I eventyre

av Olav Duun

Gråvêren og oterbørsa


I.

83Odin nemnte ikkje faren. Så seier Gurianna ein dagen, dei var tosaman inne: Jaså, du vilde ikkje bli med’n far din? Han såg berre på henne. – Du er no ein liten tullvalle òg! Det var mange, tenker eg, som hadde vorte glad i din stad og vorte med han straks. – Ja, det veit eg vel?

Han gjekk ifrå henne. Det var rart forresten, no når han tenkte på det. Dei andre hadde gitt seg med far sin med ein gong. Han, han vart her. Ein augeblink stod han og tversåg framfor seg: Slik måtte det vera, når ein snudde seg ifrå Kjelvika og alt som var her, når ein stod oppå Langbrekka og såg seg attende. Ein kunde rive seg laus med ein kvass liten rykk. Så tok ein og gjekk fram i bygda og kom bort der, imillom alle dei andre. Han sette hendene djupt i lomma og runda ålbogane:

«Dokk må ikkj tru anna enn at æ ha klara det, æ ò! Men æ villa ikkj. For det at –»

84Han fekk det ikkje klårt for seg kva han vilde seie, men det var eitkvart slikt som at her sat han fast, til så lenge, til den tida kom, og den tida det var noko blågrått og langt langt unna. Han såg seg rundt, enda han stod berre og såg fram i lufta, han tok for seg haugane med byskje og stein og alle strendene med grasvollar og steinviker, og der ute hadde han skjera og alle grunnane, der fisken smaug i taren og venta på ein så det maura gjenom all kroppen. Kjelvika, det var der sola skjein og vinden susa, dei spella om kapp for han i lange gode dagar, – det var eit anna tak for han å rive seg laus og reise ifrå det enn det var for andre, for dei budde ikkje her. Men han skulde bli ein meister til det sia. Ifrå Vennestad den gongen, det gjekk som ingen ting, han blunka ikkje ein gong. Det var elles så lenge sia; han var berre liten den gongen.

No hadde han da ein far, han var ikkje kleinare.

Han sa det til Karen-Anna, dei var oppi lynghaugane og såg etter krekling ein dagen frampå sommaren: No har eg ein far, eg òg.– Har du det? – Ja, gut! Ein stor og vaksen ein. Kor eg har fått han ifrå? Ifrå Amerika. Han heiter så mykje som Otte, han var her ein gong i vår og vilde ha meg med seg. Men eg vilde ikkje. Eg gav meg ikkje om det. Du Karen-Anna: Veit du at dei kallar meg lausings-unge? – Ja men – du skal aldri lest som du hører det. 85– Vas åt meg! kven annan skulde dei kalle det? Og så er eg det, ikkje sant? Var det nokon annan dei kalla det, kor skulde han da gjera av kroppen sin? han sprang og gjømte seg og kom aldri fram meir. Men kjem dei og seier eg lyg, eller at han Bendek er ein tjuv-nagle, da slær eg!

Karen-Anna heldt seg bakom han og tok den bæra som vart att. Han såg på snei opp på henne i skyndinga, med han rava til seg ein neve svart krekling:

«E det ikkj rart at vi ska bli rik?»

«Rik, trur du?» ho stod som ho smaka på det. Så rista ho håre utor andlete, og viste bort på ei stor tuve: «Sjå der, Odin, der e bêra enda stør’ og svartar’.»

Odin var der i same blinka, hivde seg ned i digraste bæra og stappa i munnen.

«Rik ja? Når vi kjem frami bygda og legg i veig!»

Nordvesten susa over dem, og skuggane sprang i sunde og frammed lia, og solskine om kapp med dem, det var i eitt jag med mørknande grønt og lysnande grønt, og bæra svortna på alle tuvene.

Slik speila det over marka sommaren lang, og Odin og Karen-Anna fór der kvar ein dag mest. Tenkte han på det sia, så var det som han hadde drømt det. Han hefta seg aldri med å tru større på det. I millom var han på sjøen. Gong for gong hendte det, at han fann fisken, 86fordi han syntes han måtte vera der og ikkje der. Bendek undrast over det, men Odin aldri.

Men det vart regnhaust, og køtera skaut hit og dit som sild i sjøen. Det er ikkje fyst å vera gjætlegut ein regnhaust når sauen soppar. Odin sprang all dagen, og skreik seg hås somtid. Men han hadde det i bakhanda, at sia vart det likare, det kunde ikkje vera ansles med den tingen; og endelig var avlinga i hus og krøtera vart slept innpå, på håa. Da hadde han berre sauene å hente heim om kvelden.

Og godvêre det kom, slik som han hadde visst om det men ikkje venta det: Store, isblanke oktober-dagar, fjella står under nye himlar, snur andlete etter sola og smiler langt til havs. Tyttebæra raudnar, så ein spring opp tidlig om morgonen: og sola strålar beint i auga på ein.

Ein dagen kom han i lag med Jørnstrandgutane, dei fór i Kjelvikmarka og skóv. Han braut seg ein staurende først, vilde skamslå dem og forjaga dem, men så var dei så skinande blide, og baud til at dei skulde leite i lag. Dei vart godvenner. Det var ein utrulig hending for Odin. Han ansa ikkje på før det var mørke kvelden. Sauene såg han ikkje likt til, dei måtte ha rakla heim sjøl.

Det skymte urimelig fort. Dagslyse rann bort vestover øyane, og fjellsidene vart store og lodne, og himmelen austover han var natta sjøl som kom stigande. Og sauene dei var ikkje heime, no kjente han det på seg og tok sprange. 87Nedmed lee kjem Bendek i møte med han. Odin saktna på. No såg han andlete til Bendek. Det var som mørkre å sjå til; han var ruklut i panna som ei tóv-fjøl.Forfatternote: tóv-fjøl ɔ: vaskebrett Odin vart både heit og kald oppi hårtenna.

«Kor du hi haldi te du, val æg spør?»

«Det va bêra som narra mæ – sjå her, ska du sjå!» han synte fram korga, ho var full.

«Enn sauin?»

«Dem e straks ovafor sammarfjøse, no ska æ spring ett’ dem!»

«Jau-visst! Æg tok dem ne-i håa her ein totre gong. Og no hi dem sett av åt fjelli – kom hit, sei æg!»

