Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Solliden

heiter ei Rivne i Fjøllryggen millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen. I denne Rivna hava det stakkars Folk klorat og sett seg ned, og der er nokso reinslegt og velstandande paa sume Gardar, som me sjaa hanga med raudbrende Solveggir like Skjerereid upp i dei hengjande bratte Bakkarne. Der er frostnemt paa dei fleste Bruk, og lenger nord mot Atnesjøen er der ikki for SaahæveHæve, Hus, Heim, altso ein Heim, ein Gard, som der verdt saatt paa. at reikna. Og Beitet kann heller ikki vera godt, for eg syntest det berre var kvite Reinsmosen eg saag. Denne Fjøllryggen millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen ligger som ei Likkiste millom desse tvo Dalarne, for eg hever ingen Stad til Fjølls seet so litit Gras og so kvitt af Reinsmosen, som var Likblæa paa Kista. Paa Loket, som vender ned etter mot Gudbrandsdalen er der fleire Blomar, og derfor draga dei arme Hestarne vestyvir, so det er eit skrøpelegt Arbeid med den Hesteleitingi i Øysterdalen.

Ja, at Folk kunna finna paa at setja seg ned i slike Fjølldalar! Det er Synd at sjaa dei sterke og fagre 92og tidt kloke Folk, at slita burt Dagarne sine i denne Armodsdomen, som aldri kann koma lenger enn til det suraste Matstræv. Men kanskje det er dette tunge Liv i denne reine Luft, som skapar so gilde Folk imillom og daa mest bland den meir velstandande, og kanskje Ætti vilde afeldast og veikna burt, dersom Folket livde i eit rikare og flatare Land, for det sjaa me vel, at der for det meste er liksom betre Hovud paa Fjølldølen enn paa Flatbuen. Og dei fleste Landnaam visar ogso Historien ero gjorde af Fjøllfolk. Og her i Solliden og Atnedalen skulle somenn Folket faa nok at tenkja og slita paa for at mata sit arme Liv. Det er ikring fem og tjuge Mil til Kaupstad, og paa Hesteryggen maa Kornet verda ført dei næraste Mil Sumarstider. Um Vetren er alle Stadar Veg daa: i Fjøll og Firne i Yrdeaf Urd. og Ulende.

Her var ikki solitet Skog her: men so kom her um Aaret ein af desse Skoghandlararne, som fara Landet ikring med sine Herverk. Dette er no ein fri Handel, so eg kann ikki lasta det, som Landslogi gjever Rett til. Men denne Mannen bitalade korkje Skog elder Arbeidsfolk, fyrr han vardt saksøkt: og daa no endeleg desse arme Arbeidsmenn hadde gjevit si Sak til ein Sakførare, so sende denne Lastehandlaren Folk derupp, som gingo bak Sakførarens Rygg og bitalade sume, forat det ved desse Kvitteringar skulde sjaa ut, som ikki alle Søksmaal vaaro rettvise, og soleides at kver fekk bera sine Umkostningar. Paa denne Maaten er det uvist, um dette arme Folk faa nokot for alt sit Slit 93og den Gjeld, dei hadde sett seg i for Driftshestar og Høy. Det var Sutemaal at høyra alle desse Klagurne. – Det verste var endaa det, at han hadde bygt ein Dam for Atnesjøen, so Vatnet i desse sidste Aar stod yvir mange Gardars beste Slaatteland og Beite, so der var reint paa Livet med Folk og Fe frametter Vaaren. Dette kann verda ei dyr Sak for Mannen, dersom desse stakkars Folk hava Raad til dei fyrste Utlegg i ei Aastadssak, der tri «Jurisdiktioner» støyta ihop, og det er nordre og søndre Gudbrandsdalens og nordre Øysterdalens Domarlag, som alle møtast ikring den fem Fjordungar lange Atnesjø sunnanfyre Rundarne.

Mosakvitt og svart er der ikringum denne Sjøen og uppigjenom Fjøllsidurne. Det er ingre Grødiaf gro. Dei frodigaste Grasbakkar etter Nedraas uppunder. Fjøllveggirne, med Turt og Sløkje og Kvanne. upp i Lidarne som i Vestfjølli, og sume Stadar nordpaa Dovre, men Stein og Mose og Raudlyng. Det maa no vera nokot smaatt fint Gras imillom, som Femulen finner, for ellers kunde der ikki bu annat Liv enn Reinsdyret. Det er paa Sætervollen og Heimjordet, som der er Eng og tidt den, som god og tykk er. Men her liver endaa Folk og der er reinslegare enn i mykit rikare Fjølldalar vest og sudetter Langfjølli. I Fjøllgarden Bjaai paa Suldalsfjøll, som er so rik paa Fiskevatn og Slaatteland og godt Beite, kann eg minnast det var som i eit Grisehus mot her i denne arme Dalen. Og soleides kunde eg nevna mange Erempel baadi Sunnanfjølls og endaa meir Vestanfjølls. Det maa vera Grannelaget med desse folkelege Dalar, Øysterda94len og Gudbrandsdalen, som gjerer dette. Men sosnart det berer nord i det Throndheimske, so er det ute med denne Folkeskikken, og det gamaldagse Sverte kjemaf svart. atter. «Her er mine Dyr,» sagde Robin Hood til Fehandlaren, som han hadde narrat med seg ut i ville Skogen, daa dei saago Harar og Hjortar at spøringa ville ikring.

