Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Storthingsmannen paa Møre.

«Skulde det ikki vera her ein Stad, at gamle Storthingsmannen, som du veit vel, bur?» sagde eg til ein eldre Gardemann, eg kom i Fylgje med.

«Jau, just der upp i Bakken».

«Nei kjære bur han der?»

«Kvi so daa?»

«Jau, eg tikjer at Husi ero for gamle og stygge, og Garden seer meg alt for ille driven ut til at ein gamal Storthingsmann kann bu der, han, som eg veit baadi hever Raad til at hava det betre, og som hever set so mykit godt Stell, og burde vera ein Mønstermann i Bygdarne sine, som valde honom so tidt».

280«Hjelpe Gud for ein Mønstermann det er! Ja, han er ein Mønstermann til at draga Pengar og kaupa Gardar og driva Folk miskunslaust ut. Naar han seer ein Gard, han likar, so kauper han – fær han ikki meir – ein Lut af honom eller Grannegarden, og so vridkar han og vrider, til han fær det Alt. So gjekk det med denne væne Garden derburte. Det er hans den no».

«Og so leter han Gardarne liggja slik, naar han berre fær kaupa fleire og fleire nye?»

«Ja».

«No, dette er den gamle Skikken. Eg kjenner Folk fraa mi Fødebygd, som leggja Gard til Gard og leiga deim burt, so dei verda forfarne allesaman».

«Ja, det er so her og, men det er Ingen i uminnelig Tid, som hever havt Raad til at kaupa somange Gardar som han. Det maa vera god Forteneste at sitja paa Storthinget».

«Aa ja for Folk, som han; men ellers er det for Folk, som skulo fylgja Skikk og kaupa Bøker og i Alt vera som ventande var af slike Folk ikki meir enn sovidt det naar til, og Mange verda endaa skuldige paa det attaat. Ein Mann som han tener vel ikring fem hundrad Dalar kvert Thing».

«Meir, meir, for han kauper mangt og mykit der inne og seler atter med god Forteneste her».

«Ja, det er sannt, han støypte Kokeovnar til Smaaskip sidst han var paa Thinget. Om Morgonen fyrr han gjekk i Thinget og um Kvelden etter at han kom tilbake gjekk han derut paa Tjoveholmen og saag til Støypingi si».

281«Tjoveholmen?»

«Aa ja, det var der Folk dengde og hengde Tjovar i gamle Dagar».

«No, no, so, so … So støypte han der? Men fekk han daa Tid til at gjera det han skulde?»

«Aa ja. han sat med i Thinget og Komte’n».

«No ja Komte’n, dei koma ihop der veit eg, som Folk kann høyra paa Navnet».

«Ja det er eit Udval af Menn til at laga til slike Storthingssakir».

«Men gjorde han daa stort i Thinget og Komte’n? Han gjekk for ein gild Mann her til alt slikt».

«Aa ja, han gjorde det, han turvte. Og han er ikki so reint for Katten med Hovud heller. Han var god til at ganga paa Revaklør, som i Riksmaalet er merkt med dei Ord at vera «politisk» og «diplomatisk».»

«Nei, ja so! er det det sama som at ganga paa Revaklo. Det skal vera ei Dygd det paa Storthinget».

«Aa just ikki det heller; men denne Mannen og mange af hans Likemenn trudde det, for dei brukade det somykit. Dei riste paa Hovudet, og det vardt Ingen viis paa dem».

«Men Herregud, meinte dei daa nokot vondt med det?»

«Nei, dei sagde som Gutten, daa han datt: «Det høyrer med til Dansen». Dei hadde lesit um Revaklør fraa Utlandets store Riki, og so tenkte dei, at Storthinget vaart ogso maatte faa seg Revaklo.

«Høyrde du i Vetr nokon tala um Rev-Ormen?»

«Ja af denne gamle Stortingsmannen».

«Det var ei stor Revaklo det. Eg sagde til ein 282af mine Kjenningar, daa han ein Kveld skulde derupp: No, god Kveld! skal du upp i Revakloi?»

«Det hadde vist vorit til Gangs for Landet, um ikki denne Revakloi hadde blivit sprengd».

«Aa nei, eg tur me bergja os utan slikt?»

