Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Kring Kongsvinger

er baadi rikt og fagert, og det verdt ein gild Kvilestad paa Jarnvegen til Sverike. Men so maa denne vesle Byen upp i Bakken verda flutt lenger nedaat Glauma. Naar der so kjem Jarnveg uppigjenom Soløyr ogso, verdt der Liv paa den Leid, og fyrst daa vil Skoghandelen der koma i full Gang. Skogen vert ikki so stor og tykk daa; men so vil eit litit Tre vera likso gjævt som eit større no, liksom me alt no sjaa, «9 Tom», er likso gjævt som nokre Aar sidan «12 Tom.»

41Eg ser derfor ikki so stor Ulykke i Skogens Minking, som Mange gjera, og paa desse Kantar vil han aldri verda so tunn elder afsnøydd, at der er nokon Faare for Øydelegging, daa der er so laaglendt, at han altid vil gro upp som Brodden paa Aakren. Men derfor skulle Folk likevel læra at hogga med Maate og ikki som stundom no til reint Skadedraap. – Der er livande Handel med Skog alt no paa desse Kantar, ja so livande, at Mange hava forhandlad seg, so der no er liksom ein Stur. Desse siste Aars Pengetid hever vel gjort sit til denne Stans; men Folk paa desse Kantar ero so kvike og modige, at dei lett forlaupa seg, og derfor maa dei liksom sova imillomaat. Dei ero kallade Noregs Fransmenn, og dette er ikki eit so usannt Ord endaa, for den seige norske Bonden er ikki so javnt at finna her. Der er Liv og lett Umtanke, og der er fleire Bønder, som lesa Tidender, her enn kanskje paa nokon annan Stad i Landet, imindsto er dette Tilfellet i Aasnes, som er utruleg langt framme baadi med Husstell og Jorddyrkning og den heile Livemaaten. Paa den sokallade Jadaruttalas Jar – liksom Jaren paa Klædi. Det gamle Jadar, no utskjemt til Jedderen, er sama Namnet. ikring Vingersjøen inn med Kongsvinger er det likeins, men Jordi er ikki fullt so sandutte der. Der er ellers upplyst og godt paa heile dette Strok; og der maa vera dei reide Pengar, som Skogen gjever, og dei mange Utferdir af denne Drift, som gjerer dette, for Jordi sjølv er ikki god men sandutte for det meste, og det i heile Glaumas Vatsdrag alt upp til Reindalen og ned, til Vorma fraa Mjøsen kjem ned i hena i Nes paa Romerike, for sidan vert der betre Jord kring Glauma af dei 42Kalkberg kring Mjøsen, som fyrr i Verdi vorde skavne til Mjøl af Is, elder kvat det no var, so der er Kalkleire ned igjenom heile Dalføret. Til nørdre Odalen og eit Stykki upp i søndre er ogso denne Leira og likeins nokot her og der uppigjenom Soløyr, og mest paa den vestre Aabradd. Daa Dalen var full af Vatn, maa Leiret hava siget ned paa Botnen af denne Gjørma og ikki sidan vera burtskylt elder Yvirfløymt med Sand fraa Raudkynningsbergi (Granit-) austanfor Glauma og paa baadi Sidur upp mot Tønset. Daa eg ikki er Jordkunnig nok, og heller ikke kunde merkja meg alt slikt, skal eg ikki tala meir um denne Ting her, men segja det, som kver kann sjaa, at Jordbotnen ikki er so god upp igjenom Glaumsdalen som ned igjenom Dalføret fraa Mjøsen, og at derfor aldri Jordbruket kann verda so godt upp ikring evre som nedre Glauma, og upp igjenom til og kring Mjøsen og endaa i sjølve Gudbrandsdalen, som hever fengit sit Mjøl skavit af Leirberg paa Dovre- og Jutulsfjølli, og af Nedras og Veder-Eting (Forvittring) paa sjølve Stadarne.


