Denne Tverdal i Fjøllryggen fraa Øysterdalen til fram ikring Hjerkinn og ned igjenom Fjølldraget mot nordre Gudbrandsdalen ligger tri Mil nordanfor Rundarne, som herifraa standa som Høystakkar upp i den blaae Luft, innlagde med Snjostripur: og soleides er Foldalen med sit Koparverk ein af dei vænaste Fjølldalar paa denne haage Fjøllslett: men daa det berer nord mot det betre Berglag af Dovre, so er alt der rett god Jord og nordanfor dei beste Febeiti. Liksom Atnedalen er denne Dalen mest bygd for Koparverkets Skuld, endaa eg saag Aakerreinar, som maatte vera mykit eldre. Der er Saahæve, og Husstellet og alt slikt nokot visar Slektskapet med Øysterdalen, endaa det høyrer til Lesja i Gudbrandsdalen. Med all si Fjøllbygd er der reint og vel stelt paa mange Maatar, og soleides i den Vegen stender yvir Grannedalarne sine nordanfor Fjøllryggen i søndre Thrøndelagen, endaa der nord er lægre og rikare Jord. Det er rart med det, at alt det, som høyrer til Øysterdalen elder Gudbrandsdalen stender eit Stig lenger framme enn Grannarne sine Nord og Vest, soleides seer Ein større Skilnad paa Deildi vest millom Lesja og Raumsdalen enn her og imillom Uppdal, endaa der imillom Lesja og Raumsdalen er ingen Fjøll107rygg men bygt med Gardar ihop og liggjande ikring Storvegen. Det maa fraa den gamle Tid hava vorit eit nokot litit annat Folkeslag, som ogso Maalet og Skapnaden visar.
Fraa denne Faldalen var altso ho Malene, som var fem og sytti Aar og piltade so lett som ei Rjupe tri Mil fram til Hjerkinn for at sjaa Kongen paa Nordferdi si til Throndheim, endaa mange Skytsfolk til Kongen, som vaaro i Fylgjet med sine lause Hestar, sagde, at ho gjekk for at sjaa seg ut ein Kjæraste paa Hjerkinn og Kongsvoll bland dei Mange, som komo dit fraa lang Leid for at sjaa Kongen. Desse Skytsfolk sagde endaa, at det vist maatte verda Parfolk af meg og Malene, for ho var den, som eg rødde mest med. Me logo og glytte til Sida eg og Malene og gjorde Fjas med dei allesaman, og for at hjælpa paa Malene sagde eg, at ho hadde tie Aar enno at elska paa, etter som Lord Chesterfield forteler. Han totte, forteler han, at Kvendi elska ovlengi og vilde derfor koma etter, naar det traut af med denne elskelege Dygd. Han vende seg derfor til ei Gjente paa fem og aatteti Aar og sagde: «Høyr mi gode Gjente! no maa du, som vist veit det, segja meg, naar Kvendi slutta med at elska?»
«Nei,» svarar Gjenta, «daa maa Storleiken hans venda seg til eit eldre Kvende, for eg elskar enno.»
Dei logo Allesaman og Malene sjølv med, som sagde, at det var sannt. Eg fortalde vidare um ein Mann fraa ein af Vestlandets Smaaabyar ikki rett mange Aar sidan, som dei vaksne gamle Godborn (Borneborn) maatte mest stengja inne, for han vilde i sit nokre og nittiende Aar gifta seg med ei Gjente paa tjuge, og daa 108han var ein velstandande og velvyrd Mann, so vilde, som trulegt var, den unge Tenestegjenta gjerne taka honom. Likeins fortalde eg, at eg med eigne Augo hadde seet Elskhugs-Eld brenna i Augo paa ei nie og nitti Aars Ekkje, og so fortalde eg um Drakenberg og slike.
Og so framsagde eg eit Par Vers af meg, som stodo i Dølen ifjor:
Det siste du hever at gjera, Mann!
det er at døy,
naar ikki lenger du elska kann
den fagre Møy.
For daa er det ute med spræke Gut
og Mannens Værd,
for daa er Livet alt brunnit ut,
det Oske er.
«Men,» sagde eg, «du Malene, det er verst for deg no frametter, til du verdt nitti Aar, for naar Folk koma til den Alder, som er tri Mannsaldrar, so hender det, at dei yngja seg uppatter; soleides gjekk det med den navngjetne Drakenberg, og eg kjende ein Mann ikki langt fraa mi Fødebygd, han het endaa Thorbjørn Husom, som fekk nytt Haar og nye Tenner i den Alder, so han saag ut som ein nyst uppsett Hatt.»
I denne Stilen gjekk det, og daa me saago Snjohætta i Nordaust og Rundarne i Sud, so kunna Alle vita, at der var Laatt og Løgi paa denne lange Ferd, og at Malene og eg maatte merkja os ut.
«Brukar du Kaffe, Malene,» sagde eg.
109«Ja-a,» svarade ein spræk Mann, «det trur eg vel, for ho liver ikki af annat enn Kaffe og Snus.»
«Det er ingen stød Kost i Lengdi det,» meinte eg; men eg fortalde, at eg hadde kjennt mange slike Kvendfolk i den Alder utetter, som saato i Aaren all Dagen gravande i Oska og saud Kaffe og mool Snus i Loven sin.
Malene saag rangt paa os og meinte, at ho naut annat ogso, endaa ho sagde, at ho heller vilde vera forutan Mat enn Kaffe; og naar ho ikki fekk Snus, var ho liksom ør i Hovudet og kunde ikki skilja kvitt fraa svart.
«Her er vel Mange slike som Malene?» spurde eg.
