Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Grauten paa Grut.

So foor eg daa nordigjenom desse Dalar og saag bratte Aakrar og Hus og Stell nett som i mi Fødebygd; men Jordi var for det meste betre her, og Stellet um mogelegt endaa klenare; men Folket var liksom meir talande, naar dei møttest paa Vegen, for medan dei paa mange Stadar ganga tigjande um kverandre, so hadde desse gode Sudthrøndarar altid eit Ord at 145segja sosom: «Det ferer uppetter. Det gjeng nedetter.» Og naar Ein stod still sosom ved Umkjøyring paa ei Bru elder upp i ein trong Bakke, so het det: «No, driver du der paa og stend!»

Det er snille Folk og med god Givnad (Begavelse) i slike Kunstir som Gravering og Treskjering ja kanske endaa betre enn i Gudbrandsdalen, Valdris og Thelemork, endaa alle vaare Fjøllfolk hava so god ein Givnad for slik Utkroting, at det ikki er godt at taka nokon framum Andre. Det er no ei unyttug Kunst dette, for der legger seg berre svarte Sauren i alt dette Krot, og er reint i Vegen for eit godt Bruk, sosom paa eit Knivskaft, og heller ikki er det ei Kunst, som adlar Tanken; men naar Folk vilja kaupa slikt, so er det for den, som gjerer det, godt nok. Den gode Smak og det gagnlege Bruk vil hava alt slikt Ty og Stell rett og slett. All slik Kroting og Rosing med Kniv og Spønejarn minner um Villmannen, naar det ikki kann koma upp til Kunst i Ordets beste Meining, og endaa er Kunsti af dette Slag i dei fleste Tilfelli verdsett for haagt, for sjølve Menn som Benvenuto Cellini ero Merki paa ei halvvill og kunstsjuk Tid, som kunde løna honom i Tusendvis for ein Saltkopp og ein Kjetil til Vigslevatn for Bispen af Salamanca.

Eg tok den nye Vegen, som verdt umlagd fraa Uppdal og nordigjenom Rennebu fleire Mil. Han er ikki færdug enno, men gangande paa mange Stadar. Det er ein staut gild Veg, og det kann vera Meining i at byggja slik ein ovgod og ovdyr Veg paa denne Hovudleid, endaa der er ikki større Godsføring, enn Folk maatte kunna berga seg med ein laakare Veg, naar han 146ikki som Vaarstigen var paa Livet, og ikki altfor hengjande bratt. Det beste er no altid godt nok, naar Landet hever Raad til det og ikki trenger til at gjera gode Vegir, ettersom Bygdarne koma fram til, men kann taka det med eigong, for so er det daa gjort. «Hever eg Klave, so fær eg vel Ku,» sagde Mannen, og i Landsens Hushald og til Bygdarnes Framgang kann dette med sama Retten verda sagt um mange af vaare Storvegir. Det er ikki her som f. Ex. i Ungarn og mangestadar i Amerika, at Vegen maa koma god, fyrr Landet kann odlast upp. Her er mangei Bygd, som ikki eigong er værd somykit, som den nye Vegen, ja, eg kjenner endaa Prestegjeld, som eg skulde kaupa for det, som Vegen kostar. Eit Par Mil og vel so det, skulde eg no ogso vist faa for det, som Vegen kostar her igjenom Uppdal og Rennebu. Ein Veg er ein Reidskap, og ingen klok Mann brukar dyrare Reidskap enn sovidt han kann slita seg fram og driva sit Verk paa beste Maaten. Kver Skilling formykit paa Reidskapen er eit Tap i hans Drift. Det er godt for dei faae Reisande at rulla seg fort fram igjenom slike Armodsbygdar; men det er dyrt for Riket, og den, som vilde fara gjenom Afkrokar, fekk somenn finna seg i at hava det mindre makelegt. Men altsom Bygdarne verda store og rikare, maa Vegirne verda betre og betre, for der er det ei Drift, som krever dyrare Reidskap og endaa kann svara seg.

