Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Christiansund og Molde.

Agdanes er Grænsa for Trondheimsfjorden, endaa det heiter Throndheimsleidi langt vest og sudigjenom innanfyre Ørlandet og alle desse Øyarne, som Smyli og 266Hiteri er størst af. Der er Sund imillom, som Storhavet syger innigjenom, og sud mot Christiansund er den sokallade Talgsjo, der Havet stender sterkeste paa mot bratte Fjøllveggir, som hadde ei kvit Kanting af Skum liksom brusande Knipplingar nedlengft paa den myrke Kjolen af alle desse Møyar med sine Hovud mot Sky lenger og lenger innigjenom alt til dei lenger sud og aust likeins faa kvite Skaut. Eg var so glad i all denne Storm og Brjoting paa Skjer og i alle desse Fossar af Skum, at eg liksom ikki hadde Vit til at vera rædd, men smaasong paa Byrons «Apotheose til Oceanet» – – – – – –

Du Hav, du Moder Hav, eg elskar deg.
Det var den fyrste Ungdomsdraum af meg
som elskat Barn ved Bringa di at vera – – –

Det maatte vera lognare Sjø, tenkte eg, daa Slaget ved Solskjel stod her millom Skjeri. Harald Haarfager kom daa sud Leidi og møtte her Floten fraa Mørerne, som Folk tru.

Her ser det ut som eit Sprinkelverk med alle dei smaae smale Sund imillom Skjer og Holmar. Ut paa Hiteri (heller Smyli?) skal vera upptalt ikring tolv hundrad slike smaae Holmar med Sund imillom sovidt Baaten kanu fljota, stundom større og tidt endaa mindre. Det er fordetmeste snaude Berget og Raudlyng paa desse Holmarne, og likeins langt innetter Bergi, so der ser livlaust ut. Imillomaat er det no ei grøn Dokk, der ein eg annan Garden ligger og ein liten Slaattebakke som Turkekluten. Fyrr her kom Folk, og daa her venteleg var varmare, stod store Furuskogen 267her, som synligt er i gravne Myrveitur. Det kann no berre vera for Fisken og Handelen med dei indre Dalar, at Folk bu paa desse ugjæstmilde Strender, naar daa ein og annan betre og større Jordspotten verdt undantekin.

Christiansund ligger inn i eit af desse Sprinkelverk med Smaasund i Kross millom Smaaøyar, endaa Størsteparten af Byen ligger paa ei større Øy. Folk fær altid Blomar ikring seg. Det saag eg best her, for inni kver Sprekk af turre Berget var der ei Blomstersæng, som daa var svartnad etter Sjøfoket af siste Stormen. Det var ikki Kjøyreskeid i desse Goturne, skulde eg tru. Det var som Sætervegir upp i Kleivar og Hangar og Hamrar. Men det var koselegt millom desse gilde Hus for det meste. Det er ein god By Christiansund. Her er vel ingen By i Landet, berre Christiania, som vekser so fort, no sidan det er komit Stans i Stavanger, ettersom Sildi dreger seg nordetter til. Christiansund ligger so til ut mot Sjøstroket, at denne Byen maa veksa, solengi Fisken ikki minkar, for Throndheim ligger nord for langt inne og likeins Molde sunnanfyre. Og til Bergen maa det meir og meir verda for langt for Nordlendingen, som no altfort maa draga seg til Trumsøy, endaa det er no so rart med ein slik større By som Bergen, der alt er at faa for Nordfaren. – Aalesund vekser og fort, for det ligger likeins betre til, og som Christiansund kring Torskefisket paa denne Leidi.

Her er mange dygtige Handelsmenn her, som i dei seinare Aar hava tekik paa at føra Turfisken i Smaakistur til Vestindia istadenfor som fyrr mest berre til Spania. Det er vaagsamt med det, at Fisken kann 268verda utskjemt i all den Varmen; men den som kjem vel fram, svarar seg so godt, at dei halda paa med denne Utskiping. Det var forvitnelegt at sjaa desse Smaakisturne og den fine flekte Fisken lagd i Lonir (Stabeler) mest som Flatbrand. Det var so reint og fint paa desse Sjøbudir og so frisk ein Tev, at eg ingenstad hever set Handelen so godlidande. Og reint utmerkt upplyste Handelsmenn var eg likeins so heppen at raaka paa her. Det var endaa sume, som kunde tala um Kunst og boklege Ting som studerade Menn af det betre Slaget. Og so var det no so rikt og vel stelt i mange Hus og slik ein Hugnad i det Heile og slike fagre Damur at det er knapt eg kann halda Pennen fraa at ravla ned ei Vise.

