Det var so utruleg smaae Menn mest allesaman, at det saag ut som eit Sendelag fraa Dvergeheimen og ikki fraa det norske Folk. Dei store Menn saato heime, fordi dei ikki hadde den rette Tru, og dei, som her for Folket skulde møta Kongen sin, maatte vera rettruande, maa vita, anten Storleiken var so eller so, for det er ikki no, som daa Folkets Udsendingar i gamle Dagar møtte Kongarne sine, at der fyrst og fremst vardt spurt etter Karlstykki, anten det no var slikt eller slikt med Vitit og Kunskapen.
Mit gode gamle norske Folk
eg knapt deg atter kjenner:
Fyrr sende Kjæmpur du som Tolk,
og Dvergar no du sender.
Kongsraadarne vaaro mykit større, ja endaa Kammerherrarne og Heroldarne i Brøkerne sine. At dei hadde finare Folkeskikk, er nokot som maa segja seg sjølv. Det var i Storleiken Folkets Menn skulde hava Munen sin. Men endaa var der Ljod i veslom Skrove,Skrov = Skrog. som det heiter, for den eine af desse Smaafolk helt ei Tale um den norske Kjæmpeaand, dei snjoklædde Fjøll 201og det frodande Hav, som det skulde hava vorit ein Poet i den fyrre Mannsaldren. Eg vardt vel stolt af Mannen min, men kunde ikki annat enn finna det for utslitit.
Fraa Sverike var sendt større Folk. Den, som saag desse tvo Sendelag sette mot kverandre, kunde aldri tvila um, kven som maatte vinna. Dette var ikki hugsamt for os Norske etter den stormande Vetren, daa some Tidender baadi her og i Sverike ikki so smaatt endaa ordade ut um seg med Slagsmaal, og ein Poet endaa skreiv eit Slagsmaalsvise. Og minst hugsamt var det her i Nidaros, der du fraa kver Jordflekken kann mana upp gamle Kjæmpur og med kver Gatesteinen tala um Slagsmaal. Byen var vel ikki steinsett endaa, men der burt i Kleivarne, som Steinen er komen ifraa, var Stridarne likso varme.
Men paa Vyrdnaden sin helt Sendelaget fast. Kongen opnade Salarne sine for mange Gjæstir, ja endaa for Tidendeskrivarar, som Kongarne sjeldan hava likat, medan Sendelaget, som skulde framsyna det opne Folk og Riksskipnaden, som krever Ljos til Alting, det stengde seg inne liksom det aalkjende Forbetringslag («Reformforening») ifjor. «Her er mine Dyr», sagde eg atter med Robin Hood. Dette visar ogso Fridomen slike Karlar vilde gjeva os naar dei fingo Magti. Men, «den kollutte Ku fær aldri Horn».
Daa eg fekk høyra, at Ingen annan enn Matmusiken skulde faa koma inn i det fyrste Laget, som Sendelaget gjorde for Sendelaget fraa den svenske Riksdagen, daa sende eg Bod til Ordføraren, um eg ikki fekk Lov til at koma inn paa Trevet (Galleriet) i ein Af202krok, der Ingen kunde sjaa meg, og der høyra paa Talurne. Men Værten Kaupmann K… svarade for Gjæsten sin, komande vist ihug daa han var med i «Reformforeningi»: «Hels Vinje at han no er i Throndheim!»
«Det skal vel segja», svarade eg, «at eg no er i den Kraakekroken, der Folk kunna stengja seg inne med Daarskapen sin.»
Eg sende Bod tilbake, at eg gjekk med Rikets Grunnlog i Handi, og dersom nokon torde stengja meg ute, skulde me talast med um den Ting; for det var Rikskassa, som gjorde Laget, og Folk hadde Ret til at høyra det, som vardt sagt i dette Lag, naar Ingen trengde seg fram, men sat so, at han var usedd.
Jau, eg slapp inn og fleire med meg, som hadde fengit vist um dette Ingangsteiknet mit. Sidan helsade eg K … «saag du um eg var i Throndheim?
