Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

[Jarnvegen]

Mange meina, at aka paa JarnvegenJarn uttalast som Jann elder Jadn, paa dei fleste Stader som Jønn. Liksom Korn, Konn elder Kodn. Born, Bonn, Bodn osv. er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. Det er sama Drivkraft som i Hesten og meg og deg berre paa ein litit annan Maate, so det no ikki er værdt at tala um leide og keide Drivverk og slikt nokot, liksom det berre skulde vera Kol og Vatn og Eld og Malm. «Der er ei Livsens Aand i Hjulom,» som Profeten talar um.

Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget af vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa baade Sidur af Sigerskeidet:

«Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!»

6Og so rulla me fram mot Upplysnings og Jordodlings smilande Land, for det var sannt det, som Franskmannen Condorcet alt aatteti Aar sidan sagde:

«Her vil med alt vaart Stræv vera Villmannskap i Livet, til dess me hava lagt under os all Naturkraft, so me faa hena til at gjera for os det tyngste og grøvste Arbeid, so berre me ganga og sjaa etter som Uppsynsmenn.»

Det gjenger dei fleste Folk som meg, at dei slita burt sin beste Ungdomsmerg med at vera Hestar og det endaa tidt paa Ting, som jamvel Hesten er for god til. «Svarten» er, som eg kvad, daa Jarnvegen vardt opnad:

– – – – –
«Han Vegen ikki væter
med Sveitens fløymde Aa;
til Lasset han ‘ti græter,
som Husbond lesser paa.»

Og so sjaa me all den Uppdyrkning af Moar og Myrar og alle dei hyggelege Hus ikring denne Vegen, som eigong vil slengja seg fram berre millom bylgjande Aakrar og blømande Engir.

«Sjaa her,» sagde Engelskmannen Shaw paa ein af dei fyrste Utferdir, daa eg stod paa Kolvogni med honom, «sjaa her,» sagde han, visande paa raude Moar og blaute Gormyrar, «her er liksom tjuge Aar sidan millom Liverpool og Manchester, daa den fyrste Jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande Hagi.» –

Og endaa krevja Folk at faa Rente af Pengarne sine til denne Vegen! Kvat Rente fær vel Riket af alle dei Millioner, som det legger ned i dei andre Vegirne? –

7Nei Jarnvegen er rik paa Tanki og Framhug fraa kver Side, han verdt sedd. Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg.

Og Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom. Fridomen gagnar litit i Armodsdomen. Og all den Kjøyring maatte attaat Armod skapa Raaskap, for Hestehalen er inkje godt Nabuskap; han smittar, og derfor hever eg altid kjennt, at Hestehandlaren og Kjøyraren liksom hava ein liten Tev (fin Lugt) etter Hestehalen i Tale og Aatferd.

Beint burtanfor Stoppestaden i Eidsvoll der aust under Bakkarne liggja nokre gamle Gravhaugar, som Henrik Wergeland fekk i Stand eit Lag paa for Bygdarfolket. Der drukko dei, so dei laago ikring paa den gamle Vigvollen etter alle Kjæmpetalur og alt det Fyllestaak. Eg gjekk der kring og tenkte: «det eine var etter det andre paa sin Villmannsvis; men det var i Stilen af den Tids Nordmannskap, som mest helt sig til det Utvordes og til Kytord um «Fjøllets Son» og «Norafjøll» og «Bonden med Kufta blaa som Fjordarne sine.»

Det maatte vel til dette Utanpaahengde ogso, fyrr det Indre kunde koma. Men underlegt var det heller ikki, at Folk, som paa den Tid saago meir etter ein indre og sannare Nordmannskap, førde Strid mot slik Leven.

Eg vilde heller hava gjort eit Lag for deim, som kunde dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde.