Dette var mine Tankar, daa eg saag desse gilde Bruirne og store Murar og Mining gjenom Berg. So tok eg af Vegen nedigjenom Lidi til Skytsskiftet Bjørkaaker, for eg vilde taka nordigjenom Orkedalen. Der 147paa Bjørkaaker saag eg det gamle Drykkjehornet fraa Hol, som var borit fram paa Gjeftgjevargarden til Bisen for Kongen og dei mange Reisande til Krøningi. Det var ikki stort, so det var nokot at sjaa for det, men der var Sylv og Gullspengar paa det af dei mange Gaavur, som danske Kongar og andre Stormenn i dei siste tvo hundrad Aar hadde gjevit til det. Og so var der Aarstal og Minneord og Vers paa det til desse store Menn alt i denne nygamle smaklause Stilen, som me no maa læ aat. Ja, Folk fraa den Tid, det var Gutar, som kunde gjera Vers til Kongar og slike! Det var denne Bikkjebøyging i Rygg og Tanke, som altid er Trælens Merke. Eg saag eit slikt langt Vers paa Uppdals Prestegard af ein gamal Prest til Afminne, at ein af dei danske Kongarne hadde gjort hans Hus den Naaden at taka innum der. Slike Vers skulde samlast fraa alle Kantar af Landet til ei Bok, og det vilde vera ei forvitneleg Bok.

So foor eg nordigjenom denne djupe og vekstsame og fagre Dalen med Hegg og Hengebjørk og all Vokster, som det skulde vera her ikring Hovudstaden i tronge Smaadalar. «Orkla» rann med Stillvetne i djupe svarte Krokar inn med Bergoddar, og Skogen bøygde seg og kyste Aai, for det ho skar seg under Hjarterøterne hans. Eg vardt tankefull og kvad:

Du Skog! som bøygjer deg imot
og kysser denne svarte Aa,
som grever af di Hjartarot
og ned i Fanget vil deg faa,

148lik deg eg Mangein munde sjaa
og allrahelst i Livsens Vaar,
at han den Handi kyste paa,
som slog hans verste Hjartasaar.

Paa denne sama Garden Hol, som Drykkjehornet var fraa, er ogso ei stor Hengebjørk, truleg den største Nordanfjølls, medan Suunanfjølls ero mange slike at sjaa, endaa det skal vera vandt at finna ei Bjørk so luveleg med Toppar og Greinir, at ho seer ut som ein Sopelime standande paa Skaftet.

«Det var ein Fark,» sagde Eigaren, «som foor her og topphogg hena, daa ho var ung; men so vardt der lagt ei Steinhelle yvir Saaret, og so voks der upp desse fem seks Topparne istaden.

«Ja soleides gjenger det,» svarade eg, «Folk tru at gjera Vondt, og der kjem Godt utaf det; derfor skal du ingen Mann hata. Hadde her no ikki vorit ein slik ovundsjuk Arming, so hadde ikki denne Bjørki vorit til ein slik Hugnad for Mange. Eg veit likeins med meg sjølv, at mine største Ovundsmenn hava gjort meg det største Gagnet. Det var Mangein som liksom topphogg meg, og der voks fem seks Toppar istaden.»

At gjera Vondt so Mangein trur
og ferer fram i Syndeferd;
men Gud er god, og derfor snur
mot honom sjølv det Slag, han slær.
Og derfor heller Ingen er
som slik ein Arming litit sæl;
og um han ikki er os kjær,
so maa me vilja honom vel.

