«Alt det eg eiger berer eg paa meg», sagde eg med den græske Vismannen, og slengde Skræppa paa Ryggen springende inn paa Bryggia, der eg kjende eit og annat Andlit fraa Hovudstaden. Drosi kom burt for meg, og eg dreiv uppigjenom Gata etter ein svart Kjole, som eg tyktest kjenna atter; men so smatt han inn i ein Port, og eg stod aaleine atter paa denne forne (classiske) Jordbotnen med sine breide Gotur. Men so møter eg tvo Menn so store, at eg ikke torer navngjeva deim, for Lesaren kunde tru, at eg vilde drista meg med slikt eit Kjenskap.
«No God Dag! Er De her?»
«Ja, eg trur ikki annat. Der Folk er fyri kjem Folk etter».
168«De er kommen til Fots og med Skræppa paa Ryggen?»
«So halvt um halvt; men denne siste Stubben siglde eg. Og no er alt gløymt, naar eg fremkomen fær den Ære at møta fyrst og tala med Menn, som syrgja for os Alle». (Her bøygde eg meg so bugjen, at Skræppa mest trillade fram yvir Hovudet mit) –
«Hever De fengit Herberg?»
«Nei, men Hus i kver Busk no Sumars Tider, for kniper det i all denne Folkemengd, so kan eg gjerne for ei Notts Skuld leggja mig her ned under ein kvelvd Baat med Skræppa under Hovudet».
«Den, som er so sæl, at han ikki hever store Krav paa Livet!»
«Sannt, men den, som inkje hever at krevja, fær heller inkje. Farvel! store Menns Tid er kostbar. Det veit eg vel, og derfor Takk for Helsing og broderlig Tiltale.» –
Eg torer ikki segja meir um Møtet for ikki at lata Folk gjeta, kven det var og gjera deim altfor vise i Riksstyring; for der skulde vera Krøning, og der var Konge og svenske Herrar, og «Svenskestriden» hekk endaa som den svarte Skybanken aust mot Leirfossen. Det saag just ikki ut til Regn, men Austanvinden kunde gjera mykit han, endaa det bles no nokot smaat Krus fraa Vest. Me tri visste vel, at det inkje stod paa; men Folket, det store Folk! Det er aldri værdt, at det seer meir enn godt gjerer, for det er som Straumen paa Dammen det. Eit litit Glugg af Luka maa dragast upp, for at ikki Dæmmingi skal riva med seg baadi Bru og Damm og altsaman paa Slutten. Men 169draga upp heile Luka spiller den Magt, som kann samlast upp.
Eg saag mig fyrst ikring, um ingen Kjenning hadde set meg standa og godrøda med slike Stormenn, for eg visste, at den Ting vilde hava opnat meg baadi Hus og Hjarta. Men daa eg ingen Kjenning saag, dreiv eg uppetter og drøymde, at det vist maatte vera i denne Gata ned mot Øyri, at Bergliot sprang og spurde, um der ingen Thrønder fannst med det Mod og Hjartalag, at dei kunde hevna Einar Tambarskelve og Eindrid, hennar Mann og Son, som vaaro nedslegne inn i Kongsgarden. Hevnen var en god Ting for vaare Forfeder: han gav liksom atter til Livet dei kjære. No vilde ei Throndheimsk Kone setja seg til at graata for slik Mann og Son, men det gjorde ikki Bergliot.
Eg sveiv og dreiv upp og ned Goturne millom slike gamle Minni, alt til Soli tok til at dala. Eg fann dei Daude men ikke dei Livande, som eg kjende. Sidst fann eg eit Lysingsrum (Addressecontor) som daa i Krøningi var opnat; men Rumet var alt stengt til Kvelds. So foor eg med Smaagutar, som eg leigde, fraa ein Vognmann til ein Smed og ein Bakare og so frametter alle Markirne; men Ingen hadde somykit som eit litit Rum, og paa Hotellerne var der alt fullt den Dagen, daa eg ikki hadde Raad til at taka dyre Rum. Men so var eg so heppen, at eg raakade paa ein Vektare eller Polititenare eller kvat det no var for ein Byens Vakemann, ein venleg godlidande ein, som meinte, at naar det stod so paa, kunde eg nok faa Huserum heime hjaa honom. Me foro upp og ned og nord og sud gjenom Storgotur og smaae smale Tvergotur, som her kallast 170paa godt Norsk Veitur og ikki paa Dansk Gyder, som enno af og til verdt høyrt i Christiania.
No ja, det er ikki Kongsgarden eg teker inn i, sagde eg med meg sjølv, daa eg krøkte meg fram millom Rennesteinar og Bingar. Men Huset var tri Stokkverk haagt med det Myrkeloftet under Raustet, og baadi Husbond og Husmoder vaaro snille og Smaaborni blaskade som Ændar ute i Rennesteinen. Eg fekk meg ein Mjolkedrykk og dermed merkte eg meg Veita og Huset og gjekk ut paa Bysjaa og Folkebisning til so seint som mogelegt, for eg hadde ein Otte um, at det vilde vera best at vera trøytt mot Notti i eit Herberg, som saag ut til at hava Gjæstir baadi af det eine og det andre Slaget.
