var ei Byjomfru men i Vitjing her paa Landet. Moder henar var Ekkje og hadde i Armod, som ho løynde burt for Folk, fostrat upp Borni sine og haldit deim i 61god Skule. Dei grodde upp friske, fagre og kloke med den beste Folkeskik i dette husarme men reine Hus, og dei komo i dei beste Selskap, for Moderi var af stor Ætt, og so klok, at Alle vilde hava hena med og halda Borni fram. Og so var der no ein og annan Ætting, som stakk til hena tie Daler daa og daa, og forærede til Borni Kjolety og slikt nokot.
I ei slik mild og fin Luft var Mina uppvaksi, og daa ho var so ei Framslengje, toko Gutarne til at sjaa paa hena og sagde, at det var ei utruleg fager Gjente; og dei gjorde seg Erind for at ganga utanfor Vindaugo og glytta og sjaa inn, der ho sat bak Blomar, og anten saumade Rosur (broderede) elder las i Bøneboki og imillom i Blomster-Gjenta fraa Pompei og Zanoni og derimillom dei mjuke og leikande Vers af «Danserinden» og «Adam Homo,» som ho ikki visste var ei Ettergjerd af Byrons «Don Juan.»
Gutarne gingo so lengi og so lengi og dansade paa «Baller» kver Dans med Miua, alt til ein ovleg rik ein trudde, at han ikki kunde liva utan Mina. Det var mangein arm Stakkare, som tenkte likeins; men Mikkel – so het denne rike Guten, han turvte ikki brenna inne med Elskhugen sin, for han var so rik, at han kunde gjera det, han vilde. – Moderi og den heile Ætt vaaro, som ventande var, glade for det, at Mina vardt trulovad med denne rike Karlen, og Mina var ogso glad, for um ho ikki likade honom fullt so vel som ein ung spræk Student med lang Dusk i Huva, so sagde baadi Moder og «Tante,» at Kjærleiken kjem smaatt i Senn og liksom af seg sjølv, naar det unge Parfolk hava nok at liva af, og at eit slikt armt Gjente-Barn, 62som berre hever Slekt og gode Venir at lita paa, ikki maa vera for kræsent, naar det kan taka slikt eit Tak. Mina gret vel so smaatt med dei blaae Augo og lange svarte Augnehaari sine; men ho trudde paa Moder og «Tante» og var stolt nok til at verda lyft upp af den Tanken, at ho kunde verda den gildaste Frua paa lang Leid; og daa Mikkel kjøyrde med hena i Vogn ikring til si rike Ætt og sin Faders Eigendomar, so kjende ho seg stolt og elskade sin kjære Mikkel likso varmt som Studenten fyrr og vel so det, for Mikkel var baadi ung og saag ut som Folk flest. «Sjaa um Elskhugen ikki er den Fuglen, som kjem, naar han verdt lokkad paa,» sagde Moder og Tante. «Jau,» svarade Mina, og vardt raud i Andlitet, som slike Smaagjentur ikki taka langt etter.
No livde Mina som ein sann Gudsfugl, klædd liksom ei Vaarsky og hoppande millom Blomar og lesande i alle nyare Maal dei beste Dikt, som til var, og spilande paa eit nytt Piano af beste Slag med dei dyraste Lærarar.
Daa Mikkel ikki hadde lang Veg, so kom han tidt til Kjærasten sin, og høyrde paa Spilet og gjekk ut med hena til Ovund for dei unge Damer og Herrar, som saago skeivt kver paa sin Kant. Det er det søtaste Sukker paa Lykka, at Folk ero so daarlege mot seg sjølve, at dei bera Ovundskap til den Lykkelege.
Men det visade seg Dag for Dag, at Mina og Mikkel ikki kunde samstavast: Mina hadde i sin stille Tanke som alle Gjentur, naar det er nokot ved deim, gjort seg upp ein Mønstermann (Ideal) med ein Garibaldihatt paa Hovudet, og Mikkel var som slike Gutar 63er flest: han kunde spila Billard all Dagen og Kort um Kvelden, og rida imillom, men aldri taka ei Bok i Hand, naar han ikki var nøydd til det. Han sagde som tidt slike Folk: «eg er so rik, at eg ikki trenger til at gjera meir, enn eg vil, men kann liva for Moros Skuld.» Som slike Folk var han leid og keid imillom, og daa Mina ein Kveld kom hoppande som ein Fugl imot honom og sagde: «Nei Mikkel, no skal du vel høyra ei ny Mazurka, eg hever lært,» svarade han butt: «Aa reis paa Veggen med Mazurk’aen din.» Som vengskotne Fuglen seig Mina ned paa Stolen med eit Flaks.
Det leid og det skreid, og Mikkel tok til at verda ein gagnleg Mann; men han vardt som Faderen sin ein Tremann, som ikki hadde Auga for annat enn at samla; at faa nokot godt elder ein Tanki utaf honom, var som at banka paa Klokka i Vatnet.
Mina gret tidt for seg sjølv, og naar Mikkel saag det, so lo han berre aat det og sagde som baadi Moder og Tante, at ho var forskruvat af Romaner; men ho verdt vel klok, naar ho verdt gift og eldre, sagde Moderi; ja det trur eg vel, sagde Tante. «Det vonar eg,» lagde Mikkel surt til.
«Dette helder eg ikki lenger ut,» sagde Mina ein Dag til si Moder; det fær ganga meg i Guds Navn, som det vil, eg vil so aldri kunna verda ulykkelegare enn med han Mikkel.» Moderi vilde daana, og Mina sprang etter Vatn; Tante, som tenkte paa tvo tri Rum for seg i Mikkels Gard ut mot Hagen, kvad i med eit kvast «Hu!» og trudde, at Mina var reint vitlaus.
64So vardt der gjort eit stort Ætteraad, som Mina vardt stevnt inn for; dei talade likso viist som Salomon, daa han var staalstiten af all den Livsnjoting. Men Mina stod fast paa sit og skreiv sit Uppslags-Brev til Mikkel og sende alle Gaavur tilbake med Anne, Tenestegjenta, som aldri kunde faa i Hovudet sit, kvat der var komit yvir Mina, men tenkte: «Den, som kunde faa seg ein Gut, rik som Mikkel, vilde vera sæl.»
Der stod Mina og var den gamle arme Mina og til Spot og Laatt for si Slekt attaat; ho vardt send burt paa Landet, som ho skulde hava gjort nokot vondt. Af sine Kjenningar der fekk ho imillom høyra det sama som heime. Men der var ho tidleg ute kver Dag og høyrde Orren um Vaaren og lenger fram paa Gauken, og so var ho stundom med paa Jagt. Det var den gamle græske Gudsjomfru Diana,» sagde eg til hena. Og so rodde ho paa Glauma og saag dei svarte Skogar ikringum, og so stelte ho med Ændar og Gjæs og var rædd dei store Gassarne. Ho var meg aldrig so fager, som naar ho sprang og skreik og rømde for desse og var rædd for, at dei smaae Andungarne skulde drukna.
Det var liksom Foten ikki vilde bera meg fraa denne Jordflekk, som Mina hadde trodt paa. Men so vardt eg glad og sagde med meg sjølv: «Det er godt, at me imillom raaka paa slike Folk, for ellers vilde Livet liggja framfyri os som ei stor lang Pylse.»
Mikkel er vist alt trulovat atter, daa slike Folk ikki ero lengi um det: og han finner vist mangei Jomfru, som ikki likjest Mina, men finner honom den gildaste Mannen, som til er.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.