Det er so gamalt som alle Haugar, at Kongarne vordo krønte. Fraa India var vel denne Salving førd til Ægypten, og der hadde vel Moses lært hena af det vise Presteskabet. Det var baadi den gjævaste Presten, Propheten og Kongen, som vardt salvat i det bibelske Jødeland. «Og Yvirpræsten tok Oljehornet og auste paa David og sagde: no hever eg gjort deg til Konge yver Israel». Det er denne Presten, som ogso her salvar. Det er Bispen i Akershus.
Af tvo Keisarar, som slogest um Magti i det sokallede austlege Keisardøme ikring det femte Aarhundrad, 179fann den eine paa etter eit Bisperaad at taka upp den gamle Skikken og lata seg salva. Han vann for det sama, afdi den store Folkemugen saag i dette ei Innvigsel liksom af Gud. Sidan er Skikken vorden aalgjengjeleg ogsaa i desse vestlegare Riki. Men det verdt meir og meir aflagt i den nyare Tid, for mange Folk taka til at verda so vantruande, at dei ikki sjaa nokon Heilagdom i denne Oljesmyrjing, men tvertimot tidt spotta med hena. Og vist er det ogsaa, at mangein god Konge baadi hever livt og døytt i Magt og Ære for det, um han ikki var salvat; medan andre Kongar ero baadi afsette og endaa afrettede af sit Folk, um dei endaa i si Tid vaaro salvade, so det draup af deim. Det kann vel henda, at Prestarne no ogso ero for spare paa Oljen, for sovidt eg kunde sjaa, var det berre liksom for eit Syns Skuld, at Prestemengdi foor og smøygde med eit Horn (?) og smittade og smurde ein liten Sveitte kring den høgre Ulvleden (Haandled), og so vidt eg veit ei liti Dogg bak paa Halskvirvilen, og liksom med nokot Krossing fram i Panna. Nei, i eldre Tider var det nokot annat, for dei skolade vist og slog heile Hornet ned yvir Hovudet, so det var so det silade og rann, for det stender i Bibelen, at «han auste Oljehornet yver Kongens Hovud». Og for at kunna kallast ein Salvad, so maatte der no ogsaa nokot meir Olje til enn soleides berre at sveitta paa ei liti Dogg her og der.
Var eg Konge, so vilde eg ikki lata meg nøgja med slikt Smaatt, for baadi kunde Omstøytar koma og sjølv kunde eg koma til at forgjera meg mot Folkeviljen, so det var best at vera hugheil.
180Der var Stas og Heilagdom i Throndheim den Dagen. Eg hever aldri set slikt, og eg kann aldri tru, at Throndheim heller hever set Maken, for vel lesa me um stor Stas der fyrr i Verdi ogso, men det var liksom meir stort og sterkt og grovt daa; det var ikki dette lettande og luftande og gloande som no. Det blafrade i Vind og Sol Flagg i alle Fargar paa Skip i Havnen og yvir heile Byen, so Throndheim nærast saag ut som ei Osp, naar Vinden blekker og blæser i Lauvet. Det tuslar, og Fargarne glima i Soli upp mot den blaae Himilen. Munkegata – den vænaste Gate i Europa, segjer Leopold von Buck – Munkegata, som gjenger beint ifraa Domkyrkja nedigjenom Byen mot Ravnekloi, so heiter Fjøra der ned i Enden, som er Fisketorg; Munkegata, beint i Sigt med Munkeholmen der strax uti Fjorden, var breidd med raudt Klæde i Midten paa ei Bordbru. Paa baade Sidur var der Folk i Vindaugom og paa Husetok; og husimillom var der uppslegne Bordtrammar i Trappestig til at standa og sitja paa. Der var kransat med Folk og mest med Drosir som Blomar i lange Flettningar. Klokka tie kom den kongelege Ferd skridande ut fraa Stiftsgarden. Heroldarne gingo fremst klædde som Eventyr.som Jolebukkar, sagde Folk, som vilja vera kloke og gilde ved at gjera Narr af Alting. So komo Rikets Store med Riksflagget og Riksstaven (Scepteret) og Sværdet og Kronurne, liggjande paa Fløielsputur. Under sine Thronhimlar gingo Kongen og Dronningi med sine Hermelinskaapur, som Slæpet vardt borit paa. Det var straalande Hofdamer med det lange Slæpet til Dronningi. Fyri og etter og 181imillom gingo Landsens hægste Embættesmenn etter si Rang i sine gloande Riksklædi med Sværd og Greidur. Den heile lange Ferd kom dragende aalvorsam uppigjenom til Kyrkja som ein Straum af alle Slags Fargar fraa kolende svart til drivende kvitt med eldende raudt imillom. Inn i Kyrkja gleid og skreid Straumen, der Kongen og Dronningi sette seg i Kongestølir under Thronhimlar med Kronur paa fram mot Altaret med Hofdamer kring Dronningi og Kammerherrar kring Kongen og ellers utlendske Sendemenn og Rikets Store etter si Rang ned etter. I Altarringen stod ikring femti Prestar i sine kvite Serkar, og bak dei yndefulle gothiske Bogarne yvir Altaret saato dei gjævaste Damur i kvite Silkekjolar som Englar eller Duvur. At standa som eg gjorde paa Orgelet yvir Inngangsdyrni og sjaa fram yvir all denne Riksglansen i denne Kyrkja og høyra det brusande Songarlag med Musik til, og so naar Krøningi var fullførd baadi til Kongen og Dronningi høyra Kanonurne skaka Kyrkja, alt dette var slikt, at Maalet ikki eiger so gloande brennande Fargar, at det kann vera værdt at tala um det. Men vist er det, at eg enno ei Gong vilde fara paa min Fot allt til Throndheim, um eg kunde faa sjaa Maken til det atter.