Her maa eg med det sama tala um nokot, som eg hever gledat mangein Mann paa mi Ferd med; og det er, at me eigong vilja faa eit Kort yvir alle Jordmerki og Bergslag i heile Landet, naar det er gjenomført, som den dugande Lector Kjerulf so godt hever byrjat paa med i sit Kort og Upplysning um Landemerket ikring Christiania og uppetter derikring. Riket maa løna fleire Bergkunnige til at sjaa vel etter dette, og Kjerulf, som alt er ein so navngjeten Mann i Jordkunna (Geologi) 43vil vera ein god Styrare. Fyrst naar me hava slike Kort, liksom me no snart hava alle sokallade geometriske Amtskort, fyrst daa vil Jordbruket faa sin sanne Framvokster, og meir Bergmalm af alle Slag verda funnen; og daa sleppa ogso Folk tidt berre at gjeta seg fram i denne Vegen liksom eg mangestader paa denne mi Ferd. Dette maatte eg paa ein Stad tala um til Tydning paa eit og annat, som kjem i Umrøda.

Det er eit af dei fagraste Utsyn i Landet at standa paa Kongsvinger Festning og sjaa Glauma ned i Dalen med Gardar paa baade Sidur ut og upp draga seg fram i mjuke Slengningar alt fraa ei god Mil upp i Brannvoll og ned framum Kongsvinger i stridare Straumar inn under den gilde Bru, som er bygd der i dei seinare Aar, og so ned igjenom Vinger mot søndre Odalen. Ned under Foten ligger sjølve Kongsvinger, paa vinstre Haand uppigjenom den gilde Brannvolls-Bygd og beint mot aust Vingersjøen med Jadarens store og riktbygde Gardar ikring Austsida, og so Fjølldraget med sine svarte Skogar mot Sverike burt mot aust og sudaust. Med riflutte Kanonur vilde Festningen strjuka og rydja Glaumas Austside og langt burt i Bakkarne, so han ligger laglegt mot Vegadalføret fraa Sverike; men skulde han vera sikker, maatte nokre hægre Bergkollar paa same Vestsida ogso verda feste, for det var lett at setja yvir Aai lenger uppe og nede og kringganga Festningen og skjota ned paa Nakken hans. Men det verdt med Guds Magt inkje af slikt etter denne Dag, og derfor er heller ikki Festningen væpnat; der er berre ein Kommandant (Sty44rare) med nokre Hersveinar, som ser etter, at han ikki verdt forfaren. I denne skyggefulle fagre Festningshagen millom Murar og Kvelv og paa dei bratte Kambarne var det hugsamt at ganga i Godvedret. Um Vetren maa der sno godt, og sjølv i dei varme Sumardagar er der frisk Luft og aalmenneleg Fred.

Der var gjæstmildt paa desse store velbygde og for det meste veldyrkade Gardarne, der eg var so heppen at vera kjend og koma inn; og var eg ikki kjend, so gjorde eg meg liksom kjend og fann meg til eit og annat for at koma inn der, som det saag ut til at vera nokot at sjaa og røyna. Der er Hus og Husbunad som i dei stautaste Bygardar og paa Skinnarbøl i Jadaren er det no reint som paa ein Kongsgard.

I Minneboki til ei Gjente paa ein af desse Gardarne skreiv eg, daa eg skulde reisa:

