Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Raumsdalen.

Eg rodde innigjenom det innste af Raumsdalsfjorden, og daa eg laag i Baaten og glodde uppetter dei haage bratte Fjøllveggir, som tidt synest at luta seg framyvir Fjorden, daa kjende eg liksom Sjøsykje af all den Svimring. Fjorden var svart og still som ein Tjørudam, og naar eg tenkte etter, at det kunde vera likso 285langt nedetter mot Botnen som uppetter mot Toppen paa desse Fjøllveggirne, so var det nokot underlegt at kjenna seg svivande so millom Himilen og Afgrunnen paa ein liten Baat. Der stod Gjeitar upp i sume Skortur og speglade Skjegget sit ned i Fjorden, og dei saago ikki ut til at vera eit enaste Grand rædde. Dei maatte kunna koma inn i den engelske «Alpekliving-Klub» allesaman og det endaa som Heidrslemir. Eg lokkade ein stor kvit greive Bukk ned til meg og gav honom ei Braudskive og ein liten Kurvesnabb (Pølse-) og ein liten Tobakssnabb, og sagde, at eg gjerne vilde hava gjevit honom Boki um Alpeklubben, dersom eg hadde havt hena med meg; daa skulde han hava set, korleides Engelsmenn draga kverandre etter Reip upp i slike Skortur og yvir Afgrunnar. Paa Titelbladet stender ein Fjølltopp med gapande Rivnur i Snjoen og Engelsmenn krabba uppigjenom, ettersom dei hogga seg Trappestig; «Men du Kvitfeld», sagde eg, «du tarv ikki hogga deg so fram; du kunde ganga uppaa Raumsdalshornet, og Engelsmenn er sutfulle for dei aldri kunna kliva derupp med Klør paa Hænder og Føter. Den, som kunde krabba dit, vilde sitja paa Heidrsplassen i Alpeklubben fyrste Kvelden. Dit vilde du koma, Kvitfeld».

«Ja, men der var ein Mann her fra Raumsdalen tie tolv Aar sidan, som kleiv der upp», sagde den eine Roskarlen. «Og den Steinen du kann sjaa paa Toppen, naar du kjem upp i Dalen, sette han der upp».

«Slo han seg ihel fyrr han kom upp, eller daa han skulde kliva ned atter», sagde eg.

«Nei han gjorde ikki det, fyrr han kom burt paa Sjøen her um Aaret».

286«Ja den Mannen fortente ærleg Udauden sin, som sette Livet paa Spil til ingen Nytte, for han var vel likso stor Vitenskapsmann han som denne Kvitfeld’en og dei fleste andre i Alpeklubben».

«Dei skorlaupa seg tidt Gjeitarne og», sagde den andre Roskarlen.

«Ja», meinte eg, «daa standa dei der og mekra, naar dei ikki tora att’ eller fram; eg hever vorit med og firat Folk i Taug nedetter deim. Lat meg no sjaa Kvitfeld, at du aktar deg uppi desse stygge Bergi! Naar du ikki hever Folk til at narra deg, men gjenger vill paa Frifot, so veit eg, at du ikki trur meir enn det du høyrer og seer og luktar og smakar; og etter dette gjerer du upp dine Slutningar og di Tru. Daa er du ein sterk «Logiker» og stor Fritenkjare eller ein Rationalist, som det heiter i Trudomsmaalet. Eg kjenner mangein Mann som vilde fordøma deg for dette. Men min Vyrdnad eiger du. Sjaa der hever du ein Kurvesnabb til. Farvel».

Han sprang mekrande inn i Bergi etter Baaten. Han vilde so gjerne hava vorit med meg, sagde han liksom, og eg hever havt Fylgje med mangein Mann, som ikki var halvt so løgleg og hugsam som han vilde hava vorit. Men me laut skiljast.

So møtast me paa denne Veg:
God Dag byd’ du; god Dag seg’ eg,
og varmt me helsa daa.
Men snart sin Veg maa kvei for seg
aaleine traska paa.

