Ervingen

av Ivar Aasen

Sjette Scene


Olav. Aamund.


    Olav.

Dat var dat, eg tenkte; eg hadde mest ei Von um, at eg skulde finna deg her paa denne Staden. Sit i Fred, go’ Mann, og vælkomen skal du vera paa gamle Tufterna, og giv det maa vera til HeppaForfattarnote: Held. og til Hugnad baade fyre dan eine og dan andre! Du kann inkje tru, kor glad eg heve voret sidan i Dag, daa eg saag, at du var heimkomen; eg vilde mest inkje tru mine eigne Augo; for me hadde inkje høyrt nokot um deg paa so lang Tid, og dat siste me høyrde, var dat, at du skulde vera burtkomen. Dat er no so manga Drøsor,Forfattarnote: Sladderhistorier. som koma inn i Bygderna; d’er som dei segja: dei ljuga so lengje, til dei tru dat sjølve.


    Aamund.

Dat er inkje annat ventande, en at Folk maa tru slikt, naar ein er so lengje burte og inkje kann koma til aa senda nokor Helsing heimatter. Eg hadde fulla tenkt aa koma heimatter fyrr, men dat vard inkje nokot av di.


    Olav.

D’er sant: dat var so litet me fekk tala um dat i Stad, – kor kom dat til, at du vard so lengje burte?


    Aamund.

Du veit kanskje, at dat var Tanken min, at eg skulde ut og tena noko-litet Pengar, so eg kunde hjelpa han Fa’r te setja Garden i Stand og greida Skuldi hans; for eg visste, at dat var smaatt fyre han; no var dat inke te tena dan Gongen, utan ein foor nokot langt veg, og so foor eg daa sud i Landet, og sidan foor eg utanlands, og tenkte altid so, at dess lenger eg kom, dess meir skulde dat løna seg. Men dat er som dei segja um Pengarne: Dei er seine te sanka og snare te øyda, og dar ein tenar myket, dar tærer ein myket ogso; og difyre vardt dat lengje, fyrr eg tyktest vera buenForfattarnote: færdig. te fara heimatter. Og inkje fekk eg nokon FrettnadForfattarnote: Efterretning. heimanfraa helder, fyrr eg frette dat, som eg minst vilde høyra; daa laut eg til og skunda meg paa Heimvegen, men langt var dat aa fara, og seint heve dat gjenget, so at eg er myket rædd, at eg er komen alt for seint.


    Olav.

Aa ja, dat er no kanskje i seinaste Lag; men so heve du no Odalsretten te stola deg paa.


    Aamund.

Dei segja, dat skal vera i sidste Hogget med di; d’er no so, at eg heve ei Von endaa, men nokor Vissa heve eg inkje.


    Olav.

Ja, lat oss vona dat beste daa. Elder er dat inkje so dei segja, at ein skal venta dat beste, og tenkja paa dat verste?


    Aamund.

Eg heve høyrt dat so ogso, at ein skal venta dat verste, til ein seer dat beste; og dat segja dei, skal vera dat klokaste.


    Olav.

D’er kanskje dat klokaste, men dat er inkje dat tekkaste.Forfattarnote: behageligste. Men anten dat er no so elder so, du, so vilja me inkje gjera oss nokor Sorg endaa; no i Dag vil eg, at me skal berre hava Moro og sitja saman og spyrja kvarannan um alt dat, som kann vera Hugnad te høyra.


    Aamund.

Eg segjer dat same.


    Olav.

Eg er so forvitenForfattarnote: nygjerrig. te høyra, um kor dat stend til uti dan store vide Verdi. Kann du segja meg no med nokre faae Ord, kor dat seer ut i dei store Londi elder kvat Folket gjerer dar?


    Aamund.

Dat snaraste te segja er det at dat seer ut mest som i ei Maurtuva; dat kryp og kryr paa alle Kantar, dat strævar og staakar paa alla Sidor, dat er ei endelaus Røra, som dat stend i Steinbrjotar-Visa. Ja, du heve væl inkje høyrt dan Visa; eg skal kveda henne aat deg, so fær du høyra, kor dat seer ut i Verdi.