Men, her var mest som i Skien otte nie Aar sidan, daa Lammers var i beste Bragen sin, at desse upplyste Folk vaaro liksom bundne af den faakunnige Mengd, som hardstyrde Byen med Trudomen sin, og det er altid for faae upplyste Folk i slike Smaabyar til at standa imot denne raae Magt for det fyrste, som paa gamal Vis trur seg gangande med Sanningi i Fikka si.

Det var ein ung Prest som paa vanleg Vis førde denne sjuke Trudomen hit, og daa han imot Sedvane talade rett godt for seg, so kastade han Sykjen paa det arme uvitande Folk, for dei Upplyste lego berre og riste paa Hovudet aat det, soleides som det altid verdt gjort; men paa vanleg klok Vis leto dei som ingenting var, for slikt maa hava si Tid liksom ein annan Farang eller Umgangssykje; og so gagnar det aldri eit Grand at tala imot solengi det stender paa; det verdt no berre 269til det, at Folk tru, at du er eit gudlaust Menneskje. Det hadde heidat af det verste, daa eg var der, endaa der kom den eine Dagen ut eit Spursmaal i Byens Tidende, um det ikki skulde verda meir af med den Afgjerd, at denne Presten skulde koma dit til Saaluhjælp attaat. Slike Stykki som det i Morgenbladet um Lammers og i Vetr um desse nymodens Liktalur er til stor Velsignad i denne Tid og for slike undertrykte Stadar. Det lettar som at faa af seg Mara.

Der ovanfyre Byen er liksom eit Vakthus ut til Havet. Paa det fann eg og min gamle Ven Ole Vigs Navn og mintest daa, at han hever skrivet ein rett god Song um Usynet yvir Havel, naar Soli siger ned i det. Det var vist herifraa han fekk Tanken. Han var her i fleire Aar som Skulemeistare, og ei Gjente herifraa sat i Hugen hans all hans Dag. Eg spøkte tidt med honom yvir det, at ein Mann ikki fær fraa seg ei slik Hugkjenning, naar det er raadlaust at faa det fram; men her sat eg saarhugad og saag paa Navnet hans og tenkte Paa, at det ikki var lett for ein yngre Mann at bu her og koma usaarad herifraa. Det er ikki fritt for, at det siter ein Agnor atter i Hjartat mit med, og det so aldrande Karl som eg er, endaa eg trur no, at desse yngre ero vænare enn dei eldre. Og dette sama vil til all Lykke ein Mann segja etter mi Tid og, naar han som eg siter her upp med Vakthuset og finner likeins Navnet mit paa desse utkrotade Veggirne.

Her er litit Grand Trelast her med, som kjem innantil fraa Fjordarne, og denne Lasten er som all den nordanfjøllske so reintvegjen af Slagregnet og so raud i Adelen (Malmen) som fint friskt Kjøt. Det er Fjøll270furu, maa vita, um det so er ned med Sjøkanten. Desse Plankekostarne saago mest etelege ut imot den graae Lasten her sud; men so er ogso denne raude Fura brøysk som Pipestylken.

Straks sunnanfyre Christiansund er det gamle Freidøy, der Egil Ullserk ligger nedgraven i Haugen sin. Sudigjenom Landevegen til Molde er ein djup Dal rett som du skulde fara haagt til Fjølls med bratte Lidar yvir Hovudet dit og det beste Gjeitebeite. Bekkirne hingo etter Regnet som Sylvbordur ned etter Fjøllsidurne. Det var god Jord ned i Dalbotnen langs Fjorden, og Mannen, som skytsade meg, talade so viist um Jordbruk og um Stellet med Garden sin, at det lovade ei god Framtid. Han sagde, at han hadde slutat med Sjøbruket, for det var berre til Armod, naar Mannen hadde Jord. Naar no den Tid kjem, at dei, som hava Jord driva godt den, so vil det koma Folk, som berre driva Sjøbruk, og daa kunna baade Ting drivast betre, og kver altid hava nokot af si Drift at selja, so det ikki er som no, at du tidt ikki kann faa fersk Fisk der tett inn med Sjøen, og det endaa tidt ikki i desse mindre Byarne, for der er enno ikki komne Folk, som liva berre for sit Bruk; men paa gamal Vis driva dei det eine attaat det andre, og so verdt det Tufs med altsaman.