Odin hadde halde seg litt unna, og no såg han Bendek heldt eitkvart attom seg. Han prøvde å glytte bakom han.

«Ka Dokk hi attom Dokk der?»

«Ja, ka du mein?» Bendek tok fram rise.

Odin avlettast i kinna, men han sette frå seg bærkoppen sin, vilde til å kneppe ned buksa.

Bendek vart stuss med. – Ja, bi no urlite, sa han.

«Ska det ikkj vara på bær rauv da?»

Bendek stod enno nokre augeblinkar; så sette han i og lo:

«E det kjeltringjen hell e det toskjen som regjeri ti dæg, gutpåker?»

Dermed hivde han sveigja. – Han fekk ha seg opp i marka da og finne heim sauene, det 88var så mykje han visste. «Og det sei æg dæg,» la han til, «at kjem du heim utan dem, da, da – –!»

Da Odin snudde seg imot fjelle, var det ramnsvart. Han la i veg lel, inn krøtervegen og opp fjellstigen, og sia på må få inn i mørkre. Han gjekk og han sprang, og smått anka seg med kvart. Sauene måtte vera her nett framfor han, anna torde han ikkje tru, for da vart han vill åleine med fjelle og mørkre. At han ikkje fekk med seg hunden! No var det ikkje langt fram til Uraskare, og der hadde han funne dem somme gongene. Men det var eit utrivelig skar, for der hadde lynelden slått ned og drepe alle Kjelvik-sauene ein gong; det var å tenke på liksom dei låg lik der enno.

Og best det var, kjølte det stort og berrt gjenom han, at dei var her ikkje, det var han og goveitra og ingen annan levande ting. Da var det ikkje lenge før han var nedmed sommarfjøse att.

Månen skjein over Jørnstrandhaugane no, men det var langt dit; dei hadde kvite dagen der, og her var skuggen så svart, han stod over ein som ein trollstor mann. Hadde berre han Bendek vore i nærheita! Han kom i hug somme kveldane i fjor-vinter: Måneskine var så nifst, det var dauen og dommedagen og alt vondt, men først han Bendek kom til stades, vart det ansles. Da var det som skjelvande sølvrøyken utover fjorden, og fjella dei gjekk så langt unna 89ein og stod, alt borti eit anna land, – dit kunde ein vel òg komma ein gong? Men no var han ikkje her.

«Og slik kjennes det å komma heim krøtterlaus,» sa han til seg sjøl. «No veit du det. Å ja, du bala dæ allti igjenom det, når det ber i einherdingja. Og han far din, han får aldri vetta om det.»

Slik kom det gjerne eitkvart og trøsta han; det var slik.

«Nei!» sa han, best han gjekk, «nei, lyg gjer du ikkj, du hi slutta med det for leng sia. For lyg du om småkallan og goveitra, da bli du brydd tå dem sia.»

Han stod litt ute. Månen han gav på og skjein vest i haugane liksom ingenting stod på, ein kunde sjå små rimkvite vollflekker millom byskja. No skjein han nedi sunde òg. Det snudde blanksida til og let han klå seg med pil i pil av dilrande sølv.

«Og no får du dengt, gut!» smilte han. «Va du ikkj Odin no, da rømt du.»

Føtene vilde ikkje bli her. Fingrane vilde ikkje ta i klinka.

Bendek såg ut så lei seg, da han kom og tok han, ein kunde skjemmast som nøydde han til det. Han dengde hardt. Odin klemte andlete inn imot bukselåre hans, det var utrulig hjelp i det. Men tårane var det inga råd med.

Bendek pusta ut, da han var ferdig, og sukka. Han hadde gjort ifrå seg eit storarbeid. Det 90som gjekk mest inn på Odin, var det at han ikkje sa eit ord, ikkje krevde ein halv lovna eingong. Gurianna stod og snudde seg vekk da han kom inn att, og ikkje såg ho på Odin da han fekk seg mat heller. Ho var snildare enn folk visste om.

No først snakka Bendek. – Det er så med det, sa han. Det er ingen enno som veit kva der bur i deg. Han far din er ein bra mann; men han er meg for høg, eg rekk ikkje dit opp nei. Kanskje det er dit opp du skal? Ja, fanken veit. Ho mor di skjønnar eg meg heller ikkje for mykje på. Men eit bra kvinnfolk; det skal du komma i hug, Odin! Håberg-folke er tå den gamle Juvik-slekta, og han far din med. Det var noko tå kvart der san. No har dei gått i molda for lenge sia. Dei visste vel kva dei gjorde. Og ho mormor di, ho Åsel ja, ho går her som ei attgløyme. Ho ser ut som ho ventar seg framgong enno eit tak. Men du, ser du, du lyt ta til frå ein annan kant. For deg sjøl. For blåe deg sjøl, kar!

Bendek løfta i måle, og i augebrunene med:

«Da spørs det om du berreste e oppgjort tå gammelt. Hell om det e ny saviForfatternote: savi ɔ: sevje ti dæg. E det oppreisning ti dæg, mein du?» Så mumla han med seg sjøl: «Live og det, det e eit fali bask. Det leri du verken på skolin hell med kjerka nei. Å ja, det pla gå ein dag om senn. Gutnaglin han – –»

91Odin hadde små rykkingar med Bendek snakka.

Dagen etter kunde han ikkje komma på med det same, kva som hadde hendt han. Han vart liggande og stirre på Oterbørsa oppunder lofte. Da det så ranns for han, skifta dagslyse letten med ein gong. Det gråna ikkje, det vart berre så ukjennelig. Og dette her var han sjøl? I gåreftas var det ein liten gutpilt som fekk ris.

Han fekk vel åt haugen att, han da? sa Gurianna, da han hadde ete frukosten.

Ja, no var det nyst føre han fór! Han var alt i treskone.

Det var blanke haustdagen, med lauvraude lier og med fjellpyntane høgt, høgt oppi blåaste himmelen, og himmelen han var som ein islagt fjord. Det skjein over marka og skjein utover sjøen, lyste i kvart eit strå. Tyttebæra trutna rund og raud under store dogg-grønne lyngblad. Århanen smatt ut or einerbusken og ut i lufta og sola så det blådde på ryggen hans, spilte ut vengene og såg seg rundt over marka si, svinga seg stort og fritt kring haugen i aust.

