Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Fantefylgi

Lesaren maa ikki tru, at eg vil skriva stort um Fantefylgi, etterat Eilert Sundt hever skrivit ei so god Bok um slike. Eg vil ikki tapa i Tevling.

Men der er ein Ting hjaa desse Fantefylgi, som Andre ikki hava skrivit stort um, og det er um denne 154Ting, eg mest vil skriva her. Eg møtte tri fire Fantefylgi paa denne mi Langferd; det fyrste eg møtte var inn med Kongsvinger; og i alle desse Fylgi, som paa eit Par Stadar bere var Mann og Kone, der saag eg, at Kona sleit og bar paa Born og Annat, og Mannen gjekk som ein Herremann baadi betre klædd og med mindre Byrd paa Rygg og i Fang; det var so Sveiten silade og rann af den arme Kona, og Mannen gjekk liksom ein Uppsynsmann tidast med ei Byrse i ein Fetil um Oksli. Dette var, som me lesa um alle ville og halvville Folk den Dag i Dag, og i gamle Dagar vita me, at det var likeins hjaa os, der Trælar og Kvendfolk gjorde det tyngste og Gardsarbeidet, medan den frie Mann gjekk i Strid, og i Fred skjefte Pilir og Øksar og ellers gjorde nye Vaapen og blenkte upp dei gamle. Derfor var det eit stort Sneidord at segja til ein Mann, at han gjorde Træle- og Kvendeverk, sosom at gjæta og mjolka Gjeitar og ellers at slita med Gardsdrift. Mannen livde liksom meir paa Stas, han, og i den Tids Aand er ogso det skrivit: «Mannen er Kvinnas Hovud,» og «Kvinna skal vera Mannen lydug,» og alle desse Ord, som Parfolk faa høyra, naar dei verda vigde.

Fantefolket er soleides eit lærerikt Folk, for eg saag paa dette Kvendetrælet og denne Mannafridomen med sama Auga, som naar eg ser eit Bein af eit utdøytt Dyreslag. Eg drøymde meg tilbake til Jødeland og vaar eigi gamle Tid og var liksom med desse nye ville og halvville Folk i Sud og Aust. Vaare beste Forfeder ærade ellers ofte Husfrøya.

Slikt Kvendeslit er nokot af det fælaste ein Mann 155kann sjaa. Det er den verste Strid mot Naturen, som finnst. Paa den kvendelege Skapnad er det snart at sjaa, at ho ikki er skapt til Tungarbeid, og hennar Kall som Moder visar dette endaa betre. At sjaa ei Kvinna «som lagar til» etter denne fine og sanne Ordlagnad i Folkemaalet, at sjaa hena slita og slæpa er nokot af det mest uhyggjelege som finnst; ja sjølve Dyr ero ikki slike, for dei spara og kjæla for Moderi, naar ho er i det Tilstand. Dette sagde eg til den eine Fanten, som hadde si Kone so, og skjæmde honom ut for han let hena slita og bera slik, daa ho var so lagad.

«Aa,» svarade han, «ho berer nok likegodt for det.»

Men ho sat sveitt og arm paa ein Vegastein og tok til Graaten.

At ikki vaar Ætt for Aartusend sidan er vanslektad og minkad burt, so her no berre verdt fødde Dvergar! og at ikki all vaar Andar-Eld er sløkt ut i vaar Moders Graat, daa ho sleit og bar os!

Eg fekk paa eit Skytsskifte ei framleg Mærr for Kariolen. Det var ausande Regn, og Mannen sjølv, som skytsade, vilde fort fram og slog paa.

«Aa dit Beist,» sagde eg, «slaa ikki! du seer vel, korleides Mærri er lagat. Kanske ho gjenger med ein Kapplaupare, som kann gjera deg, Fanten, rik, og som du med eit einaste Svipuslag paa Moderi kann gjera til ein Vantrivning; og ho stakkar, som kanskje berer paa slik ein Son, er for god til Svipa.»