    Olav.

Ja, lat faa høyra!


    Aamund synger.


(Mel. efter en Slaatt.)

1. Dei træla, – dei træla
fraa Morgon til Kveld, ja dei træla;
dei stræva, – dei stræva,
dat varer um Alder og Æva.
dei freista alt som dei kann vinna,
dei fanka alt som dei kann finna;
ja dei leita, – ja dei leita
etter alt dat som Vinningar kann heita.

2. Det grava, – dei grava
i Berg og i Myr, ja dei grava;
dei byggja, – dei byggja
paa Huus og paa Veg og paa Bryggja.
All Jordi, trur eg, dei vil jamna
all Malmen, trur eg, dei vil famna;Forfattarnote: samle, sanke.
ja dei emna,Forfattarnote: gjøre Anlæg. – ja dei emna
paa so mangt, som eg injke veit aa nemna.

3. Dei kappast, – dei kappast,
som Hunden um Beini dei nappast;
dei fumla, – dei fumla,
som Mauren um Tuva dei tumla.
Sin Skatt vil alle med seg føra
igjenom dan endelause Røra;
til dei stupa, – til dei stupa,
og til andre kjem i Staden til aa krjupa.


    Olav.

Eg hadde mest ei Von um, at dat skulde vera so ut-sjaaande, etter di som eg heve høyrt fyrr um dat. Men eg lyt no faa vita meir um detta likevæl, naar me no faa betra Tider.


    Aamund.

Eg er ogso myket forviten te høyra, kor dat stend til her i Bygderna; her er væl mange Umskifte te sjaa, sidan sist eg var heime. Dei halda paa og snu og brøyta paa alle Ting i dei andre Londi, og difyre er dat rimelegt, at dat kjennest ein liten EimForfattarnote: Fornemmelse (Røg, Damp, Dunst). av di her i Landet ogso.


    Olav.

Dat er rett, som du segjer: dat kjennest ein liten Eim, og han er stundom alt for stor ogso. For d’er so leidt med di, at dat som er Gagn i, dat kjem alltid sist, og dat som er berre til eit Skin utanpaa, dat kjem alltid fyrst. Eg likar inkje alt, som eg seer. Eg seer nog, at Folk vil skapa seg um i sin Bunad og Klædnad, og i Ord og Tale, og i onnor Aatferd; men eg seer inkje alltid, at dei verda visare og vitugare fyre di. Eg høyrer, dei skrøyta av Forfederne vaare og tala fagre Ord um vaare gamle Ættar-Merkje; men eg er rædd fyre, at skal dat halda fram som dat stemner, so verd dat inkje stort atter av dei gamle Ættarmerki. Dei tala um Framgang, og dat er godt og væl; men eg tenkjer, me kunde gjera same Framgangen, um me heldt nokot fastare paa gamle Ættar-Laget vaart. Lat oss ganga fram i dat som duger, men inkje ganga so fort, at me gløyma vaar Fedra-Sed, som dat stend i Visa.

(Synger).


(Efter en Stevmelodie fra Bergens Stift.)

1. Dei vil alltid klaga og kytaForfattarnote: mukke, skjende.
at me ganga so seint og so smaatt;
Men eg tenkjer, dei tarv inkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

2. Ja, dat skyt inkje fram, so dat dunarForfattarnote: dundrer (udt. næsten: donar).
(som no ingen kann undrast uppaa);
men dat munar daa jamt, ja dat munar,
so dat stundom er Hugnad te sjaa.

3. Lat dat ganga fram, lat dat siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

4. Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gjøyma,
han er større, en mange vil tru.

5. Lat dat merkast i meir en i Ordi,
at me halda dan Arven i Stand,
at, naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.


    Aamund.