Og på den leia var bygda. Odin smilte fortenkt når han kom i hug det. Der var skolen og kirka, og Vennestad og Håberg, og garar og folk heile vegen. Der hadde han ikkje noko å gjera nei. Ikkje skulde det monne stort heller, vilde han tru, om ein kom dit og fortalte dem einkvart. Bendek hadde knapt umaka seg med det. Dei trudde det ikkje, same kva ein 92fortalte dem, han hadde sett det på dem; det skulde vera sant. Men så var han der att: Kva var det for slag, det som var sant? Var det ansles det enn det andre?

Han sukka, der han sat oppi rinda. Her var så tett i tett omkring ein av det som var sant. Og slik kunde ein òg vera, gjekk det i han, at ein fór over bygda som kosten og rydda ut alt det som ikkje var til, han syntes halvvore han hadde vore med på det, nokon gong.

Kanskje så kom han til å krige med all bygda ein vakker dag. For eitt eller anna. Han og faren, imot heile skokken! Ja, det skulde for resten ha å gjera at han ikkje vart aleine i den bardagen. Det kjentes mest slik.

Sauene fann han langt aust i Engdalsfjella. Men det var ein for lite. Sjølve gråvêren var der ikkje. – Sia var han til fjells og leita etter han gong etter gong, men han vart ikkje å finne.

«Dem hi forbarma sæg over’n!» sa Bendek, han smilte enda.

Gurianna sat liksom ho las vondt over dem. Odin vilde ikkje ha vore tjuven for aldri det.

Ein fjortendags tid etter kom Bendek heim med ein sauskroll i skymminga; dei hadde ligge straks ovan-i gjorde, og gråvêren var i lag med dem. Dei fekk han ifrå-skilt i fjøsporten, og dei andre vart jaga, Bendek hissa enda hunden etter dem.

Bendek og Gurianna sågsåg] rettet fra: sag (trykkfeil) på einannan, og Bendek var djup og varm i måle:

93«Såles går det:

Somm’ messi detForfatternote: messi det ɔ: mister det. og somm får det!»

Odin la seg frami, han var sjæle glad: No er han enda større, gut! og så har han vorte enda meir kvit attpå rompetippen! – Du da, våskoppen! sa dei og skubba han unna.


II.

Dei slepte ikkje gråvêren ut meir i lag med dei andre utgangarane. Han kunde sette av på nytt. – Det bli likast vi tek sveitten tå han med all som først, sa Gurianna ein dagen. Bendek nikka.

Sveitten, det var blode, så mykje visste Odin. Dei nemnte ikkje blod her i Kjelvika når det var slakting om å gjera. Han fekk ein klump i halsen med det same; det stod slik kaldgust av både Gurianna og Bendek.

Han tenkte ikkje meir på det, men gong og annan merka han det sat i han enno. Ikkje vart det vinteren heller, berre svarte hausten. Hunden stod utom veggen kvelden lang og søkte ned imot fjæra, ho var så svart at det skjein av henne; og med kvart så ula han. – Kva er det for slag han ser? tok Odin seg for og spurte ein kvelden. – Ja, fortel meg det du! Berre kobben, ventelig; eller oteren, – Bendek såg så rart på han. Utanfrå skjera var det liksom det svara, ein langdregen sukk av tungsjøen.

Odin såg oppunder lofte. Der hang ho. Eit gruvelig stort og stygt våben. – Kvifor eg 94ikkje skyt han? mumla Bendek med seg sjøl. Han fekk eine augebruna så høgt opp. Ja. Men eg gjer det ikkje. Odin syntes han skjønna det, om kvelden slik. Om lys-dagen grunda han att og fram over det, kunde sitte på skolen og vera langt borti mørkre med børsa i handa. Det grodde tettare og tettare innpå han, det var ikkje halvparten så til, det andre, som det han vardest for i mørkre.

Best det var, kunde Bendek seie med han: Ja, det er ikkje smågut-spell å bu her. Det er ikkje fyst nei. Ein kvelden nedi nauste seier han: Har du hørt snakk om’n Gammel Anders Håberg? Det var så mykje som farfaren til mor di det. Han var ein som ikkje var forfæld i mørkre. Ja, han fekk ein udaue, men. Juvikingane, det var eit kaldt folk. Gamlingen sjøl låg som ein svart hund under senga hans Anders ein morgonen. Han sat berre på senggavlen og drog på seg buksa, og så kika han innpund’ senga om han låg der enda. Da hadde han Svartmeisk gått trøytt, hadde luska sin veg. – Deven han smette! sa Odin. – Ja, smatt gjorde han, men du skal vâre deg urlite. Men elles så skulde du vel ha som ein snev tå det same i deg. Bendek stod litt, og såg; så lear han på hovude:

«Den karen vinn du alltid over. Han e ikkj frak no fer tia. Men du ska ikkj vør å perr’n, det sei æg dæg; du kund bli fer støtt.Forfatternote: støtt ɔ: stutt Du får anna å bitast med, du, san.»

95Odin syntes det tok han oppi huva, det løfta både huva og hårtenna.

Juvikingane steig fram for han rett som det var. Såg dem gjorde han ikkje, men han hørte dem: dei kom stomlande opp frå sjøen i kulmørkre, i store tunge støvlar, og så banntes dei her tett utom nova; så hissa dei i veg hunden som stod der og murra: «Søh! tak dem du!» Men hunden han kvinka berre, han var ikkje mann for det. Så glømte dei både han og styggmakta borti mørkre, dei gjekk åt uthusa ein sving, mo åleine, Var ein kar-mann før ein kom så langt?

Til Bendek sa han ikkje orde meir om slikt. Men eit par gonger kom han hesande inn til Gurianna og fortalte han hadde sett skrømt. Ein gong hadde han verkelig sett ein svart skapna som velta seg i sjøen, han slo kul på ryggen og gjekk ned, så morelden gneistra i vorren etter han. Den ryggen kjente han, det var ein kobberygg. Og no hadde han glømt seg att og komme og fortalt han hadde jaga ein smådevel på sjøen! – Jau-jau! sa ho. Verre hånsord fanns ikkje å svelge ned. – – «Jau-jau!» det var all bygda som lo til han. – Men står det om, tenkte han, så kan eg be Vakkermannen hjelpe meg, så legg eg det av lenge før eg er vaksen.