Men dessverre, me turva ikki ganga til Fantefolket for at sjaa Kvendi sette til Slitustræv, og det endaa medan dei laga til. Det er so, at Kvendi faa det tyngre og tyngre, til lenger Livet siger ned i Villskap og Ar156modsdom. Paa Kvendearbeidet sial eg kjenna Bygdarne liksom Dyret paa Tonni, og eg skulde gjera eit Kort yvir Landet med kvite og svarte og bleikare og bleikare Prikkar, ettersom Kvendi hava det til; og dette skal ogso nettup svara til Upplysningi og Aakerbruget og det heile Stell i Livet, som verdt armare og armare nedetter og meir og meir kvendehardt, alt til det kjem so djupt, at korkje Kjærleiken elder Vænleiken elder Kvendskapen finner nokon Plass i det.

I mi Fødebygd, saag eg vel, at Kvendi maatte slita tungt, og til armare og meir uvitande Folk var, til meir sleit Kona. Men ingen Stad paa den Kanten var Kvendi med at slaa Høy; dei breidde berre (rakade med Riva), og heller ikki hogg dei Ved annat enn so paa Sæteren og i dei verste Hytturne. «Kvendi faa det aldri til at bita» og «Kvendi forstanda seg inkje paa Bitjarn» er gamle Ord. «Naar Kvendi slaa, er det som ein tannlaus Øyk skulde hava farit der,» min nest eg tidt Fader min sagde. «Baadi deira Skapnad og Klædebunad er i Vegen for skikt Verk som at beita Branden; alt det som høyrer til Odd og Egg er ikki Kvendesak.»

No skynar eg vel og skulde kunna leggja ut den djupe og sanne Folketanken, som Fader min i desse Ord lærde meg i sit Diktarmaal. Desse Ord, at Kvendeskapnaden ikki er lagd for Odd og Egg, er ei heil Livslære um Kvinnas rette Stilling i Livet, naar desse Ord vordo lagde ut i ei Bok.

Nei det er Mannen med sine kvasse Knokar, sine berre og stride Sinar og seige Segar (Muskler) og – Styggleiken sin, som er skapt for Odd og Egg og tungt 157Slit. Kvinna er den mjuke rullande Bylgja. Mannen er det faste Land, og ho er Havet, som ogso altid er kallat Livsens Moder.

Men i desse søndre throndheimske Dalar (kanskje ogso i dei nørdre og mangestader i det Vestanfjøllske, for der fekk eg inkje sjaa det) her i desse throndheimske Dalar saag eg Kvendfolki ganga i Skaaregang med Mannen og slaa; det var den fyrste Staden her i Landet, eg hever seet det so aalgjengjelegt, og naar dette er sagt, so er alt sagt um Bygdartilstandet og det heile Stell og all Sedhævd (Cultur).

Daa eg der paa ein af dei større Gardarne saag ei framleg Kona (kanskje ei Gjente) ganga med Orvet og slaa og bryna, daa kunde eg ikki eigong segja: «Her er mine Dyr,» for desse ero af eit mykit betre Slag; eg maatte segja med Tysken: «dette ligger ned i den sekstande Kjellaren.» So langt nede er det.

Og merkjelegt nok! Ljaaen beit ikki so klent endaa; men eg kastade Skræppa og tok Orvet og brynte og sagde: «So skal de slaa!» Og so skjæmde eg paa Mannfolki, som leto Kvendi staa og gjera slikt Tungarbeid.

«Aa dei maa vel gjera nokot dei ogso,» svarade Mannfolki med sine raude Huvur og gapande Munnar og daude Augo. Slike Menn maa slike skamslitne Kvendi føda og bera.

