Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Det fyrste Synet

163eg saag – ikke af Throndheim – men af ei fager Dame paa Dekket, det var blankt det. Det var Lykke, det var so manntykt, at det kom Sky framfyri Soli, so eg ikki vardt glimen i Augo.

Det er merkjelegt med alle dei væne Kvendi der er i Vestbyarne inn med Sjøkanten, alt ifraa Grimstad og nord mot Trondheim. Anten det no er Fisken eller kvat det er, som gjerer dette, er ikki godt at vita; kanske det ogso er for den Skuld, at desse Byar skulle hava nokot attaat Fisken at skipa ut, for sjølve Byarne hava inkje Bruk for alle dei Blomekinn og blaae Augo, og um det var Rum for Alle, so ero dei fleste for gode til slike Afkrokar, som kunna berga seg godt med eit ringere Slag. I Bergen kann det endaa so vera, men ellers er det Prydnadsfolk for Kongsgard og Framtidsfruer for Landsens store Menn. At sjaa slike Englar gifte med ein Driftsmann, ein Skipare, ein Fiskehandlare o. s. v. og det helst i slige Smaabyar, er som at sjaa Stasfolen spend fyri Steinslodda. Stygt men sterkt vilde vera høvelegare for slike Folk. Vænleiken skal sitja paa Straa og som Soli vera ute skinande paa Livet. Eldre og ljote Folk skulle slita, men unge og fagre verda sparde, til deira Tid kjem; med Damur maa det imindsto vera so.

Dersom denne Dama hadde vorit heime i Hovudstaden, so vilde ho som ei Laura hava eldet up mangein 164Petrarca af alle dei unge Menn, som ganga paa Storskularna der inne, medan eg aldri kan tru, at ein Mann betre ganar Sild og flekker Tosk for det, um han seer paa slik ei Morgonsol.

Den fagre Gjenta skal ut og blenkja
og læra Gutarne stort at tenkja.
Den fagre Gjenta skal sviva ut
og te seg frem for den gilde Gut.

Den væne Gjenta skal slik Ein hava,
som hena frir fraa i Mold at grava.
Den væne Gjenta skal slik Ein faa,
som hena setja kan haagt paa Straa.

Den beste Gjenta stuld’ altid vera
for den, som kunde det Beste gjera.
Den fagre Gjenta skuld’ faa seg den,
som meire kann enn dei andre Menn.

Syngjande paa denne Visa saag eg inn mot Throndheim og ut etter Fjorden, der eg totte gamle Langskip komo dragande inn. So saag eg paa denne Drosi;Dros, ei fager staut Gjente; ei Nedledros, som hever mange Nedlar for Vænleiken sin. men daa eg ikke kjende hena, so var eg like nær; men eg gjorde meg altid Erend, so eg kom dit, der ho var, og letst som aldri var. Kom eg i Samtale med ein Mann, so drog eg os altid burt aat hena, og gild var eg, daa eg visste ho høyrde ei lærd Samtale eg hadde med ein Mann um Throndheimsfjorden herikring i 165Forntidi. Han var af det Slags Nordmenn denne Mannen, som var mest gild af det gamle, og den Dikting, som talar um Sverr’ar og Haakon’ar og Trygvasynir, og Odalsbøndar og slikt, medan eg meinte at Notidi var betre, og at Framtidi maatte verda endaa betre. «Sjaa her», sagde eg, «denne vesle Baaten med sine fire smaae Kanonur vilde vist kunna hava skotit i Søkk heile Olaf Trygvasons Flote, daa han siglde herut ifraa med Ormen hin lange, som vardt bygd der burt i Bakken. Og hadde ikki denne Baaten magtat dette, so vilde St. Olaf, som her ligger med ikring femti Kanonur og femhundrad Mann have gjort af med alle dei Vikingflotar, som al sin Dag have siglt her inn og ut, um so heile denne store Fjorden hadde vorit tekt med slike Skip som Domkyrkja der inn paa Land med Koparplaturne sine.»

«Ja», svarede han, «men kver Mann var sterkere daa».

«Det kann eg aldri tru; imindsto viser ikki dei fundne gamle Vaaben og Herklædi, at Folk var større daa. Dei Storkjempurne, som talast um i Sogurne, ero uppskrøytte, so dei sjaa tvistore ut som ein Mann skrøyvande i Himlesyni mot den myrke Bakgrunn. Han ser tidt ut som eit heilt Tre so i Dimmen mot Graaljosingi og Kvelden. Og so var det faae af desse. Der er likso faae store og sterke Likam som store og sterke Aandir. Det kann vera ytt som bytt med det. Ovkarlar i Haand eller Hovud er sjeldfengde. Naturen hever aldri liksom havt Raad til at gjeve mange i Senn af det Slaget. Det er med det som med Vænleiken», sagde eg, og saag burt paa Drosi, som gav meg eit 166Augnakast, so eg kjende, at det tok til at brenna i meg. «Det er Folk framifraa (Geni) allesaman desse og alle like gode og gjæve til sit Bruk og si Tid. Og her liver den Dag i Dag likso store og sterke Menn som Harald Haardraade og E. Skallagrimson og Olaf Trygvason og Kjartan, som kappsvam med honom der inn i Viki. Eg skal no under Krøningi visa deg ein Herførare likso sterk som nokon af desse, og Maken hans bur paa Austlandet. Eg hever kjennt Folk likso spræke som Gunnar af Hlidarende. Det døydde nokre Aar sidan ein Mann i Mo Sokn, han het endaa Thorgeir Haugo, som vist var likso spræk og sterk og med likso vilt Mod som Skarphedin. Berre han og desse andre hadde livt i den Tid og med all den Tamen (Øvelsen) i Hopp og Sprang og Vaapenleik, so vilde ogsaa dei have vordit Kongar og Fyrstar, naar Landet som daa mest hadde trengt til slike Kjempekarlar. Det var som eg skreiv:

I gamle Dagar galt det paa med Kniven godt at kjøyra.
Det galt ein Mann at kunna slaa
i Svime under Øyra.
Den, som slog bedst, saa Blodet rann,
den Mann var Landsens største Mann.

Nei Manna-ætti, som hever livt so lengi og skal truleg liva endaa lengr, veiknar ikki og eldest af i so kort ei Tid som tusend Aar. Det er berre ein Dag det, som det stender i Skrifti. Eg tenkjer meg Mannaætti enno berre som ein villstyren Gutegap paa femtan 167sekstan Aar. All denne Krigen og all denne Trudomen er Barnamerki. Ja, Folk vilja vel slaast um Matbiten so lengi dei liva, men det maa verda paa en litit annan Maade.

Eg visste ikki rett kvat eg mest skulde bisna paa: Nidarholmen, Byen Domkyrkja, Ilevollen, Nidarosen, nord til Hlade, upp til Sverresborg eller Drosi. Dersom eg hadde kjent hena og fengit setit og godrødt, so hadde eg no gløymt alt for henar Skuld. Ja, eg gjorde endaa dette, berre for det, at ho var nærare. Det var knapt eg gaadde dei mange Krigsskip, som laago der skjotande paa Havnen. Det heiter at vera giftar blind, naar Folk sitja som eg sat her i eit slikt Sjonløyse (Syn-).


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.