Musikken slapp inn og Songararne likeins. Desse Songarar vaaro Candidatar og Komedispilarar og slike Folk, som fraa Hovudstaden vaaro forskrivne til all denne Vigsel. Og her visar Sendelaget si gjæve Stilling ved at lata desse Folk sitja uppaa Baasen med Matmusikken som andre bitalade Tenarar, og ikki – sovidt eg kunde sjaa – faa annat enn det stolte Synet af dette gilde Lag. Men mange af desse Menn, som ved næste Krøning sitja i Herresætet og kunna meir alt no enn dei fleste, som i Laget saato, dei sungo vel ut som velupplærde Folk, men ved næste Lag vilde dei ikki vera med. All Bøn hjelpte ikki. Slik Synd mot all Folkeskikk maatte faa si Refsing paa den einaste rette Maaten, for det var for sine Folk til at koma med Kjæremaal.
203No kanskje Lesaren ventar mi Meining um alle Talurne. Men det kann eg ikki gjera utan at navngjeva Folk, og det hever eg fyrisett meg, at eg ikki vil gjera i desse Ferdaminni, naar eg ikki kan rosa Mannen, og det ikki som Haakonstad’en er ein historisk Mann. Og rosa desse Talurne kann eg umogelegt. Det var Talur til Husbruk, som slike plaga vera, altso gode nok, slike som kver skikkeleg Mann kan gjera etter, naar han kjenner dei gjengelege Talemaatar, og kann slaa desse ihop til ein Vev. So mykit maa han altid hava lært at veva. Det er derfor ikki so lett endaa. Men derfor var det ogso her Nationens utvalde Menn.
Sendelaget stod, som sagt, paa Æreprikken sin. Det var soleides paa eit af desse store Bal, Ein af deim kom til meg og klagade yvir, at der ikki vardt gjort Plas under Maaltidet inn med Kongens Bord for honom, og det verste var for Dama hans, ein nær Skylding til ein af dei største i Sendelaget. Unge Lieutenanter og slike toko Mat paa Bordet framfyri Hovudet henar. «Er det ikki skamlegt?» – «Jau», meinte eg. «Der kann Folk sjaa, kvat slike unge Framslengingar vyrda Folkemagti. Det gjelder derfor at vera «oppositionel». Men dei visste vel ikki i all den Mengd og Myrja, kvat det var for store Folk dei vanvyrde. Hadde Kongen set dikkor, so hadde han vist risit upft af Stolen sjølv og bodit dikkor at sitja ned».
Han bles i Nosi som ein liten Kval og gjekk ifraa meg.
Det maa vel vera for eg er stolt af det, at Federlandet eiger slike Riksstellarar, veit eg; men eg kjem altid i sligt eit Lote (Humeur), naar eg raakar paa desse 204«Oppositionsheltar», anten det no er som her i Throndheim eller i Hovudstaden ved Storthinget; eg kjem i slikt eit Lote, at eg aldri kann tala eit aalvorsamt Ord, men finner paa dei største Heimløysur,eig: løyste fraa Heimen (Hjemmet, Forstanden), løglege Paafund, Spas. som naar eg leikar med livfulle Smaaborn.
Eg møtte ein Dag i Gata sogodtsom dette heile Sendelaget. Me rødde daa um Throndheim og um at denne Byen var open og rum og slett og vel lagd. «Ja», sagde daa den eine, «eg trur, at me maa flytja Storthinget her nord!»
«Nei Takk, Gutar», svarade eg, «de (I) skulle somenn vera i Hovudstaden, for at me kunna hava dikkor under Kniven. Det veit Ingen, kvat de kunde finna paa, naar de laago her i denne Afkroken, der so Faae kunde gjæta dikkor.»
Eg fekk ikki Tid daa til at leggja dette til, at Landsens lærde Ungdom og Bondens Bodberarar fraa Landet ikring bør vera somykit saman som mogelegt og læra af kverandre. Men eg torer ikki raada yngre Bokmenn til at vera so fritalande som eg er. Eg billar meg liksom inn at hava ein Rett til dette framifraa, eg, afdi eg sjølv er ein gamal Bondemann og strævar so for Bondens Tungemaal, at eg ikki lett kann verda mistenkt for at vera ufolkeleg og ufri. Eg rettar derfor liksom paa mine eigne Systkyn.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.