Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Skinnfelden.

Skinnfelden er, som me Alle vita, eit nationalt Plagg, og at han som alt Nationalt, ei Stund var i Vanvyrdnad, skal ikki forundra nokon Mann, likesolitet som at denne ærlege Skinnfeld vardt til eit Merkjesord paa alt det, som var raatt i Framferd, Tale, Dikting 89og onnor Kunst. Eg hever fyrr sagt dette sama, eg, Syndaren min, og meint, at det er Skinnfeldpoesi mange af vaare sokallade Diktarverk. Men no, daa eg hever seet den øysterdalske Skinnfelden, skal eg vara meg for at driva Spott med dette gjæve Plagg. Eg tenkte paa dei vestlendske Skinnfeldar, eg, som tidt ero so stive, at dei kunna standa upp med Veggen som ein Braudsleiv reint aa Egg elder som eit firkantat stort Bord; og naar dei daa attaat denne Stivleiken verda flekkesnaude liksom Reven um Vaaren, og naar dei daa endaa attaat alt dette ero so smaae, at Føter og Bringe liggja berre, so det aaleine er som ei Fjøl paa Midten, so kunde det vel vera tilgjevande, um eg rødde um Skinnfeldpoesi.

I Øysterdalen derimot verdt Saudskinnet med den lange Ull so reintvegit og reidt og semskat, at det er det mjukaste og finaste Ein kann kjenna og sjaa paa; og Felden verdt gjord ikring fire Alnir lang og mest likso breid, so det er det mjukaste og varmaste Kvileplagg, Ein kann sveipa seg inn i. Naar eg som tidt i Øysterdalen hadde Valet imillom ei slik Sæng og Dynesængi, so valde eg at sova i Skinnfelden. – Det var slike luvande Dukar og Lakan at sjaa desse Skinnfeldarne hanga i Klædesloftet, at eg vardt varm berre af at sjaa paa det, og eg gjekk inn paa Gardarnes Verkstadar, der Folk reidde slike Skinn og lutade ut og saumade, so at eg kunde læra Folk det sama, der eg foor, daa eg ogso veit Umgangsmaaten fraa mi Fødebygd, som er den sama paa Lag, berre dei ikki der gjera det so vel, og so hava ikki Folk Raad til at taka Skinni med Haustulli paa, men klyppa fjorten Dagars Tid 90fyrr dei slaatra, so der berre hever yddataf Odd. seg utatter nokot stutt Hy. Ned mot Christiansand og sume andre Stadar vestpaa er Haustulli med, men so er Skinnet so litit utlutat og semskat og reidt, at det er illt at liggja i. Naar ein um Vetren i kalde Rumet legger seg ned i ei slik Sæng, so er det som at leggja seg i kalde Snjofonni, til det verdt varmt. I Thelemork er derimot eit Tjeld (vovit Ullteppe) næst Kroppen. I Gudbrandsdalen er ogso Skinnfelden god og det er med honom som med mangt annat slikt Husstell, at eg skal segja, kvar det er ifraa, um eg seer det paa Torget i Hovudstaden.

Te meg ein Skinnfeld, og eg trur, eg skal segja, kvat Bygdelag i Landet han er fraa!

Merkjelegt er det ellers, at i Øysterdalen og her paa Upplandet, der Skinnfelden er so reinsleg og velgjord, skal vera Skinnfeldar af Kalveskinn, som der sjeldan elder aldri er i Vestbygdarne. Naar Kalveskinnet og andre slike Skinn sleppa Haar, som dei altid gjera, so er det just inkje hugsamt Plagg, liksom heller ikki slike Haar ero so mjuke og gode som Ull. Naar der no er eit kvitt og eit svart og eit raudt og dropplutte Skinn i ein slik Skinnfeld, so seer han rett nokot villmannsleg ut. Det er denne gamle Klædebunad i Dyrehudir, som vaare fyrste Forfeder brukade; og vist er det, at der maatte vera ringare og gode Sængeklædi at faa for dei selde Skinn. Det er eit Villmannsvæsen dette heile Skinnfeldstell, naar der skal verda sagt, som det er til: for kjem der nokot Unaad i eit slikt 91Plagg, so er det mest raadlaust at faa Folkeskikk Paa det atter, og dette er ogso det verste ved den heile Skinnfeldpoesi og Skinnfeldpolitik, for me eiga ogso ein slik ein, som Alle maa vita, og det ein, som mannsterk er.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.