Eg vilde ikki fortelja slike Smaating som denne mi fyrste Nott i Throndheim, dersom ikki «Nyhedsbladet» hadde borit dette mit Herberg ut ikring Landet og meint, at eg sjølv maatte skriva nokat reint flirande um det. For meg og mine fleste Lesarer er dette Herberg inkji uvant, ja eg hever endaa som Skulemeistare ikki havt det betre paa mange Gardar. Nei, den fyrste Nott eg laag i Christiania, det var nokot annat. Eg og ein, som no er Klokkare, komo inn i Hovudstaden fraa Skulemeistarskulen i Asker, og spurde daa etter Tungemaalet heime um Hus, som er det sama som Hus til Notti, altso Herberg. No kan eg skyna, at me hava raakat paa Folk, som vilde hava Løgi med slike skulemeistarstive Gutar, og visade os fraa Afkrok til Afkrok ned igjenom Vaterland, for Hus merkjer mangt annat i Hovudstaden, daa der er mange Slags Hus der. Ja, me vaaro daa endelege so sæle, at me frosne og soltne og trøytte komo til Hus og der vorde 171me sende ut i eit myrkt og kaldt Rum, for som Bondeskulemeistarar var det daarlege Gjæstir i os; og underleg totte ogso me, at Byskikken var slik; ja, eg minnest endaa ikki betre, enn at me krossade os og song ei Kveldpsalme imot det Vonde, som kunde koma. Um Morgonen vaaro me mest stivfrosne, og ut vorde me jagade attaat, og det endaa af Kvendi, for der var mest af det Slaget i det Huset.
Her i Throndheim var det altso mykit betre. Det var gode og rettleidne Folk allesaman. Daa eg kom heim um Kvelden, so vardt eg visat upp paa Himlingi (Loftet). I fyrste Stokverk var Husets rette Folk, og i andre var Hersveinar (Militære), som laago Side um Side yvir det heile Rum. Det kunde vel vera so eit Tjug Mann. Der var ikki frisk Luft; men naar eg snaavade (snublede) i eit Hovud eller ein Arm, so var det venleg Tiltale og Rettleiding. So kom eg daa upp igjenom ein Stige til mit Rum. Der var det likso fullt, endaa der var no liksom betre Sængir der, med tvo, tri og fire i, ettersom det var til. Mann og Kone laago no helst isaman, og Gjenturne vaaro no ogso liksom parade ihop. Det var lagat godt til for meg, daa det var ein Gardemannsgut, som eg skulde liggja med. Men eg trudde no ikki meir paa Sæng og Skinnfeld enn godt gjorde, for eg stakk Staven min inn under Aasen og hengde paa den alle mine Klædi, so dei hingo i fri Luft. Med meg sjølv fekk det ganga som det kunde, for so var eg fri Dagen etter.
Eg hever no livt so lengi liksom paa Stas, at eg er meir kjælen. Det er Skam at segja det, men eg sov ikki stort. Eg laag og vreid meg og slengde med 172Armarne og kom attikring Hovudgjerdi med Henderne i Haarfletturne paa ei Gjente fraa Surendalen. Eg fevner tri Alnir, og daa eg ikki kunde liggja still, so maatte eg ein Stad raaka inn paa.
Daa Soli kom, reiste eg meg upp i Sengi og baud god Morgon til den eine Kona, som vakte. Eg trur ho var fraa Selbu: ho laag der med eit Barn paa kver Arm. Det heile Rum var eit Samlag (Gruppe), som ein Maalare vilde hava havt godt af at sjaa. Kunstmenn og endaa mest sokallade fine Folk sjaa sjeldan Livet fraa alle Sidur. Dei sjaa liksom ikki alle sjau Fargar i Regnbogen; berre ein, tvo, tri, fire, og sjaa dei alt til seks, so sjaa dei ikki den sjaunde. Her laag for meg det likeframme, det trøytte og arme men fagre og reine Liv i all si Fylle. Diana bøygde seg ned for at kyssa den sovande Endymion, og Goethe leter Faust syngja, daa han i Heksespegilen fær sjaa Gretchen:
Nei, er det sannt? er Kvinna slik?
Ah! den, som kunde hena vinna!
Ja, Himilen maa vera rik:
For slikt paa Jordi knapt me finna.
Der laago dei kringslengde, friske og sterke. Soli skein gjenom Sprekkirne inn paa Halmen og slitne Klædestottrar, sveipte kring dette sovande og drøymande Liv. Ein etter annan vaknade upp. Troldomen kvarv liksom burt. Eg var svint som ein Eld i Klædom, og smatt ut springande nord under Hladehamaren for at lauga meg i Sjøen. Daa eg kom tilbake, tok alt Folk paa at samlast i Domkyrkja, som vardt snygd og stelt med 173til Krøningi; og daa dette var den siste Morgonen fyri den store Festdagen, so var der uvanleg mange Folk baade for at sjaa og mest for at høyra Krøningsmusikken. Der gjekk eg og saag og høyrde og raakade Kjenningar, og saag etter «Drosi», drivende att’ og fram med Menn i Gullbordur og trikantat Hatt, som alt smakade meg dubbelt etter Notti mi og mine Morgonsyn, for eg kjende endaa liksom Nottskuggen i Soli der eg stod; og dei brotne Kyrkjebogar og straumfulle Samljod (Harmonier) blandade seg paa ein eventyrleg Maate med mine Morgonminni.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.