«Ja,» svarade Mange i Munnen paa kverandre, «her drikka me Tobak og Kaffe for Karl allesaman, store og smaae, unge og gamle.»
«Det er so i alle Fjøllbygdar no,» sagde eg, «so ikki den eine Bygd skal vera betre enn den andre for det.»
«Ja, men so galit som her kann det daa ingenstad vera,» sagde ein eldre Mann, «for no er det berre eg og Kona mi og tvo vaksne Born, ein Gut og ei Gjente, og for os fire kauper eg burt mindst eit Kuværd um Aaret i Kaffe.»
«Aa ver roleg Mann,» svarade eg «dit Hus er ikki det verste med dette, langt ifraa. Kom upp i ein Fjølldal i Thelemork, skal du finna det verre.»
«No Gud ske Lov, det var godsleg at høyra det,» sagde Malene, «so ero daa ikki me dei verste.»
«Nei til at verda Fant til Unyttes,» svarade Man110nen, «det er Skam af deg Malene, at lata denne Bymannen høyra slikt Faavit.»
Eg maatte hjælpa hena Malene i denne Knipa og fortalde um ei Kone ifjor Sumar, daa den store Turken var, som spurde ein Mann fraa eit annat Gjeld, um der var likso turt der; og daa han sagde, at der var endaa verre, so svarade Kona: «ja Gud ske Lov, so er daa ikki me dei einaste som lida.» Likeins hadde dei gamle Romerar eit Ordlag, som sagde: Det er Hugnad i sams Undergang (commune naufragium dulce). «Malene er altso ikki aaleine til at tala slikt; men tvertimot talar ho ut ein aalgjengeleg og liksom medfødd Mennisketanke, og dersom, Dyret kunde tala, so vilde det tala likeins.»
«Du er ein velsignad Mann,» sagde Malene, «du veit Grunn i Alt og kann forsvara den Hjælpelause.»
«Takk Malene,» sagde eg, «det er ufortent; men ein god Ting er med meg og det er den, at eg altid hever gjort Lykke hjaa eldre Kvendfolk, og daa dei ero klokare enn dei unge Gjenturne, so kann eg godt bera den Ulykka, at eg sjeldan hever merkt paa unge Gjentur, at dei hava likat meg.»
«Ja, det er sannt det,» sagde Malene, «dette er ogso min Hugnad, at dei gamle Menn hava likat meg betre, enn dei unge Gutarne hava gjort.»
«Hever du aldri vorit trulovad, Malene,» sagde eg.
«Aa jau eg var det eigong med ein Skrangel; men daa den Kyri, eg aatte, braut af seg Bakfoten, so ho maatte takast,det gjengele ge milde og dyljande Ord for at slaatrast (slaktast). so slog han upratter med meg, og tok 111ei eldgomol Ekkje, for ho sat paa ein Plass med eit Par Naut.»
«Ja, ja, Malene,» sagde eg, «det var inkje Under, at han slog upp med deg, daa Kyri di braut af seg Foten, for det var vel for Kyri si Skuld, at han ogso fridde til deg.»
«Aa ja, det var vel det;» svarade ho, «men er det so paa dine Kantar, at Folk mest fri for Føda?»
«I den heile Verdi er det slikt,» svarade eg, «at Folk hengja seg upp etter Maten, som det gamle Ord segjer. Livet er so armt og trongt, at Kjærleiken liten Plass finner i det; men verst er det no med dette upp i slike arme Bygdar og so bland Storfolk og Kongar utanlands, for der verdt der aldri spurt, um Guten elskar Gjenta, han skal taka, berre ho er slik af Rikdom og Stand, at ho er høveleg for honom. Det beste med dette er bland upplyste Folk, som hava nettupp so mykit, at dei kunna liva paa ein folkeleg Maate.»
«Gud ske Lov,» sagde Malene, so er daa ikki Folk upp i desse Dalarne dei einaste, som hengja seg upp etter Maten.»
«No er du ute atter med denne haadelege (bespottelige) Gud ske Lov,» sagde den sama Mannen, som fyrr i Vegen hadde refsat hena, «eg tykkjest, at du ikki burde bera ut vaar Spott, og det er no heller ikki so ille, som du vil gjera det til, endaa det kann vera ille nok.»
Eg maatte hjælpa Malene atter og visa, at ho talade som den gamle Sibylla, og under all denne Leik og Laatt komo me til Hjerkinn.
Paa denne store Gjestgjevargarden midtfjølls paa Dovre var fullt af Folk og Hestar; burt i Bakkarne og 112ned paa Fjøllsletti laago Folk med sine raude Huvur ikring Eisur (Eldstadar) og logo og spøkte, og Hestarne beitte derikring. Heim i Tunet var der stappfullt med Reisande og Skytsfolk og andre langvegsfraa, som vilde sjaa Kongen. Fraa Foldalen vaaro tvo Konur jamgamle med Malene, som hadde reist likso lang Veg, som ho; men daa det var Gardemannskonur, so vaaro dei ridande elder kjøyrande. «Me vilja sjaa Kongen, fyrr me døy. Daa Godfader hans foor her til Krøningi si, vaaro me unge Konur, men no etter firti Aar hava me eldst.