Men borti fjøsporten der brækte Gråvêren, dag etter dag, og rettno tok dei sveitten av han. Og kva var det for ein vêr det der? Han 96torde ikkje sjå til han. Han var så reint for mykje kvit attpå rompa, og kanskje kunde folk bli vâr at hakke i øyra var nytt?

Ein dagen fer han frammed strendene og ser etter rakster, for det hadde vore nordvesten eit tak. Han kjem i hug Karen-Anna òg, ho vart aldri å sjå meir. Stranda er så frammand for han. Det er så snaut all stads, uvêre har gitt på og vaska i hundre år; og folk har her ikkje fare. Han finn ei flaske med eitkvart på, og da blir han glad, for dette var kanskje olje til lampa? og ho Gurianna ho er redd for sjånaen. Han smiler, der han går, og mumlar i båresongen: «Enten olje hell tobak for eggpengan, dem røkk ikkj te all vala.»Forfatternote: vala ɔ: verda

Da bli han ståande utpå odden og stirre tomt ned på sjøen. Der flyt det eitkvart. Flyt sin veg frammed lande i blankstilla, syner seg og kjem bort, syner seg og kjem bort. Ein dau skapning. Han går og held lag med det austover, utan han veit om det. Det er eit dyr. Det er ei ku.

Da tek redsla han, og i veg ber det over haugen og heim.

Den gongen trudde dei han. Bendek kom og vart med nedover, og da dei var nedpå Sjøvollen, såg dei styggmakta kom sigande inn til støa; for dit vilde ho. Hovude slang i sudrage, og føtene var ihopbundne; vomma var som eit båtkvelv å sjå til. Odin heldt seg litt ifrå. Noko så daut og ulukkelig hadde han 97aldri sett eller visst om. No visste han om mangt.

«Nei, ut med dæ!» sett Bendek i, han tek garnråa og stikk kua ifrå steinvorren. «Vekk!»

Han var med henne eit godt stykke på veg, såg etter at det bar til Folls med henne. Han såg ikkje glad ut, da han kom att. Han vart vâr Odin, som stod der på same staden enno. – Kom så! sa han.

«Berre ei ku som har sjølstórtaForfatternote: sjølstórta ɔ: sjøldaua (sturta) nokonstass,» sa han til Gurianna. Ho òg var utom døra no. «Miltbrand, vil æg tru.»

Odin glømte flaska han hadde funne, og da Bendek tok og heldt henne imot lyse, grøste det i han. Bendek trekte opp korken, vilde kjenne kva det her var for slag. Lukta først, og vart opp i under; tok så ein heil munn. Han såg stint og fortenkt på kjerringa, med han tok seg enda ein. Ho stod og vakta på han.

«Ka-for slag?» spurte ho.

«Dem snakka om milde gaver!» sa han. «Kjenn her, ska du kjenn!» han retta flaska til henne.

Ho smakte, og smilte. «Frannsbrennvin!» sa ho.

«Du forstår da staven, du ò!» Han sette toppa i flaska med full hand.

Odin sukka bortpå benken: han skulde ha funne ei heil tønne med slik olje til dem!

Men heile kvelden utover var han tankefattig, 98og dagen etter slikt slag. – Kva som feilar gutladden? spurte Gurianna, ho sette auga i han. – Er du ussel? spurte Bendek opp frå garnbindingen sin. Odin vakna til og såg på dem:

«E det – bli det leng te oløkka kjem?»

«Oløkka?» Dei såg på einannan. «Du må da ikkj spå ilt åt oss, ban!»

Han vart raud og lei seg.

«Nei, æ tenkt berre – kua!»

«Va det lekt!» sa Bendek. «Ho fór sin veig, ho. Og Vårherre – –»

Han mumla einkvart som Odin ikkje fekk tak i.

«Ja skit i kua!» sa Odin, han reiste seg og gjekk ut. No vilde han hogge ved.

Men at ulukka kom, det sat fast i han. Redd var han ikkje, for det vart alltid ei råd, men det fór underlig kalde minningar igjenom han rett som det var, at det som var i vente, det kom, og slik vart det så lenge ein levde. Det var stort og lodde som mørkre om natta, som kua i sjøen; det voks over alle juvikingane. Men Vårherre – –

Han mumla nokre ord som han ikkje sjøl fekk tak i.

Ikkje lenge etter kom det tidend om at miltbranden grasserte frå fjøs til fjøs borti Sørfjorden. Det var å dra krøter på sjøen fortast ein vann. Leid om litt spurtes det at det fór ein annan sjukdom òg. Han tok borna. «Den ondartede halsesyge» kalla dokteren det, og han kunde lita 99hjelp gjera. Dei døde. I gar for gar fekk dei det; og kirkeklokka ho ringte. Odin stod ofte og lydde på henne.

Enda syntes han halvveges det hadde lettna no. For no hadde det komme. Desutan vart det ingen skole; og vegen til Kjelvika vart sjukdommen brydd for å finne. – Du må vera snild da, og ikkje glømme av kveldbønna di! formana dei han. – Ja da. Men han finn meg ikkje lel. – Akt deg, Odin! Ja da. – Men eg for min del døyr ikkje.

Nei, for det gjorde han ikkje; det var det. Og desutan var det vel frami bygda sjukdommen hørte til? Han kunde sjå bygda for seg: ho var langt nedafor ein staden, liksom han sat oppi høgste fjelle og såg dit ned; dei var ursmåe alle der, kunde døy på timen, kvar ein å kalle.

Redd vart han ikkje da heller, da han hørte sjukdommen var på Jørnstranda. Men så ein natta spring han opp borti benken sin og sitt og stirrer i kring seg. Sveitten rinn av han. – Er det du, Odin? seier Bendek. – Ja, det er eg, svarar han, likså forundra. – Er du dårlig? Nei, veit eg? – Nei da! Men sittande blir han. Ute er det tomt og stilt. Månen held til attom skyene ein staden; det ser ut som dei gjømmer på ei glo. Vollen syner seg, midt i natta, med hålkeflekker og gul grasstubb. Så vaken har ikkje Odin sett han. Har han drømt same draumen òg?

«Legg dæ å sova no, Odin!» bed Gurianna. «Less høyr no, Odin!»