«Her er mine Dyr,» sagde eg ogso altid, daa eg fann den nationale Griseskapen i Jordbruk og Husstell.

Daa eg hadde farit yvir ein breid Fjøllrygg millom Solliden og nord mot Atnesjøen, kom eg trøytt og solten ned til ein liten Gard, der Mann og Kone og fire fem Smaaborn vaaro alle so friske og fagre og kloke og snille, at det var ei sann Forsoning at sjaa paa. Mat og Drykk fekk eg sogodtsom tilgjevande; men det var vel etter den gamle gjengelege Prisen. So vardt eg visat ut i ei betre Stova at taka meg ein Kvilesvevn, og der stod eit Spil (Psalmodicon) paa Bordet med Notebøker ikring. Der spilade og song altso dette fagre Parfolk Sundagar og Helgakveldar, naar Fok og Storm susade fraa Rundarne, so det var raadlaust for Folk at koma ut. Mannen skreiv ogso ei god Handskrift. Folkelivet likjest den sterke Fura, som tidt tykkjest at veksa upp or svarte Berget med ein og annan Blomen ikring seg millom Raudlyng.

Alt herifraa verdt kjøyrt Kol til Smelteovnen af Kopar i Litle-Elvedalen ikring nie Mil og i eldre Tider alt til Røyros ikring seksten Mil – um eg minnest Lengdi rett. Det er vist for denne Koladrift mange 95Folk hava sett seg ned her og daa mest lenger nord i Atnedalen, liksom ogso ein stor Deil af Foldalen er bygd til Bustad for Koparverkets Skuld. Det skal ikki gjera Mannen feit at brenna Kol og kjøyra denne lange Vegen for tolv Ort Lesti. Men Skogen minkar no so, at der snart ikki verdt meir at kjøyra, endaa Skogen lenger nord vist stender under Tilsyn. Desse Verk hava gjort meir Skade enn Gagn med all denne Skogøydsla.

Soleides ligger no den sokallade Lesjaskog millom Raumsdalen og Lesja afsnøydd; men so er ogso Verket lagt ned, daa det var vel seint.

Som i alle Fjøllgardar livde Folk her mykit af Mjolk og Kjøt, men det merkjelege var, at Kjøtet vardt sodit og etit til Kveldsmat, medan andre slike Fjøllbuar, som eg hever sett, taka Kjøtmaten til Middags og Graut til Kvelds, som ogso er betre for den friske Magamelting (Fordøielse). Det er ingen veik Mat at maula Kjøt og supa Mjolk attaat, og der er ingen, som liver betre enn den velstandande Fjøllbu, so det med den Luft og det Vatn er inkje Under, at han kann verda frisk og sterk og fager; og klok maa han ogso verda, for det gjelder at bruka Ettertanken og finna Utveg paa ville Fjøllet, naar det tidt er paa Livet; imindsto maa Villmannsvit og Dyreklokskap verda uppkveikt, um Boklærdomen ikki altid er so stor. Derfor sjaa me ogso, at slike Folk gjerne hava ein Skalk bak Øyra, for dei tru, at der snart kann koma ein Kastevind nedigjenom eit annat Skard, og at du kann standa fram paa ein Afgrunn, fyrr du veit Ord af. Reinen kjeikjer Halsen sin, kvilande Hornskogen sin paa Ryggen og 96vedrar med uppspilade Nasaborir; so skvetter han til Sida og seter afstad som Fuglen. Det er Gut, som ikki trur meir, enn han seer og vedrar, det. Og so all den Skalkeherming (Parodi) slike Folk maa læra af Gjeiti! so det vantar ikki paa Lærarar, og det Lærarar, som ero myket betre enn desse «Matprestarne» (Lægmannspredikanter) som dei paa desse Kantarne (mest i Gudbrandsdalen) so raakande verda navngjevne. Men dei veikaste Naturar og klenaste Hovud halda seg meir til Matprestarne; og i det ville Fjøll og inn med den stormande Sjø er det underleg, at ikki Matpresten verdt brukad meir, endaa der paa slike Stadar imindsto no i denne Tid er utruleg mange af slike andarsjuke Folk, som eg skal tala meir um Nordanfjølls.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.