Eg saag Drosi so langt ute, at ho vist ikki fekk sjaa den heile Storstasen. Dette var mi einaste Sut, som vekte meg upp fraa Draumen um, at eg var tekin inn i Berget og saag alle dei Eventyr, som eg høyrde, daa eg var liten, um Kongar og Prinsessur, klædde i Kveldrod med Stjørnur paa Klædom, og med Gullhaugar til Ljos, som blenkte og skein paa Sylvstoplar 182under Taket liksom Istappar, og med Dans af Skuggar etter Feleslaattir af Fossegrimen. Men det var fyrst baketter
Dansen
kom. Ja, det var Dans det. Men der var saa fullt, sjølv i den nye Salen, som Throndheim hadde bygt upp til det Bruk, at Folket stod der som Haar paa Hovudet eller Bust i Bosten, sveittande so det var slikt, at det silade og rann. Kongen, som er slik ein Dansemeistare, var i ei Sveittelaug heile Kvelden. Naar han og den svenske Hoffrøken leikade paa Tilja, det var Par det. Leon Gozlan segjer um dei franske Philosophar, daa dei vaaro i sine Aftenselskap, at dei vilde hava bodit Guderne til Kvelds med seg, dersom dei berre hadde trutt paa deim. Dette sama vilde eg hava gjort med gamle Odin og heile Valhallslaget, som fyrr var so bønsøkt og storvyrdt her i Throndheim og kanskje paa denne sama Tufti; men for det fyrste hever ingen Mann no Lov til at tru paa desse gamle Gudar, og dernæst so maatte eg takka til, at eg aaleine slapp inn, um eg ikke tok nokon med meg. Og so hadde der no heller ikki vorit Rum, for desse gamle Gubbarne vaaro rumstore dei, endaa eg trur vist, at sjølve Thor kunde hava sloppit inn i ein Sprikestakk (Krinoline) iminsto nedantil og uppetter, um endaa Livstykket hadde vordit for trongt. Men det gjekk ogso illa med Sprikestakkarne: dei vordo trykte flate og skakke; eg høyrde det knakade under Silken. Og daa eg gjekk heimatter den eine Notti, sveiv der slik ein kvit Skapnad fram fyri meg paa Gata i kvite Silkesko og skakke Sprikestakken, 183so ho saag ut som den fallande Fuglen med den eine afskotne Vengjen: ho skjente so paa Skjekke.
