Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Skomakaren i Throndheim.

Det daglege liv visar som tidast, at Skomakarar og alle slike Folk, som stræva med Handgjerning, ikki kunna liva for Monstertankar (Idealer). Dei liva for sit Yrkje, slike, og lata os Bokmenn drøyma um at faa Livet betre. Dei plaga endaa standa mot os segjande: «tenk paa deg sjølv og lat Verdi gjera det sama.» «Ten Pengar og lat so Andre syrgja for seg sjølve.» «Ja, ja den Tanken kann vera stor og god nok, men han gjever inkje i Gryta», og so frametter.

Dei hava Rett paa sit Vis desse arme Folk, og 217derfor kann Ingen lasta deim. Men Ein kann endaa segja med Helten i Diktet: «For slike Stakkarar skal eg døy, Daaren min!»

Det er derfor hugsamt at finna Menn bland alle desse Jordgravarar, som hava Auga for Framhjælp af Land og Rike og Manna-ætt og ikki berre klæda seg i det Skinnet, dei flaa af Andre.

Og slike Folk raakar du stundom, der du minst ventar det, Folk med store Tankar, som drøyma um Mønstret (Idealet) i sit Yrkje med ein Sleng paa det, som gjerer det til ein stor Tanke for Aalmenningsgagnet: ja du raakar endaa imillom Menn med den store reine Tanken um Framhjælp af Folkelykka, utan at denne Tanken er bunden til Mannens Handverk og Yrkje ellers: det er den klaare Nordstjørna, som han sigler etter.

Det er vel tidt dette seer nokot løglegt ut hjaa ein og annan Mann; men du maa sjaa paa sjølve Tanken og Endemaalet og ikki bita deg fast i Yta, fyrr du finner Adlen (Malmen).

Soleides kann eg nevna t. Erx ein Bakare, som vilde innføra fine Kakur og Kjæks i Handverket og «hevja det,» som han sagde. Han livde for ein Tanke denne Bakaren og talade med Eldhug (Begeistring) um Finleiken for Livet og den Vyrdnad for Yrkjet («Professionen»), som maatte koma med denne «Kunst». Men han møtte Motstand: det tungføre Folk vilde heller eta sine grove Braud, og derfor lagde Bakararne seg paa det, dei tente mest med utan at spyrja um «Kunsti». Denne Mønsterbakaren var derfor tidt sorgfull og harm paa den seige Mugen (Publicum), som er slik at verka 218paa som at slaa i Vatnet med flate Loven. Han var den einaste Handverkaren eg hever funnit, som hadde Hjarta for Maalstrævet mit og gav meg Rett, for han kjende fraa Mønstertanken sin, der Skoen klembde. Eg hever tidt rødt med denne Mannen um «Idealer»; han tenkte paa Kakurne sine og eg paa Maalet mit. Og me kjende os liksom Sanningsvitni (Martyrer) baade tvo. So lærde eg honom eit godt Ord, som Folk ikki vilde lesa, og so gav han meg ei af desse Mønsterkakur, som Folk ikki vilde kaupa stort af.

Men denne Skomakaren i Throndheim, som eg so lengi hever leikat ikring, fyrr eg no kom rett inn paa, han slo seg ikki eigong som Bakaren paa Yrkjet sit, han: det var ikki um det rette Lag paa Sko og Støvlar, han drøymde; det var ikki Dansesko og annat Fotty, som var hans «Ideal», for han viste, at det ikki kunde verda betre, enn han alt gjorde det. Nei, han saag vidare ikring seg og tok Sikte paa det Maalet, som somangein stor Mann skyter Paa.

Uppfødd, som han vonleg er, i det Nordanfjøllske, hadde han fraa Barnsbein set all den Øydsling og Burtkasting af Hevd, og han visste, for han raadførde seg ogso med Chemien, at allt dette, som soleides verdt kastat burt til Unyttes, vilde kunna driva fram til Vokster somykit Korn, som Landet no innfører fraa Utlandet. Han visste, at dersom berre dette vardt gjort i Byar, so vilde dei med denne Rikdomen kunna bitala meir enn Fatikskatten sin, og gjera Landet feitt ikring seg attaat. Han visste um all denne Vanskjøyting Landet ikring med desse Guds Gaavur, og at derfor Folket er ein stor Øydeland med all si Sveltesparing. Han 219saag dei gule tykke Aakrar og blømande Engir, som ein annan Skipnad med dette vilde skapa, og alt dette fylde honom upp med Avle og Eldhug (Styrke og Begeistring) til at liva for denne store federlandske Tanken.