100Han gjer det. Men no har ho Karen-Anna òg fått denne kleinheita, tenker han. Ho døyr no ikkje, ho heller, meir enn eg, smiler han under skinnfelden. Men no i sta var ho her, og da sa ho, så det skjein av andlete hennar:

«Får du mæ, Odin, da blir det tussi fer dæ. Da vinn dem på dæ!»

Det var som i eventyre hans Bendek. Å, ein fekk no sjå, sia. Han snudde seg og sovna ifrå det.

Da han vakna morgonen etter, visste han ein ting: at denne gråvêren borti fjøsporten skulde vekk, og det måtte han sørge for. Han tenkte på sjukdommen av og til, og syntes halvvore dei hadde snytt han. Det vart leit å møte dem som hadde stått det over. – Og Bendek han slipa kniven sin, og med det same såg han på Odin, eit lite blykt på snei over han. Da kjente Odin han var berre ein liten gutunge, og Gråvêren deira hadde han gjætt bort og kunde ikkje skaffe att han meir. Han kom seg noko utover dagen. For stikke kniven i annan-manns sau, det skulde ikkje han Bendek. Halde i skafte da, det måtte kjennast.

Om kvelden låg han og blåventa til dei hadde sovna. Kanskje han hadde blunda litt sjøl òg, for no var det svartaste midnatta. Så, no hadde han ytterklæane på, og skone tok han i handa. Det låg ei lita måneskrime inn over golve og synte vegen. Og døra tagde ja. I kjøkene var det heller inga sak, og i svala der kviskra han til seg sjøl: Du har no sneven tå 101dem, veit du! Han tenkte ikkje på dem, det var berre litt hjelp i at einkvan sa noko. Da minte mora seg; ho kom og var med han.

Han møtte natta utom døra, og gjekk beint imot henne. Sjå seg i kring torde han ikkje; for denne gulgråe lysinga nattens tid trivdes han ikkje av. Hadde han enda visst kor ho kom ifrå! Og no var ikkje ho mor her meir. Han prøvde å vera henne, og kviskra til seg sjøl: Er det verkelig du det der, Odin? Er du så pass til kar da. Ja, du snur ikkje i døra du, ser du!

Han sprang over garen og lett opp fjøsportdøra. Sauen stod der, svart imot svart. Det grønte i auga på han. Odin hakka tenner, men han steig rolig attlenges, vilde sjå om han kom. Jau, sei det! der stod han med framføtene på dørstokken og vêra ut i lufta; ein svart og frammand skapning. – Spring åt fjelle fortaste du vinn! kviskra Odin. Sauen kom trippande ut. Da sett han i og bræker. Odin skvatt, og alt anna på garen med, han mista både fotfeste og måle. Det var eit stort og svart bræk, syntes han, det rønn millom veggene.

Der fór endelig sau-skremsla om nova, og Odin inn med sju redsler etter seg.

Men i svaldøra spring han seg på ein kvit ein. Det var Bendek, i underklæane.

«Kan du fortèl mæg rett?» sa han.

Odin hadde stana og stod steinstiv framfor den kvite skapnaen.

«E det du, Odin? Va du på husi?»

102«Nei, høyri Dokk, nei! Æ sleft frammondvêren – det skuld ikkj skje!»

«Hi ‘n fari no da?» Bendek la i veg nokre stig, men kom att.

Odin venta rolig på at no small det.

«Dem kund snart ha funni skinne,» sa han lågt.

Bendek sukka, nett attmed han og meir og meir gammal og skruslen. No tok han i han; men han skuva han berre føre seg inngjenom døra:

«Gå in og legg dæ, ban!»

Odin hadde ikkje ein tanke, der han låg. Han hørte Bendek fortalte at sauen hadde skubba opp døra og fare sin veg. Dei måtte no vel finne att han i morgo? meinte Gurianna. – Å ja da, trøsta han. «Gu nå’ ossForfatternote: Gu nå’ oss ɔ: Gud nåde oss. så sant!» la han til. Da gret Odin. Dengt hadde vore kjærkomme no.

Morgonen etter var det lite om han. Dei såg ikkje etter sauen ein gong. Litt om senn kom han seg, og på slutten sette han hendene i lomma og spytta: Han Odin hadde vorte dem for mektig denne gongen.

Sia gjekk han og fortalte det til mora, gong for gong når han var åleine. – Det var ikkje anna råd, sa han. Stod opp midt på natta og slepte ‘n ut. Han Bendek? Nei, han gav seg. Han tykte vel det var gluft!Forfatternote: gluft ɔ: glupt

Men da han snakka med henne ein dagen, nemnte han det ikkje med eit ord. Han vart litegrand 103breilett, gong og annan, stod og smilte liksom Bendek til eitt eller anna. Slik står han, da han skal til å gå heim, og så ser han opp på henne:

«E det sant det e juviking ti mæ?»

«Kem som fortèli dæ slikt?»

«Nei, det va no berre eit spørsmål.»

Ho stod og strauk han på håre frami panna; det strita til vêrs av seg sjøl der, som etter kutunga.

«Æ mein kua hi sleika dæ? Ingen juviking ha no det der i allfall.»

Ho vart ståande og tenke. Det visste han ikkje ho brukte. Og kvitare i holde vart ho for kvar gong han såg henne. Knapt nok at jomfru Marja var så lyslett av seg. – Var det ein frammandmann hoss dem her i sommar eingong? spurte ho. – Det fór no så mange der, svara han. Han far min, meiner du?

«Ja. Villa du ikkj bli med han da?»

«Nei. Æg kjent mæg ikkj lottinForfatternote: lottin ɔ: huga på det.»

«Det va bra det, Odin. Han e for resten snild han,» la ho til.

«Ja, dem sei så, høyri æg. Ja, du får lava så vêl da!» han snudde seg stort og gammalt og gjekk.

Ho stod og såg etter han og smilte. Der glømte han seg og tok kute.


III.