Det maa vera ei Sæla, tenkte eg, at vera Konge for eit slikt Folk, der dei Gamle paa gamal Vis tru paa Kongen som ein Landsfader, og dei Unge og Upplyste tru paa Log og Rett, som sjølve Kongen maa lyda; og baade desse, baadi dei Unge og dei Gamle vilja hava Kongen, men kver af sin Grunn. Dei Gamle tru paa Kongen og dei Unge paa Riksskipnaden, og var eg Konge, so vilde eg heller vera Konge yvir desse Unge, for so vitste eg, at der aldri vardt spurt stort etter meg for annat enn eit Syns Skuld og som ei Ikjøting (Incarnation) af ein Rettstanke, som Folket vil hava, anten denne er so elder so: fyrst daa var eg i den sæle Stand, at eg kunde gjera Godt men inkje Vondt, naar mit Raad var, som det burde vera. Derfor er ogso den engelske Dronning so sæl, fordi der aldri verdt spurt etter hena til annat enn til ei Framsyning af Rikets Magt og Vyrdnad, so ho kann liva for sit Hus som ei onnor god Kone og faa seg ein god Laatt, naar Times forteler, korleides ho steller med sine Barneklædi og pakker inn Barnehosur og slikt no113kot, naar ho flyter ut til Sumarslottet sit, og likeins at ho der hever tenkt ut ei Slags Deig til Lækjedom for kalkunske Høns, naar dei skulde til at faa den raude Kamben sin; dei hava daa ein Slags Sjuke, liksom naar Smaaborn skulle til at faa Tennerne sine. Dette er eit høvelegt Verk for Englands og dermed Havets og Verdsens Dronning, meinar Verdensbladet Times; for styra Riket det gjera vaare eldste og klokaste Menn best sjølve.
Eg rødde mest med desse gamle Kvendfolk paa Hjerkinn, og me bad godt for Kongen alle fire og ynskte honom vel fram. «Ja, berre de (I) no fingo sjaa honom,» sagde eg, «det er ein staut fager Mann.» «Ja det maa du segja,» sagde dei, «aa ja, han veit vel, at Folket vil sjaa Kongen sin og derfor paa gamal Vis ferer taugt (langsomt) og syner seg fram.»
«Aa nei, han gjerer just ikki det,» svarade eg, «det er ein ung sterk Mann, som toler at fara fort; og so vita de vel, at ein Konge hever somykit at gjera, at han ikki godt kann hava Stundir til at liggja i Vegen som ein af os.»
«Ja du hever Rett, du! Herregud me forstanda ikki stort me her upp i Fjølldalen.»
«Ja,» sagde eg vidare, «og so liggja der mange Hermenn nordanfor Throndheim; der skal vera liksom ein Krig; men det er ikki meint nokot vondt med det; det er berre til at læra Folk upp til den aalvorsame Stund. Og de vita, at det er af Vigt, at Kongen so fort som mogelegt kjem dit.»
«Ja, det maa du segja; nei Herregud, skal der vera liksom ein Krig; ja me vita ikki stort me.»
114«De maa derfor ikki lita paa at faa sjaa honom her,» sagde eg, «for han kann ikki vera her fyri Midnott, og daa er det myrkt; det er derfor best for at vera sikker at fara til Kongsvoll, der han skal notta.» So tok eg i ei Flaske Øl, som her kostade 12 Skilling og gav Malene med meg, for dei andre vaaro so rike, at dei kunde kaupa sjølve, um dei vilde hava.
Det er ein rett staseleg Gard denne Gjestgjevargarden midtfjølls og det maa det ogso vera for all den Mengd af Reisande, som teker inn der; men det er gamle og skramlutte Rum dei fleste, so eg ikki hadde Hug til at vera der lenger, enn eg var nøydd til, endaa Folket hadde god Liveskikk og var hjælpsamt; det var snart at sjaa, at dei vaaro folkevane og vitste at snu seg. Og desse gamle Rum vaaro rett staselege med Speglar og Borddukar og Skildrestykki og Dynesængir, so det kunde vera nokso koselegt at koma derinn mot Kvelden fraa Snjodriv og Fjøllstorm; men no daa det var Sumaren, sat eg heller ute i Tunet og saag paa dei snaude Fjøll og vide Flottir.
Daa eg kom upp i den bratte Bakken, so naadde eg Malene atter. Mine Ord, at det var best at fara endaa ei god Mil til Kongsvoll for at vera sikker paa at sjaa Kongen, hadde dregjet etter, so Malene sagde: «eg hever fetat so mangei Mil i mine Dagar, at eg gjerne kann taka denne med.»
Her gingo altso me tvo ugifte Folk, ein Herre og ei «Dame» uppigjenom «Hjerkinshøen,» og sette os imillom til at kvila paa ein mosutte Stein, og saago Rjupur og Telegrafstolpar og Rundarne og Snjohætta eit Par Mil i Vest. Eg tenkte paa dei tvo Tyske, ein 115Herre og ei Dame, som gingo saman venteleg under slike tankevekkjande Utsyn, og «Damen» var varm um Hjartat og spyrr med eit blidt og syngjande Mæle:
«Fühlst du was, Heinrich?»
«Nein,» svarade han.
«Du sollst aber fühlen,» sagde ho.
Ja, me Mannfolk ero hardare i Hugen, me, enn den mjuke Kvinna, endaa eg trur, at Malene var likso hard for alle desse fagre Syn, som Heinrich, for ho sagde, daa me saago vidast: «Hu, her er fælt stygt og audt her.»
Der komo jagande og kjøyrande etter os Engelskmenn, Franske, Tyske, Danske og Christianiafolk, som alle utropade kver i sit Maal, at her var stort og fagert.
Daa eg hadde tydat for Malene, kvat desse Fra mande hadde sagt, at her var so makalaust vænt, so saag ho stivt paa meg og spurde, um alle desse Folk vaaro galne, som kunde lika so godt slik Styggedom.
«Aa nei,» sagde eg, «det er no ellers, som Ein teker det til; der kann vel vera slike Menn, som ikki hava det rett i Hovudet.»
