Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Sigermerki.

Her er so folkelegt igjenom desse Strok, at der er faae Ting som skjerer i Augo; men so var der ogso ein Ting, som gjorde dette tilgagns alt ifraa Vingerdalen inn mot Sverike og til langt upp imot Øysterdalen; og dette var dei blide storlaatne Elgshovud, som paa dei fleste Gardar vaaro slegne inn paa ein synt Vegg, helst paa Stabursvali. Elgsdyret er eit altfor adlegt godlyndt og drengjelegt Dyr til at sjaa sit gjæve Hovud standa so paa Stegl. At skjota den staute Elg paa ein pynteleg Maate den Tid af Aaret der er Lov til, kann so vera, endaa dette ogso er armt og raatt; Folk burde standa paa Venskapsfot med denne uskuldige Skogfyrsten; men fyrst at forfylgja dette drustelege Dyr i djup Snjo som no i Vetr elder med Hundar, og so baketter spikra Hovudet paa Veggen, det er villmannsraatt, og det var so det saud og brann i meg, daa eg saag desse Hovud liksom bedande um Naade for si gamle Kongeætt, som snart vil vera burte fraa vaare Skogar, dersom Folk skulde halda soleides paa. Solungen er i 69mange Ting ein stor Riddarsmann, og derfor totte han ogso, at det vardt for ille i Vetr med alt det Elgsdraap, og han gjorde ei Hererd inn i Sverike mot Raaskapen og Logbrotet af alt dette Elgsjag. Der skal vera endaa verre i Sverike med slikt.

Naar me lesa i den eldre Log, at Hovudet af Illgjerningsmenn skulde setjast paa ein Stake, so grysja me og segja, at det var ei Villmannstid; og den Tid vil koma, som segjer det sama um vaar, som spikrade Paa Veggen det blidlege Elghovud. Det er jamvel villt at nagla paa Veggen Ørn og Hauk eg Hubroder og Ulvetryne og Bjørnehovud. Paa ein Gard i Øysterdalen stodo vist tjuge Bjørnehovud beinkvite blenkjande paa Stabursveggen. Det kann no so vera med slike Skadedyr; men det er villt. Der paa Øyarne i Sudhavet fortelja Ferdamenn, at Mannahovud af slegne Fiender hanga med flaksande Haar elder beinande kvite rund ikring Veggirne som store Næpur; og Herodot forteler ogso um dei gamle Skyter, at dei komo ridande heim um Kvelden fraa sine Herferdir med flaksande Mannahovud ikring Sadlen sin, og so flaadde (skalperede) dei deim og gjorde seg Hætte elder eit annat Klædeplagg af denne lodne Hovudflaatten, og hadde sidan den snaude Skolten til Sigermerke, liksom her no verdt gjort med Bjørnehovudet. – Lat os drepa det, som vondt er og bruka det, som gagnlegt er, men lat os ikki hengja ut slike Sigermerki og vera Villmenn!


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.