104Jørnstrand-ungane var snart oppe og ute, og i full sjau. Eit par av dei minste hadde stryke med. Det var berre dei to eldste som var fullstore for Odin; den eine var 14 år og den andre 13. Sjøl var han 10, og det syntes han skulde bli det same. Dei hadde børse og fór og skaut. Aldri hadde Odin kjent seg så liten som da han stod der og venta smellen. Det var så for lenge enno til den tida, at han heldt i børsa og skaut. Da kom Karen-Anna ut og stod og såg på dem. Ho var tynnkjaka og bleikvori enda. – Har ikkje du havt halskleinheita? spurte ho. – – Nei, men – – men eg har skote med oterbørsa hans Bendek. – – Du? Ho gjorde store auga, og det gjorde dei alle i hop. Nei, det var ikkje så sant, just, men så hadde han heller ikkje fortalt dem om gråvêren han slepte ut. – Ja gut! sa han. – Da fekk han skyte med henne her òg da, sa Martin, den eldste av dem. Odin tek børsa, legg henne frampå steingaren, spenner hanen. Karen-Anna roper eitkvart, men no er det for seint, det får gå som det vil; han siktar og skyt.

Dei ropte over seg oppved sommarfjøsveggen, at han hadde skote finn, det var nauvt han hadde råkt døra, og Karen-Anna lo med. – Men du får ikkje lov meir! sa ho; ho var drivande bleik.

105«Nei oterbørsa, det va ei som small det!» sa Odin til gutane som kom nedover.

Ho ja, som var fortrolla, sa dei. Den som ikkje han Bendek torde bruke meir, det var best han ikkje vørte den tøtta. Og no la Martin ut for dem, korles det hadde seg med den børsa.

Bendek hadde vore ein stygg skyttar ei tid. Natta lang låg han i oter-ura. Kveld og morgon fór han skjera rundt etter kobben. Kanskje så skaut han andre ting òg. Men så var det ei natta; da skaut han tre skott på ein skapning. Det var enda bortpå øya der. Da snur han seg, den han skaut på, og kaldflirer: «Tre skott, Bendek! Eitt te no, så tek vi dæ!» Han Bendek tok børsa si og gjekk heim. Han har ikkje rørt henne sia. For det står fast: han må på sjøen, den som løyser skott med henne oftare. Slikt har hendt før.

Dei hadde glømt at Odin fortalte han skaut med henne. Han hadde glømt det sjøl òg. No såg han på Karen-Anna, ho stod og einstirde på han:

«Du røri a ikkj meir, Odin!»

Dei vakna til og såg på han. Da kjente han det på seg, at løgnar skulde han ikkje vera for henne, kor som var. Det var ein inni han, syntes han, som tok i han og stødde han; han bles til heile trollskapen.

«Føst han Bendek reisi åt kvenna, tek æ børsa og legg mæ i ura,» sa han.

106Det var mest ikkje han som sa det, men no var det sagt og avgjort, og her var fleire enn ho og gutane som hørte på. Nakken stinna seg attover, så det gjorde vondt i halsbeine. Store, blanke auga imot han frå dei alle i hop. Dei trudde han. Ja, men dei kom ikkje til å tru det før dei hadde sett det, det kjente han på seg.

«Æ gjer det!» sprang han og sa, da han fór heim.

Dei spurte han fleire gonger, heime, om han heldt på og vart sjuk. Og Bendek måtte sette i kvast til han ein kvelden på låven, at no heldt han i sekken og ikkje stod og drømte! Ikkje lenge etter spurte Odin om han skulde på kvennatur snart. – Ja, vilde han vera med? – Nei da, nei! han spurte berre. Ein kvennatur – likare ting visste han ikkje, men oppunder lofte hang troll-børsa, og krut-tye attmed henne, og Jørnstrand-gutane kom smitande rett som det var og vilde høre når han Bendek reiste. Karen-Anna hang med dem. Og storfjæra var det om kvelden, så ein kunde gå valen tørskodd over til øyane; det hadde laga seg til.

«Dokk reisi føst Dokk får børen da?» spurte han att.

Landvindsstormen låg og gnog i fjorden kvar ein dag, og Bendek gjekk og såg i det og venta. Rettno var det jula, og mjøl måtte han ha. Han såg på Odin gong og annan: Somtid lysna han over heile andlete når vinden kosta på det striaste oppi lia, og medkvart gjekk han og trødde 107og var berre uroa heile guten. Odin syntes stormen var ein mann, som hadde sett seg for å plage live av han. Ein slik ein fekk han gjerne å bitast med ein gong, og kor skulde ein da snu seg?

Ein dagen han er med Bendek og ber heim tørv, seier han best han står:

«Hi det aldri gått noko ord tå ‘n far min?»

Ord av han? Bendek såg opp.

«At det va noko tak ti ‘n?»

Bendek småflirte: Nå, det var no som ein tok det, det. Han var ein bra mann. Og ein fin snekkar, kom ikkje der, san!

«Ja pytt, det

Endelig ein morgonen vaknar Odin og hører stilla ligg omkring huse. Og Bendek har reist. – Har han reist da? seier han og stirrer på Gurianna. Han såg ut som han var ned-dotten frå lofte.

Det vart ein lang dag. I kveldinga kom dei frå Jørnstranda. Dei sa ikkje stort: Dei talde han ikkje til. Da kom han til å gjera det, kjente han. Gjekk det gale, da var han den einaste i bygda som det hadde hendt. Juvikingane, dei hadde vore oppi det same. Det hadde vore live for dem. Lenger kom dei ikkje; dei fekk gjernast ein udaue. Men du, Odin, du får gå beint framgjenom det, sa det med han.

Dei skulde vente nedmed nauste. Så skulde han komma med børsa når ho Gurianna hadde gått åt fjøse. Men dit såg det ikkje ut til 108ho vilde, i kveld. Auga hennar var etter han heile tida.

Endelig ein gong stod han med børsa i handa. Hanen pa henne var uhuglig stor; han spøkte for sjølve ulukka. Han møddest litt før han fekk stengt inn hunden, for den vilde han ikkje ha med.

Dei nedmed nauste sa mest ikkje orde da han kom. Karen-Anna var kvitbleik, syntes han sjå. Martin skulde lade børsa, men da det bar til, vilde han heller Odin skulde gjera det sjøl, han som skulde skyte. Han sa han berre for litegrand: krute først, så strye, så kobb-hagla, slik ja! Hagla var store som små kuler, dei måtte da drepa, trudde Odin. – Hysjt! sa Martin.

Dei vart einig om å gå over valen og bort Langøya, for der var det mest vona.