Malene sagde, at ho laut kvila eit godt Bil her uppaa Fjøllriset, der Fjøllet rider yvir Rygg nord til det Throndheimske; og daa eg tok til at verda solten, so maatte eg ganga i Fyrivegen fram til Kongsvoll; for eg er vel glad i Gjenteselskap, men Sulten krever Retten sin han ogso. Det gjekk her med meg som med den danske Diktaren Oehlenschlæger, daa han kom paa «Kongen» paa Krokkleivi og saag Gautstod som ei blaa Bylgja med smale Skumstripur nedetter Sidurne mot Vest og heile den store Mengd med Fjøll i Vest og 116Nord. Dei, som vaaro med honom, stodo mest liksom andpustne og ventade, at den store Diktaren skulde segja nokre høvelege og fagre Ord. Han stydjar seg paa Staven sin, seer paa Klokka og spyrr: «Tru her kunde vera Raad til at faa seg ei Pannekake?»
So er det sagt meg, og dette var endaa etter at han berre hadde kjøyrt fraa Christiania etter ein god Morgonmat og Kake og Vin og slikt nokot paa Vegen, medan eg hadde gjengit mindst tvo Mil med Skræppa paa Ryggen og ikki notit stort. Eg hadde ikki Raad til at kaupa so dyr Middagsmat, som paa Hjerkinn, og eg tenkte, at der kunde vera ein Plass inn med Kongsvoll, som eg kunde ganga innum og faa som vanlegt, naar eg kaupte Mat, eit stødt Maaltid for 6, 8 Skilling.
Eg ventar derfor, at dei hugvarme Gjentur, som lesa dette, vilja halda meg det tilgode, at eg gjekk ifraa hena Malene midt paa Fjøllet, for der var ingen Faare. Det gjorde meg vondt at skiljast so med ei «Dame.» Men eg stelte meg som vanleg, naar eg vil koma ifraa «Damer» og ikki synast grov og ufin: eg gav Samtala den Snuning paa snillaste Maaten, so eg vitste, at Malene maatte verda sinnad. Kvert Menniske hever no si saare Side, som me snart merkja i ei lengre Samtale, og denne kann Ein daa liksom visa Fingren imot.
Eg slog soleides paa, at eg og Malene vaaro vel gamle til at tenkja paa nokon Kjæraste; men at me skulde søkja Gleden vaar i at parra unge Folk ihop. Som dei fleste eldre ugifte Damer likade ho mindst af alt at sjaa eit ungt trulovat Par; det var Born det, meinte ho, som inkje forstod seg paa Livet. Men daa 117eg liksom meinte, at dei Unge tidt hadde betre Vit paa det enn me Gamle, so vardt ho endaa sintare; og so kunde eg med ei mjuk Helsing beda um Forlov til at fara i Fyrivegen og lagde det til, so ho ogso daa kunde finna alt meir færdugt, naar ho kom etter.
Daa eg kom nedetter Bakken, saag eg, at Folk gjorde paa ein Æreport for Kongen der midt paa Fjøllet. Det var der paa Grenseskilet mot Throndheim; og dei gode Throndheimarar, som gjorde alt so gildt til denne Stasen, mottoko her Kongen sin med eit «Velkomen til Thrøndelagen,» skrivit med store Bokstavar yvir Porten, umvundit med Kransar af den grøne Rapen (Dvergbjørk). Dette «Velkomen» var nyst stungit upp, so eg var vist den fyrste Ferdamann, som gjekk under det; og daa eg altid legger det gode ut paa meg sjølv, so bilte eg meg inn, at det galt meg dette «Velkomen» og sagde derfor med det sama eg gjekk der under og inn i det Throndheimske:
«Takk Thrøndelagen, du skal ikki hava gjort meg den Æra for inkje; og daa eg fraa gamle Dagar veit, du er ein strid Bukk, so kann du ogso hava godt af at faa deg litt Salt.»
Det smakar betre, enn nokon trur, soleides at innbilla seg, at det Gode og Store, som er tiltenkt Andre, er tiltenkt Ein sjølv; og so verdt han so kjærleg og godlynd mot Folk, at han ikki veit det beste, han vilde gjera deim. Paa denne Maaten skapte eg meg Lykke heile denne Vegen, der eg saag det eine Heidersmerke etter det andre til – Kongen, for eg tenkte at Andre ikki kunde leggja Merke til alt dette, og so vilde det vera Synd, at det skulde vera gjort til Faafengd; 118imindsto saag ikki Kongen denne Æreporten, daa det var Midnottstid han foor under honom; og saag han Porten i Myrkret, so kunde han umogeleg lesa dette «Velkomen,» som derfor eg las og lagde meg paa Hjartat.
Og det er heller ikki so uklokt soleides at tilleggja seg den Æra, som er tenkt for Andre, for naar Ein berre hever det for seg sjølv til eigen Hugnad og ikki verdt stolt og stiv mot Andre for det, so er det ingen til Meins dette. Slike store Ting som det for Kongen, er dessutom for os Alle. Det er liksom med Soli og Maanen og Stjørnurne. Eg kallar desse store Ljos altid mine, og er viss paa, at Himilen ikki teker meg det illt upp, men tvertimot er glad, fordi eg gleder meg i Gaavurne hans.
Vitste eg derimot, at alt slikt just var gjort for meg, so vilde eg kjenn a meg tyngd og ulykkeleg, daa eg altid maatte spyrja meg sjølv: «er du daa værd all denne Stasen?» Derfor hever eg heller aldri kunnat fengit i Hovudet mit dei Menn, som vilja vera so store, at Folk skal gjera Krus og Kniks og Ljos og Larm for dei. Dersom Folk ein Dag fann paa at gjera meg til nokot Stort, so var den einaste Raad den at gjera Ende paa seg sjølv, for ikki at bera den tyngste Byrd paa seg, eg meinar den at vera mindre, enn Folk tenkte um Ein og soleides svikja so gode Folks Tiltru.
