvingen» Aamund kommer tilbake til bygda etter mange år på reise og forelsker seg i Hermanns datter.
I 1874 ga Aasen ut en revidert og forkortet versjon av skuespillet, og det er denne versjonen som er blitt utgitt i senere utgaver og brukt som grunnlag for oppsetninger. Teksten i bokselskap.no følger førsteutgaven fra 1855 og inkluderer også faksimiler av sangnotene som er trykket bakerst i utgaven.
Ivar Aasen er kjent både i Norge og internasjonalt som skaperen av nynorsk skriftspråk, som dialektforsker og for sin arbeidsmetode. Han tilegnet seg store språkkunnskaper gjennom selvstudier i flere fremmedspråk og grammatikk.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.