Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Komministeren.

31Komminister er Navnet paa ein svensk Prest, som svarar paa Lag til vaare «residerende Kapellaner.» Men det er smaatt med desse Komministerarne, og deira Ekkjur hava det mest som Ekkja etter ein Aalmugaskulelærare, det vil segja, dei hava ikki meir enn det, som Gud og godt Folk vil gjeva. Eg saag tvo Komminister-Ekkjur inn med eit Bruk, sitjande paa tvo smaae Husmannsplassar, som kanske eit Par Naut kunde verda fødde paa. Men Aalmugen var god mot deim, som saato atter – imindsto den eine – med mange Born; Plassarne deira vorde drivne af Aalmugen, som hjelpte deim snart med ein Hest og snart med ein Arbeidsmann ein og annan Dag. Stova var som hjaa ein annan slik liten Husmann, men reinsleg og med Gardinur fyri Vindaugom og Blomar ut i Hagen, so det var snart at sjaa, at det var upplyste Folk, som budde der, og hadde kjennt betre Dagar.

Det var rørande at koma inn i desse Hytturne og sjaa det upplyftande Stræv at løyna si Armod, liksom daa Iphigenia sveipte sine Klædi kring seg og bad, at dei vilde løyna hena vel inn, daa ho skulde offrast, for at ikki dei raae Augo skulde gleda seg, naar ho var livlaus eg ikki sjølv kunde sveipa inn sin fagre Likam.

Det var den skipande kvendelege Hand, som tvo alt blankt og skipade og stellte med Kopp og Kjerald og bøtte og gjorde nye Klædi af gamle, so alt var som rikt og spillrande nytt; derfor vaare ogso Borni deira reine og sømelege og saago ut til at koma til Manns. 32Eg kjenner inkje meir rørande enn at sjaa slike arme Ekkjur, og det er for os nokot utrulegt, at slike Folk kunna koma fram med alle sine Smaae. Derfor sagde ogso dei Gamle um slike Tilfelli: «Guds Magt er stor.»

Ei slik Ekkje lagar vist ogso den Komministeren til, som eg her vil tala um. Ho maa alt no løyna seg til at selja ei Tunne Korn, elder kvat det kann vera, af Præstegardens Afdraatt for at kaupa eit og annat Klædeplagg paa seg og Borni sine og ellers til Folkeskikk i Huset. Komministeren er ein so gamaldagsleg Mann, at han gjenger med Husets Lyklar og læser atter for Kona og Borni. Han er, ettersom det heiter i Brudrevigsla Husbond og Herre, og naar daa Kona stakkar er nøydd til at løyna undan og liksom stela fraa seg sjølv til Kaffe og slikt nokot, so verdt der Trætte i Samlivet baketter, naar Mannen gaar aat (wird aufmerksam). Det er truleg inn i Sverike som her, at Kona kan selja eit Lamb og banna paa, at det var Reven som tok det. So kaupar ho f. Ex. Kaffe og Sukker og Franskbrennevin for Lambeværdet, og gjerer med dette eit litit Lag for sine Grannekonur, medan Mannen er i Skogen, og fyrr han kjem heim atter, fara Gjestirne kver til seg, og Kona stryker ut alle Merki etter Laget og kastar Ullklutar paa Aaren for at faa ein Lukt, som kann røykja ut Gjestebodssmaken og Kaffelukten.» «Kvat Ulykke er det, som luktar,» segjer Mannen, naar han kjem inn. «Aa det var vesle Olaf, som slengde Hosa si paa Elden,» segjer Kona, og gjever Barnsungen eit litit lett Slag for at gjera det trulegt.

33Komministerens Kone teker det vel ikki just paa denne siste Maaten, daa Livet i ein Præstegard maa laga seg anderleides enn i eit norsk Bondehus af dette ringe Slag; men daa Mannen helder Klypa for Pungen, so er ho nøydd til at stela or Huset og skulda paa Katten og Reven, og alt det, som til er; og so er no Mannen jamleg drukken, so han ikki gaar aat so lett! men naar han gjerer det, maa det bera til med Trætte og all den hjonlege Hushugnad (egteskabelige Idyl), som slik Aatferd fraa Mannens Side maa føra med seg.

Frua vilde, at dei skulde kosta nokot paa Borni sine og faa deim upplærde; men Komministeren vil heller paa gamal Vis vaka yvir sine Pengar og aldri koma i Legevoll for ein Brennevinsdunk eller Kortspilpengar, endaa Folk vilja snart ikki lenger spila med honom, daa han imillom, naar han tapar, byter um Kort i Stokken og løyner burt til Hougen sin Spilemerki (Chatons) fraa dei andre. Han er no aljamt drukken daa og gjerer det liksom for Gap, naar det verdt aatgaatt; men Folk tikja det er like utrivlegt for det.

Den einaste Kostnad han hever gjort paa Borni sine var at han ein Haust sende den eldste Dotter si ned til Carlstad for at ganga paa Danseskulen.