Eg hever aldri kunnat fengit i Hovudet mit Folk, som fullt og fast kunde tru med seg sjølv at dei vaaro so store Menn, utan at læ aat seg sjølve og det daarlege Folk. Eg talar ikki her um Kongar, for det er paa ein annan Maate med deim. Folket ærer seg sjølv i 119Grunnen ved at æra Kongen, som berre er ei Framsyning af Folkets eigen Storleike. Nei eg meinar os andre ukongelege Menn, ja ikki eigong Embættesmenn, for dei faa heller ikki Æra for si eigi Skuld, men for Embættets Skuld, altso er det ogso der Folket, som ærer seg sjølv, nei eg meinar slike lause Skræppekarlar som meg, Bokskrivarar, Spillemenn, Komediespilarar eg andre Kunstmenn, altso dette heile irritabile Genus (utolige Slag) som Horats sagde, endaa han sjølv var ein Diktare; og likeins lærde Folk og alle, som maa faa Æra for si eigi Skuld; den Rike fær Ære for Skillingen, han, og soleides som dei fyrst nevnde for nokot annat enn seg sjølv.
Det er desse Folk, som faa Æra for seg sjølv, som eg aldri kunde faa i Hovudet mit, naar dei tenkte, at dei vaaro all den Æra værd og soleides somykit betre enn Andre, for det er ei lang Røynsla af meg, at Skilnaden millom Folk af nokot so nær sama Alder, Kunskap og Yrkje er mindre enn Mange tru. Derfor vil eg aldri vita af Stas og Staak for nokon Mann, og naar rett var, so skulde heller ingen rosast stort, fyrr han var daud, for det skjæmmer Mannen berre ut, og duger han nokot, so verdt han ikki modlaus for det. Altso ingen Æreport for andre enn Kongen, og at eg tok Porten for meg, var berre eit Tankespil til min Hugnad.
Det er slike lange Tankeremsur, som kallast Philosophie, og som dei fleste Bokskrivarar og Diktarar pina Lesaren med. Eg vil ogso visa, at eg kann vera ei slik philosophisk Plageaand, og koka, som Holberg segjer, ei Suppe paa ein Pylsepinne.
120Med desse Tankar gjekk eg framigjenom Fjølldalen til Kongsvoll, og saag vest i Villfjøllet mot Snjohætta og Aai «Driva,» som kom fyssande framigjenom den aude Flott og skar seg ned i Berget. Men her tok Fjøllbeitet til at verda godt og Lidarne grøne, so det var som daa eg i gamle Dagar gjætte paa slike Fjøllhægdir vest paa. Her var ikki den Likkista som millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen; men her ikring Kongsvoll skulde eg hava livt af Gjeitar, og eg bilte meg inn, at eg kom til ein Gjeitesæter, daa eg fram med dei store Steinarne saag, at det rauk or Pipa; men daa eg kom nærare, saag eg, at det var for gode Hus til dess, endaa der var gamalt og skrukkutte liksom paa Hjerkinn, so at farande og skrivande og diktande Folk hava gyllt altfor mykit desse tvo Gjestgjevargardarne; men til at vera so i ville Fjølldalen, er det meir enn ventande, for naar der er annat enn snaude tronge Hytta, so maa den Vegfarande vera glad.
Ogso paa Kongsvoll var Husets Folk venlegare enn ventande kunde vera ein Stad, der so mangein leid og vønen (fordringsfull) Mann maa koma til Gards. Den gamle Mannen med Kona si, som hever seet so mange vegfarande Folk, var snil og hjælpsam og eg fekk meg eit godt men uvandt (simpelt) Maaltid Mat for tolv Skilling, daa dei maatte tru, at eg var ein Skræddarsvein, og likeins fekk eg kliva upp paa Himlingi (Loftet) og leggja meg paa nokre ret folkelege Skinnfeldir til ein søt Middagssvevn. Daa eg kvild og god kom ned i Stova atter, var Malene komi etter. Eg hadde altso stelt meg med hena som Folketrui segjer, at Fa’n gjorde med Moder si: Han gjekk ifraa hena, han yngre 121Sprækingen og kvilte seg ut; og daa ho gamle Krøkja kom etter dragande og skridande, so flaug han ifraa hena i Fyrivegen atter, so ho maatte sabba og slita jamt og samt.
Daa ein flink Skytsgut kom atter fraa Drivstova, og han kjende meg af Navn, so var det liksom eg steig litit Grand i Husfolkets Augo, og daa Amtmannen og Domaren komo og skulde møta Kongen, og dei rødde med meg som ein Kjenning, daa steig eg fælt haagt, og ei Tenestegjente sagde til meg: «Hadde me vitst, at du var slik ein Karl, so maatte du hava gjevit meir for Maten.»
