Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Olaf Haakonstad

296Sjaa som Innleiding Side 248 um Reven paa Alfstad. er ein Mann, som eg lyt navngjeva. Denne Eidsvolds-Mannen, som Somange hava set paa Storthinget, og H. Wergeland skreiv ei Bok um, denne Mannen, som framsyner best den gudbrandsdalske Adel og af Wergeland er sett upp som Mønster for ein norsk Bondestorthingsmann, denne Mannen vil eg og gjeva mi ringe Upplysning um beint fram etter det eg saag og høyrde af Menn eg maa tru paa.

Eg var forviten etter at sjaa og tala med denne Mannen, som eg af dei gamle Storthingsmenn Theis Lundegaard og P. Fauchald, hans Venir og Likemenn, hadde høyrt somykit um. Det var ikki mykit at fara etter han Theis, naar han bannade og svor, og støyrde med Staven sin i Golvet og mælte so haagt, at Dvergmaalet (Ekkoet) svarade i Bergi der kring Garden, naar han sat ute paa ein Stein. «Ja, ja», sagde han ein Dag, «lat meg no sjaa, at du ikki verdt for klok i Christiania, for der skal vera so kloke Menn i Tyskland, at de ikki trur paa seg sjølveDet var den «Fichtske Idealismus» han tok paa denne Maaten. ….. Men Haakonstad’en trur berre paa seg sjølv, og for dette var han Venen min ….. Det var tidt ikki meir en sovidt han vilde tru paa meg» ……

Fauchard, som var af ein annan Natur enn Theis, sagde, at eg ikki vilde faa nokon Glede af at koma til Haakonstad’en.

Eg hadde ogso lesit Domen um Magasinhuset i 297Vaage, eg af Fauchald som Andre høyrt, at Haakonstad’en ikki livde etter den gamle Folkevisa:

Sæl er den Rike her i Verdi,
som gjever den Fatike Korn:
han tarv ikki ræddast paa Ødrum-FerdiØdrum, Dativ = den andre, altso etter dette Liv.
for kvasse Stutehorn.

Eg kom soleides ikki fram med gode Tankar um Mannen.

Daa eg kom der uppaa Jordet, sagde eg til den, som fylgde meg: «Men kjære! eg seer paa Aaker og Eng og alt, at han driver Garden fin paa gamal Vis. Og han, som maa hava set somykit! Han Hans og Thore hava det paa eit annat Lag».

«Ja, det trur eg vel», svarade Mannen. «Haakonstad’en trur at det Gamle er best i alle Maater. Men Garden hans er endaa godt dyrkat».

Ja vel, eg seer nok det: men det … og det … og det … er underlegt af slik ein Mann.

Nei for gamaldags Hus, sagde eg vidare, ettersom me komo fram, det er just ein gamal Storgard med somange Hus som ein liten By: eit, tro, tri, fire Stabur; den eine Stova stender tom paa Stas. Og so desse Svalegangar og Steinhellur og Glugg og Smog eg Vedakostar! Her seer eg er gamal norsk Adel. Men, det eldste Huset er ikki stort yvir hundrad Aar, kan eg sjaa paa Bygnaden, imindsto ikki sidan det vardt umbygt, endaa Stokkarne i desse Visthus (Matbur) ero mykit eldre: dei likjest nokot dei gamle Stokkarne i 298Thelemork, men det er langtifraa den Aldren. Det er ikki den Storleiken og ikki den eldgamle Magateljing.

Ja, me komo inn og raakade Gamlen. Han er alt fire eller fem og aatteti Aar; men berer Aldren sin godt, og seer betre ut enn Billætet sit som Storthingsmann. Det var ein Blanding af Nytt og Gamalt i Husbunaden hans der inne i Rumet. Grunnlogi hekk paa Veggen, og dei faae Bøker eg saa merkte Mannen tretti, firti, femti Aar sidan, men Folkevennen var der og Morgonbladet og.

Som ukjend Mann komande inn i Huset var eg smaaraaden, og foor fint med det; men smaat i Senn kom Røda i Gang um Politik og Pengevæsen og slikt nokot, og Mannen dømde enno friskt og rett um mange Ting. Det var ikki det Sermerkte (Originale) som f. Ex. hos gamle Fauchald, men det var klokt for det meste og greidt. Det var ikki heller slike Lyn som paa den myrte Himilen hans Theis; det var den javne tenksame Mannen, som altid lastelaus kan sitja i Thinget.