Eg spurde denne Skytsmannen, um han aatte Gar den sin. «Aa nei, Gud naa’s», svarede han, eg er skuldig heile 4 hundrad Dalar». Eg kunde ikki annat enn læ aat dette, etterat eg hadde høyrt um Gardens Afdraat; men Tingen er den, at Hundradet for Garden her svarar til Tusindet paa Austlandet og vel so 271det, og eg meinar ikki med Austlandet ikring Christiania og dei andre Øyarne, men lenger paa Landet sosom ikring Mjøsen, paa Ringeriket og ikring Byren. Og endaa var det ikki meir enn ei god Mil til Christiansund fraa Garden aat denne Mannen, so det kunde ikki vera den meir tungføre Handel som i mange Fjøllbygdar, og her kann all Afdraatt paa Baat førast til Torgs. Og Jordi er ikki tyngre at driva her; det saag eg vel. Det maa vel vera mange Grunnar, som gjera dette, og ein af dei største maa vel vera det gamle Stell i eit og alt med Drift og Handel og Vandel. Vaare Jordbrukslærarar, som Rikskassa sender ikring, burde løysa slike Spursmaal, so me kunde faa ei Samnlikning millom Dyrleiken af Jordi i mange af Landsens Bygdir. Det er ein Bergrygg yvir, fyrr du kjem sud til Raumsdalsfjorden, og fraa denne Ryggen ser du Fjølltindar austetter af eit Slag, som du ikki er van ved. og til lenger du kjem sudetter Strondi mot Molde til fleire Tindar ser du af Raumsdalsfjølli. Som eg sagde, pigga dei seg upp som storknade Havsbylgjur og kvelvde Baatar. Det er nytt endaa for den, som er fødd upp millom vaare andre Storfjøll. Naar Landet verdt rikare, og Utlendingen fær større Smak paa det, maa Molde verda eit Como og Schweitz, der rike og livsleide og sjuke Folk liggja mest um Sumaren for at sjaa aust til alle desse Fjølltindar og djupe Dalar. Naar denne Fjorden er still, og Kveldsoli skiner paa desse Fjøll, maa her vera likso stort som yndefuldt. Vedret var ikki godt, daa eg var der, men endaa saag eg nok til at segja, at eg ikki hever set Maken til Samsyn i det Heile, um enn Gautstad og Rundarne fraa sume 272Kantar sjaa større ut. Her er eit heilt Belte, her, og alt af eit annat Bergslag; og so Fjorden og denne koselege Fanestrondi inn med seg! Og so kann Ein med Eimbaaten fara sud til Tresfjorden og inn til Vevlungsneset, og so kjøyra uppigjenom denne makalause Dalen, og so nedatter og nord og innigjenom Fjordarmen til Eikisdal. Det er so villt, at det kann skaka alt dette. Her kjem no ogso Aars aarleg Engelsmenn, som mest liggja og fiska i Rauma ned under Trolltindarne paa søndre Sida og Raumsdalshornet paa nørdre. Eg saag nokre der so kryltne yvir Hærdarne og so skrylteryggjade og skjeivlebeinte, at eg kjende deim bakfraa lang Veg.

Paa søndre Sida af Fjorden fraa Molde ligger den kjende Vestnesmyr, som det somykit er skrivit um. Det er ei stor Myr, men sovidt eg i den Hast kunde sjaa, so er ho ikki af det beste Slaget; men der er endaa komne gilde Vollar. Det er Synd, at so stor Kostnad og so god Vilje ikki skal svara seg betre. Der er ei Myr mest likeins i Soløyr, og det er ille, at Magt og Hug og Dug heller skal skræma Folk fraa slike Gagnverk, afdi det af eit Raam ikki vardt lagt paa rette Staden. Likeins er det med Austmyri inn med Throndheim. Det er upplyste landskjære Menn, som hava lagt seg um denne Myrdyrking, af di dei saago, at Folket ikki hadde Vit paa det; men det vardt tekit for stort i paa desse Stadar, som ikki vorde valde med Skynsemd. Slikt hever det likeins gjengit med mange af vaare Landbruksskular og eit og annat Stell med Hjælp af Rikskassa til Framhjælp af Jordbruk og Feavl. Uvise Folk taka Rædsla af alt dette og meina, at 273det Gamle var best; men dei kloke vita, at Landet som kver einaste Mann maa læra seg fram gjenom Mistok, og dei takka likefullt dei Gjæve, som fyrst vaaro ute, um Verket endaa ikki svarade til den gode Viljen. Det er rett som her skulde vera ei Ulykke paa dette vaart store Stræv etter at skapa varig Velstand i Landet. Men gjenger det traatt og uheppet fraa fyrst af, so skal det vel verda somykit betre paa Slutten, naar me faa lært.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.