Folk, som liggja so midt i Aalmannvegen ero nøydde til at gjera slik Skilnad paa Folk, og eg forteler ikki dette til Last, og det so mykit mindre, som eg vilde hava vorit verre tent med at verda tekjen for nokot større enn eg var, enn ved at verda som Hunden skodat etter Haari. Men vist er det ogso, at det er ingenstad Folk gjera so stor Skilnad paa Saudir og Bukkar som soleides paa Landet og hjaa deim, som kalla seg Sendemenn mest fraa slike, sosom eg ogso skal visa, daa eg kjem til Throndheim og talar um Sendelaget (Deputationen) fraa Storthingit. Det er so maa vita, at til større Stakkare Mannen sjølv er, til gildare maa han visa seg, for at løyna sin Armodsdom i lengste Lag, og han kann ikki skyna annat enn det, som henger i Pung og ytre Ære. Det kann ikki vera anderleides, so ingen Mann skal tyngja paa slike Folk for det; men naar desse Folk tala um at vera mannvande elder at gjera Skilnad paa Folk, so maa det vera sagt i Sanning, at desse Folk ero dei verste Hardstyrarar (Tyranner) som 122finnst, for dei kunna ikki vera med upp i Anda-Riket der Alle ero Systkyn.
Nei stakkars arme Mann, han er til Magen hyret,
han gjeng mot Jordi lutt og trælar saart som Dyret.
Kvat Under daa, at han so litit skynar paa
og kjenner ‘ki det Liv, hans Auga aldri saa(g).
Og um det no er Folk af dette Slag, som just ikki kunna verda sagde at vera hyrade til «Magen,» so hava dei anten lært for litit elder ogso hava so falsk Ære, at dei vilja kliva seg fram ved at smeikja for slike Folk, elder ogso kann det vera raae Naturar, som ingen Ting biter paa; kort sagt, det maa vera Skrap paa den eine elder andre Maaten.
Livet maa vera slikt, for kunde det vera anderleides, so var det betre; og so er det det beste, me hava, so i det store daa; og der er ogso mykit viist i dette, naar me sjaa etter for alle Tilfelli; og so er det so løglegt, at Ein kann faa seg ein god Laatt af det; og so er det so uadelegt, at ein kann gjeva det eit Slag paa Kjæften, um han ikki helder Handi si for god til slikt; kort det er eit godt Liv, og det er ikki mi Meining at venda det um, daa eg veit, at det vilde vera, som daa Thor i Jøtunheim lyfte paa den Katten; for um han lyfte Ryggen aldri so haagt, so tøygde denne berre seg etter, og Føterne stodo ned paa likevel baadi framme og bak.
Sjølve Malene, som eg alt var forsonat med atter fraa Fjøllryggen, sjølv ho, den gode Saal (Sjel), glodde stort paa meg, daa eg rødde med slike Storfolk; eg tok i ei Flaske Øl, som eg drakk med hena, daa eg fekk Tid til at sitja og godrøda med denne Gjenta, som ikki let 123seg gjera ør af all den Hestetramping i Garden og alle dei Folk, som i Surr foro derikring for at venta paa Kongen; ho sprang ikring med dei unge Gjenturne og gniste og lo, og Gutarne lest som dei skulde falla ned i Søyla for at draga Gjenturne med seg. Der var Liv paa Kongsvoll den Dagen, og der var mange Hjelparar for Husets Folk, til at laga til med Skuring og Matlagning for den haage Gjesten, som skulde koma dit til Kvelds.
Og daa no eg ogso var komen fram til Vyrdnad ved Storfolks Hjælp, som gjorde meg den Æra at tala med meg, so greip ogso eg inn i Husets Stell og hjælpte; og her kom mit gamle Kjenskap til Tvaatt (Vaskning) og Matlaging meg til Nyttes. Eg hjælpte Kvendi med at laga paa Bordet til Kongen og setja Mjolkekollur og Ølflaskur paa i Radir og faa til at hanga beint den gilde Ljosekrona og setja Ljos med Papirluar ikring uppi. Eg var ein so god Husgud som mogelegt, og so fekk eg vera med Gjenturne ut i Kjøken og skrapa Gryta, og vera glad i desse fagre Fuglarne. Kvifyr ikki segja det, som sannt er, naar det er so kjærlegt og godt? Men Malene kom ogso tidt etter og glytte og saag inn gjenom Vindauga og Dyrn. Det var liksom ho var aabruig (jaloux). Eg var lykkeleg, for eg trudde meg elskad, endaa Kvendi ero ikki truande i den Vegen, for eg hever so tidt bilt meg inn det sama, og er sidan komen etter at det var berre Innbilling. Me tru so gjerne det, me vilja tru.
So sprang eg ned paa Laavetrevet, der Gutar og Gjentur stodo og ventade paa Kongen og det lysande Fylgjet. Denne sama spræke Skytsguten, som kjende 124meg, flogsade og dreiv Gjenturne, liksom naar Katten kjem ut i Fuglehopen, so Fjødrirne fjuka og flaksa; dei sprungo rundt ikring i Høystaden med sine søte Skrik, for det var snart at høyra paa Mælet, at dei likade godt all denne Flogsing. Malene var og med; men han var so hardhjartad denne Guten, at han liksom gjorde Narr af hena, og so laut daa eg hjælpa atter.
Det tok so at lida mot Kvelden, at Amtets haage Embættesmenn maatte laga seg til at møta Kongen paa Hjerkinn. Daa maa du tru, at Malene glodde, naar ho fekk sjaa desse trikantade Hattarne tekne ut af sine Øskjur og sette paa Hovudet, og daa ho saag desse haage Halsarne stinga upp i dei stive Kragarne med Gullbordur ikring.
«Du tregar vel ikki no Malene, for du gjorde denne lange Vegen, og det betste er enno etter,» sagde eg.
«Aa nei, aa nei,» svarade ho, «eg skulde hava reist hundrad Mil for at sjaa all denne Stormannskapen. Det er utrulegt, for alt det væne her er i denne Verdi.»
«Ja likar du ikki betre desse Hattarne enn Rundarne og Snjohætta,» lagde eg til.
«Kann du som ein vitug Mann likna ihop desse Hattarne med slik Styggedom?»