Eg let daa liksom umerkjande det Ynskje falla at faa sjaa meg ikring i hans navngjetne velforsynde Hus. Ja, han gjekk likeins liksom umerkjelegt dit og dit og fann den eine store Lykilen etter den andre. Det gjekk med Aalvor og Vyrdnad som til Kyrkje. Den store ubudde Gjestestova med alle sine Rum og Himling (Loft) var full med halv gamaldags Husbunad og Sængeklædi. Reint og fint var det altsaman men liksom Liklukt af det. Gangklædi fraa Ungdomen hans hingo der uppaa Himlingi med Skur fraa Ludvig den fjortandes Tid, slike som me sjaa paa Theatret. So gamle men knapt eldre ero desse «Nationaldragter». Nei daa 299er «Vampen» og «Vidbroki» i thelemorkske Klædesloft minst tvo hundrad Aar eldre og kanskje vel so det. Eg skreiv det meste af Texten til «Tønsbergs Nationaldragter», men eg kjem meir og meir etter, at det ikki er mykit «Nationalt» i desse Klædesbunader. Det er i dei seinare Aarhundrad Tid etter Tid komit inn og afskapat, som venteleg er.

Derimot var alt det Flesket til Haakonstad’en «nationalt», for i den eldgamle Tid, daa der var liten Handel og tungt at koma til By og Bygd, daa laag det nær at hava Upplag paa kver større Gard til at møta Krig og Uaar med. Og dette, som fraa fyrst af var Meining i med Maate, det vardt litt etter litt til eit Rikdomsmerke og soleides voks fram til Vanvit og Utskjemning af Guds Gaavur. Eg hever nok set tvo og tri Aars gamal Kjøtmat, og at dei eta dette eldste liksom Reven paa Alfstad og spara det unge, til det verdt likso gamalt. Det er Matadrygsel i dette segja dei, og sannt er der, for den største Matadrygsel vilde no vera at eta Graastein. Eg hever altso set «national» Matadrygsel, men Maken til Haakonstad’ens hever eg aldri set. Alle desse Visthus hingo fulle med Fleskeskid, som her den kløyvde halve Grisen verdt kallat, ei Haandsbreid tykke og gule og grøne i Skuren. Der skulle vera Fleskeskid fraa hans Kones Fødsel og Confirmation – ho er eit Par Aar yngre enn han – og fraa Brudlaupet deira er mange. Det er vel ikring seksti Aar sidan. No visste eg dette fyriaat, og spurde derfor Haakonstaad’en medan me foro ikring i desse Likkjellarar: «men seg meg no kor gamalt kann eit slikt Fleskeskid bli?»

300Det kjem an paa den rette Salting og Framferd det.

Det veit eg vel, men naar det er stelt med paa beste Maaten, kann det daa koma upp i tretti Aar?

Hm, ja, det var vel so det, svarade han i ein Tone, som eg skulde hava spurt, um Mannen kann verda tretti Aar gamal.

Der var Puddersukker i Holkar so gamalt, at det saag ut som Fjørusand. Og der var Kalvekjøt svart som inn i Skorsteinen. Men dette kunde kanskje vera eit Tjug Aar eller so frametter; der var ikki slike vyrdnadsfulle Methusalem’er som desse Flesteskid.

Eg hadde høyrt der til Arbeidsfolki paa den store Vegbygnad uppigjenom Vaage til Lom var kaupt nokre Skippund af dette Haakonstadflesket, men at det maatte kjøyrast tilbake som uætelegt. Derfor sagde eg fagnande til Haakonstad’en, som han kjenneleg likade vel: «ja, ja, du er ein forsyneleg Mann; men eg skal fortelja dette til Regjeringi, so rydjar nok ho Husi dine for Flesk til Krigshæren dersom her kjem Krig. Det vore Mat for Mons dette.»

Det kann ikki lata seg tyda etter vanlegt Matvit, at Folk soleides dyngja upp gamal Mat, som lang Røynd maa hava lært berre er til Spilla. Nei Saki er, at det fraa den gamle Tid er ei Tru, at den unge Maten varer lenger, naar der er gamal Mat i Buret med til Drygsel. «Naar ikki Maten naar ihop (fraa Aar til annat) so er han skyvar» (udrjug). Det maa vera «Kjøt i Kjøt» (fraa Slagtidi den eine Hausten til den andre) er Talemaatar for denne Tanken. Ja den 301gamle Maten er endaa som ei Dragardokke for den unge, etter Skriftordet: «den, som hever, han skal faa, men den, som inkje hever, skal missa det han alt hever».

Det var endaa so, at Kornkjeri ikki maatte vera fulle, men skulde hava eit «Dragarrum», nokot som eg totte sjaa baadi paa Korn- og Mjølbingarne her paa Haakonstad og. For dette Dragarrumet miste ein eldre rik Mann Kjærasten sin, for da Fader til Gjenta kom heim og skulde sjaa Lagnaden, spurde han Guten: «Men kjære, kvat skal dette vera, at du ikki fyller Kornkjeri?» «Det skal vera Dragarrum» svarade Guten, som endaa het Thore Norstoga. Ja, ja, so, svarade Faderen til Gjenta, so er det nok best at du gjever upp Tanken um at faa Dotter mi, for eg vil ikki hava ein Trollmann til Maag.