Hjaa gode gamle Storthingsmann Lars Tønsaker saag eg det Sylvstaupet, som Henr. Wergeland gav til 8Eidsvollgjeld som eit Afminne etter seg til Riksskipnaden, som vardt gjeven der. Det var vel gjort at gjeva slikt til Eidsvoll, men Paaskrifti og Fylgjebrevet, som til æveleg Tid skulde fylgja med Staupet, var liksom, at det skulde vera nokot stort og minneværdugt, at just han gav dette. Eg maatte smila aat den gode Digtarens Faafengd og store Tanke um seg sjølv paa Sottesængi. Og eg maatte hugsa Theis Lundegard, daa han sagde det Aaret, han ikki var paa Storthinget: «Ja no undrast eg, korleides dei busa og basa og bera seg der inne i Hovudstaden, naar ikki eg er med!»

Ja, ja, me ero alle meir elder mindre so faafengde, at me tru os umissande. Men til all Lykke er det so, at

um store Menn dei falla fraa,
som Gras um Vaar me nye faa.
Den eine Mann er tidt ein Tolk,
men Tanken eig’ det heile Folk.
Er Tanken god, han liver daa,
for det um Mannen døyr ifraa.
Og kjem for det han burt eit Bil,
han betre atter koma vil.
Som Verdi gjekk, fyrr me kom til,
so etter os ho ganga vil.
Den største Mann, det stolte Syn
mot Folkets Sol er som eit Lyn.
Naar det er myrkt, det lyser bjart,
men blinkar burt, og alt er – svart.

Med desse Tankar foor eg uppigjenom Bakkarne til Skogen mot Odalen og snudde meg ikring altsom tidast og saag tilbake ned paa det fagre og rike Eidsvoll og uppetter Vorma mot Mjøsen og nedetter mot 9det grasgode Land og den kornvisse Jord i det store Nesgjeld. Det er eit Land med ei stor Framtid, og det gjenger baadi fort og vel til Upplysning og Magt.

Eg stod liksom paa den evste Fjøl af den smale Midten paa denne Kornbingen for Landet og saag Nord og Sud til baade Endarne.

Austyvir denne tvo Mil breide Skog er ein Gjeiteveg paa Forfedra Vis med Jordhyttur ikringom austigjenom ville Skogen, so der kom rjukande Røyken upp gjenom eit rundt Hol i bratte Bakken. Halvnakne Ungar og fillutte og svarte Foreldri komo ut or desse Jordholurne, liksom Folk segja, det er ikring Rom. Underlegt er det, at dei gode Eidsvellingar, som kor som er maa føda desse Armodsfolk, ikki heller hava deim buande nærare Bygdi, so dei laago lettare til og ikki turvte slita seg ut med at bera Matbiten sin upp i denne ville Skogen, som dei hogga ned der, meir enn dei vilde gjera lenger heime. Store Bygdar maa endaa meir enn store Byar byggja seg upp Verkmanna-Hus (Arbeiderboliger) baadi for at spara Husfang og Ved og hava sine Driftsfolk nær inn med Jordi, og so med dette sjaa betre etter, at slike Folk ikki ero late elder kasta si Tid burt til Unyttes; for den, som ikki kann føda seg sjølv, maa standa under Trugsmaal til at gjera nokot, naar han ikki er sjuk elder for gamal. Eit Starvhus (Tvangsarbeidsanstalt) maa til; det løner seg ikki endefram eit slikt Hus; men det løner seg endaa mindre slikt, som det er. For Letingen og Skarven vilde dette vera den beste Fatiklog. Ein annan Ting kann det vera paa Stader, der Husmannen hever Jord, endaa dette ogso er det gamle Armodsstell, som ikki dyrkar upp Jordi 10paa den rette Maaten, og øydelegger Skogen til Ved og alle dei Smaahus. Dette hever eg seet i nie af dei tie Tilfælli i dette liksom nyrudde Land, for det ser ut endaa i dei rikare og tettare Bygdarne, liksom Landet nyst var tekjet i Bruk af nye hit flutte Rudningsmenn, der ein og annan hadde klorat og gravit her og der burt i Bakkarne nokre Smaaflekkir, liksom naar Høns kara og spruta attikring seg, so der er ein liten svart Prik her og der millom Skogar og Røysar.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.