«Er dette det gamle Thrøndelag,» sagde eg med ein Suk. «Det er inkje Under, at de hava mist dikkar Infinitiv og alle Fleirtalsmerki og stytt af alle Ord baadi bak og framme, og gjort det gamle Orgel, som dei gamle Sogur (Sagaer) ero skrivne i til eit slikt 158ljodlaust Hærkemaal paa den Tunga, som er trælkat so at ho liksom knapt kann røra seg.» Den eine Armodsdomen henger ihop med den andre, maa vita. Eg laut her umskriva for meg paa Norsk den Songi af den gamle græske Skalden i Byrons Don Jau (Canto III v. 86), der han samanliknar det gamle Grekarland med det nye. Der var no vel ikki so gildt i det gamle Thrøndelag og so daarlegt i dette nye derimot; men her i det Sudthrondheimske var der laakt nok, so det vel kunde hava gjevet ein Diktare harmfulle og syrgjelege og spottande Samanlikningar med den gamle Tid. Daa eg saag Kvendi slaa, daa braut imindsto desse byronske Vers fram i Minnet mit:

Du Grekarland med Øyar ved!
Der Sappho elskad’, song og brann;
der Kunsti grodd’ i Krig og Fred;
der Delos voks og Phøbus vann.
Ein evig Sumar gyller der;
men alt seig ned, paa Soli nær.

Og Scians, Teians Diktar-Aand
og Heltens Horpe, Elskhugs-Kvad,
dei Gjetord fann, som Heimsens Strand
slog burt i dumbe Fødestad,
og Ljodet lenger Vest dei bar,
enn Fedres Sælu-Øyar var.

Dei Bergi saag paa Marathon,
og Marathon paa Sjøen saag.
159For meg, som dvalde der ei Stund,
fritt Grekarland i Draumen laag.
Paa Persars Grav eg kjende vel,
eg ikki kunde Vera Træl.

Fraa Bergets Brun ein Konge saag
Salamis, fødd af Sjøens Salt;
og Skip i tusend Tal der laag
med alt Slags Folk – og hans var alt.
Han talde dei i Morgon-Graa.
Daa Soli seig, kvar var dei daa?

Og kvar er dei? og kvar er du
mit Fødeland? Kring ljodlaust Skjer
no Kjæmpevisur ikki bu,
og Kjæmpebarmen slær ‘ki der.
Og maa so Gudehorpa di
forfarast i ei Hand som mi?

Men Gjetords Dyrtid bryter fram
bland dette bundne Folk i meg:
eg veit daa Fødelandets Skam,
so naar eg syng, so raudnar eg.
Kvat er det her ein Diktar naar?
For Folket Blygd, for Land ei Taar!

Er Graat og Blygd aaleine daa
for os? Vaar’ Feder gav sit Blod.
Jord, lat fraa Barmen din os faa
tilbake litt af Spartas Mod.
Thermopylæ verdt nytt endaa,
um tri for Hundrad tri me faa.

160Er alt daa stilt, som stilt det var?
ah, nei, dei mæla døydde Menn
som fjerre Fossen dette Svar:
«um berr’ eitt Liv seg reiser enn,
so koma, koma me vaar Veg.»
Men Livet berre tigjer seg.

Det faafengt er: slaa annan Streng.
Med Samisk Vin fyll Staup til Flod!
Lat Tyrken slaast for græske Dreng!
Vrid de af Scios Vinstokk Blod!
daa veit eg upp de risa vil,
og slaa med Skrik som Kjæmpur til.

De hava Pyrrhus-Dansen enn;
men kvar vardt Pyrrhus’ Phalanks af?
Af desse tvo, kvi gløymdest den,
som Adelskap og Mandom gav?
De hava Skrifti, Cadmus fann;
maa tru for Trælar meinte han?

Med Samisk Vin fyll Staup til Drag!
Paa Pergas Strand og Sulis Berg
er enn ei Ætt af sama Slag,
som Dorisk Moder gav sin Merg.
Der kanskje er eit Fræ lagt ned,
som Heraklider kjennest ved.

Skjenk Staupet fullt med Samisk Vin!
I Skuggen er ein Møyar-Dans.
161Or sigersvarte Augo skin
fraa glodheit Gjente med sin Krans.
Eg græt af slike Brjost at sjaa,
som berre Trælar søygjasøygja – gjeva at suga (die). maa.

Stell meg paa Sunions Marmor-Stup,
der berre eg og Bylgja ved
fær høyra Vekselsongi djup,
der eg som Svana døyr og kved.
Ein Træleheim verdt aldri min.
Tilhavs, du Staup, med Vinen din!


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.