Ervingen

av Ivar Aasen

Niende Scene


Olav. Aamund (hver fra sin Side.)


    Olav.

Er du alt atter komen? No heve du væl seet Garden paa dan andre Sida.


    Aamund (nedslagen.)

Ja, eg heve so, og eg heve inkje havt stor Hugnad utav di. Eg heve seet so myket, at eg er mest like glad, anten eg fær nokot av denne Garden elder ei.


    Olav.

Ja, so daa! Aa ja, d’er altfor sant: Garden er utskjemd. Eg heve lengje harmast paa dat.


    Aamund.

Eg kunde inkje ein Gong tru, at han skulde vera so utskjemd som han er. Alt dat, som var til Vanpryda, er verre en dat var, og alt dat som var til Pryda, er umsnutt og ut-tynt. Og dat som eg mest harmast paa, er dan vene gamle Bjørkeskogen, som er ned-hoggen.


    Olav.

D’er alt for sant. Eg var ogso harm fyre dat.


    Aamund.

Eg var tenkt aa gjera mange Umsnuingar paa Garden; men eg hadde fulla tenkt aa taka dat paa ein annan Maate. Eg vilde turka Myri og brjota upp Steinen, eg vilde rydja Lyng og Mose or Marki, men eg vilde lata Grasvollarne gro og Skogen standa, dar han inkje stod i Vegen. Eg vilde inkje hava dat so, som eg heve seet paa sume Stader, at ein skal leggja all Mark i Røyta og gjera heile Landet til ein Mokdunge;Forfattarnote: Mødding. for eg tykjer so, at Mannen skal inkje hava alt sitt Vit i Vombi; han skal rydja og gjøda og pynta paa alt, som er til Vanpryda, men han skal ogso hava einkvar Flekken, dar Jordi heve sin naturlige Grodr og Vokstr, so dat kann vera prydelegt aa sjaa paa og hyggjelegt aa ganga til.


    Olav.

Ja, dat held eg med deg i.


    Aamund.

Eg vil inkje tala um denne VanskipnadenForfattarnote: Uorden, daalig Indretning. med Jordi; dan kann ein retta paa med Tidi; men Skogen darimot: Skogen kann ein inkje reisa uppatter korkje med Stræv elder Pengar. Dat er utskjemt, dat er øydelagt. Dat er inkje dan Heimen, som eg tenkte paa, og som eg lengtade so lengje til; dat er inkje min Gard lenger, og difyre heve eg inkje stor Hug paa han. Eg heve teent meg so myket, at eg kann faa meg ein Gard paa ein annan Stad.


    Olav.

Ja, men du tenkjer no væl inkje aa sleppa fraa deg Garden fyre dan Skuld?


    Aamund.

Dat vilde vist vera dat klokaste; for so fekk daa kvar hava sitt i Fred. No fær eg fyrst ei lang Rettargangs-Sak, og dei som skal driva slika Sakjer, dei verda snarare svange og svoltne, en dei verda feite av di; dat er som ein Mann sagde eingong: Dan, som taper, stend atter naken, og dan som vinn, stend i berre Skjorta. Og um eg so skulde vinna eingong, so vilde altsaman vera endaa meir utskjemt, end dat no er.


    Olav.

Nei, Aamund, no kann eg inkje halda med deg lenger. D’er alt for sant, at Garden er ille medfaren, men so er dat daa inkje verre, en at dat meste kann retta seg med Tidi, naar dei rette Henderna koma yver dat. Her er endaa ein fager Bustad, og her er Raad te faa han myket betre en han var. Dat er endaa beste Garden i Bygdi, og dat skulde daa vera hyggjelegt aa vita, at han kunde fylgja dan Ætti, som heve aatt og odlat han fraa Mann til Mann, so lengje som Folk kann minnast. Eg heve harmast nog paa dat, at han skulde koma i framande Hender, og eg var endaa rædd, at dat skulde ganga verre en dat gjekk; for dar kunde væl koma ein, som var meir girug og storlaaten, og som vilde draga under seg baade Land og LunnendeForfattarnote: Bekvemmeligheder, Herligheder. paa alla Sidor; daa vilde han snart vera Herre yver heile Bygdi, og so kunde Bygdarfolket ganga i Tenesta og hogga Ved og bera Vatn aat dat framande Herskapet, ifall dei inkje vilde røma undan og søkja seg ein Heim paa ein annan Stad. Og daa vilde dat snart vera nytt Folk og nye Seder i Bygdi; for me vita kor næme Folk plar vera til aa apa og skapa seg etter alt dat, som er nytt og framandt. – Eg heve inkje gløymt dan gode Grannen som budde her sist, og eg vardt inkje litet glad, daa eg saag, at Ervingen hans var atterkomen og vilde setja seg i Sessen etter sine Forfeder. Men naar du no vilde sleppa Retten fraa deg med Vilje, so vilde eg tykja, dat var dan største Harm, som eg heve havt, og endaa meir: eg vilde tykja, dat var til Harm og Skade fyre heile Bygdi.


    Aamund.

Dat kann vera alt for sant. Dat var myket av detta, som eg inke hadde tenkt etter, og eg seer, at eg kann inkje segja nokot imot di. Dat lyt ganga, som dat vil daa; eg vil standa paa min Rett og inkje sleppa han, fyrr en eg seer LogForfattarnote: Lov. og Dom fyre dat.


    Olav.

Takk skal du hava! Dat var godt aa høyra. Og lat oss so vera lystige, som me var fyrr.

(De gaae bort).

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ervingen

Da Ivar Aasen ga ut syngespillet Ervingen i 1855 var det det første skuespillet som ble utgitt på landsmål. Alle rollefigurene bortsett fra en snakker landsmål. Stykket inneholder flere kjente Aasen-sanger, for eksempel «Dei vil alltid klaga og kyta» og «Her er det Land, som hugar meg best».

Handlingen i stykket er knyttet til odelsretten til gården Flaavig. Gården tilhørte opprinnelig familien til Aamund, men ble solgt til Hermann Sauenbach. «Arvingen» Aamund kommer tilbake til bygda etter mange år på reise og forelsker seg i Hermanns datter.

I 1874 ga Aasen ut en revidert og forkortet versjon av skuespillet, og det er denne versjonen som er blitt utgitt i senere utgaver og brukt som grunnlag for oppsetninger. Teksten i bokselskap.no følger førsteutgaven fra 1855 og inkluderer også faksimiler av sangnotene som er trykket bakerst i utgaven.

Les mer..

Om Ivar Aasen

Ivar Aasen er kjent både i Norge og internasjonalt som skaperen av nynorsk skriftspråk, som dialektforsker og for sin arbeidsmetode. Han tilegnet seg store språkkunnskaper gjennom selvstudier i flere fremmedspråk og grammatikk.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.