Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Stova paa Stemsrud.

Der er ikki mange gamle Merki og Minni paa desse Kantar. Alt er nytt og i Framstig, berre ikki Maalet, som er det beste af alt gamalt; dette er rett godt her, og det endaa hjaa dei fleste upplyste Gardemenn, som ikki knota slikt som mange paa Mjøslandet. Eg fann mange gode Ord og Former her. Det beste af det gamle næst etter Tungemaalet er Bygnaden af sume Slags Hus sosom dei thelemorkske Stabbur og sume Stovur, som her og der ero at sjaa uppigjenom Glaumsdalen; og den beste af alle er Stova paa Stemsrud i Grue, som skal vera kring fem hundrad Aar. Her er mange eldre Stovur i Landet sosom i Thelemork og Sætersdalen og den navngjetne sokallade Jutulsstova i Rennebu, som skal vera ikring aatte hundrad Aar. Timbret i denne Stemsrud Stova er ikki naame-nær so stort som i desse eldre Hus; men denne Stova er so lagleg byggd, so breid og lett og med Raftar og den store gamaldags Mønsaasen som den største Mast. Der er ikki Tverbjelkar og heller ikki Langslindar som mangestader i Øysterdalen. Det er eit stort Rum alt upp under det haage Raust og med Vindaugo paa den nedre Breidveggen, medan Langveggirne ero laage og utyvirtekkte med det lange Utskot af Taket, so der imindsto 49paa Framsida er lagat til Svalegang, liksom ogso paa Tverveggen Taket er langt utskotit. Paa denne Maaten ero Veggirne varnade for Slagregnet og kunna soleides vara lengi. Desse nyare tvihaage Hus, som standa der snaude for Slagregnet utan Utskot, maa Folk seint elder tidleg slutta med i vaart vindale Vederlag, for med alt det, som verdt bordklædt og maalat, so varer Huset knapt Mannsaldren, og dette er ikki at halda ut med i Lengdi ikki i sjølve Soløyr og Øysterdalen, der Folk hava Husfang nok. I det meste af det Throndheimske og Vestanfjøllske og i Gudbrandsdalen maa no Folk halda seg til Jordi og ikki fluga til Vedrs, liksom det skulde vera her i Hovudstaden, der ei Rutealen til Grunn kann standa i fem Dalar og vel so det.

Og der kann verda like lett og fagert inne for det, um Stova berre er eit Stokkverk. Dette saag eg paa Stemsrud. Der var nokot so lett og luftande og storslegit i denne Stova, at eg aldri hever funnit meg betre i nokot Hus. Det var den gamle Sagastilen i Tre. Eg kjende, at Augo mine toko til at fljota. Soleids vilde vaart Bokmaal hava seet ut med den nyare Tids Framgang i seg, soleids som her med Bordklædning og Maaling og Speglar og Gardinur og eit Fortepiano, som Husets Dotter spilade ei Amorpolka paa, medan me saato og røykte Cigarer inn med Punscheglaset.

Dette var nokot annat enn i gamle Dagar, daa der vist ikki eigong var Golv i denne sama Stova, men berre strøytt Halm paa Tufti liksom i ein Nautebaas og med Aaren midt paa Tufti og Ljoren i Taket liksom i den argaste Vestlandshytte no og i dei verste Sæterbudir i Sætersdalen osv. Og so var der daa Pall 50ikring inn med Veggirne og smaae Glugg til Vindaugo liksom i eit Fjos no, men langtifraa af dei beste. Og so i Gjestebod med Staak og Kasting af Kjøtbein i Hovudet paa kverandre og Slagsmaal og Knivstyngar og Mannadraap. Dersom desse Veggirne kunde tala! Men dei standa tigjande og sjaa Livet fara frametter innum seg, medan dei sjølve rotna og siga ned i Endarne.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.