I desse tragiskeaf Tragos = ein Bukk. Tankar kom eg fram til Klung287nes-Odden, der Sinclair med Skottarne sine landsette, ei halv Mil utanfor Vevlungsnesset og paa den andre vestre Sida af Fjorden, so han maatte ganga rund ikring Fjordbotnen denne Gjeitevegen. Han vardt narrat til at landstiga her, er det sagt. Det var tragisk at landstiga her og fara denne Vegen upp Raumsdalen med ei Krigsher, for det var berre en Bukkeveg daa, so det var klene Stridsmenn her nord den Tid, som ikki drap honom med alle sine, lengi fyrr han kom fram i Gudbrandsdalen til Kringen. Eit Tjug Mann maatte her kunna stengja Vegen for eit tusind, so som Vegen var daa, og rulla heile Steinrøysar paa deim fraa Fjøllsidurne. Det er som slette Vollen inn ved Kringen mot her i denne Trolldalen, der Himilen paa mange Stadar henger som ein smal blaa Traad yver deg.

Rauma, som renner ned i Botnen, hever der upp i Dalen skorit og slitit seg ned i Berget, so det er lagde tri fire Tvertre til ei Bru yvir denne Smalrenna mindst hundrad Alnir djup some Stadar. Det er ingi stor Aa dette, men endaa fysser det og durar ned i denne svarte Rivna. Reiknar du rumt, sliter Vatnet af Steinen ei Straabreid i 100 Aar, altso ein Tumme 1200 Aar og ei Aln 28,800 og 100 Alnir 2,880,000 Aar, endaa det er vel ei Rivne for det meste Aai hever funnit, so ho berre hever skorit og blenkt upp i den. Eg torer ikki tru annat, um nokon skulde finna paa at gjera meg til Fritenkjare, som eg hever gjort med han Kvitfeld her framme.

Ja her er ikki lett at liva. Her skulde ikki bu annat enn Gjeitar og Engelsmenn og Maalarar og Kunstkjennarar fraa Flatlandet. Og so er der no ei 288Mengd med Orm paa Solsida uppetter i Hasleholti. Her er vel ein og annan Jordflekk, som kunde vera til ein folkeleg Gardepart, men det er turt og sandutte alt til det berer ned mot Fjorden. Men dei stakkars Folk hava klorat og hengt seg inn i Fjøllsidurne liksom Ørnereid der lengst aust, for dei tvo Milirne fraa Sjøen er det so hengjande bratt at ikki Ørni eigong kann bu og byggja der. Her liggja Gardarne ned paa Botnen, og fram mot Neset er der ikki so ille, endaa det meste er Sandøyrar uppskylde af Rauma. Frametter Fjordstrengerne finnst derimot gode Vikar og Lægdir imillom, som maatte verda gode Smaabygdir eg Gardar, naar det verdt stelt med paa rette Gjerd, og desse Fjøllsidurne meir lagdest ut til Gjeitebeite, for det rotnar mangt eit fint Straa til Unyttes der. Det saag eg vel.

Eg var inne staa ein Gard, som heiter Vaage, som kunde verda ein rein Herregard, og koseleg laag han, og Mannen vilde selja, og eg spurde og saag etter Avling og Fødnad og Lutar og Lundar. Men her svarade umpass hundrad Dalars Gardeverd til fem hundrad Dalars paa Austlandet, naar eg reiknade etter Drift og Afkasting og Dyrkevon. Eg fann det altso dubbelt so dyrt her paa denne Garden som paa Nordmøre. Men denne Mannen var ein Utbygding fraa Stavangerkanten, som vilde selja, etter at han hadde vorit her nokre Aar, for han hadde fengit Lungesott her, sagde han, af dette sterke Vedret og af Lengtan et ter den fagre flate Jadren (Jedderen) med raude Bustelyngen sin imot desse forfælande Fjøll, som laago ikring paa alle Kantar og tyngde paa Bringa. Og so han 289som hadde vorit Jægteskipare og set so mange Slettir, og store slette Havet, som ikki eit einaste Fjøll stengjer inne likt desse fæle Fjordarne, liggjande som Vatnet i Skuta ned i kvasse Kjølen. «Eg fær liksom ikki aalboga meg og draga Pusten her», sagde han tilsidst i sit mjuke Vestlandsmaal; «Aa hoia meg, aa hoia meg den Jadren! han er so flat som Braudsleiven. Her verdt eg um Sumaren som Hummaren kokat rauder paa Grytebotnen. Og Haust og Vaar og Vetrestider blæser eg mest af paa Midten som ein Høystakk, der berre Tufti og Toppen standa atter og snaude Sneisi imillom. Paa Jadren bles og saug det so jamt der».


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.