Takk skal du hava, Olav. Du kann tru, dat gjerer godt aa høyra atter dei gamle Notarne, naar ein heve voret burte nokre Aar og inkje fenget høyra nokot heiman-ifraa. Hadde me voret fleire saman, so vilde eg, at me skulde sett oss til aa kveda gamla Visor, so lengje at me vardt trøytte. Eg kann inkje segja, kor glad eg vardt her i Stad, daa eg gjekk fram med Leikvollen og høyrde Hardeng-Fela; eg tykte, dat var nokot som drog meg, at eg skulde burt i Leikstemna og dansa. Men eg laut halda meg ifraa dat likevæl; inkje heve eg Tid til dat, og inkje vil eg, at mange skal vita, at eg er komen; for daa vilde dat koma so mange gamle Kjenningar, at eg fekk inkje snu meg, og dat kann inkje ganga fyre seg endaa; for eg heve so mange Ærender, som dat hastar med.


    Olav.

D’er sant, ja; du nemnde detta i Dag ved Kyrkja ogso, og difyre heve eg inkje sagt dat til nokon, og so heve eg bedet Kjeringi, at inkje ho helder skal tala um dat endaa. D’er Von dess,Forfattarnote: det er rimeligt. at du heve mange Ærender no, baade hjaa Prest og Prokurator, og hjaa Peer og Paal; og so gjeng dat væl inkje so fort med di helder; ein Gong er dei inkje heime, og ein annan Gong er dei i slik Annsemd,Forfattarnote: Travlhed. at du fær inkje tala med dei; dat er som dat stend i Visa aat Drengen, som kravde Løni si: «Ein Gong gjeng han og tæk seg ein Tur, daa er han for full av Tankar; ein Gong ligg han og tæk seg ein Lur, og daa fær du Skam, um du bankar; ein Gong sit han og et’ si Steik, og daa kunde Smoltet ulna; ein Gong sit han i Femkort-Leik, og daa kunde Punsen kolna».


    Aamund.

Han heve inkje sparat Humlen, dan som bryggjade detta. Ha, ha! Nei du Olav, du er daa like lystig, kor gamall du verd.


    Olav.

Ja men, er eg so, alt medan ingi Uheppa slær paa. Eg tykjer, dat er so stygt, naar eg seer slike Folk, som korkje hava Sorg elder Sykja, og endaa kann ganga so olme og aalvorsame som ein Ukse; – aa ja, dat kann vera godt te skræma Folk fraa seg med, kanskje. – Men dar seer eg, at me faa meir Sellskap. (Afsides) Au, dat var leidt, at ho Inga skulde koma; no faa me inkje tala um dat, som me vilde.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ervingen

Da Ivar Aasen ga ut syngespillet Ervingen i 1855 var det det første skuespillet som ble utgitt på landsmål. Alle rollefigurene bortsett fra en snakker landsmål. Stykket inneholder flere kjente Aasen-sanger, for eksempel «Dei vil alltid klaga og kyta» og «Her er det Land, som hugar meg best».

Handlingen i stykket er knyttet til odelsretten til gården Flaavig. Gården tilhørte opprinnelig familien til Aamund, men ble solgt til Hermann Sauenbach. «Arvingen» Aamund kommer tilbake til bygda etter mange år på reise og forelsker seg i Hermanns datter.

I 1874 ga Aasen ut en revidert og forkortet versjon av skuespillet, og det er denne versjonen som er blitt utgitt i senere utgaver og brukt som grunnlag for oppsetninger. Teksten i bokselskap.no følger førsteutgaven fra 1855 og inkluderer også faksimiler av sangnotene som er trykket bakerst i utgaven.

Les mer..

Om Ivar Aasen

Ivar Aasen er kjent både i Norge og internasjonalt som skaperen av nynorsk skriftspråk, som dialektforsker og for sin arbeidsmetode. Han tilegnet seg store språkkunnskaper gjennom selvstudier i flere fremmedspråk og grammatikk.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.