Som Lesaren alt vil hava seet, teker den gode Komminister seg ein Sup, so han for det meste er drukken, naar han kjem Paa «Husforhør» og siter og dubbar ned mot Boki, og spyr Smaagjenturne, um dei ikki alt hava fengit seg ein Festarmann, Smaagutarne um si Festarmøy og slikt nokot. So gnissa Borni og læ og lesa nokot attaat, og dermed er Husforhøret 34sluttat; men er der daa nyfødde Born paa Garden, so døyper han deim med det sama og fær seg ein «Daabsup,» so han slær tvo Flugur med ein Smikk; og so kjøyrer han heimatter so drukken, at han dillar og slenger med Hovudet i Kjerra; og naar han møter ein Mann paa Vegen, so beder han tidt um ein Sup, dersom hans eigi Flaske alt er tømd; og so krabbar han tidt inn til Landhandlarar inn med Vegen og kauper paa Kaggen sin; og so krabbar han likeins tidt inn i Skjænkehus inn med Vegen og leter seg skjænkja Øl og Brennevin af Kjøyrarar, for han veit so vel at spara, at han er glad, naar ein Saud i Kyrkjelyden hans vil gjeva Saalehyrden sin ein Dram og eit Glas Bayersk Øl. Tidt krever han ogso slikt af sine gode Soknefolk som ei Skylda mot Presten sin.

Eg talade um, at Komministeren døypte Born, naar han var ute paa sine Husforhør; og det er so paa den Kanten i Sverike, at Præsten helst skal heim og døypa Smaaborni. Paa denne Maaten kann vaar gode Komminister tidt koma ut i Bygdi og tena seg ein Skilling og faa seg mangein god Dram, for det er altid so, at Folk laga seg til med nokot godt, naar dei venta at formeira seg. Komministeren er ogso glad i alle desse Daapsferdir, og er so viss paa Garden som Gauken um Vaaren, naar Barnsungen er en tri fire Dagar gamal. Han maa hava sine Bodsendingar og Erindsveinar i kver Bygd, som segja honom til. Naar det daa er som ved Bruk, at mange Folk bu paa sama Staden, so hender det, at han kann fara fraa Hus og til Hus og spyrja: «er det ikki du og du, som hever fengit eit Barn, som eg kann døypa,» liksom naar ein 35Slipare ferer ikring med Slipesteinen i Gardsrum og spyr, um ikki den og den hever ein Rakekniv at slipa. Tidt hender det ogso, at Folk hava Gaman af at leida den gode Presten paa Villstraa. Han vardt soleides eigong visat til ein Ungkarl. «Du hever «ju» eit nyfødt Barn du, som eg kann døypa,» sagde Presten. «Nei langtifraa,» svarade Guten. «Aaa jauvist hever du det, berre du ikki vil ut med det.»

Han hever eit godt Næringsvit denne sama Presten og er sløg (slu) i Handel og Vandel. Det var soleides eigong, at han hadde selt nokot af Skogen, som laag under Prestegarden, den sokallade Kronskog. Men daa Presten hadde forselt seg, og han tregade paa Handelen, so var det ein Dag, at han kom til Kauparen og rødde um andre Ting og vardt som Prest og Seljare gjeven baade Mat og Drykk og alt godt, og med dette kom han liksom af ein Slengetanke til at tala um Handelen og bad um at sjaa Kaupebrevet millom deim. Han fekk det; men daa han hadde fengit det, stakk han det i Lomma si og vilde ikki gjeva det ifraa seg atter. Paa den Maaten slapp han ifraa den daarlege Handelen; men Mannen sagde: «eg skal læra honom til, um han so var Prest aldri so mykit.» Men eg trur no, at Mannen hever so stor Vyrdnad for Presten sin, at han ikki saksøkjer honom. Og denne Presten segjer vel som ein Prest hjaa os i Thelemork ikring fyrti Aar sidan, som ogso var um seg paa alle Kantar, og gjerne dreiv Hest og Buskap ut paa Grannens Eign. So hende det, at han som Fredsdomare (Forligelsescommissionær) skulde midla millom tvo, som hadde stevnt kverandre for slik Aagangsbeiting, og Presten rødde som 36rimeligt var. Men so svarar den eine Mannen. «Fa’r gjerer ikki sjølv, som han talar her.» «Nei det var vel det,» svarade Presten, «for eg kann gjera mykit, eg, som ikki du kann. Kann du vigja Folk? Kann du døypa Born?» «Nei Gud fri os,» sagde Mannen. «Ja so ser du,» sagde Presten, «at eg maa kunna driva mine Hestar og Naut der ikki du kann.»

Men denne svenske Mannen er meir upplyst enn hin Thelebonden, so Komministeren slepper kanskje ikki so lett fraa si Burtgjøyming af Kaupebrevet.

