Arbeidet med dette bokverket har halde på i mange år, og redaksjonen har auka gjennom perioden. Parallelt har det også vore arbeidd med publisering av ballademelodiane, og etter kvart blei dagens redaksjon etablert. Norsk visearkiv starta arbeidet med å kartleggje og finne fram til oppskrifter av balladetekstar på byrjinga av 1990-talet. Universitetet i Oslo vart ein samarbeidspartnar, og i 2008 opna det ei nettside, www.ballader.no, med fleire hundre tekstar og melodiar. Nettsida vart etter kvart lagt ned, men arbeidet med ei vitskapleg utgåve med mellomalderballadar heldt fram. I 2010 inngjekk visearkivet avtale med Norsk Folkeminnelag, som tok på seg å gi ut ballademelodiane i sin bokserie, og seinare same år fekk arkivet avtale med Det norske språk- og litteraturselskap om å leggje ut tekstane på deira e-bokportal bokselskap.no. Dette er bakgrunnen for at tekstane og melodiane er publiserte kvar for seg. I 2014 gjekk både Norsk visearkiv og balladeprosjektet inn i Nasjonalbiblioteket, og arbeidet med balladane fekk fornya ressursar.
Ellen Nessheim Wiger, redaktør
Ellen Nessheim Wiger, fødd 1974, er cand.philol. i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo. Ho har lang erfaring med vitskapleg tekstutgiving og digital publisering frå Universitetet i Oslo (Henrik Ibsens skrifter) og Det norske språk- og litteraturselskap (bokselskap.no). Ved Norsk visearkiv var ho tilsett i ei prosjektstilling som edisjonsfilolog med tilknyting til balladeprosjektet og er no tilsett som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Wiger har vore redaktør for e-bokportalen bokselskap.no sidan 2010. I tillegg til å vere redaktør har Ellen vore ansvarleg for tekstkodinga og publiseringa.
Velle Espeland
Velle Espeland, fødd 1945, er mag.art. i folkloristikk frå Universitetet i Oslo. Han var dagleg leiar av Norsk visearkiv frå det blei oppretta i 1983 og arbeider no som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Espeland førelas om viser, viseforsking og songaktivitet frå 1970 til 2002 ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Han har publisert ei rekkje artiklar og bøker. Espeland var den som i si tid tok initiativ til balladeprosjektet og har vore med gjennom heile prosjektperioden. Velle har skrive halvparten av innleiingane til dei ulike balladetypane, i tillegg til å leite fram oppskrifter av balladar og vurdere kva balladetypar dei høyrer til. Han har også bidrege med sin kompetanse om den internasjonale balladesjangeren.
Liv Kreken
Liv Kreken, fødd 1969, er utdanna økonom og pedagog. Ho har arbeidd med prosjektleiing og rådgjeving både i kulturbransjen og næringslivet, i tillegg til å ha erfaring som visesongar og organisator i visemiljøet. Ho var styreleiar for Norsk visearkiv frå 2003, og frå 2008 blei ho tilknytt arkivet som arbeidande styreleiar med administrasjon og søknadsskriving. Ho er no tilsett som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Kreken har vore prosjektkoordinator for arbeidet med balladetekstane og -melodiane, og har administrert og samkøyrt dei to delane av prosjektet.
Maren Dahle Lauten
Maren Dahle Lauten, fødd 1984, har ein mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo. Ho hadde blant anna erfaring med transkribering av tekstar frå Trolldomsbasen til Universitetet i Oslo, då ho i ein periode i 2012 var tilsett ved Norsk visearkiv og fullt engasjert i balladeprosjektet. Ho arbeidde då med transkribering, korrektur og koding av tekstane. Dahle Lauten er i dag tilsett som rådgjevar i Arkivverket i Oslo.
Børge Nordbø
Børge Nordbø, fødd 1977, er mag.art. i norrøn filologi frå Universitetet i Oslo. Han har omsett fleire islendingesoger, vore redaktør i Norsk Ordbok og i prosjektet Ludvig Holbergs skrifter, undervist ved Islands universitet og Universitetet i Bergen, er fagansvarleg i Store norske leksikon og språkkonsulent i NRK. Frå 2015 har han vore tilsett som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og vore fullt engasjert i balladeprosjektet. I hovudsak har Nordbø arbeidd med transkripsjon av tekstar, men har også vore med på å finne fram materiale, koda og lese korrektur på både tekstar og innleiingane til dei ulike typane.
Elin Prøysen
Elin Prøysen, fødd 1949, cand.philol. i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo, med mellomfag i folkloristikk. Ho er også utøvande viseartist. Ved Norsk visearkiv var ho tilsett som edisjonsfilolog, og hovuddelen av arbeidet hennar der var knytt til balladeprosjektet. Ho arbeider no som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Ho har gitt ut fleire bøker med og om eldre viser, og i 2014 gav ho ut firebandsverket Alf Prøysen: Viser og dikt i samarbeid med Per Husby. Prøysen har arbeidd med transkripsjon, korrektur og koding av tekstar heilt frå innskrivingsarbeidet kom i gang på byrjinga av 2000-talet.
Astrid Nora Ressem
Astrid Nora Ressem, fødd 1961, er cand.philol. i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, med mellomfag i folkloristikk. Ressem var musikkfagleg ansvarleg ved Norsk visearkiv sidan 1996 og arbeider no som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Ho har publisert fleire fagartiklar om ballademelodiar og har vore medredaktør på fleire utgjevingar, mellom anna Olea Crøger: Lilja bære blomster i enge (2004), Balladar & blue Hawaii (2005) og Tradisjonell sang som levende prosess (2009). Ressem har vore redaktør for dei fire melodibanda og har generelt bidrege inn i tekstredaksjonen med sin kompetanse innan balladesjangeren.
Olav Solberg
Olav Solberg, fødd 1942, er professor emeritus i nordisk litteratur. Han har vore tilsett ved Høgskolen i Telemark og Universitetet i Oslo og har gitt ut mange artiklar og bøker om litterære og kulturelle emne, mellom anna doktorgradsavhandlinga Den omsnudde verda : Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993) og, saman med Bengt R. Jonsson, «Vil du meg lyde» : Balladsångare i Telemark på 1800-talet (2011). Solberg har vore pådrivar for ei vitskapleg utgåve av balladar i Noreg i mange år, og saman med Velle Espeland er han ein av Nordens fremste ekspertar på balladar. Han har skrive halvparten av innleiingane til balladetypane og vore med på å vurdere kva oppskrifter som skal med, i tillegg til generelt å ha bidrege med sin kompetanse på fagfeltet.
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Dette bandet av Norske mellomalderballadar – Tekstar inneheld ei edisjonsfilologisk innleiing, eit tittelregister, og tre fagartiklar om dei norske mellomalderballadane.
I tillegg til dei generelle fagartiklane har Velle Espeland og Olav Solberg skrive kortare tekstar om balladetypane. Desse står som innleiingar til kvar enkelt balladetype i tekstbanda: Naturmytiske ballader, Legendeballader, Historiske ballader, Ridderballadar 1, Ridderballadar 2, Kjempe- og trollballadar og Skjemteballadar
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.