«Aa nei, eg vilde berre prøva deg, so du maa ikki tenkja illt um meg for dette.»
«Var det likt seg det!»
«Ja, men det er daa nokot likt i det, for dei sjaa mest likeins ut, berre Rundarne ero nokot større, og til Snjostripurne og Kveldsoli paa Runden svarar Sylvtraad og Gull paa Hatten,» meinte eg.
125«Me hava altfor mykit baadi af Snjo og Kveldsol, men Gull og Sylv er meir sjeldfengde,» sagde Malene, «og den, som hever seet Runden og Snjo og Kveldsol so lengi som eg, kann vel vera leid alt slikt.»
«Du hever Rett, Malene,» sagde eg, «for det var likeins med meg, solengi eg livde paa min Fødestad, som var slik ei Fjøllbygd som di; men det er so rart med det: naar Ein leser og tenkjer og ikki sliter i slike Fjøll men liver paa laaglende, tettbygde og ufriske Stadar ned med Sjøen som i Byarne, daa er det liksom Runden vekkjer større Tankar enn denne Hatten.
Og med desse Engelsmenn, som du totte vaaro so galne med all deira Kjærleike til ville Fjøllet, so maa du vita det, at dei liva so godt, at dei ero liksom Kyri um Hausten, naar ho kjem heimatter fraa dei feite Beiti: ho er matleid og løyper etter Sopp og tygger Smaastein og gamle Sko. For paa slike Folk fraa Slettelandet riva store Fjøll liksom Snus, og daa mange af desse Rikaste ikki vita, kvat Livet kostar, og kvat det er til, so vaaga dei det til Unyttes med at kliva uppigjenom slike Svadberg som der burte.»
«Hu! sagde Malene, «men eg høyrer det paa deg, at du maa hava Rett. Det er underlegt med den, som hever lesit og vorit ute bland Folk: han kann segja det som me Andre hava liksom drøymt um. Det var Synd, at ikki eg og skulde læra nokot, daa eg var ung. Men eg er no eit Kvende, eg, so det aldri kunde hava vordit nokot af. Men so skal eg segja deg, for eg trur paa deg: eg hadde ein Kjæraste, som kunde lesa og var klok, men han fallt ifraa meg i Krigen mot Svensken. Aa ja det maatte vera fyrr du var fødd, det.»
126Ei Vognramling kvekkte os og heile Garden upp; det var ein af Embættesmennerne, som kom fraa Hjerkinn og sagde at Kongen ikki kunde vera ventande fyrr fram imot Midnott.
Det leid og det skreid, og Folk vordo sette paa Vakt uppetter Bakkarne. Alle vakte og ventade for det store Synets Skuld.
So kom der endeleg ein Kjøyrare med skumskvett Hest, som sagde at Kongen vilde vera der um ein halv Time.
Daa vardt der Liv; det urde og det krudde um kverandre, og daa eg høyrde Malenes Skrik, sprang eg ut ifraa Storstova, der eg stod med upplagde Fyrstikkur til at kveikja Ljosi med i Lysekrona og Vindaugo, liksom Hermannen stender med brennande Lunta inn med Kanona, ventande paa Ordet.
Eg laut hjælpa hena Malene; men det var berre af Rædsla, ho hadde skrikit. Og so flaug eg med det sama ned paa Laavetrevet og sagde, korleides Gjenturne skulde stella seg, naar Kongen kom. Eg kastade meg liksom upp til Førare, og hadde eg paa Hermannsvis havt Klædi deretter og gjengit stiv som ein Pinne og seet so tung og aalvorsam ut, som heile Verdi skulde hava legit og tyngt paa meg, so skulde ogso eg hava gjengit som Katten millom Mus; men eg skjekte paa Munnen og lo imillom og var ellers, som det burde, Folks Likemann. Endaa maa eg segja, at eg hadde so stor Lydnad, som godt gjorde.
So sprang eg inn atter og var med at kveikja Ljosi for at vera sikker i Fyrivegen. Eg, som var lengst, maatte spana meg uppi Ljosekrona. Med det sama det 127siste Ljoset var ikveikt, lyste eit Skimt uppi Bakken, og straks stod ei Vogn med aatte Hestar i Tunet; det rauk so af Hestarne, at me ikki kunde sjaa, kven det var, fyrr Kongen lett hoppar ut or Toka lik Soli, og dei andre, som saato i Vogni med, komo dragande etter liksom Stjørnurne. Det gjekk so svint, at dei throndheimske store Embættesmenn, som der paa Grensa skulde taka imot Kongen sin, knapt fingo Tid til den rette Fagnaden.
Det var vist ein halv Time, fyrr Vognirne med det kongelege Fylgjet komo etter. Den, som er størst, skal altid fara fyri og vera framum si Tid.
Daa Malene høyrde, at dei, som vaaro paa Hjerkinn ikki fingo sjaa nokot af Gildskapen i Nottemyrkret, og fordi Folk saato sovande i Vogni, daa sagde ho til meg: «Herregud eg var sæl, som gjekk hit.»
Dei gingo ned i Storstova tilbords, ettersom dei komo, og Alle, som vaaro komne for at sjaa, flokkade seg ikring Vindaugo, og saago alle desse store Folk so vel som nokon Ting.