Eg høyrde denne Mannen predika ein Sundag i den fagre Kyrkja der var. Det var um Jomfru Marias og Fru Elisabeths Vitjing (Besøgelse) han talade, og han gjorde god Greide for sine Soknefolk um, korleides dei gode Damer vaaro klædde, kvat dei maatte tala um, daa Jomfru Maria var i velsignat Tilstand; og han sette Kyrkjeaalmugen livande inn i slik husleg Samtale millom tvo slike Kvendi. Han skal vera ein god Predikant.

Daa eg lo og rødde med upplyste svenske Folk um denne Presten, sagde dei:

«Du maa ikki døma vaart Prestestand etter denne Mannen.»

«Nei so klok er eg daa,» svarede eg.

Den svenske Arbeidsmannen er nøgsam og strævsam; det hava me set her, og dette saag eg endaa betre 37der inne. Men eg trur, at Mange slita so saart og liva so daarlegt, at dei orka mindre enn dei fleste af vaare Folk. «Sulten eter Sulten upp,» er det sagt, og «den, som tærer paa Mergen og sparer paa Mat, fær Sjukdom og Armod paa sit Fat.»

Denne Armod gjerer ogso, at slike Folk sluntra meir undan; derfor segja mange norske Driftsherrar, at dei ero betre tente med norske Folk; og dersom dette er sannt, so maa denne Ting ogso koma af det, at den norske Arbeidsmann hever vorit meir fri for hard og lydug Teneste og soleides fengit liksom større Sjølvstøda og Mannsære i seg. Me sjaa ogso her, at der paa dei Stader i Landet, som det gamle Leiglendingsvæsen hever vorit mest i Bruk, der er Aalmugamannen mindre litande paa og liksom meir lat og daud. Det strenge Styre trælkar Tanken liksom Kroppen; og so er det med Folk som med Dyr, at den sterke Bjørnen kann ganga beint fram, medan den veikare Reven maa fara i Krokar, og soleides setja List imot Magt. Naturen er so viis, at han gjever kver sit Vaapen, og Mannatanken gjenger den sama Vegen. Det er derfor urett at lasta og ikki søkja etter ein djupare Grunn.

Uppigjenom Vermeland fortelja dei gamle Sogur, kom Olaf Tretelja og hogg ned Skogen, som Navnet hans visar og rudde Landet. Af hans Ætt var Harald Haarfager, so vaart Skyldskap med Sverike er gamalt ogso paa Kongesida. Denne Vegen fraa Vinger inn i Sverike tok Egil Skallagrimson, og dei fleste norske Kongar, daa dei hadde Vermeland under seg.

38Norske og Svenske hava farit som Straumar aust og vest gjenom dette Dalføre. Men alle desse historiske Minni kunde, som eg alt hever sagt, ikki gjera meg varm um Hjartat, men tvertimot rædd den gamle Villmannstid. Eg kvad med meg sjølv, daa eg for yvir Riksgrensa:


Den norske og den svenske Mann
tidt møttest her som Staal mot Stein.
Dei gamle slost um Folk og Land
som Bikkjur um eit Stykki Bein.


Den eine vann det eine Aar
og drakk paa det i Mjød og Bjor,sterkt Øl.
men so fekk han sit Banasaar
af Son til den, han drap ifjor.


Ja, det var Folk, som saadde Hat;
og endaa Gud um Vokster bad!
Dei gaavo Ulv og Ravnen Mat,
og um slik Kjæmpegjerning kvad!


Dei gjæve Menn dei Vaapen bar
og berre foor med det, som beit.
Med Trælar Kvendi heime var,
og der med Gardebrukit sleit.


Der sjaa me Livets forneantike. Form,
som daa bar Gull og Ære inn!
Der sjaa me Folk, som saadde Storm,
og høystad derfor Kvirvilvind.


Og derfor voks der litit paa
den fagre Jord, som Gud deim gav.
Istadenfor sit Korn at saa,
dei heller Aakrar svidde af.


Den sure Jord var full af Kjerr;Buskads.
paa Eng og Aaker liten Gro.
Det hjælpte litt, um her og der
dei gjødde Jord med Mannablod.


Dei sat og kvad til Stridens Lov
af Røyken svarte i sin Heim.
Det heile var eit Liv af Rov.
Ah! Lat os røma ifraa deim!


Folk segja endaa, al den Strid
var likso god, som han var sterk,
og reisa Styttur denne Tid
for Menn af slikt eit Villmanns- Verk!


Lat Syndi sova i sin Fred,
men ikki æra hena slik!
Hu! Lat os ikki stiga ned
i denne Kjellar fyld med Lik!


At enno Liv kann verda født,
med Mod og Merg og Augo blaa!
og at det ikki er forblødt,
men Hjartat varmt kann enno slaa!


Naar slikt det toler, vist det daa
er skapt af rette ToStof. og Ty.
Det enno, um det leitar paa,
kann slaast som fyrr og aldri fly.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.