Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Øysterdalen

70stender vist hægst af alle norske Dalar i Upplysning og god Folkeskikk. Det maa no, som alt sagt, vera Skogen og dei mange Utferdir, som hever gjort dette; men det er ikki nok med det, at somange ero velstandande ja endaa rike og det tidt ovrike, for det kunna Folk vera ogso i andre Dalar sosom sume Ættir i Gudbrandsdalen; men der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre her nevna det Reinfærlege, som der i Øysterdalen mest er endaa vel mykit af. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken, sosom det daglege Golv. Det er som i England, at den svartaste Smeden skal hava dei kvitaste Klædi; og dette er no ogso det rette, for daa seer Ein fyrst vel det svarte og kann faa det af seg; men det er dyrt, og derfor er Reinsleiken næst Kunskap den dyraste Ovbunad (Luxus); men so er han daa ogso Fargen for Uskuld, liksom Kunskap lyfter os upp til store og gode Tankar. Derfor er det sjølvsagt, at desse Ting maa vera dyre. Det øysterdalske Maal er ikki so gamalt og godt som f. Ex. i Gudbrandsdalen, endaa her er mange gode Ord og Talemaatar.

I dei rikaste Bygdarne sosom i Storelvedalen er det folkelege (nationale) so høvelegt sambundet med den nyare Upplysning og Livemaate, at det baade i Maal og annat er liksom vaksit ihop. Desse tvo Ting standa ikki og skrika ein annan i Øyro og det tidt i sama Mannen og sama Huset liksom mangestadar ikring Mjøsen og ellers paa det rike Uppland, og heller ikki stender det folkelege einstakat bland alt det Svarte og Bak71vende i Gardsdrift og Livemaate sosom i dei fleste Fjølldalar og Sjøbygdar mest Vestanfjølls.

Der er ein forunderleg Finleike i Umgang hjaa mange af desse Øysterdøler; det er like langt fraa den gravvise og forvitne Fjøllmann og Motsetningen den Fransmann, som kann vera saman heile Dagen med ein Mann og ikki spyrja, kvat han er for ein. Dei vita so vel at møta Utbygdingen paa halve Vegen og gjeta hans Ynske, og so gjera alt godt, liksom det ikki kunde vera anderleides. Det er eit i Sanning fint Folk utan den minste Storlaat, um der er aldri so mykit at vera stor af, og med al den heimlege Hugnad og Diervskap, som segjer, at det er Norsk og ikki innført. Slikt vilde vaart Bokmaal hava seet ut, dersom me den heile Tid hadde vorit os sjølve og ikki ein Sæter under Danmark i fire hundrad Aar.

Eg skal aldri gløyma ei Kone, eg saag der. Det var ikki af dei rike, men henar Aatferd og Skipnad og reine fagre Born og framfyr alt henar sterke, friske og fagre Skapnad gjorde, at eg trudde at sjaa Moder til Goethe framfyri meg. Det er merkjelegt, at her ikki kjem liksomange Flogvit (Geni) ned til Byarne Aars aarleg, som Æar (Elve) og Bekkir koma rennande fraa sine Fjølldalar ned i Havet.

Ei onnor Kone, eg der saag, er heller ikki gløymande. Ho hadde ein fordrukken leid Mann; men ho lest som ingen Ting var og hengde liksom Dulskaapa paa si Ulykke, eg lest liksom den øydelagde Mannen hadde Rett, medan eg høyrde paa det. Ho sprang og vølte med honom som eit Barn. Hadde det vorit meg, 72so vilde eg hava stengt honom inn som ein annan Gris, daa den, som drikker slikt, ikki lenger er Mann.

Det er ei af dei svarte Sidurne ved dette Herreliv hjaa mange Øysterdøler, at mange forkoma af Drykk og gode Dagar. Eg vil her fortelja ei Histori um ein Mann, som eg vil kalla

Kaksen.