Det Beste verdt tidt lastat mest, afdi Folk anten ikki skyna det, eller og ovunda det. Soleides med den kvendelege Klædebunad. All den Strid, som er førd mot Sprikestakkar, kann gjerne kallast europæisk og vel so det. Likeins er det mest med kvert Plagg og kver Prydnad paa den elskelege Kvinna. Det er ikki so med meg, som altid hever trutt paa det gamle Ord, at Bukken kann sadlast, til han verdt god som Hesten. Og dette er endaa sannare for Kvinna enn for Mannen. Dette veit ho ulært af eit Hugskot (Instinct) og derfor ligger det liksom i Naturen hennar at pryda seg, rett som naar Pus siter i Soli. Ho veit med seg at det er ho, som skal syna fram det Fagre og Reine, for Livet vilde sjaa altfor ljott (uskjønt) og ruskutt ut, dersom det ikki vardt gjort finare, enn me Mannfolk kunna gjera det. Mannen er girug etter Ære og Kvinna eter Prydnad. Slikt drøymde eg tidt um paa desse Ball, for her saag eg best den kvendelege Prydnad i allt Dramb og Drust (splendor, majestas). Det var vel gildt at sjaa Herrebunaden med dei trikantade gullbordade Hattarne under Armen, med Riddarbaand og Stjørnur paa Bringa, med raude Bukselistar, med Sabel og Fetil, med kvite og blaae og grøne og eldende raude Fargar, so det var mangein som saag ut som ein Steggi (Aindrik), ja der var endaa Menn med raude Klædi fraa Topp til Taa sosom dei Danske Sendemenn. Men allt dette var inkje mot dei silkeklædde Damurne, som liknade dei hundrad og hundrad tusend Jomfruer i Eventyret. Der var Sambunad der, (Uniform) endaa 184der var some, som hadde finare Silke enn some. Og so er det Maaten at faa sine Klædi skorne og at klæda seg paa, som det kvendelege Flogvit (Geni) mest visar seg i. Og det er dette, som maa forgjera (charmere) Mannen mest eg gjera dei andre Kvendi eitrande aabruige (jalouxe). Eg vardt af Mannen førd fram til Helsing paa ei Dame, som lengi hadde vorit i Paris og var nyst komi derifraa.
«Mi ærade Dame», sagde eg daa all Fagning var færdug, «mi ærade Dame! De er hardhjartad».
«Kvi daa», sagde ho og saag paa meg med dei hugstelande Augo sine.
«De maa gjera dei andre Damur vonlause (fortvivlede) og Herrarne hugøre.»
«Kvi daa?»
«Berre denne Maaten De berer Hatten og Sultanen (ei Slags Kappe) paa er makalaus. Det er snart at sjaa, at De kjem fraa Paris.»
Mannen smilte sigersæl, og ho bøygde sit ynde fulle Hovud og slog eit Kast paa Sultanen, som beit paa meg likt det beste Vers og den reinaste Tonen. Men dermed kom ein stor Mann – Gud veit um det ikki var sjølve Kongen eller ein Prins, for eg sansade litit daa –og baud hena upp til Dans. Ho sveiv ifraa os. Nei daa skulde du hava set Sultanen! Der stod eg atter. Men so fekk eg Auga paa Drosi. For eit Livstykke og ein Barm bankande under Floret! Men der var Ingen, som kunde stella meg fram for hena. (præsentere). Eg saag paa Silkeskone hennar og paa Hovudkransen, som dei gamle Grækar paa den egyptiske 185Sphinxen. Men stakkar! ho hadde ikki stort af Demantar eg Perlur og Armabaand.
Det er utrulegt kvat det gjerer, naar slike Prydnadar glo af Hovud og Hals og Armar. Eit Demantlekke gneistar so du ikki gaar (merkjer) den magre Halsen, og den smale trikantade Armen verdt rund og full af eit gløsande Armband. Eit Demantband (Diadem) kring Nakke, Kvirvil (Isse) og Panne gjerer det heile Hovud som sprakande af Tankar. Alt dette saag eg vel her paa desse Ball.
Ja Kvinna er vel staut og snil
og gjæv at høyra og at sjaa.
Men fyrr ho rett kan verda gild,
som Fuglen maa ho Fjødrir faa.
Den Magt, som ei slik Dame med Fjødrir paa hever paa eit Ball eller i ein Selskabssal, er stor. Ein rik Mann, ein stor Mann, ein Adelsmann, og Kongen fyrst og fremst vil draga Folks Auga og Tankar paa seg, naar dei koma inn, og alramest, naar dei dansa; men det segjer litit dette mot den Sving, som kjem i Salen fraa den straalande Dama. Den einaste som kann likjast ihop med hena i dette skulde daa vera ein stor Spilemann straks han hever lagt ifraa seg Fela, og so ein god Songare sitjande inn med Fortepianoet. Det er Kjærleiken til desse tri utvalde Folk, som river os med seg, maa vita.
Vørevøre, Conjunctiv af var (er) liksom kjynne af kann, gjønge af ganga, søgje af sjaa, og føngje af faa. Til so fagre Tankar maa eg bruka Maalets heile Rikdom. me Menn eller Feder til slike Drosir, og 186kjynne kaupa all den Prydnad til deim, og me daa gjønge paa Ball og søgje alt det Dramb og Drust, so føngje me god Løn for vaart Slit og Stræv. Men desværre, det er so faa af os som hava Raad til at hengja Drambet paa Drosirne sine.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.