Mørkre var grått og mjukt i kring dem, og Odin steig framgjenom det føre dem med ei stor kjensle. Morelden trolla fram tangvålen kring dem sleip og levande. Brune hestetange tøyde fingrane over sand og stein, med store blinde blæreauga på kvar finger. Bladtange låg som reklingane av skinnhyre etter bliven mann. Svartblanke taren låg og lea på seg frammed vassmåle, med lange bleike stylkar og fint bladkrus; han rørtes så rart i sømnen. Tverstikla, den trollblomsteren, ho sprikte og gjorde tegn imot han, ho var bleikraud som tokna utor dau fisk. Sjøeitra var spytta på land miliom steinane, men ho òg var levande i kveld, Odin kom til å tenke 109på utstukne auga av einkvart utor sjøen. Han såg det, og dei ikkje, og slik skulde det vera.

For her kom han, som sagt. Skjela knasa under føtene, og gav seg; ho tålte ikkje meir. Eit lite vinddrag gjekk og tuska for seg sjøl frammed strendene og strauk sin veg.

Dei stilte seg fram på høgste ryggen av øya, og la seg ned der. Der låg stranda framfor dem, og enda meir einslig enn valen, beint ut imot ville Folla. Tangbeden bukta seg som svarte skinande ormen austetter og vestetter; og båra sukla oppunder han og snøste. Noko levande var ikkje å sjå.

Da kviskrar det nett attmed han:

«Ikkj å skjøt da, Odin!»

«Hysjt med dæ, førkj-ongji!» murra det frå Martin, han hytta etter henne. Og no kviskra han heitt og andsloppe til Odin: «Du får skjøt lell, i lufta!» Og litt etter: «He? Tør du ikkj?»

Odin fór over stranda nedafor seg, att og fram. Da såg han tydelig det rørtes der ein stad på strandvollen straks hitanfor tangvålen. Byskje og stein hadde rørt på seg så smått, heile tida, men dette her var ansles: det snudde på hovude. Han la til børsa, og spente hanen. Martin kraup litegrand attende, merka han, og broren med. «Skjøt, skjøt!» gjeispa dei.

Det vart utrivelig lenge før skotte kom. Det kom som ein dott i øyra på dem, og det gjekk ei stund før dei vann seg til og la på sprange. Odin såg dyre vart liggande og spenne i vollen. 110Det rann som ei avmakt over han. Da hørte han det klask unna føtene på dem bortpå valen, dei trødde for tvert i vassdeplar og blautleira. Da først snudde han og la i veg etter. – Vent! ropte han, men det var ikkje noko mål i han. Midt på valen sprang han seg på Karen-Anna. Ho tok hardt i han:

«Kjem du da?»

No kom dei andre to slengande attende, småflirande. – Du sikta no ikkje lel? Du såg ikkje noko?

«Børsa?» mumla han, men så sansa han at han hadde henne i handa. «Han datt no,» sa han, og så tok han og bles utor børsa.

«Ja!» sa Karen-Anna.

«Ja, da kjem det an på korles det går,» sa Martin.

«Han datt no,» tok Odin oppatt. Dermed tok han børsa på aksla og gjekk, og dei etter.

Dei la over om at dei skulde sjå dit morgonen etter. Martin var ikkje viss på om trolldommen hadde det med å verke fort. Odin hørte det knapt. Han hadde gjort ifrå seg sitt. Sia vart det alltid ei råd; – det kjentes så tomt med denne trolldommen no, liksom smellen hadde sprengt han, og Odin tykte han hadde vore berre småguten her for litegrand sia.

Han glømte fadervåre da han hadde lagt seg.

Morgonen etter stal han seg i veg tidlig, hadde ikkje tida til å vente på dei andre, for sjøen flødde. Hadde han eit daut sjødyr liggande 111vestpå stranda, da hadde han vunne for ålvor. Hadde det fare sin veg, så var det ikkje stort kleinare; det var farlig, men det vart alltid ein utveg.

Det var friske, gode morgonen. Vestavinden hadde fått skya på jag, og no bar det austover med henne i flokk og floke. Det stod ei jakt nordover leia, vart han vâr, og ho låg flat som ei tik, så kvite skomgaren valt unna henne, – slik skulde han òg fara ein gong ja. Han måtte stane litt og puste seg opp, før han la til over høgda på øya. No var han der.

Han vart ståande flein-øygd. Det kom reint bort for han. Nedpå stranda stod Martin og broren og såg på ein dau saukropp. Han hørte dei lo til han: Det var berre ein sau du skaut! Du har skotte i hel ‘n – det er Gråvêren hans Bendek!

Ja, der låg han, og dette var Gråvêren; fanns ikkje veg utomkring det nei. Tunga utgjenom kjeften, og auga halvopne og glasne. Der, bakom øyra, hadde han fått eit hagl.

«Du e no gaukjen du!» lo dei.

«Men æ trudd da ikkj det va ein retteli sau lel,» sa han med seg sjøl.

Ja, dei skulde ikkje nemne orde om det, sa Martin.

Odin såg tomt og flatt på han. – Det kjem aldri opp, trøsta dei. Og børsa, sa Martin, børsa vart ein like slug på for dette her. Det var han Bendek, ventelig, dei venta på.

112Odin hørte det godtsom ikkje. Gråvêren var dau, og børsa hadde han fare med uloves, og i morgo kom han Bendek heim. Han Bendek, sa det innvendig ein stad, oppatt og oppatt. Ho Gurianna var like rar å tenke på, ho òg no.

Denne gongen kunde han ikkje kjenne det vart ei råd. Og i morgo var det juleftan.

«Æ angra ikkj på det lell, æ,» sa han og smilte til dem. Det bevra oppi brunene.

Og det visste han var sant, da han gjekk heim. Angre ein ting han hadde gjort, det kunde han ikkje.

Berre han vilde spakast med vinden, så han Bendek vann seg heim!

Bendek kom stintande inn sunde straks føre middagen juleftan; han hadde rodd heile natta å kalle, for da var han litt spakare med vinden.