149Her nordigjenom denne Rennebudal er fagert og Bygdi er tykk, men dei fleste Gardarne ero alt bytte ut i so mange Smaalappar, at det er Husmenn den største Mengd, og so liggja Jordstykki paa gamaldags Vis um kverandre med Skidgardar imillom, so eit folkelegt Jordbruk ikki er tenkjande paa, um Folk var komit so langt, at dette ellers var mogelegt; men det er langt dit, for Husstellet og alt i denne væne Flatbygd var som i ei arm vestlandsk Fjøllbygd, svart og armt, og sjølv paa ein af dei største Gardar, der eg laag, ein Thingstad, um eg ikki misminnest, sjølv der var med Mat og Sæng og Husbunad som i ein Afdal paa Vestlandet. «Almuevennen» saag eg der, og so Skinnbøker svarte paa ein liten Hjell; men Folk var snille paa den Maaten, som slike Folk er det; og sume velskapte saag eg ogso liksom med Merki paa seg til at koma lenger fram.

Her var det eg saag den gamle Stova, som eg fyrr hever talat um, og som hever stadit solengi, for der var fyrr den Tru, at solengi ho stod, so vilde ikki ein Fjøllknatt, som henger lausleg uppyvir Garden, bresta ut og koma ned. No er det meste af slike Truir burte paa denne Kanten ogso, liksom all Tru paa Haugefolk og Huldre. Det er den sokallade Upplysningstid (dei Aufklärungsperiode) ikring nitti Aar sidan, som hever gjort dette, for her høyrde eg det sama, som eg visste fraa mi Fødebygd, at det var Folk fyri den Tid, som trudde paa alt slikt gamalt Trollskap, og so var det Faakunnige og tufsutte Folk fraa ei seinare Tid. Etter 1814 er inkje klokt Menniske vaksit upp med Tru paa desse Ting, og derfor vil eg segja, at me ikki somykit paa Bondebygdi fekk vaar Fridom daa, som me 150komo ut or Heidenskapen, for den politiske Fridom i slike Bygdar kann det aldri vera rødande um: anten dei standa under Tyrken elder Ryssland elder ero frie som me, det kann koma paa Eitt ut, berre dei no sleppa lettare fraa det paa mange Maatar; men i Folkets Meining um Riksstyret er det nett det sama. Eg kjenner dette sovel fraa meg sjølv og mi Fødebygd, at Ingen skal læra meg nokot annat i dette Stykket. Det var ein Mann og det ein Gjestgjevare, som aatte ein af dei største Gardar, han skytsade meg fram imot Ortedalsøyri, som endaa ligger i den beste Bygdi; men han hadde ikki meir Greide paa Landsens Styr og Stell enn aldri var og rødde reint som eit Barn. «Her er mine Dyr,» sagde eg atter med Robin Hood. Men dette var ogso ein snill Mann og hadde nokot Vit paa Jordbruk, so der er Von um Framgang, naar Folk taka Staven i andre Handi.

Fraa denne sokallade Jøtunstova i Rennebu gjekk eg ein Solskinsmorgon nordigjenom denne velsignade Dal, der Orkla (so heiter Aai) og Dogg i Morgonsol og dei lange Skuggar og dei bratte Lidar og dei fagre Gardar imillomaat kveikte meg upp til at syngja med Fuglen. So stupade eg meg ut fraa ein liten Bergnabbe og svam i Orkla og tenkte paa Loke, som skapte seg um til ein Laks, for eg saag Lakseverpe ikringum meg. Det maatte vera i ei slik Aa, at Loke gjorde dette, og daa var der ogso mykit meir Laks, so han ikki var so god at kjenna atter.

So gjekk eg og gjekk eg paa fastande Hjarta berre med ein Kopp Kaffe, alt til eg kom til Gjæstgjevargarden Grut; men daa var eg ogso solten. Denne merkje151lege Ting maa eg fortelja, for det, som kjem etter. Eg bad um at faa kaupa Mat; ja, Kona var snill, ho stakkar, og reiv Barnet fraa Barmen og spurde, um eg vilde hava Egg.

«Nei kjære, lat meg faa god Mjolk til denne Dugurdsgrauten, som ryker her paa Bordet.»

Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Ostegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen neg igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastronomi), der Grauten Paa Grut skulde vera fyrste Kapitelet. Storetarar skulde kjenna for ei Sæla det er, naar det soleides skrapar og riflar nedigjenom og river med seg gamle Matsyndir; men fyrst maatte dei liksom eg vera trøytte og skrubbsoltne og som ein Lutefisk utbløytte af Sveitting og Lauging.

Men alt som eg metnade, skoknade Eldhugen (Begeistringen) for Grauten og Læreboki: og alt det Svarte eg saag ikring af Fat og Spon (Ske) og Bord og Benk og Golv, alt dette gjorde, at eg berre reiv af meg den verste Solten og ikki vilde skriva ei lenger Lærebok enn desse Ord.

Fader til denne unge Husfrua, som eigong var Gardegjente paa Grut, og derfor ogso truleg fekk ein rik Gut, han skulde vera ein upplyst Mann, som eg ogso kunde sjaa af hans Skrift og nokre Bøker og Blad, men han var lenger ute i Dalen som Forvaltare paa 152eit litit Jarnverk, bygt af eit Lutlag (Actieselskab) der i Bygdi, men som dessverre ikki gjever stort annat af seg enn Tap.

Det er inkje Under, at Folk her Nordanfjølls og Vestanfjølls langs Sjøkanten saar mest berre Havre. Salt Sild og slik Havregraut er nokot, som kann bita og skrapa og kveikja upp det late Huglynde; og so er no Havren ein skik Slusk, at han kann veksa i kaldsur Jord, der Bygg og finare Kornslag døyr ut. Denne Griseskapen i Jordbruk er det nok som gjerer, at Havre brukast mest her, og det er ikki somykit den harde Sjøluft, som mange Folk tru. Eg saag dei beste Bygg-Aakrarne i vindale Bakkar, men det var paa Aakrar, der Grunnvatnet var veitat ut; og det var kloke Jordbrukarar, som sagde meg: «Der me ikki røkkja at grava Veitur, maa me saa Havre.»

«Me hava nok prøvat at saa Bygg, men det slær seg snart til Havre,» sagde ein Mann.

«Ja Bygget døyr ut i denne vaate og kalde Jord, og so gro dei faae Havrekorn upp, som altid her finnst imillom. Dette er Umskapnaden af Bygg til Havre, som de vasa somykit med,» svarade eg.

Havre og bitande salt Sild og svarte Hornspønir (Skeer) og Bastetresko og Bakmeis og svarte Skjyrtur og svart fillutte Alt det, som henger paa Folk og i Hus, sjaa dette er liksom gamle Guden Thor var etter «Harbardsljod» i Edda, endaa Thor var berføtt ogso, og det var no so som so med Bøkerne hans, men

– – – Meis hefi ek à baki.
– – – – –
át ek í hvíld
153áðr ek heiman fór,
silldr ok hafra,
saðr em ek enn þess.

(Meis hever eg paa Baket (Ryggen), aat eg i Kvild, fyrr eg foor heiman, Sild og Havre, og mett er eg enno af dette.)

Og eg tykkjest tenkja, at det var ved Orkla elder ei slik Aa, at han ropade etter Ferje, og Ferja var vel af eit utholat Tre, liksom ei Grisekupe, slikt som eg endaa saag Eikjur i Orkla enno.

Det er inkje Under, at Thor var ein Folkegud, for han var Kjøt af deira Kjøt og Blod af deira Blod og med all denne sin Tjodskap (Nationalitet) godlynd og hoggfim (svint til at slaa, gjeva Hogg). Det einaste unorske ved honom var, at han ikki tolde Skjemt, som det stender um i Øgisdrekka.

Eg forstod ikki rett, kor norsk Thor var, og kor sannt det er det, som stender i Visa: «i Fjeldets Søn jeg endnu ser et Skud af gamle Kjæmpestammen,» eg forstod ikki all denne gilde Nordmannskapen, fyrr eg aat Grauten paa Grut og hadde seet Hus og Heim og det heile Bygdestell med all den Havren.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.