Han hadde tvo Sønir, Sigurd og Svein, og desse vaaro baadi han og mest Moderi rædd for, som det sømer seg for so rike Folk. Men daa Kaksen var af den gamle Tenkemaaten og Moderi af det Slags gamaldags Folk, som altid vil hava Borni fyri Augo sine, so lærde Sigurd og Svein ikki meir, enn dei kunde læra af ein Aalmugaskulemeistare, som var Huslærare; og Sigurd og Svein maatte liksom heller ikki koma stort ut med Ungdomen i Bygdi, for dei vaaro for gode til dess. Soleides voks dei upp med store Tankar um seg sjølve og smaae Tankar um Andre, og so med den Faakunna, som matar slike Tankar; men daa der var eit godt Huglynde i deim, so var det endaa «snille Gutar.» Som slike Rikmenns Sønir fingo dei imillom Lov til at reisa til Hovudstaden og til Grundset Marknad; og daa dei hadde Mynt i Mengd, og Alle gjerne vilde vera Kjenningar med «so gilde Karlar,» so lærde dei seg til at drikka, fyrr dei vaaro vaksne og «vera med,» som det heiter. So døyr deira Moder, og so vorde Sigurd og Svein friare. Dei gjorde Byreisur og Marknadsferdir, og Champagnen perlade; og for kvert Tjug af Tusind, som vardt bodit for Skogen deira, toko dei i ei Flaske til, og kravde paa Matbladet 73i Værtshuset for at bjoda sine Gjestir den beste Maten. Det gjorde dei no ikki stort dette, for det gjekk ikki sovidt, at det tok paa den tunge Pungen; men det gav desse unge Menn ein vond Vane; og dei Øysterdalske Gjentur, som kunde vera høvelege for deim, trudde ikki lenger paa desse ovrike Gutarne, men drogo seg paa sin fine Maate undan, naar dei saago, at Sigurd og Svein meinte paa nokot; og daa dei no ataat denne Mistru af Gjenturne heller ikki kunde vera til Hugnad for Mannfolk lenger enn ved Bordet og Flaska, for dei hadde lært for litit, so toko Sigurd og Svein paa at vanvyrda seg sjølve, som dei vorde vanvyrde af Andre. Dei stodo stampande liksom i blaute Leirbotnen, so til meir dei stampade, til djupare trodde dei seg ned i. Daa no Sigurd saag, at han ikki kunde faa dei gilde Gjenturne, som han vilde hava havt, so vardt han som vanleg leid, og sagde med alle, som det gjenger slikt: «Eg skal vera arg og taka ei Tenestegjente, og visa dei gjæve Møyarne, kvat det er for ein Mann, som dei vanda; og naar daa dei graata, so lær eg.»

Anne var ei snill Husmansdotter og so maateleg fager, som Folk er flest; men henar Upplæring og Livsvane og indre Stræv hævde hena ikki upp fraa si Stilling; ho var Husmannsdotter og lagleg til at verda Husmannskone atter; og ingen Annan enn ein Mann som Sigurd kunde falla paa at lyfta hena upp. Men han fridde, og fekk daa, som kver kan vita, Ja, med det fyrste Ordet. Anne hadde just fest seg aanyo paa ein Gard der; men ein Dag kom ho atter med Stedspengarne og sagde, at ho no ikki vilde tena lenger. Husbondskona gjorde store Augo og spurde, um ho var 74gali elder vilde taka paa Fantestigen. «Nei,» svarade Anne, «eg skal snart verda betre Kone, enn du er.»

Det leid og det skreid, og Anne tok til at verda so lagat, at der var Hast med Brudlaupet. Sigurd hadde som ventande var, ingen Hug til Anne, og tenkte berre paa at hava hena til Bedlevekkje;den, som vekkjer upp Bedlar. Det er no mest Gjenturne, som ero trulovade paa Skalkevis med ein Mann, for at hava honom til at eitra upp Andre til at fri. Dette er Vedlevekkje. men daa det vardt so aalvorsamt, trugade hans Fader honom til Byen for at henta Gieftebodskost. Den Gamle var ein Mann, som ikki vilde vita af Fjas men hava Aalvor i ein slik Leik.

Daa Sigurd hadde vorit i Byen og kaupt Brudlaupskosten og Stas og truleg løyst Kongebrev, for at alt kunde ganga stilt af, spyr han, daa han kjem til Eidsvoll paa Trammen af Stoppestaden der, at Svein, Broder hans, heime hadde drukkit seg i Hel, medan han var til Byen. Anten det no var af Sorg elder, som trulegare er, af Tanken um, at han no var vorden dubbelt so rik, vist var det, at Sigurd tok paa at drikka meir og meir uppigjenom Mjøsen til Hamar, og kom kjøyrande sprengd heim og døydde nokre Dagar etter.

Der stod Kaksen atter barnelaus som eit kyllt (afkvistat) Tre paa sine gamle Dagar. Alt tok ogso meir paa honom, daa han var kvistlaus, og han turkade burt. Daa no dei næraste Skyldfolk, som skulde erva, saago dette, so vilde dei paa gamal Vis jaga Anne utor Huset og skjemde og kallade hena for alt det verste, som 75til var. Dette var Bønirne, som vorde lesne yvir Sængi paa den døyande Kaksen! Men han innsette Anne til Erving, Halvparten for hena sjølv og Halvparten for det, ho gjekk med. Kaksen døyr, og Anne fekk seg ein frid (skjøn) liten Son.