Men han møtte Motstand. Han raadspurde vel kunnige Menn, som ogso kunde umskriva og sveipa desse Tankar inn i eit fagert og gaatefullt Maal; men Folk tenkte endaa so langt bakigjenom, at dei fann den rette Tingen duld under alle desse fagre Ord, at det var ikki fritt for at dei liksom kjenda Teven fraa alle desse Hus paa Torget og all denne «Compostering» og heile Tilverknad, som hans Innbjoding til Lutlag (Actieselskab) gjekk ud paa. Og sosnart som Folk faa den Tanken um Mannen, at han er ufin i sine Ord, so er det ute med honom. Der er sume Ting, som aldri maa talast um og endaa mindre verda skrivne og allraminst koma paa Prent. Desse Ting slita ut alle Tungemaal: naar desse Ord ero brukade eit Bil, so henger der liksom nokot af Tingen paa deim, og dei faa Vrakkrossen paar Ryggen sin. Sjølv den vesle uskadelige Tyske Neutrumsartikkel dass er umogelig no. Det Franske Spraak som er so fint og luftigt og lett, hever brukat til dette eit Ord, som stender solengi; og det er «retirade».

Det er vist best, at eg blæser til «retirade» (Bakgang), som det heiter i Stridens Tungemaal, for Folk hava den fine Tanken til det dyljande Ord: «Du kann gjera det, men aldri tala um det.» Det vere langt ifraa meg, at venda Folk um fraa denne Skikken; nei eg kvekker endaa upp som kvefsestungen for kver den, som prøvar paa det Umogelege at gjera dette. Dei 220gamle Folk sosom Grekarar, dei eldre Romarar og vaare Forfeder, ja endaa den vise Salomon skreiv beint fram alt det, som var; kanskje ogso fordi dei ikki hadde Prenting? Vaart Landsfolk, som minst hava komit i Samføre med den nyare Tid, vilde, ettersom dei røda til, taka det likeins, um dei skulde prenta. Og eg skal ikki tru, at det er ufine og usedelege Folk for den Skuld. Dei vilde aldri gjera det, som den silkefinaste Bokskrivaren tidt gjerer.

Anten no Skomakaren er ein Mann af Folket, som trulegt er, eller han trudde, at den store Tanken skulde bera alle Ord og Talemaatar fram til Siger, vist er det, at han bles ikki som eg til «retirade». Han viste ikki, arme Mannen, at den største Tanken kann verda knusad eller vanskapad under Formen.

Naar han kom inn til fine Menn med Planerne sine, so skrykte dei Nos og Panne og spurde, um han var galen. Men verst var det endaa, naar han kom inn til Damer. Det vardt sagt, at Fru N. N. jagade honom ut med Sopelimen. Ja, det var ogso Lesnad han Stakkaren baud Damerne.

Daa Skomakaren soleides tilbakestøytt kom ut paa Gata, knyrde han sine «Planer» mot Bringa og saag sukkande upp mot Himilen, syngjande:

Ah, fine Folk! paa Tipp og Taa,
de gløyma det, de kom ifraa;
De gløyma det, de voks ut af,
som Magt og Merg og Glansen gav.
D’er sagt, naar Kyri vekser til
221med Hornepar,
daa byrg ho aldri minnast vil,
at Kalv ho var.

Støytt tilbake fraa Livet, som ikki vilde vita af hans Framhjælp for Land og Riki, sat Skomakaren med Skosaumen sin og «composterede» i Gardsrumet sit for at vinna fram gjenom Dømets seige Magt. Og Tanken vinner vel fram, um ikki fyrr, so daa naar han er daud, som vanlegt er med alle Mønstertankens Menn:

Af all den Hevd, han Livet gav,
vil Blomar veksa paa hans Grav.

Hadde han endaa vorit ein Jordbrukare, so vilde han hava fengit Løn for sin «Ide», men han er berre ein jordlaus Byskomakare. Han seler vel nokot Smaat; men det kann knapt naa til Innkaup af Virke (Raastof). Det er som naar Diktaren ikki fær meir for sine Dikt, enn Papiret kostar.

Eg var paa Vegen mange Gongir for at tala med denne merkjelege Mannen; men eg møtte slik ein sur Eim og Tev i alle Tilgangar aat Huset hans der ned i Veita, at eg laut snu um. Og han sat millom sine «Idealer» i Krøningi, so han sjeldan var ute.

Naar han er i Selskap og alle Skaalir ero tømde for Kongen o. s. fr., so kjem denne Skomakaren med Skaali si for «Ideen» sin.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.