«Ja i daglegt Lag vita me, at slikt ikki er nokot tes, men i Politikken?»

«Berre Villa der og. Men han gjekk vist lett paa lange Revaklør kvert Aar det skulde vera Storthingsval?»

«Aa, rød aldri um det!»

«Eg kjenner vel til det. Men de er SmaalombLomb, Flertel af Lamb, Lam. som lata dikkor taka af Reven».

«Ja, Gud naa’s! det er Lomb og det endaa Gjymbrelomb af Risbitar».ei Gjymber, ein aarsgamal Saud og Risbite, ein aarsgamal Vedr.

«Men de skulo veksa, lesa gode Tidender og tenkja, at lyda paa Folk, som hava lært nokot og vilja dikkor vel, sosom den gamle Amtmanden dikkar».

«Ja, men Storthingsmannen hever altid sagt, at me aldri maa tru slike».

«Eg veit det. Men de skulle tru det de sjaa og høyra. Kjenner du Amtmannen?»

«Ja, det er ein snill Mann, og so lærer eg altid nokot godt af honom og skytsar eg, so fær eg stødt meir enn eg skal hava; men af denne Storthingsmannen lærer eg ingenting, og skal han bitala stilt Smaatt som Skyts, so segjer han, at eg skal faa det sidan, og so veit du, Ein kann ikki ganga krevja ein slik Mann etter Smaaslikkir».

283«Ja, sjaa der! Dette tykkjer eg maatte opna Augo!»

«Aa, ja, me taka alt til at sjaa betre no».

«Det vøre vel det, for de maa tru, at dei, som hava legit i Hovudstaden og lært, vilja dikkar Beste. Det kann vera Skrap imillom, men dei fleste Menn som Amtmannen stræva etter at faa Folket upplyst og Landet uppdyrkat og Fiske og alt Stell paa det beste, for med det vinna me Alle og Ingen tapar. Men Folk maa hava lært mykit og set mangt, fyrr dei faa Vit paa slikt. Den uvitande og vonde Mannen svider som Elden ikring seg og trur at alt er vel, naar han kann grava aat seg sjølv, um det so vardt svart ikring honom. Ein slik Stakkare er denne Storthingsmannen. Eg vil ikki upp um honom, fyrr teker eg inn hjaa den armaste Husmannen».

«Og du kjende honom i Hovudstaden?»

«Ja, det var ikki stort at kjenna skulde eg tru. Eg gjekk til honom og hans Likemenn i Baasen hans af og til, for han livde liksom den klenaste Skræddarsvein; men eg gjekk liksom for at sjaa honom gjenom Aukeglas og Minkeglas, nett som me tidt gjera med dei Skapnader han heime maa hava mest af».

«Han kaupte Gardar her nord daa han var i Chri stian, eg meiner det var af Regjeringi, og Haustkaup fekk han».

«Ja, det var af det gamle Kyrkjegodset, som skulde seljast. Han var med i Storthinget til denne Afgjerd, og so passade han paa med det sama at kaupa eller at tinga og tala um det. Eg kjenner fleire, som tok det paa denne Maaten og desse dreiv mest paa at Riket skulde selja denne Jord».

284«Ja so tente di sjølve. At me ikki skulde vita slikt fyrr!»

«Tids nok, hadde eg nær sagt, for Riket maatte hava slike, fyrr det kunde læra, kvat Slags Fridom og Folkelykke dei førde i Skjoldet sit. Men, Mannen min, Gud ske Lov, dei ero ikki alle slike. Det er faae som han, at dei ero med at skriva Log imot Brennevinsbrenning og so brenna i Løyndom heime».

«Du vilde kanskje ikki hava Bønder paa Storthinget?»

«Jau, mange, naar dei ero upplyste og gode, so kver i alle Maater kan møta fram som den Beste fraa si Bygd. Men slike som denne Mannen og han … og han … og han … dei lyta berre denne velsignade Fridomen vaar, og fingo dei raada, so laut me snart missa honom. Dei som skulle skriva Log og Rett maa vera Landsens visaste Menn. Ver no med og vel godt til næste Thing!»

«Eg skal gjera det eg kann. Farvel! Eg lyt taka af her eg».


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.