Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Domkyrkja

(stender det i Sjælens Luth)
«som udi syv hundrede Aar
har været navnkundig i Norden;
den drukket har mangen Gjenvordigheds Taar:
tre Gange er brændt udaf Torden;
ved Fiendens Vold
til Hesternes Stold
den ogsaa forandret er vorden.»

Ja, ho hever drukkit mangei «Gjenvordigheds Taar» det er vist og sandt det, og hadde ho ikki vorit so uryggeleg bygd, so hadde der no ikki stadit atter Stein paa Stein. Men der stender mykit atter enno og det endaa det bedste, som er Sacristiet (det Heilage). Det er dette, som no er Kyrkja. Den gamle Storkyrkja stender berre atter som ein aflang. taklaus Firkant med 174Muren uppikring Vindaugom og Durakvelv, forfaren og studd og lappat paa mange Maatar. Domkyrkja seer ut som vaart gamle Tungemaal no. Her er atter Stubber af det, og det som gode er. Men mykit er reint burte. Dei store Langveggirne standa snaude, og der finnst snart ikki eit uskadt Ord. Det er som her i Kyrkja. Kver Stein er sprukken og Utkrotingar og Knipptlingar og Krusar og Rosur ero anten utslegne eller skjekkte og skjeivde. Paa St. Petrus er Nosi burte. Judas hever mist Pungen sin. Lucas eit Auga og ein Arm; Matheus er hovudlaus; paa Johannes er Tennerne utslegne. Af alle disse mange gamle Steinmenn er der ikki ein med so heile Limir, at han kunde liva. Og slikt so er det ogso med alle desse Uskapnader. Af alle desse endelause Blomar i Stein er der ikki ein so uskadd, at han kunde gro. Endaa i dei finaste og lettaste Bogar, som enno standa atter, er der utfallne Stykki og Stubbar. «Personer» og «Casus» er anten burte eller ogsaa skjekkte og skjeivde paa. Dette er endaa ikki det verste. Men so er der bygde stygge Graasteinsmurar imillom, og Glugg fylde med rukkutte Kampestein, og so er der kalkat og klint, og lagde grovhogne Bjælkar og skjeldtiljat (panelet) og tekt liksom meir til eit Nautefjos enn til eit Guds Hus. Det er mange af desse nyare Ord, som ero klinde inn i Maalet. Og det er i Domkyrkja som i Gudbrandsdalen, at «Accusativ» er sett for «Nominativ», «os» for «me» (vi). Det er endaa godt, at det er slikt, for i desse lange trælbundne arme og uvitande Aarhundrad var ikki eigong so mykit ventande. Det var ikki arme Trælars Verk at halda sit Maal og si Kyrkje i Stand. Folk maatte sopa ut 175etter dei svenske Hestar og halda Messe, so godt dei kunde. Dei maatte bera ut Steinrøysar, som rullade ned fraa Taarn og Kvelv; dei maatte draga ut brende Bjelkar, som hadde støyrt Hovedet af St. Olaf med den eine Enden og slegit ut eit knipplingat Vindauga med den andre. Dei maatte brjota ut Kanonknlur, som saato i Suler (Søiler) og svarvade Steinbogar som i blaute Leiret; dei maatte skrapa af den gamle Forgylling eg klina etter med Kalk og Leir, og fella inn Steinar i dei gapande Hol. Dei maatte setja ei Pigghette til Taarn, og halda Slagregnet ute med Innmuring og Dytting. Og endaa er her so mykit atter baade af Maalet og Domkyrkja, at her inkje verdt gjort nokot so godt no, naar berre dette Gamle verdt hegnt um og stelt paa med Kundskab og god Vilje. Men at setja alt i den gamle Stand er umogelegt utan at finna paa nokot, som korkje er det eine eller det andre. Koret er enno med sine Bogar og sit Knipplingsverk so stort og upplyftande for Tanken, at sjølve den nye Trefoldigheds Kyrkja i Christiania derimot er som eit Kræmarhus mot eit gamalt adelegt Slott. Lat so det Sunderbrotne standa som eit Afminne; alt dette ihop bøygjer ned og reiser upp Tanken meir, enn um det var heilt altsaman. Her lesa me vaar Histori i Stein. Mannsaldrar af vaart Folks Trældom og Armod sviva i Ringar yvir Hovuvet som tykke Torebankar. No saag eg Soli; men Ingen veit, naar ho kann verda dytt atter og Ljonelden slaa ned.