Der var med i Kongens Fylgje ein Morian, ein kolende svart ein med tykke Lippur og krullat stutt Haar og liksom blodsprengde Augo, just ein adelboren Morian; og denne stirde og glodde Folk paa meir enn paa sjølve Kongen. Naar han kom ut til Gjenturne, skvatt dei tilside og skreik, og Morianen, som var ein løgjen Karl, han var Fugleskræma rett med Hjartats Lyst. Han var med som Pipereinskare og Cigarkveikjare og Fyrstikdragare, og alt det, som høyrde til Røykjevæsenet. Han var just paa Hylla si med dette denne svarte Mannen, endaa han kunde hava vorit brukat til nokot 128annat, for eg fann honom klokast og best upplyst af dei lægre Tenarar i Kongens Fylgje. Han var ein Skalk, som vilde kunna gjera det likso godt ved den svenske Kongeborg,som den Morianen, Crusenstolpe talar um. Derfor gjorde eg honom ogso kjend med Malene, daa Alle vaaro komne i Ro, so dei kunde faa seg Mat.
Det kom Bod til meg, um eg vilde eta ned i Storstova med Kongen og dei andre. Det var vel Verten elder andre af dei lægre Folk, som fann paa slikt; men daa eg vitste, at det ikki var høveleg at sitja ved Kongens Bord graaklædd, som ein Villmann, og daa eg hadde det so godt upp i Drengestova, med Malene i ein Krok og Morianen og Kongens svenske Skytsgut ved Sida, som sagde, at det var «sju tusand til veg,» so sat eg, der eg var, og takkade for Tilbodet; og vist var det, at eg hadde det hyggjelegare der eg sat, for der kunde eg stinga ein Bite til Malene og tyda for hena dei tyske, engelske, franske, svenske og norske Stumparne, som Morianen sagde, for han kunde likegodt alle desse Tungemaal. Det var ein Hakkemat af alle me rødde; men det var med Laatt og Løgi, og daa eg hadde greidt ut for honom um Malene, som sat der burt med Skorsteinen med den største Hugsniking (Coquetteri), saag han der burt og liksom gjekk inn raa mine Tankar.
Det var Lyst og Leik med desse gode Folk, endaa dei hadde kjøyrt seksten Mil den Dagen og sovit litit den fyrri Nott, og no denne Nott fingo sova endaa mindre, for Klokka var daa tvo og seks skulde dei ut, for Kongen tok ut tvo Timar tidlegare, enn paatenkt, daa 129Morgenbladets Stykke um, at det gjekk for fort, venteleg gjorde, at dei vaaro tvo Timar fyrr ute um Morgonen. Men ved dette kom der Umkompling i den heile Ferdaplan, so Folk, som kom fram til Vegen for at sjaa Kongen, kom for seint, og likeins mange Skytshestar; og dei arme Lensmenn maatte senda Atterbod yvir Hals og Hovud. Kongen hadde det ikki for godt han heller, stakkar, med alt dette Jag, som gjorde, at det var litit at sova paa, men tidleg at vera ute og seint at koma fram, og seinare vardt det, afdi han sumestadar hefte lange Bil for at teikna af Landet, daa han attaat sin kongelege Visdom ogso er Maalare; men han er ein sterk Mann, og synest at turva liten Svevn. Og naar Herren sliter, so slita ogso hans Tenarar utan Sukk og jaga stolte af at tena ein slik Heltenatur gjenom Verdi som Sky for Vind.
Eg kjende meg som i eit Krigsleger, liksom allestadar der Kongen er, maa vera Merke paa Krig, daa Kongarnes Hovudsak alt fraa den myrke Sagatid er at føra Krig. Derfor maa ogso altid Kongarne føra ein Skalkestrid (Simulacre), naar der ingen rett og aalvorsam Krig er. Dette er kver Konges historiske Tanke. Og kann ingen Skalkestrid heller verda førd, so maa der skjotast og trummast, og kann ikki det heller verda at faa, sosom no paa Kongsvoll, so maa der straala med Herklædi, og kver Snuning vera so svint som Fienden stod tett inn med. Derfor hever ogso Herstell vorit den fyrste Skulen for kvert Folk og Land; og det lærer den Dag i Dag den største Slampen og Letingen at hava med seg Augo og Øyro og Føterne og sova litit og eta uvist. Dette er ein sann Folkeskule, for 130den, som ikki til Gagns er innriden og innkjøyrd, verdt sjeldan brukfør i Livet.
«Det er fælt for alt det Stundesløyse her er,» sagde Malene.
«Ja Folk hava annat at gjera enn at drunta liksom Bonden,» svarade eg.
«Men fær daa heller ikki Kongen Tid til at sova?» spurde Malene vidare.
«Det gjenger vel som det kann med det ogso,» meinte eg.
«Herregud, ja daa vilde ikki eg vera Konge.»
«Nei, ikki eg heller,» svarade eg, «den, som ikki fær Svevn, maa forkoma.» Dermed seig ho ned paa Benken inn med Ovnen. Morgondagen lyste paa dette trøytte og visne Andlit. Morianen drog paa Gjeisp og Gap med dei tykke svartraude Lippurne sine og rengde ut det vesle kvite, som var i Augo. Der var stilt i Kongeborgen daa ein Timestid, endaa Skytsfolk toko alt til at koma dragande. Eg tok Skræppa og Staven og lagde mi Hand paa Malenes Hovud til Farvel. Kvat drøymde ho no um? Gjentedraumen skal vera so kvit og fager, han, segja Diktararne. Det var godt, at ho sov, so slapp eg ein rørande Skilnad, som eg aldri likade. Naar ho vaknade, so fekk ho sjaa Kongen og all Stasen, og so var eg gløymd.
Aa, kjære væne, ikki drøym
med Handi etter Skuggen min!
og ikki framum Andre gjøym
paa meg i milde Hugen din!
131Eg kann ‘ki vera Guten din,
afdi eg er ein heimlaus Gut,
som stiger stødt til Andre inn
for atter snart at draga ut.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.