Odin var alt ved godt mot. Gråvêren var no bortkommen like vel han, hadde aldri komme heim med live meir; og når ein vart vaksen, kom ein ut for mangt slag som var verre. Og styggmakta i sjøen og marka hadde han gitt ein skrell. Det hadde lysna, tykte han. ja, og ein saukropp vart han alltid mann for å skaffe dem att. Likevel fekk han ein styng, da Bendek snakka til han. For han såg med ein gong, at Bendek hadde kjøpt med seg eitkvart til han, til jul. Elles var det ikkje så overlag høgt opp til Bendek, når ein såg vel etter; for det om han visste om mangt som var til, og hadde fått børsa si fordømt. Han kom til å trenge hjelp ein dag.

113No skulde han fortele dem nytt, sa Bendek, da han sat og fekk seg mat. Han togg lenge. Jau, han kunde helse dem frå Gravêren. Sladder og vas? sa Gurianna. Jau, det forstod seg. Om morgonen, da han rodde austgjenom sunde, da stod han nedpå Langøystranda og skjønna på båten. Var det vår da? sa Gurianna. «Obetinget!» Bendek sette knivskafte i bordskiva,

Jaså, det var der han hadde halde til, skarven! Gurianna måtte mest flire. Ja, vi får i veg og hente han heim til jul, sa Bendek. Først eg får opp møllnaen.

Det var inga stunda før det var gjort. Så skulde dei sjå i det, om sjøen vilde falle ut så dei slapp åro over. Og sjøen han fall og fall, steinane på valen dukka opp ein for ein fort vekk, og no bar det i veg. Odin vart heime, han skulde bera inn vatn til helga.

Det sette til med kvelden og uvere straks. Det stod med blåsvarte veggen ute i vest og trua, og det eine vêrblinke lyste opp styggare enn det andre. Odin stod og såg dei kom stavrande oppetter vollen; dei kom så gammalt og tomhendes.

«Vi fann’n ikkj, det vart fer mort,»Forfatternote: mort ɔ: mørkt sa Bendek, han slo vatne utor skinnhuva.

Odin stod litt først, liksom han ikkje hørte det. Så seier han:

«Låg’n ikkj nedpå vester stranda da?»

114Nei, var det likt; der var han ikkje; og sjøl visste han kor han heldt julkveld.

«Æ skautm med oterbørsa æ trudd det va’n trollsau.»

«He? Ka du sei fer slag? Skaut’n, sei du?»

Det tok tid før det beit på dem. Det bar inn med dem, og lampa vart tendt, men Odin visste ikkje korles han hadde fått fortalt det. Bendek tok ned børsa og såg i henne:

«Jamenn mein æg han snakka sant!» Han stod og stirde på Odin liksom han aldri hadde sett han før, men utan fiendskap.

No spurte Gurianna eit tak, og guten svara. Han vilde sjå om det var sant, sa han. Sant? At ho var fordømt, at ho var forgjord! Kva for slag? At han måtte på sjøen, den som skaut med henne oftare!

Bendek vart mørkraud:

«Kem som hi forteld deg det? Kem som hi sett ti dæg den strofa? Vil du ut med det?»

Odin tagde. Gurianna spurte om han hadde vore der i går og sett han. Ja, og han fortalte dem livaktig om tunga som han hang ut, og føtene som var stive. Da hadde storsjøen drege han utfor i natt, sa ho, for han var nask, det hadde ho hørt. Bendek kremta seg opp:

«Men svara mæg no opprekti, Odin: Kem som forteld dæg det der om børsa? Som narra dæg te det? Va det o-tye frå Jørnstranda? Da ska æg snakk med dem. Kan du ikkj svara da? Testa det no, Odin!» han bad så vakkert han kunde.

115«Det va æg sjøl som drap’n!» «Du vil ikkj ut med det? Ja, testar du det ikkj no på timen, så gjer æg dæg oløkkeli, æg jaga dæg på dør!»

Odin såg berre på han. Han var knapt attkjennande i andlete. Stua vart både tom og still. Bendek avlettast. Han trampa i golve: «Ut med dæg! Vil du pell dæg! utu mitt hus! Ut!»

Odin kvitna, men han tok huva bortpå vedkassa og kom seg ut.

Stormen og regne slo i kring han som eit vått segl, og mørkre var så tett han vart ikkje vår det. Først da han merka han hadde tulla seg av vegen, tok han til og gret. Når det lynte på det verste, stod han stiv og kleip att auga, og når toreskrellen kom, kvinka han og sa mor!

Han gjekk til han vart liggande, Ia seg for somtid og vilde døy, og for opp att og sprang eit stykke når redsla rann inn på han. Det var berre frammand mark allstads, blåbrune berg som lyne synte fram, og store ukjente steinar som kom imot han i mørkre. Utanfrå have kom regnelingane tråvande himmelhøge og kvite og vann innpå han, frøste i kring han og fór ifrå han. Tora rulla over fjella med stort og holt mål. Ein gong kom han i hug det var julnatta. Da stivna han så han ikkje fekk foten fram. Så glømte han det, visste ikkje av kor han stomla og gjekk.

116Somtid lysna det i lufta. Alle ting snudde seg og stirde på han. Da ønska han seg mørkre og regne att. Gong for gong kjente han att seg, men det var inga hjelp i det, han kom ikkje på kor han skulde. Ein gong datt han overende i ein einkave, og der vart han liggande. Han sov med ein gong.

Så var dei etter han, nokon med store tunge sjøstøvlar, det var juvikingane, sjølve bergtrolla. Han la i veg på nytt.

Verste uvêre var over no. Det var berre stormen att, og han hadde flådd himmelen berr uti have, så det lyste som ein halv dag innover fjorden, og marka lyste med, for ho var haglkvit etter siste elingen. Og det der, det var sommarfjøse i Kjelvika! Odin hiksta til og sprang nedover, sprang og datt og reiste seg, og så var han inne i lag med folk att, så utrulig det var, hadde gode varme utgangar-sauene rundt i kring seg. Enno var det att av halmen han hadde bore til dem til julkvelds, dei låg i julmaten sin, og der la han seg òg.

Utpå morgonen vaknar han med frost og ser seg forvilla i kring. Så får han ein liten knekk i seg, stiltrar seg ut og gir seg av stad. Det var grei veg til Vennestad no.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I eventyre

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I eventyre er fjerde bind i serien. Åsels barnebarn Odin blir som syvåring satt bort til en familie i Kjelvika. I romanen skildres hans oppvekst og barndom.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.