Eg veit ikki um alle desse upphengde Svin ero slike Husgudar mot Vættar og alt Trollskap for gamle Haakonstad’en; men trulegt er det, at dette var den gamle Tanken likeins her, og at det sidan ikki so klaart er tenkt paa, men berre hever svivit som ein halvgløymd Draum for Tanken, blandad med, at det er eit Rikdomsmerke og ein gamal Skikk. Og so at det beint fram er Matadrygsel, mest for Tenestefolki, for eg kan aldri tru, at Haakonstad’en med Kone sjølve eta stort af dette brandgule Flesket. Ellers synest det so, at Skinkur fraa slike Dagar som Daypsdagen og Massionsdagen (Confirmations-) og Brudlaupsdagen maa hava liksom ei Gudsmagt og vera ein Trudom. Og naar slik Mat verdt altfor ovgamal, so det er raadlaust at hava honom lenger, plaga dei binda i Stein og søkkja honom ned midt paa Vatnet Nottetid. Dei 302lesa og krossa seg yvir denne vaate Grav. Det er Tru med det fraa fyrst til sist.

Haakonstad’en seler ikki gjerne Gudarne sine, iminsto ikki til Husmenn so i Pundevis. Dei maa taka heile Grisen, um so er. Og for ein Mann paa sex sytti tusend Daler er det rimelegt ikki at fara med Plukk.

Liksom den eine store Garden sender Fleskeskid til andre, so sender han ogso Gjentur. Desse store Ættirne hava desse Ting imillom seg. Men det verdt gagalt og ljott og usmakelegt altsaman. Ættirne døy ut, og um dei ikki fødast med graat Haar og Skrukkur i Panna, som det er sagt um gamle Adelsættir, som vilja halda Blodet reint, so saag ikki eg væne Folk af desse gamle rike Ættirne. Dei fagre gudbrandsdalske Gjentur og Gutar ero af blandat Ætt, det eg saag og høyr de. Lat Rike gifta seg med Rike, det helder lengst ut det, og gjerer Giftarmaalet til eit Samband millom Likemenn og ikki somykit til eit Eventyr og ein «Spekulation»; men lat os ikki bland det friske Folk faa somange Skinkur som paa Haakonstad, for daa verdt det snart ute med den gamle Adelen baadi paa den eine og den andre Maaten. Og dette var endaa ikki det verste; men det verste er, at den som Parabelens fruktlause Fikentre teker Plassen burt for det fruktberande og derfor maa hoggast ned.

Der var ei Ekkje etter ein Embættesmann, sovidt eg minnest, der i Vaage. Ho hadde ein flink Son der paa den gode Fastskulen i Bygdi; og anten det no var so, at ho var skuldig Skulepengar der, eller ho vilde senda Veslegut inn til Christiania, nok er det, ho var i Beit for ti Daler og gjekk daa til gamle Storthings303mannen rike Haakonstad’en for at laana desse. Men han svarade: «ja vil han Thore ganga god for det, so skal du faa». Ho gjekk til han Thore ho stakkar; men han Thore det var annan Mannen det: han svarade harm paa denne hardhjartade Haakonstad’en: «nei ganga god vil eg ikki for slike Smaating, men her skal du faa tie Daler af meg, og du bitalar, naar du fær Raad til det».

Daa dette vardt fortalt meg, svarade eg: «Ja so ero dei fleste slike gamle rike Storbønder, imindsto ero dei slike i mi Fødebygd. Da eg var komen fraa Skulemeistarskulen og skulde til Mandal som Skulelærare, hadde eg kostat ut paa meg det vesle eg aatte og vel so det. Eg trengde no til tri fire Daler til Reisepengar, og Syster mi gjekk til Grannen, ein af Prestegjeldets rikaste Menn. Ja ho fekk laana desse fire Dalar, mot at ho stod inne for deim og skulde baka Flatbraud, um eg døydde burt eller ikki vardt Mann til at bitala. Og eg hadde stadit meg godt paa Skulen og inkje vondt gjort; men eg kunde døy, og Ingen kunde vita, kvat Mann det kunde verda af meg i Pengevegen, og eg hadde inkje Pant. Det var derfor best at sikra seg med Borgen eller og segja nei.

Det er Guds Magt, at fatike Ungmenn kunna koma ut fraa slike Bygdir og slike Folk og fram i Livet. Det gjekk heller ikki an, dersom ikki Folk med betre Hjarta og større Upplysning og Framtanke fannst imillom. Men i desse eldre Bondebygdir ero faae af slike. Det maa vera Folk, som hava vorit ute i Livet og fyrst og fremst lært og set meir. Haakoustad’en var nok ute paa Storthinget, men han lærde ikki somykit, at han 304kunde krabba ut or det gamle Sniglehuset. Riket maatte verda til eit Dyrerike, dersom her ikki fannst andre Slags Folk.

Daa eg stod i Haakonstad-Tunet og saag ned til Vaage Præstegard, der Krag var Prest og gjorde somykit for Skulen og for at hjælpa Folk fram, kom eg ihug dei sanne Ord i «Nyhedsbladet» yver Krag: «Oplysning er Liberalitet».

Slike Lovord fær ikki du rike Haakonstad’en paa di Grav.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.