«Den Kvelden, du veit vel.
Fager var Kvelden, som her eg no vil
faa gjort til ei Visa.
Prøva eg vil, um eg Andre fær til
den Kvelden at prisa.
Midsumar var denne heilage Dag,
og Sol vilde dala;
Gauk og Smaafuglar dei sungo i Lag,
og alt maatte tala.
Skuggarne breidde si Kaape so blaa
paa blømande Engi;
Bakkar, som Kveldsoli vende ifraa,
sin Kyss hadde fengit;
endaa paa Aasar, i grønt og i blaat,
skein Soli og blenkte.
45Alting det raudnad: paa Farvel mot Nott
det sukkande tenkte.
Garden var stor, og ikringum eg foor
med «Damer» so gilde;
fagre dei vaaro, og klædde med Flor
og hjarteleg snille.
Uppetter Bakkar me sprungo so vidt,
og Gardar me saago,
likesom Born dei i Vogga so blidt
og drøymande laago.
Naar so paa Garden me atter kom daa,
i Hagen me gingo;
Rosur me plukkad’ med Piggarne paa,
og gaavo og fingo.
So ned paa Voll under Hengebjørk lut
me glade os sette,
saago paa Maanen, som steig fram um Nut
paa Kveldsky so lette.
Inn me daa gingo, for Bordet alt stod
so kvitande dukat;
Bordskikken var no so gamal og god,
som enno vert brukat.
Husmodri nett liksom Lauvbjørki sat,
og kringum seg sende
Gaavur dei beste af Drykk og af Mat,
som enno eg kjende.
Vermodri sat der, ei Verd som for seg,
ei kongeleg Krona;
staut var ho enno, og Aldren for meg
ho godt maatte sona.
Borni var med baadi store og smaa,
46so Laget var blandat,
liksom Smaabroddar kring Akset og Straa
paa Aakrarne standa.
Inn i Storstova so gingo me daa,
og der me os sette.
Godtfolk og Gud maatte Takken sin faa,
daa me vaaro mette.
Til eit Piano ei Dame daa gjekk,
og Hallingar spilad.
Dropar paa Kinnbeine kjend’ eg der hekk!
I Aadrir det silad.
Fager som Dagen ei Syster ikring
daa leikad og dansad!
Borni dei foro som Stjørnur i Ring.
Knapt kunde eg sansa.
Husmodri sat millom Alle i Fred
paa Himlen som Soli,
Vyrdnadsfull Godmoder saag paa os ned
som Kvelden paa Joli.
Godson den eldste til Byen daa tok,
daa Alt maatte enda.
Himlen paa nytt utaf Livet slik Bok
i Naade meg senda!
For slik ein Kveld, som imillom eg fann,
eg mykit kann lide.
Den, som kann takka for Hugnaden, han,
fær Magt til at strida.
Ulykka er, at me stødt etter godt
so griduge grava:
Faa me det Beste, det er os ein Spott,
mot det me vild’ hava.»

47Dette Slutningsvers sette eg ikki inn i Minneboki. Det henger ihop med dette næstsiste:

– Ikki um me kunde Himilen naa,
me endaa var rike.
lengtande maatte me Helviti faa,
som skapt er for slike.


Dersom denne Gjenta ikki alt hadde vorit trulovet so er det truleg, at eg var vorden forelskat; men daa eg paa mine eldre Dagar strævar etter at halda det tiende Bud, so skreiv eg Visa utan stor Elskhug; men nokot forelskad maa Mannen altid vera, naar han diktar, helst naar den væne Gjenta siter og ser paa, for det er med Diktaren som med Gauken, at han berre gjeler um Vaaren. Naar han hever funnit Maken sin, so tagnar han, for daa hever han fengit det, han gool etter. Det er likeins med Orren og Haren og mange andre Fuglar og Dyr. Og daa ero dei ogso blinde; ja sjølve den kloke Reven gjøyr daa, so Folk kunne finna honom. At det er likeins med Diktaren vita me Alle, og sjaa det no dagsdagleg af det, som Lassen skriver um Wergeland. Daa eg las dette, maatte eg tenkja paa den tullande Orren og den smattrande Tiduren; baade sitja blundande, og likso klokt er det, som desse Fuglarne føra i Munnen sin. Men daa eg veit, at Folk lika godt denne Galskapen elder rettare dette Naturband, som endaa Folk kalla eit fritt Val, so vil eg ikki vidare greida ut Sanningi i desse mine Setningar, men berre segja, at eg her som altid kvad med Byron:

48That womankind had but one rosy mouth,
That I could kiss them all from North to South.

(At Kvendekynnet hadde berr’ ein Rosenmunn,
so eg med eit kund’ kyssa deim kring Jordis Rund!)


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.