Daa fekk Fløyta eit annat Ljod: daa var det ikki lenger «Fante-Anne»; og den Kona, som hadde brukat den grøvste Kjæften mot Anne, fekk no lirka og leika og laga det so, at Anne vardt Sonekona henar. Soleides vardt Rikdomen hangande i Ætti til stor Sorg for dei mange andre «Sveculanter» vidt og breidt, som drøymde um denne Gullhøna.


Paa Ferdi fraa Krøningi lagde mange store Herrar Vegen igjenom Øysterdalen til Christiania, og bland desse var det sagt, at Greiv Manderstrøm var, denne Mannen med det kloke Andlit, som maatte gjeva kver og ein af os den Tanken, at han var ein værdug Utanriksminister for os. Paa Vegen toko desse Herrar inn hjaa ein af dei rike Øysterdøler, semfeil for som? hever det so gjævt baadi med Hus og Husstell, at desse store Menn vordo reint slegne af all den Magt og fine Folkeskikk, dei der funno midt i Furuskogen. Der fannst alt, liksom dei skulde hava vorit i sjølve Paris; og daa dei vilde bitala, sagde Mannen, at den Ære at hava slike Folk innum Veggirne sine var den beste Bitaling. Dette var, etter eg foor der, og dersom det er sannt, som det er trulegt for kver den, som hever vorit inne i dette Hus, so hever Mannen ved dette gjort det heile Land ei stor Te76neste. Denne Mannen hever det no mest altfor fint og gloande baade med Hus og Husbunad (Møblement), som er ført inn fraa Hamborg og Paris. Det kann vera hugsamt, um det ikki er so gildt; og det er like fullt eit Tap for det, um ein og annan Mann hever Raad til slikt. Derfor likade eg betre sume andre eg saag af dei gode gamle Øysterdøler, som hadde vaksit fram, som det heiter, paa ein historisk Jordbotten med god Uplysning og eit laglegt Husstell, og Framgang i Jordbruk og kjærleg Handrekking til det gode, som vil koma fram, alt blandat med gamalt og den finaste Framferd. Eg skal aldri gløyma Ein, og det er vist den beste af dei allesaman. Eg burde navngjeva Mannen for at kunna maala til Gagns den gjevaste Bonden, eg hever raakat paa; men daa slike Folk ikki plaga lika at sjaa Navnet sit paa Prent, maa eg bida til ei betre Tid, og daa taka med det, som eg no ikki vilde røkkja.

Denne Mannen hadde alle Tidender og sjølv den store Storthingstidende, so han hadde Greide paa Landsens Styr og Stell. Han vilde vel ikki hava gjort mykit paa Storthinget; men han vilde hava gjevit det den Vyrdnad for Bondestand, som det maa hava, dersom alt skal ganga vel i Lengdi. Han vilde hava liknat ein af mine Kjenningar, som eg takkade, for han hadde vorit ein so god Storthingsmann. Men han svarade meg: «Ja, men kjære Ven! eg hever ingenting gjort.» «Nei det var nettupp det, du skulde gjera,» sagde eg, «for der er ikki meir enn tri fire Menn i Storthinget, som kunna gjera annat enn Ugagn, naar dei taka stort i. Ingen klok Mann krever meir af deg 77og dine enn at fylgja godt med og ikki lata seg binda af nokot Parti, og so koma med det, dei kjenna, naar det høver.» Alle Landkort hadde den Mannen og mange af dei nyare Bøker. Der var Husorgel, som han sjølv kunde spila paa. At høyra desse Tonar i ei so gomol og velvyrd Bondestova var skakande; eg sat der som bergtekjen høyrande dette og sjaaande paa den gamle Skorsteinen, dei gamaldags Bjelkar, det lange Bord og den gamle Maaling, som etter otte ti Aar var like rein og frisk. So gingo me inn i eit annat Rum til Middagsbordet, og hadde det ikki vorit for det, at Kvendfolki liksom ikki vilda sitja med fyrst, so kunde eg hava trutt, at eg sat ved Kongsraadens Bord, endaa der var Spikekjøt og større Ostar og Smørstykki med Rosur i, som sagde, at Kongsraaden ikki hever det paa den Maaten.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.