Domkyrkja likjest ogso dei gamle Psalmer. Slike Kyrkjur og dei gamle Kyrkjepsalmer med Melodier og Orgelet vorde ogsaa gjorde i sama Tidsaldren. Der 176er som i dei gamle Tungemaal store stive «upersonlege» Setningar med mjuke og lette Bøygingar i kvert Ord, i kver Stein og kver Tone. Det er Taarn og Bogar og Suler som sveiva seg like Andarpustar upp mot Himilen. Der er ein Blanding af mjuke og stive, af kjærlege og ukjærlege Tankar, af Folkeskikk og Villmannskap, som alt med eit Kunstord verdt kallat Romantik. I Orgeltonen og Psalmurne høyrer du, og i slike Kyrkjur seer du den gudelege Mannen, som vader i Blod til Knes for at taka inn Christi Grav, men ranar og dreper og hatar som Villmannen. Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti. hever gjengit etter. Ægyptens Pyramidar og Colosseum f. Ex. i Rom merker den ville eller halvville Tid, daa ein einaste Mann kunde bruka Millioner til sine Paafund. Medalaldrens Domkyrkjur og Psalmur standa atter som Merki etter Trudomens ville og fossande Ungdomstid.

So er det sagt. Og vist var det, at eg liksom gjekk og rødde med Medalaldren, da eg var inne i Domkyrkja og foor ikringum ute og saag paa hena. Eg vardt rædd den Tid, som kunde leggja so mykit Arbeid paa eit einaste Hus, og setja Folk til at grava og spøna i Stein alle dei Krusar og Knipplingar, liksom det skulde hava vorit i det blautaste Tre. Det er trulegt, at Bygmeistararne vaaro komne fraa Utlandet, fraa Kyrkjebygningarne ikring Rinen f. Ex.; men eg kjende liksom den norske Treskjering med alle sine Utkrotingar i alle desse Hyrni og Karmar og Durstokkar og heile Tilbunad. Kanske heller vore Treskjerarar hava lært af dette. Det meste er no ein blautvorden Stein fraa eit 177Berg derupp i Strindi: men det maatte vera seint nok at Prikka ut alt dette likevel. Det var no Lykka den, at der i den Tid var Pengar nok til sligt Bruk. Skikken var den daa, at Folk grov seg sjølve inn i Bakken som Reven for at hava Raad til at byggja so uhorvelege Kyrkjur. Det var for at verda sæle, maa vita, og det vilde dei arme Krokarne gjerne; og til meir uvitande Folk ero, til gridugare ero dei etter det. Det er den raae Sjølvkjærleiken, maa tru; derfor drap og plundrade dei ogso Andre for at koma til Himils. Det var no paa denne Maaten dei fleste Pengar komo inn til denne Kyrkjebygnaden. Naar ein Viking saag eit Handelsskip, so lovade han ein Fjordepart eller so paa Lag til St. Olaf, dersom han vann. Paa den Maaten slog han tvo Flugur med eit Smikk: Han vardt baade rik og sæl sjølv, og St. Olaf eller Domkyrkja fekk ogso nokot. Der kom vel mangt eit Gullstykke inn Olafsokdagarne, daa der til Throndheim komo somange altifraa andre Riki for at beda til St. Olaf baadi for sine Brot og Sjukarne sine; men Presteskabet tok vist Broderluten af denne Intekt, so det meste til Kyrkjebygnaden og Olafsskrinet og alt det Sylvet der var kom vist fraa Røvarar, som viste at tena Gud og seg sjølve paa sama Tid. Det var ei lettvind Gudstru det. Ja, det er likeins i uvitande katholske Riki enno, so me just ikki turva ganga tilbake til St. Olaf f. Ex. for at sjaa Folk lesa Messa baadi fyrr dei slaa Mannen ihel og etterat dei have turkat Blodet af Haandom.

Det meste af dette Kyrkjesylvet vardt tekit burt af dei Danske, som førde inn den Lutherske Kyrkjeforbetring – det vil segja dei nækte (blottede) Kyrkjurne og 178leto Folket vera lika uvitande. – Men det meste af Sylvet sokk ned ut i Enden paa Throndheimsfjorden ved Agdanes. Der blæser stærkt der, so dei gamle Skip lett kunde ganga til Grunns. Rikdomen aat Kyrkja foor altso sama Vegen, som han var komen. Ransmannen ranar Ransmannen. Det er Verdenshistoria fraa ein Kant. Solengi Verdi var slik at me kunde vera Vikingar beint fram, solengi vaaro me rike og ei Rædsla for Verdi. Og solengi hadde me ogsaa ei Domkyrkje og eit Tungemaal. Men daa den Tid kom, at me skulde liva af vaart eiget Land og endaa gjeva det beste fraa os til eit Land, som daa var sterkare – det er Styrken som verdt spurd etter – daa miste me baadi Kyrkje og Tungemaal. Og me ero enno ikki eit større og betre Folk, enn at me maa vera glade ved at slita paa Stumparne.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.